Månadsbrev for mai.

Månadsbrev for Tusenbeingruppa i juni
Tida fyk og me er allereie komne til juni! Sommarfesten nærmar seg og me øver oss til eit lite
bidrag. Me gler oss til å vise det 
Om måndagane har me delt oss i to grupper når me har gått tur. Det har vore veldig kjekt, så det
kjem me til å fortsetje med. Då har me gått rundt på Ås, til museet, leirplassen, parken og på
vegen har me møtt traktorar og gravemaskinar, så det har vore stor stas. Ein dag tok me turen
til Vikjo, for der låg nemleg Statraad Lemkuhl. Me skyndta oss for å rekkje ned før ho skulle segle
vidare og det gjorde me! Me fekk sjå når dei kasta loss og segla utover, det var jammen stas! 
Elles i mai har me blitt litt betre kjende med Astrid Lindgren sine figurar.
Me har sett nokre snuttar av Emil, Pippi og Karlson på taket. Pippi
imponerte ikkje nok, sjølv om ho er så sterk at ho kan løfte ein hest,
men Karlson på taket derimot, han kan jo fly, for han har jo propell på
ryggen tenk! 
Badedagen var stor stas, og dei var så spente og gledde seg sånn at dei nesten ikkje klarte å
vente på tur. Og ingen ville utav når det var på tide å tømme bassenget. Det tyder kanskje på at
me ikkje må vente for lenge før me har ein ny badedag.
No i juni er det kropp, rørsle og helse som er fagområdet me har fokus
på. Så no framover kjem me til å fortsetje med gåturane våre, og me kjem
til å lage hinderløype når me er inne om føremiddagane. Mange har hatt
sykkeldag, så det har me og lyst å å ha ein av dagane no i juni. Så då tek
de med ein sykkel heimanfrå, godt merka med namn. Dersom de ikkje har
sykkel så har me jo i barnehagen. Om de er nokon som heller vil ha med seg dukkevogn så kan
de gjere det. Me kjem til å sende ei melding når dagen nærmar seg. Å gå lengre turar er og eit
mål. Så om veret blir fint har me lyst til å prøve oss på ein fjelltur. Det blir spennande! Med litt
«bensin» i sekken håpar me at me når toppen 
Til hausten blir det litt endringar på gruppa vår. Me er blitt større difor blir gruppa større og. Dei
fleste nye borna kjenne me i frå før, mange kjem frå Humlegruppa. Me er ofte ute saman og.
Me kjem til å vere litt saman no framover slik at dei blir betre kjende fram til dei skal vere på
same gruppe. Kjellaug og Cassandra kjem til å følgje gruppa vidare og pedagogisk leiar på
gruppa blir Anne-Beth Ø. Langli. Me søkjer etter ein ny barnehagelæra til barnehagen, han/ho
skal vera på gruppa vår. Eg kjem til å gå over til dei som no blir Tissemaurgruppa (i dag
Grashoppegruppa). Det blir trist å måtte gi frå meg «ungane mine», men det blir slik. Heldigvis
er det enda ei stund til august.. ;) Og heldigvis er me jo i same barnehage!  Det har vore veldig
kjekt å bli kjende med Tusenbeina!
Helsing Kine, Kjellaug, Jill og Cassandra.