Foldar villsau 2.utg. mars 2011

Villsau frå norskekysten
Beskytta geografisk nemning
Villsau frå norskekysten
Matmerket ”Villsau frå norskekysten” er
lekk i eit langsiktig arbeid for å utvikla ein
produkt- og merkevarestrategi for villsau.
Det er viktig å oppretthalda tilliten til villsau
som ei vare av høg kvalitet i marknaden.
Likeeins å halda rasen Gammalnorsk sau
rein, og å oppretthalda den tradisjonsrike
villsaudrifta med beiting og vedlikehald av
kystlyngheia. Målet er at villsaubønder som
pliktar seg til å driva etter merkeforskriftene
skal oppnå økonomisk utteljing i marknaden.
I dag er Gammalnorsk sau spreidd over
store delar av landet. Både i innlandet og
lengst nord seier dei at dei driv med villsau,
sjølv om innefôring gjerne er ein del av
driftsopplegget. Òg i meir tradisjonelle
villsauområder kan driftsopplegget variera.
Det kan vera freistande å fôra opp dyra til
høgare slaktevekter, eller å blanda inn andre
rasar for å få større dyr, og dermed sitja att
med meir i lommeboka.
Mattilsynet har godkjent matmerket
”Villsau frå norskekysten” og tilhøyrande
produktforskrift. No er målet å få rydda opp i
tilhøva. Merket garanterer for at forbrukaren
får ekte villsau, avla fram i tradisjonsrik
villsaudrift med utegang og beiting på
kystlyngheia.
Kystlyngheia er ein truga landskapstype
som Noreg har plikta seg ovanfor EU til å
ta vare på. Villsauen er spesialtilpassa for å
nyttiggjera seg kystlyngheia, og dermed ein
effektiv hjelpar for å halda kystlandskapet
ope og vakkert.
Skal me lukkast i måla for produkt- og
merkevarestrategien for villsau, må
villsaubøndene, villsaulaga, slakteria,
detaljistane og styresmaktene dra i same
retning. Me ser optimistisk framover.
Bakgrunn
Arbeidet med ein produkt- og
merkevarestrategi for villsau
starta i 2001. Den gong var
opplegget til Matmerk at ein
søknad om beskytta geografisk
nemning skulle ha lokal
forankring. I februar 2002 vart
villsaubønder i Hordaland
inviterte til å starta eige
lokallag. Mange melde seg, og
Villsaulaget Vest vart oppretta
som medlemslag for vel 140
villsaubønder i Hordaland og
Sogn og Fjordane den 31. mai
2003.
I mai 2004 sende Villsaulaget
Vest søknad til Matmerk
om Beskytta geografisk
nemning for ”Villsau
frå vestlandskysten”.
Tilbakemeldinga var at
søknaden skulle vera avgjort
om seks til tolv månader.
No er det gått vel seks år. Den
første store diskusjonen tilknytt
søknaden var kor grensene
for vestlandskysten går.
Villsaubøndene i Hordaland
og Sogn og Fjordane stod
bak søknaden. Matmerk ville
utvida området til også å
gjelda Rogaland og Møre og
Romsdal. Slik vart det.
Månader og år gjekk utan
at søknaden om Beskytta
geografisk nemning vart
godkjent. Villsaubøndene
på Vestlandet klødde seg i
hovudet og lurte på kva som
var problemet.
Så kom Matmerk med ynskje
om at søknaden vart endra til
”Villsau frå norskekysten”,
slik at alle villsaubønder på
norskekysten som driv etter
forskriftene tilknytt søknaden
får vera med i ordninga.
Det skulle òg opprettast
ein organisasjon for alle
produsentane på kysten. Slik
vart det.
No er villsaubønder i
Rogaland, Hordaland, Sogn
og Fjordane, Møre og Romsdal,
Sør Trøndelag, Nord Trøndelag
og delar av Nordland med i
ordninga.
Villsaulaget Vest har finansiert
og arbeidd fram søknaden
om eit lovbeskytta matmerke
for villsauen. Mykje tid og
krefter har gått med. No skal
produsentorganisasjonen
”Villsau frå norskekysten PO”
stå i spissen for å føra arbeidet
vidare. Villsaulaget Vest vil
støtta heilhjarta opp.
Matmerket er godkjent og ei
lang arbeidsøkt er avslutta.
No ventar arbeidet med å få
mest mogeleg ut av merket i
form av økonomisk vinning
for villsaubøndene, sikring av
rasen Gammalnorsk sau og
den tradisjonsrike villsaudrifta
og ikkje minst tryggleik for
forbrukaren ved at dei får ekte
vare når dei kjøper villsau i
butikken.
Litt historie:
Sau av gamal norsk rase / villsau
Det er funn av beinrestar av sau som syner at
det har vore sau i Noreg 3000 år tilbake i tid.
Villsauen i Noreg høyrer til rasegruppa av den
korthala nordeuropeiske høglandssauen, som
var dominerande over det nordlege Europa
i eldre tid. I dei nordiske landa heilt fram til
slutten av 1800-talet. Etter dette tok importerte
og foredla rasar over mykje av sauehaldet, då
ein ville ha større og meir kjøtfylte rasar, eller
rasar med betre/andre ullkvalitetar.
I vikingtida, som hadde mildare klima enn no,
var det stor aktivitet langs kysten. Mykje skog
vart hogd, og kyststroka utvikla seg til ideelle
område for sauen. Det er derfor sannsynleg
at sauedrifta blomstra kraftig opp på denne
tida, og lyngheiene auka i omfang. Det var
òg mykje reising i vesterleid og villsauen vart
teken med til Island, Færøyane, Skotland m/
Vesterhavsøyane, Orknøyane og Shetland
og nordlege delar av England og Wales, og
danna grunlaget for sauehaldet i desse områda.
Sauene på mellom anna Island, Oknøyane og
Færøyane er derfor den dag i dag svært lik på
den norske villsauen.
Villsauhaldet vart ei tid svært lite verdsett, og
mange meinte det var dyremishandling. Såleis
vart mange av besetningane på Vestlandet
slakta ned og erstatta med kvit sau. Rundt
1950 var det nære på at rasen vart utrydda.
Men takka vera nokre eldsjeler i Austevoll vart
rasen teke vare på og redda.
I dag har rasen spreidd seg langs heile
vestlandskysten, på Nordvestlandet og kysten
av Trøndelag og Nordland. Villsauen på
Møre og i Trøndelag og nordover stammar
frå villsau som vart innkjøpt i Austevoll på
50-talet. På grunn av restriksjonar i kjøp
og sal over kommune- og fylkesgrenser i
ettertid, har sauer i nord og sauer i sør utvikla
seg noko ulikt. Nord for Sogn og Fjordane
er det kanskje litt innblanding av andre små
rasar tilbake i tid, bruk av andre kriteriar ved
utplukking til avl osv. som har hatt innverknad
på utviklinga av sauen. Han er blitt litt
større, og har fått litt meir trekk av spelsau i
utsjånaden enn den sauen som er i Hordaland
og Sogn og Fjordane.
I Rogaland er det òg ein del villsauer som er
større pga. same faktorar som er nevnt over,
men òg at dei beitar mer intensivt på gras om
sommaren, og får meir tilleggsfôr om vinteren.
Utmarksbeite med innslag av brakje (eine), lyng, gras og lauvtre. Brakjen er godt lika av villsauen heile året, men mest om vinteren.
Ulla til villsauen er tett, god og varm. Dette gjer at villsauen klarar seg svært godt ute i kaldt vêr.
Landskapspleiar
Villsauen er ein svært god kulturlandskapspleiar.
Ingen andre norske husdyr er betre eigna til å
vedlikehalda lyngheiane og kystlandskapet
langs norskekysten.
Lyngen er hovedføda hans, spesielt om vinteren.
I tillegg et han brakje, urter og gras, blad frå
småbuskar og av og til litt tang og tare. Og så
går han og slikkar salt på berget i fjæra.
På same måten som andre ville dyr lagrar han
fett på kroppen om sommaren, som han tærer på
når det er mindre næringsrik mat om vinteren.
Villsauen/villsaudrift eignar seg berre langs
Lyng er hovudnæringa til villsauen.
kysten, i og med at villsauen ikkje kan ta seg
fram eller finna seg mat om snødjupna er over
omlag 40-50 cm over fleire dagar.
Dei tynne lange beina ber ikkje sauen oppe på
snøen, så når snøen vert for djup vil han halda
seg i ro til snøen forsvinnn.
Likevel er det sjeldan at villsauen ikkje finn
fram til mat dersom det snør ein del i kyststroka.
Vanlegvis trekk sauen opp på høgdedraga når
snøen kjem, for der bles det meir òg snøen fyk
for det meste av. Her finn dei mat medan dei
ventar på mildare vêr.
Villsauen trekk opp på haugane når det kjem snø.
Villsaudrift
I korte trekk:
Villsauen går ute heile året og klarar seg for det
meste sjølv.
Beitet skal i hovedsak bestå av lynghei, og ha
tilgang på vatn.
Det skal vera tilgang på godt le, anten som hus,
eller at terreng og/eller skog gjev tilstrekkeleg
med le i dårleg vêr.
Alle som driv med villsaudrift må ha særskild
godkjenning frå Mattilsynet.
Dyra skal ha regelmessig tilsyn, og ein må
vurdera å tillegsfora om vinteren, helst med høy,
dersom det vert mykje snø, eller om vinterbeitet
ikkje er godt nok.
Normal tilleggsforing skal ikkje overstiga 20%
av foropptaket.
Det er viktig å halda beitet «i god form». Det
vil sei at lyngen må ha fleire stadiar i utviklinga.
Dette oppnår ein ved å «lappesvi» beitet med
jamne tids-intervall.
Kvar «lapp» bør sviast med eit intervall på
omlag 8-15 år alt etter beitepress.
Ved å «lappesvi» vil ein oppnå at det alltid er
område med forskjellig alder og plantehøgde på
beitet.
Den yngste og minste lyngen har høgast
fôrverdi, medan dei eldste områda, og dermed
òg dei høgaste plantane er dei som er lettast å få
tak i når det er snø.
Villsauen skal sankast minimum to gonger om
året, og ha naudsynt stell som nemnt under tema
sanking.
Over: Lynghei om vinteren. Når beitet er godt stelt vil det samstundes framstå som fine turomrade der det er lett å ta seg fram.
Under: Skilnad mellom stelt og ikkje stelt kulturbeite. Til venstre for steingarden har brakjen tatt over, og til høgre beite som er svidd eit par år tidlegare - kor gras og lyng kjem attende.
Er det noko godt på denne stubben her tru?
Sanking av villsau på øya Horgo i Austevoll. Det trengs mange med når store område skal sankast.
Sanking
Det er ofte folkefest når ein på tradisjonelt vis
sankar villsau.
Venner og kjente er med å gå manngard for å
jaga sauen mot staden der ein har sankegjerda
som dei tilslutt vert tøkte inn i.
Har ein sauen opp etter garden slik at dyra er
vande med folk, og får litt høy av og til, vert
dei litt mindre sky, og det er mykje lettate å
sanka dei.
Villsauen kan verta svært tam om ein går inn
for å temja han. Men det er ikkje alltid så lurt
då ein på dette viset øydelegg litt av instinkta
til sauen, og kan lettare verta utsett for
rovdyrangrep og kongeørn.
I juni/juli vert villsauen sanka for merking
Veging av lam.
Foto: Marit Rose
av lam, klipping/napping
av sauer som ikkje alt har
slept ulla. I tillegg får dei
medisin mot innvollsorm
og ryggmiddel mot flått.
Om hausten, ved slaktetid,
vert villsauen sanka igjen
for utplukking av lam til
slakt, utsortering av sauer
som er blitt for gamle,
eller av andre grunnar
ikkje eignar seg for vidare
avl. Ein plukkar òg ut nye
lam som ein vil ha vidare
i avl. I tillegg får dei som
skal overvintra som oftast
medisin mot innvollsorm
og middel mot flått.
Så vert nye vêrar sett ut i
flokken, dersom det er tid
for å fornya dei.
Lam som får medisin mot innvollsorm.
Utplukking av sau og lam. Nokon skal til slakt og andre til vidare avl.
Frå øyane vert lamma frakta med småbåtar til fastlandet der slaktebilen ventar.
Villsauen er nyfiken og alltid på vakt. Kjem du litt for nær legg han på sprang, og alltid i samla flokk.
Rasen
er forskjelleg frå vanleg kvit sau på mange måtar. Mellom anna er
han mindre, er meir lettbeint, har alle variantar av fargar, vêrane
har krølla store horn, og søyene er frå hornlause til forskjellige
variantar av horn. Har svært sjeldan lammingsproblem.
Rase/navn: «Sau av gamal norsk rase»
Populære navn: «Villsau» er mest brukt, er òg navn på driftsform villsaudrift. Vikingsau, utegangar.
Fargar: Alle variantar av fargar. I ein flokk bør ein ha størst mogleg
variasjon i fargar. Einsfarga kvit, brun/svart, svart, grå-blå og grå.
Fleirfarga i alle variantar.
Storleik: Liten lettbygd og elegant.
Vekt hannar/vêrar: Totalvekt omlag 40-50 kg
Vekt hoer/søyer: Totalvekt omlag 30 - 40 kg
Bein: Lang/lettbeint og spretten. Men det finnest variantar som har
korte bein og er meir lubne.
Horn hannar/vêrar: Store krølla horn i mange fargevariantar.
Horn hoer/søyer: Frå hornlause, til krumma horn i mange variantar
og storleikar.
Hale: Kort hale med berre dekkhår.
Hovud: Ekte rase skal ikkje ha «spelsaudott» i panna/skallen, han skal
helst vera glatt eller ha «stri» ull. Hovudet er vanlegvis langt og smalt,
men det finnest variantar med meir butt utsjånad.
Hals: Ofte meir høgreist enn kvit sau.
Øyrer: Øyrene er små og peikar skrått oppover.
Ull/pels: To slags ull i pelsen, kort fin botnull og lengre striare
dekkhårsull. Lengda varierer. Bør helst ikkje ha midtskil på ryggen.
Ullfelling/klipping: Mange av sauene slepp ulla sjølve, men ikkje alle,
og desse må klippast/nappast - helst i juni/juli.
Lam: Lamma er små, spretne og raske alt frå fødselen. Omlag 1,5-2 kg
Lam slaktevekt: Totalvekt med ull på omlag 25 - 31 kg. Snittvekt i
overkant av 10 kg. Godkjent slaktevekt mellom 8 og 16 kg.
Morseigenskap
Villsauen får vanlegvis berre eitt lam, men med gode beite
vert det ofte tvillingar. Til vanleg held villsauene seg samla,
men når sauen skal føda trekk han seg bort frå flokken for å
vera åleine i 3-4 dagar. Så kjem dei attende til flokken etterpå.
Villsauen klarar vanlegvis fødselen svært godt åleine, og bør
ikkje uroast. Vil ein sjå etter sauen under fødselen bør ein
føgja med på litt avstand. Lamma er små, men er spretne og
raske med ein gong dei er fødde.
Villsauene har svært gode morseigenskapar, mjølkar godt
og passar svært godt på lamma. Når lamma er små er dei
alltid tett på mora, det ser til tider nesten ut til at dei har
hengt seg fast.
Det hender av og til når to sauer føder for nær kvarandre at
begge sauene vert mødre til alle lamma på deling.
Det er særs sjeldan at morsauen ikkje vil ha lamma og at ein
endar opp med alelam av villsau.
Kjøtet
Villsaukjøt er produsert i pakt med naturen,
frå dyr som et av naturen sitt eige spiskammer
med kystlyng, urter, brakje (einebuskar),
einebær og gras. Matvalet pregar smaken på
kjøtet, og det at villsauen går ute året rundt
gjev ein annan kjøtkvalitet enn om han hadde
stått i løa heile vinteren.
Kjøtvekta av eit slakta villsaulam er i snitt
ti-elleve kilo, dei største kanskje ein fire-fem
kilo meir. Fjorlam, altså lam som vert slakta
andre ettersommaren, er i snitt 13 til 15 kilo.
Fjorlam eignar seg godt til å laga spekelår av,
og pinnekjøt til julemiddagen.
Villsaukjøt skil seg frå anna sauekjøt både
i smak og kjøtkvalitet. Det har ikkje den
spesielle ”ullsmaken” som nokre ikkje likar
ved vanleg sauekjøt. Smaken er kraftigare
og kjøtet grovare, men likevel svært møyrt.
Mange meiner det smakar meir ”vilt” av
villsaukjøtet.
Restaurantar som ynskjer å servera noko ekstra
og litt utanom det vanlege, har gjerne villsau
på menyen.
Heime på kjøkenet steikjer ein gjerne låra heile
i omnen. Nokre kuttar av skanken og brukar
den til andre rettar. Mange nøyer seg med litt
salt på steika fordi det er nok smak i kjøtet frå
naturen si side. Andre brukar lauk, kvitlauk,
timian eller rosmarin i tillegg til salt og pepar.
Middels varme og lang steiketid gjev godt
resultat.
Bogane og ribbene kan også langsteikast. Gjev
du ribbene nokre minuttar under grillen før
servering, vert svoren sprø og god. Utegrilling
er eit godt alternativ. Prøv gjerne sitron- og
kvitlauksmarinerte kotelettar på grillen ein lun
sommarkveld. Eller kvifor ikkje invitera vener
og tenna grillen i september/oktober som er
høgsesong for villsaukjøt. Med ein lubben og
lunande villsaufell i stolen, og gjerne ein over
knea, vert det ei haustoppleving utanom det
vanlege.
Kjøtet frå nakken eignar seg godt til fårikål,
lapskauskjøt eller til villsausuppe.
Villsaukjøt er ei sann delikatesse, og å vita at
kjøtet er produsert i pakt med kystnaturen gjev
måltidet ein ekstra dimensjon. I Frankrike vert
lamma som har beita på dei havsalte slettene
ved Normandie rekna for dei aller gjevaste.
Villsau er rein og naturleg vare, og det er
ikkje mykje anna kjøt som kan gje den same
kulinariske matopplevinga. Det er lett å bli
hekta for den som først har fått smaken på
villsaukjøt.
Ull
I dag er ulla lite og kan
henda alt for lite brukt, når
ein veit kor suverent gode
kvalitetar ho innehar.
Ein av grunnen til dette er
at villsau-ull er vanskeleg å
vidareforedle med maskinar,
og må helst arbeidast med
handemakt.
Ulla er sett saman av ei mjuk
botnull, og ei lengre stivare
dekkull.
Skal ei nytta ulla frå villsau
bør ho helst nappast, og ikkje
klippast.
Då oppnår ein at ullfibrane er
tette i begge endar, og ikkje
trekkjer fukt.
Ullklede av slik ull er særs
varme, og tørkar fort.
Mellom anna vart segla
til vikingane laga av slik
villsau-ull.
Såleis er det mange
villsaubønder som heller
garvar skinna og tar vare
på ulla på denne måten, og
dette er vel kanskje den beste
måten å bruka ho på i dag.
Villsauskinn er av særs høg
kvalitet, er ekstremt mjuke
og varme, og vert brukt til
sitteunderlag inne og ute, til
pynt på golv eller vegg, og er
svært populært som underlag
i barnevogner.
Her klipper ein dei villsauene som ikkje har sleppt ulla sjølve. Det kan ofte vera vanskeleg å bruka
elektrisk maskin for ulla kan vera svært tova. Då må ein til med ei god gamaldags manuell sauesaks.
Eit ei veke gamalt lam kosar seg i solvarmen i lag med mora.
Villsauen er som mange andre ville dyr i naturen, dei og slepp ulla/pelsen
av seg sjølv litt ut på sommaren. På sauen under er ulla akkurar starta å
sleppa rundt halsen, og heile fellen vil etter kort tid ramla av.
Driftsplanrettleiar for villsauhald
(Dette er ei reittleing til utfylling av driftsplanskjema for dei
som skal driva villsaudrift).
Rettleiar/krav i villsauhaldet for Villsau frå norskekysten PO
Kvalitetssikring - driftsplan
1. Formål med driftsplan:
* Dyreeigar får kunnskap og dokumentasjon om at
produksjonsmål/driftsmål vert nådd, samt sikra dyrevelferd.
Kvalitetssikring i høve til dyra sitt ve og vel
* Villsau frå norskekysten PO får eit grunnlag for å
oppretthalda tilliten til varemerket Villsau frå norskekysten i
markedet. Kvalitetssikring i høve til kunder og marknad
* Veterinærstyresmakta får eit grunnlag for dispensasjonar,
samt underbyggja val av krav og driftsvilkår. Dokumentasjon
ovanfor landbruksforvaltninga. Kvalitetssikring i høve til
offentlige styresmakter.
Oppbygging av driftsplan:
A. Drifts-planleggar som inneheld:
* Etiske normer og retningslinjer for villsauhald
* Rettleiar for driftsplanlegginga, inkl. tilråding/evt. krav
knytta til arealbehov, vegetasjon, tilsyn m.m.
* Følgjer punkta i driftsplanen
B. Bekrefting:
* Opplysningar om produsent/villsaueigar
* Som medlem i Villsau frå norskekysten PO bekreftar ein
* Raseektheit
* Opprinning (kven dyra er kjøpt frå)
* Å følga dei normer og retningslinjer for drift som
Villsau frå norskekysten PO set
C. Driftsplanskjema
* Opplysningar om driftstilhøve som kvalitetssikring for
produsent, Villsau frå norskekysten PO og omsetningledd/
kundar.
* Grunnlag for dokumentasjon av drift ovanfor styresmaktene.
2. Villsau frå norskekysten PO etiske normer og
retningslinjer for drift
Villsauhald er ein relativt ny driftsmåte for store delar av
kysten av Norge, og er ei driftsform som skil seg frå anna
husdyrhald. Dette må vi ta omsyn til, og det krev òg ein
annan type kunnskap og driftsopplegg enn det “tradisjonelle”
sauehaldet. I botn for vårt virke må ligga omsynet til dyras ve
og vel. Vi må væra ei næring som tåler innsyn i vår driftsmåte,
og som tek omsyn til, og kan dokumentera, dyras velferd både
ovanfor allmenheita, kundar/marknad og dyrehelsetilsynet og
andre styresmakter.
Det betyr at medlemmer i Villsau frå norskekysten PO må ha
en plan for drifta si, der ein tek gode nok omsyn til dei kritiske
faktorar som kan oppstå i ei slik drift.
Driftsplanlaggeren/veiledaren vil punktvis følgja
driftsplanskjemaet, og Villsau frå norskekysten PO vil for dei
ulike punkt gje sine vurderingar, tilrådingar eller krav til drifta.
Geografisk er villsauhold i Norge spredt over eit stort område
av kysten, frå (Agder)/ Rogaland i sør til Sør-Troms i nord.
Driftsopplegg og driftsplan må ta omsyn til denne variasjonen
i klimatiske og naturgitte vilkår.
For varemerket “Villsau frå norskekysten” er det viktig å
poengtera kor viktig det er at dyra kjem frå kystregionen og
at overvintringa i hovedsak er basert på kystlynghei. Dette
vil bygga opp under den tilliten varemerket oppnår. Andre
produksjonar og beitetilhøve krev at det vert etablert andre
produkt. Det er derfor viktig at desse tilhøva kjem fram i
driftsskildringa. Villsauen skal aksepterast som eit husdyr og
det er ei villfaring og misoppfatning at dette er dyr som skal
klare seg på eiga hand utan at eigaren skal gripa inn.
Som eksempel på uakseptable driftsforhold kan nevnast:
Besetningar utan tilsyn, dei svakeste individa vert tillate å
bukka under.
Dyra vert ikkje klipt, dei må sleppa fellen sjølv.
Besetningar kor det ikkje vert tatt ut slaktedyr.
Besetningar kor normal årsproduksjon er under eitt lam per
vaksen søye.
Overordna lover og forskrifter som dyreeigar må/bør ha
kunnskap om:
Lov om dyrevern av 20. des. 1974 nr. 73
Lov om tiltak mot dyresjukdommer(husdyrloven) av 8. juni
1962 nr. 4
Lov om husdyr på felles beite (hanndyrloven) av 6. mars 1970
nr. 5
Lov om beitespørsmål av 16. juni 1961 nr. 12
Forskrift om bekjemping av dyresjukdommer av 06.03.1995
nr. 237. spesielt kap. III, Spesielle bestemmelser for småfe
Forskrift om merking, registrering og rapportering av dyr av
31.12.1998 nr. 1481
Forskrift om unntak fra plikten til å sørge for oppholdsrom for
dyr av 20.11.1976 nr. 2
(Forskrift om hald av sau på beite: er ute på høring, og ikke
vedtatt pr. (dato))
(Retningsliner for innvilging av dispensasjon for
utegangerdrift er under utarbeidelse)
3. Driftsplanleggar/rettleiar for utfylling av driftsplanskjema.
Veiledaren er tenkt å gje utfyllande kommentarer og
presiseringar til driftsplanutkastet.
1. Opplysningar om besetninga og driftsform.
I høve til omsetning av villsau gjennom Villsau frå
norskekysten PO er det viktig at sau frå dei ulike besetningane
vert omsatt slik som merkevaren viser. Det er viktig at
produkta stammar fra kyststrøk kor dyrene har fri tilgang på
kystlynghei gjennom overvintringsperioden. Beskrivelse av
driftsformen gjev også ein peikepinn på kva dispensasjonar frå
lovar og forskrifter som trengs for ein kvalitetsikra produksjon.
2. Kart kor beiteområda er inntegna
Kartutsnitt i minimum 1 : 50 000 som viser alle beitelokaliteta
for besetninga. Påfør nummer jamført med pkt 3, 4 og 12.
Fjøs, le eller tekniske innredningar (samlegjerde o.l.) kan også
avmerkast.
3. Driftsgrunnlag og beitetilhøve med vekt på vinterforing
Arealstørrelsen og eit anslag av andelen lyng, primært
røsslyng, og gras gjev ein oversikt over beitevilkår. Dette
er i mange sammenhengar eit kriterium for å anbefale ein
besetningsstorleik, særlig der beitet skal utgjera hovedtyngda
av vintermaten. For dyreeigaren vil denne fordelinga også
gje grunnlag for ei planmessig oppbygging av ein besetning
innanfor grensene av eit bærekraftig beitebruk. Tilgangen på
vatn kan i ekstremt tørre somrar vera ei utfordring, og det er
viktig at dette basalbehovet er klarlagt før ein lokalitet vert
teken i bruk.
4. Vinterforing
Tilgang på beredskapsfôr som kan tilførast dyra under
ekstreme klimatiske tilhøve er ein nødvendigheit og eit
minimum av krav i høve til dyrevelferd. Det bør føreligga
fôrmidlar, anlegg for utfôring og transport av fôr, slik at ei
nødfôring kan iverksettast på kort varsel. Mengda tilgjengeleg
fôr avheng av kor raskt beredskapsfôret kan erstattast
og supplerast. Det er viktig at dyra reint fysiologisk kan
nyttegjera seg fôret, og for utegangersau som ikkje vert tilbydd
tilskuddsfor jamt gjennom vinteren anbefalast bruk av høy.
5. Tilsyn
All beitebruk i utmark krev tilsyn, og ein jevnleg
tilsynsfrekvens med føring av tilsynsjournal vert anbefalt.
Dette gjev då ein dokumentasjon av tilsynet. Tilsynet skal
utøvast slik at dyr ikkje lid unødig, og ei veke-frekvens er
anbefalt gjennom heile året. Eit normalt tilsyn er tilsyn av
besetninger kor dyr med unormal adferd kan definerast.
Tilsynet bør i tillegg utøvast slik at utsatte lokalitetar vert
oppsøkt og kartlegt. I utsatte perioder som f.eks. under
lamming og ved sterkt snøfall bør tilsynet utøvast meir hyppig
eller helst dagleg. Det er viktig at reiseavstand frå bustad er
slik at dette tilsynet kan iverksettast, eventuelt at det er inngått
skriftleg avtale om kven som skal utøva eit slikt tilsyn. Sau
som er vant til tilsyn og menneskeleg aktivitet vil også vera
enklare å handtera i en krisesituasjonar.
6. Topografiske og klimatiske tilhøve
I vinterhalvåret vil det vera viktig at dyra finn le. Beskriv
terrengutforming, treoppslag, tilgjengelege bygningar og
leskur. Dyrehelsetilsynet kan kreva leskur. Ved innsamling av
dyr er det viktig at det føreligg ledegjerder og skilleanlegg slik
at dyra kan handterast effektivt utan unødvendig handtering.
Beskriv anlegget og storleiken på dette.
7. Lamming
Beskriv korleis lammetidspunktet vert kontrollert. Ingen er
tjent med lamming på seinsommaren og på etterjulsvinteren.
Dersom lamming ikkje skjer ved rett tidspunkt, kan det vera
naudsynt med styrt lamming, dvs at vêren/vêrene vert satt ut
slik at ein har kontroll med lammingstidspunktet.
8. Snyltarkontroll og andre driftstiltak
Vert snyltebekjemping nytta førebyggande uavhengig av
symtom, eller som forebyggende tiltak? Eventuelt korleis
vurderast og kontrollerast snyltertilstanden i besetninga.
Diskuter og legg opp til snyltebekjemping samråd med
veterinær. Det tradisjonelle villsauhaldet krev dispensasjon frå
merkeforskrifta, og det er viktig at merking av både slaktedyr
og avlsdyr skal beskrivast. Driftstiltak som bruk av bjøller
(bjøller er ikkje å anbefalast) og rutinar for klipping skal
beskrivast. Det er også viktig å beskriva kriteriar for korleis
avlsdyr vert valt ut av besetninga.
9. Hanndyr brukt i besetninga.
Gje oversikt over dei innkjøpte hanndyr besetninga er tilført
i dei seinaste 10 åra. Dette er dokumentasjon som også vert
kravd av Statens Dyrehelsetilsyn.
10. Produksjonsmålsetting dei kommende 10 åra
Beskrivelsen er ønskjeleg i høve til å kunne forespeila trong
for markedsføring og produktutvikling for å omsetta forventet
økt produksjon i regional og nasjonal sammanheng.
11. Omsetningsform
Tilleggsopplysningar som vi ønskjer i høve marknadsutvikling.
12. Tap, tapsutvikling og tapsårsaker
Det er ikkje krav om noteringar av tap, men det kan væra
nyttig i høve til eigen drift og i høve til dyrevernstyresmaktene
å dokumentere dette. Det syntes som den gammelnorske
sauen har eit lavare tap enn dei tyngre rasar, men til no har vi
for dårleg data på dette for større område. Her kan noterast
utviklinga for fleire år framover.
13. Andre opplysningar som beskriv drift og produksjon
ved besetninga di.
- Og som du meiner har betydning for deg, eller for å gje
eit heilheitsbilete på produksjonen din. Døme på dette er
kompetanse, deltaking på kurs og seminar om sauehald/
villsauhald m.m. Bruk gjerne ark i tillegg.
KSL Matmerk informerer:
Villsau frå norskekysten
Bakgrunnsinformasjon om
merkeordningen beskyttede
betegnelser og produktet.
Det kan òg vera godt med litt høy som tilleggsfôr.
Merkeordningen beskyttede betegnelser:
for drift, sauerase og beiteforhold. I vedlegget gis det også en beskrivelse av næringsmidlets tradisjonelle tilknytning til norskekysten. Se
hele produktforskriften nedenfor.
− En merkeordning for tradisjonsprodukter med særpreg og geografisk
tilhørighet
− Opprettet i 2002 av LMD - krav gitt i egen forskrift
− Merkeordningen omfatter tre typer betegnelser:
• Beskyttet opprinnelsesbetegnelse
• Beskyttet geografisk betegnelse
• Beskyttet tradisjonelt særpreg
Forskrift om vern av Villsau frå norskekysten som geografisk nemning
Fastsett av Mattilsynet 4. november 2010 med heimel i lov 19. desember
2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 30 jf.
forskrift 5. juli 2002 nr. 698 om beskyttelse av opprinnelsesbetegnelser,
geografiske betegnelser og betegnelser for tradisjonelt særpreg på næringsmidler (forskrift om beskyttede betegnelser) § 15, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790.
Beskyttet opprinnelsesbetegnelse og Beskyttet geografisk betegnelse
kan oppnås for næringsmidler som kan dokumentere en sammenheng
mellom næringsmidlets spesielle kvaliteter og egenskaper (eller omdømme (for BGB)) og de naturbetingende (f.eks. klima og jordsmonn)
og menneskelige (f.eks. lokal kunnskap og ferdigheter) faktorer i det
geografiske området det kommer fra. Kravet til graden av tilnytning
skiller de to betegnelsene.
En godkjenning gir et juridisk vern av produktbetegnelsen (navnet på
næringsmidlet).
Beskyttet tradisjonelt særpreg kan oppnås for næringsmidler som
fremstilles i samsvar med tradisjonell produksjonsmetode, tradisjonelle
råvarer og/eller tradisjonell sammensetning. I tillegg skal navnet enten
være særpreget og tradisjonelt eller så skal det beskrive særpreget.
En godkjenning sikrer at bare næringsmidler som fremstilles i samsvar
med tradisjonen og kravene i forskriften kan bruke den aktuelle
produktbetegnelsen.
Søknadsbehandling og godkjenning:
− KSL Matmerk har ansvar for søknadsbehandling og for informasjon
om merkeordningen
− Mattilsynet er godkjennende myndighet
− En godkjenning av en søknad skjer ved at Mattilsynet vedtar en
produktforskrift for det aktuelle næringsmidlet – denne inneholder bl.a.
krav til råvarer og produksjonsmetode.
Villsau frå norskekysten:
- Søknad mottatt 19.04.2004
- Godkjent som Beskytta geografisk nemning 4. november 2010
- Beskyttelsen sikrer at alt kjøtt som blir solgt som Villsau frå norskekysten kommer fra rasen Gammalnorsk sau som har beitet ute langs
kysten hele året med tilgang til kystlynghei. Driftsformen har tradisjoner
tilbake til vikingtida.
Den vedtatte produktforskriften stiller krav til bl.a. geografisk område
§ 1. Beskytta produktnemning
Villsau frå norskekysten
§ 2. Rettmessig brukar
Villsau frå norskekysten PO og Villsaulaget Vest
§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga
1. Produktskildring
Villsau frå norskekysten er kjøtt av sau av rasen Gammalnorsk sau.
Nemninga omfattar ferske eller frosne heile skrottar eller stykkingsdelar.
Kjøttet skal ha djup raudleg farge og god marmorering.
2. Geografisk område
Geografisk område for produksjon av Villsau frå norskekysten er
avgrensa til område med kystlynghei på norskekysten.
3. Produksjonsmetode
Drifta hjå den einskilde produsenten skal vere i samsvar med dei til ein
kvar tid gjeldande føresegner om dyrevelferd.
Produsentane skal dokumentere at besetninga består av sau av rasen
Gammalnorsk sau.
Sauen skal gå ute på beite heile året. I beiteområda skal det vere tilstrekkeleg med kystlynghei til at besetningane kan overvintre, og det skal
vere god nok tilgang på ferskvatn. Mengda av kystlynghei avgjer kor
stor besetninga kan vere på dei ulike stadene. Vegetasjonsdekket skal
ha mellom 70 % lyng og 30 % gras, til 30 % lyng og 70 % gras. Beredskapsfôr skal i akutte tilfelle kunne skaffast raskt. Grensa for tilleggsfôr
er sett til maksimum 20 % av den totale årlege fôrmengda.
Dyr på beite skal ha tilsyn kvar veke. I utsette periodar, til dømes under
lamming og ved sterkt snøfall, skal det vere tilsyn oftare, helst kvar dag.
Det skal førast tilsynsjournal. Paring skal skje slik at lamming kan skje
når det er gunstige beite- og klimaforhold.
Det skal sikrast at dyra finn le i vinterhalvåret, anten naturleg i terrenget
eller i tilgjengelege bygningar eller leskur. Dyra skal ha beskyttande
ullfell om vinteren. For innsamling av dyr skal det finnast leiegjerde og
skiljeanlegg. Dyra skal samlast minimum vår og haust for kontroll, m.a.
merking, napping og klipping av ull og nødvendig parasittbehandling.
Godkjend slaktevekt for lam skal vere mellom 8 og 16 kg, og på vaksne
dyr mellom 9 og 16 kg.
4. Merking av produktet
Villsau frå norskekysten kan merkjast med figurmerket for beskytta
geografisk nemning.
§ 4. Iverksetjing
Forskrifta blir sett i verk straks.
Vedlegg:
Beskriving av produktopphavet og tilknytinga til det geografiske
området
Villsau er eitt av fleire namn som blir brukte på den gamle norske sauerasen Gammalnorsk sau. Sauen er liten, lett, sprek og robust og er godt
tilpassa harde kår og naturforholda på kysten. Hovudføda til sauen om
vinteren er lyng, elles et han mellom anna gras, einer, tang og tare.
Gammalnorsk sau er truleg siste rest av den opphavlege norske/
europeiske landrasen. Fossile sauebein som er funne i Skipshelleren i
Vaksdal kommune i Hordaland, kan daterast heilt tilbake til om lag 2550
år f. Kr. og har særtrekk som minner svært om bein frå sau av rasen
Gammalnorsk sau. Heller ikkje storleiken eller forma på denne sauen
skil seg særleg frå desse funna. Gammalnorsk sau har mange trekk frå
dei ville eller lite foredla sauerasane. Til dømes har pelsen mjuk botnull
med grovare dekkhår utanpå, halen er kort, alle vêrane har horn, og
sauen er relativt liten.
Gammalnorsk sau var heilt fram til slutten av 1800-talet den dominerande rasen i Noreg. Det vart da avla fram tyngre sauer som produserte
meir ull og kjøtt. Desse nye sauerasane tok mange stader over for Gammalnorsk sau. Sjølv om folk på ein del av øyane langs vestlandskysten
heldt fram med slikt sauehald, var sauen nær ved å døy ut fleire gonger.
Det er berre i Austevoll i Hordaland at den opphavlege stammen av
Gammalnorsk sau har overlevd heilt fram til vår tid. Men det måtte redningsaksjonar til både i byrjinga av 1950-talet og i byrjinga av 1980-talet
for at sauen skulle overleve. All sau av rasen Gammalnorsk sau i Noreg i
dag stammar frå Austevoll.
Driftsforma, utegangardrift, er basert på tradisjonar frå vikingtida.
Klimaet og vegetasjonen på store delar av norskekysten er slik at det er
mogleg å halde ved lag den naturlege driftsforma og beitegrunnlaget.
Sauen overvintrar no som da med lynghei som hovudføde, i tillegg til
gras og einer, og dessutan tang og tare frå sjøen. Kystlynghei er ein
særmerkt landskapstype langs den ytre kyststripa på norskekysten.
Det er som vinterbeite kystlyngheia eignar seg best, ettersom lyngen
er vintergrøn og har brukbar næringsverdi om vinteren. Ei opprett og
robust vekstform gjer at han stikk opp av snøen og er tilgjengeleg for
dyra. Klimaet på kysten er oseanisk, med milde vintrar og vanlegvis
lite snø, og den snøen som kjem, ligg sjeldan lenger enn eit par veker i
strekk. Gammalnorsk sau kan, som eit av få husdyr, grave seg ned og
nyttiggjere seg mat under snøen.
Produsentane på norskekysten har lang tradisjon for og god kunnskap
om hald av Gammalnorsk sau.
Det er kjekt å kosa litt med ein tam villsauvêr.
Foto: Marit Rose
KSL Matmerk informerer:
Villsau frå norskekysten
er nå blitt en del av den eksklusive familien
med matskatter som har fått produktbetegnelsen beskyttet i Norge.
Merkeordningen Beskyttede betegnelser har som hovedmål
å bidra til økt næringsutvikling og verdiskapning i norsk
matproduksjon og sikre forbrukere pålitelig informasjon
om produktets geografiske tilhørighet, tradisjon og særegne
kvaliteter.
Landbruks- og matdepartementet etablerte merkeordningen
i 2002. Den er lik tilsvarende ordning i EU som har gitt produkter som Roquefort, Mozzarella, Prosciutto di Parma m.fl.
et juridisk vern mot etterligninger. Merkeordningen omfatter
både landbruksbaserte næringsmidler, fisk og sjømat.
Villsau frå norskekysten er det 18. produktet som oppnår en
beskyttet betegnelse i Norge. Tørrfisk fra Lofoten, Sider frå
Hardanger, Rakfisk fra Valdres og Gulløye fra Nord-Norge er
eksempler på andre matskatter som har oppnådd en Beskyttet
betegnelse.
Ordningen beskytter betegnelsen på produktet og hvert produkt som oppnår en beskyttet betegnelse får fastsatt en egen
produktforskrift som spesifiserer krav til råvare, produksjonsmetode, geografisk produksjonsområde etc. Kun produsenter
som oppfyller kravene i produktforskriften og er godkjent, vil
ha rett til å bruke den beskyttede betegnelsen. Forbrukerne vil
dermed, ved å velge merkede produkter, være sikret at disse
oppfyller visse krav om geografisk tilknytning, råvarebruk og
produksjonsmåte, samtidig som produsentene av den beskyttede betegnelsen vil være beskyttet mot produktetterligninger.
Beskyttelsen av Villsau frå norskekysten sikrer at alt kjøtt
som blir solgt som Villsau frå norskekysten kommer fra rasen
Gammalnorsk sau som har beita ute langs kysten hele året
med god tilgang til kystlynghei.
Status pr 24.11.2010
– antall beskyttede betegnelser i Norge
Badsturøkt kjøtt på namdalsk vis er den 17 godkjente beskyttede betegnelsen i Norge, og den første som har oppnådd Beskyttet tradisjonelt
særpreg. 3 produktbetegnelser er beskyttet som opprinnelsesbetegnelse,
mens 13 er beskyttet som en geografisk betegnelse. 7 av disse bruker den
nynorske betegnelsen.
Godkjente – 18 stk.:
Økologisk Tjukkmjølk fra Røros Ringerikserter Eplejuice frå Hardanger
Skjenning
Fjellmandel fra Oppdal
Hardangerepler
Hardangerpærer
Hardangerplommer
Hardangermoreller
Rakfisk fra Valdres Gamalost frå Vik
Ishavsrøye Vesterålen
Ringerikspotet fra Ringerike
Gulløye fra Nord – Norge
Tørrfisk fra Lofoten
Sider frå Hardanger
Badsturøkt kjøtt på namdalsk vis
Villsau frå norskekysten
(Beskyttet geografisk betegnelse)
(Beskyttet opprinnelsesbetegnelse)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskyttet opprinnelsesbetegnelse)
(Beskyttet geografisk betegnelse)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskyttet geografisk betegnelse)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskyttet geografisk betegnelse)
(Beskyttet geografisk betegnelse)
(Beskyttet opprinnelsesbetegnelse)
(Beskyttet geografisk betegnelse)
(Beskytta geografisk nemning)
(Beskyttet tradisjonelt særpreg)
(Beskytta geografisk nemning)
Vêrane vert frakta ut i øyane til feitare beiter.
Foto: Marit Rose
il ls a u la g et V es
t
w w w. vi lls au ve st
po
- H or da la nd og
So gn og F jo rd
an e
.n o - po st @ vi
lls au ve st .n o
Grafisk design: Arild Sunde, Austevoll Forlag, 5392 Storebø. Foto: Arild Sunde, 5387 Møkster
Trykk: Austevoll Forlag as, 5392 Storebø. 2. utgåve 23. mars 2011.
Villsau frå nors
kekysten
V