Kjetil Flatland Ein song til deg Tidleg vår Kjelda Å var eg vind Tekst: Sigurd Kaasa og Knut Buen Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland Tekst: Knut Buen Musikk: Kjetil Flatland Tekst: Knut Buen Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland Varme er vindane, sol over tindane, vermer og lyser – det ber imot vår! Sol over mogane, sol over skogane, inn i kvår krå desse strålane når. Sol over mogane, sol over skogane. Inn i kvår krå desse strålane når. Eg har klatra så høgt på hei at eg ser til det store hav. Ja, no er eg langt av leid, men der som eg held så av. Bekkane sullar, småfuglan´ tullar; syng melodiar som vekjer til vår. Snoen hev bråna, fjelli hev gråna. Fivreld eg såg utmed veggen i går. Snoen hev bråna, fjelli hev gråna. Fivreld eg såg utmed veggen i går. Yrer i lufti, heilt ned i tufti . Heile naturen er glede og smil. Allheim so blidleg – i mars, so tidleg. Berre ‘kje våren narrar april. Allheim so blidleg- marsvår, so tidleg. Berre ‘kje våren narrar april! Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Eg har vore så langt av stad at eg veit om den store verd. Men aldri, på gråten glad eg er som på fjellet her. For her innmed bekken min eg freden og kjelda finn. Her ser eg så vidt frå nut, eg treng ikkje lenger ut. Ja, hugen til skog og fjell og vidde omkring mitt sinn, som elsken svermar og svell han aukar og dreg meg inn. For her innmed bekken min eg freden og kjelda finn. Her ser eg så vidt frå nut, eg treng ikkje lenger ut. Ja, inn der uppkome-skjenk er runnen av reine grunn, i springande stråleblenk, der leskar eg sjel og munn. Eg veit da, så hjartans vel, om veldige fossefall. Om havet der mengde tel. Men eg har eit anna kall: For her innmed bekken min eg freden og kjelda finn. Sjå vidt ut frå fjell og nut; det høver ein Telegut! Her ser eg så vidt frå nut, eg treng ikkje lenger ut. Knut Buen: Hardingfele Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitarar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal, saksofon og koring Å var eg vind ved dine kinn som svala kjærleg kringom sinn og leika i ditt hår. Ja, var eg luft av blomeduft som du drog inn på gamal tuft og vekte deg til vår. Å var eg jord for all din gror. Som regn og sol i kjærleiks-flor av honningblom og blad. Ja, var eg varm og ved din barm, i vengje-fang av elsk på arm, eg tykte jorda kvad. Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Olavs kvad Mai Solsong Folkestadvisa Tekst: Knut Buen Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland Tekst: Halvor H. Sisjord Musikk: Kjetil Flatland Tekst: Knut Buen Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland Folketone frå Bø etter Jens Eikamyra Arrangert av Helge Wahl Flatland og Kjetil Flatland Eg veit eg sku´studera og blive noko glupt, men blei so lengje heime at røtan´ kom for djupt. Eg blei so lengje heime at røtan´ kom for djupt. Fjellbekken huskar sitt silkefaks. Du ville og kvitaste folen! Du voks i vår, slik som før du vaks i ditt dristige skumsprang mot dalen. Det gufsar rått i frå foss og å og snoen i skuggehaldet. Men erla sender så lett på tå sitt glede-tirl til alle. Som svermen i sole-blomar og frævande ånd i sjel, kjem våren i alderdomar attende og gjer så vel. Det bevrar i blom og bringe når kjærleik om sola syng. Så livet vil opp å svinge som bier i gras og lyng! Ei rose eg har sett, uti ein blomehage; det var den finaste som Herren Gud har laga. Til meire ho voks fram det fagre auka på, og aller mest for meg som sjeldan fekk ho sjå. Velkomen erle, på spebygd veng hit, på di bryllaupsreise. Du eig ein part i vår blome-eng. Og me skal flagget vårt heise! Å, om me kunne som vesle du etter stjernene styre, og gle oss som deg i ditt vesle bu i vårdagar blanke og dyre. Me ventar i tela tider at varmen skal koma att, og lindre alt liv som lider og taka det frosne fatt. Ja, sola for jord og måne er vitne som stend ved lag: At bortafor berg og blåne er her i den ljose dag! Utom glaset susar det vår under heimslege lider. Isen losnar og skogen svår fram mot gro-varme tider. Kven hugsar vinteren kald og lang når me kan 17de skrive, under flagg, og med solskinsang. Takk for dagen – og livet. Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Eg folkemugen rømde og fann ei freda leid. I slekt med vier, rape eg søkte skog og hei. I slekt med, vier, rape eg søkte skog og hei. Der fann eg til mitt inste og kjenner meg som bror. I mellom ville vektstar eg heime er på jord! I mellom ville vekstar eg heime er på jord. Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Det var ei liti tid då eg fekk lov å gange imillom tre og frukt, og blom med herleg ange. Men so blei hagen stengd, eg fekk´kje koma inn, det blei forbode meg, å sjå dei blomekinn. Hav takk for kvar ein gong min ven eg fekk deg kalle hav takk for kvar ein gong di hand eg fast fekk halde. Hav takk for kvart eit ord eg høyrde frå din munn! Takk for du elska meg so varmt den vesle stund. Eg ynskjer deg min venn so mange rolege nettar som lindi bere lauv og haslen bere netar. Som fuglen uti lund og fisken uti sund, som stjerner utan tal på himlens gledesal. Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Ein song til deg To små Vandringsvise Salme 84 Tekst: Knut Buen Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland Musikk: Kjetil Flatland Tekst: Knut Buen Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland Tekst: Knut Buen Musikk: Knut Buen, Helge Wahl Flatland og Kjetil Flatland Ein song til deg skal vera ord om våren når alt det klaka brånar til ein bekk som sullar mellom symre og konvallar som nikkar ved den vegen der du gjekk. Og fuglar syng i ljose bjørkehallar der sevja stig og isen tinar vekk. Ellen Brekken: Bass Kjetil Flatland: Saksofon Å vandre som ein pilegrim i tankar som til beins; å gjesta seg og smaka på, det gjer alt mindre eins, for det me muggar inne med det vert oss mest til meins. Ein song til deg skal vera ord om sola som gjer sjølv natta om til ljosan dag, der liljer flyt på mørke nøkke-tjønnar og skin for to som vandrar ut i lag og kastar mynt i djupe lukkebrønnar, i kveldar fylt av milde vindars drag. Den varmen kan´kje vara ved som berre er av tråd. Den kjærleik ein vil hauste av den må ein fyrste så. Sjå elskelege skjenkarsveinar fyller alltid på! Ein song til deg skal vera om dei roser som blømer på dei unge jentekinn og får det til å brenne inni bringa og lyfte seg i tunge gutesinn. For du er flamma hjarta mitt har tinga som tinar alt og vigjer livet inn! All eigedom det pliktar å sviva slikt omkring, men har ein fantasien så tel det meir enn ting. Og den er lett å bera på når gravferdsklokka kling. Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitarar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon På vandring inn mot framtida så tek ein tidt farvel, men tenkjer ein på morgonen når dagen kjem til kveld då ser ein fram mot nytt i ljos av livsens gamle eld. Knut Buen: Hardingfele Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Me er som stråla ut frå same stjerne. Eit mangfald runne av det same liv, som søkjer same guddoms-kraft og kjerne og etter same himmelhanda triv. Me er på vandring på den kvite vidde av ord og namn, som skodde kringom ånd, og leitar etter spor av dei som stridde og openbara våre himmelbånd. Du milde makt som bur i bønestilla: O gjev me ut av skrifteskodda finn, der du forklåra visar oss or villa og atter dreg oss til ditt hjarta inn. Knut Buen: Hardingfele Helge Wahl Flatland: Tangentar Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar Ellen Brekken: Bass Frode Flatland: Trommer og perkusjon Kjetil Flatland: Vokal og saksofon Ingrid Sletten av Sillejord Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson Melodi: Rikard Nordrak Arrangement: Helge Wahl Flatland og Kjetil Flatland Ingrid Sletten av Sillejord hadde verken sølv eller gull, men en liten hue av farget ull som hun hadde fått utav mor. En liten hue av farget ull, hadde verken stas eller for, men et fattig minne om far og mor, der skinte langt mer enn gull. Hun gemte huen i tyve år, måtte ikke slite den ut! “Jeg bærer den vel engang som brud, når jeg for alteret går”. Hun gjemte huen i tredve år, måtte ikke skjemme den ut! “Så bærer jeg den så glad som brud når jeg for Vårherre står.” Hun gjemte huen i førti år, hugsede ennu på sin mor. “Vesle min hue, for visst jeg tror vi aldri for alteret står.” Hun ganger for kisten at tage den, hjertet var så stort derved; hun leter frem til dens gamle sted, da var der ikke tråden igjen. Helge Wahl Flatland: Tangentar Kjetil Fatland: Vokal Produsert av Leif Johansen og Kjetil Flatland. Innspela i Stable Studios i januar og februar 2015. Innspelingar, mix og mastring er gjort av Leif Johansen. Ein song til deg er produsera med stønad frå Fond For Lyd og Bilde, Seljord kommune, Meny Telesenteret, Dyrud Elektro, Dyrud Eigedom, SWECO Seljord, Funnemark Seljord, Seljord Elektriske, Morgedal Rør og Seljord Folkehøgskule. Tusen takk til Knut Buen for tekstar, melodiar, spel og samarbeid. Takksemd rettas også til musikarane Helge Wahl Flatland, Vegard Ringsby Hasselgård, Ellen Brekken og Frode Flatland. Takk til Halvor H. Sisjord for teksta Mai. Ein stor takk til Leif Johansen i Stable Studios. Takk til Knut Koppang for foto, og til Erik(SEN) for design. Takk til Helge Westbye og alle dei andre på Grappa Musikkforlag. 2014 Grappa Musikkforlag as © 2014 Grappa Musikkforlag as HCD7301 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 LC 49093 Tidleg vår 3:16 Kjelda 4:02 Å var eg vind 4:21 Olavs kvad Mai 4:11 2:08 Solsong 3:08 Folkestadvisa 3:49 Ein song til deg 3:26 To små 1:54 Vandringsvise 3:28 Salme 84 5:47 Ingrid Sletten av Sillejord 4:34
© Copyright 2024