Då hans eigen hest ikkje kunne starte, lånte Tor

28
laurdag 4.NYHEITER
juli 2015
laurdag 4. juli 2015
SPORT
29
Skeptisk til Via Ferrata-inngrep: Det finst fleire såkalla Via Ferrata-ruter i den
norske fjellheimen. Norges Klatreforbund er skeptisk til naturinngrepa dei permanente
klatrestiane fører med seg. Reidun Bolsø, president i Norges Klatreforbund, meiner at
jernstigar i fjellet bryt med den norske tradisjonen for mest mogleg sporlaus ferdsel, og at
stigane kan øydeleggje klatremoglegheiter i fjellveggen både i notid og framtid. (NPK)
Kontaktperson vekedagar: Mona N. Stensvold
Telefon: 926 67 967
E-post: [email protected]
Vakttelefon helg: 976 99 000
[email protected]
NM i reining: Tor Erik
Eggen vart norgesmeister
i reining med hesten
Mr. Jerry Lee Surpriz.
(Foto: Marie Ritzén)
Eit hesteliv: Pia Andreassen konverterte til reining då ho møtte Tor Erik Eggen. Ho har ikkje angra ein dag.
Noregsmeister på lånt hest
Då hans eigen hest
ikkje kunne starte,
lånte Tor Erik
Eggen hesten til
ein kamerat – og
vart norgesmeister.
Line Sandvik
[email protected]
Cowboyhattar og
boots, fargerike skjorter med
bling og store beltespenner.
Amerikanske bilar, amerikansk
westernstil og amerikanske
hestar. Me er ei veke tilbake i
tid. Eit lite stykkje USA fargar
Lykseth gard på Hamar. Det
er Norgesmeisterskap i reining og blant favorittane ligg
ein hemsedøl. Men den tredje
NM-tittelen ser ut til å henge i
lause lufta for Tor Erik Eggen.
Hesten som han har vunne så
mykje med, går ikkje gjennom
veterinærkontrollen. Eggen får
ikkje synt seg på banen i dag.
Reining:
Hest på skulen
Dette er historia om den unge
hemsedølen som saman med
kusina si fekk ha hest på skulen. Den no pensjonerte læraren Martin Lindahl brukte utradisjonelle verkemiddel for å
halde på skuleinteressa hjå dei
hestegalne syskenborna. I eit
uthus rett ved ungdomsskulen,
stod to hestar som fekk dei to til
å møte opp i tide.
– Andre umuliusar ville
kanskje blitt sendt på spesialskule. Eg fekk hest, ler Eggen
og syner fram hestetraileren
han og sambuaren Pia Andreassen nettopp har kjøpt. Den
har god plass til fem hestar
og seks personar. Perfekt på
stemne.
– For fem år sidan låg 99 prosent av ryttarane i hestehengarane, fortel Eggen. Under årets
Norway Open og NM i reining
dominerer hestetrailerar parkeringsplassen saman med
campingbilar og mindre hestehengerar med budel. Hestaner er både gode og kostbare.
Nivået har heilt klart stige med
fleire hakk.
Eggen la tidleg sin elsk på
hestar og tv-serien Lonesome
Dowe. Han ville gjerne imite-
re cowboyane. Dragninga mot
hest førte han opp i Lykkja til
Hemsedal Hestesenter og Sissel og Morten Gulbrandsen.
Her vart grunnlaget lagt både
til riding og hovslagarfaget.
Eggen var rideturleiar om somrane og hjelpte til med galopphestar vinterstid.
– Alt tullball ein ikkje skal
gjere med hest, har vel eg gjort.
Eg har fått mykje kjeft av Morten Gulbrandsen, smiler Eggen.
Meir enn hobby
I mange år var hest ein stor
lidenskap, men berre ein
hobby. I dag er hobbyen vorten levebrød og Eggen har to
gonger tidlegare vorte norgesmeister.
Eggen og sambuaren driv ein
FAKTA
Reining
n Reining er
olympisk grein.
Ridemønster som
krev ein smidig,
godt skolert og
svært velbalansert
hest. Øvingane
etterliknar dei som
finst i det daglege
under rancharbeid
til hest, med kjappe
tempovekslingar,
glidande stopp,
hurtigvending,
rotasjon og rygging.
Ryttaren skal guide
og kontrollere kvar
rørsle.
n Andre westergreiner er Halter,
Showmanship at
Halter, Trail, Western riding, Western
Pleasure, Western
Horsemanship, Cutting, Hunter under
saddle, Hunter hack,
Versatile Horse og
Timed Events.
n Quarterhesten
og painthesten er
rasane som er mest
nytta til western-
greinene, og er då
også hestar som
er avla til denne
bruken.
n Den lynraske
amerikanske quarterhesten er kjent
for sin fart, kløkt,
«cowsence» og evna
til å arbeide smidig.
Den er ein intelligent
hest med godt lynne.
Namnet «quarter»
kjem av at hesten på
veddeløpsbanen var
raskast på Quarter
of a mile-distansen.
av dei største reining-stallane i
landet. Garden «TP-ranch» ligg
ein halvtimes køyring frå Gardermoen. Her rir alle oppstallatørane reining, og mange av
dei er gode konkurranseryttarar. Ridebane, stall og underlag
er tilrettelagt for reining. Sambuarparet tek også inn nokre få
hestar til trening. Sjølv satsar
dei på konkurransar og investere mykje pengar i gode hestar.
I tillegg hentar dei med jamne
mellomrom inn reining-trenarar frå mellom anna USA. Dei
har og investert tungt i ridebane med tak over.
– Enten måtte me byggje
hall, eller ha hest på hobbybasis. Heldigvis har me hatt hestar som me har lært mykje på,
seier Eggen og retter på cowboyhatten.
– Og ein del galskap for å
tørre å satse. Me bruker alt me
eig og har til dette. Og litt til.
Heldigvis har me foreldre som
støttar oss, smiler sambuaren.
– Eg er heldig som trefte
Pia. Ho er litt galen ho og. Me
bestemte oss for å satse. Men
me set realistiske mål.