Kess - ei historie frå Grini

Pressemelding – sjå melding – det skjer på Kvam – pressemelding – sjå melding – det skjer i Kvam - pressemel
Gudbrandsdal Krigsminnesamling, Kvam, har i sommar:
Kess - ei historie frå Grini
Gudbrandsdal Krigsminnesamling syner basisutstillingar om kamphandlingane i Gudbrandsdalen i 1940
– og okkupasjonsåra. Museet vart opna i 1995 med stor innsats frå frivillige. Frå 2008 er det ei avdeling i
Gudbrandsdalsmusea. Det er eit godt samarbeid med eigarstiftinga om drift og utvikling av museet.
For å få plass til vekslande utstillingar sommaren 2013 er utstillinga om Slaget ved Kringen 1612 ikkje
tilgjengeleg; museet hadde i 2012 eit stort fokus på dette tema, og kjem attende med utstilling om
Kringen 1612 seinare. I 2013 har vi to temautstillingar i tillegg til basisutstillingane: Jødane i Gudbrandsdalen under krigen og Kess – ei historie frå Grini.
Utstillinga om Kess er basert på innhaldet i ein sko-ask etter Sigrid Nordrum, f. Zachariassen, busett i
Ringebu frå 1950, oppvaksen i Skien og Oslo. Ho sat på Grini 1943-1945 og har samla sine ”fangesaker” i
ein sko-ask overlevert til sine døtre Grethe og Åse Nordrum, som har levert dette vidare til Gudbrandsdalsmusea avd. Gudbrandsdal Krigsminnesamling.
Samlinga er ei blanding av privatarkiv og gjenstandar, utstillinga syner eit utval frå samlinga supplert
med biografiske opplysningar mm.. Samlinga vil bli lagt ut på Digitalt Museum etter kvart.
Utstillinga viser i tekst, gjenstander og fotografi kva som var i samlinga, og fortel om kva dei brukte tida
til – korleis dei kommuniserte illegalt internt på Grini og med utomverda, om illegalt mikrohandarbeid,
illegale fotografi frå Grini, sangar, dikt – kvardag og fest i fangenskap. I tillegg til det som er i monter er
det laga ein eige faktaperm med avskrifter av nokre av dei illegale lappane og anna som er med og fortel
meir frå innhaldet – om dagar i fangenskap.
Utstillinga er ope i sommarsesongen 20. juni – 15. august alle dagar (unnateke måndagar) kl. 10.00 –
17.00 – elles etter avtale med Gudbrandsdalsmusea
Illustrasjon: fangefoto av Kess
Torveig Dahl
Direktør
Pressemelding – sjå melding – det skjer på Kvam – pressemelding – sjå melding – pressemelding – det skjer på Kvam - pressemelding
Gudbrandsdalsmusea AS, org.nr 993039160, firmaadr. Skansen 7, 2670 Otta, <gudbrandsdalsmusea.no>
Epost [email protected], kontoradr. Dale-Gudbrands Gard, 2647 Sør-Fron, tlf. 92 61 28 30
Godt fortalt er vel bevart!