OVERLEVAREN - from Marius Løken

magasinet
FERIE
2015
Overlevaren
1
CMYK
38
alltid
på vakt
Handtrykket er fast. Blikket sterkt.
Han er overlevaren.
Tekst og foto: Line Sandvik
Alltid ein utveg:
Marius Løken vil leve
resten av livet med å sjå
seg over oksla etter ein
rømningsveg. Men han
har lært seg å snu det
til noko positivt.
38
CMYK • 09/06/15 • Kl. 11:02
overlevaren
39
09/06/15 • Kl. 11:01 • CMYK
39
40
Han kjem sikkert aldri til å slutte å sjå seg
over skuldra. Han kjem alltid til å planlegge
rømmingsvegar frå der han til ei kvar tid er.
Det har bite seg fast. Slepp ikkje. Instinktet jobbar automatisk, om ikkje lenger på
spreng.
Overlevaren i han er framleis på vakt 24
timar i døgnet, men han har snudd det til
noko positivt.
– Eg søv lett. Minst ei natt i veka søv eg
ikkje.
Marius Løken kastar eit blikk bak seg.
Avslappa. Og nær umerkeleg. Set seg betre
til rette på stolen. Ryggen er ut i rommet.
Den skulle helst hatt ein trygg vegg bak seg.
Men han har kontrollen. Har lært seg å kontrollere det. Eller rettare; lært seg å setje pris
på overlevingsinstinktet. Det har redda livet
hans.
Han bur framleis i Pilestredet. I etasjen
under der dramaet skjedde den katastrofale
natta. Han går gjennom den same utgangsdøra der han flykta for livet. 30. oktober
2011 opplevde Marius Løken frå Hemsedal
sitt livs mareritt. Hendinga vil prege han for
hallingdølen
40
CMYK • 09/06/15 • Kl. 11:05
feriemagasinet 2015
Om seg sjølv:
stod på raudt utanfor. Snarrådige menneske sørga for å få han raskt til sjukehus.
Legane fortalde etterpå at han var utblødd
og døyande. Den då 22 år gamle hemsedølen måtte få 25 liter blod. Brystkassa saga
dei tvers over under den fyrste, livreddande
operasjonen. No har kroppen til saman to
meter med arr. Det største går frå halsen og
ned mot skrittet. Sjølv tykkjer han det er eit
herleg arr. Det redda livet hans. Legane og
ein veltrent kropp sørga for at han overlevde
drapsforsøket. Fysisk.
– Eg bur i lag med mor og søster mi. Den
leilegheita har vore i familien i 50–60 år.
Den har alltid vore som ein heim nummer
to for meg. Eg har så mange gode minne
herifrå. Den natta skal ikkje få øydelegge
dei gode minna for meg. Eg har snudd
tankegangen. Dette er bygarden der eg
overlevde – og der eg såg Andreas for siste
gong, fortel Marius.
Han flytta til Oslo som 19-åring. Han
skulle gå på skule. Det vart nokre fine, sosiale år. Leilegheita var ein samlingsstad for
ungdom frå Hallingdal. Alt fekk ein brå slutt.
Kven ville sakna
meg? Korleis
ville dei ha
hugsa meg?
Marius Løken
resten av livet. Han mista to vener denne
natta. Andreas Nilstad vart drepen. Den
andre vart drapsmann. Sjølv berga han så
vidt livet. Han hadde kuttskader og 15 knivstikk, nokre av dei svært alvorlege. Hjarte,
lever og lunger vart råka. Han kunne ikkje
puste, men makta å springe. Springe frå
ein kniv som stakk, gjentekne gonger. Han
såg blodet stå ut frå eigen kropp. Marius
flykta ut, nesten snubla inn i ein drosje som
41
– Det vart sett ein knallhard sluttstrek. Eg
hadde vel ikkje tenkt at eg skulle bli vaksen
på denne måten.
Han smiler litt skeivt. Det har vore nokre
tøffe år etter drapet på bestekompisen
Andreas Nilstad. Marius legg ikkje skjul på
det. Å kome attende til ein kvardag med
skule og lekselesing vart vanskeleg. Han
prøvde å snakke med ein psykolog, men
fann ikkje tonen der, og heller ikkje roa. Han
jobba og prøvde å flytte for seg sjølv. Men
økonomisk vart det berre rot.
– Eg måtte ikkje berre lære å bli vaksen og
takle det som hadde skjedd. Eg måtte lære
den økonomiske biten i same slengen. Det
var jo studielån. Men ingen studiar. Det gir
ringverknader. Og ting hopar seg opp. Kvardagen vart innvikla. Eg rota fælt. Sjølv om
eg var sterk og flink på mange punkt, har
eg prøvd og feila fælt i ettertid, seier han
ærleg.
Byen kring oss lever sitt pulserande liv.
Trikkar, bussar og bilar blafrar fargerike
forbi vindauga. Folk hastar ute på gata. Inne
sit venner og drikk kaffi. Ein i dress et ein
einsam lunsj. I hjørnet flirer nokre kvinne-
Om drapsmannen:
Eg ønskjer at
han skal bli frisk
og gjere noko
ut av livet sitt.
Marius Løken
lege studentar. Tilsynelatande trygge i sine
liv. I sine kvardagar. Framfor meg sit Marius.
Ein flott, ung mann som veit kor fort alt kan
snu. Kor fort ein venn kan bli ein kjempande
fiende. Kor fort ein kan døy. Og så lang tid
det tek å overleve. Legane heldt han elleve
dagar i koma etter fyrste operasjonen. Eit
stikk i halsen var berre fire millimeter unna
å vere fatalt. Mangelen på oksygen kunne
lett gitt hjerneskader.
Men god fysikk, mange små blodårar i
arbeid, skaffa akkurat nok oksygen til hjernen. Tre omfattande operasjonar måtte
til. Ein for å redde livet. Ein for å gjere alt i
orden. Og ein siste operasjon for å ta «finpussen». Fysisk vart han faktisk raskt ganske så bra.
– Anten fungerer kroppen. Eller ikkje. Då
kan ein operere. Trene. Psykisk er det verre,
fortel han.
Marius vart om mogleg endå meir sosial
etter drapsnatta. Var mykje ute «på byen» i
Hemsedal den etterfølgjande vinteren. Men
det var mange tankar som plaga han.
– Eg kunne døydd. Kven ville sakna meg?
Korleis ville dei ha hugsa meg? Eg ville berre
ut og vere meir sosial. Nokre tykte nok det
var for tidleg. Og det var det kanskje. Eg grein
mykje, fortel han. Fortel om då kompisgjengen nyttårsaftan om natta stod på grava
til Andreas og gret i lag.
– Eg vakna ofte med vondt i hovudet. Ikkje
på grunn av alkoholen, men fordi eg hadde
gråte. Samstundes vart det å gråte ei lette.
Ein har større sperre når ein er edru, seier
han alvorleg.
feriemagasinet 2015
hallingdølen
09/06/15 • Kl. 11:05 • CMYK
41
42
i ettertid set Marius pris på to ting. To
menneske snakka rett fram til han. Den eine
er dørvakta Jarle Strandberg. Han observerte ungguten ute på fest i Hemsedal, og
forstod korleis han hadde det. Ein sundag
ringde Strandberg til Marius.
– Marius. No må du ta tak. Skjerp deg. Eg
ser at no må ting på plass, sa Jarle til meg i
telefonen, fortel Marius.
Ungguten som tidlegare hadde vore så
godt trent, hadde gått ned mange, mange
kilo. Og hadde det ikkje så kjekt når han
prøvde å klare kvardagane. Orda frå Strandberg sette seg fast.
– Så eg drog mindre ut. Begynte å trene og
fekk formen attende. Armen vart betre. Eg
forstod at eg berre måtte leggje utdanninga
på vent. Men minglinga med andre er viktig.
Få eit godt nettverk. Berre då eg låg på sjukehuset, var det 400 som skreiv til meg. Det er
menneska ein møter i livet som betyr noko.
Som får deg på beina att, påpeikar han.
Marius trente seg raskt opp i volum.
Sjølvtilliten voks også. Arra strekte seg
og vart ein naturleg del av kroppen.
– No vart det meir barskt – enn sårbart.
Eg åt også sunnare, og hovudet fungerte
betre. Fysikken min redda meg nok ein
gong. Dette er noko av det eg snakkar om når eg held foredrag. Kor viktig
trening er. Og kor enkle grep som skal
til. Alle møter motgang ein eller annan
gong i livet. Trening frigjer endorfin og
er som ein medisin for deg. Sjølve nøkkelen, understrekar Marius
Viktige var dei som torde seie ifrå,
snakke han litt til rette. Lars Weisæth
er den andre viktige personen som tok
tak i Marius. Norsk krisepsykiater, professor og psykoanalytikar ved Nasjonalt
kunnskapssenter om vald og traumatisk
stress (NKVTS).
Marius veit alltid kva for etasje han er i.
Han veit kor dører og rømmingsvegar er.
Han veit korleis han raskast mogleg kan
kome seg unna, og kva han må gjere om
noko oppstår. Det er ferdig visualisert.
Hjernen jobba på høggir. Han vart
svært sliten av det. I samband med erstatningssaka fekk han diagnosen posttraumatisk stress. Weisæth har tyngde og erfaring
og har forska på korleis fysiske og psykiske
skader heng saman. Han meiner desse ikkje
kan sjåast isolert. Dette var med på å fastsetje
erstatningssummen for Marius.
– Lars fortalde meg korleis eg hadde hatt
det. Og korleis eg hadde det no. Han fekk
orden på mykje. Han kunne gi meg eit svar.
Han gav meg konkrete eksempel på at andre
har opplevd det same som meg. Det var faktisk litt vanskeleg å høyre om. Lars lærte
meg at eg måtte anten «kvitte meg med
det», eller lære meg å leve med det. Han
lærte meg å snu det til ein fordel, ei gåve på
sikt, at eg alltid er på «allerten». Eg søv svært
lett. Men då kan eg og høyre om andre treng
hjelp. Vere ein ressurs. No ser eg på det som
hallingdølen
42
CMYK • 09/06/15 • Kl. 11:09
feriemagasinet 2015
ein styrke. Eg er glad for at Sindre i toppetasjen høyrde at noko skjedde den natta –
og reagerte. Sjølv har eg ofte visualisert hendingar og kan handle om det skjer noko. Då
veit eg kor eg må springe etter brannsløkkingsapparat om det bryt ut brann. Eg veit
kor sikringsskapet er. Nokre blir heilt øydelagde av ikkje å få sove. Eg meistrar det. Eg
orkar i alle fall ikkje ta sovemedisin som får
meg inn i djup søvn. Ei natt i veka omtrent
får eg ikkje sove. Men så blir eg trøytt kvelden etter. Då søv eg. Det er min måte å takle
det på. I starten var eg redd for å sove. No er
eg redd for ikkje å få brukt den tida eg søv.
Instinktet mitt er blitt sterkare, men eg må
ikkje lenger rømme frå alle leilegheiter eg
er inne i, seier Marius og blir stille eit lite
sekund. Kikkar opp og fortel vidare.
I dei seine nattetimane får han gjort
mykje. Skriv foredrag og gjer rekneskap.
Han fekk pris for beste foredrag for det han
Om den drepne:
Eg har lært meg
å snakke om han,
ikkje på ein trist
måte, men prate
om ting me har
gjort saman,
korleis han var.
Marius Løken
heldt på Markedshøyskolen. Av 45 foredragshaldarar. Han har vore på Politihøgskolen, og skal snakke for psykologistudentar utpå hausten, samt for mediestudentar.
Han har vore på folkehøgskule og konferansar. Han har fortalt historia si og fortel
korleis han brukar trening og nettverk på å
bli frisk. Både mentalt og fysisk. Om offerets
rolle og at drap kan skje utan forvarsel. Folk
i psykose er noko alle kan møte på. Drapet i
Pilestredet er også ei gåte for politiet.
– No pratar eg om det som er viktig for
meg. Det å leve livet. Vere sosial. Knytte
nettverk. Trene. Grunnar til kvifor eg lever.
Eg vil ikkje at andre plutseleg skal sitje livstruande skadd i ein drosje – og ikkje ha fått
brukt potensialet sitt.
Den tidlegare kameraten, som drap Andreas
Nilstad og prøvde å drepe Marius, ønskjer
han ikkje kontakt med. Han er dømt til psykisk helsevern, men lever nesten som ein fri
mann.
– Men det som kanskje er kontroversielt
med meg, er at eg ønskjer at han skal bli
frisk og gjere noko ut av livet sitt. Eigentleg
er han ein veldig snill gut. Me snakkar ikkje
om eit vondt menneske i utgangspunktet.
Det var handlinga som var vond, og han var
svært sjuk. Eg tilgir ikkje drap, men eg kan
tilgi det eg sjølv vart utsett for, seier Marius
ettertenksamt.
Ser ned i bordet og tenker før han snakkar vidare. Han var inne på tanken å besøke
drapsmannen i fengselet. Ville at han skulle
sjå skadene og forvisse seg sjølv om at
dette ikkje ville skje igjen. Men då han las
avhøyrsrapportane, vart han skremd. Han
har forstått kor alvorleg psykose er.
– Eg fekk vite litt av andre. At han var
ulykkeleg og hadde det tøft. Men det
var så mykje galskap. Eg er nok blitt
vaksen av dette her. Smartare. Det har
pågått ein mogningsprosess. Og eg er i
eit bra driv om dagen. Held bra tempo.
Likar å halde foredrag. Eg har valt å
ikkje berre bli ein ball som rullar, men
eg har teke kontroll over ballen, smiler
han.
Marius har det neste halve året planlagt. Og så kjem det bok, til hausten.
– Folk lurar på så mykje. Så det kjennest rett å gi ut bok. Ytterst få kjenner
historia som den verkeleg er. No får
lesarane detaljane, seier Marius. Boka
er basert på dagboknotat og ført i pennen av forfattar og journalist Marit Sunnanå Aalrust.
– Det er så ville ting eg har opplevd.
Eg berre måtte skrive det ned. Om
rykta. Om kor mykje eg sakna Andreas.
Ei natt eg ikkje fekk sove sende eg
70–80 sider til 14 forlag. Då eg vakna
utpå dagen, hadde eg fått 25 mailar
og fem anrop. 24 timar etter hadde
me møte med det fyrste forlaget, fortel Marius. Frå oktober i fjor gjekk det
fort. Det eine kontraktsforslaget etter
det andre dukka opp. Valet falt på Cappelen og Marit Sunnanå Aalrust.
– Ho bad meg prate utan filter. Og heilt
ærleg. Eg kunne ikkje gitt ut denne boka
for to år sidan. Eg har trunge tida imellom. Eg kunne jo ikkje fortelje folk korleis
eg reiste meg – då eg ikkje hadde reist meg
enno. Han dreg opp ermet på genseren. Eit
tatovert portrett av den døde kameraten
Andreas Nilstad kjem til syne.
– Eg har lært meg å snakke om han, ikkje
på ein trist måte, men prate om ting me har
gjort saman, korleis han var. Det følest rett
å heidre han på den måten. Då skjønar folk
at det er ein person ein saknar svært mykje.
Gjennom foredrag og å prate om han, gjennom boka og tatoveringa, held eg liv i minnet om ein kamerat. Heilt enkelt. n
xxxxxxx
43
alltid med: Den drepne
kompisen Andreas
Nilstad vil for alltid vere
med Marius. Portrettet
av Andreas er tatovert på
underarmen til Marius.
feriemagasinet 2015
hallingdølen
09/06/15 • Kl. 11:09 • CMYK
43