Last ned Verdig sitt song og tekst hefte

SONGAR
I
MINNETEKST
I
MINNETALER
I
DØDSANNONSER
SONGAR
ALLSONG
Blott en dag
Bred dina vida vingar
Deg være ære
Eg veit ei hamn
Ein fin liten blome
Han er oppstanden
Han tek ikkje glansen av livet
Hjemme i himlen
Hvilken venn vi har i Jesus
Jeg er i Herrens hender
Jeg er en seiler på livets hav
Lei milde ljos
Med Jesus vil eg fara
Navnet Jesus
O bli hos meg
Salige visshet
Så ta da mine hender
SOLO
Amazing Grace
Gje meg handa di, ven
Bred dina vida vingar
I Herrens hender
Det som brest
I fred kan eg sova
Ikke en spurv til jorden
Tårnhøye bølger slår
Ut mot havet
Där rosor aldrig dör
Den fyrste song
Eg veit i himmerik ei borg
Ein fin liten blome
Ensam vandrade du aldrig
Eg ser
You raise me up
VED GRAVA
Fager kveldssol smiler
Ingen er så trygg i fare
Navnet Jesus
Så ta da mine hender
Å leva det er å elska
MINNETEKST PÅ SLØYFEBAND
Alltid i våre hjarte
Kvil i fred, kjære
Du vil alltid bu i hjarte mitt
Minnast i kjærleik
Du vil aldri bli gløymt
Minnast med glede
Ei siste helsing
På gjensyn i Guds rike...
Ei siste helsing, og takk for gode minne
På gjensyn
Fred over minnet ditt
Spora dine vil aldri bli viska ut
Fred over minnet
Takk for all din kjærleik og omsorg
Høgt elska og djupt sakna
Takk for all kjærleiken
Kvil i fred
Takk for alle gode opplevingar vi fekk saman
Takk for alle gode minne
Vi unner deg kvile, men saknar deg sårt
Takk for alt
Vi var så glad i deg, og saknar deg stort
Takk for alt du var for meg/oss
Verdas beste far/pappa/bestefar/oldefar
Takk for godt vennskap
Vi vil alltid huske deg med glede
Takk for ditt smil og gode humør
You´ll never walk alone
Takk for godt samarbeid
Takk for din uendelege kjærleik til oss
Takk for alt du var
Velsigna vere minnet ditt
FORSLAG TIL TEKSTER TIL DØDSANNONSER OG MINNETALE
Fritt susar trea rundt heimen du elska.
Farvel, nikkar blomane du verna så tru.
Takk, kvitrar fuglane som dagen deg helsa
Stilt kviskrar vinden ”sov i ro”
Ditt hjarte som banka som hardt for oss alle,
Ditt auge som lyste av godheit og varme,
Har stansa og slokna til sorg for oss heime,
Men det du har lært oss vil vi aldri gløyme
Takk for tillit og tru.
Takk for omsorg og ro.
Eit strevsomt liv har ebba ut,
Ei flittig hand har dovna.
Din lange arbeidsdag er slutt,
Ditt gode hjarte har sovna.
Stille du vandra, tolmodig du leid.
Ingen du klandra, no har du fått fred.
Takk for kjærleik
Takk for tryggheit
Takk for lukke
Stille du vandra, tolmodig du led
No er du heime hos Jesus i fred.
Livet skal ikkje begripast – det skal gripast.
Elska og sakna
Kvil i fred
Ein liten engel til oss kom,
Smilte blidt og vende om.
Tåren- den er bitter
Sorga – den er stor.
Minna er vakre,
Som i vårt hjarte bur.
Ikkje blomar, ikkje tårer kan takke deg far/mor
For alt du var, for strevet du bar.
Stille bar du plaga di
Ingen høyrde deg klage.
Du var for oss så tung og miste,
tapper var du heilt til det siste.
Eg gret fordi du er borte,
Men er glad fordi du har levd.
Frå livet ditt så lett vi finn
Gode, rike og vakre minner.
No er du fri frå sorg og smerte.
No kviler du trygt ved Jesus sitt hjarte.
Vi unner deg kvilen, men saknar deg stort.
Så lukker eg deg i hjarte inn,
Og gøymer deg innerst inne.
Der skal du fredfullt bu,
Som eit kjært og dyrebart minne.
Ditt hjarte som banka så varmt for oss alle,
Og auge som lyste og strålte så ømt.
Har stansa og slokna til sorg for oss alle
Det du har gjort skal aldri bli gløymt.
Du sovna så stille då reisen var slutt,
Frå alt som deg plaga, no kviler du ut.
Vi unner deg kvilen, men saknar deg så.
Takk for all kjærleiken du lot oss få.
Langt frå alle dine kjære du sovna så stille,
Bort frå all smerte du no har fått kvile.
Eit liv i sjukdom du kjempa og leid,
No har Gud gitt deg kvile og fred.
Eit hjarte av godheit har slutta å slå,
Ei gavmild hand har dovna.
Vondt å miste, vondt å forstå,
Men fred du fekk då du sovna.
La ankret falle
Jeg er i havn
Eg heiser mine slitne segl, eg kastar loss og dreg.
No er eg faktisk klar, min venn.
Sjåast vi igjen?
Frå livet til døden er vegen så kort,
Vi kan ikkje fatte at du har gått bort.
Livet gjev deg alt
-det gjeld berre å aldri gå med knytande hender
Alle desse dagane som kom og gjekk.
Ikkje visste eg at det var livet.
Dette; å vere i livet
Open for alt ikring,
Bunden med sterke røter
Til menneske og til ting,
Gi både hjarte og hender
I omsorg som aldri svik,
Var det som gav meining til ferda di
Og let deg få kjenne deg rik.
Kva du leid det ingen visste,
Stille sjølv du smerta bar.
Smilte dog blant dine venner,
Takk for alt du for oss var.
I sorg ved båra di vi saman står,
Og takkar for alt gjennom mange år.
Djupt i hjarte vi minna har gøymt.
Og du kjære, blir aldri gløymt.
Du gav oss det beste og det største,
Ein arv å ause av.
Ein veg som var trygg å vandre,
Ein veg som skulle gjere oss glad.
Verdas beste smil og latter.
Du vil gjere himmelen til ein betre stad.
Den djupaste sorg vi i hjarte fekk
Då du stilt ifrå oss gjekk.
No har vi alle berre gode minne,
Som med tiden over sorga vil vinne.
Ditt liv du alltid bygde på kjærleikens grunn.
Du tenkte fyrst på andre, heilt til din siste stund.
Du bar oss med folda hender,
Frå vår fyrste dag.
Det lyser ei stjerne på himmelen ein stad.
Ein stad der alle sjeler får fred.
Vi ser på den når vi er trist eller lei,
Vi veit at det er deg.
Foto: Gudmund Nærø (fyrtårn), Eivind Sævik (kors)