Min song og hjarteskatt Beate s. Lech

Min song
o g h j a r t e s k att
B e at e s . L e c h
Pr o d u s e n t E r i k H i lles ta d • F XCD 3 7 2
K i r k e li g K u lt u rv e r k s t e d 2 011
w w w. kkv.no
1.
Vi n d i fr å h av e t
5:07
2 . Ei n båt d riv 3:50 3. T ru o g vo n o g k jær leik
2:53
4 . K va r va r d u 3:53
5.
N o fell d e t sn ø
4:41
6. I ei n d r au m 3:48
7. B lei k a s t e Sy m r a 5:45
8. Ta k k o g lov fo r k jær leiksu n d er 4:40
9. Va rt d u k j em 3:22
1 0. I k v eld 2:37
1 1 . A llh ei m s fa r 5:31
1 2 . K a n eg få k vi le 3:30
alle melodiane er norske religiøse folketonar – gamle salmar.
Alle tekstane er nyskrivne for denne plata.
Vo k a l :
Beate S. Lech
F lyg e l :
Erlend Slettevoll
Harmonium, Hammond orgel, Prophet o g
Georg Riedel T r o m m e r : Knut Aalefjær
c l av i n e t : David Wallumrød
Ba s s :
Martin Abrahamsen M i ks a av : Martin Abrahamsen M a s t r a av : Bjørn Engelmann, Cuttingroom A r r a n g e r t av : Beate S. Lech og Erlend Slettevoll P r o du s e r t av : Erik Hillestad C ov e r f o t o : Jørgen Nordby
d e s i g n : Geir Henriksen frå Blæst design
I n n s p e lt I K u lt u r k i r k e n Ja ko b 2 5 . 0 9 . 2 0 1 1-3 0 . 0 9 . 2 0 1 1 T e k n i k a r :
« Fingrane til morfar
dansa leikent over tangentane.
Han trødde fast og jamnt på pedalane.
Pusta liv i instrumentet.
Trøorgelet spreidde sin vemodig
muntre klang rundt i stova.
Eg sat med dokk a mi på det mjuke
vegg-til-vegg-teppet
og kjente meg heime.
- Slik starta denne kjærleiken.
»
« Eg hadde lært meg det sjølv no.
Med ivrige barnehender
førte eg stiften varsamt bort på
den roterande vinylplata.
Ein tom, knitrande pause.
Forventning.
Og så: ‘Jazz På Svensk a’.
- Slik fortset te denne reisa.
»
Ta k k t i l m o r m o r , B o r g h i l d
S l e t t e v o l l . D u v i s s t e n o k i k k j e at
d i k ta d u s k r e i v m e d a n d u l e v d e ,
s k u l l e b l i t i l s a l m e t e k s ta r e t t e r
d i n d ø d. K a n s k j e v e i t d u d e t i k k j e
e n n o. E l l e r s å s i t d u e i n p l a s s o g
pa s s a r på . Eg h å pa r d u s m i l e r . O g s å
m å d u h e l s e m o r fa r o g s e i e at h a n s
t o n a r på o r g e l e t k l i n g m e d m eg
k va r d a g . D e i e r u t g a n g s p u n k t e t
f o r at d e s s e s a l m a n e h a r va k s e i n n
i h j a r t e t m i t t o g t i l s lu t t ko m e u t
på p l at e .
1
Vind i frå havet. Ein kyst ligg open
når lyset fell, når det blir kveld i vest.
Busken på berget står utan våpen.
Ein fugl i svarte fjør er einsam gjest.
Vind fyller nebbet. Natt utan ære.
Frå berget lyder fuglens gule rop.
Då skjer det store: der finn han bæret.
Det hadde fare djupt ned i ei grop.
Vind blæs i vengen. Frost bit i brystet
og nebbet leitar tett ved spinkel rot.
Bæret blei borte. Så raudt det lyste.
No vaklar fuglen på sin tynne fot.
Vind ifrå havet. Han kjem med nåde.
På berget legg eg òg mi bøn, mitt ord.
Ber om det raude, om å få sjå det.
Der havet syng, er eg hos Gud, vår mor.
V i n d i f r å h aV e t
N o r s k fo l k e to n e
Marit K aldhol
Musikk:
T e k s t:
2
Ein båt driv på havet i skumrande kveld
Så mørk mot ei stripe av solefallseld
Han sleikjest av bølgjer
som kransar og følgjer
han ut i ei lengt etter øyar og land
der kjølen kan skrape mot finkorna sand
I morgonblå sorg glir ein båt mot ei strand
Fortøyest i steinar med lysspunne band
I natta si glipe
skyt sola ei stripe
ho fell over land som ei lysande méd:
For her er det landet der alt finn sin fred
Ein måne stig opp som eit fyr utan hamn
Og syner ein veg mot ei stillare famn
I kjølvatnet glimar
dei sølvlagde stimar
som finst der i djupet av skummande hav
Dei syner seg berre når storm stilnar av
E i n b åt dr i v
N o r s k fo l k e to n e ( S e t e s da l )
Hilde Myklebust
Musikk:
T e k s t:
3
Det er vel stort å eiga ei tru så sterk og stor – tru så sterk og stor
At trua endå flyttar fjell her på vår arme jord
- Tru og von og kjærleik
Når alt er tungt og vonlaust, og mot og makt fell av – mot og makt fell av
Då stig det fram ei lita von, ho kjem som sol frå kav
- Tru og von og kjærleik
Men kjærleiken, den ekte, den er som ein juvel - er som ein juvel
Når synd og vondskap strir om kapp, din kjærleik eig vår sjel
- Tru og von og kjærleik
T r u o g von o g k jæ r l e i k
N o r s k fo l k e to n e
B o r g h i l d S l e t t e vo l l
Musikk:
T e k s t:
4
Kvar var du då stormen raste
gjennom meg i sterke kast?
Og når alt mitt liv blei skaka
skulle ikkje du då vaka?
Kvar var du då lynet flerra
slik at håp og glede brast?
Kvar var du då stormen raste
gjennom meg i sterke kast?
Kan du vera hand mot kinnet?
Og ei famn å sovna i
Vera den som fører båten
Vera nær med trøyst i gråten
Vera dyne i mot kulden
fram til natta er forbi
Kan du vera hand mot kinnet?
Og ei famn å sovna i
Kven skal få mitt store sinne?
Kven skal få mi mörke natt?
Ein stad må eg ropet retta,
kven kan denne smerta letta?
Kan du tåla mine krefter?
Vegen er så tung og bratt
Kven skal få mitt store sinne?
Kven skal få mi mörke natt?
K va r va r du ?
N o r s k fo l k e to n e ( L e s ja )
B e n t e B r at lu n d
Musikk:
T e k s t:
5
No fell det snø på barnets reine panne.
Ved morgontid i hagen står eit tre.
Så naken grein. Det treet er min granne.
Det helsar Gud, og eg vil helse med.
Når eg skal dø, når eg eingong skal sove,
tar eg farvel. Takk, du som gjekk attmed.
Takk, gode Gud, for kvar ei minste gåve.
Eg pustar ut og legg meg roleg ned.
No ber vi smil.Vi løftar glade hender.
Vi kvervlar rundt, er fnugg i livets leik.
Greina er bøygd av snø når dagen vender.
Ho som er mjuk, er sterk når ho er veik.
Så fell det snø på himlens kvite laken.
I hagen ventar treet, greinas mor.
Det finst ein morgon som er rein og vaken.
Han glattar ut dei ørsmå kattespor.
Sov godt, gli bort i draum når søvnen kyssar
deg, vesle barn, min song og hjarteskatt.
Bak verdas gråt finst det ein vind som byssar.
Der bortved treet listar seg ein katt.
No f e l l de t s N ø
N o r s k fo l k e to n e ( S y k k y lv e n )
Marit K aldhol
Musikk:
T e k s t:
6
en)
I ein draum vi eingong drøymde,
i eit drag frå nattas gøymde
lengt til djupe hjarteslag,
finst ein kjærleik skapt av hender
som i takksemd alltid vender
mot ein ny og glasklar dag
Himmelskrift og gåseplogar
syner veg mot løynde skogar
fylt av tjern som blenkjer svalt
Månen kvitnar i ein boge
brenn i bringa som ein loge:
Slik gjer kjærleiken mørkret halvt
Fuglar flyg mot høge himlar
Fiskar glir i vatn og stimlar
saman gjennom stryk og foss
Vi finn vegar vi kan vandre
skapt av varmen frå kvarandre
skapt av lyset mellom oss
Faldene i bekkeblomen
Stilla etter steinsprangljomen
Sommarfuglens vengeslag
Alt er lengt til deg, min kjære
Smelt meg inn i deg, få vere
doggfall mot din morgondag
I e I n dr au m
N o r s k fo l k e to n e ( T rys i l )
Hilde Myklebust
Musikk:
T e k s t:
7
Den bleikaste symra eg møtte,
ho lever der ingen ser.
Ho lever der sol aldri gløtte,
langt borte frå barn som ler.
Ho veks på sin tynne stengel
der regnet dryp frå tak.
Den symra ho er min engel.
Den symra står rein og vak.
Den bleikaste symra ho såg meg
slik ingen har sett meg før.
Eg minnest då mor passa på meg.
Ein kjærleik som enno blør.
Velsigne deg, vesle stjerne.
Så kvit din himmelklang.
Din munn kyssar eg så gjerne.
Du ber meg til mor sitt fang.
I gatene søkte eg kvile.
I skuggen der fann eg ly.
Då såg ho meg, symra med smilet,
forvilla i framand by.
For eg er ei misbrukt lilje
som ingen kjennest ved.
Ein kropp utan eigen vilje.
Men symra ho gir meg fred.
Den bleikaste symra eg kjenner,
ho trøystar meg når eg skjelv.
Eg frys. Berre heimlengten tenner
ei fyrlykt på livsens kvelv.
Men handa mi greip det kvite
då kronblad strauk mot hud.
Ho såg meg og eg kan vite
at no er eg sett av Gud.
Bleikaste symra
N o r s k fo l k e to n e ( S u n n m ø r e )
Marit K aldhol
Musikk:
T e k s t:
Ta k k o g l ov f or k jæ r l e i k sT u n de r
N o r s k fo l k e to n e ( N o r d m ø r e )
B o r g h i l d S l e t t e vo l l
Musikk:
T e k s t:
8
Takk og lov for kjærleiksunder
der du byd oss alle inn
Den som har for tungt å bere
og med børa lite vinn
- med børa lite vinn
Inn ved hjarta ditt kan kvile
kjenne signing, trøyst og fred
Dine pinsler, sår og vunder
er vår kraft når du er med
- vår kraft når du er med
Halleluja! Takk og ære
for din kjærleik mot vår jord
Må vi alltid dine vere
Lat oss lyde trutt ditt ord
- Lat oss lyde trutt ditt ord
9
Vart du kjem i milde drag
stryk deg mot mi rute
Snart det kveldar etter dag
Skuggar stig der ute
Nyst var sommar, sol og song
Gras og blomar anga
All den hugnad på ein gong
vil eg gjerne fanga
Va r t du k je m
N o r s k fo l k e to n e ( H a l li n g da l )
B o r g h i l d S l e t t e vo l l
Musikk:
T e k s t:
Men den dagen svann så fort
Sol bak sky må svinna
Eg mot lyset lengtar då
Sol og von må vinna!
Og når hausten stundar til
falna blad fell saman
Mange aks seg bøyer stilt
Dei si gjerning anar
n svann så fort
svinna
ngtar då
vinna!
n stundar til
saman
bøyer stilt
anar
10
I kveld må skuggar vike
I kveld har eg det godt
I kveld så kan eg kvile
i alt det eg har fått
Og du som er her hos meg
som glo i inste rom
Eg søker tett inntil deg
Eg lengta, og du kom
I kveld er stormar stille
I kveld har havet ro
Di famn har gitt meg kvile
Oss to er her og no
Du stryk meg over kinnet
og kysser panna mi
I kveld bur fred i sinnet
I kveld så er det vi
Eg femner gode minne
Ein stjernehimmel full
Og gleder kan eg finne
i kvardag fylt av gull
I kaktusen som blømer
i varmen frå eit ord
i morgongry som raudnar
i handa til ein bror
I kveld
N o r s k fo l k e to n e ( N o r d m ø r e )
B e n t e B r at lu n d
Musikk:
T e k s t:
11
Allheims far og evig Herre
Du som ser og høyrer alt
Kom med dine nådearmar
når det kveldar og vert kaldt
Leid min fot når eg vil falla
Styrk min hug når motet brest
Send din skirsleeld som kalla
når eg treng din nåde mest
Reis meg opp og gje meg styrke
når mitt livsmot kjem til kort
Du som sorg og saknad lindrar
takk for alt som du har gjort
Tilgje sut og tilgje klage
Styrk når tvil og tyngsle brenn
Før meg gjennom vonlaus plage
til ein evig morgon renn
A l l h e i m s fA r
N o r s k fo l k e to n e ( R o g a l a n d)
B o r g h i l d S l e t t e vo l l
Musikk:
T e k s t:
( R o g a l a n d)
ll
12
Kan eg få kvile i ditt fang
No medan stormen slit og riv?
Og kjenne tryggja i din song
Trugande vindar den fordriv
Så finn eg ro i dine tonar
Eg kjenner varmen i di røyst
Nært inntil deg eg trur og vonar
at alle skal vi finne trøyst
k a n e g få k v i l e
N o r s k fo l k e to n e ( Å s e r a l )
B e at e S . L ec h
musikk:
t e k s t:
Og når det løyer vil eg opne
mi dør og ivrig springe ut
Og tørke tårer som er dropne
for svale vinden sløkkjer sut
Då ber eg med meg dine tonar
Dei gjev meg styrke når eg står
igjen åleine og forsonar
meg med at stormar kjem og går
ta k k til Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund
som med stort mot kasta seg ut i dette salmeprosjektet. De er
så flotte lyrikarar, og de har omfamna desse salmane med ein
kvinneleg klokskap og omtanke som er over all forstand. Eg har
stor respekt for arbeidet dykkar.
ta k k til Georg Riedel, Erlend Slettevoll, David Wallumrød
og Knut Aalefjær. Stemninga i denne plata er takka vere dykkar fantastiske musikalitet. Stor takk også til Ingebrigt Haaker
Flaten og Torjus Vierli som var med på preproduksjonen til
plata og konserten i Nidarosdomen under Olavsfestdagane i
sommar. Den sessionen var veldig retningsgivande for korleis
plata skulle bli. Og ein spesiell takk til Erlend Slettevoll som
har utarbeidd akkordskjema saman med meg og vore positiv
og hjelpsam frå første stund.
takk til Erik Hillestad for at du og Kirkelig Kulturverksted
hadde trua på meg og dette prosjektet og sette i gang alle prosessane. Det kjennest godt og riktig å gjere dette saman med dykk.
ta k k til Jan Ove Ulstein som hjelpte meg med å finne fram til
dei beste og modigaste kvinnelege nynorske lyrikarane.
Eg visste ikkje kvar eg skulle begynne å leite. Eg lærte mykje av deg, og våre samtalar viste meg kva veg eg skulle gå.
ta k k til mamma, Ingrid Slettevoll, som har hjelpt meg
å tenkje klart. Du har, med din språklege kompetanse og
drøftande tanke, vore ei god hand å kaste ball med.
ta k k til alle arvingane til Borghild Slettevoll – Dagfinn
Slettevoll, Brit Unni Skogly, Magne Slettevoll, Dagrun
Sandnes, Kirsti Slettevoll og Ingrid Slettevoll - som
har gitt meg løyve til å bruke mormors tekstar til dette
prosjektet.
ta k k til alle i familien min - både heil, halv, ste og
sviger. Eg kjenner meg privilegert som har så mykje flotte
folk rundt meg.
ta k k til min kjære mann, Marius, for at du støtta meg.
Di oppmuntring har vore avgjerande for at eg skulle gi
meg i kast med dette prosjektet.
ta k k til Cornelia og Adam for at de er dei herlegaste
barna eg kunne ha fått!
Alle melodiane er norske religiøse folketonar – gamle salmar.
Alle tekstane er nyskrivne for denne plata.
Vo k a l : Beate S. Lech
F lyg e l : Erlend Slettevoll
B a s s : Georg Riedel
T r o m m e r : Knut Aalefjær
Har monium , Ham mon d or ge l , P r op h et o g clavin et: David Wallumrød
Wallumrød