Studietur til Finland med frivillige tiltak i landbruket, Jæren vannområde 26. - 28. august 2015 Foto: Monica Dahlmo Turen var interessant og aktuell. Vi fekk eit oversyn korleis Finland arbeidde for å oppfylle vanndirektivet. Deltakarane har gitt positive tilbakemeldingar på turen. Særleg positivt er det at det no i ettertid er knytt tettare kontakt mellom NIOBIO Særheim og forskingsstasjonen Jokoinen. Turen synte at Finland og Noreg har kan samanliknast når det gjeld å satse på frivillige tiltak for å oppnå betre vasskvalitet. Problematikken i dei områda vi besøkte kan nok best samanliknast med kornområda på austlandet, der næringstap knytt til erosjon er dominerande utfordring. Vi syntes likevel det var svært interessant å sjå og høyre korleis det blei arbeidd. Vi er glad for at det i Noreg er valt ein modell der kommunane er sterkt involverte. Vårt inntrykk er at Jæren, som eit nasjonalt pilotområde, ikkje står tilbake i prosessen med vanndirektivet sjølv om Finland er i ein planfase framfor Noreg. Ein spesiell takk til Svein Skøien Fylkesmannen i Østfold og Anna Salmensaari, Innovasjon Norge for utarbeiding av program og praktisk tilrettelegging. Ein stor takk til Rogaland Fylkeskommune og Innovasjon Norge som har bidrege med betydeleg økonomisk stønad til turen. Takk til Elin Valand og Monica Dahlmo for gode og utfyllande notat, og ein spesiell takk til Ragnvald Gramstad som har referert dei fleste tema. Takk til alle deltakarane som var med og bidrog til at studieturen vart ei verdfull, fin og god oppleving. Olav Husveg og Olaf Gjedrem Prosjektleiarar i Frivillige tiltak i landbruket Det var i alt 34 deltakarar frå landbruksnæring, forvaltning og forsking/rådgiving med på studieturen. Kart over reiseruta Torsdag 27. aug. I bussen på veg til Åbo fekk vi bra informasjon om Finland v/Anna Salmonsaari. Ho er tilsett i Innovasjon Noreg, og hadde hatt ei sentral rolle i utforming av programmet for desse to dagane. Finland er ofte kalla dei 1000 sjøars land, og med rette av di ca. 10% av landet var dekka av vatn og elver. Landbruksarealet utgjorde om lag 6 %, eller om lag 25 mill. daa (vel dobbelt av vårt). Skog er ein viktig ressurs – eksport av trevarer og papir. Elles er elektronikk og diverse maskinar viktige eksportartiklar. Om lag 16 % av gardsbruka hadde mjølkeproduksjon, og om lag 12 % av arbeidskrafta i landet er sysselsett i foredlingsindustri knyta til landbruket. Finland består av i alt 317 kommunar (107 definerast som byar). 5% av befolkninga er svenskspråkleg, og dei fleste bur langs vestkysten og tettstader som Åbo og Pargas. Finska Hushållningsselskapet i Åbo Vi ble møtt av direktør Jørgen Grandell. Han kunne fortelje at organisasjonen som var ein rådgjevingsorganisasjon for landbruket vart etablert 01.11.1797. Hushållningsselskapet var organisert som 2 organisasjonar, men med eit tett og godt samarbeid. I 1798 var organisasjonen kalla Kongeleg Finsk hushållningsselskap, og i 1809 vart det kalla Keiserlig Finsk Hushållningsselskap på grunn av Finland var underlagt Russland. Føremålet med organisasjonen var å utvikla dyrkingsmetodar og å spreia informasjon til landbruket. På 1800-talet var potet-, lin- og hampdyrking sentralt i rådgivinga. Dei var medverkande til at den første landbruksskulen vart etablert i 1840. Dei dreiv eigen forsøksgard på Runsala på 1800 talet. 2 Kontorbygget i Åbo Det er 6 personer knytt til hovudkontoret. Dei har sitt faglege spesialfelt som økonomi, dyrking, mjølkeproduksjon, produksjonsteknisk rådgiving og hjelp til ulike støtteordningar i landbruket. Om lag 40-50 % av inntekta i landbruket kjem frå ulike støtteordningar. Kontorbygget vart kjøpt i 1760, og selskapet er organisert med 11 Finskspråklege organisasjonar 4 Svenskspråklege 2 Fellesorganisasjonar Totalt 670 tilsette Litt om utvikling i landbruksproduksjonen Årstal: Tal bruk Areal 1995 95500 21,7 ha 2000 80000 28 ha 2014 56016 40,7 ha 39 000 bruk med kornproduksjon, kveite, bygg og rug. 9000 mjølkeproduksjonsbruk. Sjølv om ein har hatt ei betydeleg strukturendring, er den samla mjølkeproduksjonen stabil. Paavo Myllymækki, centralforbundet for land- og skogprodusentar Det er i dag 5,4 mill. personer i Finland, og om lag 30 % av befolkninga bur på landsbygda. Om lag 66 % av landarealet er dekka med skog. Finland vart medlem av EU i 1995. Landet har kort vekstsesong på 120 – 180 dagar. Finland er den 3. største havreeksportør i verden. 80 % av kornproduksjonen går til fôr. Støtte frå EU er i stor utstrekning relatert til areal og ikkje til avling. (Det fekk ein delvis sjå og oppleva på gardsbesøka seinare på dagen). Det har som elles i Europa vore stor kostnadsauke på gardane, og inntektene frå marknaden var om lag 55 %. Finland eksporterer landbruksvarer til Russland, Sverige og Baltikum. Dei er no inne i en vanskeleg situasjon for eksport av mjølk og kjøtt på grunn av den pågåande konflikt med Russland. Kanskje vert dette løyst i løpet av 2016. EU er i dag verdens største eksportør av matvarer. 3 Aino Launto, Prosjekt og rådgiving i miljøspørsmål TEHO – Pluss var eit miljøprosjekt støtta av EU Dette er eit prosjekt filosofien var at ein skal sjå samanheng med miljømessig betre drift samstundes som det skal gi betre økonomisk resultat på garden. Prosjektperioden var frå 2014-2020. På dei bruka som er med på ordninga, vert det tilført om lag 3500 euro til rådgiving over 5 år. 58 % av støtta kjem frå statlige midlar, og 42 % frå EU. Cirka 200 gardsbruk hadde hatt frivillige gardsbesøk. 70% av gardbrukarane meinte at rådgiving omkring miljø bør samordnast med anna rådgiving på garden. Gardbrukarane er naturleg nok mest interesserte i rådgiving som gir best økonomi i drifta. Det er viktig med grøn vegetasjon på alle areal både haust og vinter for å kunna redusera avrenning til vassdrag. Problematikken i dei områda vi besøkte var dominert av produksjonar med 4 open åker, og erosjon var ei viktig problemstilling. Dei estimerte at 90 % av næringstapet frå garden til vassdrag skjedde i periodar utanfor vekstsesongen. Status for implementering av vanndirektivet (WFD) i Finland Ved Sanna Kipinä-Salokannel, NMT-Centralen Generelt Finland ligg ein planfase før Noreg. 1. planperiode med gjennomføring av tiltak skal være ferdig i 2015. Neste planfase går til 2021. Miljømål skal endelig vere oppnådd innan 2027. Finland har etablert lovverk som følgjer opp WFD Planlegging og koordinering Det er oppretta 5 finske vannregioner, og 2 internasjonale vannregioner. Åland er egen vannregion. Det finske Miljødepartementet er hovudansvarleg for gjennomføringa Hovedplanleggingen skjer i ELY sentrene. ELY-sentrene er ansvarlig for utarbeidelse av planer – i kvart sitt distrikt. Det er oppretta ein regional koordineringsgruppe under kvart ELY-senter med undergrupper. Under disse er det oppretta styringsgruppe som utarbeider regional plan. Status for grunnvann og overflatevann Finland har store vassressursar. Om lag 10% av Finlands areal er dekka av vatn. Grunnvatnet blir nytta til drikkevatn, og har stort fokus i arbeidet. Status i 2013 – 9% av grunnvatnet er i risiko for å ikkje oppnå miljømål. Om lag 100 førekomstar med grunnvatn har dårleg status (ca 3%). Generelt har overflatevatnet god tilstand i nord og midt i landet. I sør og vest i landet er mye av vannet i moderat til dårlig tilstand. Det er en større del av elvene som ikkje har god miljøtilstand, enn innsjøane. Hovedutfordringene for vannmiljøet i Finland Eutrofiering / næringsbelastning Sur nedbør Vannkraftreguleringer Fiskevandringshindre 5 Vurderingar Det har skjedd ein stor reduksjon i fosfortilførselen frå landbruket til vassdrag frå 1980 og 1990tallet fram til i dag. Likevel er diffus avrenning frå landbruket den største utfordringa for vannmiljøet. Regelverket som Finland har i dag er ikkje tilstrekkelig for å oppnå godt vannmiljø. Frivillige tiltak er nødvendige. Det blir brukt ulike støtteordningar for å få dette til: Vegetasjonsdekke Buffersoner Våtmark, dammar Gjødslingsplanlegging Rådgjeving Tiltaka blir planlagt på regionalt nivå, og er ikkje spesifisert på vassdrag. Tiltaka i planane er ikkje juridisk bindande. Dei fleste tiltaka er frivillige, og eit godt samarbeid mellom grunneigarar og forvaltning blei vektlagt. I Finland ønskjer dei å fokusere på frivillige tiltak framfor tvang (ref. Danmark). Kan måla bli nådd? Det er heilt klart behov for utsatt frist – til 2027. Det er fleire utfordringar knytt til måloppnåing; Tekniske løsninger mangler Forbedring tar tid – effekt av tiltak kommer ikke med en gang Arbeidet fikk en sein start (finansiering, frivillighet) Vanskelig å finne de rette tiltakene Effekt av tiltakene er ikke alltid kjent 6 Gamle synder kompliserer bildet Klimautfordringer, mer regn på kort tid No blir det jobba med å bli ferdig med plandokumenter for neste planfase – vedtak som skal gjerast i desember 2015. Lemlax gård, gardbrukar Carl A. Heurlin og rådgivar Peter Fritzen Garden var ein gamal slektsgard frå 1930. Den bestod av 170 ha dyrka jord, og ca. 400 ha skogsareal. Det hadde vore eigarskifte, og dei nye eigarane budde på ein annan stad. Det vart dyrka haustkveite, vårkveite, litt luserne og bondebønner. Det var fleire bruk også på dette bruket kor ein hadde dyrka karve. Karvedyrking kunne gi opp mot ca. kr 6 500/tonn karve i inntekt. Det som var litt spesielt var at det vart nytta direktesåing, og på denne leirhaldige jorda hadde det fungert greitt, og dei hadde god erfaring med dette. Det var ofte vårtrke i dette området, og elles snakka ein om ein årsnedbør på om lag 600 mm (om lag halvparten av den vi har på Jæren). Det vart nytta Glyfosat i dei tilfella det var naudsynt, og i følge EU-direktivet måtte ein ha sådd alt innan 30. juni. Om lag 25% av inntekta på garden kom frå skogbruket. Carl var innom strukturendringa i landbruket, og det var oppretta eit godt samarbeid mellom husdyrbruk og planteprodusjonsbruk i utnytting av husdyrgjødsel. I følge EU-direktivet kunne ein spreia husdyrgjødsel i miljøavtale frå 1/4-15/10 og med Nitratavtale 1/4- 1/11. Det vart gitt eit tilskot på kr 40/daa for nedmolding av husdyrgjødsel, og randsoner skulle vera minimum 3 m breidde. Grasblanding med kløver var ok, men avlinga måtte haustast kvart år og fjernast frå området. Det vart gitt eit tilskot på kr 100/daa der ein nytta fangvekst. Ved bruk av husdyrgjødsel kunne ein tilføra maks 3,5 kg fosfor/daa og år, og næringsinnhald i husdyrgjødsla måtte dokumenterast. Våtmarksområde Vi besøkte våtmarksområdet på garden som omfatta om lag 60 daa. Det var om lag 4000 daa landbruksareal som grensa til dette våtmarksområdet kor ein testa ut bruk av jernsulfat for utskilling av fosfor. EU støtta prosjektet med ei etableringsstøtte og ei årleg støtte på 400 euro/ha/år. Det var førebels lite dokumenterte resultat frå prosjektet. Konstruert våtmark. Foto: Monica Dahlmo Nulto gård Roger, som gardbrukaren heitte, var ein særs aktiv og positiv person. Han hadde mange jern i elden. I desse dagar var han i full gang med såing av haustsæd, og det vart dyrka både haustrug og haustkveite. Avlingane på haustrug varierte mellom 600 til 1400 kg/daa. Normalavling for haustkveite var ca. 800 kg. 7 Det vart og dyrka hybridrug. Denne var om lag 1-1,20 m høg og gav mindre halm enn vanleg rug. Roger starta opp i 1988 med om lag 20 ha, og i 19930 forvalta han ca. 300 ha. ( 40 ha eigd og 260 ha leigd). I tillegg til haustkorn, dyrka han følgjande kulturar: Tidlegpotet – setjing under plast/duk 9. mars i 2015 Karve 1000-2000 kg/ha. Eksportvare. Hestehøy Bondebønner Om vinteren nytta han tida til snømåking og skiljing av poteter. I tillegg dreiv han med noko kalking som kalkentreprenør. Roger hadde ein fast tilsett, men nytta finske ungdommar i gardsdrifta om sommaren. Det var viktig å kunna læra ungdommane å arbeida. Kostnad på leigejord var ca. kr 250/daa. Det var spørsmål om han dyrka potet til spritindustrien. Til dette svara han at det var dårleg økonomi i den produksjonen. Den form for potetproduksjon føregjekk nær opp til spritfabrikkane, og på bruk som kanskje hadde opp mot 5000 ha potet. Roger hadde eit eige krepseprosjekt på garden. Det starta opp i 1988. Det var to artar kreps. Han dreiv oppformering og sal av livdyr av «signalkreps». Denne arten var særs sterk mot krepsepest. Besøk på forskingsstasjonen Jokoinen Forskar Risto Uusitalo frå Natural Resource Institute Finland viste oss rundt. Forsøk med bruk av jernsulfat for å felle ut løyst fosfor i vatn. Foto: Monica Dahlmo 8 Dette var ein forskingsstasjon som kan samanliknast med NIBIO i Noreg. Dei arbeidde mellom anna med med miljøspørsmål, og spesielt problem omkring fosfor i jord og avrenning. Vi fekk informasjon frå eit prosjekt der ein nyttar jernoksyd i ein filtrasjonssone for å felle ut løyst fosfor. Prinsippet var vellykka i lab, men viste seg vanskeleg å få til i stor skala. Metoden var etter deira syn lite aktuell så langt. Forsøka hadde vist at ein bind ca. 70 % av fosforet 1. år, 30 % 2. år og 16 % 3. år. Prosjektet blei mellom anna finansiert av eit EU-støtta Interreg IVA prosjekt «Active Wetlands». Vi såg også eit forsøk med bruk av granulert jernsulfat for å felle ut løyst fosfor i vatnet. Granulert jernsulfat, Fe2(SO4)3 – Ferix-3 (Kemira Kemwater Oy), jern-innhold 20%, all jern oksidert til 3+ blei testa i 15 grøfter i sørvest-Finland. Ein boks med Ferix-3 blei dosert i grøftevannet via ein dispenser der granuler jern blei tilført via eit røyr som står i grøftevannet (sjå figur). Dei flest måle- og forsøkspunkta var lagt til Nautela, eit område nær Turku. Mesteparten av total P transport var partikulær form – i gjennomsnitt var kun 24% løst P (TDP) i innløp Nautela; konsentrasjonene varierte for TDP 0,027-0,160 mg/L og for total P (TP) 0,075 – 0,56 mg/L. 9 I perioden med utprøving av jernsulfat var fluks av TDP 8,2 kg og TP 37 kg i 2011 og i 2012 16 kg TDP og TP 71 kg i behandlingsperioden. Total P var ikkje påvirka av felling ettersom P-jernsulfat utfelling besto av små partiklar som ikkje dannet større flokker i vannstrømmen, og som difor ikkje blei felt ut i grøfte-området. Berre ved lav/minimal straum kunne dei nokre gonger sjå utfelt Pjernsulfat. Kjemikaliedoseringa kunne varierte til nær ingenting ved svært lav vannføring, til titalls kg per time ved høg vannføring. Årlig forbruk av jernsulfat var ca 2500 kg, og prisen for å binde 1 kg P var 207 Euro i 2011 (0,47 EUR/kg) og i 2012 103 EUR (0,55 EUR/kg). Størst TDP-reduksjon var når TDP konsentrasjonene var høyest men det var ikke sammenheng mellom TDP-konsentrasjonen oppstrøms dispenser og prosent reduksjon av TDP som resultat av jernsulfat-tilsetning. I snøsmeltninga kunne innhaldet av løyst P (DP) vere høgt som et resultat av frigjøring frå grasvegetasjon og overflatejord. Slike topper på våren er ofte før jorda tiner, og før tiltak som vegetasjonssoner, våtmark, m.fl kunne forventast å ha effekt. Tilsetning av jernsulfat førte ikkje til fjerning av P (dvs ingen nedgang i total P) i vannfasen men til at løyst P blei omdanna til jern-assosiert-P som ant (Fe-P). Dvs fosfor på ein form som ikkje er så tilgjengeleg for algar og mikroorganismar. Fe-P forsvinner ikkje men vil etter kvart felle ut i sedimenter i grøfter, bekker og innsjøar. Fe-bundet P kan frigjørast ved anoksiske forhold i sedimenter. Det er ei side på WWF sin nettside som viser fleire bilete frå pilotområdet Nautela: http://wwf.fi/en/active-wetlands-project/the-nautela-pilot-site/ Bruk av jernsulfat kan binda opp mot 80-90 % av fosfor som utfelling, og fosforhaldig slam må i etterkant fjernast frå dei aktuelle fangdammane. Det kostar om lag 10-20 euro for å binde 1 kg fosfor. Frå vanleg landbruksjord i dag renn det av ca. 30-40 mikrogram fosfor/l vatn På forskingsstasjonen hadde dei samanlikna ulike jordarbeidingsmetodar, og målt avrenning av fosfor. Redusert jordarbeiding samanlikna med tradisjonell pløying/harving osb. hadde ført til meir avrenning av lettløyseleg fosfor. Det var fleire prosjekt på gang relatert til fosforproblematikken i jord. Generelt fekk ein oppgitt at 70-80 % av landbruksjorda i området treng ikkje tilføring av fosfor for å sikra god vekst i plantene. Innkjøpt mineralsk fosfor kostar i dag ca. 2 euro/kg. 10 Desse var med på turen: Kyrre Vasstveit Harald Velde Alf Egil Vaula Per Selvåg Ole Motland Stein Ove Byberg Magnus Folkvord Per Bjorland Ingunn Dyvik Jofrid Torland Mjåtveit Einar Varhaug Bjørn Christian Granberg Jens Randby Olav Husveg Olaf Gjedrem Monica Dahlmo Ørjan Simonsen Gudrun Kristensen Connie Hellestø Torbjørn Ruud Anna Salmensaari Stein Johnny Haver Trine Eggen Ragnvald Gramstad Ola Andreas Byrkjedal Jon Lund Anne Grete Cazon Sonja Herikstad Skårland Olav Sande Elin Valand Arve Fløysvik Rune Lian Britt Jorunn Haslemo Harald Olav Stuhaug Alf Ole Bull-Tornøe Agromiljø Aksjon Vatsvassdrag Bonde Bonde Bonde Bonde Bonde Bonde Bonde Bonde Bonde Bonde Felleskjøpet Rogaland Agder Olav Sande i Rogaland bondelag viser seg Frivillige tiltak i landbruket løysingsorientert når regnet var på det verste. Foto Monica Dahlmo Frivillige tiltak i landbruket Fylkesmannen, landbruksavdelinga Fylkesmannen, miljøvernavdelinga Gjesdal kommune Gjesdal kommune Haugaland landbruksrådgjeving Innovasjon Norge Finlandskontoret Landbruk og Maskin NIBIO NLR Rogaland politikar Gjesdal kommune politikar Jæren vannområde Randaberg kommune Rogaland bondelag Rogaland bondelag Rogaland fylkeskommune Sandnes kommune Sola kommune Time kommune Vindafjord kommune Vindafjord kommune 11 Informasjon gitt i forkant av turen av Anna Salmensaari, Innovasjon Norge Finlandskontoret LUKE – Luonnonvarakeskus - Naturresursinstitut Naturresursinstitutet är en forsknings- och expertorganisation, som arbetar för att främja en hållbar användning av naturresurser och bioekonomi. Lukes forsknings- och sakkunnigverksamhet har byggts upp utifrån kompetens. Fyra forskningsenheter, en statistikenhet och en enhet för interna tjänster är uppbyggda på basen av grupper och team, vars kompetens används i tvärvetenskapliga forskningsprogram och projekt tillsammans med finländska och internationella samarbetsparter. LUKEs klienter, dvs de som använder sig av informationen och lösningarna, deltar aktivt i planeringen och inriktningen av forskningen. MAVI – maaseutuvirasto - landbygdsverket Mavi svarar för användningen av medlen från Europeiska unionens jordbruksstöds- och landsbygdsfonder i Finland. Mavi är det utbetalande organet i Finland. De administrerar årligen EUstöd och nationella stöd till ett sammanlagt belopp på över två miljarder euro. Mavi skapar förutsättningar för livskraftiga näringar på landsbygden. På detta sätt verkställer de målet för jord- och skogsbruksministeriets förvaltningsområde, som är att trygga produktionen av ren inhemsk mat och en hållbar användning av förnybara naturresurser. De verkar i nära samarbete med ministeriet och de övriga aktörerna i förvaltningsområdet. http://www.mavi.fi/sv/om-oss/Sidor/default.aspx#sthash.xm0E9A6F.dpuf MTK – maataloustuottajien keskusliitto Centralförbundet för lant- och skogsbruksproducenter MTK är en finskspråkig fack- och intresseorganisation för jordbrukare, skogsägare och landsbygdsföretagare. MTK har över 400 000 medlemmar i lokala föreningar för jordbruksproducenter och skogsvård. Det som förenar alla yrken och näringsgrenar som dess medlemskår utövar är att de baserar sig på förnybara naturresurser och en hållbar och ekonomisk användning av dem. 14 förbund för jordbruksproducenter och 80 skogsvårdsföreningar påverkar och bedriver verksamhet på regional nivå. På svenskspråkiga områden verkar deras systerorganisation SLC, Svenska lantbruksproducenternas centralförbund, som har ungefär 14 000 medlemmar. www.mtk.fi/sv_SE/ NTM-Centralen (ELY-keskus) NTM-centralerna motsvarar Innovasjon Norges distriktkontor. En av NTM-centralens uppgifter är att utveckla landsbygdsnäringarna och trygga landsbygdens livskraft. Man syftar till att förbättra jord- och skogsbrukets konkurrenskraft samt främja fiskerinäringen och andra landsbygdsnäringar. NTM-centralen beviljar stöd för investeringar och utveckling till gårdar, SME-företag som bedriver första gradens förädling av jordbruksprodukter och mikroföretag på landsbygden. Stöd kan beviljas till utvecklingsprojekt som främjar näringsgrenarnas verksamhetsmöjligheter samt uppmuntrar till ny företagsverksamhet och utvecklar fungerande företag. Stödnivåerna och finansieringsformerna varierar något beroende på NTM -central. http://www.ely-keskus.fi/sv/web/ely/maaseutuelinkeinot#.VV19GaPFaUk Proagria – Svenska Lantbrukssällskapens förbund SLF SLF är centralorganisation för den svenskspråkiga landsbygdsrådgivningen i Finland, den svenska delen av Proagria, se www.proagria.fi (välj Svenska, så kommer du automatiskt till SLF’s sidor). Rådgivningsorganisationen bildar ett nätverk där SLF svarar för samordning av verksamheten och 12 utveckling av rådgivningsmaterial och dataprogram. Lantbruks- och hushållningssällskapen i Finland erbjuder lantbrukare och landsbygdsföretagare rådgivnings- och planeringshjälp. Till SLF hör förutom lantbruks- och hushållningssällskapen 32 övriga organisationer som medlemmar. www.slf.fi/ Svenska lantbruksproducenternas centralförbund (SLC) är den finlandssvenska landsbygdens intresseorganisation. Deras arbete är inriktat på att bevaka och tillvarata medlemmarnas samt den svenska landsbygdens gemensamma ekonomiska, sociala och kulturella intressen. SLC har cirka 12 000 medlemmar som fördelar sig över cirka 70 lokalavdelningar, vilka är medlemmar av de fyra landskapsförbunden. SLC är medlem i Nordens Bondeorganisationers Centralråd - NBC och i COPA , producentorganisationen inom EU. www.slc.fi/ Övrigt Jokioinen Jokioinen är en finskspråkig kommun med drygt 5 600 invånare. Orten ligger väster om Forssa, precis mellan Helsingfors, Åbo och Tammerfors. www.jokioinen.fi/en/municipality/general_information Pargas Pargas är en tvåspråkig skärgårdsstad 25 km från Åbo med drygt 15 500 invånare. Pargas stad omfattar stora delar av Skärgårdshavets område med tusentals öar, holmar och skär. www.visitturku.fi/sv/pargas_sv Reso Reso är en stad vid Finlands västkust med 25 000 invånare och 1 500 företag. Resoregionens långa historia, traditionerna inom handel och stadens stöd för utveckling av företagsverksamhet har gjort Reso till en betydelsefull handelsplats. Det kanske mest kända bolaget är Raisio Gruppen, se www.raisio.com/en/brands-and-businesses www.visitturku.fi/sv/reso-raisio_sv Tuorla Värdshus http://tuorlanmajatalo.fi/lang/svenska Åbo Åbo stad, grundad år 1229, är Finlands äldsta stad och belägen vid Aura Å i Sydvästra Finland. Invånarantalet i Åbo är ca. 178 000, vilket gör Åbo till Finlands femte största stad. Åbo är officiellt tvåspråkig med drygt 5 % av invånarna som talar svenska som modersmål. Åbo slott och Domkyrkan är stadens mest kända sevärdheter. I Åbo verkar två universitet och fyra yrkeshögskolor. I dessa studerar totalt nästan 30 000 personer för grund- eller fortsättningsexamina. www.visitturku.fi/sv 13 Program Onsdag 26.8 23.15 Flyet DY 1198 lander Helsingfors Vanda, Terminal 2 Innkvartering på hotell Best Western, Skattbacksvägen 1, Vanda, nær flyplassen. Buss fra terminalen. Torsdag 27.8. 08.00 Med buss til Reso, MTK-Varsinais-Suomi, Hintsantie 3 (Dette er det finske bondelaget, den lokale enheten i fylket Egentliga Finland. Centralforbundet for lant- og skogsprodusenter) 10.15 Finsk landbruk, rådgivingstjenesten, TEHO Plus prosjektet (et prosjekt som gjelder målrettede miljøtilak i landbruket), diskusjon -Ms Aino Launto-Tiuttu og Mr Paavo Myllymäki, MTK-Egentliga Finland 11.15 WFD (Vanndirektivet) implementeringen i Finland - Ms Sanna Kipinä-Salokannel, NMT-Centralen (omtrent tilsvarende Innovasjon Norge) 12.00 Buss fra Reso 12.30 Lunsj på Tuorla Värdshus, Tuorlantie 1 E, St. Karins, 13.30 Buss til Pargas 14.00 Gårdsbesøk på to gårder med rådgiver Peter Fritzen, Finska Hushållningssällskapet. 17.30 18.00 19.00 20.00 Buss til Åbo Innsjekk på hotell Cumulus, Eriksgatan 30, og fritid i Åbo eller guidad tur Guidad tur i Åbo med buss Middag i Åbo, restaurangbåten Cindy, Östra Strandgatan 19 Fredag 28.8. 08.00 Buss till Jokioinen, Humppilantie 09.30 Natural Resources Institute LUKE, Jokioinen. Dette er et nasjonalt forskningssenter for landbruk. Kan sammenliknes med Bioforsk i Norge. Feltforsøk med fangdammer. Risto Uusitalo Feltforsøk med avrenning og tre forskjellige buffersoner. Jaana Uusi-Kämppä Lunsj på forskningsinstituttet og samtale med forskerne. 12.30 Buss til flyplassen 15.40 Fly 14
© Copyright 2024