FRIKAR GotoGuta

2015
September
Oktober
November
FRIKAR
Desember
GotoGuta
Utstillingar
Galleri Syningen
Utstillingsopning 29. august
Kristin Irén Dijkman
Tore Wilhelmsen
Utstillingsopning 26. september
Beate Megaard Paulsen
Skulptur / Tekstil
Arrangør: Ål kunstforening
Keramikk
Arrangør: Ål kulturhus
Utstillingsopning 24. oktober
Hilde Thomsen
Utstillingsopning 21. november
Annine Qvale, Eli Hovdenak,
Bjørn Ousland, Hans Jørgen Sandnes,
Lisa Aisato, Iben Sandemose og
Bendik Kaltenborn
Teikningar / Karikatur
Arrangør: Ål kulturhus
Barnebokillustrasjonar
Arrangør: Ål kunstforening
NYTT I HAUST:
Middagspakke
Ingenting er hyggelegare enn å kombinere ei konsert-, show-,
eller teateroppleving med ein god middag.
Ål kulturhus kan no, i samarbeid med Thon Hotel Hallingdal,
by på to-rettars middag i førkant av utvalde arrangement.
Serveringa startar 1 1/2 time før forestillingsstart, og du må rekne
eit par minuttars spasertur frå restauranten på hotellet
til salen på kulturhuset.
Sjå nettsida vår (www.aal.kulturhus.no) for prisar og detaljert meny
til arrangementa som er merka her i programmet.
Kjære publikum
No held du det ferske kulturhusprogrammet
for hausten 2015 i handa, det fyrste
eksemplaret frå ein nesten like så fersk
kulturhusleiar på Ål kulturhus.
Eg håpar du vil trivast her i haust, og me har
laga ein kulturmeny me trur vil falle i smak hjå
mange. Her er noko for alle aldrar med smak
i mange sjangrar. Musikk, foredrag, teater, dans,
stand-up, show og mykje meir. Skal eg trekkje
ut ein liten godbit (bokstaveleg talt), må det
vere juleølsmakekurs med ost og sjokolade
den 17. november. Dit skal definitivt eg!
Av anna nytt på huset kan eg trekkje fram at
me no, i samarbeid med Thon Hotel
Hallingdal, har heilaften-pakker med middag i
førkant av utvalde forestillingar.
Sjå meir om dette på nettsida vår.
De vil også oppdage at me har eit mykje
breiare utval i kiosken, noko me trur mange
vil synast er stas.
Info
Eg håpar å sjå alle hallingar her utover hausten
og vinteren, det vere seg ekta vare,
hyttehallingar, turistar eller andre besøkjande.
Velkomen til Ål kulturhus!
Framsidefoto:
Pål Laukli/Tinagent
Ål kulturhus
Me ynskjer velkomen til Ål kulturhus
- staden for dei gode opplevingane!
Helsing Lars,Torun, Lars, Anita og Wenke
Myren 40, 3570 Ål
Telefon: 32 08 51 00
Telefaks: 32 08 16 44
[email protected]
www. aal.kulturhus.no
Foredrag
Jaktprat på biblioteket
Hausten er jaktsesong, og Hallingdal sin eigen villmarksforfattar Øystein Kjerulf Brenno kjem til Ål bibliotek for å dele
kunnskap og erfaring frå eit langt liv som jeger og fiskar. Han vil lese utdrag frå fire av bøkene han har skrive om jakt og
friluftsliv: Elg og edelfisk, Blant kronede konger, En hund etter elg og Hallingdal. Her får me smakebitar frå jaktstemning og
kjensla av å få storørreten på kroken, men også fagkunnskap om mellom anna elghunden.
Det vil bli opna opp for spørsmål rundt dei emna Kjerulf Brenno tek opp i bøkene sine,
til dømes aktuelle tema som storviltforvaltning og sikker jakt.
Arrangør:
Ål bibliotek og
Ål Jeger- og Fiskerforening
Ål bibliotek
Øystein Kjerulf Brenno arbeider til dagleg som spesialkonsulent på rådmannskontoret i Gol kommune.
Han har gjeve ut i alt elleve bøker om jakt og friluftsliv, og i tillegg skriv han som frilansjournalist
for tidsskrifta Villmarksliv og Jakt. Måten me forvaltar villmarka på i Noreg har vore eit gjennomgangstema i
Kjerulf Brenno sin forfattarskap. Han er oppteken av natur- og miljøvern,
barskogforvaltning, rovdyrforvaltning, storviltforvaltning og sikker jakt,
men også av det enkle friluftslivet som kvar og ein har høve til å utøve i nærmiljøet.
Onsdag 2. september kl. 1900
Gratis inngang. Enkel servering
Show
Mitt Liv Som Elsa
Endeleg kjem Elsa Lystad til Hallingdal
med den kritikarrosa forestillinga om
sitt eige liv.
Humordronninga i Noreg byr på
høgdepunkt frå sitt lange liv, både i og
utanfor rampelyset. Det blir eit varm
og nært, men også hylande morosamt
møte med artisten og mennesket
Elsa Lystad.
Elsa Lystad er hylla som seriøs
skodespelar - og elska som grenselaus
humorist med eit heilt ubegripeleg
trøkk og eit talent for improvisasjon
som ein kvar jazzmusikar berre kan
misunne henne. I denne forestillinga
er det den frittgåande Elsa me møter
- det humoristiske mennesket med
eit reflektert og sylskarpt skråblikk på
tilværets forunderlege persongalleri,
henta frå eit levd liv i og utanfor
rampelyset. Saman med den musikalske
vaktmesteren sin, Petter Anthon Næss,
byr ho på ei fantastisk feststund.
Foto: Marius Pettersen
”Alle burde unne seg en Elsa!”
Terningkast 6 - Østlands-Posten
”Eventyrlige Elsa!”
Terningkast 5 - VG
”Ekte gledesspreder!”
Terningkast 5 - Dagbladet
Middagspakke
Storesalen
Laurdag 5. september kl. 1800
Billettar kr. 365,-
www.aal.kulturhus.no
Ål kyrkjeakademi presenterer:
Foredrag
Rettferd - fred - forsoning
Foredrag ved Petter Skauen
Nesch-museet
Petter Skauen har arbeidd for Kirkens Nødhjelp i 38 år.
«Han er ein levande helt og er truleg den nordmannen som har redda flest menneskeliv.»
Slik omtalte filmskaparen og forfattaren Erling Borgen diakonen og fredsarbeidaren i Dagsavisen i fjor.
Petter Skauen har brukt det meste av livet sitt til å arbeida for dei fattige og forfølgde i Guatemala.
Med eit utruleg kontaktnett og evne til å snakka med både dei forfølgde og blodige generalar, spelte han ei
sentral rolle då Noreg engasjerte seg for å få ein slutt på borgarkrigen i landet.
Fredsavtalen som avslutta 36 år blodig borgarkrig vart etter 10 års arbeid underteikna i Oslo i 1996.
Etter dette vart Skauen engasjert av Utenriksdepartementet som spesialrådgjevar i arbeidet
med fred og forsoning både i Haiti, Colombia, Filippinene og Øst-Timor.
I Petter Skauen sitt arbeid og liv har ord og løfte vore sanne.
Fattige og forslåtte har alltid visst at dei kunne stola på han.
Torsdag 10. september kl. 1915
Billettar kr. 150,-/120,-
Frelsesarmeen
jublar og jubilerer
Det vert ei reise gjennom tiåra frå 1940 til i dag, med
strengemusikk, opera og motbakkerock, motevisning og
historiske glimt, hornmusikk og mannskor, trekkspel,
hardingfele og gitar, møbeldans og hallingspringar
– ein festkonsert av dei sjeldne i høve Frelsesarmeen
Hallingdal sitt 75-årsjubileum.
Skodespelaren Helge Jordal saman med
Motbakkeorkesteret frå Frelsesarmeens rusomsorg i
Bergen, artistane Tove Bøygard og Borgar Storebråten
med røter i Hallingdal, operasongaren Gunda Marie
Bruce med røter i Frelsesarmeen, Haugeplass med røter
i bluegrassmusikken, Staben & Yngstebrørne med røter
i folkeleg religiøs musikktradisjon og country, er mellom
aktørane som saman med Oslo 3. korps hornorkester
og mannskor stiller opp for alle som vil oppleve ein stor
festkveld med Frelsesarmeen i Ål kulturhus.
Fretex har funne fram flotte antrekk til ei historisk
motevisning med musikk og klede frå dei siste 75 åra.
Dansarar frå Nes og Flå kulturskole deltek, likeså
Mini-/Maxigospel frå Gol, lokale folkedansarar og spelemann
Frank Syversrud. Før framsyninga (frå kl. 1630), og i pausen,
er det open kafeteria ved Fretex.
Jubileum
Middagspakke
Fo
t
Regi:
Kari Flock ved Buskerud Teater
avd. Hallingdal
Produsent:
Marta Maria Espeseth,
Frelsesarmeen Hallingdal
o:
Ka
i-O
tto
M
ela
u
Frelsesarmeen sin jubileumskonsert vert fyrst ut i eit kulturog helsesamarbeid der konsertar og framsyningar i
Ål kulturhus blir overført til
Ål bu- og behandlingssenter.
Slik kan folk som ikkje har så
lett for å kome seg ut, ta del i
ulike kulturarrangement.
Storesalen
Laurdag 12. september kl. 1800
Billettar kr. 300,-
Tøff bluesrock på sitt beste
Konsert
Foto: Øyvind Mo Larsen
Amund Maarud
m/band
Gitarist, vokalist og låtskrivar Amund Maarud gav tidlegare i år ut plata Volt. Dette avslutta dermed trilogien som
byrja med Spellemannsprisvinnande Electric i 2011 og held fram med nominerte Dirt i 2012.
“Dette er plata der eg oppsummerer rockerøtene mine i ei låtbasert plate“, seier Amund, og tek større musikalske
sprang enn nokon gong. Han er ein artist som har visjonar på tvers av sjangrar og båsar, og han sluttar aldri å
overraske. Maarud er definitivt ein av landets beste gitaristar, og han er kjent som ein energisk liveartist.
Han er tidlegare frontmann i rockebandet The Grand og sist høyrt på plate på norsk med sjølvaste Toralf Maurstad.
I tillegg er Amund Prøysen-tolkar med KORK og Blå Prøysen, og han spelte på Øyafestivalen 2014
med duoen Morudes ilag med broren Henrik.
Saman med det fabelaktige bandet sitt diskar Amund Maarud opp med ei musikalsk energibombe
som består av ei forfriskande blanding høgoktan blues og kruttsterk rock and roll.
Storesalen
Her får me altså tøff bluesrock på sitt aller beste. Med seg på scena har han
Egil Stemkens, Simen Aanerud, Bendik Brænne, Henrik Maarud. Lyd: Frode Røe.
Torsdag 24. september kl. 1900
Billettar kr. 265,-
Eldredagen
2015
Eldredag
Den internasjonale eldredagen er kvart år
den 1. oktober. Eldrerådet og eldrelaget i
Ål inviterer alle eldre til program i
Ål kulturhus denne dagen. I år blir det
kåseri ved folkehelsekoordinator
Hilde Nysæther Frantzen og etterpå blir
det musikk, sang og allsang.
Ingebjør Sørbøen - hardingfele
Torleif Stave - torader
Margrete Berg - song, gitar
Sigbjørn Solbakken - song
Guri Ekse - song
Sigrun Kaslegard - piano
Foto: Terje Bjørnsen
Trening og bra kosthold - viktig for god aldring
Mange eldre mistar appetitt med alderen og et mindre. Andre blir sitjande
i godstolen og greier ikkje å vere så fysiske aktive som dei eigentleg hadde
ynskt. Behovet for energi og næringsstoff blir ikkje endra vesentleg med åra,
men for enkelte næringsstoff er behovet høgare enn hjå yngre vaksne.
Eit godt samansett kosthald er difor minst like viktig etter fylte 60, som før.
Det same gjeld fysisk aktivitet. Med åra blir muskelmassen redusert, og det
blir lettare å pådra seg skader gjennom fall og slitasje. Forsking syner at
eldre har god nytte av styrketrening.
Folkehelsekoordinator Hilde Nysæther Frantzen vil svalle om
korleis regelmessig fysisk aktivitet og gode matvaner kan bidra til
å forebyggje og redusere mange aldersrelaterte endringar.
Ho gjev konkrete råd og tips for kva ein bør ete og
korleis ein kan trene.
Arrangør: Ål eldrelag og Ål eldreråd
Storesalen
Torsdag 1. oktober kl. 1100
Billettar kr. 100,- inkl. servering
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Ål kyrkjeakademi presenterer:
Foredrag
Verdien av usemje
Foredrag ved Knut Olav Åmås
Blir verda ein betre plass dersom alle menneske er einige – om alt?
Kva betydning har det at folk har ulike meiningar?
Er det noko positivt knytta til at vi menneske er ueinige?
Nesch-museet
Fredag 9. oktober kl. 1830 Merk tida!
Knut Olav Åmås er eit kjent namn i i norsk samfunnsliv.
Han har hovudfag i filosofi og doktorgrad i medievitskap, og har vore kommentator
og kultur-, debatt og forskningsredaktør i Aftenposten i ei årrekkje.
Åmås har skrive fleire bøker, og mange kjenner han nok som forfattaren av
den store Olav H. Hauge-biografien Mitt liv var draum.
I 2007 gav han ut boka Verdien av uenighet.
Han har og vore statssekretær i kulturdepartementet,
og har sidan september 2014 vore direktør i stiftinga Fritt Ord.
Billettar kr. 150,-/120,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Stand-up
Cecilie Steinmann Neess eller ”Cess” er utruleg morsom og sprudlande på scena med eit kroppspråk ein heil revy
ålene verdig, og ho leikar seg med alt mellom himmel og jord. Ho har vore aktuell i humorprogrammet Kollektivet der ho
imponerte med kreative og morosame karakterar, nok til at ho vart nominert til ”Årets gjennombrudd” på Komiprisen
2012. Cess brilijerte også som fast paneldeltakar med sjarm, mimikk og kjappe kommentarar i NRK1 sin populære serie
Løvebakken.
Sidan debuten i 2000 har Jonna Støme gjort suksess som komikar landet rundt. Han trivst framfor publikum, noko
som gjer at han er sjølvsikker, energisk og svært morosam. Jonna har ei unik evne til å finne dei bittesmå tinga i
Middagspakke
kvardagen som me alle kjenner oss att i og blåse dei opp til uante proporsjonar. I 2010 vart Jonna nominert til
Komiprisen for forestillinga Fargerikt Faenskap i kategorien Beste Stand-Up artist. Unge herr Støme har i tillegg
lang fartstid som TV-fjes, programleiar, produsent og tekstforfattar.
Ørjan Burøe har mange år bak seg på scena, og han veit alltid å setje ting på spissen med
Storesalen
brodd og humoristiske vinklingar. Han presisjonsbombar publikum med poeng og gode
historier - dei fleste som kryssar komikarens veg får passet sitt påskrive når Ørjan
Fredag 9. oktober kl. 1930
står på scena. Det vere seg sambuarar, svigermødre, dørvakter, flyplasstilsette
Billettar kr. 315,eller golddiggar-jenter på Cosmo. Her blir ingen spart!
Billettelefon: 32 08 51 00
Den store showstjerna vår,
Wenche Myhre, tek med seg
kjæresten for å gje publikum ein
nær og personleg konsertkveld.
Konsert
Wenche Myhre er ein av dei
mest folkekjære norske artistane,
og ho har nådd ut til eit stort
internasjonalt publikum.
Denne kvelden møter me henne
saman med «kjærs’ten min», som
ho sjølv seier, Anders Eljas.
Og han er ingen kven som
helst. Eljas er rekna som ein av
Europas fremste dirigentar og
arrangørar, og står blant anna bak
ABBA-karane sin Chess-musikal
i London. Han var også den faste
pianisten til supergruppa under
verdsturneen i 1977-80.
Publikum kan vente seg ein stor
musikalsk kveld der dei kjem tett
og personleg på eit spennande par.
Det blir gjenhøyr med kjende og
kjære songar, og mange historier
frå innhaldsrike og lange karrierer.
Middagspakke
Storesalen
Torsdag 15. oktober kl. 1930
Billettar kr. 390,-
Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
FRIKAR
GotoGuta
Dans
Foto: Pål Laukli/Tinagent
Spenn fast setebelta! FRIKAR er attende med ei ny, modig framsyning, og det blir både mjukt,
spenstig og akrobatisk. Hallgrim Hansegård, Ådne Kolbjørnshus,Vetle Springgard
og Andris Hemsing (fele) tek deg med til ei tenkt stølsgoto, der dei sler i hel tida med
kreative og lett surrealistiske påfunn. Kva gjorde me eigentleg på stølen før i tida? Kva
fordreiv me tida med før mobilen, Skype og You Tube? Kva gjorde me eigentleg før? Alt?
GotoGuta, eit valdresuttrykk for Backstreet Boys, er eit studie i gruppedynamikk og
fysisk kontakt mellom gutar. Danseglede, hardingfele og noko du aldri tidlegare har sett!
Storesalen
Fredag 16. oktober kl. 1930
Billettar kr. 350,Fellesbillett fredag/sundag kr. 400,www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Frå bygdamønstring til Landskappleik!
Meister og elev
Kom og høyr og sjå resultat etter ei storhelg
i Hallingdal der både elevar og etablerte
meisterspelemenn og dansarar deltek!
Denne oktoberhelga startar opp med kurs i hallingspringar,
hardingfele, langeleik, munnharpe, kveding med meir.
Så vil publikum få oppleve meister og elev i samspel og som
solistar på den avsluttande konserten.
På programmet står kjende namn som
Ådne Kolbjørnshus,Vetle Springgard, Helga Myhr,
Sina Myhr, Silje Risdal Liahagen, Sjur Borge,
Tom Willy Rustad, Erlend Apneseth, Margit Myhr
og mange fleire. Programleiar er Martin Myhr.
Konsert
Storesalen
Sundag 18. oktober kl 1500
Billettar kr. 150,Fellesbillett fredag/sundag kr. 400,-
Arrangementet er eit samarbeid mellom
Hallingdal Juniorspelemannslag, Hugnad UL,
Ål spel og dansarlag, Buskerud Folkemusikklag,
Folkemusikkveka og Ål kulturhus.
Med stønad frå Ål kommune, Komp, RFF, Sparebank 1 Hallingdal
Valdres og Geilo Spelemannslag.
Den stundesløse
Av Ludvig Holberg
Ein sprudlande, klassisk komedie om innbilt stress og kjærleik!
Herr Vielgeschrei er heilt overbevist om at han har så forferdeleg mykje viktig å gjere.
Han stressar omkring og klagar over at han har dårleg tid, men eigentleg får han ikkje
gjort noko som helst. Ulukkelegvis har han i farten kome til å love bort den vakre
dotter si, Leonora, til son til bokhaldar Madsen. Vielgeschrei bryr seg ikkje om at
Leonora eigentleg elskar Leander. Men stuepika Pernille finn seg ikkje i at kjærleiken
blir ofra på eit så skammelig vis. Ho utnyttar dei svake sidene til Vielgeschrei og
tek den vidare gangen i saka i sine eigne hender. Med kvinnelist, narrestrekar og
forvekslingar sørgjer ho for at både fornuften og kjærleiken sigrar til slutt.
Scenespråket til Teater Manu er norsk teiknspråk, men stykket blir iscenesett med
norsk tale ved stemmeskodespelar. Stykket høver difor for både døve og høyrande.
Teater
Med:
Lars Otterstedt,
Ronny Patrick
Jacobsen,
Ipek D. Mehlum,
Mira Zuckermann,
Daniel Durant,
Sandra Mae Frank,
Paal Richard Peterson.
Stemmeskodespelarar:
Kjersti Fjeldstad
Marit Synnøve Berg
Regissør:
Bentein Baardson
Scenograf: Gjermund Andresen
Dramaturg: Bodil Kvamme
Kostymedesign: Anette Werenskjold
Parykk- og maskeansvarleg:
Helena Andersson
Lysdesign: Reidar Richardsen
Språkkonsulent: Sølvi Zuckermann
Storesalen
Måndag 19. oktober kl. 1900
Billettar kr. 340,-/315,-/265,-
Odd Nordstoga
m/band
Konsert
David Wallumrød - tangentar
Torstein Lofthus - trommer
Tor Egil Kreken - bass
Øyvind Blomstrøm - gitar
Odd Nordstoga slo stort gjennom då han i 2004 gav ut plata Luring med låten Kveldsong for deg og meg som
sørga for 160.000 selde eksemplar. Før Luring kom ut hadde Odd allereie fleire album bak seg, og hadde jobba
med musikk sidan 1997. No har Odd samarbeidd med brørne Ivar og David Vogt frå Real Ones,
og laga ei ny plate som kjem ut i oktober. Og når ein gjev ut nye plater, dreg ein på turné,
Middagspakke
og det er akkurat det som skjer no i haust. Med på turen er David Wallumrød på tangentar,
Torstein Lofthus på trommer, ålingen Tor Egil Kreken på bass og Øyvind Blomstrøm på gitar.
Om plata seier Odd sjølv: «Eg har aldri vore så nøgd med ei innspeling før,
og eg brenn etter å få det ut. Brenn etter å spela det for folk.
Storesalen
Så dette, dette kan aldri gå bra. Det må vera noko eg ikkje har tenkt på …».
Fyrste låt ut er singelen Kunsten å gå, og den har snurra heftig på landets radiokanalar.
Laurdag 24. oktober kl 1900
Plata kjem ut 9. oktober, og nokre veker etterpå spelar dei altså på Ål kulturhus.
Billettar kr. 365,Dette blir stas. Det er med andre ord berre å gle seg til konsert.
Jubileumskonsert for heile familien
Maj Britt
Andersen
m/band
Konsert
Med Skarvebarna
og Hemsedal barnekor
Etter fjorårets suksess med
utgjeving av Prøysen-samling,
medverknad i ei rekkje
TV-program og forestillingar
landet rundt for å feire
100 års-jubileet til Alf Prøysen,
er det i år Maj Britt sin tur til å
feire sitt eige jubileum.
Det er 40 år sidan Maj Britt gav
ut den fyrste soloplata si,
Et lite under, og det er 30 år sidan
ho starta samarbeidet
med tekstforfattar
Trond Brænne og komponist
Geir Holmsen.
Dei tre hadde kjempesuksess på midten av 80-talet med m.a. Folk er rare, barne-tv program i NRK, og forestillingar
som var basert på barneplate-utgjevingane deira. Trioen gav ut 12 CD’ar saman og alle vart Spellemannsnominerte.
Maj Britt og Geir Holmsen har i tillegg samarbeidd med m.a. Ove Røsbak (Vinterkropp), Bente Roestad (Blekkulf),
Riksteatret og Ingunn Aamodt (Pulverheksa) og hjelpeorganisasjonen FORUT (Indranis sang og
Middagspakke
Landsbybarna i Bawatele). I 2014 reiste Maj Britt saman med Viggo Sandvik og Inger Lise Rypdal på turne med
suksessforestillinga Hematt med Prøysen. I haust skal Maj Britt gje ut ei jubileumsplate,
ein CD-trilogi. Ho har plukka ut 60 favorittar frå dei 20 CD’ane sine, som er gjeve ut
frå 1975-2015. Plata kjem ut i midten av oktober.
Storesalen
Me er glade for at Maj Britt og bandet hennar tek turen til Hallingdal, og gler oss til ein
Onsdag 28. oktober kl. 1800
fantastisk konsert med ein av landets fremste formidlarar av musikk for barn.
Billettar kr. 300,-/250,Dei lokale kora Skarvebarna og Hemsedal barnekor syng med på konserten.
Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Foredrag
Menneskets nye destinasjon
i verdsrommet: MARS
Foredrag ved Ivar Johansen
Planeten Mars ligg om lag 225 millionar kilometer unna jorda. Den amerikanske romfartsadministrasjonen NASA trur dei
vil kunne sende menneske til Mars ein gong i 2030-åra. NASAs toppsjef, Charles Bolden, seier: ”Planane for ei bemanna
ferd til Mars er klare, dei er innanfor fornuftige kostnadsrammer – og dei er gjennomførbare”. Samstundes har også
andre romfartsorganisasjonar planar. Det privatfinansierte Mars One-prosjektet ynskjer å opprette permanent
busetting på Mars alt i 2020-åra. Tusenvis av menneske frå heile verda har meldt si interesse for å delta, sjølv om
dette er utan returbillett til jorda. Å sende menneske til Mars - er det berre ein draum, eller er det
gjennomførbart? Foredraget tek oss med tilbake i romfartshistoria før me rettar blikket mot
Ål bibliotek
planeten Mars og dei forskjellige planane NASA og andre aktørar har i dag.
Torsdag 29. oktober kl. 1900
Ivar Johansen er skribent og foredragshaldar med nær kjennskap til NASA sitt arbeid.
Billettar kr. 100,Han har hatt ei lidenskapleg interesse for romfart i snart femti år.
Gratis for alle under 18 år
Samfunnets støtter
Av Henrik Ibsen
Høgt spel om makt og
kjærleik med mellom
andre Anne Ryg,
Kim Haugen og
Iren Reppen
Teater
Med Kim Haugen,
Iren Reppen,
Anne Ryg, Per
Christian Ellefsen,
John S. Kristensen,
Julie Støp Husby,
Nils Golberg Mulvik,
Ida C. Klem, Victor
Berg, Daniel Karlsson og
Martin Lotherington.
Av Henrik Ibsen
Foto: Fredrik Arff
Bearbeidd av Peter Langdal
Regissør: Peter Langdal
Scenograf: Nicolaj Spangaa
Samfunnets støtter er Ibsen på sitt mest underhaldande. Det handlar om kjærleikssvik, løgn og hemmelegheiter – og ikkje
Kostymedesign: Karin Betz
minst om ære, karriere og slue forretningar. Spennande som ei kriminalhistorie, heftig som ein kjærleiksroman, like
Co-design kostyme:
dagsaktuell som kveldens tv-nyheiter. Alle beundrar den eksemplariske familiefaren Konsul Bernick, som skapar
Henrik Børgesen Lysdesign:
Marianne Thallaug Wedset
arbeidsplassar og tek ansvar for vekst i byen. Lite veit dei at den visjonære samfunnstoppen har bygd karrieren sin og
Lyddesign: Nils Wingerei
ekteskapet sitt på ei løgn. Når sanninga om fortida trugar seg fram må han finne ein måte å redde omdømet på.
Dramaturg: Tine Thomassen
Men er han ein angrande syndar, eller er det nok ein gong spel for galleriet? ‘Samfunnsstøtte’ har vorte eit begrep,
Regiassistent: Pernille Skaansar
Produsent: Rebecca Mathisen
særleg i diskusjonar om kven som er dei eigentlege grunnpilarane i samfunnet.
Ein Riksteatret-produksjon i samarbeid med
Den danske regissøren Peter Langdal er kjent for engasjerande oppsetjingar av klassikarane. Saman med eit lag
Nationaltheatret.
Middagspakke
på elleve skodespelarar som mange kjenner frå teater, film og TV, vil han gje Riksteatret sitt
publikum ein Ibsen-klassikar med ei klar adresse til vår tid.
”Dette er Ibsen for alle”, seier Riksteatret sin nye teatersjef Tom Remlov.
”Og med ei oppsetjing signert ein av dei største teaterkunstnarane i Skandinavia,
vil Samfunnets støtter vise kva eg meiner Riksteatret skal vere; det beste for dei fleste”.
www.aal.kulturhus.no
Storesalen
Fredag 6. november kl. 1900
Billettar kr. 400,-/330,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Dyra i
Hakkebakkeskogen
Teater
Thorbjørn Egner sin
klassikar i ny drakt.
Ein stor teaterkveld
for dei minste!
Forestillinga varar i omlag
1t og 45 minutt inkl. pause
No kjem Klatremus og alle venene
hans til Ål kulturhus.
Vel, alle er kanskje ikkje vener slik
med ein gong. Mikkel Rev er nok
mest svolten han, men det vil Morten
Skogmus gjere noko med.
Bestemor skogmus flyg mellom trea,
og Bakarguten bakar pepparkaker så
pepperskya står.
Bjørnar og stabbursmus, piggsvin og
Harepus, rev og Klatremus er kanskje
ikkje einige om alt mogleg, men alle er
med når dei må redde Brumlemann frå
å bli selt til sirkus.
Bli med du også, og så kan me kanskje
feire Bamsens fødselsdag saman til slutt?
Victoria Productions er stolte og glade
over å kunne presentere
Thorbjørn Egner sitt tradisjonsrike
meisterverk i full produksjon.
Storesalen
Torsdag 12. november kl. 1830
Billettar kr. 265,Billettelefon: 32 08 51 00
Smak
Juleøl-, ost- og
sjokoladesmakekurs
Øl og mat er ein fantastisk kombinasjon. No får du høve til å utfordre ganen
med dei perfekte smakssamansetjingar av juleøl, sjokolade og ost.
Øl til ost er som fløyte til jordbær! Ost og vin har lenge vore ein klassikar,
men no utfordrar ølet vinen. Her får du smake på utvalde ostar i kombinasjon
med ulike øltyper. Øl og sjokolade? Ja visst går det an. Her kan du lære å kombinere
øl og sjokolade på nye måtar.
Dette er kurset for deg som ynskjer å lære meir om øl gjennom humor, historie,
smak og nyttige tips.
Velkomen til førjulshygge med himmelske smaksopplevingar!
Trugeholu
Laurdag 6. november
Tysdag 17. november kl. 1800
Billettar kr. 450,- inkl. øl, ost og sjokolade
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Ål kyrkjeakademi presenterer:
Samtale
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Ein kveld med Ingunn
Nesch-museet
Fredag 20. november kl. 1915
Billettar kr. 150,-/120,Billettelefon: 32 08 51 00
Ingunn Stræte Lie er ein kjent person innanfor folkemusikk- og kulturmiljøet.
Ho har hausta prisar både innanfor dans og musikk på eigne vegne,
og har vore sentral på arrangørsida i både Folkemusikkveka,
Fryd Scene og Geilo kulturkyrkje. Ingunn har siste året vore framme i riksmedia og på
større nasjonale kyrkjearrangement der ho har fortalt om si trushistorie.
Denne kvelden får me ein del av Ingunn sine tankar og erfaringar knytt til dette.
Ho fortel om dei ekte møta - møta med trua, med menneske og med musikk.
Og kva er eigentleg ekte musikk for henne?
www.aal.kulturhus.no
Bokmessa i Hallingdal
20 år
I 1995 starta samarbeidet om ei årleg bokmesse i regi
av Hallingdalsbiblioteka og bokhandelen på Ål. Me feirar
20-årsjubileet med eit rikhaldig program og ei rekkje lokale
aktørar.
Musikkjournalist Cecilie Asker og fotograf Trygve Indrelid har
fylgt 25-årsjubilanten Hellbillies på turné for å knekke koden:
korleis har Ål-bandet blitt eit av dei største og mest folkekjære
banda me har? På bokmessa presenterer dei den ferske
biografien Hellbillies 25.
Gunnlaug Lien Myhr fann lite lokal songtradisjon då ho starta
som utøvande folkemusikar i 1977. No har ho samla og skrive
ned over 600 lokale folkeviser. Ho kjem til bokmessa for å syngje
og fortelje om arbeidet med boka Folkesong i Hallingdal.
Aagot Noss var folkedraktforskaren frå Ål som folk land og
strand rundt opna kistene sine for, og som kongehuset opna
dørene for. NRK-journalist Anne Lognvik og biletredaktør
Tone Oppsato presenterer Tradisjonen tru,
ein biografi om Aagot Noss (1924-2015).
Gled dykk til desse og mange fleire innslag. I tillegg kjem
Hallingdal historielag for å lansere årets Dølaminne.
På boktorget kan du handle harde julegåver, slå av ein prat
med forfattarane og få signerte bøker. Heidi Medgard Oskam,
forfattaren av kokeboka For godt til å være sunt, vil by på
ekte smaksprøver frå oppskriftene sine.
Barneprogram:
Teater Joker spelar dokketeateret Tutomaten, basert på boka av
Bjørn F. Rørvik. Dette er ei herleg forteljing om vennskap og
ukueleg optimisme. Frå 3-9 år.
Barnebokillustratøren Hans Jørgen Sandnes vil teikne og fortelje
for ungane og vise teiknefilmar.
Litteratur
Arrangør:
Biblioteka i Hallingdal
i samarbeid med Norli Ål
Ål kulturhus
Laurdag 21. november kl. 1200
Billettar kr. 150,- (gratis for barn)
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Ål kulturskule presenterer:
Storslått
danseframsyning
med Ål kulturskule
Dans
«Eg har ein idé om ei
framsyning, vil du høyre?»
- Tale Buttingsrud, 13 år
Den grensesprengjande og
nyskapande danseframsyninga
NO TIME stiller spørsmål ved tida
vår. Kva er notid, kva var fortid og
kva er framtid?
Kulturskulen har gjeve ein elev fritt
spelerom til å leve ut draumen om
å lage ei eiga danseframsyning.
Tale Buttingsrud levandegjer ideane
sine med kostymer, lys, musikk og
over hundre dansarar på scena!
Velkomen til framsyning og til ei
hylling av ungdommen sitt kreative
univers, endelause energi og
skaparglede!
”Om du kan drøyme det, kan du
gjere det» - Walt Disney
Idé: Tale Buttingsrud
Koreografi:
Tale Buttingsrud,
Mira Hopland, Magnhild Krog,
Magnus N. Malmquist og
Iris Almås Tangeraas
Storesalen
Sundag 29. november kl. 1400 og 1730
Illustrasjon: Signe Fuglesteg Luksengard
Billettar kr. 160,-/80,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Pinocchio
Guten med verdas
mest kjende nase.
Riksteatret gjev deg
Carlo Collodi sitt klassiske
barneeventyr, kjent frå
Walt Disney sin filmversjon,
gjenfortalt som ei humoristisk,
vakker, tankevekkjande,
spennande og litt skummel
blanding av godt gamaldags
barneteater med mykje musikk
og moro for heile familien.
Det var ein gong ein gamal
snikkar som heitte Gepetto.
Han var ganske fattig, og
ganske einsam. No tenkjer
kanskje de ”stakkars Gepetto!”
Men han var ikkje ulukkeleg.
Han skulle berre ynskje at han
hadde nokon å snakke med. Så
han laga ei dokke av tre og
kalla den Pinocchio. Brått ei
natt vakna dokka til live.
Viss du lurer på om det er nødvendig å gå på skulen, om det er greit å
ete godteri heile dagen og vere oppe så lenge ein vil, om pengar gror
viss ein grev dei ned og nyttige ting i den duren, er dette forestillinga for
deg. Eller viss du berre trur på feer, likar å prate med grashopper og av
og til kjenner deg som ein treskalle. Kanskje foreldra dine treng å lære
seg litt oppdraging? Då er det berre å lure dei inn på teatret.
Ser du stjerna i det blå? Speletid: 2 timar (inkludert pause)
www.aal.kulturhus.no
Teater
Med:
Hanne Gjerstad
Henrichsen,
Ingolf Karinen,
Elisabeth Moberg,
Håkon Moe,
Ivar Nergaard,
Gard Pedersen,
Frank Ole Sætrang
og Kristian Winther
Av Carlo Collodi
Dramatisert av Teodor Janson
Regissør: Teodor Janson
Scenograf og kostymedesign:
Foto: Fredrik Arff
Kathrine Tolo
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Lyddesign og musikalsk ansvarleg:
Johannes Winther Farstad
Dramaturg: Tine Thomassen
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
Produsert av Riksteatret
Storesalen
Onsdag 9. desember kl. 1800
Billettar kr. 220,-/190,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Julero
Konsert med vokalgruppa PUST
Anne Hilde Grøv (sopran)
Camilla Susann Haug (sopran)
Elisabeth Anvik (alt)
Jostein Hasselgård (tenor)
Håvard Gravdal (baryton)
Mads Iversen (bass)
Konsert
Middagspakke
PUST er ein vokalsekstett som presenterer allsidigheit, nytenking og stemmeleik, kombinert med eit høgt musikalsk nivå.
Sekstetten har sunge saman i 12 år, og har no eit solid fotfeste som profesjonelt vokalensemble med eit høgt aktivitetsnivå.
I 2013 ga dei ut det 4. albumet sitt, Fryktløs, og jula 2013 var dei hovedgjester i NRK sin Beat for Beat julespesial.
Dei to siste åra har PUST hatt årleg rundt 50 konsertar og opptrednar. Dei har besøkt konsertscener i Taiwan,
Frankrike, Tyskland og Russland i tillegg til omfattande aktivitet her heime.
Med denne julekonserten let dei seks songarane publikum synke inn i ei fredfull og harmonisk verd av idyll og ettertanke,
med eit svakt anstrøk av ei leiken uro som kriblar under dei lekre arrangementa og i enkelte av tekstane.
Alle arrangementa er skrivne av medlemane i gruppa. Dei står også sjølve bak fleire av dei nye songane som
utfyller det elles svært kjende julerepertoaret med både alvor og glimt i augekroken. Julero vart gjeve ut
på CD i 2011, og var då ensemblet sitt tredje album. Plata fekk fantastisk mottaking i norsk presse.
Storesalen
Laurdag 12. desember kl. 1800
Billettar kr. 265,-
Billettelefon: 32 08 51 00
”Meditativt, steningsfullt og evig beroligende” - VG
”Dette er en juleplate for evigheten” - Aftenposten
”En utgivelse som skiller seg ut i mengden. Skal du kjøpe én juleplate i år,
er Julero et godt valg” - Fredrikstad Blad
www.aal.kulturhus.no
Ynskjereprise!
Foto
Forteljing
Miljø og moro på Sundre i 1950-åra
Fotoforteljing med Hallgrim Berg og Ole Johs Brye
I løpet av kvelden blir
det trekt ut 5 heldige
Eit fint og tett lokalsamfunn med liv og røre, handel og vandel, originalar og gode replikkar – det er dette mange hugsar
vinnarar i salen som
frå miljøet på Sundre i 1950-åra. Etter storbrannen i 1931 kom det mange nybygg rundt Torget, nye butikkar og
får kvart sitt
serviceverksemder, noko som førte til allmenn laurdagsfri i bygda lenge før ordninga kom på landsplan. Folk kom inn
innramma bilete
frå grendene i heile Ål for å handle, setja seg på kaffistugu, eller ta seg ein tur på Nr. 15 eller
med motiv henta frå
bakom hestestallen. Alle skulle til Sundre på laurdagen. Etter krigen var det mange ungar i kvart einaste hus,
forestillinga.
med mykje moro, leik, slagsmål og spetakkel. Dei fekk oppleva ompliaden på Gardejorde, dyrsku’n,
pantergjengen – og som motvekt misjonærar med lysbilete på Evjens Minne.
Hallgrim Berg fortel med skjemt og alvor frå det heilt særeigne miljøet som
Storesalen
utfalda seg rundt Sundre i 1950-åra. Med seg har han Ole Johs. Brye, som har
Måndag 28. desember kl. 1700
plukka fram flotte foto frå faren sitt rike arkiv, og Ola Perstølen, som har skrivi
Billettar kr. 150,treffsikre vers om sentrale personar i gatebiletet.
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Fryd Scene gjev publikum store musikalske
opplevingar i eit intimt lokale. Konsertstaden er
Aal Pensjonat, der Fryd har etablert seg som ei
kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og
fordomsfri scene midt på torget på Ål.
Også denne hausten har Fryd eit variert program.
Og det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake.
Billettar kan kjøpast på førehand på Ål kulturhus
eller direkte i døra 30 minutt før konsertstart.
Torsdag 27. august kl. 19.30
Rydvall / Mjelva
Hardingfele og nykkelharpe er ikkje ein vanleg samspelskombinasjon, men når Olav Luksengård
Mjelva (hardingfele) og Erik Rydvall (nykkelharpe) speler opp, smeltar instrumenta saman til eitt
– til eit samspel som slår gneistar og musikk som gjer inntrykk.
Torsdag 3. september kl. 19.30
Bokslepp og konsert med Gunnlaug Lien Myhr
Gunnlaug Lien Myhr har samla over 600 songar frå Hallingdal. Denne kvelden skal 20 års arbeid
leggast på bordet, boka og notane, eit verk på over 600 sider er ferdig.
Velkomen til ein historisk kveld, boklansering og Gunnlaug som deler sin song.
Tysdag 15. september kl 19.30
Ola Kvernberg Trio
Ola Kvernberg er ein av dei fremste jazzmusikarane i landet
– på fele og leverer noko du ikkje har høyrt før.
Han har i ti år gjort stor suksess med trioen sin der
Steinar Rakenes spelar bass og Erik Nylander slagverk.
Fredag 23. oktober kl 20.00
A playdate with Elvis
Jazzvokalist Lisa Dillan gir Elvis Presley sine songskattar eit nytt uttrykk. På
mirakuløst vis, har ho fått med seg Elvis sin bassist gjennom 7 år, Norbert Putnam.
Han krydrar konserten med førstehandshistorier om rockekongen. Saman med
Asbjørn Lerheim (gitarar) tek dei publikum på ei rundreise i Elvis sitt repertoar.
Nærare Elvis skal det godt gjerast å kome!
Måndag 2. november kl 19.30
Me svallast:
Musnikksnakk - Arild Jensen og Thomas Kjekstad
Klassisk gitar på høgt nivå er ei sjeldan og intim musikkoppleving. Thomas Kjekstad vil denne
kvelden spele nyskrive musikk for gitar av Arild Jensen. Dei to vil også snakke om det å skape
musikk som komponist og som utøvar.
Fredag 13. november kl 20.00
Glittertind
Bandet Glittertind er eit av Noregs mest spennande og up-and-coming
folkrockband. I fjor gjesta dei Lindmo, i år Sommeråpent. Dei har toppa iTunes og dei
er A-lista på NRK P1 igjen og igjen. På Fryd får dei prøvd seg på det vesle formatet.
Tysdag 24. november kl 19.30
Duplex og Jo Asgeir Lie
Harald Lassen (saksofon) og Christian Meaas Svendsen (kontrabass) i duoen
Duplex er vorte velkjende på Ål etter folkemusikkgudstenester og konsertar
der. Det ukonvensjonelle formatet deira og særeigne uttrykket appellerer,
og i den improviserte musikken fann dei Jo Asgeir Lie (trekkspel) si verd.
Dette blir nyskaping!
Laurdag 19. desember kl 15.00 - Julekonsert
Tradisjon tru er det julekonsert på Fryd laurdagen før jul. Me lovar julestemning, god musikk
og ein mogelegheit til å senke skuldrene ein time midt i julestria!
Ål kulturhus våren 2016:
KALVØ
- Ein time av livet ditt du aldri får tilbake
Vår 2016
Med
Are Kalvø,
Ole Marius
Melhuus (bass) og
Ståle Sletner (piano)
Foto: Erik Avatsmark
NB! Billettsalet har starta!
Av Are Kalvø
Regissør Erik Ulfsby
Musikkansvarleg: Ståle Sletner
Scenograf og kostymedesignar:
Mia Runningen
Projeksjonar: Raymond Stubberud
og Nikolai Bergstrøm
Lysdesignar: Ole Randers
Dramaturg: Ola E. Bø
Manusinnspel frå Jens M. Johansson,
Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø og
Erik Ulfsby.
Humorshow av og med Are Kalvø – så langt sett av 20 000 på Det Norske Teatret.
Visste du at me nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss?
At me søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk
Sentralbyrå si Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting me brukar utruleg mykje tid på.
Er me som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har me for mykje anna å gjere?
Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust døme frå sitt eige liv og oppvekst, frå vener, kvardagsmenneske,
politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband,
i tillegg til ein ny gjest kvar kveld. Finn han svaret? Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det
morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå
plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans.
Storesalen
Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga?
Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk.
Tysdag 15. mars kl. 1900
Kanskje sjølve meininga med livet.
Billettar kr. 400,-/330,-
Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Hallingrosa
Kunst
“Sjefens frue” (1954)
Skåpdør måla av Andres Dekko
Nesch-museet er verdas største
permanente samling av arbeida til
den internasjonalt kjende, tysk-fødde
kunstnaren Rolf Nesch (1893-1975).
Samlinga omfattar både grafikk,
skulpturar, måleri og materialbilete.
Opplev rosemålarkunst i verdsklasse,
med særleg vekt på hallingrosa.
Utstillinga tek utgangspunkt
i den kunsthistoriske utviklinga
frå slutten av 1700-talet og
fram til nyare rosemåling.
Museet opna i 1993 og er besøkt av
kunstinteresserte frå store delar av Europa.
Du finn utstillinga Hallingrosa
i nedre foaje på kulturhuset.
Nesch museet
Den store
kinodagen
Laurdag
7. november
Ein heil dag med
filmar til halv pris,
i tillegg til konkurransar,
oppvisningar og
mykje moro.
Hugs at
film er best på kino!
rdag
Lau
7
r
mbe
ve
. no