Kari Bremnes med band

2015
Januar
Kari Bremnes
med band
Februar
Mars
April
Mai
Juni
Utstillingsopning 10. januar
Kommuneskattar
Utstillingsopning 14. februar
Gamle Aal
Utstillingsopning 21. mars
Knut Qvelprud
Diverse kunst
Arrangør: Ål kulturhus
Foto
Arrangør: Ål kulturhus
Teikningar og måleri
Arrangør: Ål kunstforening
Utstillingsopning 25. april
Utstillingsopning 23. mai
Utstillingsopning 27. juni
Freydis Einarsen
Thor Bøhn
Bjørn Furuseth
Måleri
Arrangør: Ål kulturhus
Foto
Arrangør: Ål kulturhus
Utstillingar
Moderne tekstil/vev
Arrangør: Ål kulturhus
Galleri Syningen
Ål kulturhus
Kjøp
KONSERTPAKKA:
3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjeld berre
desse konsertane:
staden for dei gode opplevingane!
Henning Kvitnes
og Poul Krebs
STAUT
Kari Bremnes med band
Kafe Kulturrampa
tlf: 962 31 383
Tonje Olsen og Tom Idar Nikolaisen ynskjer
publikum i Ål kulturhus velkomen med
velsmakande mat til hyggelege prisar.
Velkomen til
Bokbad i Ål bibliotek
Våren 2015 byr Ål bibliotek på eit knippe litterære laurdagar med
aktuelle forfattarar. Fyrst ute er TV2s Fredrik Græsvik med boka
«Den tapte krigen» - om Noregs deltaking i krigen i Afghanistan.
Kva gjekk gale, og kvifor?
Reportasjeinnslagene gjør at Græsviks krigskritiske bok rammer hardt.
Græsvik har vært i krigen, og det merkes.
Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad
Kjære publikum
Det er med stort vemod eg no vel å takke
av som kulturhusleiar etter 15 år i den
stillinga. For meg har dette vore ei
fantastisk reise med mange opplevingar
eg er glad eg har fått vore med på.
Det er ikkje mogleg å trekkje fram enkelte
høgdepunkt i løpet av denne tida.Til det er
det for mange og ikkje plass i denne spalta.
Men eg stolt av det eg har vore så heldig å
få vere med på å skape desse åra.
Eg vil takke alle eg har samarbeidd med
og alle som har støtta kulturhuset
si utvikling gjennom denne tida.
Spesielt vil eg takke alle mine
medarbeidarar og tilsette på kulturhuset.
Det er den dyktigaste, mest profesjonelle
og trivelegaste staben nokon leiar kan
ynskje seg! Eg vil ynskje den komande
leiaren og alle som skal bringe
kulturhuset vidare lukke til. Eg tar no fatt
på nye og spennande arbeidsoppgåver,
men ein del av meg vil aldri stoppe å føle
tilhøyrigheit og følge med på kva som skjer
i Ål kulturhus!
Info
Takk for meg!
Laurdag 7. februar kl. 14.00.
Billettar kr 100,Ål kulturhus
Thor Olav Fjellhøi
kulturhusleiar
Myren 40, 3570 Ål
Telefon: 32 08 51 00
Telefaks: 32 08 16 44
[email protected]
www. aal.kulturhus.no
Ål kulturhus takkar hovudsponsor:
Bli med på ei magisk oppleving!
Velkomen til ein
magisk kveld med
Lord Christian og
Hans-Øivind
Granerud.
”Var det der eit triks eller
gjorde han faktisk det der
på ordentleg??”
Christian Wedøy og
Hans-Øivind Granerud, to
av dei beste magikarane
i landet og kjende frå
programmet Norske
Talenter, har no slått seg
saman for å gje oss eit
forrykande show!
Magishow
Lord Christian er Noregs
nye illusjonist og mentalist
og er kjent for sine
umoglege tankelesingar
og for stor kreativitet
når det gjeld å gjere
trylling moderne og
underhaldande på ein unik
måte.
Tilrådd frå 8 år
Storesalen
Laurdag 17. januar kl. 1800
Billettar kr. 200,-/160,-
I august i år imponerte
han heile Noreg direkte
på TV2 då han gjenskapte
Houdini sitt kjende stunt.
Utan oksygen, lenka
med handjern, kjetting
og med blybelte rundt
livet braut han seg ut og
opp av vatnet i Nidelva i
Trondheim.
Magishow med Lord Christian
Ål kyrkjeakademi presenterer:
Foredrag
Den unødvendige svolten
Foredrag ved Aksel Nærstad og Olav Randen
Me har alltid høyrt om at folk svelt rundt omkring i verda, men at svolt er unødvendig er ein påstand som kan vere
vanskeleg å forstå. Er det mogeleg å gjere noko med skeivfordelinga mellom dei som fråtsar i mat og dei som svelt?
Denne torsdagskvelden kjem forfattarane Aksel Nærstad og Olav Randen til kyrkjeakademiet. Saman gav dei for to år
sidan ut boka «Den unødvendige sulten», og dei vil med bakgrunn i det tema boka tek opp setje fokus på den
vanskelege matsituasjonen i verda. Dei fleste som svelt i verda er sjølve matprodusentar, men dei har i dag ikkje
høve til å leve av jordbruket. Aksel Nærstad (f. 1952) kjem frå Asker, og arbeider til dagleg i Utviklingsfondet,
ein miljø- og utviklingsorganisasjon som prøver å hjelpe fattige bønder slik at dei kan drive eit berekraftig
landbruk. Han har politisk erfaring, og har skrive fleire bøker. Olav Randen (f. 1948) driv
Nesch-museet
jordbruk og forlag, og har også skrive fleire bøker. Lokalt er han mest kjend for ytringar
og debattinnlegg i Hallingdølen. Saman har dei også skrive boka «Kampen om maten».
Torsdag 22. januar kl. 1915
Dette blir ein interessant kveld med eit viktig tema.
Billettar kr. 150,-/120,www.aal.kulturhus.no
Galskap og moro!
Revy
Honningsvågrevyen
Storesalen
Fredag 23. januar kl. 1930
Billettar kr. 300,-/250,-
Eit gjensyn med karane i suksessen Honningsvågrevyen.
Med Finn Arild Selnes og Frank Arne Olsen i spissen, og originalkompet i ryggen,
let Honningsvågrevyen denne kvelden lattermusklane våre leve farleg.
Karane har nemleg - etter utallige oppfordringar - bestemt at det blir gjensyn med
glansnumra frå suksessforestillinga ”Fresk, Frank og Freidig” som gutta slo gjennom
med i 1999-2000. Denne forestillinga står som ein påle med vanvittig morosame
figurar, knallgode tekstar og ein publikumsappell som saknar sidestykkje.
I tillegg dukkar det opp ein og annan figur som endå ikkje er heilt tam, samt eit par
nye ansikt. Gjer klar for ein latterleg morosam kveld!
Hamsun
- Frå det moderne
Amerikas åndsliv
Visste du at Knut Hamsun budde fire
år i Amerika?
I ei essaysamling frå 1889 radbrekkjer
Hamsun det amerikanske samfunnet.
Boka er illsint, ironisk, morosam –
og farleg. Hamsun treffer overraskande
godt i spådomen om framtida til
Amerika; ein nasjon med store
sosiale ulikskapar, med vidtrekkjande
kommersialisme og der det i stor grad
er den sterkaste sin rett som gjeld.
Skodespelarane har prøvd å forstå
korleis det kunne ha seg at Hamsun,
som hadde levd heile livet i fattigdom,
kunne kome til å hate Amerika; landet
med alle moglegheiter.
Som publikum blir me tekne med på ei
reise i livet til Hamsun og forestillinga
utfordrar synet vårt på Noreg og vår
eiga nasjonskjensle.
Av og med Thomas Bye, Ida Høy,
Robert Saenz de Viteri og
Robert M. Johanson.
Storesalen
Torsdag 29. januar kl. 1900
Billettar kr. 315,-/265,-
Teater
Revy, Revy og atter Revy
- 3 gonger Kari
Kari Svendsen
Kari Diesen
Kari Stokke
Konsert
Velkomen til ein konsert me ikkje
høyrer mange av, eller kanskje ingen
av, i våre dagar.
Tre KARI’ER - høvesvis, Svendsen,
Diesen dy og Stokke, har samla
eit stort knippe av dei gamle
revyvisene som snart forsvinn inn
i gløymeboka. Her får publikum
oppleve både, humor og skjemt,
friske tekstar, piano sang og
banjoklang.
Storesalen
Onsdag 4. februar kl. 1900
Billettar kr. 260,-/230,-
Me nemner frå repertoaret
Hovedøn, Serru, Serru, En herre med
bart, Jacobsen og mange, mange
andre viser framført av tre vaksne
damer som verkeleg kan formidle
dette stoffet på ein herleg måte.
Konsert
Kjøp
KONSERTPAKKA:
3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjelder konsertane:
Kvitnes/Krebs
STAUT
Kari Bremnes
Henning Kvitnes & Poul Krebs
Kvar for seg er Poul Krebs og Henning Kvitnes store namn i kvart sitt respektive heimland, med hundrevis av
konsertar bak seg, og eit platesalg på fleire hundre tusen. Dei to møtte kvarandre fyrste gong i 1990, og har sidan
jobba jevnleg ilag både live og på ulike plater. Poul Krebs sin Sådan nogen som os har også gjort det stort i Noreg
– der Henning Kvitnes sende den til topps på hitlistene med Sånne som oss. Krebs er å høyre på låta Vesterbro 88,
som er frå Kvitnes sitt forrige album ”Ingen Tid Å Miste”. Henning Kvitnes låner til gjengjeld stemma si til Poul
Krebs-sangen The Trio From Del Rio, frå Krebs si plate ”Der er noget ved alting”. Krebs og Kvitnes har spelt
saman på ei rekkje festivalar og konsertar gjennom åra. Dei held fram samarbeidet med ein
Storesalen
ny turné i Noreg og Danmark denne vinteren. Formatet er duo-akustisk, nært og nedpå.
Ein intim og varm konsert med god plass til spontane tolkingar og innblikk i nervetrådane
Fredag 13. februar kl. 1930
i sangane. Og sangar har dei mange av. Så også gode historier å krydre dei med.
Billettar kr. 390,-/350,www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Foto
Forteljing
Miljø og moro på Sundre i 1950-åra
Fotoforteljing med Hallgrim Berg og Ole Johs Brye
Eit fint og tett lokalsamfunn, med liv og røre, handel og vandel, originalar og gode replikkar – det er dette mange hugsar
frå miljøet på Sundre i 1950-åra. Etter storbrannen i 1931 kom det mange nybygg rundt Torget, nye butikkar og
serviceverksemder, noko som førte til allmenn laurdagsfri i bygda lenge før ordninga kom på landsplan.
Folk kom inn frå grendene i heile Ål for å handle, setja seg på kaffistugu, eller ta seg ein tur på «nr. 15» eller
«bakom hestestallen». Alle skulle til Sundre på laurdagen! Etter krigen var det mange ungar i kvart einaste hus,
med mykje moro, leik, slagsmål og spetakkel. Dei fekk oppleva «ompliaden på Gardejorde», «dyrsku’n»,
«pantergjengen» – og som motvekt: misjonærar med lysbilete på Evjens Minne.
Veslesalen
Hallgrim Berg avsluttar si 70-årsfeiring med skjemt og alvor frå det heilt særeigne miljøet
som utfalda seg rundt Sundre i 1950-åra. Med seg har han Ole Johs. Brye, som har plukka
Laurdag 14. februar kl. 1400
fram
flotte foto frå faren sitt rike arkiv, og Ola Perstølen, som har skrivi treffsikre vers om
Billettar kr. 150,sentrale personar i gatebiletet.
Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Komplottet
Teater
OPPLEV MEIR:
Komplottet stiller etiske spørsmål som
handlar om dine og mine medievalg.
Me inviterer til baksnakk etter
forestillinga.
Av Joe Penhall.
Originaltittel:
Dumb Show.
Omsett av
Teodor Janson.
Regissør:
Kim Sørensen.
Scenograf og
kostymedesignar:
Tuva Hølmebakk.
Lysdesignar:
Gyril Høgberg.
Lyddesignar:
Lars Årdal.
Dramaturg: Tine
Thomassen.
Foto: Fredrik Arff
Kåre Conradi i glitrande psykologisk maktspel.
Riksteatret får norgespremieren på Joe Penhall sitt velkomponerte teaterstykke – underhaldande og intelligent
skrive av ein dramatikar som veit korleis han skal overraske publikum og lure dei trill rundt. Her er det snakk
om å strekkje seg svært langt for å få ei god historie. Sidan urpremieren på Royal Court Theatre i London i
2004 har Komplottet vorte spelt på scener over heile Europa. –Eg kunne ikkje seie anna enn
Storesalen
«ja takk» då Ellen Horn spurde meg om å spele hovudrolla som talkshowkjendisen i denne
britiske teatersuksessen, seier skodespelar Kåre Conradi, som skal ut på sin fyrste store
Måndag 16. februar kl. 1900
turné med Riksteatret. Med seg eller mot seg i dette komplottet har han Ulrikke Døvigen
Billettar kr. 400,-/330,-/310,og Tov Sletta. Kven som lurer kven, får du sjå viss du kjøper billett...
Billettelefon: 32 08 51 00
Pippilotta Rullgardina Viktualia
Krusmynte Efraimsdatter
Langstrømpe, eller Pippi slik
til dagleg, er på farten att.
Verdas sterkaste jente flytter
inn i Villa Villekulla saman med
apen Herr Nilsson, hesten sin
og ein sekk fylt av gullpengar.
Den er det andre som har
lyst på også, men det er ikkje
særleg lurt å prøve og stele
frå Pippi! Fru Prysselius vil
ha Pippi på barneheim og får
hjelp av konstablane Kling og
Klang. Men Pippi vil ikkje på
nokon barneheim. Ho har det
bra der ho er og ho greier
seg sjølv. Men Fru Prysselius
gjev ikkje opp så lett…
Teater
Regi: Marius Podolski
Scenografi:
Per Olav Austdahl
Musikk: Georg Riedel
Produsent:Victoria
Productions AS
Når Pippi kjem blir det fart
og moro, dumme skurkar,
klønete politifolk, sang og
dans til Georg Riedel sin
kjente musikk. Og kven
veit - kanskje får me også
oppleve Pippi sin pappa, den
kjente sjørøvaren Kaptein
Langstrømpe?
Storesalen
Torsdag 19. februar kl. 1800
PS! Hugs kamera.
Alle barn får helse på Pippi etter forestillinga.
Billettar kr. 195,-
Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Hyttetreff og hyttemesse
Treff
I vinterferien, nærare bestemt laurdag 21. februar, blir det for sjuande gong arrangert treff for hyttehallingane i Ål.
Ål kommune inviterer til treffet som eit tiltak for å forsterke og utvide den gode kontakten med hyttefolket i bygda.
I år blir arrangementet samtidig ei lita hyttemesse. I fojaeen på kulturhuset kan du både før og etter sjølve
møtet treffe representantar fra næringslivet i Ål som har rigga seg til med stands, informasjon og tilbod.
Dette i regi av Ål Utvikling AS.
I Veslesalen blir det dialog og informasjon om ulike tema som vil vere av interesse for
hyttefolket. Det blir og kulturinnslag, enkel servering og tid til spørsmål.
Meir detaljert program vil bli lagt ut på www.aal.kommune.no / www.al.no.
Arrangør:
Ål kommune og Ål Utvikling AS
Veslesalen
Laurdag 21. februar kl. 1130
Gratis inngang - ingen påmelding!
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Konsert
Kjøp
KONSERTPAKKA:
3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjelder konsertane:
Kvitnes/Krebs
STAUT
Kari Bremnes
STAUT
STAUT har etablert seg som eit av dei aller største folkrockbanda i Noreg, og publikum møter opp i hopetal for å
høyre ”live” den friske Valdres-gruppa sin eigenart og sterke musikkuttrykk. Dei har vorte eit av dei mestspelande
banda i landet og ein kan trygt påstå at det ikkje er mange band som greier å skape like god stemning på kvar
einaste stopp på vegen. Dei 6 musikarane, som fann kvarandre så seint som i 2009, har brei bakgrunn frå både
folkemusikk, rock, pop og jazz. Eit breidt spekter med andre ord. STAUT sjølv skildrar musikkskapingsprosessen
som eit ”anarki innanfor tynne veggar” der resultatet endar opp med “å låte STAUT”.
STAUT er: Gaute Lein Ausrød (vokal, gitar), Ørnulf Juvkam Dyve (tangentar, kor), Asle Tronrud (feler, kor),
Dag Arve Sandnes (gitarar, slide), Torgeir Bolstad (kontrabass, kor) og Frode Flatland (trommer, kor).
Storesalen
Laurdag 21. februar kl 1930
Billettar kr. 390,-
Ål musikkorps - Geilo Musikklag - Oslo Politiorkester
Konsert
Avskjedskonsert for Thor Olav Fjellhøi
I samband med at Thor Olav Fjellhøi sluttar som dirigent for Ål Musikk-korps
og Geilo Musikklag blir det arrangert ein avskjedskonsert i Ål kulturhus.
På konserten vil korpsa frå Hallingdal bli styrka med Oslo Politiorkester.
Det blir til eit stort, flott orkester som opnar for mykje spennande musikk.
Programmet vil spenne frå kjente verk frå korpsrepertoiret til solonummer
og svingande storbandmusikk. Fjellhøi vil saman med Politiorkesteret sin
faste dirigent Ståle Abrahamsen dirigere orkesteret, i tillegg til å vere
solist på trompet og flygelhorn.
Arild Rønsen har samarbeidd med Fjellhøi gjennom mange år, og han
skal vere songsolist på konserten. Publikum vil mellom anna få høyre
flotte musikalmelodiar og svingande storbandlåtar med Rønsen
som solist.
Solist Arild Rønsen - vokal
Storesalen
Sundag 1. mars kl. 1700
Billettar kr. 200,-
Foto: Marte Garmann
Teater
Av Lars Norén.
Omsett av Arne Lygre.
Regissør: Kjersti Horn.
Scenograf og kostymedesignar:
Sven Haraldsson.
Lysdesignar: Chrisander Brun.
Lyddesignar: Erik Hedin.
Dramaturg: Hege Tørressen.
Produsert av Nationaltheatret og
Riksteatret.
Storesalen
OPPLEV MEIR:
Frå teatersjef til skodespelar
Introduksjon ved Ellen Horn i
foajeen før forestillingsstart.
Natten er dagens mor
Ellen Horn takkar for seg som teatersjef i familiedrama med dottera Kjersti Horn i registolen.
Mor, far og to søner. Me møter ein liten familie i det sjuskete hotellet dei driv i Skåne. Det er vareoppteljing, og den
yngste sonen David fyller 16 år. Gjennom eit rystande døgn blir eit nettverk av løgner rulla opp.
Det utspelar seg scener som berre kan oppstå i den mest intime av alle sfærer: heimen.
Lars Norén skriv teaterstykker med storarta roller. Han er skodespelarane sin dramatikar, glassklar i innsikt og
brutal i utnyttinga av verkemidla i teatret. Natten er dagens mor er ein moderne klassikar om skam,
håp og kjærleik. Når Nationaltheatret og Riksteatret no går saman om å setje opp eit av Norén sine
viktigaste verk, blir mora spelt av Ellen Horn, og regien er ved dottera Kjersti Horn.
Dei andre rollene blir spelt av Terje Strømdahl, Emil Johnsen og Glenn André Kaada.
Torsdag 5. mars kl 1900
Billettar kr. 400,-/330,-/310,-
Spennande danseforestilling for barn!
Juryen
Dans
OPPLEV MEIR:
Bli med på å lage flashmob
(fellesdans) for små og store
i foajéen før forestillinga.
Foto: Siren Lauvdal
Koreograf, scenograf og
lysdesignar:
Kva skjer når barna får bestemme?
Hege Haagenrud.
Komponist:
To dansarar dansar til vakker musikk og blir avbrotne av barnestemmer som seier: ”Kva er det dei gjer?»
Rebekka Karijord.
«Me skjønar ingenting.» Barna i videoen stoppar forestillinga og seier: «Sidan me er barn og dette skal vere ei
Lyddesignar: Erik Hedin.
barneforestilling, må me få vere med å bestemme kva det skal handle om». Herifrå må dansarane gjere som barna
Dramaturg:
Mads Sjøgård Pettersen.
seier. Trur du dei greier å lage den optimale forestillinga? Juryen er ei underhaldande forestilling for både barn og
Video: Hege Haagenrud
vaksne. Barna er kanskje dei som ler mest og høgast!
og Vibeke Heide.
Juryen er laga av Hege Haagenrud. Ho arbeider i landskapet mellom dans og teater, og produksjonane
hennar har vore blant dei mest spelte forestillingane for barn og unge dei siste åra.
Storesalen
Juryen engasjerer på glimrande måte og får oss til tenkje over kva slags forestillingar barna
Sundag 15. mars kl. 1800
eigentleg vil sjå. På scena møter me Maria Freyvoll og Caisa Strømmen Røstad.
Høver for barn frå 6 år. Speletid: 35 minutt (ingen pause).
Billettar kr. 220,-/180,-/170,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Teater
Gutten
og Stjerna
av Barbro Lindgren
Det er ei stille, mørk natt
med himmelen full av stjerner.
Sirkusteltet er tomt, men i
eldslukaren sitt telt lyser det.
Der blir det fødd eit barn.
Samtidig blir det fødd ein hest i
stallen. Og to små stjerner blir
tent på himmelen over sirkuset.
Slik byrjar forteljinga om guten
Pepe og hesten Stjerna. Dei to
veks opp saman, men ein dag
bestemmer sirkusdirektøren at
Stjerna skal vekk. Guten får vite
at Stjerna ikkje finst lenger, men
han trur ikkje på det, for stjerna
hennar lyser på himmelen.
Storesalen
Fredag 20. mars kl 1800
Billettar kr. 250,-/200,-
Teaterstykket Gutten og Stjerna er basert på Barbro Lindgren si bok, og er ei rørande
og varm historie om ekte vennskap, mot og kjærleik.
Gutten og Stjerna er ei sirkusteaterforteljing, der akrobatikk, dans, sirkuskunst og musikk
blir foreina i teatersjangeren.
Forestillinga varar ca 1 time, og høver best for barn frå 5 år.
Regien på forestillinga er ved Atle Knudsen og scenografien ved Gjermund Andresen.
Ingrid Bjørnov & Øystein Sunde
Show
Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde prøver nye og gamle, ferdige og halvferdige sangar.
Dei som har opplevd Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde på same scene kan skrive under på at det er ei
heilt ekstraordinær oppleving. Munnrappe som få, musikalske, og med humor der du minst anar det.
Dei leikar med gamle låtar, men tør også å presentere ferske kladdetekster og
halvkvedde viser over aktuelle tema. Sist dei to spelte saman, var i sommarlege
omgjevnader og på små scener. Når dei no opnar dørene er dei pene i tøyet,
Laurdag
har nye strenger, og nypussa sko...
Det er berre å gle seg!
www.aal.kulturhus.no
Storesalen
21. mars kl. 1900
Billettar kr. 510,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Konsert
l-koret: Requiem av Gabriel Faurè
Gabriel Faurè (1845-1924) sitt Requiem, urframført i 1888, er av mange omtala som «Verdas vakraste
dødsmesse». Dette storverket, kjend for sine vakre melodiar og elegante klangbilete, er hovudverket i Ål-koret
sin store kyrkjekonsert veka før vi går inn i påskehøgtida. Programmet inneheld og andre perler frå den klassiske
korlitteraturen og nyare musikk, mellom anna av komponisten Ola Gjeilo.
Gol kirke
Laurdag 21. mars kl. 1800
Billettar kr. 250,-/150,Ål kyrkje
Sundag 22. mars kl. 1800
Billettar kr. 250,-/150,Billettelefon: 32 08 51 00
Koret har som vanleg med seg kantor i Ål, Audun Flaen, på orgel.
Sopransolist er operasongar Marit Sehl frå Drammen/Ål.
Koret blir som vanleg leia av sin faste dirigent Arild Rønsen.
Sangfest
Me feirar alle påske - på kvar
vår måte. HÅP (Hol og Ål
Pinsemenighet) har i fleire
år invitert til lovsangsfest på
Langfredag. Dette ynskjer dei
også å gjere i 2015. Storesalen
i Ål kulturhus blir arenaen når
dei inviterer folk frå fjern og nær,
liten som stor, til ein kveld med
mykje sang og glede.
Du er hjarteleg velkomen til
Good Friday - enten du er kjent
med lovsang eller om dette er
nytt for deg.
www.aal.kulturhus.no
Storesalen
Laurdag 6. november
Fredag 3. april kl. 1900
Billettar kr. 100,Familiepakke (2v + opptil 4b) kr 200,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Åse Kleveland
med musikarar
Me inviterer til eit møte med ein
av våre mest profilerte artistar og
kulturpersonlegheiter, Åse Kleveland.
Konsert
Det blir ein kveld med personlege
minne, og musikk med utgangspunkt
i eit -60 og -70-tal som i mange land
innebar ein revolusjon, musikalsk så vel
som samfunnsmessig. Den unge
Åse Kleveland låg i framkant av
visebølgja, med eit repertoar i spennet
frå Taube, Prøysen og Olle Adolphson,
til Bob Dylan og Pete Seeger, franske
viser, svensk revy, og etter kvart Paus og Sunde, Brecht og Lillebjørn
Nilsen. Og ikkje for å gløyme Intet er
nytt under solen… Saman med toppmusikarane sine spenner ho ein boge
fram til i dag med alvor og humor og
musikalitet.
Med på scena er:
Tove Kragset (piano/kapellmeister),
Nils Einar Vinjor (gitar),
Jørund Bøgeberg (Bass) og
Steinar Krogstad (slagverk).
Storesalen
Tysdag 14. april kl. 1930
Billettar kr. 320,-/290,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Ål kyrkjeakademi presenterer:
Foredrag
Blir ein friskare av å tru?
Foredrag ved Lars Lien
Kva betyr tru og livssyn for mennesket i dag? Kan ein bli frisk eventuelt friskare av å tru? Finst det vitskaplege prov for
at tru og bøn førebyggjer eller lækjer sjukdom?
Desse spennande spørsmåla tek psykiateren og professoren Lars Lien opp når han kjem til Ål i april.
Samfunnsmedisinaren, som opphaveleg er frå Hamar, har brei forskingserfaring og har dukka ned i mange aktuelle
problemstillingar, også dei som handlar om tru og livssyn. Lien disputerte i 2006 på eit tema om ungdom og
psykisk helse. Han har arbeidd som lege i Finnmark og i Afrika, vore rådgjevar for WHO i Afrika, og jobba med
forskingsprosjekt i Uganda og Sudan om traumane i ei befolking etter borgarkrig. Lien har vore forskingsleiar ved
Klinikk for psykisk helse og avhengighet ved Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus.
No er han mellom anna leiar for Nasjonalt kompetansesenter for samtidig rusmisbruk og psykisk liding,
og han arbeider med å få på plass eit nytt nasjonalt kompetansesenter for heilskapleg oppfølgjing etter
kriser. Lars Lien har skrive fleire fagbøker og har mellom anna vore medredaktør til ei bok
kalla «Religionspsykologi» (2014). Han er kunnskapsrik og deltek ofte i aktuell
samfunnsdebatt med bakgrunn i eigne undersøkjingar, til dømes har han
Nesch-museet
gjennomført ein større studie om det store fråfallet i vidaregåande skule,
Fredag 17. april kl. 1915
den psykiske helsa til asylsøkjarar, m.m.
Billettar kr. 150,-/120,Lars Lien har ei klar stemme som det er verdt å lytta til.
www.aal.kulturhus.no
Billettelefon: 32 08 51 00
Peer, du lyver!
Teater
Av Toril Solvang.
Fritt etter Peer Gynt
av Henrik Ibsen.
Regissør og koreograf:
Jakob Höglund.
Komponist:
Stefan Johansson.
Scenograf:
Sven Haraldsson.
Kostymedesignar:
Henrik Vibskov.
Lysdesignar: Chrisander Brun.
Dramaturg: Tine Thomassen.
Produsert av Riksteatret.
OPPLEV MEIR:
I samarbeid med Den Norske
Turistforening inviterer me til naturstig
utanfor kulturhuset med steiking av
pinnebrød på bålpanne
før forestillinga startar.
Storesalen
Laurdag 25. april kl. 1700
Billettar kr. 220,-/180,-/170,Billettelefon: 32 08 51 00
Fartsfylt og leikent
eventyr for barn, fritt
etter Peer Gynt.
Kjære foreldre, besteforeldre og
alle vaksne som har lyst til å ta med
seg barn i teatret: Riksteatret skriv
nasjonalikonet vårt, Peer Gynt, om til
eit fartsfylt og leikent eventyr med
humor, men også djupt alvor.
Med eit ungt og musikalsk ensemble,
blir musikken og dansen ein sentral
del av forestillinga.
Gled deg til å høyre Grieg sin musikk
med ny beat!
Peer, du lyver! er historia om ein liten
gut med store draumar. Kanskje er
han verdas største løgnar?
Han ynskjer seg ein venn, men blir
stengt ute av dei andre barna i
klassen. På jakt etter sanninga om
kven han er finn han ein venn som
blir livsviktig for han.
– Eg ynskjer å fortelje ei historie
med ein håpefull slutt som oppmodar
barn til å våge å følgje draumane sine
og tru på seg sjølve, seier regissør
Jakob Höglund.
Forestillinga varar i 2 timar (inkl.
pause), og høver for barn frå 6 år.
Du treng ikkje kjenne den originale
Peer Gynt for å ha glede av denne
forestillinga.
På scena: Gunnar Eiriksson, Anna
Strand Andersen, Ellen Andreassen,
Philip Sten Bøckmann, Helga Guren,
Andreas Humlekjær, Julie Støp Husby
og Espen Mauno.
www.aal.kulturhus.no
Foto: Egil Hansen
Konsert
Come Shine med gjester
Knut Reiersrud
Jan Erik Wold
Knut Aalefjær
Publikums- og kritikarfavorittane Come Shine toppar laget og tek med seg jazzpoeten Jan Erik Vold,
gitarmagikaren Knut Reiersrud, samt slagverkar Knut Aalefjær til Ål kulturhus denne kvelden.
Come Shine har vekt oppsikt med sine høgst originale tolkingar av standardlåtar innan jazzen, arrangert på
oppfinnsomt vis av pianisten i bandet, Erlend Skomsvoll. Kvartetten er kjent for svært energiske og engasjerande
konsertar, der leik og formidlingsglede står i sentrum. Come Shine er etter kvart kjent som eit av landets aller
beste og mest samspelte liveband. Gled deg!
Come Shine med gjester består av: Live Maria Roggen (vokal), Erlend Skomsvoll
(piano og arr.), Sondre Meisfjord (bass) og Håkon Mjåset Johansen (trommer).
I tillegg høyrer me Jan Erik Vold (dikt og stemme), Knut Reiersrud (gitar) og
Onsdag
Knut Aalefjær (perkusjon og melodisk slagverk).
www.aal.kulturhus.no
I samarbeid med:
Storesalen
6. mai kl. 1930
Billettar kr. 350,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Ål kulturskule presenterer:
Storslått
danseframsyning
med Ål kulturskule
«Eg har ein idé om ei
framsyning, vil du høyre?»
- Tale Buttingsrud, 13 år
Den grensesprengjande og
nyskapande danseframsyninga
NO TIME stiller spørsmål ved tida
vår; kva er notid, kva var fortid og
kva er framtid?
Dans
Kulturskulen har gjeve ein elev fritt
spelerom til å leve ut draumen om
å lage ei eiga danseframsyning.
Tale Buttingsrud levandegjer ideane
sine med kostymer, lys, musikk og
over hundre dansarar på scena!
Velkomen til framsyning og til ei
hylling av ungdommen sitt kreative
univers, endelause energi og
skaparglede!
”Om du kan drøyme det, kan du
gjere det» - Walt Disney
Illustrasjon: Sgne Fuglesteg Luksengard
Storesalen
Sundag 10. mai kl. 1600 og 1800
Idé: Tale Buttingsrud
Koreografi:
Tale Buttingsrud,
Iris Almås Tangeraas og
Kristin Holand
Billettar kr. 160,-/80,Billettelefon: 32 08 51 00
www.aal.kulturhus.no
Ål kyrkjeakademi og Ål bibliotek presenterer:
Foredrag med
Lars Petter Sveen
Romanen «Guds barn» tek oss tilbake til Jesu tid
og gjev liv til personar i utkanten av historiene
evangelia fortel om. Offiseren Cato tvilar på
om han gjer rett når han følgjer kong Herodes’
ordre. Far til Jakob fryktar at sonen er merkt av
det vonde. Og Peter får ikkje sove i frykt for kva
som ventar dei alle.
Boka har fått fantastisk mottaking av eit samla
kritikarkorps. Lars Petter Sveen (f. 1981) er
opphaveleg frå Fræna, men bur for tida i Tanzania.
På veg til litteraturfestivalen på Lillehammer tek
han seg tid til ein stopp på Ål.
Velkomen til bokbad i biblioteket!
Foredrag
Det blir sagt at Lars Petter
Sveen revitaliserer bibeltekstene
i sin kollektivroman «Guds
barn». Det er mer presist å si at
han revitaliserer oss, vårt eget
tankegods, gjennom sin vakre,
foruroligende, brutale og poetiske
nyfortelling fra Jesu tid.
- Turid Andreassen Lie,
Hamar Arbeiderblad
Guds barn må være årets beste roman.
Den er bygd på tradisjonen i møte med
et uvanlig forfattertalent.
- Atle Christiansen,
Aftenposten
Se opp for Lars Petter Sveen i framtida.
Romanen er en helt sjelden bok i
samtidslitteraturen. Det er så godt tenkt,
så vakkert utført, så snedig gjort.
Cathrine Krøger,
Dagbladet
www.aal.kulturhus.no
Ål bibliotek
Måndag 25. mai kl. 1915
Billettar kr. 150,-/120,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Kari Bremnes
m/band
Nordvendt, europeisk, ope, stort,
personleg og melankolsk - er ord
som kan knyttast til Kari sin musikk.
Den enorme spennvidda i konsertane
hennar er ein signatur for Kari
Bremnes band. Frå det lysaste til det
ganske mørke og rå. Og heile tida med
ein nærleik til folk og livslagnader.
Kari har skrive sangar i 20 år og gjeve
ut 13 soloalbum.
Konsert
Kjøp
KONSERTPAKKA:
3 konsertar for kr. 900,Ordinær pris kr. 1200,Gjelder konsertane:
Kvitnes/Krebs
STAUT
Kari Bremnes
Storesalen
Onsdag 3. juni kl. 1930
Billettar kr. 420,-
Billettelefon: 32 08 51 00
Kari Bremnes hatt aldri hatt eit
større publikum enn no. Ho er ein
historieforteljar og sangpoet frå nord,
som portretterer menneske, fuglar,
gater, havet og kvardagsopplevingar.
Kraftfullt, melankolsk, stort eller smått
– det handlar om musikken i og rundt
liva me lever. Sangkatalogen hennar er
sterk og dynamisk, og konsertane med
Kari Bremnes har ei spesiell nærheit
som sit i lenge.
Kari sitt nyaste album ”Og så kom
resten av livet” vart ein av dei store
norske salgssuksessane i 2012.
Albumet låg 32 veker på VG-lista og
blir framleis mykje spelt.
Kari Bremnes band:
Børre Flyen: Trommer
Sondre Meisfjord: Bass
Hallgrim Bratberg: Guitar
Bengt Hanssen: Tangentar
Geir Østensjø: Lyd
www.aal.kulturhus.no
Open dag på Ragnhildrud
Nesch-dag
Open dag på Ragnhildrud i juni 2014 var så vellukka at
no ynskjer familien etter Rolf Nesch, Nesch-nemda i
Ål kommune og Ål kulturhus å lage ein ny Nesch-dag
oppe på garden. Besøk og omvising i atelieret samt
rundt ute på gardstunet er ein del av programmet.
Det blir også kulturinnslag undervegs og enkel
servering inngår i prisen.
Billetten er inkludert buss tur/retur kulturhuset.
Bussen går frå nedsida av kulturhuset kl 1300.
Programmet varar omlag 3 timar.
www.aal.kulturhus.no
Ragnhildrud
Laurdag 13. juni kl. 1300
Billettar kr. 150,- inkl. buss
Billettelefon: 32 08 51 00
7. trinn ved Nedre-Ål skule presenterer:
Musikal
Eivind Fredlaus
Inspirert av dei vakre fjella våre og eit besøk hjå Geirmund Tormodsgard på Iungsdalshytta, fall valet i år på
Eivind Fredlaus då me skulle velje tema til framsyning. Historia om Eivind er både spennande og lærerik.
Elevane har fått kjennskap til korleis ein kan klare seg i fjellet, korleis det er å leve i frykt og kor viktig det
er å hjelpe kvarandre. Me har fått erfare at det ofte er dei som har minst som er flinkast til å dele, og at
konfliktar ofte oppstår fordi nokon vil ha meir.
Storesalen
Onsdag 17. juni kl. 1900
Billettar kr. 130,-/70,Billettelefon: 32 08 51 00
Manus har elevar og lærarar utforma i lag. Me får møte ein gjeng ungdommar som
har klassefest i Gudbrandsgard. Dei finn ei gamal bok som fortel historier om Eivind,
og gjennom boka blir me stadig tekne med attende til Eivind Fredlaus sine dagar.
På reisa blir det både musikk, dans og bilete, og me håpar de vil koma å sjå kva våre
rotfaste og flygedyktige elevar har laga.
www.aal.kulturhus.no
Hallingrosa
Kunst
“Sjefens frue” (1954)
Skåpdør måla av Andres Dekko
Nesch-museet er verdas største
permanente samling av arbeida til
den internasjonalt kjende, tysk-fødde
kunstnaren Rolf Nesch (1893-1975).
Samlinga omfattar både grafikk,
skulpturar, måleri og materialbilete.
Opplev rosemålarkunst i verdsklasse,
med særleg vekt på hallingrosa.
Utstillinga tek utgangspunkt
i den kunsthistoriske utviklinga
frå slutten av 1700-talet og
fram til nyare rosemåling.
Museet opna i 1993 og er besøkt av
kunstinteresserte frå store delar av Europa.
Du finn utstillinga Hallingrosa
i nedre foaje på kulturhuset.
Nesch museet