Artikkel - Vetenløpet

sport
10
sport
Tips oss!
Firdaposten
Tysdag 14. juli 2015
57 75 73 28
[email protected]
SMS/MMS: fptips til 2470
Nesten 500 menneske var med på Vetenløpet
Frå fjære til fjell
eit noko anna strandliv: Det er ikkje kvar dag ein ser startskodet til 123 utøvarar gå av i strandkanten.
Motbakkeløp: At
sommarvêret ikkje
blei som bestilt, stoppa ikkje dei 491 sporty menneske som
sprang Veten opp.
Toppresultat
HERRER
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen,
Bergen, 25:50
2. Sindre Hoff, Viksdalen, 29:15
3. Ole Martin Erdal, Førde,
29:25
KVINNER
1. Eli Anne Dvergsdal, Gaular,
31:20
2. Merete Weng, BUL, 32:27
3. Ida Nilsson, Kalmar, 34:59
Malene Indrebø-Langlo
[email protected]
902 69 069
– Vi hadde ikkje trudd at det
skulle vere så mange som deltok i år. Ikkje etter at det har
vore så dårlig vêr, seier leiar i
Vetenløpet, Annbjørg Hauge
Nygård, om årets deltakartal på
491 menneske.
Vetenløpet er Norges vestlegaste motbakkeløp og løpet
startar i strandkanten, før utøvarane spring gjennom Grolsdalen til Vetenplatået som ligg
500 meter over havet.
Foto: Charlotte Førde Skomsøy
Fleire resultat på vetenlopet.no
Vinnarar: Thorbjørn Thorsen Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal
Foto: Annbjørg Hauge nygård
sette løyperekord på laurdag. – I tillegg til stor deltakelse,
med 123 konkurranseløparar og
368 engasjerte mosjonistar, blei
det sett nye rekordar, seier
Hauge Nygård og fortel at det
var knytt stor spenning til om
det ville vere mogleg å sette
løyperekordar. Den avgjerande
faktoren var om det varsla regnet, ville halde seg vekke til løparane var komt seg heilt til
mål. Noko det akkurat gjorde.
Eli Anne Dvergsdal senka nemleg den gamle løyperekorden
med 29 sekund, og sprang inn
på 31.20 sekund medan Thorbjørn Thorsen Ludvigsen fekk
den glimrande tida 25.50 og slo
den nasjonale rekorden til Jon
Tvedt med heile 1,5 minutt.
– Av dei lokale utøvarane var
imponerte Espen Rose (15) med
tida 36:20 og beste frå Breman-
ger IL blei Gisle Skjølberg.
Om lag 30 menneske er med
å arrangerer løpet som i år gjekk
av staben for tiande gong. I tillegg til dei frivillige frå Bremanger IL, stilte Svelgen og Bremanger Røde Kors og bistod
langs heile løypa.
– Vi har fått utruleg gode tilbakemeldingar. Utøvarane seier det er ei kjekk løype og syns
det er ekstra kjekt at mosjonsklassa står att på toppen og heier fram konkurranseklassa, seier Hauge Nygård og fortel at dei
har folk på postar gjennom heile løypa som rapporterer til
speakeren som står på toppen.
– Då blir det spennande å vere
publikum og!