Rocka Nordborg med blues

7 0 9 0 0 3 5 4 7 0 0 18
samningen
Nr. 37 Torsdag 8. oktober 2015
Hotell att på
Kvamsseter?
Den nye eigaren av Kvamsseter – tidlegare Sandvenseter hotell – ønskjer å utvikla ein overnattingsstad
her att, kanskje alt i vinter,
melder Hordaland folkeblad.
Kvamsseter ligg i Kvam
kommune, men nær Eikedalen. Fram til 2010 nytta
Det norske Misjonsselskap
bygningane til leir- og overnattingsstad. Dei har no stått
tomme i fleire år. Den nye eigaren, Bergen areal AS, vil i
første omgang gå i gang med
å oppgradera anlegget utvendig.
Bygdeblad for Samnanger
39. årgang
Kan få barnevernskontor i Arna
A-avis
Laussal kr 20
Ny prest
på plass
Rådmann Tone Ramsli foreslår at Samnanger kommune kjøper barnevernstenester frå Bergen. I så fall
får me barnevernskontor i Arna.
39 år gamle David Vogel har
teke med seg familien og
flytta inn i prestebustaden.
Side 5
Side 4 og 5
Rocka Nordborg med blues
Fleire ledige
7788 personar var heilt arbeidsledige i Hordaland
i september. Dette er 2,8
prosent av arbeidsstyrken,
og 22 prosent fleire enn på
same tid i fjor. Talet på delvis
ledige og arbeidssøkjarar på
tiltak er også gått mykje opp
samanlikna med 2014.
Ifølgje tala frå NAV er det 31
personar som er arbeidsledige i Samnanger. Dette er
2,5 prosent av arbeidsstyrken,
og ser ein på tala frå i fjor, er
det 6 fleire enn på same tid i
2014. Men det er ein nedgang
frå juli månad, då var det registrert 39 heilt ledige.
Austrheim kommune toppar
statistikken, med 3,8 prosent
ledige. Lågast ligg Eidfjord,
med 0,8 prosent.
Flest ledige i fylket er det
innan ingeniør- og ikt-fag,
industriarbeid og bygg og anlegg.
Uten førarkort
Ein mann på moped er meld
for køyring utan gyldig
førarkort. Han vart stogga
på Lauvskar onsdag 30. september, melder lensmannen i
Kvam og Samnanger.
Hjort påkøyrd
Om morgonen i går (onsdag)
vart ein hjort påkøyrd ved
Sagen. Bukken var skadd,
og viltnemnda i Os vart kontakta, melder lensmannen i
Kvam og Samnanger.
TRØKK: Howlin’ Jukes laga liv på scena, og etter kvart sytte publikum for liv på dansegolvet.
Bluesklubben har ikkje vanskar med å få tak i
band til å spela i Samnangerbygda. Banda likar
Foto: ANNE LIV HAUKANES
seg godt i dei intime lokala i Nordborg. Laurdag
var det Howlin’ Jukes som skapte stemning.
side 3
Notaholmen
til Kina
Skodda er i ferd med å letta
frå Samnangerfjorden, og
Notaholmen kjem til syne.
Eit vakkert motiv, som ein
heil buss med turistar fekk
med seg då dei stogga i Samnanger laurdag føremiddag.
Eg prøvde å snakka med dei
ivrige fotografane, og trur eg
fekk svar på kinesisk. Foto:
ANNE LIV HAUKANES