Mauranger-Samnanger, oppgradering av ledning kortversjon

Oppgradering av
300 kV-kraftledning
Mauranger – Samnanger
1 Mauranger – Samnanger
Dette er ein kortversjon av Statnett si melding til styresmaktene om planane
for fornying av den eksisterande kraftleidningen mellom Mauranger og
Samnanger i Hordaland. Den fullstendige versjonen finn du her:
http://www.statnett.no/Nettutvikling/Mauranger-Samnanger
Statnett ønskjer ein god dialog med alle instansar, organisasjonar og personar
som planane våre kan påverke. Vi oppmodar difor om å ta kontakt med
oss undervegs i prosessen om noko er uklårt eller om det er noko vi bør bli
merksame på i samband med saka. Du finn kontaktopplysningar på s. 03
Kva saka gjeld
Strekninga som skal fornyast, går gjennom kommunane Kvinnherad,
Jondal og Kvam.
Meldinga er send Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i samsvar
med plan- og bygningslova og energilova. Ho vil bli gjenstand for høyring
blant dei instansar, organisasjonar og grunneigarar ho vedkjem.
Fleire moglege løysingar for fornying av leidningen er vurderte. Dette gjeld
både
• byggje ny leidning i parallell med den eksisterande,
• eller byggje ny leidning i ny trasé i Kvinnherad og Jondal kommunar,
med nytt fjordspenn nær ein ny stasjon på Fureberg eller ved Ænes.
Byggjer ein nytt, vil dagens leidning bli riven.
Dette prosjektet vil vere eit ledd den langsiktige planen Statnett har om
å heve spenninga på 300 kilovolt-ledningar til 420 kilovolt (kV) for å:
• auke overføringskapasiteten i transmisjonsnettet på Vestlandet
• leggje til rette for planlagt produksjon av fornyeleg kraft (som føreset
høgare overføringskapasitet)
• betre forsyningstryggleiken i regionen
2 Mauranger – Samnanger
Høyringssfråsegner i saka skal sendast:
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091, Majorstuen
0301 OSLO
e-post: [email protected]
Sakshandsamar i NVE:
Kristian Marcussen, tlf 22 95 91 86/416 14 040, [email protected]
Leidningen
Kraftleidningen som Statnett ønskjer å oppgradere vart bygd for 300
kilovolt (kV) i 1968. No har ein bruk for å auke kapasiteten på strekninga
Mauranger - Samnanger. Saman med ei planlagd temperaturoppgradering
(straumoppgradering) frå Blåfalli til Mauranger vil dette gje større overføringskapasitet mellom Rogaland og Hordaland. Leidningen vil bli bygd tilrettelagt
for 420 kV, men bli driven med 300 kV spenning inntil vidare.
Oppgraderinga vil bli gjennomført ved at ein byggjer ny kraftleidning i staden
for den gamle, som deretter vil bli riven. Alternative trasear blir vurderte på
delar av strekninga, av omsyn til driftstilhøve som mellom anna framkomsttilhøve og klimalaster.
Det overordna formålet med oppgraderinga er å auke nettkapasiteten
i nord–sør-retninga på Vestlandet. Vestlandet er i dag eit område med
kraftoverskot, men låg magasinkapasitet. Dette fører til stor kraftflyt inn i
området i kalde og tørre periodar, og stor kraftflyt ut i våte periodar. Det
finst også mange planar om nye vasskraft- og vindkraftverk i regionen.
Leidningen frå Mauranger til Samnanger er totalt ca. 50 km lang. Melde
oppgraderingar utgjer ei strekning på ca. 38 – 45 km, mellom Mauranger
i Kvinnherad kommune og Mødal i Kvam kommune. Frå Mødal og inn til
Samnanger stasjon vart leidningen oppgradert samstundes med bygging
av ny 420 kV-leidning Sima – Samnanger.
3 Mauranger – Samnanger
Statnett har valt å melde følgjande for vidare utgreiing:
• Ny leidning blir bygd parallelt med eksisterande Samnanger – Mauranger,
eksisterande leidning blir riven.
• Ny leidning blir bygd delvis parallelt med eksisterande Samnanger –
Mauranger, men i ny trasé frå Ænes/Fureberget i Kvinnherad til dagens
fjordkryssing over Hardangerfjorden ved Torsnes i Jondal kommune
• 4 alternative traséalternativ blir melde på strekninga Molthaug –
Daurmålsdalen i Jondal
• Nytt fjordspenn over Maurangsfjorden
• Ny stasjon på Ænes/Fureberget
Dagens 300 kV Mauranger – Samnanger blir riven.
Investeringskostnadene for fornying av leidningsnettet og klargjering for
420 KV driftsspenning mellom Samnanger - Mauranger er førebels estimert
til 600-950 MNOK.
Blir det gjort traséjusteringar sør for Hardangerfjorden, føreset dette å
leggje ein ny stasjon lenger ute og eit nytt fjordspenn ved Fureberg vest for
Mauranger stasjon. To moglege område er vurderte for ny transformatorstasjon: Ænes og Fureberg.
4 Mauranger – Samnanger
Framdrift
Framdrifta i prosjektet er nært knytt til behova. Bygging og utkoplingar må
i tillegg tilpassast andre arbeid i transmisjonsnettet.
Vi tek sikte på å byrje konsekvensutgreiingar sommaren 2017, slik at
søknaden kan sendast inn kort tid etter at utgreiingsprogrammet er fastsett.
Ein reknar med ei byggjetid på tre år frå byggjestart, etter at konsesjon er
gjeven.
Leidningen i dag:
5 Mauranger – Samnanger
Moglege trasear
Mauranger – Torsnes:
Moglege trasear
ved Ljones og
opp til Mødal:
7 Mauranger – Samnanger
8 Mauranger – Samnanger
Gjer framlegg om å greie ut følgjande forhold før ein søkjer om konsesjon:
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Framtidig landskapsbilete
Kulturminne og kulturmiljø
Friluftsliv og ferdsel
Reiseliv og turisme
Naturmiljø og naturmangfald
Naturtypar og vegetasjon
Fugleliv
Andre dyreartar
Forureining
Jord-, skog-, og beitebruk
Annan arealbruk
9 Mauranger – Samnanger
Informasjon og medverknad
Det vil bli halde god kontakt med dei grunneigarar og instansar saka vedkjem.
Dette gjeld særleg Fylkesmannens miljøvernavdeling, fylkeskommunen,
kommunane og lokale instansar/ressurspersonar med interesser i, eller
kunnskap om fagfelta.
Det vil bli lagt opp til ein medverknadssprosess som i nødvendig grad
inneber samtalar og arbeids- og informasjonsmøte med dei partane saka
kjem ved, i tillegg til dei offentlege høyringane og informasjonsmøta.
Informasjon om prosjektet vil bli lagt ut på heimesidene til Statnett og
kontinuerleg oppdatert.
10 Mauranger – Samnanger
11 Mauranger – Samnanger
Meir informasjon om prosjekt
Mauranger – Samnanger,
heile meldingen finn du under
www.statnett.no
Kontaktpersonar i Statnett
Bente Rudberg
Prosjektleiar
Tel. 90750280
Bjarte Skipevåg
Grunneigarkontakt
Tel. 40406305
Ellen Torsæter Hoff
Planleggjar, areal og miljø
Tel. 41176185
Tor Inge Akselsen
Kommunikasjon og
samfunnskontakt
Tel. 95079520
12 Mauranger – Samnanger