Nynorsktips 2015

Ivar
Aasen
1
www.stavanger-kulturhus.no
10 tips for å skrive betre nynorsk
Tips til eksamen i norsk.
Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015
www.stavanger-kulturhus.no
«Eg skriv betre på eit språk som
ligg så tett på talemålet mitt.»
Jan Zahl, journalist i Stavanger Aftenblad
1
IKKJE BRUK FANTASIEN.
BRUK ORDBOKA.
10 ordklasser
Substantiv (s.)
elev (m), jente (f), hus (n)
Verb (v.)
gå, vere, skrive, lese
Adjektiv (a.)
sint, glad, raud, gul
Pronomen (pron.)
eg, du, han, ho
Determinativ (det.)
min, vår, denne, ingen, alle
Adverb (adv.)
gjerne, veldig, ikkje
Preposisjon (prep.)
i, på, over, under
Konjunksjon (konj.)
og, men, eller, for, så
Subjunksjon (sub.)
at, om, viss, derfor
Interjeksjon (interj.)
hurra, ja, nei
2
UNNGÅ HYPERNYNORSK
Sensor blir litt oppgitt når…
…du legg til bokstavar som i eller a der du føler
dei passar inn fordi du føler det blir meir
nynorsk…
Desse orda finst IKKJE i nynorsk:
kvisleis, kvaleis, meist, fleist, beitre, detta, denna,
dessa, honom, hu, kvem, noken, meinar
7
3
SUBSTANTIV:
TRE KJØNN
TRE BØYINGSMØNSTER
Eintal
Ubunden form
Eintal
Bunden form
Fleirtal
Ubunden
form (mange)
Fleirtal
Bunden form
(alle)
Hankjønn
ein gut
ein roman
NB! ein politikar
NB! ein son
guten
romanen
politikaren
sonen
gutar
romanar
politikarar
søner
gutane
romanane
politikarane
sønene
Hokjønn
ei jente
ei novelle
NB! ei setning
jenta
novella
setninga
jenter
noveller
setningar
jentene
novellene
setningane
eplet
verkemiddelet
mennesket
eple
verkemiddel
menneske
epla
verkemidla
menneska
Inkjekjønn eit eple
eit verkemiddel
eit menneske
Sei høgt i kor:
ADLRI -r i fleirtal i inkjekjønnsord
9
4
VERB:
STOR OG VIKTIG ORDKLASSE.
DU MÅ BRUKE ORDBOKA.
I infinitiv kan du bruke endinga -a eller -e:
 å lese
 å lesa
Vel éi form og ver konsekvent i ein og same
tekst!
Ikkje bland saman endinga du vel i infinitiv,
med det neste punktet: e-verb og a-verb.
11
Svake verb
a-verb: å kalle – kallar – kalla – har kalla
e-verb: å meine – meiner – meinte – har meint
a-verb og e-verb:
å bruke – bruker – brukte – har brukt
å bruke – brukar – bruka – har bruka
12
Hugs å velje riktig ordklasse
e-verb:
å tenke – tenker – tenkte – har tenkt
substantiv:
ein tenkar = ein person som tenker,
ein filosof
Ein tenkar som tenker.
13
Pass på at du bruker riktig verb
e-verb:
å føle – føler – følte – har følt
Eg føler at dette er riktig.
a-verb:
å føle – følar – føla – har føla
Merra har føla.
14
Sterke verb
 Mange endrar vokal
 Ikkje ending i presens og preteritum
INFINITIV
PRESENS
PRETERITUM
PRESENS
PERFEKTUM
å vere
er
var
har vore
å skrive
skriv
skreiv
har skrive
å lese
les
las
har lese
å bli
blir
blei
har blitt
å verte
vert
vart
har vorte
15
st-verb
 Verb som sluttar på -st i infinitiv:
å finnast – finst – fanst – har funnest
å synast – synest – syntest – har synst
 Ofte har ein bruk for presens- eller
preteritumsforma av -st-verb:
Eg synest is er godt, men det finst dei som ikkje
liker is.
16
5
SAMSVARSBØYING:
ADJEKTIV OG PARTISIPP
GRADBØYING: ADJEKTIV
Samsvarsbøying av adjektiv
 Adjektiv står gjerne til eit substantiv.
 Du må bøye adjektivet i samsvar med kjønn
og tal hos substantivet:
ein raud strek
ein god roman
ei raud lue
ei god novelle
eit raudt hus
eit godt dikt
mange raude hus
mange gode tekstar
18
Samsvarsbøying av partisipp
 Partisippforma av verbet (forma etter har –
har skrive) er som eit adjektiv, og må bøyast
etter substantivet det står til:
Romanen er skriven av Knut Hamsun.
Novella er skriven av Knut Hamsun.
Diktet er skrive av Knut Hamsun.
Romanane er skrivne av Knut Hamsun.
 NB! Etter ha alltid inkjekjønnsform:
Hamsun har skrive dette diktet.
19
Gradbøying av adjektiv
 Skal du gradbøye, bruker du i hovudsak
endingane -are og -ast:
Eksamen i sidemål er lettare enn eksamen i
hovudmål.
Mitt hus er raudare enn naboen sitt hus.
Dette er den lettaste oppgåva eg har skrive.
20
6
PRONOMEN OG DETERMINATIV
Personleg pronomen
Eintal
1. person
2. person
3. person
Subjektsform
eg
du
han
ho
det
Objektsform
meg
deg
han
henne/ho
det
NB! Hugs at den ikkje er pronomen i nynorsk:
Eg har kjøpt ny bil. Han er blå.
22
Fleirtal
1. person
2. person
3. person
Subjektsform
vi/me
de/dokker
dei
Objektsform
oss
dykk/dokker
dei
BM: Dere må lære dere pronomen!
NN: De må lære dykk pronomen!
NN: Dokker må lære dokker pronomen!
Vanskeleg? Test med 1. person eintal:
Eg må lære meg pronomen.
23
Ubunden pronomen - ein
 Hugs at det heiter ein, ikkje man.
Ein kan meine at dette er viktig.
Det ein kan tolke ut frå dette,
er at novella handlar om kjærleik.
24
Lær deg spørjepronomen
 Kva: Kva heiter du?
 Kven: Kven er du?
 Kvar/kor: Kvar bor du? Kor bor du? (stad)
 Kor: Kor gammal er du? (grad)
 Korleis: Korleis veit du det?
 Kvifor/korfor: Kvifor/korfor veit du det?
 Kva for ein/kva slags/kven av:
Kva for ein is vil du ha?
25
Determinativ –
nokon viktige ord å lære seg
 Sjølv kan du bruke i eintal og fleirtal:
Du må sjølv ta ansvar for å pugge dette.
De må sjølv/sjølve ta ansvar for å pugge dette.
26
annan, ingen, nokon
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Fleirtal
ein annan
tekst
ei anna
novelle
eit anna dikt
andre
verkemiddel
ingen
forfattar
inga novelle
ikkje noko
dikt
ingen
verkemiddel
nokon tekst
noka novelle
noko dikt
nokon/nokre
verkemiddel
27
Nokon eller nokre i fleirtal?
Enkelt: Bruk alltid nokon.
Eg kjenner nokon elevar som kan hjelpe deg.
Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg.
Vanskeleg: Du kan forskjellen på nokon og nokre.
Nokre i forteljande setningar.
Eg kjenner nokre elevar som kan hjelpe deg.
Nokon i nektande og spørjande setningar.
Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg.
28
7
AKTIV OG PASSIV
Aktive setningar gir betre språk
 Aktiv: Eg leverte boka. Eg skal levere boka.
 Passiv: Boka blir levert i morgon.
Passiv
Hjelpeverbet
bli/verte:
Boka blir levert
i morgon.
Gi verbstammen endinga ast etter dei modale
hjelpeverba:
Boka må leverast i dag.
30
Ikkje bland st-verb med passiv på -ast:
Han synest at huset kan seljast i morgon.
å synast – synest –
syntest – har synst
å selje – sel –
selde – har selt
31
8
FIRE GREP FOR GODE SETNINGAR
Etterstilt eigedomspronomen
Mor mi har bedt meg om å vaske opp.
I analysen min har eg fokusert på tre moment.
I oppgåva mi vil eg sjå nærmare på novella
«Karen» av Alexander Kielland.
Men:
Mi mor, ikkje di mor, har bedt meg om å vaske
opp.
33
Dobbel bestemming
 Bunden artikkel + bunden form av
substantivet:
Nasjonaldagen er viktig for det norske folket.
Den norske regjeringa drog frå hovudstaden då
andre verdskrig braut ut.
Ikkje: det norske folk, den norske regjering
34
Genitiv
 Genitiv-s kun ved særnamn og tid:
Noregs land, Ibsens skodespel, ei vekes tid
 Skriv om med preposisjon eller pronomen:
fars bil
bilen til far/far sin bil
novellens tema
temaet i novella
forfatterens språk
forfattaren sitt språk
språket til forfattaren
forfattaren skriv/bruker…
35
Unngå substantivsjuke –
skriv om med verb
 Dårleg setning:
For mange menneske er det knytta store
vanskelegheitar til ei gjennomføring av dette.
 God setning:
For mange menneske vil det vere vanskeleg
å gjennomføre dette.
ei forklaring – å forklare
ei gjennomføring – å gjennomføre
gjere ei vurdering – å vurdere
36
9
VEL NYNORSKE ORD
Vel nynorske ord
Ord som byrjar med an-, be, hen- og sluttar på
-het og -else er mindre vanleg i nynorsk.
BM:
NN:
antall
talet på
begrep
omgrep
budskap
bodskap
gjentakelse
gjentaking
opplevelse
oppleving
virkelighet
verkelegheit
38
10
VER KONSEKVENT
To viktige prinsipp når du skriv
 Valfridom: Du kan velje ei form av ordet som
ligg nært talemålet ditt.
 Ver konsekvent: Hald deg til éi form.
vi
me
da
då
nå
no
skole
skule
først
fyrst
for eksempel
til dømes
40
Kjelder
Fridtun, Kristin (2013): Nynorsk for dumskallar,
Samlaget
Språkrådet.no: «Minigrammatikk»
http://elevrom.sprakradet.no/skolen/minigram
matikk
Wikipedia: «Hest»
https://no.wikipedia.org/wiki/Hest
41