Årsmøtereferat

Uskedal Utvikling
Årsmøtereferat - 4. februar 2015
Sakliste
Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste godkjent
Val av møteleiar
Kristian Olav Bringedal, valt
Val av skrivar
Hans Ordin Østebø, valt
Årsmelding frå styret
Årsmelding frå styret vart lest av Hans Ordin Østebø.
Merknad 1: Til orienteringa om nettsida uskedal.no:
Thor Inge Døssland ynskte at arbeidsgruppa som har utarbeida det nye designet på nettsida
vart framheva. Denne gruppa har bestått av Anita Enæs, Tore Mathiesen og Hans Ordin
Østebø (leiar).
Merknad 2: Gjeld nettsida - visning av annonsørar i nettlesar.
Henrik Lyse tok opp at den nye sida var rotete oppbygd og at annonsørane kom svært langt
nede på sida.
Hans Ordin Østebø synte fram korleis den nye sida skulle sjå ut. Annonsørane er komen
høgare opp i det nye designet enn tidlegare. Årsaka til at det vert vist feil, er bruk av gamle
utdaterte nettlesarar. Ved bruk av nyare nettlesar, vil dette problemet vera løyst.
Det skal lagast ei sak på uskedal.no, om korleis ein kan unngå dette problemet.
Status handlingsplan 2014
Kristian Olav Bringedal gjorde punktvis greie for status på handlingsplan 2014.
Årsmelding frå Redaktøren
Ola Matti Mathisen har skreve Årsmelding frå drifta av nettsida. Denne vart delvis lest opp
av Kristian Olav Bringedal og Magne Huglen på vegne av redaktøren.
Handlingsplan 2015
Kristian Olav Bringedal gjekk punktvis gjennom forslaget til handlingsplan for 2015.
Merknad 1: Til punkt om jordvern, innsendt av Uskedal Bondelag.
Thor Inge Døssland meinte det var viktig å kunna utvikla bygda. Sentrumsnære areal er
viktige for vidare utvikling av Uskedal sentrum.
Møteleiar Bringedal framheva at det ikkje var sakt noko om sentrum i handlingsplanen, dette
er eit generelt punkt.
Uskedal Utvikling
Årsmøtereferat - 4. februar 2015
Representant frå Bondelaget Hans Reidar Kjærland framheva kor viktig det var å ta vare på
den gode matjorda for generasjonane etter oss. Det må væra eit overorna mål å ha fokus på
dette.
Merknad 2: Galt opprusting av sti langs gamlevegen til Rød
Kjell Yri framheva at dette ikkje skulle lagast noko ny veg til Rød. Det som er ynskt er å
vedlikehalda og opprusta turstien som går i same traseen som gamlevegen. Yri persisterte at det
rette namnet er ”Gamlevegen til Rød”.
Tillegg 1: Det kom ynskje på Årsmøte om at Uskedal Utvikling burde engasjera seg i trafikksikring
i sentrum av bygda, særskilt vart trekt fram gangfelt over riksvegen ved Korsnes og ved
Brekketoppen.
Rekneskap 2014
Alf Hjønnevåg gjekk gjennom rekneskapen. Rekneskapen var revidert av Leon Gundersen og
Hans Reidar Kjærland.
Det var ingen merknadar til rekneskapen.
Driftsbudsjett 2015
Alf Hjønnevåg gjekk gjennom driftsbudsjettet.
Merknad 1: Galt drifta av kafé 10aren
Henrik Lyse meinte kafé 10aren burde auka takstane på produkta sine. Prinsippet med namnet
10aren og pris på varene treng ikkje samsvara. Det vart trekt parallell til kroneis som kosta 1
krone når den vart lansert. Dette må takast opp med damene som driv kafé 10aren.
Årskontingent og husleige 2015
Forslag frå Styret vart vedtatt. Nye takstar er:
Årskontingent:
Kr. 300,-
Husleige gamleskulen
Tidspunkt:
Ved fast avtale kvar veke
Pr kveld måndag - fredag
Laurdag eller søndag
Helg
Kr. 300.Kr. 400.Kr. 750.Kr. 1200.-
Uskedal Utvikling
Årsmøtereferat - 4. februar 2015
Val 2015
Forslag frå valkomiteen vart valt med akklamasjon.
Det nye styret:
Leiar:
Kristian Olav Bringedal
Styremedlem: Jan Erik Olsson
Styremedlem: Egil Myhre
Styremedlem: Gunn Mari Moberg
Styremedlem: Jurgita Zemitaitiene
1. varamedlem: Henrik Lyse
2. varamedlem: Ragnvald Myklebust
3. Varamedlem: Berit Harriet Døssland
Styret konstituerer seg sjølve.
Innkomne saker
Sak 1: Vegen frå Friheim til Fjellandsbø
Kommunen har svikta oppgåva si med å vedlikehalda og brøyta vegen mellom Friheim og
Fjallandsbø. Kommunen ynskjer ikkje å bruka pengar på vegen då det ikkje er fastbuande på
Fjellandsbø. Oppsitjarane ynskjer at Uskedal Utvikling engasjerer seg i saka og tar dette opp med
kommunen. Møteleiar Bringedal oppmoda dei tilstedeverande politikarar til å ta dette med seg i
sitt politiske arbeid.
Årsmøte avslutta
Våre nye landsmenn – ein ubrukt resurs i bygda
Thor Inge Døssland og Magne Huglen held engasjerte innlegg om våre nye landsmenn og
resursen dei kan væra for bygda, om ein klarar å få dei med i lagsarbeidet.