Jula 2013 - Uskedalen.no

____________________________________________________________________________________________________________________________
Jula 2013
9. årgang
Laussal kr. 50,-
God Jul
Uskedalen Indremisjon og
bedehuset frå 1863 – 2013
Side 8-12
Trygve om jula som var
Side 14-15
Røysterett for Alle – 25 år
Side 16-20
Jul i barnehagen
Side 32-34
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 2
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Leiar
Uskedalen – den attraktive bygda.
Vi vil med bakgrunn i ein modell frå
Telemarkforsking sei noko om kva som
skal til for å skapa ei attraktiv bygd med
eit godt omdøme.
Modellen syner at det er tre avgjerande
faktorar som medverkar til utvikling og
vekst.
Det eine er bedrift. Det handlar om
næringsverksemd som produserer varer
eller tenester lokalt, nasjonalt eller ut av
landet. Det kan vera varer frå
basisnæringar som landbruk, fiske og
industri. Uskedalen har eit variert
næringsliv. Eit mellombels stopp på
Eidsvik er uheldig. Nyskaping og positiv
utvikling i landbruksnæringa og
matbedrifter( t.d. Hjønnevåg, Friheim
Gardsmat og Elins Matgleder ) motverkar
denne tilbakegangen. Vi må heller ikkje
gløyma ei stabil næring i byggebransjen
med Uskedal Trelastlager som ei
tradisjonsrik og solid verksemd.
Den tredje faktoren er busetnad, ein
avgjerande faktor for ei positiv utvikling i
ei bygd med auka folketal. Næringar
knytta til busetnad kan vera kommunale
tenester som barnehage, skule, bustadfelt,
helse og omsorg. Med andre ord: Alle
tenester som direkte er retta mot
innbyggjarane.
Felles for alle faktorane er dei menneska
som bur her, samhandlar og medverkar til
å skapa trivsel og eit godt bumiljø.
Med denne leiaren i Uskedalsposten vågar
vi påstaden om at Uskedalen er ei attraktiv
bygd med god utvikling og eit godt
omdøme. La oss halda på det og gjera vårt
til at denne tendensen held fram i åra
framover.
Den andre faktoren er besøk. Det vil sei
alle former for besøksnæringar der kunden
må møta fram personleg for å få utført si
teneste. Her handlar det om bygda si evne
til å tiltrekkja seg kjøpekraft. Uskedalen
som andre plassar gjeld dette butikkar,
overnatting, servering, kultur og
fritidsaktivitetar. På dette område merkar
vi ei positiv utvikling. La oss nemna
Sparbuikken, Dønhaug Gjestegard,
Festidalen, Aktivitetsdagen/Hopp i havet Leiar Kristian Olav Bringedal i Uskedal
og tilgang til naturen og fjella i Uskedalen. Utvikling
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 3
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
EIN GUD MED KROPP
Pål Dale er prostiprest
Det er mektig å sjå på naturen her i Kvinnherad. Det varierte og storslegne landskapet vekker ein
undring, og det finstemte livet vi ser kan få oss til å spørje: Kva, - eller kven står bak alt dette? Er det
berre blitt slik, eller? Dersom vi fylgjer litt med er der og ein del spor som vitnar om at dyr eller fuglar
ferdast i terrenget kring oss. Men nokre av dei ser vi sjeldan. Ofte er dei ute når vi er inne, eller når vi
søv.
Ein kan lett tenke at dei ikkje finst, men når sporsnøen dekker bøane skjønar vi at det er meir liv kring
oss enn vi kjem på. Skaparen er usynleg, det veit vi. Mange meiner difor at han ikkje fins. Likevel,
ser vi etter er der mange spor å sjå etter han, både i naturen og i oss sjølve . Men vanskelegare blir det
å finne ut kven han er, og korleis han er.
I Johannesevangeliet 1.18 les vi:
”Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han
har synt oss kven han er.”
Juleevangeliet vil hjelpe oss med å finne svar. Vi skal sleppe å gisse og spekulere og leite og aldri
heilt finne ut av dette. Jula vil gjere Gud tydeleg og truverdig for oss, difor vart han menneske i
Jesus. Ein kropp, så nær oss som vi kan vere til andre. Dette har eg tenkt ein del på i år, og eg synes
det er så flott.
Kolossarbrevet 1.15 strekar under det same:
”Han er biletet av den usynlege Gud”
Difor er reisa til Betlehem noko større enn ei koseleg eller dramatisk forteljing: Det er Gud si ”reise”
til oss, Gud sin veg til gjere seg kjend for verda. Gjenom Jesus kan vi kjenne han , vere visse på kven
han er, og kva han vil oss. Difor kan vi og finne ein sikker grunn for trua, slik vi syng i ein julesong:
”Han er Frelser min”.
Eg ynskjer kvar og ein ei fredfull og god julehøgtid!
Pål Dale,
prostiprest
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 4
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Den trufaste tenaren
Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
Inger Elise Helgeland i Husneskyrkje.
Det er haust og det ruskar ute, for å
sitera Garborg. Men vi sit lunt inne i
Husneskyrkja der prest, organist og
kykjetenar har avvikla to omgangar
med hausttakkegudsteneste for
skule-elevar. Kyrkjetenaren,
Inger Elise Helgeland (62) frå
Uskedalen tek fram nistepakke og
termos. Ho skal snart vidare til neste
arbeidsoppgåve. Inger Elise har vore
ein trufast tenar heile livet og sviktar
ikkje. Men ho forsikrar at det ikkje er
vanleg at ho nyt lunsjen på denne
måten.
For å vera heilt eksakt er ho kyrkjetenar i Husnes
og Valen og kyrkjegardsarbeidar i Husnes, Valen
og Holmedal. Denne arbeidsdagen starta ho
klokka halv åtte med vask på Valen og heldt altså
fram på Husnes, No skal ho attende til Valen og
klyppa busker dagen ut. Inger Elise meiner at alt
arbeid er like meiningsfylt sjølv om det kan verka
trivielt.
-Det er det samme kva ein gjer, seier Inger Elise.
Vi har også møtt henne i arbeid med måling av
gjerdet rundt Uskedalskykja der ho eigentleg
ikkje er tilsett.
Men i praksis tek dei kyrkjetilsette i Kvinnherad
eit tak over heile kommunen når det er behov.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 5
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Inger Elise og Cort Holtermann målar gjerde rundt
Uskedalen kyrkje før jubleet.
Klar for ringing i Utne kyrkje.
Ho vaks opp på det ho kallar eit enkelt småbruk i
Myrane, i ein kristen heim, saman med bror
Togeir, far Sigurd og mor Helga.
Dei hadde 2 kyr, 4-5 kalvar, 2 grisar og nokre
høns. Næringsgrunnlaget vart styrkt ved leige av
nabobruket som Sigurd Arnesen eigde.
-Vi hadde det enkelt, men trygt og godt, sleg
Inger Elise fast.
tre onklar. Dermed var buproblemet løyst og på tre
månader var Inger Elise innom 15 statar,
med vekt på Midtvesten.
-Eg hadde lyst til å sjå noko anna og det var ei fin
tid, minnast ho.
Ho utdanna seg som kosthaldsøkonom i Oslo og
det tok 5 år når praksistida reknast inn. Inger
Elise gjekk internatlina og starta med ein jobb i
tråd med det.
Den var på jordbruksskulen Tomb i Råde i
Østfold, som eigentleg hadde Lars Korvald som
rektor men han var mest oppteken av politikken.
Inger Elise var ansvarleg for internat og kjøken,
inkludert innkjøp og reinhald
-med andre ord var ho ein nøkkelperson på den
høgt ansette skulen.
Ho trivdes godt og vart der i 11 år. Etter den
lange arbeidsøkta i Østfold unna ho seg eit friår
og det nytta ho til reiseverksemd. Turen gjekk
mellom anna til USA der mora hadde to tanter og
Neste stopp i livet var i Ullensvang kommune,
nærare bestemt i Utne.
Der gjorde ho teneste i 4 år som kyrkjetenar,
kyrkjelydsarbeidar og kyrkjegardsarbeidar.
Inger Elise budde på Aga og køyrde dagleg
strekninga Aga-Utne.
Tomb jordbruksskule var arbeidsplassen hennar i 11 år.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 6
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Utne kyrkje ligg på ein dominerande plass i hardanger.
Det innebar mange utfordringar. Det gjekk ofte
ras i Velure og det hendte at Inger Elise ikkje
kom på jobb eller frå jobb. Då var det godt å gå
og banke på døra til ei utflytta uskedeling –
Ovidia Jåstad – og spørja om hus for natta.
Andre gongar hendte det at ho overnatta i
sakristiet i kyrkja.
-Men du tok vel eit bevisst val ein gong?
-Jau, det skjedde då eg var 13 år, i samband med
100-åsjubileet til Indremisjonssamskipnaden på
stemnestaden i Uskedalen i 1964. Etter talen
til Tormod Vågen på føremiddagsmøtet tok eg
valet, å fylgja Jesus.eit ungdomsstemne i
Uskedalen.
Inger Elise tok 1992 eit steg over fjorden – til ein
annan ansett kristen skule.
Ho var på Framnes i 10 år – frå 1992 til 2002 –
men hadde eit mindre ansvarsområde enn på
Tomb. I ettertid kan ho glede seg over at elevtalet
har auka mykje ved både Tomb og Framnes.
Mange bur no heime.
Då broren omkom i ei tragisk ulukke på
riksvegen i Husnes i 1997 vurderte Inger Elise å
flytta heim til Uskedalen og det gjorde ho for 11
år sidan. No bur ho i barndomsheimen.
Etter eit føredragsmøte bestemte eg meg til å
fylgja Jesus.
Eg huskar til og med veret – det regna og var surt.
-Har aldri tvilen overmanna deg?
-Det er klart at alle tvilar ein eller annan gong.
Det har også eg gjort. innrømmer Inger Elise.
Ho har opp gjennom åra halde mange andaktar
for ho brenn for å få bodskapen om Jesus vidare
ut.
-Når var fyrste gongen du var i kyrkja?
-Det må vera 15.april 1951. Det var dåpsdagen
min, og sidan var eg med foreldra mine i kyrkja
og bedehuset, seier den trufaste tenaren i Herren
sin vingard, for å nytta ein bibelsk formulering.
Til slutt vil ho helsa alle lesarar av
Uskedalsposten ei velsigna god jul og eit godt
nyttår med dette verset:
Fra krybben til korset gikk veien for deg,
slik åpnet du porten til himlen for meg.
Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei,
så alle kan samles i himlen hos deg!
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 7
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
TI OM JULA
Av: Camilla
M. Ripel, Amalie H. Rød , Anne Zofia Fonn, Nellie Marie Hagen og Ella
Karina Hjønnevåg
Spørsmål:
- Kva ynskjer du deg til jul?
- Likar du best å gje eller å få presangar?
- Kva julesong likar du best?
Anne Grete Sjo-Snille ungar
-Å gje presanga
-Julekveldsvisa av
Alf Prøysen.
Erlend
Bjørnebøle
- Ny bukse.
- Gje men det er
gøy og få.
- Musevisa.
Knut Inge
Eidsvik
- Snø.
- Gje.
- På låven sitter
nissen.
Haldis Amalie
Åkra.
- Hovudlykt.
- Kjekt begge
deler.
- Ei stjerne
skinner i natt.
Stine Soldal
- Skjerf, hue og
snø.
- Gje.
- Musevisa.
Ida Marie Kildal
Eidsvik.
- Eg veit ikkje.
- Eg liker og gje
gåver og gjere
andre glad.
- Eg er så glad kver
julekveld.
Hanna Tvilde.
- Ponsjo.
- Kanskje gje.
- Away in
manger.
Mia Storevik
Myklebust.
- Sminke.
- Å gje.
- Deilig er jorden.
Svanild
Haugland.
- Bare snille barn.
- Eg liker best og
gje gåver.
- Det lyser i stille
grender.
Emilie Bringedal
- X box 360
kinect.
- Få.
- All i want for
christmas its you.
Kom og ver med i Uskedal utvikling og sei di meining om gode tiltak og utvikling av bygda. Faste møte er
fyrste onsdagen i månaden, kl. 19 i Gamleskulen
Møteplan våren 2014:
* 5. febr. : Årsmøte - Handlingsplan 2014
* 5. mars: Dialogforum: Tema vert kunngjort seinare
* 2. april: Sentrumsutvikling: Status for arbeidet med Arealstrategi
* 7. mai: Kultur, turisme og friluftsliv - omdømebygging og profilering
* 4. juni: Studietur - besøksmål
Har du gode saker, meld frå til:
[email protected] eller [email protected]
Medlemsskap kr. 200,- for verksemder, lag/organisasjonar og einskildpersonar.
Konto: 3460.07.52350
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 8
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Uskedalen Indremisjon og bedehuset frå 1863 – 2013
Av Jon Harald Kjærland
Yngres samla i peisestova ein kveld i 1981. Nokon kjente?
Uskedalen Indremisjon og bedehuset har i
år jubileum. Indremisjonen har 150 års
jubileum og det er 80 år sidan Uskedal
bedehus vart bygd i 1933. Opp gjennom
åra har det vore mykje aktivitet i
bedehuset. Vi har her teke med nokre
fakta og bilder frå tida i bedehuset, og vi
trur det er mange som vil kjenna igjen
fjesa i Unge Røyster frå 1981 i bilete over.
- Uskedalen Indremisjon vart starta i 1863 etter
eit oppbyggingsmøte med Samson Stueland frå
Omvikdalen.
- Sjølv om vi fekk kyrkja i 1914, ynskte mange
eit bedehus i bygda.
- Allereie året etter (1915) vart det skipa
ungdomsforening tilhøyrande Uskedalen
Indremisjon. Det skjedde i skulehuset ved
Uskedalssjøen, altså gamleskulen. Nils Lavik
(seinare stortingsmann) leida møtet og det var
rundt 40 frammøtte.
- Ungdomslaget var særleg ivrige etter å skaffa
indremisjonen eige bedehus. Laget hadde sitt eige
handskrivne blad som heitte ”Sædekorn” (Det er
det same som såkorn”.
- Uskedalen sundagsskule stara rundt 1914.
Indremisjonen peika i starten ut leiarar til
sundagsskulen. Samlingane var i starten i
skulehusa.
- Året 1925 hadde Indremisjonen samla inn til
saman kr. 7.440,- til nytt bedehus i bygda.
Indremisjonen fekk kjøpa tomt hos Sigurd Leite
for kr. 400,- i 1933 reiste dei bedehuset, med mykje
dugnadsinnsats, og noko innleigd arbeid.
Indremisjonen måtte låna kr. 3000,- for å få
ferdig bedehuset. Ein dugnadstime vart verdsett
til 50 øre.
- 22 oktober 1933 vart bedehuset vigsla. Festen
varde i 6 timar, og om lag 300 menneske deltok.
Det tok altså 70 år frå Indremisjonen vart skipa til
vi hadde eige hus. I år er bedehuset 80 år.
- Vinteren 1935 kom mange til tru då emissær
Sandven hadde møter i bygda. Krigsåret 1940 var
det også vekkjingstid i Uskedalen.
- Bedehuset har i periodar vore utleigd til
folkeskule og framhandsskule i åra mellom 1945
– 1966.
- Året 1947 fekk vi springvatn og i 1958 vart
vedfyrt oppvarming modernisert til elektriske
panelomnar. Det var enno utedo bak bedehuset.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 9
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jon Harald Kjærland og Sella Hjønnevåg på jubileumsfesten, der dei hadde historiske tilbakeblikk rundt
bedehuset og indremisjonen i Uskedal.
- Garderobe- og toalettilbygg stod ferdig til 100års jubileet til Uskedalen Indremisjon i 1963, og
kosta den gongen kr. 40.000,- Indremisjonen hadde songlag, som Samson
Leite leida gjennom ein mannsalder. Han spelte
mandolin. Ei tid var her ein mannskvartett, der
brødrene Haugland utgjorde fleirtalet. På 1980 talet var det også ein damekvartett som gledde
oss med fin song.
- Yngres barnelag vart drive i 1940-åra og ein
periode frå 1965 og utetter.
- Yngste-/unge Røyster starta i 1976. Styret i
laget vart i starten valgt av medlemmer frå
ungdomsforrening av Indremisjonen.
- Peisstova og kjøken i kjellaren vart fornya i
1974-76 med flott peis, nye bord og stolar. I
1982 vart det sprengt ut mykje fjell, og
parkeringsplassen vart utvida.
- 1979 - 82 vart storesalen pust opp med
golvbelegg, ny belysning, nye stolar og ny
plattform. Det vart bytt til nye isolerte vindauger
i heile bygget. Det vart også kjøpt inn
utsmykking forma som ein kross, laga av Thor
Lakselv.
- Indremisjonen og Ungdomsforreningen slo seg
saman i 1980 fordi det vart vanskjeleg å finna
styrekanidatar til to lag. Det vart oppretta ei
ungdomsnemd.
- Nelly Kjærland starta i januar 2005 opp
”Småbarnstreff”. Same året starta Tore Mathiesen
opp barne-/ungd.laget ”Hobbyklubben”. I 2012
starta Nelly Kjærland også opp ”Kreative Jenter 8
- 88 år”. Laga er innmeldt i Indremisjonen.
- 2007-2008 vart bedehuset fornya ved at toaletta
vart ombygde m/handycap –toalett og dusj. Det
vart bygd nytt kjøken i hovedetasjen, nytt
elektrisk inntak m/nytt sikringsskap. Det vart
kjøpt inn nye bord. Kostnadskalkylen var om lag
260.000,- kr. Arbeida vart hovudsakleg gjort på
dugnad, og vi trengte ikkje opna banklån.
- Bedehuset feira 75 års jubileum i 2008, då var
tidl general sekr. i Indremisj.forbundet Ole Abel
Sveen festtalar.
- Hausten 2007 vart konfirmant-timane for
uskedelingane flytta frå ungdomsskulen i
Rosendal til bedehuset her.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 10
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Aud Isaksen Haugland, Torunn Kjærland og Inger Haugland steller til fest ved 20-årsjubileumet for Unge
Røyster i 1996.
Peder Kjærland held tale på 17. festen i 1996.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 11
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Tre generasjoner Myklebust på jubileumsfesten for bedehuset i år.
Gunnar Kjærland fortalde frå misjonsmarka til lydhøyre tilskodarar på juletrefesten 2012.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 12
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Triveleg leik på småbarnstreff.
- 2011 vart ”gamlakjøkenet” pust opp til
aktivitetsrom og hobbylager. Peisstova vart malt;
golv, vegger og tak. Romma er i flittig bruk i
barnelagsarbeid.
- Hobbyklubben har samla inn over kr. 50.000,til bedehus-modernisering, + gjeve datakanoner,
rømingslys m.m og ei varmepumpe.
- Det er i år montert 2 stk varmepumper i
henholsvis storesalen og peisstova til ein verdi av
over kr. 60 000,- . Vi har no eit godt tenleg
bedehus. På Hobbyklubb-samlingane er alle
romma i bruk.
- Indremisjonen har sundagsmøter dei sundagane
det ikkje er gudsteneste i kyrkja. Videre er det
bønemøter kvar onsdag gjennom heile året.
- Indremisjonen starta opp med frie nattverdmøter
frå januar 2010.
- Dette var nokre glimt av kva som har skjedd
oppgjennom. Takk til alle som løftar arbeidet i
bedehuset med praktisk arbeid, kjøkentenesta og
vasking, leiarverv, møteleiing, song og musikk
gjennom travle kvardagar og helgar. Kvar og ein Nydeleg mat også på jubileumsfesten i år.
er uendeleg viktig, akkurat i den oppgåva du har.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 13
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 14
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Trygve om jula som var
Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
Tryge heima i godstolen.
Noko av det Trygve Haugland (han fylte 85 i juli)
hugsar best frå julefeiringa i heimbygda
Uskedalen då han voks opp er julefestane og
spesielt minnast han eit tablå under ein
fest i Helgheim i krigstida. Ein av dei store
slagarane i førkrigstida var ”Sjømannen
og stjernen” sunge av Jens Book-Jensen og den
hadde arrangøren gjort mykje utav. Sverre, Finn
og Edvard Myklebust og Håkon Hansen hadde
iført seg kostymer som gjorde at dei likna sjøfolk
og dei stod og song oppe på noko som likna ei
kommandobru. Framføringa gjorde eit sterkt
inntrykk i den aktuelle situasjon både på havet og
heime og Trygve har seinare aldri gløymt teksten
til slageren. Den er ein av mange songar som
han med sin malmfulle bass har gleda
uskedelingane med ned gjennom åra.
Tyskarane held tein relativt låg profil i Uskedalen
under krigen og korkje denne festen eller andre
festar hadde besøk av okkupasjonsmakta sjølv
om dei hadde ein vaktbåt på fjorden ved
Herøysund.
Til dømes hadde musikklaget då ein relativt aktiv
periode, også i samanheng med jula. Siste helga
før jul var dei på farten rundt i bygda og spela
jula inn og juleafta spela dei på Dønhaug, noko
mange eldre i bygda framleis minnast med glede.
Ungguten Trygve var allereie då på plass i
musikklaget
– han debuterte der då han var elleve og eit halvt
år og var julemusikar første gongen i Helgheim i
1939. Han var innom både althorn og kornett,
men endte på tuba. I 1986 vart han æresmedlem i
muskklaget.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 15
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Undervegs til Døssland passerte foreldra
Marie og Andreas, Ingrid Ljosnes
og han ein husmannsplass kalla Fantastova
som Anna Døssland eigde og der
budde det ein fantefamilie. Familien var i
full gang med kroppsvasken
til jul og tenkte ikkje over at den skjedde
nærmast offentleg formidla
gjennom dei gardinlause vindauga!
Men det er verd å streka under at fantane var
eit fredsommeleg folkeferd
som ikkje gjorde nokon fortred. Det var aldri
bråk knytta til dei.
-Dei kjøpte til og med mjølk av oss som
dreiv med ku og dei selde ymse ting,
til dømes vispar og spann, fortel Trygve.
Ein av dei fine og fortente heidringer som Tryge har
fått.
Minikonserten på Skårhaug vart alltid avslutta med Ja
vi elsker og kunne vore ein provokasjon hvis den
hadde vorte oppfatta slik.
Men Trygve kan berre hugsa eit direkte møte med
tyskarane og det var i Helgheim.
Ein gong då dei var ferdig med øvinga kom det ein
patrulje på 3 mann som hadde våpen i beltet. Men det
einaste dei hadde å bemerke var at
lokalet ikkje var blenda skikkeleg.
Dei første 4 leveåra var Trygve på Døssland der onkel
Knut og mormor Kaia budde og der Berit og Ivar Kåre
Døssland bur idag.
Dei flytta til Haugland i 1932. Men dei heldt fram
med å feire en del av julafta på Døssland. Feiringa tok
til med jule-evangeliet og ein julesang.
Det fyrste julekveldsminnet som Trygve har er av det
meir harmlause slaget.
Vel framme på Døssland fekk slektningane
frå Haugland servert graut
etter å ha ete lutefisk og risengrynsuppe til
middag heime. Julekveldsfeiringa
var prega av mykje sang og gang rundt
juletreet, helst i romjula
Julebukktradisjonen var også levande og
vart praktisert tretttandeog tjugendedagen. Då gjekk ungane rundt i
Haugland-området og fekk
kjeks, søtsaker og appelsinar .
Då song dei og – ikkje minst unge Trygve
som var ein av 11-12 i skulekoret.
Dei song tostemt i starten, men etterkvart
fekk den legendariske
dirigent og lærar Andreas Haugland den
songglade guten til å gå over
i bassen og sidan har han vore der! Han var
13-14 år då det skjedde.
Tenoren Sverre Myklebust var gjennom alle
år ein god songarbror
for Trygve.
Julefestane var eit stort kapitel for seg. Dei
var det 5 av då Trygve
vaks opp, men han var stort sett ikkje med på
fleire enn 3 av dei.
Det var fest på bedehuset andre juledag og
nyårsdag, 2 festar i skulen tredjedagen
og ungdomslaget sin femtedagsfest i
Helgheim..
Den siste var mest populær med opptil 5
ringar rundt treet!
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 16
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Røysterett for Alle – 25 år
Av Svein Rimestad, Foto: Hans Ordin Østebø/ Ola Matti Mathisen
Røysterett for Alle fotografert på Bygdetunet Rød i samband med CD innspeling i 2011. Foto: Hans Ordin
Østebø.
No har me altså hatt det kjekt i eit kvart hundreår,
og det lyt me sjølvsagt markera.
og kunnskap om at Bjørgulv tykte at kveding var
ein alt for lite skatta aktivitet i tida. Det hende
nok at folk som hadde samla seg, song litt for
maten og slikt, men skikkeleg kveding etter
grundig førebuing var eit stort sakn i bygda.
Eit attersyn vekker mange minne hjå veteranane i
koret. Det kan vera freistande å gje att litt frå
"Soga om "Røysterett for Alle", Nordeuropas
vakraste samling av kvedande kvinner og menn" - Dei samkvedande ved kulturprisgildet hadde ei
eit lite kjent verk utgjeve ved 10-årsjubileet:
kjensle av at kvada vart vel fagna, og det var og
semje om at tiltaket ikkje minst hadde vore
"Hausten 1987 var ei hard tid med mykje åndeleg givande for utøvarane sjølve. Det vart difor til at
armod i Noregsveldet. Folket streva med å halda ein samlast etter midtvintersblotet for å freista å
hus, familie, hytte, båt og bil i stand, og svært få
skipa til eit lag som kunne stetta folk sin trong til
såg seg brydde med å lyfta åsynet mot aktivitetar å lyda på kveding, og dei særskilt interesserte sin
som kunne kveikja anden. Det spurdest likevel at trong for å skipa til samkveding. Etter ein del
Bjørgulv frå Eik opp gjennom tidene hadde gjort øvingskveding og samsnakking med ulike
mykje for å bøta på denne armoda, og som prov
lovkunnige, vart det laga vedtekter som vart
på dette skulle han få kommunen sin kulturpris.
stadfesta på eit høgtidsamt skipingsmøte halde i
Ei fylking av frie kvinner og menn samla seg
"Uskedal barnepedagogiske institutt" nittande
difor under leiing av Kristian frå Bringedal for at mars i det Herrens år nitten hundre og åttiåtte.
tildelingsgildet ikkje skulle verta utan fyndige og Deretter kunne ein gjera kjent på tinget at det
vellåtande kvad ved eit så viktig høve. Dei hadde blanda samkvadlaget Røysterett for Alle var skipa
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 17
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Røysterett for Alle har vore på tre turar utanlands,- Skotland, Latvia og Italia . Her er koret på slottsbesøk i
Latvia i 2008.
Innleiinga femner ein tidsbolk på 3-4 månader, og
å fortsetja like detaljert vil verta for dyrt
(trykkeriutgifter). Me tek heller ei stuttare
oppsummering av resten -og vonar de ikkje fell i
svevn:
I starten var me eit kor på snautt 20 - berre
uskedelingar. Utviklinga har gått til at me no har
songarar frå strekkja Sunde til Dimmelsvik, og
for tida tel me rundt 30 medlemer.
Me har vore med på ulike prosjekt opp gjennom
åra, og berre for å nemna noko: Brazz Brør, i
regi av Rikskonsertane, med fleire kor og korps
frå kommunen - Elvisprosjektet, eit lokalt
initiativ med kor, korps og einskiltmusikarar frå
kommunen - Askeoppkok, eit initiativ frå ASK
og musikkskulen, der me samarbeidde med
psykisk utviklingshemma - Mariamusik saman
med Rosendal Songlag -og seinast i fjor, då me
hadde ei eiga framføring i samband med
Fokemusikkveka: "Grendastev, mytespinn og
fjordtrallar". Dette siste er vel det mest krevjande
prosjektet me har hatt til no, med både kjent stoff,
nytt og eigenprodusert stoff, samt innhyrt hjelp
både til musikk, dans og til å koreografera oss
sjølve i tillegg. For eit bygdekor er det på grensa
til galskap å stella i stand slikt på 10 månader frå
ingen ting. Utan dirigent Maria Malmsten og
hennar evner som tonesetjar og arrangør - samt
auge og sans for mykje anna ¬- hadde nok ikkje
dette "verket" sett dagsens ljos.
Ulike seminar, songarstemne, konsertar åleine
eller saman med andre, blåturar, turar til
Skottland, Latvia og Italia, festar og anna tull
nemner me ikkje i det heile.
Dette er den femte jubileumsoppsetjinga vår
gjennom tidene - og slike har me altså hatt jamt
og trutt kvart femte år.
Haugesund kommune markerte under sin
tradisjonell "Open dag" i Rådhuset 29.09. i år at
det er hundre år sidan kvinner fekk røysterett i
Noreg.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 18
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Koret har sidan skipinga i
1984 vore med på alle 17.
mai dagane. Her vert
nasjonalsongen Ja, vi elsker
framført i samspel med
Uskedal skulemusikklag
Dei hadde merka seg namnet vårt, og
meinte det ville høva ekstra godt
dersom me ville synga ved markeringa.
"Har de noko på repertoaret som kan ha
med emnet å gjera?" Det hadde me
ikkje, men sidan me og markerer i år,
kunne me ikkje dy oss...
Røysterett for alle
Tone: Maria Malmsten
Arrangement: Maria Malmsten
Tekst: Svein Rimestad
Ei røyst har mykje ved seg, og mangt kan ho få sagt.
Går du til urna, då har, og gjev ho makt.
Er rette røyster samde, kan utgangen bli stor
både ved valet, og for eit blanda kor.
Refreng:
Røysterett for alle, for kvinner som for menn,
Ein rett du tek for sjølvsagt; dei kjempa hardt for den.
I hundre år har retten stått med både fynd og klem,
-og sist, men ikkje minst: Vårt blandakor er tjuefem.
Ei røyst kan nyttast ulikt alt etter kva som trengst:
Bydande, bedande, mjukt der det når lengst.
Ved urna trengst ein setel når du vil ditt ha sagt.
Koret treng røyster med tone og med takt.
Refreng:
Sjå no på Løvebakken, ein ny kabal er lagt.
Gjekk du til urna? Utøvde du di makt?
Kan henda er du misnøgd, skal tru kva dei får løyst?
Høvet det var der, du la vel inn di røyst?
Bass, tekstforfattar og omsetjar Svein
Rimestad.
Det siste produkte til Svein Rimestad er
julesongen «Snart er det morgon».
Denne vil bli urframført under
julekonsert i kyrkja 15. desember. Den
er attgjeve på side 21. Tonen er av
Maria Malmsten.
Refreng:
I dette blandakoret er røysteretten klår:
Me røystar stadig, meir enn kvart andre år.
Sjå, røystene er samde, me finn at song er bra.
Tenk før du ber oss, kan henda får du "ja!"
Refreng:
"Røysterett for Alle", for kvinner og for menn,
I koret er det sjølvsagt; me kjempa knapt for den.
I hundre år har retten stått med både fynd og klem,
-og sist, men ikkje minst: Vårt blandakor er tjuefem.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 19
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Lydopptak 2014 av
lokalproduserte tekstar
urframført på
Folkemusikkveka
2012.
Stemmeøving i
gymsalen på
Bringedalsbygda skule.
Frå venstre: Kåre
Vetrhus, Jan Ove
Olsen, Svein Rimestad,
Kjell Sigbjørn
Røssland, Steinar
Naterstad, Kristian
Olav Bringedal, Lars
Henrik Skogtun,
Jostein Grov. Ved
pianoet med ryggen til:
Maria Malmsten
Leiarar i koret opp gjennom åra:
Dirigentar:
(Dirigentar frå Kulturskulen fylgjer skuleåret)
1988
1989
1990 og -91
1992
1993 (vår)
1993 (haust)
1994 og -95
1996,-97 og -98
1999
2000
2001 t.o.m. -03
2004 t.o.m. -07
2008 og -09:
2010, -11 og -12
2013
1988, -89 og...
fyrste halvår -90
1990/91 og 91/92
1992/93 og 93/94
1994/95
1995/96
1996/97
1997/98... t.o.m. 2005/06
2006/07... og fram til no
Bjørn Ove Sunde
Bjørg Marie Ljosnes
Jens Musland
Eldbjørg Myklebust
Jostein Grov
Randi Ljosnes
Kristian Olav Bringedal
Jostein Grov
Venke Vetrhus
Sissel Årseth
Kristian Olav Bringedal
Lars Henrik Skogtun
Svein Rimestad
Lars Henrik Skogtun
2013 Haldor Tveit
Kristian Olav Bringedal
Oddbjørn Skeie
Gunn Elisabeth Sivertsen
Terje Gudding
Vincent Spencer
Daniel Rye
Turid Anne Ruste
Maria Malmsten
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 20
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Snart er det morgon
Av Svein Rimestad
I Betlehem er natta kald, men det er lunt i herbergstall.
Til fødestove du'r han knapt, men barnet kjem, nytt liv er skapt.
Maria turkar barn og sveitte med smil til Josef som fagna dette.
Snart er det morgon, to har vorte tre: I manntalsboka skal det takast med.
Den vesle kviler, mett og varm. Så trygt han ligg på mor sin arm.
Mor kjenner gleda, tankar sviv om vegen fram, koss' vert hans liv?
Ei stjerne blenkjer gjennom gluggen, no kan dei kvila på høy, i skuggen.
Snart er det morgon, to har vorte tre: Det som var utlagt kan med tid få skje.
Rundt gjætarbål er kjensla varm, og sut for fe finst i kvar barm.
Brått englar syng om kongen stor. Dei reddast då, men engleord:
"De finn han i ein stall der inne", -gjev mod og styrke til mann og kvinne.
Snart er det morgon, to har vorte tre: Og framtidsvona veks seg sterk ved det.
Tre vismenn etter vegen kald, dei gjev seg stjerna heilt i vald.
Og gåvene som dei har med, ber stordomsbod, ver viss på det.
Maria veit dei fann den rette, det gjer ho fegen å røyna dette.
Snart er det morgon, to har vorte tre, og verda kviler, enn er ro og fred.
I morgon bleik er sola varm, ho skin så lint i gluggekarm.
I høyet søv dei, barn og mor. Dei treng til kvild, snart går det ord
som gjer at dei lyt landet røma: Kvart gutebarnet vil kongen døma.
No er det morgon, to har vorte tre, og verda kviler, venta just på det.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 21
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 22
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Av: Camilla M. Ripel, Amalie H. Rød , Anne Zofia Fonn, Nellie Marie Hagen og Ella
Karina Hjønnevåg
Amalie `s jul
Om jula gleder eg meg til :
At familie kommer på besøk,
At eg og mamma baker jule kjeks,
At vi kan vere i snøen visst det er
det,
At det er julafte
At vi skal pynte til jul,
At vi skal ete julemiddag,
Amalie’s julekjeks favoritt:
Kransekakestenger
Anne Zofia sin jul
Om jula pleier vi å spise masse
pinnekjøtt, vente på å åpne gaver, åpne
gaver og å legge oss. Eg elsker jula siden
det er gaver, eg kan vera våken til
midnatt, masse mat(nam mat), tv (lenge).
Vi åpner gaver ved midnatt.
Anne Zofia’s julekjeks favoritt:
Serinakaker
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 23
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Camilla`s jul!
Om jula pleier eg :
Å ake,
Å bake,
Å vere med venner, og familie
Å vera på julehandel med mamma pappa og
lillesøstre
Ting som skjer i jula:
Vera ute i snøen (vist det er),
Ete pinnekjøtt,
Er med nabo og venner (forkortelse:bff),
Jesus bursdag,
Opne pakkar,
Drikke julebrus
Camilla`s favoritt kjeks: karamellkjeks
pepperkaker
Kva Ella gjer i jula.
Tanten min Gudrun Karina kjem kvar
jul. ho er veldig tøysete , vi eter alltid
pinnekjøtt til jul, til lunsj så eter vi graut.
Det er nam nam……
Eg elskar det.
Kvar gang det er julemorgon får vi opne
ein pakke og resten av pakkane må vi
vente med og opne til kvelden kommer.
Ella’s julekjeks favoritt: Havrespon
Nellie
Ting eg gjer i jul
Eg opnar pakker… har det gøy.
Det eg liker aller best med jula er at det er mange
som har det fint… JULA ER BEST!!!
Eg har 4 dyr og dei har alle ein pakke ( Eg har kjøpt )
Det var ein gong, eg fant den nyaste sokken til Hilde
og begynte og måla kaninen og klyppte i sokken til
Hilde, eg viste sokken til Hilde, Hilde sa: Neii!!Det
var den nyeste sokken til Hilde og så tok eg sokken
på kaninen og var heilt perfekt… ikkje gjør da
heima!
Eg liker julepynten og gavene, vert fall snøen. Kver
jul går eg ut og begynner og ha det gøy… Men
kordan kommer det snø??
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 24
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Juledikt av Camilla M. Ripel
Juledikt av Ella Karina Hjønnevåg
Sjå kva du får når du fargelegg alle felta
med prikk i.
Prikk til Prikk
Lær å teikne fugl.
.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 25
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Fjøsnissen
Av: Nellie Marie Hagen
skogsnissen. Fjøsnissen gjekk vekk og begynte å
grina i skogen. Plutselig kom det eit lys og det
var faren til fjøsnissen. Han sa: –Opp med
humøret, du er ein nisse, du er sikkert flink til
noko. Fjøsnissen begynte å smila og sa takk for
Det var ei gong ein nisse som var så ensom, ingen
støtta. Plutselig sovna han.
av dei andre nissene ville vere med han. Ein dag
Neste dag var han heilt utslitt, men var fortsatt
så skullle alle skogsnisser ut i skogen.
glad. Han gjekk ut i naturen og fant seg mat og
-Kan eg vere med? spurde fjøsnissen.
drikke, men ingen måtte sjå han så han gjekk
-Nei, sa den eine skogsnissen og gjekk, han
lenger og lenger opp i fjellet. Han var så forsiktig
spurte mange nisser om å vere med dei, men alle
han kunne. Plutselig datt han langt ned, han fekk
sa nei. Han blei veldig lei seg og såg opp på
veldig vondt. Han var på ein bondegård, alle dyra
månen og sa: -Kvifor vil ingen vere med meg?
kom bort for å trøysta han. Det var nett som om
Neste dag våkna fjøsnissen og såg at han låg i
han kunne forstå dei. Han gav dei mat og drikke.
skogen heilt åleineog hadde ingen peiling på kor
Skogsnissen såg det og sa: -du er verkeleg ein
heimen hans var. Han blei litt redd, men han
nisse.
visste at ingenting var farlig. Han gjekk opp på
Dei gjekk heim og så kom julenissen og sa: - du
det høgaste fjellet og såg om han kunne sjå
kan bli kalla, det blei stilt ei stund og så sa han –
nissane, men såg ingen..
FJØSNISSE. Alle jubla og klappa.
Plutselig såg han ein nisse og gjekk bort til han.
Kvar jul gjekk fjøsnissen til alle dyra og av dei
–Kvifor låg eg i skogen? Spurte fjøsnissen.
mat og drikke og kjærlighet.
– Fordi vi vil ikkje ha deg her meir, sa
Nellie Marie i avisredaksjonen har skrive
ein fin julehistorie om fjøsnissen til
juleavisa i år. Kos deg med denne!
Det var slik fjøsnissen fekk jobben sin .
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 26
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Den hjelpsame sjåføren
Tekst og foto: Ola Matti Mathisen
Per og Lars med drosjeskilt og fotominnar.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 27
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Dette er den nærmast uslitelege grøne Opel Kapitän 1956 som Bjarne stadig mekka på bilen når noko var
gale. Ein tidlegare passasjer meiner den var like god heilt til slutten. Biletet vart teke i Beinavikjo dagen etter
den store brannen i 1963, og til venstre står Karl Bergstø, Torbjørn Øyre og Lars Ljosnes. Bilen vart nytta som
drosje heilt til 1969.
-Kva karakteriserte far, Bjarne Myklebust?
-At han alltid var snill og hjelpsom,
svarar sønene Per og Lars som
Uskedalsposten har samla til ein liten
minnetime om ein uskedeling som gjekk
bort altfor tidleg. Sjåføren på
brekketoppen var berre 57 år då han døde i
1973.
For 3 år sidan hadde Uskedalsposten ein
stor reportasje om kollegaen hans, Fridtjof
Sunde som budde på Solheim på den
andre sida av vegen, mindre enn eit
steinkast unna. Då er det berre rett og
rimeleg at vi også ofrar nokre sider på den
andre markante sjåføren. Vi kallar dei
ikkje konkurrentar, for dei var gode vener
gjennom heile livet og utfylte kvarandre.
Bjarne vart født og vaks opp ”oppunder Haugen”
og gjekk Folkehøgskulen på Halsnøy før han
begynte å ofra seg for bilar, som vart livet hans.
Han køyrde tidleg for broren Olav – både lastebil
og drosje. Han hadde mykje fast køyring
og det fekk også Bjarne – til dømes ansatte på
Telegrafen i Beinavikjo og brød for Arnesen.
Han leverte brød i Herøysund og hadde
telefondamer med attende! For Tørres på
Trelasten køyrde han ferietur. Han køyrde drosje
både under og etter krigen og var aktivt med i
kampane ved Gavlen då uskedelingane stilte opp
med kanon montert på lastebil.
Medan Sunde hadde 11 bilar gjennom livet hadde
Bjarne 5 og den Skilnaden kan lett forklarast.
Sunde fekk halda på lengre med jobben sin
medan Myklebust hadde ein bil ualminnelig lenge
fordi han reparerte den Stadig når det var noko i
vegen. Det var ein nærmast usliteleg Opel
Kapitän som vart køyrd i Uskedalen tett innpå 20
år og rulla 600 000 kilometer!
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 28
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Bjarnes kjøyrebevis frå okkupasjonstida og medlemsbevis i NDF frå 1939.
Bjarne kjøpte denne raude Opel Rekord i 1966 og hadde den som reserve i 2 år. Biletet er teke ved uthuset på
Brekketoppen som fungerte som garasje..
Som ein forstå hadde Bjarne eit spesielt tillitsforhold til Opel. I 1968 kjøpte han ein ny Rekord som vart nytta til
drosje.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 29
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Koseleg prat heime i stova – Bjarne Myklebust og Kjell Yri
Dette var den fyrste bilen, ein 7-seters grøn Chevrolet som er fotografert ein stad på Austlandet under ein
ferietur. Truleg rundt 1950.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 30
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Uskedelingar var gjerne på ferietur med Bjarne, ofte i lånte eller innleigde bilar. Her er Tørres Myklebust med
familie og vener på tur medan det andre biletet truleg er teke på Haukeli.
Denne svarte Plymouth var også ein 7-seter og den gjekk som drosje til midt på 1950-talet, truleg 1956. I den
var det plass til ein barnevogn mellom setene.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 31
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
JULEPRESANGER!
HUSFLID PRODUKTER
TREVARE PRODUKTER
HAGE – UTEPRODUKTER
TRYKKING PÅ DIV. ARTIKLER
VED
-tar imot bestilling og kjører ut.
VASKERI
-dyner, madrasser, tepper, klær, soveposer,
kjeledresser m.m.
UTEOPPDRAG
-rydding av skog/hage, rive bygninger,
produksjon og oppsett av gjerde o.l.
TLF: 53 47 55 00
epost: [email protected]
Rimeleg overnatting og frukost i ein lun
og koseleg atmosfære, finn du sentralt i
Uskedal sentrum.
Ope heile året.
Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen
Tlf.: 53 48 60 39 – Mobil: 90 08 41 36
Fax: 53 47 74 88
www.solheimturiststasjon.no
email: [email protected]
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 32
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jul i barnehagen
Av: Camilla M. Ripel, Amalie H. Rød , Anne Zofia Fonn, Nellie Marie Hagen og Ella
Karina Hjønnevåg
Snart er juleforberedelsane i full gong for skulekameratane og dei andre i barnehagen.
Vi i avisgruppa var i barnehagen for å høyra kva dei gjorde på i desember. Vi traff 4
kjekke skulekameratar som alle gleda seg til jul!
Lene Hjelmeland
-Kva gjer de i barnehagen i desember?
-Vi lage kjeks og julepynt.
-Pleier de å ha noko spesielle aktiviteter?
-Julepresangar til dei heime.
-Kva songar pleier de å syngja?
-På låven sitter nissen.
-Har de adventskalender?
-Ja det har vi.
-Kva presangar er det?
-Vi får besøk av lusiatog- skulekameratene.
Begge barnehagene. Grautfest då kommer
smånisser
(7 klasse).
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 33
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Wiliam :
-Kva ynskjer du deg til jul?
-Hemmelig! Har sagt det til mamma.
-Kva synest du er kjekkast med jula?
-Å få pakkar.
-Kva gleder du deg mest til i jula?
-Ake.
-Kva julemat likar du best?
-Pinnakjøt og pepperkaker
-Kva likar du med julenissen?
-At han kjem med pakkar. Han kjem om natta.
-Kvifor trur du nissen har så stor mage?
-Han har ete så masse graut.
-Eg skal til Thailand i jula, og vi skal åpna
pakkane før vi reiser.
-Eg og Isak har vore i Nissedalen. Vi fekk sitja i
vogna hans og klappa reinsdyra hans. Eg gleder
meg til jul!
Malene:
-Kva ynskjer du deg til jul?
-Spel til DS.
-Kva synest du er kjekkast med jula?
-Vera oppe lenge og få pakkar.
-Kva gleder du deg mest til i jula?
-Ake og stå på ski.
-Kva julemat likar du best?
-Kjøttmiddag. Likar veldig godt kakemenn og
pepperkaker og!
-Kva likar du med julenissen?
- At vi får pakkar av han. Eg trur det er noko som
har kledd seg ut..
-Kvifor trur du nissen har så stor mage?
-For han har ete så mykje graut.
-Vi skal til syden i jula trur eg.
Isak:
-Kva ynskjer du deg til jul?
- hemmelig
-Kva synest du er kjekkast med jula?
-få pakker
-Kva gleder du deg mest til i jula?
-at vi får masse snop, masse snø og på nyttårs
aften liker eg rakettar.
-Kva julemat likar du best?
-pepperkaker og pepperkakehus.
-Kva likar du med julenissen?
-at han gjer pakker.
-Kvifor trur du nissen har så stor mage?
-for han har ete masse graut.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 34
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Isak, Willam, Malene og Linnea sat klar og venta på oss når vi kom for å snakka om jula.
Linnea:
-Kva ynskjer du deg til jul?
- badekle, spel til 3D DS en min og
svømmebriller.
-Kva synest du er kjekkast med jula?
-å få presanger og julesokk med godteri i.
-Kva gleder du deg mest til i jula?
-å vere lenge oppe og ake og stå på ski og lage
snøhule.
-Kva julemat likar du best?
-pinnakjøt, dessert pepperkaker og kakemenn.
-Kva likar du med julenissen?
-at eg får presanger av han.
-Kvifor trur du nissen har så stor mage?
-for han har ete masse graut.
På nyttårsaften liker eg og sjå på når dei skyter
opp raketter.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 35
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
HUSNES STORSENTER - Tlf. 53 47 16 08
DIN LOKALE LEVERANDØR
TELEFON 53 48 61 01
Vi ynskjer alle våre kundar og leverandørar ei riktig god jul og eit godt
nytt år. Vi takkar for alle oppdraga i året som snart er til endes.
Stian Haugland tlf. 95 78 48 08
Tor Ove Haugland 90 51 14 71
Arne Johs. Haugland tlf. 95 78 62 39
Brekketoppen, 5463 Uskedalen
Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22




Bilutleie
Understellsbehandling
Viking/NAF redningstjeneste
Sal av Tysse-tilhengarar
Leverar blomar til alle anledningar.
Velkommen inn – eller ring og bestill.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 36
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Glimt frå presten Sellevold sin
fotoalbum
Av: Kristian Olav Bringedal
Bilete: Kvinnherad lærarlag ved bispevisitasen, Malmanger prestegard, april 1950. Vi har valt å bruka
originalteksten som er skriven på baksida
1.
rekkje sitjande frå venstre: Lærarinnene frk Syse og fru Storegjerde, prost Sellevold og frue, biskop
Indrebø, Kari Øystese og res.kap Øystese, lærarinnene fru Kviteberg og Gudr. Dahle
2.
rekkje:Lærarane Johan Omvik, P. Kjærland, Røssland, Nikolai Enes og frue, Betzy, fru Volle, frk.
Mæland, fru Røssland, fru Dommersnes, frk. Omvik, lærarane Andr. Årsand, Torkjell Naterstad, Andr.
Haugland og Paul Kirkhus
3.
rekkje: Lærarane Skeie, Ullaland, Karl Lønning, Nikolai Røssland, Ljosnes, Sigurd Haugland, Samson
Solheim, Ragnvald Guddal og Jonas Kirkhus
Vår merknad:
På bilete kjenner vi særleg desse lærarane:
Andreas Haugland: Haugland skule
Sigurd Haugland: Ølve og seinare Haugland skule
Olav Ljosnes: Skorpo, men og i Mauranger
Peder Kjærland: Framhaldskulen i Uskedalen
Anna Omvik: Uskedal skule
Johan Omvik: Uskedal skule
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 37
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Det seiest at eit fotografi fortel meir enn tusen ord. Brev, foto og anna dokumetasjon
utgjer ein viktig del av historia vår.
Difor var det stor stas her ein dagen då Knut Sellevold kom på kulturkontoret med tre
fotoalbum for gjennomsyn. Sellevold er son til presten Knut Andreas Sellevold. Han er
kantor og bur i Sandnes. Han har tenestegjort i Sauda frå 1986, ei tid saman med presten
Arne O. Øystese. I tida før pensjonsalderen var han kantor i Madlamarka kyrkje i
Stavanger.
I albumane finn vi mellom anna:
•
Familiebilete
•
Postkort
•
Visitas- og prestebilete
•
Konfirmantgrupper
Uskedal kyrkje med
det karakteristiske
kuppeltårnet som
seinare blei skifta.
Bilete er teke frå
Nedre Fet
Frå venstre: Prost
Bjørn G.
Zachariassen,
biskop Andreas
Fleischer,
sokneprest Knut
Andreas Sellevold
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 38
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Av konfirmantbilete har vi valt ut tre grupper, bilete som ikkje var med i 90 års hefte til
Uskedal kyrkje.
Konfirmantane frå 2. oktober 1949
1. rekkje frå venstre: Else Mæland,
Reidun Myklebust, Astrid
Myklebust, Ruth Slåke, Aslaug
Fykse, Thordis Mykelbust
2. rekkje frå venstre: Arne
Musland, Kåre Hauge, sokneprest
Knut Sellevold, Johannes Hauge,
Kåre Larsen
Desse er ikkje med på bilete: Svein
Myklebust, Målfrid Arnesen, Rita
Arnesen, Else Fjellandsbø
Konfirmantane frå 15. september
1940
1.
rekkje frå venstre: Sigrun
Eidsvik, Maren Myklebust, Klara
Eik, Margit Skorpen, Johanna
Myklebust, Jenny Stensletten,
Lillian Stensletten
2.
rekkje frå venstre: Lars
Myhre, Bjarne Eik, sokneprest
Knut Sellevold, Fritjof Wang,
Olav Stensletten
Konfirmantane frå 9. oktober 1938
1.
rekkje frå venstre: Helga
Haugland, Agnes Eik, Anna
Kjærland, Johanna Fjellandsbø,
Beate Skorpen, Marta Stensletten,
Ågot Eide
2.
rekkje frå venstre: Eirik
Myklebust, Kåre Eik, sokneprest
Knut Sellevold, Einar Sunde,
Bjarne L. Rød, Peder Stensletten,
Audun Hroar Olsen
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 39
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
…..med klær fra
Halsabrotet 90
5463 USKEDALEN
Mob.95 03 26 64 / 90 10 52 85
E-post: [email protected]
www.muslandmaskin.no
REPARASJON AV HVITEVARER OG EL.VERKTØY
SUNNHORDLAND ELEKTROSERVICE AS
NAUSTHAUGEN 2
5463 USKEDALEN
SERVICE TELEFON: 99 22 38 33
[email protected]
www.sunnel.no
God Jul og Godt Nytt år
Husnes Storsenter
5460 Husnes
Tlf: 53 47 16 26 – Fax: 53 48 12 97
[email protected]
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 40
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Uskedal kyrkje er 100 år i 2014. Soknerådet har ei jubileumsnemnd som har
sett saman eit flott og variert program for jubilemsåret. Uskedalsposten
presenterer her jubileumsprogrammet fram til august 2014.
Dato: 19. januar 2014, kl. 11.00
Gudsteneste/program: Gudsteneste
Medverkande: Pål Dale
Informasjon: Årsmøte m/ sak om innføring av Norsk salmebok 2013.
Dato: 28. januar 2014, kl. 19.00
Gudsteneste/program: Salmekveld Mathias Orheim
Medverkande: Marit E. Totland, Aslaug Hellesøy, Jan Ove Totland, Marit Lindekleiv, Kristian
Bringedal
Informasjon: Mathias Orheim ( 1884 - 1958 ) frå Stårheim i Nordfjord er den blinde sjåaren som
spela på glas. Han er forknynnar, forfattar, komponist, gardbrukar og historikar. I Norsk salmebok finn
vi 6 salmar av Orheim. Til to av dei mest kjende har han både skrive teksten og melodien,- Å, var eg
meir deg Jesus lik og Er hev ei teneste stor for Gud.
Orheim forkynte ein glad og praktisk kristendom. Det er sagt at Orheim kristna både nynorsken og fela
for bedehusfolket.
På Orheimkvelden i kyrkja vert det mykje song og musikk. Diktinga hans vert sett inn i ein kulturelle
og religiøs samanheng.
Dato: 8. februar 2014
Gudsteneste/program: Tårnagent-helg
Medverkande: Berta Haugland m/ fl.
Informasjon: 9 åringane vert inviterte til å bli kjend med kyrkja og Bibelen, ved å vera agentar.
Samlinga vert avslutta med gudsteneste. Del av trusopplæringa.
Dato: 9. februar 2014 , kl. 17.00
Gudsteneste/program: Gudsteneste med Tårn-agentane
Medverkande: Pål Dale.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 41
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
foCus Quartet som
held konsert i
Uskedalen kyrkje 21.
mars 2014, kl. 19.00
Dato: 9. mars 2014 , kl. 19.30
Gudsteneste/program: Gudsteneste
Medverkande: S.H. Nilsen
Informasjon: Samtalegudstenete m/ konfirmantane
Dato: 21. mars 2014 , kl. 19.00
Gudsteneste/program: Sørstatsgospel
Medverkande: foCus Quartet
Informasjon: Gosplekvartett frå Austevoll, tidlegare ein trio kjent med namnet ”Br. Nordstrand”. Har
turnert og delteke på gospelfestivalar i inn- og utland, mellom anna på den årlege og tradisjonsrike
songfestivalen National Qartet Convention i Lousiville i USA. På konserten vert det framført eit
variert repertoar, frå gode bedehussongar til songar henta frå amerikansk sørstats-gospel. Varemerke er
songar med ein klar evangelisk bodskap, framført i ei variert tonedrakt og i ein lett folkeleg
uttrykksmåte. Gruppa står bak tre CD innspelingar. Den siste innspelinga vart gjort i Nashville, saman
med lokale musikarar og Ben Speer som produsent.
Dato: 6. april 2014 , kl. 19.00
Gudsteneste/program: Jubileumskonsert
Medverkande: Lokale song- og musikkgrupper, Gjest: Kantor Håvard Skaadel
Informasjon: Song og musikk er og har vore ein viktig del av kyrkja sitt arbeid, for bygda og for
kulturlivet generelt.
Det fyrste orgelet var alt på plass til vigslinga i 1914.
Kyrkja fekk nytt orgel i 1982.
Til jubileumskonserten har vi invitert kor, korps, solistar og andre song- og musikkgrupper. Gjest er
kantor Håvard Skaadel frå Norheim menighet i Karmøy kommune.
Det vert og tid til innøving av nokre salmar frå den nye salmeboka.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 42
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Dato: 11. april 2014, kl. 19.00
Gudsteneste/program: Jubileumsbok, presentasjon og fotokåseri
Medverkande: Boknemnda v/ Kaare Skaala
Informasjon: Ei eiga boknemnd legg fram den nyskrivne boka om Uskedal kyrkje. Boka vitnar om eit
grundig historisk arbeid. Med bakgrunn i innsamla foto og annan dokumentasjon vert det ei framføring
i form av eit fotokåseri.
Dato: 17. april 2014, kl. 11.00
Gudsteneste/program: Gudsteneste Påske - skjærtorsdag
Medverkande: J. O. Totland
Dato: 20. april 2014 , kl. 18.00
Gudsteneste/program: Gudsteneste Påske Høgtidsguds-teneste
Medverkande: S. H. Nilsen
Dato: 27. april 2014, kl. 11.00
Gudsteneste/program: Gudsteneste - konfirmasjon
Medverkande: S. H. Nilsen
Dato: 10. mai 2014
Gudsteneste/program: Myldrestund/ Krølletreff
Medverkande: Berta Haugland m/ fl.
Informasjon: Trusopplæringstiltak for 1, 2 og 3 åringane. Alle vert inviterte til songstund og å høyra,
sjå og oppleva bibelforteljinga om Sauen som vart attfunnen
Dato: 17. mai 2014, kl. 11.15
Gudsteneste/program: Gudsteneste
Medverkande: Prest, Røysterett for Alle vert med.
Dato: 15. juni 2014, kl. 11.00
Gudsteneste/program: Gudsteneste, Gamaldags kyrkjeferd
Medverkande: Prest
Informasjon: Ein vil gjenskapa ei gudsteneste i Uskedalen for om lag 80 år sidan. Alle går frå
Musland, Ljosnes, Rød, Eik og Steinsletto. Dei frå Skorpo ror til Neset og går kyrkjevegen bort til
kyrkja. Vi syng frå Nynorsk salmebok 1925,- innført i Uskedalen 1927. Kyrkja fekk orgel alt til
vigslinga i 1914. Difor brukar vi organist i tillegg til forsongar
Dato: 13. juli 2014, kl. 14.00
Gudsteneste/program: Friluftsguds-teneste på Skorpo
Medverkande: Prest
Informasjon: Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo tok til i presten Holm si tid. Dei fyrste åra var
gudstenesta i tunet til Johannes Hauge oppe i Skorpo. Dei siste 10 åra har ein nytta tunet eller låven
til Ole Kristoffer Vågen. I 2014 vil vi i tilegg til gudstenesta invitera til historisk vandring i det vakre
natur- og kulturlandskapet på Skorpo. Fokus vil vera: ”Tunet i det blå”, Øredalen med tufta etter
Hergborgstova og Skorpefjellet med Skorpevatne og jettegryter.
Med atterhald om endringar.
Om ikkje anna er sagt, er alle tilskipingane i kyrkja
Alle arrangementa vert kunngjort i Kyrkjelydsbladet og på nettsida uskedalen.no
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 43
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
KVA SKJER I JULA?
Uskedalen Bedehus
JULEFEST
Desember
9. des. kl.17.00 -18.15 Søndagssk.
Gullivergjeng/Tårnagentar
9. des. kl. 17.00 - 18.30 Konfirmantgruppa
9. des. kl. 19.00 - 20.30 Hobbyklubben har
juleavslutning.
11. des. kl. 10.30 - 12.00 Småbarnstreff.
17. des. kl. 18.00 – 19.30 Kreative jenter
27.des. kl. 17.00 Julefest for små og store.
FOR SMÅ OG STORE
Kvar onsdag kl. 18.30 Bønemøte i vetlesalen
Uskedalen Kyrkje
Uskedal bedehus
Fredag 27. des. kl. 17.00
Av program nemner vi:
- Julespel av barnelag i bedehuset.
- Innslag av Hobbyklubben.
- Andakt v/Georg Hestad.
- Matøkt og posar til borna.
- JULETREGONG, m m
VELKOMMEN TIL SMÅ OG STORE.
JULETREFEST
Grendahuset Vonheim
lørdag 28. des. kl. 18.00
Tale, juletregang, leikar m.m
Kansje kjem nissen med noko til
borna.
Ta med kaffi og noko å bita i.
8. des kl. 15.30 Lysmesse
15.des kl. 19.00 Julekonsert.
24.des kl. 14.00 Julekveldsgudsteneste.
Redaksjonen:
Camilla M. Ripel
Amalie H. Rød
Anne Zofia Fonn
Nellie Marie Hagen
Ella Karina Hjønnevåg
Ola Matti Mathisen (leiar)
Tore Mathiesen (leiar)
Britt Torill M. Mathiesen (leiar)
Trykkeri: Kvinnherad Vekst AS,
Uskedalen
Alle er hjarteleg velkomne!
Kontakt:
Hobbyklubben
v/Tore Mathiesen
Muslandsvegen 144, 5463 Uskedalen
Tlf: 93 83 94 45
Ola Matti Mathisen
Tlf: 99 37 13 25
E-mail: [email protected]
Utgiver av Uskedalsposten er Hobbyklubben i
Uskedalen som er ein barne- og ungdomsklubb frå
5. kl og oppover. Vi har aktivitetar på bedehuset i
Uskedalen anna kvar mandag frå kl. 19.00 -20.30.
Jula 2013
USKEDALSPOSTEN
Side 44
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Juleevangeliet
I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.
Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var
landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som
heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman
med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida
då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei
krubbe, for det var ikkje husrom for dei. Det var nokre gjetarar der i området som var
ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel
framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.
Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor
glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er
Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg
i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og
song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»
Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn
til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så
skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei
fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde
på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og
grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt
og sett; alt var slik som det var sagt dei.