Årsmeldinga for 2014

Årsmelding 2014
Sogn og Fjordane Bondelag
1
Politiske utfordringar i eit år med veret på bonden si side
Ein mild og fin vinter med tidleg vår og ein påfølgande god sommar
som gav gode avlingar noko som gjorde godt for oss alle. Regjeringa
var ikkje like gåvmild i sin vilje til å prioritere inntektsvekst for
gjennomsnittsbonden . Våren kom og me gjekk inn i for mange av
oss vårens mest spennande tema, jordbruksforhandlingane. Det var
knytt stor interesse og spenning til kva regjeringa ville tilby oss
bønder. Tilbodet frå regjeringa hadde ein slik innretning og eit så
lågt økonomisk nivå at brotet var uunngåeleg. I etterkant av brotet
greip Stortingsfleirtalet inn og påla regjeringa å gje næringa 250
ekstra millionar i høve til det regjeringa hadde kome med. Det gav ei
viss betring, men det rokka ikkje ved innretninga der ein tek frå dei
mange for å gje inntektsvekst til dei få. Regjeringa må framover ta
inn over seg at den landbrukspolitikken dei ynskjer å føre ikkje har
fleirtal på Stortinget. Eg vil få takka alle som deltok i dei ulike aksjonane rundt i lokallaga
og på stormønstring i Oslo i høve brote i forhandlingane.
Men året har også bydd på dramatiske utfordringar av store dimensjonar. Storbranden i
Lærdal i Januar som førte til store skader. Innsatsen som vart utøvd av bøndene i Lærdal for å
avgrense skadeomfanget var heilt avgjerande at dette ikkje vart meir dramatisk. Dette viser
tydeleg kor viktig norsk landbruk er i krise og beredskapsamanheng. Norsk landbruk med sin
desentraliserte profil med gardsbruk og produksjon over heile landet er viktig å ta vare på.
Storflaumen som me opplevde i haust der Lærdal og Aurland vart spesielt hardt råka viser kor
lite som skal til før me får store øydeleggingar på eigedommar, matjord og bygningar.
Under synfaringa i Lærdal og Aurland som Landbruksministeren hadde i saman med Leiaren i
Norges Bondelag vart det tydleg streka under kor viktig det er at NVE får nok resursar til å
drive førebyggande arbeid som sikrar vassdraga mot slik flaum. Det er også eit varsko til oss
alle at vi må ta endringane i klima på alvor for å sikre tryggleiken til våre etterkommarar.
Me lever i ei tid med stor spenning om korleis framtida til norsk landbruk vil verte. Det er
nok å nemne ord som konsesjonslova, artikkel 19, forenklingsgruppa, marknadsbalansering,
og kvoteregionar saman med ein manglande vilje til å bruke meir pengar. Dei siste dagane
registrerer vi også at regjeringa tek til sin gevinst resultatet av førre regjering sin politikk.
Vi kan garantert vente oss ein vår der Ministeren gong etter gong vitjar utvalde bønder som
talar godt om hennar politikk. Det er flott for dei få som får ein positiv inntektsvekst gjennom
satsinga på dei aller største, men i arbeidet med å nå det overordna målet om ein auka norsk
matproduksjon må det leggast til rette for ein politikk som vil sikre at areal over heile landet
vert brukt. Då må verkemiddelbruken vere differensiert!
Kva verknader denne regjeringa sin politikk vil få vil me ikkje sjå før om nokon år.
Politikken deira vart sett ut i livet frå januar i år.
Til hausten skal me velja nye Kommune og Fylkesting. Det er viktig at Bondelaget er ei
tydleg røyst og kommentator i denne valkampen. Bondelaget skal bidra til ansvarleg gjera
politikarane om deira tankar og vilje for matproduksjonen i Sogn og Fjordane.
Helsing Per Hilleren, fylkesleiar
2
Innhaldsliste
1 Arbeidsplan for 2014/2015
5
2 Møte, kurs og aktivitetar
Regionsamlingar
Fylkesårsmøtet
Bondelagskokk frå Sogn og Fjordane
Bondevenn
Landbruks- og Matminister på besøk
Årsmøte i Norges Bondelag
Jubileumsutstilling på Mo
Open Gard
Prosjekt rekruttering til landbruksnæring og naturbruksutdanning
Innsamling av landbruksplast og metallskrot
Leiarmøtet – samstundes med AgroNordVest
Nettverkssamling for yngre bønder
Rekneskapsførarkurset
Fiskeseminaret
7
7
7
10
10
14
17
17
17
18
19
19
19
21
21
3 Arbeid og representasjon i ulike utval
Grøntutvalet
Verveutvalet – ”tørre å spørje”
Landbruksselskapet
Styret for Innovasjon Norge, region Sogn og Fjordane
Regionalt Bygdeutviklingsprogram
Kontaktutval rovvilt
Sauehald i pluss
Nettverksgruppe Inn På Tunet
Hanen Vestlandet
Føregangsfylke frukt og bær
Samarbeidsrådet
Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag
Samarbeidsadvokatane
Samarbeid med Gjensidige
22
22
22
22
22
22
23
23
24
24
25
25
25
25
4 Aktuelle saker i 2014
Jordbruksforhandlingane 2014
Oppheving av priskontroll på landbrukseigedommar
Etablering av Matsenter i Bergen
Motorferdsel i utmark – fritidskøyring med snøscooter
Mosjonskrav eller beitekrav – sak frå Breim Bondelag
Framtida til mjølkeproduksjonen i fylket
Forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosivar
Forskrift om produksjonstilskot/avløysartilskot
Sogn jord- og hagebruksskule
Tilskot til veterinære reiser og inseminering
Vassrammedirektivet
Informasjonsarbeid
26
29
29
29
29
30
31
31
31
32
33
33
3
Informasjonsarbeid
Lokale kontaktlag 2014/2015
5 Lokallaga våre
Årets lokallag
Medlemsutvikling
Samstyra
Aktiv lokallagsmidlar
6 Fylkeskontoret
Minneord Oddvin Haugland
Minneord Ola Andreas Halsnes
7 Æresmedlemer i fylkeslaget
8 Tillitsvalde og representasjon
9 Rekneskapen 2014
10 Bondelag og leiarar i lokallaga
11 Medlemstal og kasserarar i lokallaga
12 rekneskapslaga og kontor med samarbeidsavtale med Norges B…
Fråsegn jordbruksforhandlingane 2013
33
34
35
35
35
35
36
37
38
39
40
41
44
45
46
47
48
Bilete frå felles styremøte mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i Flåm i mai
4
1. Arbeidsplan for 2014/2015
Hovudstrategi for Sogn og Fjordane Bondelag
Sogn og Fjordane Bondelag skal stå fram som tydeleg, samlande, kunnskapsrik og
framtidsretta på vegne av bonden i Sogn og Fjordane.
Mål for all verksemd er å arbeide for betre inntekt og rammevilkår for bøndene i fylket, samt
å styrke vilkåra for Sogn og Fjordane som eit stort matproduserande fylke.
Lokallaga skal medverke aktivt saman med fylkesstyret for å nå måla.
Kommunikasjon
 Aktiv i lokale og nasjonale media
 Kunnskapsbygging og tett dialog med politikarar på ulike nivå
 Bygge alliansar og eit breitt kontaktnett i fylket på tvers av næringar for å styrke
næringslivet i distrikta sine utviklingsmoglegheiter.
 Bygge alliansar med aktørar utanfor fylket som har samanfallande interesser
 Marknadsføre og utvikle heimesida www.bondelaget.no/sognogfjordane.
 Delta aktivt i dialog på andre sosiale kommunikasjonskanalar på nett
 Bygge ein god dialog mellom fylkesstyret og lokallaga gjennom fadderordning og
deltaking på lokallaga sin aktivitet.
Næringspolitikk
Landbrukspolitiske saker
 Bygge kunnskap om konsekvensar av dei ulike partia sin landbrukspolitikk hos
politikarane sjølve og forbrukarane.
 Sikre politisk forståing for eit sterkt grensevern
 Oppfølging av jordbruksavtala og jordbruksforhandlingane 2014
 Arbeide tett og forpliktande saman med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane når det gjeld dei regionale verkemidlane og innspel
til næringspolitikken.
Næringsutvikling
 Utviklingsprosjekt innan det tradisjonelle landbruket i samarbeid med andre
 Ha ein tett dialog med forskingsinstitusjonar om FOU aktivitet som kan vere med å
styrke landbruksnæringa i fylket.
Grunneigarrettar, eigedomsrett og ressursforvaltning
 Styrke kompetansen og støtte opp om lokallaga sitt arbeid med kommunal planlegging
og utøving. Arbeide for eit styrka jordvern i fylket
 Medverke aktivt til at grunneigarrettar og næringsutvikling vert teke omsyn til i saker
som vedkjem vern og utarbeiding av forvaltningsplanar for verneområda
 Arbeide aktivt for å redusere tap på beite grunna rovvilt.
Utdanning
 Samarbeide tett med ungdomsskulane i fylke, og utvikle og sikre utdanningstilbodet
for naturbruksutdanning i fylket.
5
Organisasjon
 Styrke lokallaga gjennom kursing og tett oppfølging
 Styrke arbeidet med medlemsverving
 Tilby kurs til yngre bønder
 Motivere lokallaga til å låne idear frå andre lokallag, og til å samarbeide med
kvarandre om aktivitetar.
Vedteken i fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag 07.03.2014 på Skei Hotel
Jordbruksoppgjeret 2014 enda med brot og dei 3 damene i trekanten fekk mykje av skulda for
det. På Eid fekk ordføraren ein flokk sauer å passe på.
6
2. Møte, kurs og aktivitetar
Regionsamlingar
Det vart gjennomført 9 regionsamlingar kring i heile fylket med god deltaking. Tema i
innleiingane frå medlemene i fylkesstyret var fokusert på jordbruksforhandlingar og den
politiske situasjonen. Regionsamlingane er ein møtestad for styra i lokallaga og
representantar frå fylkeslaget.
Fylkesårsmøtet
Fylkesårsmøtet vart skipa til på Skei Hotell i Jølster. Det møtte 49 utsendingar frå lokallaga.
I tillegg deltok medlemer i fylkesstyret og gjester. Frå Norges Bondelag møtte dåverande
leiar Nils T. Bjørke. Andre eksterne innleiarar i møtet var Stortingsrepresentant og medlem i
næringskomiteen, Pål Farstad frå Venstre, dåverande leiar i NHO Sogn og Fjordane Leif Arne
Åsen, og Ørjan Skåden frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Leiaren si tale
Leiar, Per Hilleren tok i si tale til årsmøtet mellom anna opp følgjande tema:
- Politisk arbeid i førekant av valet i 2013
- Korleis møte den nye politiske kvardagen?
- Bondevenn kampanjen
- Trongen for ei samla næring i det politiske arbeide framover
- Jordvern som grunnlag for ein framtidig matproduksjon
- Verkemiddelbruk som stimulerer til produksjon av mat i heile landet
- Rekruttering
- Marknadsordningane
- Landbruket sin plass i næringslivet i fylket
- Prioriteringar og utfordringar for dei ulike produksjonane
Næringspolitisk talsperson i Venstre, Pål Farstad medverka til debatt på fylkesårsmøtet
saman med leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke og fylkesleiar Per Hilleren.
7
Fråsegner frå fylkesårsmøtet
Norsk matproduksjon treng areal i heile landet
Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag vil peike på kor viktig distriktslandbruket er for
den totale matproduksjonen i Norge. Skal ein nå næringskomiteen på Stortinget sitt mål om
auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning, trengst det verkemidlar som tek
omsyn til at maten vert produsert i eit langstrakt land med store skilnader i klima, topografi og
arrondering.
Det er vanskeleg å finne samanheng mellom dei måla Regjeringa har for matproduksjonen, og
dei verkemidla landbruksministeren har presentert så langt. Det vil vere avgjerande at
regjeringa, før ho set tiltak ut i livet, gjennomfører eit heilskapleg arbeid som synleggjer
konsekvensar av ulike tiltak. Kunnskap må styre avgjerdene! Ei omlegging av fleire ulike
verkemidlar stykkevis og delt kan få ein sumeffekt som kan få dramatiske konsekvensar for
matproduksjonen i vårt fylke, både på kort og lang sikt.
Norsk sjølvforsyning av mat er på eit lågmål, og Norge har sett seg sjølv i ein svært sårbar
situasjon ved store konfliktar og kriser. Denne trenden må snuast og det må setjast inn eit
krafttak for å auke norsk matproduksjon både i sentrale strøk og i distrikta. Det trengst
inntekt som mogleggjer nye investeringar i husdyrhaldet og i jorda. Fylkesårsmøtet i Sogn
og Fjordane meiner at det vil vere avgjerande med ein distrikts/strukturprofil i ordningane, for
å kunne sikre ein størst mogleg matproduksjon på norske ressursar. Verkemidlane må vere
tilpassa føremålet dei skal tene, og dei må vere fundert på kunnskap om konsekvensane.
Vern av matjord = mat til komande generasjonar
Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag meiner at jordvern må verte eit overordna
omsyn når vegar som til dømes E39 og sentrumsutvikling i fylket skal planleggast. Det å
prioritera ned jordvernet er å prioritera det kortsiktige. Det er på høg tid at det vert innført
eit juridisk og nasjonalt vern for å hindra nedbygging av matjord.
I Norge og Sogn og Fjordane er matjord ein knapp ressurs. Kun tre prosent av Noreg sitt
totalareal er i dag dyrka jord, mot elleve prosent på verdsbasis.
Tal frå Helsedirektoratet viser at den norsk produserte delen av matvareforbruket var nede i
43 prosent for 2012. Det er den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår, og nedgangen frå
året før er på nær fem prosentpoeng. Denne nedgangen må snuast. Auka matproduksjon
krev aktiv og målretta bruk av tilgjengeleg jordbruksareal.
Det er eit stort press på matjorda for bruk til andre formål enn matproduksjon, både i eige
fylke meir sentrale område. Dei som skal byggje ut søkjer billege løysingar utan å tenkje på
dei langsiktige konsekvensane. Det må vere eit mål at parkeringsplassar skal under jorda i
kombinasjon med ei fortetting og bygging i høgda. Fylkesårsmøtet vil peike på at ein til
dømes i Førde kan byggje nye bygg oppe på eksisterande parkeringsplassar ved til dømes
Biltema og Coop-xtra. Samstundes som ein tek vare på parkeringsplassane der dei ligg.
Matjord er ein avgrensa ressurs, som i svært liten grad er fornybar. Krav om nydyrking og
flytting av matjord kan brukast som avbøtande tiltak der matjord er omdisponert, men det vil
8
ikkje kunne erstatte tap av dyrka jord i god hevd. Fylkesårsmøtet vil difor oppmode
politikarar og planleggjarar i Sogn og Fjordane om å legge alternative planar som har eit
fokus å spare svært dyrebar matjord for komande generasjonar.
Glimt frå fylkesårsmøtet 2014
9
Bondelagskokk frå Sogn og Fjordane
Blant 28 søknader om å verte Bondelagskokk for åra
2013-2014, vart Bodil Fjellestad Eikrem plukka ut av
ein einstemmig jury. Utnemninga skjedde på Grüne
Woche i Berlin 2013, og seinare på vinteren vart
utnemninga markert på Gloppen Hotell der Bodil
arbeider som kjøkensjef. Juryen la vekt på Bodil sitt
nære samarbeid med lokale bønder, og at ho er ein
svært god ambassadør for norske bønder og norske
produkt. Bodil Fjellestad Eikrem er den niande i
rekkja av Bondelagskokkar, og ho mottok eit stipend
på kr. 100 000 i samband med utnemninga. Stipendet
brukte Bodil til å skrive kokeboka Bodils
Spiskammers som kom ut på Selja Forlag hausten
2014.
Bondevenn
I 2014 vart det gjennomført ny Bondevenn kampanje i felt og på nett. Leiar i Aurland
Bondelag, Gøril Tveiten Lie og hennar familie var ein av 6 familiar som fekk presentert
bruket sitt i nettkampanjen. Mange lokallag medverka i tillegg med utdeling av forklede til
personar lokallaga meinte hadde gjort seg fortent til eit forklede med påskrifta bondevenn.
10
Bondevener i Lærdal, Aurland og på Eid
11
Bondevenner finn ein også på Eid, i Flora, på Viksdalen og i Stryn
12
I Sogndal fann dei mange vener
13
Landbruks- og Matminister på besøk
Landbruks- og Matminister Sylvi Listhaug besøkte fylket tre gonger i 2014. Det første
besøket vart gjennomført den 22.januar. Det var eit offisielt besøk der Sogn og Fjordane
Bondelag fekk 30 minutt til å informere om landbruket i fylket. Ministeren starta dette
besøket på Nortura i Førde, sidan gjekk ferda vidare til tema om tømmerkai på Kaupanger og
til Lerum Fabrikker der toll på bær og sukkeravgift mellom anna var tema.
Det andre besøket gjekk til Nordfjord. På dette besøket var ikkje næringsorganisasjonane så
velkomne, men vi fekk høve til å lytte til kva som vart sagt på gardsbesøket i Hornindal.
Dette etter avtale med Fylkesmannen og bonden ho skulle besøke. På dette besøket vitja ho
Nordfjord Kjøtt som hadde med sin næringsorganisasjon, KLF, ved Bjørn Ole Juul Hansen og
deretter var det gardsbesøk hos Ola Inge Seljeset i Hornindal som nett har bygt seg ny
lausdriftsfjøs med robot.
Det tredje besøket var den 18. november. Då gjekk til Lærdal og Aurland for å sjå på skadane
etter flaumen sist haust. Der deltok også leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. I dette
høvet var Bondelaget medverkande i planlegginga saman med Fylkesmannen og i forståing
med Ministeren. Fylkesleiaren fekk også delta på middag med Ministeren, hennar reisefølgje
og leiaren i Norges Bondelag kvelden før synfaringa.
Bilete frå ministeren sitt besøk i januar
14
Frå besøk i Hornindal i august
15
Frå synfaringa i Lærdal og Flåm i november
16
Årsmøte i Noregs Bondelag
Årsmøtet i Norges Bondelag vart skipa til på Lillehammer. Sogn og Fjordane Bondelag var
representert med: Per Hilleren, Marit Flatjord, Nils Magne Gjengedal, Kari Sigrun Lysne,
Lidvin Hage, Marianne Kvalvik Kvamme, Ole Ivar Åm Sognnes og Knut Tore Nes Hjelle.
Jon Nummedal møtte som medlem i sentral valnemnd.
Jubileumsutstilling på Mo
26.-29. juni vart det arrangert jubileumsutstilling på Mo. Utstillinga var ei markering av 150års jubileum for den første husdyrutstillinga på Vestlandet. På programmet stod mønstringar,
eksteriørbedømming, køyre- og rideprøver, oppvisning, storfeutstilling og Bondens Marknad.
Det vart ein flott arena for alle aldrar, og ein møteplass for folk både i og utanfor
landbruksnæringa. Utstillingar som denne er eit godt bidrag til å skape interesse for husdyr.
Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret var representant for Sogn og Fjordane Bondelag i
hovudkomiteen for utstillinga. Lokale bondelag og produsentlag frå Jølster, Gaular, Førde og
Naustdal gjorde ein innsats med vakthald og ulike andre oppgåver under utstillinga. Tusen
takk for god innsats, midt i den travle årstida.
Open Gard
Open Gard vart skipa til på tre stader i fylket i 2014; Listene Gard i Eikefjord, Mo og Øyrane
Vidaregåande skule på Mo, og i Leivdalen på Eid. Tilskipingane gjev dei besøkjande gode
opplevingar, og spreier kunnskapar om norsk landbruk. Dyreutstillingane på arrangementa i år
var flotte og vart lagt særleg godt merke til. Det vert gjort ein stor dugnadsinnsats for å få til
arrangementa, tusen takk til alle som var i sving. Det er mykje positivitet rundt Open Gard, og
å få til endå fleire Open Gard tilskipingar i Sogn og Fjordane er ein målsetnad.
17
Bilete frå Open Gard på Listene i Eikefjorden
Prosjekt rekruttering til landbruksnæring og naturbruksutdanning
Gjennom prosjektet ”Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane” er det etablert kontakt med
ungdomsskular i fleire kommunar i Nordfjord og Sunnfjord, og gjennomført aktivitetar som
skal gjere elevane kjende med naturbruksutdanningar og landbruksnæringa. Lokale bondelag
gjer ein god jobb med tilrettelegging for dei ulike aktivitetane i prosjektet. Det mest populære
tiltaket er gardsbesøk over ein heil skuledag for 8. klassingar, der elevane får innsyn i
arbeidsoppgåver og drift av garden. Fleire skular har også hatt klasseromsinformasjon til 9.
klassingar der samvirkeorganisasjonane og Bondelaget har informert om verdiskaping,
sysselsetjing og jobbmoglegheiter knytt til landbruket. I 10. klasse har nokre skular
gjennomført ”Landbruksspelet”, der elevane skal vere bønder for ein dag og ta stilling til
mange spørsmål og avgjerdsler som bonden må ta. Spelet er eit tverrfagleg gruppearbeid som
går over ein heil skuledag. Det har kome tilbakemeldingar om at landbruksspelet bør
oppgraderast slik at ein brukar data som ein del av gjennomføringa. Prosjektet er i hovudsak
drifta med løyvingar frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine midlar for rekruttering og
kompetanseheving i landbruket. Auka aktivitet i prosjektet krev at ein finn fleire kjelder til
finansiering.
8. klasse i Førde var på besøk på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Dei fekk oppleve ulike
arbeidsoperasjonar på eit gardsbruk med variert husdyrhald og produksjon.
18
Innsamling av landbruksplast og metallskrot
Også dette året har det vore lagt til rette for innsamling av landbruksplast og mestallskrot i
ulike kommunar. Bondelaget på fylkesnivå medverkar med dekking av deler av kostnader til
annonser, men elles er det Tenden Transport som står for planlegginga saman med lokale
krefter.
Leiarmøtet - samstundes med AgroNordVest
Leiarmøtet var i 2014 lagt som ein del av programmet under AgroNordVest den 31. oktober
og 1. november. Først eit separat møte med tema på landbrukspolitikk og medlemsverving.
Frå Norges Bondelag deltok Brita Skallerud og Kaja Heltorp. Fredag ettermiddag og laurdag
deltok ein på fellesprogrammet til AgroNordVest som inneheldt politisk debattmøte, sosialt
samver med underhaldning og faglege føredrag. På innleiarslista stod Ole Christian Apeland,
Kommunikasjonsbyrået Apeland, Einar Enger, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Trond Reierstad,
styreleiar i Tine, Kari Redse Håskjold, nestleiar i Nortura og Gunn Aase Moldestad,
Sparebanken Sogn og Fjordane. Ved å legge leiarmøtet til AgroNordVest kunne ein tilby eit
meir omfattande program og fleire å samtale med i pausar og kring matbordet.
Nettverkssamling for yngre bønder
Fylkeslaget hadde saman med Tine, Nortura og Felleskjøpet ansvar for planlegging av
AgroNordvest. Som ein del av programmett vart det tilbydd ei nettverkssamling for yngre
bønder der tema var landbrukssamvirket og ulike val som framtidsbonde. Innleiarar var:
Ola Hedstein, administrerande direktør Norsk Landbrukssamvirke, Kjartan Åsnes,
mjølkebonde i samdrift frå Fjaler som nett har gått over frå mjølkestall til robot og Marianne
Kvalvik Kvamme, har vore med og bygt opp eit bruk frå grunnen av og har no omlag 100
vinterfora sauer og litt meir på garden i Flora kommune. Deltakinga kunne ha vore betre på
dette kurset, men dei som deltok sa seg godt nøgde.
Ola Hedstein og Kjartan Åsnes delte sine erfaringar og tankar
19
Agro Nordvest 2014: Faglege innleiingar- debatt – underhaldning og kommunikasjon
20
Årets matprodusentar 2014. To familiebruk i familielandbrukets år: Janne og Kåre Årdal frå
Eid og Hilde og Ragnvald Søgnesand frå Jølster.
Rekneskapsførarkurset
Det årlege tema- og skattekurset for rekneskapsførarar vart skipa til på Kviknes Hotel i
Balestrand 22.-24. oktober 2014. Kurset starta med temadag, som er eit samarbeid mellom
Økonomiforbundet og Norges Bondelag. Kurstema var ”Odel, konsesjon og jordlov”, og
forelesar var Ole Jacob Helmen frå Bondelagets Servicekontor. Skattekurset gjekk over to
dagar og hadde 74 deltakarar. Aktuelle tema som var oppe var skatte- og avgiftsopplegget,
etikk for rekneskapsførarar, bortfall av arveavgift og innføring av kontinuitetsprinsippet.
Forelesarar var Pål Kristian Ormstad og Rune T. Rylandsholm frå Bondelagets Servicekontor.
Lars Erik Aamodt frå Skatteetaten var til stades og informerte om nytt system for
lønsinnberetning.
Fiskeseminaret
Det vart arrangert fiskeseminar på Rica Sunnfjord Hotel 25. januar 2014. Seminaret var eit
samarbeid mellom Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Skogeigarlaget, Bondelaget og Jegerog fiskeforbundet i Sogn og Fjordane. Grunneigarar, representantar frå kommunar,
sportsfiskarar og lokale jakt- og fiskarlag var samla til fagleg skulering og sosialt samvær.
Deltakarane fekk mellom anna informasjon om fangstutvikling i Sogn og Fjordane, og om
pliktig organisering for dei med fiskerett i lakseførande vassdrag.
21
3. Arbeid og representasjon i ulike utval
Grøntutvalet
Sogn og Fjordane har felles grøntutval med Hordaland og Møre og Romsdal. Kari Sigrun
Lysne representerer Sogn og Fjordane Bondelag i utvalet. Utvalet drøftar saker som vedkjem
grøntnæringa og kjem med innspel til jordbruksforhandlingane. I 2014 hadde utvalet eit
telefonmøte og elles dialog via e-post kring aktuelle saker.
Verveutvalet – Tørre å spørje
Vervekampanjen med mottoet ”Tørre og spørre” heldt fram hausten 2014. Målet med
kampanjen er å få medlemsverving på dagsorden i heile organisasjonen. I år var det særskild
fokus på å invitere unge bønder/”nye” bønder med i Bondelaget. Fylkeslaget mottok lister frå
produsentregisteret over søkjarar om produksjonstilskot som ikkje er registrerte som
medlemar i Bondelaget. Fylkeskontoret gjekk gjennom listene, og sende dei kommunevis ut
til lokallaga med oppmoding om vidare oppfølging. Medlemsverving var også tema under
leiarmøtet på Hotel Alexandra i Loen. Prosjektleiar for ”Tørre og spørre” ,Kaja Heltorp frå
Norges Bondelag, heldt ei inspirerande innleiing om verving og sende gode vervetips med på
vegen. Fylkeslaget ynskjer ein tett dialog med lokallaga om korleis vi best kan organisere
vervearbeidet.
Landbruksselskapet
I 2014 vart det gjennomført årsmøte i Landbruksselskapet og to møte i Arbeidsutvalet for
Landbruksselskapet. Fylkesleiaren representerer Sogn og Fjordane Bondelag i desse møta.
Tema som har vore drøfta i Landbruksselskapet i 2014 har vore: Gjennomgang og oppfølging
av storefeprosjektet og prosjekt sau i pluss, omdømmebygging, dreneringstilstand på areal,
rovviltproblematikk og gjerde og beitehald.
Styret for Innovasjon Norge, region Sogn og Fjordane
Tidlegare styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Brit Brækhus representerer den
landbaserte primærnæringa i styret. Med seg i styret har Brit følgjande personar: Jenny
Følling, leiar, Knut Eikeland, nestleiar, Hilmar Høl, Stig Oldeide, Aud Melås, Inger Johanne
Osland og Lars Hellandsjø.
Regionalt Bygdeutviklingsprogram
Den regionale Bygdeutviklingsprogrammet vert følgd opp med med konkrete tiltaksplanar for
dei ulike planområda. Denne planen vart drøfta med Fylkesmannen ein gong i året. I gruppa
som drøftar dette sit: Christian Rekkedal (FMLA), Eva Huke (KS), Rune Fromreide (IN),
Halvor Brosvik (SFSKOG), Torbjørg Grimsbø Eskeland (SFBS) og Merete Støfring (SFBL)
Kontaktutval rovvilt
I 2014 vart det dessverre rekordtap til rovvilt i fylket. Den store skadegjeraren er jerven som
dette året drap svært mykje sau/lam i området mellom Årdal og Lærdal. Også i Luster var det
stor skade grunna jerv og då særleg i Jostedalen. I tillegg til jerven busette ein ulv seg i
fjellområda mellom Naustdal og Førde. Han drap og skada mange sau/lam utover heile
22
hausten frå starten av august. Ulven vart felt i desember. Det har sidan vore observasjonar av
det ein meiner kan vere ulv i Gaular og Askvoll utan at dette så langt er stadfesta av SNO.
Kontaktutvalet for rovviltsaker hadde to møte i 2014. Eitt på vår og eitt på seinhausten. Dette
for å kartlegge situasjonen og for å ah ein dialog mellom næringa og forvaltninga. Marit
Flatjord og Merete Støfring møter for bondelaget i møta i kontaktutvalet. Marit er leiar i
utvalet.
Sau i pluss
Norsk Landbruksrådgjeving er eigar og drivar av dette prosjektet. Sogn og Fjordane
Bondelag er representert ved Marit Flatjord i referansegruppa for prosjektet. Etter ein noko
treg start er no prosjektet i godt gjenge og interessa for å utbetre og bygge nye sauefjøs er god.
Nettverksgruppe Inn På Tunet
Inn på Tunet nettverket i Sogn og Fjordane organiserer tilbydarar av Inn på Tunet-tenester.
Nettverket tel om lag 40 tilbydarar i Sogn og Fjordane. Linda Rognø frå Gaular er leiar av
nettverket. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si landbruksavdeling har ansvaret for å
koordinere og utvikle arbeidet med Inn på Tunet i Sogn og Fjordane, og i 2014 vart Karoline
Bjerkeset tilsett som prosjektleiar. Bjerkeset har gjeve fylkesstyret til Sogn og Fjordane
Bondelag orienteringar om Inn på Tunet satsinga. 1. vara til fylkesstyret, Marianne K.
Kvamme, er Sogn og Fjordane Bondelag sin representant i ei referansegruppe for Inn på
Tunet. Marianne har og teke del på Inn på Tunet-utvalet i Norges Bondelag si fagsamling.
Kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag fører rekneskapen for Inn på Tunet-nettverket i Sogn
og Fjordane, mot ei økonomisk godtgjering.
23
Hanen Vestlandet
Hanen Vestlandet organiserer tilbydarar i Sogn og Fjordane og i Hordaland som driv med
gardsmatproduksjon og bygdeturisme. Inge Menes og Merete Larsmon er representantar frå
Sogn og Fjordane i styret til Hanen Vestlandet. Lene Tørvik frå Strandebarm er leiar.
Rekneskapen og ein del andre økonomitenester vert utført ved kontoret til Sogn og Fjordane
Bondelag mot ei økonomisk godtgjering.
Føregangsfylket frukt og bær
Føregangsfylket økologisk frukt og bær er eit prosjekt initiert av Landbruks- og
matdepartementet i 2009 basert i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er 5 ulike
føregangsfylke innan ulike økologiske produksjonar. Målet er å bidra til 15% produksjon og
forbruk av økologiske varer innan 2020. Prosjektet har fått signal om midlar til ut 2017.
Bondelaget er representert i styringsgruppa som har 4 årlege møte med Jon Asbjørn Målsnes.
Føregangsfylket har dreve eigeninitierte prosjekt og gitt støtte gjennom søknader frå frukt- og
bærmiljøet i fylka. Hovudaktiviteten har vore retta mot produsentar og marknaden.
For å informera produsentar om økologisk produksjon har prosjektleiar samt medlemer i
styringsgruppa delteke på årsmøte, fagsamlingar, markdagar, studieturar m.m. Gruppa har
vore på fleire studieturar utanlandsk for å sjå korleis andre miljø har lukkast eller feila.
Maskinmesser har vore nyttige å vitja då det finst mykje spesialutstyr å få.
For å gjera informasjon om dyrking lett tilgjengeleg har føregangsfylket arbeidd med
etablering og bruk av nettsider. Plantevernplan finn ein på: agropub.no og anna informasjon
ligg mellom anna på fylkesmannen sine sider.
24
Samarbeidsrådet
Dette er eit samarbeidsorgan for fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. I Samarbeidsrådet sit
styreleiarar i faglaga og dei øvste tillitsvalde i samvirkeorganisasjonane frå dei to fylka. Leiar
i Arbeidsutvalet inneverande år er Even Øyri, som er tillitsvald i Nortura frå Hordaland.
Samarbeidsrådet arbeider med politiske kontaktar, med FoU og tek elles opp utfordringar som
dukkar opp, og som er felles for dei to fylka. Forumet har også ein funksjon som ein stad der
kunnskap kan byggast om dei ulike organisasjonar sitt arbeid.
Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag
Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag heldt sitt årsmøte på Quality Hotel i Sogndal, 29.-30. mars
2014. Det møtte 57 medlemar med røysterett. Ragnhild Kvame vart attvald som fylkesleiar,
og med seg i styret har ho hatt Aud Lunde, Vivi Helen Storaas, Frida Refsum og Eldbjørg
Stegane Engebø. Med sine 47 lokallag har bygdekvinnene ei viktig rolle for bygdene i Sogn
og Fjordane. Mange av laga er aktive på Open Gard, bygdedagar og andre tilskipingar. I 2014
har ”Aksjon sunn matglede” vore tema, og fleire av lokallaga har hatt matlagingskurs der barn
og foreldre tek del saman. Mot eit årleg vederlag utfører kontoret til Sogn og Fjordane
Bondelag økonomitenester, samt ein del andre kontoroppgåver, for Sogn og Fjordane
Bygdekvinnelag.
Samarbeidsadvokatane
I tillegg til den juridiske kompetansen i Norges Bondelag, har Norges Bondelag avtaler for
juridisk hjelp til medlemer gjennom ei ordning med samarbeidsadvokatar. I Sogn og Fjordane
har Norges Bondelag to slike avtalar med følgjande: Advokatfirmaet Harris med kontor i
Sogndal og Førde og advokatkontoret Blikra, Slotterøy og Fonn i Førde. Vår kontaktperson i
dette firma er advokat Erik Slotterøy. Til liks med rekneskapskontora har
samarbeidsadvokatane ein serviceavtale med Norges Bondelag, der alle frå fylka i landet og
ein tilsett på dei fylkesvise bondelagskontora samlast ein gong i året for kompetanse- og
nettverksbygging. Mange av sakene vert kanalisert frå medlemer over telefon via
Bondelagskontoret til samarbeidsadvokatane. Bondelagskontoret i Førde har etter flyttinga
hausten 2013 kontor i same bygg og etasje som Slotterøy og Co.
Samarbeid med Gjensidige
Norges Bondelag forlenga i 2010 sin samarbeidsavtale når det gjeld forsikring med
Gjensidige. Vi har ein tett dialog med Gjensidige sine assurandørar i fylket. Dei ringjer
gjerne kontoret om medlemsskap. Gjensidige har dei siste åra vore gjennom svært mange
omorganiseringar. Dette gjer at fylkeslaget sin kontakt med Gjensidige i høve gjennomføring
av ulike aktivitetar er vorten svært avgrensa. Fylkeslaget sin kontaktperson, utover ein
assurandør i eige fylke, er Per Asbjørn Andvik.
25
4. Aktuelle saker i 2014
Jordbruksforhandlingane 2014
Det var knytt mykje spaning til jordbruksoppgjeret 2014. Det første oppgjeret med Sylvi
Listhaug som Landbruks- og Matminister. Oppgjeret enda i brot med aksjonar lokalt og
nasjonalt. Deretter plussa V og Krf på regjeringa sitt framlegg gjennom forhandlingar
mellom dei to partia og regjeringspartia i Stortinget. Slike påplussingar i Stortinget si
handsaming er ikkje vanleg og må sjåast på som eit sterkt signal til regjeringa om at tilbodet
ved årets forhandlingar var for dårleg. Oppgjeret var godt for dei aller største
husdyrhaldarane, medan gjennomsnittsbruket fekk lite eller ingenting og mange bruk kom ut
med minustal. Ein slags omvendt Robin Hood der ein tek frå dei minste og gjev til dei
største.
Punktmarkeringar ulike stader i fylket
26
27
Glimt frå markeringa i Oslo den 20. mai 2015
28
Oppheving av priskontroll på landbrukseigedommar
Den nye regjeringa sat ikkje lenge i stolen før høyringssakene byrja å kome ut. Ei av dei
første var eit forslag om å oppheve priskontrollen på landbrukseigedommar. Fylkesstyret
handsama sak og kom til følgjande konklusjon: Sogn og Fjordane Bondelag vi behalde
prisreguleringa knytt til §9 i konsesjonslova med utgangspunkt i at det er denne paragrafen
som gjev heimel for politisk styring både for å halde kostnadane nede ved kjøp av
konsesjonsbelagt landbrukseigedom og det gjev grunnlag for ei politisk styring mot eit meir
robust og effektiv produksjonsareal for bøndene sin matproduksjon. Det må så i større grad
gjevast moglegheit for prisdifferensiering for landbruksareal til jordbruksformål og for areal
til alternativt anna formål. Her må priskontroll gjelde for jordbruksarealet og i større grad
marknaden ved prisfastsetjing av areal som vert omsett til alternativt til bustadformål,
tomtegrunn eller til andre utbyggingsformål. Dette også kunne vere med å realisere
grunneigar sine interesse om å ein høgast mogleg samla verdi ved sal av
landbrukseigedomen. Det må så setjast krav til at den kommunale sektor set av nødvendig
ressursar og kompetanse til å gjennomføre ei forsvarleg handsaming av priskontroll av
landbrukseigedomar ved konsesjon. Støttepartia i Stortinget ynskte ei heilskapleg
handsaming av eigedomspolitikken. Regjeringa sitt svar på det var å sende ut eit forslag om å
oppheve heile konsesjonslova. Den saka har høyringsfrist i januar 2015, og så langt er eit
stort fleirtal av dei som har sendt inn høyringssvar mot regjeringa sitt forslag.
Etablering av Matsenter i Bergen
På styremøtet i mai fekk styret ei orientering frå Norsk Sjømatsenter om eit prosjekt knytt til
etablering av ei blå/grøn satsing med etableringa av eit regionalt matsenter på Fisketorget i
Bergen. Norsk sjømatsenter ynkste å knyte sterkare band til grøne næringar og skape ein
felles leiande formidlings- og utviklingsarena for mat. Ei slik satsing ville krevje 1 million i
frisk aksjekapital frå landbruket. Styret i Sogn og Fjordane Bondelag såg ikkje nytten av
dette tiltaket for vårt fylke og sa pent nei til deltaking medan Hordaland Bondelag har gått inn
med eit større beløp føresett at tiltaket kjem i gong.
Motorferdsel i utmark – fritidskøyring med snøscooter
Det låg føre sak som vedkjem endringar i lov 10.juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og
vassdrag (motorferdselloven), og forskrift 15. mai 1988 nr 356 for bruk av motorkjøretøyer i
utmark og på islagte vassdrag. Saka var sendt ut på høyring frå Klima- og
miljødepartementet til Norges Bondelag. Fylkeslaget fekk saka på høyring frå Norges
Bondelag. Departementet gjer framlegg om at det vert gjeve ein viss opning for køyring med
snøscooter til fornøyelse ved at kommunane får høve til å etablere løyper for slik køyring. I
sitt svar til Norges Bondelag presiserte fylkesstyret at det er viktig at grunneigaren sin rettar
ikkje vert sett til sides av eit press om å få til scooterløyper i nokon område i ein kommune.
Mange vil truleg oppleve det som ei belastning å få eit framlegg til arealplan der det vert
planlagt scooterløype over sin eigedom. Fylkesstyret var også tydeleg på at det må gjevast
økonomisk kompensasjon til grunneigarar som opnar opp for slik aktivitet på sin eigedom.
Slike løyve må heller ikkje vere til hinder for at løyve til nyttekøyring kan gjevast som i dag.
Mosjonskrav eller beitekrav – sak frå Breim Bondelag
I september sende Breim Bondelag eit brev direkte til Landbruks- og Matminister Sylvi
Listhaug der tema knytt til krav om beite i lov om hold av storfe vart teke opp. Fylkeslaget
fekk kopi av brevet og innhaldet vart drøfta i møte i fylkesstyret. Breim Bondelag oppmoda
29
Ministeren til å opne opp for at også nye fjøs kan få dispensasjon frå forskrifta når det gjeld
krav til beite. Dispensasjonen må gjelde for kyr i produksjon. I grunngjevinga syner Breim
Bondelag til at arealtilgang, topografi, arrondering og klima vil gjere det svært vanskeleg å
kunne tilby dyra beite i tråd med forskrifta. Lokallaget fryktar at forskrifta kan gjere det
vanskeleg å bygge nye fjøs på Vestlandet. Fylkesstyret sa seg samd med lokallaget i at også
nye fjøs burde kunne få høve til å nytte luftegard når ikkje anna er praktisk mogleg å få til
innan dei økonomiske rammer og den arbeidskvardagen som er tilgjengeleg. Saka vart teken
opp med Norges Bondelag sentralt utan å få tydeleg forståing for utfordringane i våre
området. Beitekravet ligg fast, men i e-post frå sakshandsamar går det fram at kravet til
beiting vert tolka slik:
• Mosjonskravet = krav om mosjon - ikke et krav om fôropptak!
• Det er opp til bonden å bestemme fôringsstrategi for dyra ut fra produksjonsmessige
forhold, praktisk innretning av drifta osv
• Grunnen til at kravet sier mosjon på beite, er at beite er det som i størst mulig grad
ivaretar dyras naturlige adferds behov
• Men: om kua sitt energibehov dekkes av beite eller ved fôring av grovfôr innendørs/
høstet grovfôr – påvirkes ikke av mosjonskravet.
• Dvs man kan bruke mosjonsbeiter - grasbevokst underlag, men med begrenset
mulighet for opptak av beitevekster - for å oppfylle kravet.
Framtida til mjølkeproduksjonen i fylket
Fjaler og Hyllestad Bondelag hadde invitert fylkesstyret til rundtur i deira kommunar for å
drøfte utfordringane som dei står overfor når det gjeld høve til fornying av driftsbygningane i
mjølkeproduksjonen. Fokus vart også sett på krav til beite og krav til lausdrift. Det vart også
synleggjort skilnader i nedbør mellom ulike deler av fylket. Lokallaget gav uttrykk for at
situasjonen er alvorleg og at investeringsverkemidlane må kraftig betrast om ein skal ein klare
å oppretthalde mjølkeproduksjonen i desse områda. Styret ser at utfordringane knytt til
30
fornying av driftsapparatet i mjølkeproduksjonen med omlegging til lausdrift vil vere ei av dei
største utfordringane for landbruket i fylket dei komande åra. For 2015 er tak på tilskot ved
nyinvestering heva til 2 millionar. Prosentsatsen for tilskot er på 25 % av kostnadsramma. Ei
heving av taket til 2 millionar vil vere ei betring for investeringar i mjølkeproduksjonen, men
det vil framleis vere krevjande å bygge nye fjøs. Bondelaget sitt primære ynskje var å kunne
oppretthalde prosentsatsen på 33% samstundes som ein auka taket, men Innovasjon Norge,
Fylkesmannen og småbrukarlaget meinte at 25 % fekk halde. Det må vere eit mål å auke
ramma til investeringar slik at prosentsatsen kan hevast. Spørsmålet er om dagens regjering
vil bruke meir pengar på landbruket.
Forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosivar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) sende hausten 2014 forslag til ny
forskrift for handtering av utgangsstoff for eksplosivar på høring.
Bakgrunnen for forslaget er terrorangrep i Europa og terrorangrepet her til lands 22. juli 2011.
Den nye forskrifta tek inn både EU regelverk og nasjonale tiltak. Hensikt er mellom anna å få
på plass reglar som kan redusere risikoen for at utgangsstoff for eksplosivar kan komme på
avvege eller i feil hender. Ammoniumnitrat med 16 % eller meir nitrogen vert rekna som
utgangsstoff som eksplosivar, dette medfører at hovudparten av mineralgjødsla som vert brukt
i norsk landbruk vert omfatta av forskrifta. For ammoniumnitrat med 16 % eller meir
nitrogen er det allereie eit forbod mot å omsette dette stoffet til andre enn personar med
yrkesmessig trong. I utkastet til forskrift kjem det no restriksjonar for privatpersonar sin
tilgang til øvrige stoff som kan vere utgangsstoff for eksplosivar. Forslaget til ny forskrift
skjerpar krava til lagring av gjødsel og til tilsyn med gjødsel som er lagra. Fylkesstyret har
forståing for at det vert sett i verk strengare krav til oppbevaring av utgangsstoff for
eksplosivar, men at det vert teke omsyn til utfordringar av økonomisk og praktisk karakter
som eit slikt strengare regelverk vil medføre.
Forskrift om produksjonstilskot/avløysartilskot
Som ein konsekvens av jordbruksoppgjeret 2014 sende regjeringa ut forskrift om
produksjonstilskot ut på høyring. Avløysartilskot vert no inkludert i forskrift om
produksjonstilskot. Dei fleste endringane kjem som følgje av føringar gjeve i
jordbruksoppgjeret. Dei viktigaste endringane er:
 Særorningarr for samdriftene vert oppheva.
 Samdrifter må dokumentere bruk av avløysar til liks med andre foretaksformer.
 Det ligg føre ei presisering av kva driftsfellesskap er.
 Det vert opna opp for kjøp av avløysartenester frå andre føretak enn avløysarlag/ring
 All refusjon for avløysartenester skal betalast direkte til bonden
Sogn jord- og hagebruksskule
Sogn jord- og hagebruksskule treng sårt opprusting og det har i 2014 vore gjort ein svært god
innsats lokalt i Aurland og frå det økologiske miljøet for å sikre løyvingar til slik opprusting.
I desember vedtok fylkeskommunen å medverke til at det kan gjennomførast eit
ekstraordinært vedlikehald på skulen. Full utbygging og renovering vart vurdert til å vere for
dyrt for fylkeskommunen. Avvikling vart vurdert til å ha store negative konsekvensar. Difor
vart eit tredje alternativ, nemleg ekstraordinært vedlikehald, vedteke. For at fylkeskommunen
31
skal bruke 20 millionar kroner på SJH, er det en føresetnad at det ekstraordinære
vedlikehaldet sikrar skuledrift i 10–12 år. Fylkestinget vedtok å utgreie kor mykje det vil
koste å gjennomføre slikt vedlikehald. Resultatet av utgreiinga skal handsamast i fylkestinget
i juni. Venneforeininga ser svært optimistisk på et spleiselag med 20 millionar frå
fylkeskommunen, 5 millionar frå kommunen og 5 millionar frå staten. Norges Bondelag har
støtta opp om skulen gjennom skriftlege innspelt il staten og fylkeskommunen.
Leiar i Aurland Bondelag, Gøril Tveiten Lie og ordførar i Aurland Noralv Distad nytta høvet
til å snakke fram jordbruksskulen på tur mellom flauområda i Lærdal og Flåm.
Tilskot til veterinære reiser og inseminering
Landbruksdirektoratet sende framlegg til ny forskrift om tilskot til veterinære reiser, og til
inseminasjonstilskot, på høyring hausten 2014. Bakgrunnen for høyringa var ein
gjennomgong dei hadde starta på i forkant av jordbruksforhandlingane i 2014. Her følgjer ei
kort oppsummering av framlegget til endringar:
 Det vert innført eit reisetilskot, som skal erstatte dagens ordning med eit tilskot for
reisetid og km-godtgjering basert på statens reiseregulativ for veterinære reiser over 40
km. Storleiken på reisetilskotet skal verte fastsett i jordbruksoppgjeret.
 Fjerning av eksisterande vilkår om at det ikkje skal bli gjeve tilskot til veterinære
reiser der reisekostnadar står i urimeleg tilhøve til dyret sin verdi. I staden vil ein
innføre eit maksimalbeløp er rekvirentbesøk og eit maksimalbeløp per km ved bruk av
leigd skyssbåt. Tilskotstak vert fastsett i jordbruksoppgjeret
 Geno og Norsvin kan ikkje godtgjere veterinærar meir enn 40 km av reiselengda per
inseminasjonsbesøk med statlege midlar.
 Ny måte å berekne inseminasjonstilskot mellom Geno og Norsvin. Midlane skal
fordelast forholdsmessig mellom Geno og Norsvin med bakgrunn i kva tilskotsbeløp
dei måtte fått om dei skulle sett produsentane sin eigendel i heile landet lik dei faktiske
kostnadane i det rimelegaste fylket distributøren opererer.
Endringsframlegga vart gått gjennom i styremøte i desember 2014, og med bakgrunn i
drøftingane vart det sendt høyringsinnspel til Norges Bondelag. Framlegget vil få
konsekvensar for bønder som driv næring langt frå veterinæren sin kontorstad, og dei som
er avhengige av skyssbåt for å få veterinæren på plass. Partane i jordbruksoppgjeret skal
fastsetje reisetilskotsatsar og maksimalbeløp per besøk og det knyt seg uvisse til om nivået
vert høgt nok til at det reelt sett er eit bidrag til utgiftskompensasjon for dei som driv
dyrehald i utkantane.
32
Vassrammedirektivet
Regional vassforvaltningsplan og tiltaksprogram for vassregion Sogn og Fjordane vart sendt
på høyring i oktober 2014, og med høyringsfrist til 31. mars 2015. Det har tidlegare vore
høyringar i dei fire vassområda i vassregionen.
Forvaltningsplanen inneheld framlegg til miljømål for dei einskilde elvar, innsjøar, fjord- og
kystområde. Miljømåla i forvaltningsplanen vert bindande inntil ny rullering av planen etter 6
år. Tiltaksprogrammet skal innehalde tiltak som er naudsynte for å nå miljømåla. Landbruk
vert ofte trekt fram som ein mogleg påverkar på vassmiljøet, men mange stader er
kunnskapsgrunnlaget svært mangelfullt. Mange av tiltaka som er skisserte i
tiltaksprogrammet, er difor vidare problemkartlegging. Arbeidet med vassrammedirektivet er
kontinuerleg, og det krev tett oppfølging. Det vil vere viktig framover at lokale bondelag
engasjerer seg og kjem med innspel til arbeidet.
Informasjonsarbeid
Sogn og Fjordane Bondelag ser det som viktig å vere med i den offentlege debatten. Mykje av
meiningsdanninga skjer gjennom media, og då må Bondelaget vere tilstades. Samstundes er
dette ein god måte å nå ut til den store medlemsmassen. Både lokallaga og fylkeslaget har eit
ansvar for å nytte lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane. Her gjeld det å kommentere
aktuelle saker, skrive lesarinnlegg, tipse media og setje saker på dagsorden. I ein del
samanhengar er det rett at leiar kommenterer ei sak, men det kan vere like rett å vise til
ressurspersonar som har gjort noko viktig eller har særleg kunnskap. Skal ein nå fram må ein
kome med ein tydeleg bodskap. Vi vil gje ros til einskildpersonar og lokallag som har gjort
ein god jobb med å få saker på i media. Ved å tilsetje ein utdanna journalist ved kontoret er
målet at fylkeslaget skal bli endå betre på å synleggjere bodskapen vår i ulike media.
Heimesida
I takt med frammarsjen av sosiale media er heimesida vorten mindre brukt til nyhende. Det
er ofte lettare og krev mindre tid å legge ut lenkje på Facebook enn å lage artiklar til
heimesida. Norges Bondelag oppdaterte utsjånaden på sida og endra funksjonane, slik at den
skal vere meir tilpassa dagens utsjånad på heimesider. Samstundes er det oppretta eit intranett
der lokallaga sjølve kan logge seg på å hente ut medlemslister med meir. Dei som er
registrerte med styreverv kan no logge seg inn via nettsida til Norges Bondelag, og få tilgong
til informasjon om lokallaget. Ein kan ta ut medlemslister, få informasjon om inn- og
utmeldingar, og oppdatere styreverv og ein kan sende ut SMS til medlemar.
Sosiale media
Bruk av sosiale media er kome for å bli. Fylkesstyret har ambisjonar om å bruke både
Facebook og Twitter, men vegen fram til at ein vert skikkeleg målretta er framleis lang.
Norges Bondelag fekk ros for måten sosiale media vart nytta på under brotet i
jordbruksforhandlingane. Skal ein lukkast endå betre krev det at medlemene engasjerer seg
og vert med på å dele og kommentere sakene.
Informasjon til lokallaga
Fylkesstyret har fordelt lokallaga mellom seg. Kvar styremedlem har eit mål om å kontakte to
lokallag mellom kvart styremøte, for å drøfte aktuelle saker. Kontakten og ringerunden med
lokallaga er sak i kvart styremøte. Lokallag får elles sin informasjon gjennom brev og e-post
33
frå sentralt og fylkeslaget. Tal brev som vert sendt ut frå fylkeslaget er medvite halde på eit
minimum då tal brev frå sentralt er relativt mange gjennom året. Lokallaga har ei eiga side
på heimesida til Norges Bondelag der alle brev som er sendt lokallaga frå sentralt ligg. Der
ligg også nyttige malar til bruk ved innkalling til lokallagsårsmøta og liknande.
På Intranett kan lokallaga sjølve hente informasjon om medlemstal, innmeldingar,
utmeldingar og dei kan sende SMS til medlemer som er registrerte med mobilnummer. Laga
kan også sjølve legge inn endringar i styra etter årsmøta.
Lokale kontaktlag 2014/2015
Fylkesstyret ynskjer å halde ein tett dialog med lokallaga. For arbeidsåret 2014/2015 vart
lokallaga fordelt slik mellom styret sine medlemer og 1. vara:
Per Hilleren:
Marit Flatjord:
Nils M.
Gjengedal:
Kari Sigrun
Lysne:
Lidvin Hage:
Marianne K.
Kvamme
Brekke, Nordre Gulen, Eidsbotn, Solund, Høyanger, Balestrand og Førde
Davik & Ålfoten, Eid, Kjølsdalen, Henden, Gloppen, Hyen, Breim,
Jølster, Stardalen
Holmedal og Askvoll, Stongfjorden, Fjaler og Hyllestad, Gaular,
Viksdalen og Naustdal
Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Jostedal, Hafslo, Veitastrond og Indre
Hafslo
Vik, Selje & Stadlandet, Hornindal, Stryn, Oppstryn, Loen, Vikane, Olden
og Nordsida
Leikanger, Sogndal, Fjærland, Bryggja, Flora, Norddalsfjord og
Eikefjord
Jørn Arne Vanberg og sambuaren Norunn Osen i Kandalen i Gloppen kommune tykte det var
stas å bli nominert som kandidat til Årets Unge Bonde 2014.
34
5. Lokallaga våre
Sogn og Fjordane Bondelag har knytt til seg 46 lokallag. Mange av laga har jamt god
aktivitet, men vi slit med lite aktivitet i kring 10 av lokallaga. Det er eit mål for fylkesstyret å
sikre eit minimum av aktivitet i alle lokallaga, då lokallaga er basisen i den styrken
organisasjonen har. Fylkesstyret held kontakt med laga i form av telefonsamtaler og elles
representasjon i ulike møte og tilskipingar. Nokon av leiarane i lokallaga er flinke til å ta
kontakt og kome med tilbakemeldingar. Det set styret og kontoret pris på. Andre høyrer vi
knapt frå og er vanskelege å få tak i på telefonen. Leiaren i lokallaget er oftast avgjerande for
om det vert aktivitet i laget. Fylkesstyret ynskjer å støtte opp om leiarane og motivere dei til
innsats. Difor vil dialog med leiaren i lokallaget vere viktig. Årsmøtet i lokallaget er ein
møteplass der også medlemene kan treffe fylkesstyremedlemene. Årsmøta i lokallaga er
vedtektsfesta og skal etter endring i vedtektene gjennomførast innan 1. november. Det
lukkast for 26 lag å skipe til årsmøte innan fristen i 2013.
Årets lokallag
På fylkesårsmøtet på Skei i mars 2014 vart Breim Bondelag peika ut som Årets Lokallag.
Aktiviteten til laget er jamn gjennom heile året. Det vert lagt vekt på både fagleg informasjon
og sosiale tilbod til medlemane. Breim Bondelag brukar alltid å vere representerte på
fylkeslaget sine møte og arrangement, og dei følgjer opp lokallaget sine oppgåver på ein god
måte. Laget er flinke til å kontakte og komme på i media. I september 2013 gjorde Breim
Bondelag ein ekstraordinær innsats då dei arrangerte Landbruksdagar som ein del av Sogn og
Fjordane fylke sitt 250 års jubileum. Heile landbruksnæringa i fylket var samla til to dagars
feiring på Norsk Fjordhestgard på Breim. På den første dagen hadde dei sett saman eit
fantastisk aktivitetsprogram for skuleelevar. Aktivitetane var knytt til mat, landbruk og
historie, og i alt 700 elevar deltok. Tilbakemeldingane frå skulane som hadde vore med, var
svært gode! På dag 2 var mange av dei same aktivitetane eit tilbod for ”alle”. Denne dagen
var og landbruket sine organisasjonar til stades med stands og demonstrasjonar. Det var
dyreutstillingar og mønstringar, og Kokkemeisterlauget i fylket og Breim Bygdekvinnelag
sørga for god servering. Om lag 2000 personar var med på Landbruksdagane denne
laurdagen.
Medlemsutvikling
Medlemsverving er ein krevjande aktivitet som krev kontinuitet og innsats. Sogn og Fjordane
Bondelag hadde nedgang i medlemstalet i 2014. Pr. 31.12.2014 er det 3751 medlemer. Det
er 29 færre enn på same tid eitt år tidlegare. Det kom til 165 (20 fleire enn i 2013) nye
medlemer, men avgangen har vore større. Vervearbeidet har hatt høg prioritet siste året, og
må framleis ha det, og gjerne få eit auka fokus både på fylkesnivå og lokalt. Tusen takk til dei
som har verva nye medlemer i 2014.
Samstyra
Samstyra for lokallag innafor kommunen er eit viktig arbeidsorgan i dei høve det ikkje er eit
kommunedekkande lokallag. Følgjande kommunar bør ha eit samstyre for lokallaga:
Flora, Gulen, Sogndal, Luster, Askvoll, Gaular, Jølster, Gloppen, Eid og Stryn. Der det ligg
til rette for det og det vil vere naturleg bør også lag samarbeide over kommunegrensene om
saker. Samstyra som organ vert først kopla inn når det er rasjonelt at lokallaga fremjar felles
35
saker overfor kommunen, fagorganisasjonar og fylkeslaget. Døme på slike saker er kommunal
arealforvaltning og høyring på jordbruksavtalen.
Aktiv lokallagsmidlar
Det kom inn søknad frå 15 lokallag innan fristen og to søknader etter at sakspapira var sendt
ut. I tillegg til tala nedanfor er det betalt ut midlar til aktive lokallag i form av stønad til
vervepremiar på fylkesårsmøtet, Open Gard og stand der fylkeslaget har gjort ein jobb saman
med lokallaga eller der fylkeslaget åleine har gjort jobben som lokallaget burde gjort i sitt
område, annonsar plastinnsamling og Open Gard. Av ein samla pott på kroner 242 362 står
det att å disponere om lag kroner 90.000 pluss ekstraordinær løyving på kroner 75.600 ut til
lokallaga. I styremøtet den 2. desember løyvde styret noko midlar utover det som stod att.
Lokallag
Aurland
Balestrand
Breim
Brekke
Eid
Eikefjord
Fjærland
Gloppen
Henden
Jølster
Loen
Naustdal
Norddalsfjord
Nordsida
Selje/Stadtlandet
Stryn
Viksdalen
Sum løyvingar
Søknadssum
6.750
Uspesifisert
Uspesifisert
Uspesifisert
25.000
15.000
10.000
10.000
Uspesifisert
Uspesifisert
Uspesifisert
Uspesifisert
5.000
30.000
28.100
Uspesifisert
4.000
Løyving
5.000
1.000
20.000
4.000
14.000
11.000
10.000
10.000
4.000
5.000
4.000
5.000
3.000
4.000
7.000
4.000
4.000
115.000
Ekstraordinær løyving for 2014 vart fordelt med ein lik sum til kvart lokallag på kroner
1.643,-
36
6. Fylkeskontoret
ADRESSA TIL FYLKESKONTORET:
Gate- og postadresse: Hafstadvegen 21, 6800 Førde (Frå 01.11.2013)
Telefon
57 83 70 80
E-post:
[email protected]
Heimeside:
www.bondelaget.no/sognogfjordane
TILSETTE VED KONTORET I 2014:
Oddvin Haugland, førstekonsulent til 10.03.2014
Merete Støfring, organisasjonssjef
Anita Sæther, rådgjevar
Marita Skeie, førstekonsulent frå 01.09.2014
Prosjekt der fylkeslaget er medeigar:
Jo Helge Sunde, prosjektleiar storfeprosjektet – kontorstad hos Tine Byrkjelo
Fylkeskontoret er kontor for Sogn og Fjordane Bondelag, og utfører tenester for Sogn og
Fjordane Bygdekvinnelag. Kontoret fungerer også som sekretariat for Samarbeidsrådet for
Hordaland og Sogn og Fjordane og fører rekneskap for Hanen Vestlandet og Inn På Tunet
Sogn og Fjordane. Fylkeskontoret har ein avtale med Hanen Vestlandet som gjeld fram til 1.
mars 2015, og som automatisk vert forlenga med eitt år om gongen dersom ingen av partane
seier opp avtala.
Anita Sæther
Marita Skeie
Merete Støfring
37
Minneord Oddvin Haugland
Oddvin Haugland døydde brått måndag den 10.
mars i 2014, 66 år gamal. Tre dagar før hadde
han ført referatet frå fylkesårsmøtet 2014 i
pennen. Oddvin vart gravlagd den 18. mars.
Ved båra held assisterande generalsekretær i
Norges Bondelag, Knut Hoff, minneord saman
med fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag
Per Hilleren.
Ved Oddvin Hauglands bortgang har
Bondelaget mistet en av sine mest lojale og
arbeidsomme medarbeidere. Oddvin begynte
som fylkessekretær sommeren 1979 i en
kombinasjonsstilling med halv arbeidstiden i
Sogn- og Fjordane Bondelag og andre
halvparten i BSF, det vil si med bøndene i
fylket som oppdragsgivere. Mye har blitt
forandret i løpet av 35 år både når det gjelder
arbeidsoppgaver og organisering av
virksomhetene, men Oddvin har holdt fast ved
Bondelaget, og vi har hatt stor glede av hans
mange talenter i organisasjonen.
Oddvin reiste mye rundt i fylket og snakket med bøndene, organiserte studieaktivitet, og ikke
minst han vervet medlemmer til Bondelaget. Det er nok ingen ansatte i Bondelaget som har
vervet så mange medlemmer til organisasjonen som han. Omkring 1990 var Oddvin uheldig
og gjorde rundkast med bilen på en av sine verveturer. Det gikk dårlig med bilen, men bra
med Oddvin, og som han skreiv til oss ble det 70 nye medlemmer i 4 forskjellige lokallag på
den turen.
Oddvin var også engasjert i de juridiske fagområdene bonden måtte forholde seg til, enten det
var naturvern, veisaker, jakt og fiskerettigheter eller skatt og avgift. Oddvin hadde alltid
ansvar for det årlige skattekurset for regnskapsførere. Dette ga han et stort kontaktnett, som
han kunne bruke til bondens beste.
Om kvelden bidro Oddvin ofte med kulturinnslag enten det var lesing av dikt eller sang. På
vår årlige samling for alle ansatte var han en flittig bidragsyter til underholdingen under
middagen. Vi ansatte i Bondelaget takker Oddvin for mange gode stunder sammen, og vi
gjemmer på gode minner.
Per Hilleren:
Vi som stod Oddvin nær i hans arbeid for bøndene i Sogn og Fjordane kjenner på eit tomrom
etter ein person som hadde eit glødande engasjement og stor entusiasme for dei tankane og
ideane han trudde på. Oddvin likte ikkje dei lettvinte løysingane. Han ville helst gå i djupna
på interessante problemstillingar og sjå dei frå ulike sider. Der nokon ville skrive 100 ord,
brukte gjerne Oddvin 300 ord ekstra for å få fram heilskapen. Slik var han ein god person å
bryne sine argument på. Han gjekk ikkje av vegen for å argumentere FOR noko han eigentleg
38
var i MOT. Av og til berre for å skape debatt, men oftast for å få fram dei gode argumenta før
ei avgjerd.
Vi kjenner Oddvin som ein person med røtene godt festa i den norske tradisjonen og i det
jordiske. Kvar vår kom diskusjonen om poteter opp, og kvar vår kosa han seg like mykje over
vår manglande potetdyrking, medan han hadde åkeren på stell. Humørspreiaren og
kulturformidlaren Oddvin minnest vi med stor glede. Hans mange historier i lunsjpausane,
dansestega han prøvde å lære oss og hans song i fylkesdekkande og nasjonale tilskipingar i
Norges Bondelag. Hans sjølvskrivne stev og songar med tekstar om landbrukspolitikk,
styresmakter og personar i organisasjonen tek vi med oss vidare i fylkeslaget si historie, som
eit minne om hans formidlarevne.
Det står respekt av jobben Oddvin har gjort for bøndene i fylket. Han var aldri tung å be om å
stille på oppdrag på kveldstid og i helg. Studieaktivitet, rekruttering og opplæring av nye
generasjonar bønder stod hans hjarte nær heilt til hans siste arbeidsdag. Siste fredagen på
jobb hadde han vore til Sande saman med representantar frå samvirkeorganisasjonane i
landbruket og møtt ungdomsskuleelevar. Dette var ein del av prosjekt rekruttering til
landbruksnæringa som Oddvin var ein pådrivar for å få til, og som han arbeidde mykje med
dei siste åra i Bondelaget. Oddvin gav måndag sist veke uttrykk for at fredagen hadde vore
ein god dag på jobben, og han såg fram til å gjennomføre liknande besøk i ungdomsskulane i
dei andre Sunnfjordkommunane. Slik skulle det ikkje gå. I takksemd for arbeidet Oddvin
har gjort for bøndene i fylket tek vi vare på dei gode minna.
Minneord Ola Andreas Halsnes
Ola Halsnes døydde den 10. juni 2014, 93 år gamal. Han vart gravlagt den 20. juni.
Fylkesleiar Per Hilleren førte fram eit minneord i gravferda.
Ola Halsnes var ein engasjert leiar i Fjorden Bondelag gjennom mange tiår. Han møtte alltid
opp på møta Sogn og Fjordane Bondelag skipa til, og han var ivrig i å formidle sine synspunkt
frå talarstolen. For sitt sterke og kunnskapsrike engasjement for landbruket vart Ola den 12.
mars 1997 utnemnt til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. Det er stort sett berre
tillitsvalde på fylkesnivå som får ei slik utmerking, så Ola sitt engasjement gjennom svært
mange år hadde gjort inntrykk på fylkesstyret.
39
7. Æresmedlemer i fylkeslaget
Magnus Grimset frå Naustdal
Ordførar i representantskapet og styret i Norges Bondelag 1967-1973
Medlem av Norges Bondelag sin organisasjonskomité 1968-69
Formann i Sogn og Fjordane Bondelag 1961-1973
Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1986
Tove B. Stavø frå Flora
Fyrste kvinnelege leiar i Sogn og Fjordane Bondelag
Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1988-1989
Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag 1990-1994
Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1997
Norvald Haarklau frå Førde
Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1974
Nestformann i Sogn og Fjordane Bondelag 1975
Formann i Sogn og Fjordane Bondelag 1976- 1979
Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1999
Reiel Felde frå Gloppen
Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag 1994- 1997
Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 2002
Alf Støfring frå Jølster
Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag 1997 – 2004
Medlem sidan leiar i valnemnda i Norges Bondelag 2006-2008
Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag i 2013
40
8. Tillitsvalde og representasjon
Leiar:
Per Hilleren, Sogndal*
Nestleiar: Marit Flatjord, Skei*
Styremedl: Kari Sigrun Lysne, Lærdal*
Lidvin Hage, Utvik*
Nils Magne Gjengedal, Hyen
476 07 532
481 55 811
908 58 191
907 68 077
917 20 950
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Vararepesentantar i nummerorden:*
1.
Marianne Kvalvik Kvamme, Eikefjord
2.
Ole-Ivar Åm Sognnes, Leirvik
3.
Helga Carlsen, Stongfjorden
* = På val på årsmøtet i 2015
F.v. Kari Sigrun Lysne, Marianne Kvalvik Kvamme, Lidvin Hage, Marit Flatjord, Nils Magne
Gjengedal og Per Hilleren.
ARBEIDSUTVAL
Leiar, nestleiar og organisasjonssjef
EIGNE UTVAL
Grøntutval
Det er oppretta felles frukt- og bærutval med Hordaland- og Møre og Romsdal Bondelag.
Sogn og Fjordane sin representant i utvalet er: Kari Sigrun Lysne, Lærdal
Verveutval
Kari Sigrun Lysne, Lærdal
Lidvin Olav Hage, Utvik
v.r Nils Magne Gjengedal, Hyen
41
UTSENDINGAR TIL ÅRSMØTET I NORGES BONDELAG
Valde for 2 år i 2013 *
Lidvin Hage, Utvik
Kari Sigrun Lysne, Lærdal
Marit Flatjord, Skei
Geir Ole Ervik, Stadtlandet
Valde for 2 år i 2014
Nils Magne Gjengedal, Hyen
Marianne Kvalsvik Kvamme, Eikefjord
Ole -Ivar Åm Sognnes, Leirvik
Vararepresentantar til Norges Bondelag sitt årsmøte *
1. Knut Tore Nes Hjelle, Nordfjordeid
2. Helga Carlsen, Stongfjorden
3. Bjørn Haugland, Nordfjordeid
4. Anny Aase, Naustdal
5. Claus Rumohr Moe, Hafslo
6. Anne Moen, Nordfjordeid
7. Merete Støfring, Vassenden
MØTELEIAR FOR ÅRSMØTET 2015 *
Bjarte Nordanger, Ånneland
v.r. Arild Herstad, Naustdal
VALNEMND FOR ÅRSMØTET ÅR 2015
Valde for 3 år i 2012 *
Per Gunnar Gilleshammer, Kjølsdalen
Henny Molland Skildheim, Luster
v.r Gry Ingvild Agjeld, Olden
v.r. Claus Rumohr Moe, Hafslo
Valde for 3 år i 2013
Kari Ringstad, Askvoll
Hans Olav Nesheim, Oppstryn
v.r Gunnar Jan Gjerland, Haukedalen
v.r Linda Alsaker, Olden
Valde for 3 år i 2014
Anne Berit Espeseth, Askrova
Ørjar Eiken, Hellevik
v.r Kjell Humlestøl, Eikefjord
v.r Kari Anne Brekke, Bjordal
Leiar i valnemnda for eitt år :Kari Ringstad, Askvoll *
ANNAN REPRESENTASJON
Grøntutvalet i Norges Bondelag
Kari Sigrun Lysne, Lærdal
Utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag 2014
Nils Magne Gjengedal, Hyen
v.r Per Hilleren, Sogndal
42
Arbeidsgruppe regionalt Bygdeutviklingsprogram
Merete Støfring, Vassenden
v.r. Anita Sæther, Svortevik
Arbeidsgrupper som heng saman – fokus beitedyr/småfe – nestleiar sitt ansvar:
Kontaktutvalet for rovdyrsaker i Sogn og Fjordane
Marit Flatjord, Skei
v.r. Nils Magne Gjengedal, Hyen
ReferansegruppeSau i Pluss
Marit Flatjord
v.r. Nils Magne Gjengedal, Hyen
Arbeidsutvalet i Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane
Per Hilleren, Sogndal
v.r. Marit Flatjord, Skei
Rådsmedlemer samarbeidsrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane
Per Hilleren, Sogndal
v.r. Marit Flatjord, Skei
Organisasjonssjefen
Arbeidsutvalet i Sogn og Fjordane Landbruksselskap
Per Hilleren, Sogndal
v.r. Marit Flatjord, Skei
Styringsgruppe for storfeprosjektet
Nils Magne Gjengedal, Hyen
v.r Lidvin Hage, Utvik
Styringsgruppe: Prosjektsatsing på Frukt- og bær rundt neste sving
Ivar Petter Grøtte, Lærdal
Styringsgruppe: Prosjekt føregangsfylke på økologisk frukt og bær
Jon Asbjørn Målsnes, Balestrand
Arbeidsgruppe rekruttering, likestilling og kompetanse
Merete Støfring, Vassenden
Per Hilleren i munter samtale med fylkesleiaren i Ap, Hilmar Høl.
43
9. Rekneskapen 2014
Rekneskapen vert i sin heilskap ført sentralt. Fylkeslaget er ei avdeling i Norges
Bondelag og rekneskapen vil verte revidert når Norges Bondelag sin samla rekneskap
vert revidert. I årsmøtet vert rekneskapen for den delen av verksemda som vedkjem
fylkesstyret sin aktivitet og fylkeslaget sine tilskipingar lagt fram til orientering.
Rekneskapen med revisjonsmelding vil i praksis ikkje verte endeleg godkjent før i
Norges Bondelag sitt årsmøte sommaren 2014.
Berre hovudpostane i rekneskapen vert attgjevne nedanfor
Salgsinntekter
-52 906,00 Open Gard, salsartiklar, Eigendel leiarmøte, Annonsar
Andre inntekter -1 795 942,89 Sentrale budsjettpostar: Rammeløyving, Fylkesleiar,
opplæring tillitsvalde, aktivt lokallag, AgroNordVest, Prosjekt
Framtid i landbruket, ekstramidlar Gjensidige
Sum Inntekter
Lønnskostnader
-1 848 848,89
800 986,00 Møtegodtgjersle og fast godtgjersle fylkesstyret og
fylkesleiar. Auke på over 100.000 sidan 2013. Auka
deltaking på møte frå medlemer i fylkesstyret. Auka
dagsats.
Driftskostnader 1 212 525,79 Opplæring tillitsvalde, styremøte, fylkesårsmøte, leiarmøte,
ulike utval, aktive lokallag, valnemnd, unge bønder kurs,
AgroNordVest, deltaking prosjekt
Sum kostnader
2 013 511,79
Driftsresultat
164 662,90
Finansresultat
-41 277,64 Fylkeslaget sin del av totale renteinntekter for alle
fylkeslaga sin kapital. Eigenkapitalen står på konto i
Landkreditt
Resultat
123 385,26
Det negative resultatet for 2014 reduserer Sogn og Fjordane Bondelag sin bokførte
eigenkapital i Norges Bondelag.
Sogn og Fjordane Bondelag sin eigenkapital
01.01.2014
Resultat 2014
31.12.2014
Kroner 1 317 027,98
Kroner 123 385,26
Kroner 1 193 642,72
44
10. Bondelag og leiarar i lokallaga
Namn
Flora
Norddalsfjord
Eikefjord
Brekke
Nordre Gulen
Eidsbotn
Solund
Høyanger
Vik
Balestrand
Leikanger
Sogndal
Fjærland
Aurland
Lærdal
Årdal
Luster
Jostedal
Hafslo
Veitastrond
Indre Hafslo
Holmedal og Askvoll
Stongfjorden
Fjaler og Hyllestad
Gaular
Viksdalen
Jølster
Stardalen
Førde
Naustdal
Davik og Ålfoten
Bryggja
Selje- og Stadlandet
Eid
Kjølsdalen
Henden
Hornindal
Gloppen
Hyen
Breim
Stryn
Oppstryn
Loen
Vikane
Olden
Nordsida
Leiar
Andre Espeseth
Per-Inge Midtbø
Asle Magne Ellingsund
Sjur Haugland
Jarle Nordgulen
Erling Nesse
Anne Marie G. Færøy
Per Johan Brekke
Per O. Langeland Tistel
Renate Rendedal
Bjørn Sølsnes
Jostein Flatland
Anders Skarestad
Gøril Tveiten Lie
Steinar Starheimsæter
Sveinung Haug
Henny K.M. Skildheim
Kjetil Ruud
Claus Rumohr Moe
Jimmy Hilleren
Olav Ugulen
Ole Andre Clausen
Karl-Andre Gjelsvik
Ole-Ivar Aam Sognnes
Arne Mo
Erlend Brede Fossen
Geir Ståle Støfring
Nils Kjøsnes
Oddgeir Kvamsås
Tor Arne Herstad
Stein Kåre Karstensen
Bjørg Marie Roset
Salvatore Ligia
Knut Tore Nes Hjelle
Kjell-Arne Heggheim
Ranveig Årskog
Anders Hjellbakk
Einar Duvold
Elias Eimhjellen
Anders Felde
Bjørn Magnus Rørtveit
Mathilde Dolen Nesje
Knut Tjugen
Tore Drageset
Sindre Aabrekk
Knut Gunnar Ulvedal
E-post
[email protected]
per.inge.midtbø@live.no
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Telefon
95883030
47849831
47634479
99617570
91726221
91813553
99298975
99732281
91703238
47237714
47649119
48280831
41318389
41443946
95045916
40854117
95783690
95057752
90178199
91842987
41323926
48037285
91304330
95943735
99026832
99226575
97135422
47840268
93865536
91152596
90871275
95809375
95309841
97749491
90912452
99160606
97573386
91171993
91756859
92857084
91575796
90939890
91581798
99703852
97178588
57875520
45
11. Medlemstal og kasserarar i lokallaga
Lag
nr
140101
140102
140103
141101
141103
141106
141201
141601
141701
141801
141901
142001
141803
142101
142201
142401
142601
142602
142603
142604
142605
142801
142802
142902
143001
143003
143101
143103
143201
143301
143806
143902
144101
144301
144302
144306
144401
144501
144502
144504
144901
144902
144903
144905
144907
144911
Namn
Flora
Norddalsfjord
Eikefjord
Brekke
Nordre Gulen
Eidsbotn
Solund
Høyanger
Vik
Balestrand
Leikanger
Sogndal
Fjærland
Aurland
Lærdal
Årdal
Luster
Jostedal
Hafslo
Veitastrond
Indre Hafslo
Holmedal og Askvoll
Stongfjorden
Fjaler og Hyllestad
Gaular
Viksdalen
Jølster
Stardalen
Førde
Naustdal
Davik og Ålfoten
Bryggja
Selje- og Stadlandet
Eid
Kjølsdalen
Henden
Hornindal
Gloppen
Hyen
Breim
Stryn
Oppstryn
Loen
Vikane
Olden
Nordsida
Æresmedlemer
Direkte medlemer
31.12.
2013
63
35
76
54
19
42
9
104
158
53
24
137
49
44
107
16
82
35
37
28
49
75
43
146
123
76
238
36
190
148
82
34
58
252
45
21
81
213
86
220
68
75
38
75
60
69
7
4
31.12.
2014
64
34
73
51
18
43
9
105
148
53
29
141
50
43
103
15
81
37
38
28
50
70
41
151
119
72
229
38
188
150
83
33
58
249
45
24
81
211
88
214
68
75
41
76
62
71
6
4
Kasserar
Telefon
Herborg Rønnekeliv Melvær
Magnus Andre Sundal
Beate Marie Steindal
Bjarne Tynning
Roar Elnes
Lars Magnus Neverdal
Torbjørn Nessen
Eldfrid Førde
Jo Risløv
Jon Asbjørn Målsnes
John Gjerløw
Ottar Husum
Svein Arne Bøyum
Gunnhild Strand Borlaug
Hallvard Eri
Per Bjørkum
Tøger S. Aasen
Kristen Alsmo
Kenneth Kalhagen
Anne Kari H Nes
Hege Urnes
Jostein Kumle
Egil Tjønneland
Hilde Åsnes
Leif Jarle Bjørvik
Jan Morten Råheim
Knut harald Dvergsdal
Jon Helge Sandal
Øystein Holsen
Bjarte Kalland
Magnus Endal
Marit Nore
Kjetil Friberg
Åmund Starheim
Jan Arvid Berstad
Unn Henden
Rasmus K. Kirkhorn
Astrid Olin Austrheim
Erik Ommedal
Arne Frode Øvreseth
Jørgen Fure
Arvid Sunde
Karl Ove Loen
Ørjan Skåden
Linda Alsaker
Rune Roset
90640208
99733035
95723063
41610974
41685260
90073389
90863576
97653814
97170653
95161530
95236177
95965616
90825492
47246905
90870522
95498560
99160236
95857614
92253197
95986633
41216282
95240052
93457152
90140686
92412075
95734688
91787499
91541727
91784092
90975566
97752940
41499013
46767884
41498802
90257380
41163523
92240076
92882199
99021046
90834057
90898860
90159694
57877683
48167120
91339419
97010851
46
12. Rekneskapslaga og kontor med
samarbeidsavtale med Norges Bondelag
Rekneskapslag/kontor:
Accountor HAFS AS
Accounter Økonomi – Sogn AS
Astra Økonomi
Aurland Rekneskapskontor AS
Økonor Eid – SpaNo Rekneskap
Feios Rekneskap
Flora Rekneskapslag BA
Hornindal Rekneskapslag
Hyen Rekneskap AS
Jølster Rekneskapslag BA
Kystrekneskap
Laura Kvamme aut. rekneskapsførar
Luster Rekneskapslag
Naustdal Rekneskapskontor PL
Rand Rekneskapskontor
Rekneskapskontoret Fjordane AS
Sogndal Rekneskapslag BA
Stryn Rekneskapslag
Vekstra Fredheim
Økonor Gloppen, Rekneskapskontoret Gloppen AS
Økonor Stryn, Olden og Vikane Rekneskap AS
Økonomiservice AS
Telefonnr:
57 73 99 00
57 69 58 96
951 09 363
57 63 31 44
57 88 57 88
57 69 76 22
57 74 31 88
57 87 84 40
57 86 90 78
57 72 66 92
57 73 32 11
57 69 12 03
57 68 27 70
57 81 93 26
57 87 06 68
57 71 86 60
57 67 22 02
57 87 18 90
57 65 66 00
57 86 86 00
57 87 39 90
57 66 98 00
e-post:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Møte i samband med jordbruksoppgjeret 2014. Orientering om tilbodet og drøfting av tiltak.
47
Fråsegn jordbruksforhandlingane 2014
Jordbruksforhandlingane 2014 vert den første store prøvesteinen for kva
utviklingsmoglegheiter regjeringa og hennar støtteparti vil gje norsk landbruk. Mange
matprodusentar er usikre på kva rammevilkår regjeringa vil gje dei. Vi treff mange som seier
”dei håpar på det beste, men fryktar det verste”. Mange seier også at pila har peika rette
vegen dei siste åra, og at utviklinga har gått rett veg når det gjeld inntening. Mange fryktar at
regjeringa sine utsegn om forenkling og redusering av tal verkemidlar skal svekke
inntektsmoglegheitene. Med utgangspunkt i det inntektsnivået som landbruket har vil ei kvar
endring som svekkar inntektsgrunnlaget vere dramatisk for dei det råkar. Skal det skje
endringar må det vere heilt avgjerande at det ligg føre utgreiingar om konsekvensar og
avbøtande tiltak før endringar vert sett ut i livet.
1
Oppsummering over de mest prioriterte tiltaka
Sogn og Fjordane Bondelag har i år valt å ikkje gå konkret inn å talfeste eit krav for dei ulike
produksjonane. Fylkeslaget meiner at det må fremjast eit krav med ei ramme som sikrar
matprodusenten ei mogleg inntektsutvikling som ligg noko over inntektsutviklinga elles i
samfunnet. Gapet til andre næringar er stort, og regjeringa har sagt at dei ynskjer å legge til
rette for ei betre inntektsutvikling i landbruket. Det vil vere uråd å auke matproduksjonen
utan ei positiv inntektsutvikling for matprodusentar i heile landet.
For Sogn og Fjordane vil det vere viktig:
 Å kunne auke prisen i marknaden for alle dei produkt der det er mogleg
 Å sikre at ulike driftsvilkår og distrikt vert teke omsyn til, og at løyvingane til
distriktstilskot vert auka
 Å oppretthalde strukturen i husdyrtilskota og sikre driftstillegget.
 Å betre investeringsverkemidlane
2
Pris
Skal ein kunne sikre bonden kompensasjon for auka kostnader, må prisen aukast for dei
produksjonar der det er handlingsrom for dette. Vi vil peike på mjølk, lammekjøt og
storfekjøt som produksjonar der det kan vere rom for prisauke. Det vil også vere rom for
prisauke for nokon av produksjonane innan grøntsektoren som ulike sortar frukt- og bær der
forbrukaren sine preferansar for å velje norsk er store. Det er viktig å til ei kvar tid nytte det
handlingsrommet som ligg i marknaden for auka prisuttak.
3
Budsjettoverføringar
Budsjettoverføringar er svært viktig for fylket vårt. Det er gjennom desse midlane at det er
mogleg å kompensere for dei ulike driftstilhøva vi finn i landet vårt. Difor er budsjettmidlane
avgjerande for produksjon av mat i vårt fylke. Dei ulike budsjettpostane har sin funksjon og
vi finn det svært vanskeleg og smertefullt om det skal skje store omfordelingar og endringar
innan eksisterande verkemidlar. Bøndene i Sogn og Fjordane har ikkje nokon
tilskotsordningar å miste. Vi vil ikkje prioritere dei ulike ordningane opp mot ein annan fordi
kvar ordning er økonomisk viktig for mange bønder. Ei kvar endring vil påverke økonomien
til matprodusentar i fylket. Ordningane er gode slik dei ligg i dag, og det som verkeleg skal
til er ei økonomisk styrking av ordningane. Ikkje ei omfordeling slik vi får inntrykk av at
Landbruks- og matministeren jaktar etter.
 Dette året ynskjer vi å prioritere investeringsverkemidlar. I det legg vi å betre
stønaden til dei einskilde prosjekta som vert omsøkt. Primært går vi for ein stønad på
48

35 % til kvart prosjekt utan tak. Rentestøtteordninga må endrast slik at støttenivået
vert meir reelt i høve gjeldande marknadsrente.
Det er også viktig at ikkje distriktsfylke som Sogn og Fjordane tapar løyvingar til
investering, slik som kjem fram i notat 2014-1 frå NILF. Trongen for nyinvesteringar
er svært stor i husdyrfylket vårt.
4
Forenkling
Vi ser føre oss at dei beste forenklingane ligg i å forenkle søknadsprosedyrar og
sakshandsaming, og ikkje i å endre sjølve tilskotsordningane. Vi ser at det kan komme
drøftingar kring prosedyrar for fordeling av SMIL midlar og RMP. Det vil i ein slik
gjennomgong vere viktig at ikkje ordningane fell vekk ved ei eventuell endring. Ei endring
og eventuell samordning av søknadsprosedyrar må basere seg på ein gjennomgong der
verkemidlane vert tekne med vidare inn i eit samordna system.
Kommentar til forslag om forenkling i utgreiing av endring av produksjonstilskot for sau/lam
og geit/kje: Utegangarsau må framleis vere eiga gruppe, då det er stor skilnad på
arbeidsforbruk og produksjon mellom tradisjonell produksjon og utegangarsau!!!
5
Korn- og kraftfôr
Auke betalinga for korn etter kvalitet, for å stimulere til auka kornproduksjon. Viss
kornprisen skal opp må prisnedskrivinga aukast tilsvarande, slik at ikkje husdyrhaldarane må
betale for kornbøndene sin betra økonomi.
6
Næringsutvikling og kapitaltilgang
Innan LUF må det prioriterast auke til dei fylkesvise Bygdeutviklingsmidlane. Auken må
følgjast opp med betra investeringsverkemidlar til kvart prosjekt som vert omsøkt.
7
Miljøverkemidlar
Dagens grøfteordning er ikkje god for husdyrdistrikta på Vestlandet. Kostnader knytt til
grøfting er mykje høgare i våre området enn på meir lettdrivne areal i andre deler av landet.
Skal ordninga bli viktig i våre område må stønad pr. dekar grøfta areal styrkast vesentleg.
8
Økologisk landbruk
Meirverdien for økologiske landbruk må hentast ut i marknaden i form av betre prisar for dei
økologiske produkta.
9
Velferdsordningar
Sogn og Fjordane Bondelag er skeptisk til å fjerne dokumentasjonskravet for tilskot til ferieog fritid. Vi fryktar at det vil svekke beredskapen i form av tilgang til landbruksvikar og
sjukeavløysing når du treng det.
Velferdsordningane vil vere svært viktig når ein skal sikre rekrutteringa til næringa. Mange
av ordningane er ikkje tilpassa behova til dagens bonde. Særleg er der svakheiter ved
ordningane når det gjeld:
 Svangerskap og fødsel
 Tilskot til avløysing ved barns sjukdom
 Samordning av aldersintervall vedrørande avløysarefusjon og pensjonsopptening
 Jobb utanom – arbeidsløysetrygd
49
 Jobb utanom og sjukdom
Det er trong for ein grundig gjennomgong av desse problemstillingane med løysingar som kan
sikre at yngre bønder finn velferdsordningane attraktive nok til å velje matproduksjon som
yrket sitt. Vi er skuffa over utgreiinga som ligg føre før årets forhandlingar. Ministeren
snakkar gong etter gong om kor viktig det er å betre rekrutteringa til næringa.
Velferdsordningar tilpassa dagens bonde sitt liv er viktig for rekrutteringa!!!
10
Erstatningsordningar
Med endra klima, og stadig oftare ekstremver syner det seg at ordningane som skal
kompensere for overvintringsskadar og skadar i frukt/bær må betrast. Vi kan pårekne at
trongen for slike ordningar vil vere aukande. Store eigendelar saman med sterkt reduserte
avlingar vil vere ei stor likviditetsmessig økonomisk utfordring for dei som skal produsere
grovforet i husdyrhaldet.
For frukt og bær vert det nytta gamle normer med altfor låge snittavlingar sett i høve til dei
normalavlingane dagens sortar gjev. Dette må gåast gjennom og justerast!
11
Kjøt og egg
Marknadsordningane er avgjerande for å kunne drive produksjon av kjøt og egg i distrikta.
Dette må peikast på inn i arbeidet med gjennomgongen av marknadsordningane.
I spesialisert storfekjøtproduksjon bør ein stimulere til auka produksjon per mordyr.
Det vil vere viktig med tiltak som medverkar til auke produksjon, men det er viktig at ein
ikkje ser seg blind på at det vil automatisk vil bety å omfordele kroner ved å endre strukturen i
viktige tilskotsordningar. Årsakene til at vi i vårt fylke har hatt ein nedgang i produsert
mengde sauekjøt er mellom anna at svært mange av dei aller minste besetningane har gitt seg.
Dette utan at vi har topografiske, klimamessige og økonomiske tilhøve som har gjort det
mogleg for større einingar å ta opp i seg produksjonen til dei som har gitt seg. Mange
einingar tilpassa det arealgrunnlaget som er på bruket og i bygda skapar eit stort volum difor
må verkemidlane sikre ei positiv inntektsutvikling for gjennomsnittsbruka i kjøtproduksjonen.
Ein svekka økonomi for gjennomsnittsbruket og dei mindreeiningane vil gje redusert volum
som resultat.
12
Grønsaker, frukt , bær og potet
Det felles Grøntutvalet for Bondelaga på Vestlandet har drøfta innspel til
jordbruksforhandlingane i møte den 5. februar 2014. Grøntsektoren er ei viktig næring på
Vestlandet, særleg når vi snakkar om frukt og bær. Vestlandet merkar konkurransen frå andre
deler av landet der ein kan dyrke meir rasjonelt i større einingar enn det som er mogleg med
utgangspunkt i Vestlandet si arrondering. Vestlandsbonden treng tilskot som kan kompensere
for nokon av driftsulempene som ein har knytt til helling og storleik på teigane.
Industribær
Når det gjeld særskilde tema som har vore drøfta, har utvalet også i år brukt tid på å drøfte
situasjonen innan produksjon av bær til industrien som har hatt ei særs negativ utvikling dei
siste åra. Vi er kjende med at arbeidsgruppa som har vurdert eit ekstra distrikts- og
kvalitetstilskot til bær som går til konservesindustrien, har komme fram til ein delt
konklusjon, der representantane frå Bondelaget meiner at ein skal gje eit slikt ekstratilskot,
medan representantane frå Landbruks- og matdepartementet går imot. Rapporten synleggjer
den store skilnaden i lønsemd mellom produksjon av bær til konsum og produksjon av bær til
50
industri. Utvalet meiner at det er heilt nødvendig at det blir sett i verk tiltak som kan sikre at
vi også i åra som kjem, har ein bærekraftig industribærproduksjon, som også kan utviklast
vidare og fylle det behovet industrien har for norske bær.
Konklusjon industribær:
 Distrikts- og kvalitetstilskotet for industribær må aukast til eit nivå som gjer det meir
lønsamt å satse på industribær. Framlegg til auke for alle soner: 4 kr.
 Sortsutviklingsprosjekt for industrijordbær må få målretta støtte.
 Det må innførast økonomiske tiltak når det gjeld godkjenning av plantevernmiddel for
små kulturar.
Når det gjeld problemstillingane elles for næringa er kostnadsspiralen ei utfordring. Det same
er manglande tollvern som gjer det vanskelegare å kunne ta auka pris i marknaden. I fleire
høve greier ein ikkje å kompensere for kostnadsveksten i form av auka prisuttak i marknaden,
noko som reduserer innteninga, og som gjer det naudsynt med større tilskot inn i grøntnæringa
Trong for eit investeringsløft på fruktsida
 Det er svært stor trong for eit investeringsløft på fruktsida – fornying av frukthagane
er naudsynt for å auke avlingane, betre kvaliteten og auke effektiviteten. Etablering av
nye eple/pære/plommefelt er kostnadesrekna opp mot kr. 70.000/daa, for morellfelt er
kostnaden opp mot kr 140.000/daa. I tillegg går det 2-3 år før trea kjem i produksjon
og gjev inntekt. Det er viktig å prioritere dyrkarar som investerer og vil vere med i
næringa. Nye plantemetodar krev større tilgang på kapital. Utvalet gjer framlegg om
eit satsingsprogram over 5 år for å oppnå fornying av frukthagane. Fondsordningar
kan vere eit verkemiddel som på sikt å kunne betre kapitaltilgong til denne delen av
landbruket.
 I norske frukthagar er altfor stor del av produksjonstrea eldre enn 15 år. Fornying av
fruktplantingar med overgang til moderne tettplantingar (frå 100-167 tre/daa til 320380 tre/daa) i norsk eple- og pæreproduksjon gir eit svært stort etterspørsel etter
friske, ferdig greina småtre. Sagaplant og Graminor må tilførast midlar slik at dei er i
stand til å levere grunnstammar og sjukdomsfritt podemateriale med ein kvalitet som
er i samsvar med etterspurnaden.
Andre prioriteringar
 Målprisen må aukast tilsvarande konsumprisindeksen. For sortar, der forbrukaren har
ein sterk preferanse for å velje norsk, bør ein kunne auke prisuttaket utover
konsumprisindeksen.
 Distrikts- og kvalitetstilskotet (DK) – må som eit minimum aukast i takt med
prisveksten.
 AK-tilskot: Det bør startast eit arbeid med sikte på å knyte vilkår til ordninga som
sikrar at tilskotet går til aktive matprodusentar for å hindre at areal vert liggande
brakk.
 RMP. Øyremerkt til driftsvansketilskot, må aukast med sikte på å kunne oppretthalde
areal som er vanskeleg å drive. Tilskotet bør primært gå til søkjarar som produserer
mat.
51





Tilskotet til Fruktlager er svært viktig for å styrkja fellesskapet av fruktbruk i
distrikta. Dette som grunnlag for styrka innovasjon, marknadstilgang og økonomi.
Tilskotet må styrkjast gjennom ein auke på 3 millionar.
Samstundes må det etablerast eit tilskot, etter mal av tilskot til fruktlager, for felles
bærmottak. Dette må få eigen post i avtalen. Støtte til fellespakkeri/mottak
stimulerer til produsentsamanslutningar og er eit svært viktig verkemiddel for å styrkje
konkurranseevna og innovasjonen i næringa.
Plantevernmiddel: Vi må ha nye plantevernmiddel før det blir innført forbod mot
eksisterande middel. Det er også avgjerande å hugse på småkulturane. Det er ei
utfordring at det er få middel med ulik verknadsmekanisme å veksle mellom for
kunne sikre verknad. Få plantevernmiddel å velje mellom gir difor svært stor risiko
for utvikling av resistens. Innkravd avgift frå handlingsplan for redusert risiko ved
bruk av plantevernmiddel må nyttast målretta for næringa – i samarbeid med næringa.
Det må takast ein gjennomgong og betre dialogen med dei som brukar
plantevernmidla.
Det må innførast ein eigen sats for areal- og kulturlandskapstilskot for potet og
grønsaker i sone 5. Arealarronderingane tilseier at det bør vere på 300 kr/daa for potet
og 1000 kr/daa for grønsaker.
Tilskotet per bikube må aukast med 200 kroner. Lokale sterke, gode og sjukdomsfrie
bikuber er avgjerande for produksjonen av frukt og bær samt sikra lokalt
sortsmangfald.
Viktig med norsk produksjon av plantemateriale
Import av plantemateriale byr på utfordringar for norsk planteproduksjon. Vi vil presisere at
det også i framtida må vere rom for, og trong for denne produksjonen. Norsk
planteproduksjon må setjast i stand til å møte ein eventuell konkurranse frå importerte plantar.
Vi må ikkje stelle oss slik at sortar som gjev norsk produksjon konkurransekraft forsvinn.
13
Mjølk
Denne produksjonen skapar dei største verdiane i Sogn og Fjordane og ein auka
inntektsmoglegheit for både for ku – og geitmjølkprodusentar vil vere svært viktig for den
samla utviklinga av landbruket i fylket.
Kvoteordninga må oppretthaldast med fylkesvise
kvotar. Eit felles kvotetak for einskildbruk og samdrifter kan vere akseptabelt, men
kvotetaket må ikkje verte høgare enn dagens kvotetak for samdrifter. Avgrensinga på tal bruk
i samdrift kan fjernast.
14
Skatt/avgift/avskrivningar/fond
Landbruket er vorten ei kapitalkrevjande næring. Dei som vil stå i næringa i tida framover vil
heile tida måtte gjere nye investeringar, slik at dei ikkje ”dett av lasset”. Det er viktig at ein
får på plass ei ordning der ein kan sette av pengar til eit investeringsfond.
Avskrivingsreglane må vurderast årleg med sikte på å få dei mest mogleg realistiske i høve
bygningar og tekniske installasjonar si levetid.
Minner også om trongen for å endre avskrivingsreglane for frukt og bær. Det må vere mogleg
å få til ei ordning som sikrar frukt- og bærbonden årlege avskrivingar gjennom frukt- og
52
bærfeltet si levetid til erstatning for dagens ordning der du ikkje får nytta avskrivingar før trea
vert saga ned eller feltet sanert.
15
Anna
Klima vil få sterkare føringar for kva moglegheiter vi har til å produsere mat i landet vårt. I
våre området merkar vi dette i form av lenger tørkeperiodar, lenger regnversperiodar og
ekstremnedbør og vind over kortare tid. Dette påverkar landbrukspolitikken direkte i form av
at periodar med gunstig innhaustingsver vert kortare. Med færre hender i landbruket og større
einingar vert det vanskeleg å hauste grovfor og korn med rett kvalitet. I neste runde gjev det
auka trong for import. Det er viktig å løfte blikket og sjå framover når ein skal prioritere
verkemidlar i jordbruksoppgjeret. Norsk matproduksjon er viktig for framtidige generasjonar.
Dei vala ein gjer i oppgjeret i 2014 kan påverke komande generasjonar sine moglegheiter for
å kunne dyrke mat.
53
54
Bistår m.a. innan:
-Landbruk
-Odelsrett
-Vassdragsrett
-Fast eigedom
-Ekspropriasjon
-Alm.praksis
-Avtaler og kjøp/ sal
-Plan – og bygningsrett
Avd. Førde
Kontor Sogndal
Tlf. 57 83 71 00
Tlf. 57 67 88 00
Adv. Thomas C. Jarning
Adv. Frode S. Halvorsen
Adv.fullm. Øystein Hjelmeset
Harris.no
55
56
Peldyrnæringa har vore mykje drøfta også i 2014. Mellom anna gjennom ein ny film på TV som var
teken opp av ein person med skjult identitet. Pelsdyrutvalet la også fram sin rapport før jul. Biletet er
frå Open Pelsdyrgard hos Finn Årdal .
57
58