månedsplan januar Furu

Desember månedsbrev
I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle
barna i barnehagen. Deretter byrja vi med den digitale kalendaren vår, dette likte barna kjempe godt. Det var både spennande og utfordrande
då dei fekk trykke på ipaden med fingeren sin, dette fallt i smak både for dei store og små. Barna fekk trykke på ipaden der det først kom opp
nummeret på dagen, deretter kom det opp eit bilete av barnet som skulle få trekke i kalendaren og som skulle få sin eigen julesong. Tilslutt
fekk barnet trekke i luka på kalendaren. Barna gleda seg til det var deira tur neste dag, for alle hadde kjempe lyst å trykke på ipaden og få
trekke, for inni kalendaren venta det noko godt  Her fekk barna to rosiner som dei kunne få kosa seg med. I desse samlingane har barna fått
bruka sansane sine gjennom å sjå, høyra, føla, lukta og smaka.
Både dei vaksne og dei små har kosa seg masse i desember, me har hatt så mange fine samlingsstundar der me har synge julesongar kvar dag.
Dette har blitt utført med dempa belysning og med fine lys rundt oss. Ja det har våre skikkeleg julestemning her.
Barna har fått laga julegåver til foreldra sine som dykk sikkert vart veldig glad for å få, det er ikkje noko som er kjekkare å få enn ein julepresang
som ditt eige barn har laga
Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på
forhånd, meir klar kunne me ikkje bli. Alle sang med på julesongane som me hadde øvd på i
november månad, då me byrja å øva på songane var det ikkje mange som sang med. Dette
vart det ein stor forandring på etter kvart. Då barna hadde fått lytta til songane etter å ha
gjennomgått dei dag for dag så vart det fleire og fleire som sang med  Det blei ein utruleg
kjekk oppleving for barna som dei hadde gledd seg lenge til og visa fram for barna i
barnehagen. Det har vert ein fin månad med musikk og dans der barna har fått utfordra
bevegelsane/motorikken sin. Dei elskar musikk og dans, så bedre enn det kan det ikkje bli
Barna fekk laga ferdig dei fleste julegåvene i november og då hadde me masse tid til å
mala med barna. Dei elskar å mala, nokon likar det så klart meir enn andre. Me høyrer ofte
i frå dei små og store: «male male male male», og då må ein jo berre finna fram
malekosten og sette i gong. Her får dei utvikla finmotorikken sin ved å bruka enten
fingermaling eller pensel. Dette får dei velgje sjølv, men dei fleste vil ha pensel. Til og med
dei minste vil ha det. Det har blitt mange fine kunstverk gjennom hausten, dei finn fram
den lille kunstnaren inni seg og malar på sin eigen måte. Nokon er ferdig etter nokon få
strøk på arket, mens nokon må mala på heile arket. Dei fine hjertene som heng i vindauget
er også noko som dei har mala.
Pepperkakebakinga fallt i smak for alle barna, dei store fekk baka i kantina og dei minste fekk baka nede på basen. Her fekk barna prøve ut
både med kjevle og pepperkakeformar. Dei storkoste seg saman rundt bordet. Det blei ein del smaking på deigen, men det høyrer jo med i
julebaksten I ettertid har me hatt masse pepperkake og peppernøtter til overs, dette har vert kjempe stas. Å få pepperkake til frukten er jo
berre himmelsk.
Då var den store dagen komme, nissen skulle komme til barnehagen. Barna var forventningsfulle og spente, og plutseleg dukka han opp på
leikeplassen Etterpå gjekk alle ut i amfiet og skulle møte nissen, då song me mange julesongar for han og me fekk med oss ein sekk med
mange gåver. Deretter kom julenissen inn til oss på furukammen for å helse på alle barna. Alle satt heilt i ro då nissen kom inn, for dei var så
spente på kva dei skulle få av han. Det var reine julafta då barna fekk kvar sin pakke. Tilslutt måtte me ta farvel med nissen og ønskje han god
jul. Oppe i kantina venta det god julegraut, pynta til nissefest og julemusikk, meir julestemning kunne ein ikkje få. Det vart ein kjempe fin dag
med mange fornøgde barn som sikkert hadde masse å fortelje då dei kom heim.
I januar skal me:
I januar skal me fortsette med temaet vann, me skal jobba vidare med sjøen og fiskane på sanserommet. Denne månaden skal me også byrja å
fokusera på ulike vanndyr som pingvinen, gjedda og torsken. Me går nærmare inn på desse vanndyra ved å snakka om dei i samlingsstunda,
visa bileter av dei og me skal ha nokon spennande opplegg med barna som handlar om dette.
Den siste veka i januar og den første veka i februar er det same vekene, her blir det tema samene. Barna skal få lære om samene heilt til me
markerar samenes dag i februar, då blir det ein kjekk dag med ulike aktivitetar for barna.
Me ønskjer alle ein fin januar månad. 
Helsing Daniel, Gunn, Gerd, Linda, Irene, Line, Christine,
Evangelina, Kristine, Silje N, Silje B og Ida.
Uke
2
Mandag
Torsdag
Fredag
06.01
Sangstund
07.01
Sangstund
08.01
Sangstund
09.01
Sangstund
Motorisk sommerfuglene
Motorisk: Lille larvene
Parsell: Sommerfugl gr 1
Forming: Lille larvene
Parsell: Sommerfugl gr 2
12.01
Sangstund
13.01
Sangstund
14.01
Sangstund
15.01
Sangstund
16.01
Parsell: Sommerfugl gr 1
19.01
Sangstund
Motorisk: Lille larvene
Parsell: Sommerfugl gr 1
Tur: Sommerfuglene gr 2
Forming: Lille larvene
20.01
Sangstund
21.01
Sangstund
22.01
Sangstund
23.01
Sangstund
Parsell: Sommerfugl gr 1
Tur: Sommerfuglene gr 2
Forming: Lille larvene
Parsell: Sommerfugl gr 2
27.01
Sangstund
28.01
Sangstund
29.01
Sangstund
30.11
Sangstund
Motorisk: Lille larvene
Parsell: Sommerfugl gr 1
Tur: Sommerfuglene gr 1
Motorisk sommerfuglene
26.01
Sangstund
5
Onsdag
05.01
Sangstund
3
4
Tirsdag
Parsell: Sommerfugl gr 2