Bikuben månedsplan 201504

Månedsbrev april 2015
MARS 2015
Mars har gitt oss nokon solfylte og varme dagar, der me har fått kjenne på våren. Spørsmålet om å gå med jakke og sko kom
ganske fort. Uteleiken fekk eit vårpreg over seg, barna drog i gang typiske vårleikar som «Alle mine barn kom hjem», «rødt
lys» og «gjømsel», der dei inviterte dei voksne med seg. Fleire barn kom til etter kvart. Det er blide og glade barn over alt,
familieleik i husa, sang og glede på dissene, fotball på asfalten, demningar i sandbassenget, hyttebygging med gardiner.
Leiken varierar i takt med veret og årstida.
Inne har det vore stor iver rundt bordet med påskeverkstad. Barna har malt påskepynt som har vore ein del i matematikk og
mønster prosjektet vårt. Det har vorte laga mønstrete duskekyllingar, prikkete kyllingar i forskjellige variantar. Barna synest
det er kjekt og moro, og me ser kor stolte dei er når dei har mestra det. Når dei lagar noko som skal vera med heim, vil dei
helst ha det med heim med ein gong.
Fredag 27. mars skal me ha påskelunsj med barna.
Me har feira Sindre 6 år, Cato 4 år og Fillip 5 år. Det var fest med sjokolade kake, gele og is. Alle var på butikken og kjøpte
inn til sin bursdag, noko dei synest er stas.
APRIL
I matematikk og mønster prosjektet vårt skal me i april samarbeide med kunstnaren Vibeke Harild og vidareføre matematikk
og mønster prosjektet inn i «Det flygenede teppe». Dette er eit felles prosjekt for alle barn og voksne i barnehagen. Me har
samarbeida med Vibeke i tidligare kunstprosjekt og gledar oss til eit nytt samarbeid. Følg med på kalendaren når ho er i
barnehagen og når me skal jobbe med prosjektet. Det endelege resultatet skal visast på sommarfesten 11. juni. Meir
informasjon om kunstprosjektet følgjer.
Onsdag 15. april skal me spele inn CD med Barnestjerner. Me gledar oss til ferdig innspelt resultat.
Elles gledar me oss til våren og å følgje endringane i naturen. Det er spennande med alt som spirer og gror, og ikkje minst
alle småkryp som kjem fram.
INFORMASJON
I mars har me i VENNEGRUPPEN
fortsatt på prosjekt; «Å male på lerret». Kunstposane er montert og
skal delast ut til barna i Vennegruppa onsdag før påske. Barna gjenkjenner posane og viser stolthet. Dei ville helst hatt
posane med heim med ein gong, men de får dei med seg heim på Vennegruppeavslutningsfesten 27. mai. Sett av denne
kvelden. Nærmare informasjon kjem.
Torsdag 23. april planlegg me Vennegruppetur, og då må alle barna kome i barnehagen til kl 8.30. Dei må ha med seg
sekk og drikkeflaske, og vera kledd i gode sko og turklede. Me håpar på fint turver og ei god turoppleving. Ta kontakt om de
lure på noko.
I REGNDRÅPEGRUPPEN
er leiken allsidig og kreativ. Barna på Bikuben og Maurtua har god leik
saman og familierommet er populært å leika på. Her er det alt frå familieleik, doktor, tog, bilar og utkledning. På
Smartboarden får barna teikne eller spele spel. Når me deler barnegruppa i små grupper er det meir ro og harmoni og leiken
får gode kår. Framover vil me vera meir ute og gå på små turar i nærmiljøet. Barna gir uttrykk for at det er kjekt å gå på
andre leikeplassar, og gjerne bort til skulen der dei møter søsken eller andre kjente. I det lange løp er det ei god forbereding
til dei sjølv skal byrje på skulen.
Det er vår med skiftande temperatur og vèr, og det er viktig at barna har rikeleg og variert med klede slik at dei held seg
varm og tørr for gode opplevingar når dei er ute. Regnvottar er endå nødvendig.
Me ber om at de hjelper oss å halde orden i garderoben, som å sette innesko og sko på barnet sin plass. I yttergangen ber me
de om å ta støvlar utav regnbukser og dressar når de hentar, slik at sko og regnklede/dressar tørkar fortare. Ta med heim ved
behov.
Sett av onsdag 6. mai kl 20, då vert det FORELDRERÅDSMØTE (FORELDREMØTE) for alle foreldre i barnehagen.
Nærmare informasjon følgjer etter påske.
Følg elles med på barnehagens nettside:
https://bergen .kommune.no/omkommune/avdelinger/barenhager/arnatveit-barnehage/2637.
Kontakt på Bikuben: 53 08 38 83 eller mobil: 99 28 33 79
Med vennleg helsing personalet på Bikuben
Ingrid, Else, Marit, Eli, Line og Vibecke!
MÅNEDSPLAN BIKUBEN APRIL 2015
TIRSDAG
ONSDAG
TORSDAG
FREDAG
6.
UKE 15
VIKTOR 2. påskedag
7.
8.
Vennegruppe/
Regndråpegruppe
9.
TURDAG
10.
Sangstund på Bikuben
UKE 16
13. Kunstnar Vibeke
Harild i barnehagen,
Samling: «Det
flygende teppe»
15.
CD innspeling
16.
Vennegruppe/
Regndråpegruppe
17.
Sangstund på
Andedammen
Matematikk og mønster
UKE 17
FILLIP
20. Feire Lewis 6 år!!
22.
23.
Vennegruppetur
Regndråpegruppa
24.
Sangstund på Knøttene
Matematikk og mønster
UKE 18
JULIAN
27. Feire Samantha
14. Kunstnar
Vibeke Harild i
barnehagen
Samling: «Det
flygende teppe»
21.
Kunstnar Vibeke
Harild i
barnehagen
28.
Matematikk og
mønster, «Det
flygende teppe»
29.
Vennegruppe/
Regndråpegruppe
30.
TURDAG
1.mai
Barnehagen stengt!
ORDENSB
FREDRIK
MANDAG
4 år