Intet er så rommelig som havet

Sesjon søndag 21. juni, kl. 09.45 – 11.15
Intet er så rommelig som havet
- ressursar, makt og menneske i nord gjennom 500 år.
Norvegr - vegen mot ord - er havet. Havet og ressursane der har bygd og
oppretthalde samfunna langs kysten, det har fylt både matfat og pengepung.
Samstundes har havet vore ein internasjonal arena som har knytt kontaktar over
store område gjennom handelsverksemd, utforsking og eventyrlyst. Det har såleis
vore grunnlaget for både konflikt og sameksistens i nordområda, og menneska
har gjennom hundreåra tilpassa seg det havet byr på. Ulik tilgang på verdiane frå
havet medverka til skiftande maktforhold og sosial ulikskap. Denne sesjonen tek
føre seg sider ved bruk og utnytting, tilpassing og utvikling av desse ressursane frå
1500-talet og fram til i dag.
Deltakarar
Sigrun Høgetveit Berg, postdoktor IHR, UiT: "Kyrkjemakt og samfunnskontrakt –
skreien si rolle i reformasjonshundreåret"
Åsa Elstad, forskingsleiar Museum Nord: "Tørrfiskhandel og kontinentale vanar –
demonstrativt forbruk hos ein nessekongefamilie?"
Lena Aarekol, førsteamanuensis og dagleg leiar Polarmuseet, UiT: "Troféer og
turisme – havet som attraksjon"
Ketil Zachariassen, instituttleiar IKL, UiT: "Kyst-Norge i det 21. århundre – fisk,
olje og turistar"