Naustdal

1.kandidat:
Ruth Berit
Garfors.
Ruth Berit er 65år
og lærar ved
Sunnfjord
Folkehøgskule.
Kandidatliste for
kommunestyrevalet
2015.
2. kandidat:
Asbjørn Djupvik.
Asbjørn er 71 år
og pensjonist.
Han har hatt sitt
arbeid med
forsikring.
3. kandidat:
Grethe
Hellerslien
Kalland
Grethe er 61 år
og er
assisterande
rektor ved
Naustdal barneog Ungdomsskule.
Alle dei tre toppkandidatane våre
har lang erfaring frå
kommunepolitikken her i Naustdal.
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
Ruth Berit Garfors
Asbjørn Djupvik
Grethe Hellerslien Kalland
Ola Dag Thingnes
Margunn Vefring
Stein Oltedal
Marit Friborg Myrene
Atle Savland
Sigrid Marit Horne
Sigrun Solheim Savland
Arild Hagen
Jofrid Hagen
Magny Thingnes
Leiv Horne
Naustdal
2015 – 2019.
Med
menneskeverd
i sentrum.
Menneskeverd i sentrum
Krf sin politikk byggjer på dei kristne grunnverdiane:
Menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar.
Det gode samfunnet vert skapt i eit samspel mellom
mennesket, offentlege styresmakter og privat og
frivillig verksemd.
Oppvekst.
Familien er det mest
grunnleggande
fellesskapet i
samfunnet, og solide
og sterke familiar er
eit vilkår for at barn
og unge skal få best mogleg oppvekst. KrF ynskjer å
gje familiane valfridom, og høve til fleksible
ordningar i barnehagane.
Naustdal er inne i store endringar i høve
skulestrukturen. Det går føre seg bygging på NBU,
og ein del av klassetrinna er for tida på Horstad
skule. Det er no viktig at både elevar og lærarar får
ro og ressursar til å skape eit godt læremiljø.
Ny læreplan i kroppsøving set svært store krav til
symjedugleiken til elevane. KrF vi få utgreidd plan
for bygging av nytt symjeanlegg.
Eldre, helse og sosial.
Alle menneske skal ha
ein verdig alderdom. Difor
har vi bruk for vi ei god og
tilpassa eldreomsorg.
Eldre i Naustdal gjer ein
imponerande innsats i
mange samanhengar.
Eldre skal ha ein god og
trygg heim, anten dei bur
på sjukeheimen, i
omsorgsbustad eller i eigen bustad. Eldre som har
trong for hjelp, skal vere trygge på at dei får den
hjelpa som dei treng – og når dei treng den. Difor
må vi ha løysningar og tiltak tilpassa den einskilde
sitt behov.
Naustdal Kyrkjelydshus er ein viktig treffstad,
spesielt for eldre.Dette tilbodet ynskjer vi skal halde
fram. Baby, barn, ungdom og småbarns-familiar har
i dag også eit tilbod her.
KrF går inn for at sentrum vert betre tilrettelagt for
eldre og rørslehemma. KrF ynskjer ein restriktiv
alkoholpolitikk ved søknad om butikksal og
ambulerande løyve. Det må framleis satsast på
rusfrie ungdomstilbod som Rampen og Ope Hus.
Det må også leggjast betre til rette for busetnad og
integrering av flyktningar.
Kyrkje og kultur.
Det må løyvast nok
midlar til vedlikehald
av kyrkjene våre.
Det frivillige arbeidet
i kyrkjelyden, då
spesielt barne- og
ungdomsarbeidet,
må få dei midlane
som trengs for å
oppretthalde dette viktige arbeidet.
Alle kyrkjelege tenester må vere gratis.
KrF vil arbeide for å oppretthalde helgedagsfreden
med mellom anna søndags-stengde butikkar.
Naustdal ynskjer å vere ein kommune som fremjar
kunst, kultur og idrett. Det er flott at Naustdal er sett
på kartet som kunst-kommune, men det er like viktig
at det er lagt til rette for eit godt og variert
kulturskuletilbod. Idretten bør oppretthalde det
tilbodet dei har i dag. Kommunen må prioritere gode
fritidstilbod for alle aldersgrupper,
Busetnad.
Naustdal ligg vakkert og
strategisk plassert midt mellom
to av byane i Sogn og Fjordane.
Dette gjev oss fantastiske
moglegheitar til å auke
busetnaden i kommunen. Vi har
rikeleg med både private og
kommunale tomter, men vi
ynskjer ei betre marknadsføring
av dette. Det er og viktig at Naustdal kommune legg
til rette for gode og alternative buformer i heile
kommunen..
Natur, miljø og næring.
Bergverksdrifta i Engebøfjellet er vedteken. KrF vil
arbeide for at dette skal gagne Vevring og
kommunen best mogleg. Det er viktig at krava til
tiltakshavar vert oppfylt, og at inkubatorselskap
snarast mogleg kjem i drift for slik å finne alternativ
bruk av overskotsmasse. Kommunen må no arbeide
for bustadbygging i Vevring og for utbetring av
vegen til Vevring.
KrF meiner at kommunen bør leggje til rette for
nyetablering av ulike næringar. Eit variert næringsliv
lokalt styrkar busetnaden i kommunen.
KrF vil arbeide for å oppretthalde landbruket i
Naustdal, og at minst mogleg av den dyrka jorda
vert brukt til andre føremål. KrF vi støtte tiltak for
oppretthald og rekruttering til landbruket.
Samferdsle.
Med ein spreidd busetnad frå inst i dalen til ytterst i
fjorden er det viktig at vegane er gode og farbare
heile året. Vidare opprusting og oppgradering av dei
kommunale vegane er viktig for både næringsliv,
busetnad og trivsel.
Kommunesamanslåing.
Kommunesamanslåing er
uunngåeleg. Nye einingar
bør ikkje vere for store. Ein
bør sikre seg løysingar som
gir lokalt engasjement.
Vi vil arbeieie for å behalde
dei gode tenestene som
vi har i dag.
.