NAUSTDAL SENTERPARTI KOMMUNALVALPROGRAM 2015 – 2019 – Med hjarte for heile kommunen • Gode bu- og oppvekstvilkår. • Styrka tenestetilbod. • Opprusting av kommunale vegar. • Barnehageopptak heile året. • Meir ungdomsmedverknad. www.sp.no www.sp.no HELSING FRÅ ORDFØRAR KANDIDAT ERLEND HAUGEN HERSTAD Gjennom satsing på grøne arbeidsplassar, grøne bøar og grøne idar skal vi skape ei grøn berekraftig, livskraftig og framtidsretta bygd. Vi har alle føresetnader for å skape eit samfunn der folk kan leve lykkelege liv, med nærleik til tenester, jobb og heim. I Senterpartiet har vi utvikling og framdrift i heile landet som ein del av vårt verdigrunnlag, Naustdal er på mange måtar ideal bygda til Senterpartiet, ei bygd i vekst, ei bygd i utvikling og som ikkje er redd for å satse på næring. Om du ynskjer at Senterpartiet skal vere med å halde ei hand på rattet dei neste fire åra so ynskjer vi di stemme. Godt val! 2 HELSE OG SOSIAL Senterpartiet vil oppretthalde primærhelseteneste slik dei er i dag. Kommunehelsetenesta er viktig for å førebyggje, behandle og følgje opp hjelpebehov, også innanfor psykisk helse og rusvern. Senterpartiet vil at kommunen framleis skal ha hovudansvaret for pleie- og omsorgstenestene. Senterpartiet vil arbeide for: • Å samlokalisere helsetenestene i Naustdal for å styrkje fag- miljø og auke fagkompetanse i kommunen. Dette vil skape fleire attraktive kompetansearbeidsplassar. • Å sikre helse- og omsorgstenester med god kvalitet. • Å styrkje det førebyggjande arbeidet innanfor psykisk helsevern, rusvern og barnevernet i kommunen. • Å sjå dei eldre som ein ressurs og ivareta deira interesser gjennom god dialog med bl.a. frivilligsentralen, eldrerådet og pensjonistlaget. • Einerom til alle som ynskjer det. • At frivilligheitssentralen skal ha gode og føreseielige rammer for koordinering av aktivitet. • At innbyggarane skal ha ein trygg kvardag. • Å ha ei vidareføring av «aktiv på dagtid» •Terapibasseng 3 SKULE OG OPPVEKST Borna er framtida vår. Senterpartiet vil at alle barn skal ha eit læringsmiljø tilpassa og tilrettelagt for individet. Etter fleire store investeringar, meinar Senterpartiet at vi skal satse på innhaldet i skulen og korleis ein skal styrke det faglege tilbodet til elevane i skulen. Både skule og barnehage må opplevast som ein god og trygg stad å vere for å lære. Det må takast omsyn til den enkelte sine ressursar og interesser. Det må leggast til rette for eit godt og variert fritidstilbod i eit trygt og positivt nærmiljø. Senterpartiet vil arbeide for: • Barnehage opptak heile året • Å auke ressursane på material- og bemanningssida i skulane og barnehagane. • Høg kvalitet i skulen og ei tilpassa opplæring for alle elevar. • At barn og unge, gjennom ungdomsrådet, får sterk innflytelse i saker som vedkjem dei, mellom anna gjennom å gje ungdomsrådet talerett i kommunestyre • Aktivt og positivt barne- og ungdomsarbeid i heile kommunen, som td Speidaren, 4H, Barnas Turlag, fritidsklubbar osv. • Å styrke det positive miljøet kring Rampen ungdomsklubb. At det får utvikle seg eit breitt tilbod av ulike aktivitetar er viktig for å skape eit friskt, trygt og haldningsskapande ungdomsmiljø. • Å sikre fortsatt full barnehagedekning med eit godt tilbod for alle som ynskjer barnehage. • Barnehageopptak heile året. • At vi skal ha tre skular i Naustdal. • Gje ungdomsrådet talerett i kommunestyre i saker som vedkjem ungdom. 4 NÆRINGSLIVET Naustdal ligg sentralt plassert med gode kommunikasjonar og har store moglegheiter til å få vekst i busetnad og arbeidsplassar. Her er gode bu- og oppvekstmiljø. Unik natur gjev rike moglegheiter for sport, friluftsliv, jakt, fiske. Ei vellukka satsing på næringsutvikling handlar i stor grad om å utnytte dei rike natur-, kunst- og kulturressursane, det gode bu- og oppvekstmiljøet i eit kreativt samspel med næringslivet, ungdomen, kobla med høg kompetanse på ulike områder. Vi ynskjer å sjå på kunst, kultur og reiseliv i ein samanheng, og i eit næringsog folkehelseperspektiv. For å få vekst i næringsutviklinga må ein gje rom for å tenkje nytt. Ein må satse på eit mangfald av arbeidsplassar og utvikling av det uprøvde innafor opplevings- og reiselivsnæringa. Det må satsast på dei som har gode idear og som ønskjer å skape noko sjølv. Engebøprosjektet – blir viktig for heile regionen. I Senterpartiet er det rom for både tilhengarar og skeptikarar til dette prosjektet. No er avgjerda gjort på regjeringshald og vi vil forhalde oss sakleg til dette. No gjeld det å arbeide for at vi får mest mogeleg att lokalt, samt flest mogeleg ringverknadsarbeidsplassar i tilknytning til denne verksemda. Landbruket er ein viktig næringsaktør og faktor for busetjing i kommunen. Senterpartiet ynskjer eit landbruk for framtida, meir mat basert på meir lokale ressursar vil sikre eit grønare Naustdal. Senterpartiet vil arbeide for: • Ei utvikling der dei gode grunder-ideane får god støtte og oppfølging av kommunen. • Satsing på kunst og kulturbasert næringsutvikling. • Reiseliv som t.d. prosjektet i Dalen, og bygge vidare på dette i heile kommunen. • Ei best mogeleg utnytting av småkraft-potensialet i heile kommunen og arbeide for betre rammevilkår for denne næringa. • Å styrke satsinga på skoguttak med fleire skogsvegar. • Legge til rette for næringsareal både i sentrum og ellers i kommunen. • fleire grøne arbeidsplassar i kommunen. • Å styrke landbruksrådgivinga, helst med eigen landbrukssjef. 5 INFRASTRUKTUR / SAMFERDSLE Gode vegar er med å oppretthalde bulysta. Dårlege vegar gjer det motsette. Det har dei siste åra vore asfaltert lite i kommunen. Vi ynskjer å snu denne trenden. Senterpartiet vil arbeide for: • Opprusting av dei kommunale vegane og årleg asfaltere ein del av grusvegane i kommunen. Dette vil redusere vedlikehaldskostnadane på sikt. • Fiber til alle innbyggarane i kommunen. • Å få eit betre kollektivtrafikk-tilbod på kveldstid. • At fylkes og riksvegnettet blir jamnleg vedlikehalde. • Å trygge forholda for mjuke trafikantar langs riksveg 5. • Ålesundbrua må vere ein del av kystvegsatsinga. KOMMUNALT EIGARSKAP Senterpartiet vil at Naustdal kommune skal ha eit aktivt eigarskap som aksjeeigar og eigendomsforvaltar gjennom: • Sikre seg eigendomar ein treng for framtidige investeringar (td. for Friskhus, NBU, idrettsanlegg). • Fornuftig eigarskap av kraftaksjar, ein må vere restriktive på sal. 6 KULTUR OG FRITID Kunst og kultur som merkevare... Budeia på Sanden er utan tvil ein av dei mest markante merkevarene vi kan byggje vidare på for å setje kommunen på kartet både nasjonalt og internasjonalt og som identitetsbyggjar for naustedølane. Bruk av Sanden til ulike arrangement er viktig for både frivillige og profesjonelle aktørar innanfor kultur og opplevingsaktivitetar. Dette er viktig for alle. Det vil skape ringverknadar til beste for livskvalitet, folkehelse og kan vere ein innfallsport til nye næringar. Også Vevringutstillinga er ei god merkevare for kommunen og kunstutstillinga står i ei nasjonal særstilling. Det blir viktig for kommunen å støtte opp om denne i åra som kjem. Vi håpar det særs verdifulle som Vevring har utvikla i samhald og dugnadsånd kring Vevringutstillinga, vert ein styrke inn i framtida. Kommunen si rolle: Det meste av kulturlivet i Naustdal er drifta av frivillige. Kommunen skal vere ein viktig støttefunksjon for alle frivillige lag og organisasjonar både i sentrum og ute i grendene. Utan frivillig aktivitet «tørkar» lokalsamfunnet inn og vert eit fattigare samfunn. Kommunen er i oppstartsfasen i å lage kommunedelplan for kultur. Senterpartiet vil arbeide for at dei frivillige får ein viktig plass i denne. Senterpartiet vil arbeide for • At satsinga på kunst og kultur held fram og at kulturstillinga vert oppretthalde. • Aktive frivillige lag og organisasjonar i heile kommunen. • Musikkskulen får eit breiare tilbod til korps / skulemusikken, grupper og einskilde utøvarar. 7 NATURRESSURSAR OG MILJØ Naustdal er rikt på naturressursar, og Senterpartiet ynskjer ei ansvarleg forvaltning av desse som gjev varige verdiar. Det er viktig med heilskapleg miljøtenking, basert på lokal kunnskap. Kommunen må ta på alvor dei globale klimautfordringane, gjennom ein god klima og energiplan. Senterpartiet vil arbeide for: • Å styrkje den lokalstyrde arealforvaltninga. • Utskifting av kommunalt teknisk utstyr skal helst vere elektrisk. • Å sikre grunneigarane si tradisjonelle forvaltning av eigedomar og ressursar. • At Naustdalsvassdraget vert forvalta etter langsiktig, heilskapleg miljøtenking til beste for alle interessegrupper. • At kommunen skal vere ein pådrivar for å ha ein framtidsretta klima- og energipolitikk. • At miljøoppfølgjingsprogrammet i samband med utsleppsløyvet til Nordic Mining, skal følgjast tett opp av kommunen. NÆRMILJØ OG BUSETNAD Senterpartiet vil leggje til rette for bustadbygging i heile kommunen og slik sikre desentralisert busetnad. Nærmiljø med god kontakt mellom generasjonane vil styrkje trivselen og gje kjensle av tryggleik for alle. Naustdal skal bli Førdes beste vestkant der einkvar ynskjer å bu. Vi skal og ta ansvar for å busette flyktningar som Noreg har påteke seg å ta imot, dette er vårt ansvar for å hegne om menneskeverdet. Senterpartiet vil arbeide for: • Å profilere Naustdal positivt og få fleire til å flytte til kommunen. • Å gje innbyggjarane gode høve til naturopplevingar i nærmiljøet. • Trygge og gode oppvekstvilkår. • Å støtte opp om lokalt lagsarbeid. • Høg kvalitet på bustadbygging. • Busetting av flyktningar. • Å satse på løyvingar til Husbanken 8 KYRKJA Naustdal og Vevring kyrkjer er våre viktigaste historiske bygg. Desse kunst- og kulturverdiane må takast vare på som ein del av vår felles kulturarv. I ei tid med stor utvikling og endringar, er det viktig å ta vare på og vidareføre dei grunnleggande verdiane samfunnet vårt er bygd på. Difor meiner Senterpartiet at vi må ha eit nært samspel med kyrkja. NAUSTDAL – med kultur for utvikling Kommunen har lukkast med å legge til rette for ei større unik bustadbygging i Mallasvik – Sæle området. Fleire spennande bustadprosjekt er under utvikling i sentrum. Derfor er det svært viktig at det i eit regionalt perspektiv vert satsa på kvalitetar som gjer at ungdom og barnefamiliar finn det attraktivt å busetje seg i kommunen. Satsing på frisksenter, eit godt barnehagetilbod og ein god læringsarena i grunnskulen er viktig for å gjere Naustdal attraktiv i eit Sunnfjord-perspektiv. Fokus og satsing på kunst- og kulturaktivitetar gjennom Vevringutstillinga og Kjartanistan, saman med Rampen Ungdomsklubb, idrettstilbodet, frivillige lag og organisasjonar vil styrke Naustdal sitt omdøme. Senterpartiet vil sikre at denne satsinga skal halde fram. Med knappe økonomiske rammer meinar Naustdal SP at eit tettare interkommunalt samarbeid vil styrke kompetansen og fagtilboda i kommunane. Tida er inne for å vurdere nærmare korleis ei samanslåing i Indre-Sunnfjord vil kunne vere positivt for innbyggarane, innafor utvikling av kompetanse og kvalitet på tenestetilbodet og næringarbeidet. SP ynskjer ein god og involverande prosess der ein ser på fordelar og ulemper med samanslåing. Ei eventuell samanslåing må vere ønska av folket i Naustdal. 9 KANDIDATAR 1. kandidat Erlend Haugen Herstad, ordførarkandidat, alder 28 år, bustad Birkeland, valkampsekretær og kjøkkenmedarbeider. Sentralstyremedlem i Senterungdomen og leiar i Naustdal SP, har sotte 2 år som fast kommunestyrerepresentant i Naustdal. Har tidligare hatt verv i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane. Andre verv i Naustdal, nestleiar for frivilligheitssentralen, medlem i komité for oppvekst og kultur, medlem i styringsgruppa for utbygging ved NBU. Likar å spele fotball, drive med politikk og kompetitiv dataspeling. Dei viktigaste politiske sakene, kommunesamanslåing, nærpolitikk (skule, helse og nødtjenester må vere nær der folk bur) samt fiberutbygging til heile kommunen. 2. kandidat Lena Kristin Eliassen, alder 35 år, bustad Instedalen, sambuar med Vegard, og mamma til Ronja 2 år. Utdanna førskulelærar og jobbar som pedagogisk leiar i Lunden barnehage i Naustdal. Oppteken av skule og barnehage, å ta heile Naustdal i bruk, gode forhold for tilsette. 3. kandidat Eiliv Erdal, sambuar, 46 år, bustad Sentrum, bonde og sjølvstendig næringsdrivande. Leiar i Nausta elveeigarlag. Likar Jakt og fiske. Brenn for jordvern, skule, opptatt av at der skal bu folk i heile kommunen og at kommunen skal kunne tilby eit breidt tilbod alle innbyggarane. Det er særs viktig at ein støttar opp om næringslivet i kommunen. 4. kandidat Ståle Fimland, alder 44 år, bustad Fimland. Oppteken av landbruk, bygdeutvikling og busetnad. 5. kandidat Hilmar Kvame, alder 32 år, gift, bustad Kvame, leiar i Naustdal produsentlag Tine, mjølkeprodusent og anleggsmaskinførar. Bryr seg om samferdsle, distrikts- og næringspolitikk. 10 6. kandidat Laila Britt Lien, 48 år,bustad Espeland, sambuar, bonde og ansatt på blomstersenter, tidligare engasjement i fagforbundet FAU og aktiv i bygdekvinnelaget. Likar å drive med handarbeid, matlaging og drive med dugnad. Brenn for skule og barnehage, barn og ungdom, sysselsetting, arbeidsplass-skaping, bygdeutvikling. Særskilt oppteken av familie politikk. 7. kandidat Hallgeir Kalland, 29 år, bustad Kalland, sambuar, bilmekanikar og bonde. Bryr seg om distrikta, skulestruktur og nærings politikk. 8. kandidat Ragnhild Kringlen, 21 år, bustad Kringla, oppteken av gardsdrift, internasjonal solidaritet og landbrukspolitikk. Likar å gå tur. 9. kandidat Jan Erik Horstad, alder 38 år, bustad Horstad. Sjølvstendig næringsdrivande/Bonde. Interessert i friluftsliv og idrett. Politiske felt: Landbruk og anna næringsliv. Skule og oppvekst. Eldreomsorg. Naustdal i framtida. 10. kandidat Solbjørg Steiro Herstad, 52 år, Midtredalen, gift. Farmasøyt Apotek1 Førde. Leiar Midtredalen Bygdekvinnelag. Interesser: Trim/trening/turar, handarbeid Nærmiljø og distriktspolitikk. 11 Naustdal Senterparti Kommunevallista 2015 – 2019 Nr. Namn 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 Erlend Haugen Herstad Lena Kristin Eliassen Eiliv Erdal Ståle Fimland Hilmar Kvame Laila Lien Hallgeir Kalland Ragnhild Kringlen Jan Erik Horstad Solbjørg Steiro Herstad Johnny Bernhard Aarseth Ann Kristin Solås Kjell Klopstad Johnny Følling Harald Kalland Anne Grete Hukset Vonen Øyvin Mortensbakke Cecilie Linn Heggelund Stian Andal Helge Olav Gjøringbø Jostein Løtuft Kjetil Veien Jorunn Andal Rørstadbotnen Odd Arne Hamre Trygve Ramsdal Vidar Heggheim Naustdal Senterparti vil ynskje deg eit godt val! Naustdal Senterparti v/Erlend Herstad – leiar 6817 Naustdal E-post: [email protected] Mobil: 91 64 47 40 senterpartiet.no INNMELDING Bli SP-medlem – send «SP» til 2360. (for deg under 30) Bli Senterungdoms-medlem send «SUL» til 2360
© Copyright 2024