Konjunksjonar og subjunksjonar 1 (nynorsk)

Eigenvurdering 1– Konjunksjonar og subjunksjonar
Namn:
For å finne ut om du har nådd måla for dette kapittelet, jobbar du med desse oppgåvene:
Mål nr. 1: Du skal kunne forklare kva konjunksjonar er.
Kva for ei av desse setningane forklarer kva konjunksjonar er?
a) Konjunksjonar er ord som kan binde saman heilsetningar.
b) Konjunksjonar er småord.
c) Konjunksjonar er det same som komma.
d) Konjunksjonar er ord som kan binde saman ord frå same ordklasse.
Mål nr. 2: Du skal kunne forklare kva subjunksjonar er.
Kva for ei av desse setningane forklarer kva subjunksjonar er?
a) Subjunksjonar er det første ordet i setninga.
b) Subjunksjonar er ord som bind saman ei leddsetning og ei heilsetning.
c) Subjunksjonar er ord som viser at eitt ledd i setninga hører til under eit
anna ledd.
d) Subjunksjonar er alle småorda vi bruker for å binde saman tekstane vi
skriv.
Mål nr. 3: Du skal kunne bruke konjunksjonar og subjunksjonar til å
binde saman tekst.
Set inn konjunksjonar og subjunksjonar som passar i teksten.
_______ vi reiste til Kreta i sommar, sov mamma
________ pappa på heile flyturen. Eg las eit
teikneseriehefte ________ sola skein der oppe over
skyene. _______ vi hadde landa, henta vi kofferten
_______ bagen. Vi drog til hotellet _______ vi åt ein
god lunsj der. Pappa sa: « _______ de vil bade, må de
køyre buss ________ gå. ________ eg vil heller slappe
av her.» ________ vi visste ordet av det, forsvann han
ut på terrassen.
Kor fornøgd er du med arbeidet med dette kapittelet?
I kor stor grad nådde du mål nr. 1?
_________________________________________________________
_________________________________________________________
I kor stor grad nådde du mål nr. 2?
_________________________________________________________
_________________________________________________________
I kor stor grad nådde du mål nr. 3?
_________________________________________________________
_________________________________________________________