Breivik forskalingsblokk Gir ein sterk og dekorativ mur som er enkel å montere Breivik forskalingsblokk er ei solid blokk som kan nyttast til støttemur eller grunnmur til bustad, garasje, naust eller anna. Med riktig armering vil Breivik forskalingsblokk gi ein like sterk mur som ein forskalt og heilstøypt mur. Det er enkelt å gjere jobben sjølv! Breivik forskalingsblokk er produsert etter Norsk standard (NS) 2015 Breivik forskalingsblokk, ferdig slamma mur. Det er svært enkelt å mure med Breivik forskalingsblokk Breivik forskalingsblokk er lett å bruke og gir eit fint resultat med rett montering. Blokka har rette vinklar og kantar, slik at den ferdige muren blir jamn og fin. Som ved bruk av andre steintypar, må underlaget vere avretta og solid. Du kan stable direkte på singel eller støypt sole. Deretter radar du ut blokkene i heile lengda på muren. Bruk liggande armering i spaltene i steinen. Muren kan då stablast skift for skift til ønska høgde. Til hjørner nyttar ein høgre eller venstre hjørneblokk. Sett ned ståande armering mellom dei liggande lengdene til slutt. Fyll betong i blokkene og sørg for god vibrasjon «stapping». Fylling i 2 eller fleire rundar (6-7 skift pr. fylling) gir eit meir stabilt resultat. Heilblokk Dobbel endeblokk Teknisk data - heilblokk Lengde: 600 mm Breidde: 200 mm Høgde: 200 mm Vekt: ca. 25 kg Antal pr. m2: 8,33 stk Leveranse på heilblokk: 40 stk. pr. pall. Halv- og hjørneblokk stablast på same pall (20 stk. av kvar). Fundament: Betong/singel Mørtelforbruk: Ca. 1,0 hl. (0,1 m3 ) pr. m2 Ved høgare mur og bruk av pumpebil bør fyllinga gjerast forsiktig i starten (i botnen av muren). Ta det i fleire runder slik at ein reduserer faren for holrom. Alle hjørner bør avstivast ved bruk av pumpebil. Endeblokk Murhøgde: Anbefalt 1,5 meter før fylling Deling av stein: Vinkelslipar Armering: Skal bereknast av fagfolk og er avhengig av krav til styrke på mur. Liggande armering i mur: 1, 2, el. 3 lengder pr. skift. Ståande armering i mur alt etter styrke på mur. Men det bør vere ståande armering i kvart hol og med god overlapping. Hjørneblokk Halvblokk Produkt og produsent er godkjent av «Kontrollrådet for betongprodukter», etter dei krav som er gjeldande. Forhandlar: Breivik Kalkverk As, N-6084 Larsnes. Telefon: 70 02 80 34 [email protected] www.breivikkalkverk.no
© Copyright 2024