ÅRSMELDING 2014 - Norsk Sau og Geit

ÅRSMELDING 2014
SOGN OG FJORDANE SAU OG GEIT
28 FEBRUAR – 1 MARS 2015
GODE SMÅFEHALDARAR.
Vi har no lagt bak oss 2014. Eit år som vil verte hugsa
for store tap til rovdyr. I Årdal/Lærdal, Jostedalen og
Stryn var det jerven som herja og tapet vart ufattelege
stort og i Naustdal/Førde var det ulven som drap. Og
dette i eit område der vi ikkje skal ha desse rovdyra.
Dette er svært frustrerande, og rovdyrproblematikken
i 2014 er nok ikkje eit eingongstilfelle, så vi må vere
føre var, og ha ei organisering som gjer oss mest
mogleg effektive neste gong. Som følgje av
ulveproblemtikken har ein, i første omgang, i
Sunnfjord og Gloppen fått oppretta jaktlag med ein
felles jaktkoordinator. Dette er ei organisering som
ein vil prøve å få oppretta i heile fylket. Det var stor
lettelse i småfenæringa, med tanke på neste
beitesesong, då ulven vart felt 16. desember i 2014.
SFSG har og fått oppretta eit «VARSLINGSNUMMER»
902 11 260.
Geitedagane 2014 vart arrangert på Skei 22.8.14 –
24.08.14. med Rune Myklebust frå Oldedalen som
leiar i arrangementskomiteen. Eit arrangement som
samlar geitehaldarar frå heile landet og som fekk gode
tilbakemeldingar for godt gjennomført arrangement
med gode føredragshaldarar. I 2015 skal Geitedagane
arrangerast i nord.
Fortsatt er utfordringa for geitehaldet, å få auka
omsetning av dei fortreffelege produkta som ein no
får produsert av geitemjølka.
Prosjektet «Sau i pluss» ser ut til å fungere etter
intensjonane, og hatt svært mange oppdrag i 2014.
«Flaskehalsen» er no tilgang på investeringsmidlar.
Potten for 2014 var oppbrukt tidleg på hausten i 2014,
så mange søknader var lagt over til 2015. Når ein so
veit at potten for 2015 er mindre enn for 2014, så er
det ikkje bra for dei som ønskjer å investere.
Leiarsamlinga vart arrangert som eit dagmøte 8.
november i Førde. Eit møte med hovudfokus på
rovdyr og innspel til jordbrukstingingane, og godt
engangement, sjølv om fleire lokallag kunne vore
representert. På møte vart det sett ned ei
arbeidsgruppe som skulle komme med eit framlegg til
innspel til jordbrukstingingane. Dette vart sendt ut på
høyring og då fristen var ute 1. februar hadde vi fått
inn kommentarar frå 9 lokallag. Endeleg «innspel»
vart handsama på styremøte i SFSG 05.02.15.
Lagslovene til NSG har og vore ute på høyring hos
lokallaga to gongar i løpet av hausten 2014. Siste
2
høyringsfristen var 1. februar. Her fekk vi berre inn
merknadar frå 4 lokallag. Takk til dei lokallaga som
engasjerar seg. Når ein får så få tilbakemeldingar,
som på innspel til jordbrukstingingane og revisjon av
lagslovene, så må det tolkast slik at lokallaga er samde
med det som er sendt ut på høyring, eller så har vi alt
for mange passive lokallag.
Våren 2013 fekk vi danna 3 gjetarhundlag under
gjetarhundnemnda i SFSG. Nordfjord, Indre Sogn og
Sunnfjord og Ytre Sogn. Korleis gjetarhundlaga
fungerar varierar, så her er ein jobb som må gjerast. I
tillegg til å arrangere ulike gjetarhundprøvar, må ein
og få til samlingar for dei hundeeigarane som ikkje er
interessert i å gå prøve, men som ønskjer å få litt råd
og hjelp med hunden sin, slik at den vert eit godt
hjelpemiddel ved sanking.
Ein har i løpet av 2014 sendt ut 3 medlemsinfo til
lokallaga. Intensjonen er at lokallaga skal distribuere
dei vidare til medlemane sine, slik at dei vert
informert om aktivitetar m.m. Det er då beklageleg at
mange medlemar til dømes ikkje var klar over at SFSG
arrangerte fagtur til Island, før etter at turen var
avvikla. Vi som var med på turen hadde ein flott og
lærerik tur.
No nærmar det seg tid for lamming, vårens vakraste
eventyr. Eg forventar at SNO får tatt ut flest mogeleg
jerv før beitesesongen startar, og at vi får ein
beitesesong med mindre tap enn i 2014.
Lukke til med årsmøtet
Ragnhild Sæle
VELKOMMEN TIL ÅRSMØTE 2015
SOGN OG FJORDANE SAU OG GEIT
Sogn og Fjordane Sau og Geit inviterer til årsmøtesamling på Skei Hotell
28. februar- 01. mars 2015
PROGRAM
Lørdag 28. februar
Søndag 01.mars
11.00
Registrering
09.00
Lokallagas time
11.30
Opning v/leiar
Opning v/ordførar i Lærdal,
10.00
Berekraftig kjøtproduksjon,
v/ Katrine Andersen Nesse, Animalia
12.00
Lunsj
13.00
Årsmøte
Saksliste etter vedtektene
11,15
Pause, utsjekk
11.45
Sikringsradioen, v/Ole Petter Skjerven
13.00
Lunsj
18.00
Avslutning
19:30
Middag
Påmelding: Frist 21. februar
Odd-Jarle Øvreås , [email protected] .tlf. 48156495 eller:
Ragnhild Sæle, Ålhus, [email protected], tlf. 41633342
Prisar overnatting
1/1 pensjon i dobbeltrom pr. pers. pr. døgn
1/1 pensjon i enkeltrom pr. døgn
Tillegg for ekstra lunsj avreise dag
Dagpakkar for dei som ikkje overnattar
Dagmøte med lunsj
Dagmøte
Middag u/overn, i tillegg til dagpakke
kr 990,kr 1140,kr 275,kr 395,kr 155,kr 350,-
3
Årsmøte 28 februar 2015
Sakliste:
1. Namneopprop
2. Godkjenne innkalling, sakliste og forretningsorden.
3. Velje to representantar saman med møteleiaren til å skrive under møteprotokollen.
4. Handsame Årsmelding for 2014
5. Handsame rekneskap og revisjonsmelding.
6. Handsame arbeidsplan for 2015.
7. Innkomne saker.
8. Val etter vedtektene. Sjå forslag frå valnemnda.
-
Fastsetje godtgjersle
9. Handsame og vedta budsjett for 2015.
10. Velje medlem til valnemnda med vara.
4
Årsmelding frå styret i
Sogn og Fjordane Sau og geit
Styret 2014
Ragnhild Sæle - leiar
Lars Nesse - nestleiar
Valnemda for 2015
Odd- Jarle Øvreås
Dag Arne Helle, leiar
Jo Risløv -fokus på geit
Åse Leirgulen
Lene Engvik Rasch, sekretær
Marit Henjum Halsnes
Varafolk
1. vara: Vidar Sandal, Breim
Vara til valnemda
2. vara: Margrethe Garlid, Stryn
Linda Alsaker
3. vara: Jostein Flatland, Sogndal
Sigurd Vikesland
4. vara: Mirjam Friberg, Selje
Revisorar
Kasserar
Magnar Juklestad
Mirjam Friberg
Inge Erikstad
Vararevisor
Webansvarleg
Ove Årdal og Jon Helge Sandal
Jonny Lofnes
Det var 48 lokallag i 2014 som i 2013, nokre lag har starta prosessen med samanslåing.
Det er 1080 medlemmar på fylkesbasis (09.02.15), mot 1076 medlemmar i 2013. laget har 2 æresmedlemar. Asbjørn
alsaker og Ola Søgnesand.
I 2014 er det halde 6 styremøte, og det blei handsama 57 saker. Møtene er halde på Felleskjøpet i Skei, kor me har
fått nytta møtelokale gratis. Me takkar Felleskjøpet for velviljen.
Helse og velferd i lamminga
Vidareføring frå 2013 og 2014: Lokallaga får dvden Helse og velferd i lamminga, og kr 500 i stønad viss dei har eit
møte, og kr 1000 viss dei har to møter. Det er fylkesmannen som betaler ut stønaden. Ta kontakt med styret for å få
dvden utlevert. Kriterier for utbetaling: Dokumentere møtedato, namna på dei som møtte, og litt om erfaringane.
Sendast til sekretæren i SFSG.
5
Representasjonar
Styremedlemmane har delteke på diverse møter og arrangement. Frå fylket er Ragnhild Sæle varaordførar i
representantskapet, og Sigurd Vikesland er styremedlem i sentralstyret.
Info frå SFSG
Referata frå styremøtene har blitt lagt ut på heimesida fortløpande, det gjeld og for referat frå arrangement i regi av
SFSG. Det er send ut tre medlemsskriv i 2014: mai, september og desember.
Geitegruppa/ Avlsutvalet/ Gjetarhundnemd
Sjå eige årsmelding.
Aktivitetar
Geitedagane
Over 140 deltok på vellukka Geitedager i Jølster 22. – 24. august 2014.
Fokus på TINE sitt arbeid med produktutvikling og marknadsføring av geitemjølkprodukt.
Konserndirektør i TINE, Hanne Refsholt, opna den faglege delen. I hennar sitt innlegg fekk ein informasjon
om lansering av en ny kvit geitost, og om TINE sin strategi og arbeid med geitemjølk produkt. Ho gav stor
honnør til produsentane for det formidable arbeidet som er gjennomført for å betre mjølkekvalitet og
dyrehelse.
Mjølkekvaliteten, som er løfta til eit historisk nivå, og Friskare Geiter, som har fått stor internasjonal
merksemd, vart også markert seinare under Geitedagane. Ei samla næring gav heider, utmerking og ståande
applaus til personar som har gjort ein særleg stor innsats. Her vart godt tverrfagleg samarbeid og utnytting
av god kompetanse i heile kjeda understreka.
Av fagtema undervegs hadde ein foring, avl, førebyggande helsearbeid, geitekontrollen og sal /
marknadsføring av kjekjøt. Ein hadde og ein god sekvens med smaksprøver med stort utval av produkt frå
geit, både det som var laga av mjølka og av kjøt.
I tråd med tradisjonen la ein opp til ulike turar deltakarane kunne velge. Det var tur til Kandal, til Søgnesand
og fjelltur opp Lundeskaret.
Komiteen ynskte Geitedager med fokus både på det faglege og det sosiale. Deltakarane gav oss svært gode
tilbakemeldingar både for opphald på Skei Hotell , for turane ein kunne velge, for det faglege innhald og for
arrangementet samla.
Takk for all velvilje og god hjelp.
Ref. Rune Myklebust
6
Fagtur til Island
Sogn og Fjordane Sau og Geit arrangerte fagtur til Island frå 20. til 24. oktober. 17 deltakarar frå ulike delar av fylket
landa på Keflavik på søndag den 19.
Gjengen nytta tida godt og måte sjølvsagt få med seg eit varmande bad på veg frå flyplassen og inn til hotellet i
Reykjavik. Den Blå Lagune var ei spesiell oppleving med god temperatur i det utandørs badeanlegget med
svovelvatn. Etter ein triveleg kveld i Reykjavik starta måndag den 20. med busstur nordover langs kysten. Her
besøkte vi Landbrukshøgskulen og Universitetet. Vi fekk innføring om litt historikk kring det islandske jordbruket og
om ulike landbruksreiskap opp igjennom tidene. Vi besøkte garden til Snorre Sturlason kor vi fekk litt innblikk i
historia til sagaøya.
Vi overnatta dei 3 neste dagane i Akureyri med dagsturar nordaust på øya. Vi opplevde mykje imponerande natur og
eit godt program, nøye planlagd av turleiaren vår Svana Haldorsdottir. Det var ei oppleving å sjå dei enorme viddene
som Island disponerar. Store flater med slåttemark, som rett nok krev ein del kanalisering for å tørke ut.
Beiteviddene var imponerande store og rimeleg bra oversiktlege. Lite utfordring med gjenngroing og små behov for
bjølle på sauene. Sauerasen på Island tilhøyrer ein art av den gamalnorske spelsauen som vart importert frå Norge
for 1000 år sidan. Den var litt lavare noko kortare og ein god del breiare enn den norske rasen. Vi besøkte tallefjøs,
mindre typar fjøs og fekk innblikk i sauefjøs med plass til 400 sauer, kor bonden kunne køyre inn 14 grasballar i
moderne variantar av islandshekk. Turen gjekk inn om eit geitebruk. Det er kun lokal foredling av geitmjølksprodukt
på Island og vi fekk innblikk i ein liten geitepopulasjon som ligg eit godt stykke etter den norske i utvikling og
framgang innan avl.
Turdeltakarane fekk omsyning og innblikk i både slakteri og meieri. Det var ei erfaring og sjå nye robotfjøs for
islandske små kyr som produserte kring 4000 liter mindre enn den norske.
Turfølget fekk med seg ein opplevelsesrik tur i lag. Nokre av inntrykka gjekk nok i dei store avstandane mellom
gardane, dei enorme viddene kvar enkel disponerte og å kunne sjå og ri på nokre av dei kring 80 000 islandshestane
på øya. Mange gardar var retta inn i mot turisme med gardsutsal og nokre med kafé vegg i vegg med fjøsen som vi
då såg vart steld samtidig som vi gjerne et matprodukt frå garden.
Ref. frå turen: Vidar Sandal
7
Møte om rovviltforvaltning, Sande 07.11.2014.
Nær 60 personar var møtt fram på ein fredagskveld, det vitnar om stor interesse for temaet. Dei ulike innleiarane
hadde sine innlegg, og spørsmål vart samla opp til paneldebatten.
-Liv Astrid Nordheim Kusslid understreka at vi må vere lagspelarar for få bukt med rovdyrproblema i fylket. Ho la og
fram søknadstala for erstatning etter tap av dyr til freda rovvilt. Det er søkt erstatning for 229 sauer og 1329 lam.
-SNO: Einar Fortun framheva samarbeid og tillit til/med næringa. Positiv innstilling og tillitsbygging mot råka
brukargrupper. Prioritere nye område. Rein Arne Golf: Viktig at ein fotografer sporrekkjer, bruk noko «målbart» ved
foto av enkeltspor.
-Arne Rebni Øvreås: Dokumentasjon er viktig,- gje beskjed og ta bilete.
-Vidar Heggheim: Prøvde å halde ein låg profil for å ikkje få unødige konflikter.
-Ole Bjarne Hovland: Fylkesfellingslaget viktig, dei gjorde ein god jobb.
Utdrag frå arbeidsnotat skrive av Marit Flatjord
8
Leiarsamling i Førde 8.11.14
19 lag var representerte, og tilsaman var me 28 deltakarar.
På lokallagas time var tema mellom anna:
- Heving av momsgrensa: Regjeringa hadde i sitt forslag til statsbudsjett føreslege å auke kravet om omsetnad
innafor meirverdiavgiftslova frå kr 50 000 til kr 150 000.
- Kommunikasjonsflyt: Me i fylkesstyret erfarer at mykje av infoen me sender til lokallagsleiarane stoppar der, og
ikkje når medlemmane. Me vil difor be alle lokallagsleiarane om å vidareformidle informasjonen som vert sendt ut til
medlemmane sine, og til å minne dei som er på nett om å sjekke heimesida.
Innspel til jordbrukstingingar
Det kom mange innspel frå salen til kva som skulle ligge i årets innspel, og det var einigheit og å prioritere strukturen
denne gongen/ auke i botn. Det blei oppnemd ei gruppe som skal lage eit utkast til innspel. Gruppa bestod av : Lars
Nesse, Svein Helge Hovstad og Vidar Heggheim.
Beitesesongen 2014, kva kan me lære til 2015?
Vidar Heggheim frå Naustdal Sau og Geit fortalte om beitesumaren deira i 2014. Det var diskusjonar rundt kva som
kunne gjerast med det same, og kva ein kunne gjere førebyggjande. Opprustning av fellingslaga var eit av stikkorda.
Småfesamling 2015
Helga 9. – 10. januar var det Fagsamling Sau på Skei. Helga er eit samarbeid mellom Nortura SA, Fylkesmannen i
Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Sau og Geit. Det var godt oppmøte også dette året, og mange interessante
tema vart tekne opp.
På fredag tok Thor Blichfeldt og Kjell Steinar Løland frå NSG føre seg temaet: Avl på buskapsnivå, Harald Pedersen frå
Tveit rekneskap tok føre seg Økonomien i sauehaldet og Vibeke Tømmerberg frå Animalia snakka om helse og drift
gjennom året.
På laurdag snakka Odd-Jarle Øvreås frå Bioforsk om forskingsprosjektet Sau i drift, samt om felles kopplamoppdrett.
Arve Arnstein og Edvin Hugvik frå Norsk Landbruksrådgjeving fortalde frå Sau i Pluss. Liv Astrid Nordheim Kusslid frå
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fortalde om erfaringar med radiobjøller og e-bjøller i Sogn og Fjordane samt rovvilt
og beitebruk. Marion Solheim hadde temaet framtidas bonde.
9
Sogn og Fjordane Sau og Geit
Regnskap 2014- budsjett 2015
INNTEKTER
Medlemskontigent
Salgsinntekt Anonnse årsmelding
Salgsinntekt sponsing ledersamling
Inntekt Gjeterhundnemda
Inntekt avlsutval sau kåring
Tilskudd offentlig/fylkesmannen
Tilskudd fylkeskommunen (småfeholdere)
Gjeitedagene 2014
Andre inntekter
Sum driftsinntekter
KOSTNADER
Telefongodtgjørelse leder
Telefongodtgjørelse sekretær/styremedlem
Godtgjørelse til leder
Godtgjørelse til sekretær
Godtgjørelse til Web ansvarlig
Regnskapshonorarer
Reiseutgifter/diett/møtegodtgj
Arbeidsgiveravgift hovedstyre
Utgifter Avlsutvalget sau
Utgifter Gjeterhund
Kjøp av datautstyr
Kjøp T-skjorter for videresalg og gaver
Årsmelding
Årsmøtehelg
Kontorrekvisita/porto med mer
Møte fagtema/kurs i lokallag
Møte ledersamling
Gaver/hilsner med mer
Støtte til Prosjekt Geit i Vekst
Gjeitedagene 2014
Samling nye småfeholdere
Støtte div tiltak
Andre utgifter
Sum driftsutgifter
Renteinntekter
Sum utgifter
Resultat
10
Regnskap
Budsjett
Regnskap
Budsjett
Noter
2013
2014
2 014
2015
2014
273 000
25 000
268 714
28 500
270000
25000
10 000
150 000
40 000
11 000
3 320
109 910
4 500
10000
150000
8600
11000
271 920
17 500
19 000
11 760
117 600
29 500
2 700
469 980
15 000
524 000
18 800
8 100
441 844
3 000
1 500
11 000
7 000
4 000
12 000
139 089
9 623
111 070
18 657
6 898
1 000
2 000
13 000
7 000
4 000
12 000
150 000
12 000
160 000
20 000
1 000
2 000
13 000
7 000
4 000
12 000
56 029
2 438
107 102
15 678
1000
2000
13000
7000
4000
13000
110000
9 835
27 105
435
26 701
31 744
6 815
10 000
10 000
30 000
2 500
48 000
15 000
12 000
6 750
47 911
4 009
70 889
2 783
2 540
1 505
61 951
10000
45000
2600
60000
15000
1000
15 000
11 000
500
2 448
439 420
10 992
428 428
41 552
9 500
534 000
10 000
524 000
474600
160000
20000
11000
500
95
419 181
11 041
408 140
33 704
10000
484600
10000
474600
1
3
1
1
1
1
2
2
3
2
2
Balanse pr. 31.12.14
Spb Sogn og fjordane 3703 20 15213
Spb Sogn og fjordane 3703 61 15409
Spb Sogn og fjordane 3705 05 09836 (skatt)
Spb Sogn og fjordane 3705 18 24831 (fond)
Utestående krav
62 154
393 107
25 879
60 895
44 140
Sum eiendeler
586 174
Gjeld pr. 31.12.14
Egenkapital
61 366
524 808
Sum gjeld og egenkapital
586 174
Mirjam Friberg
kasserer (sign)
Ragnhild Sæle
leder (sign)
Note
4
5
Inge
Erikstad
Revisor(sign)
Magnar Juklestad
revisor (sign)
Kommentar til regnskapet geitedagane
Mesteparten av fagprogrammet er dekka av TINE
TINE har også dekt sekretær til å utføre mykje av arbeidet
Mindre kostnad på profilering av geit enn planlagt
Til utferdane fekk vi inn noko meir i inntekt enn kostnad
Sum eigenandel komiteen (3 stk) utgjer tal timar a kr 250 kr pr time
Komiteemedlemmar: Rune Myklebust, Sigurd Vikesland (NSG), Astrid Dyrkorn
I tillegg: Ola Søgnesand (dekt av TINE), Randi Erdal (dekt av FMLA)
Sponsormidlar ugjekk pga kollisjon med eit anna leverandør arrangement
Brukt mykje mindre på eksterne foredragshaldarar, TINE har dekt det meste
43 151 kr gjennstod etter at inntekter var trukket frå
Dette er fordelt på Sau og geit (1/3) og Fylkesmennen (2/3)etter same fordeling som førehandsløyva
sum utan eigenandel
kr 18 800
Rest utan eigenandel
kr 43 151
Sau og geit 3 fylker, 30 000 utgjer av 43151 (1/3)
kr 14 384
Pr fylke: 4 795 kr
Fylkesmennene 3 fylker, 60 000 utgjer av 43151 (2/3)
kr 28 767
Pr fylke: 9 589 kr
kr 43 151
Vi ber om utbetaling av følgjande beløp:
Frå
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Hordaland
Sau og geit, Sogn og Fjordane
Sau og geit, Møre og Romsdal
Sau og geit, Hordaland
Beløp
9589 kr
9589 kr
9589 kr
4795 kr
4795 kr
4795 kr
Betalast inn til Sogn og Fjordane sau og geit som fører regnskapet
Konto nr: 3703.20.15213
Org nr. 991051694
Merkast med geitedagane 2014
11
Noter til regnskap 2014
Note 1 - Inntekter
Inntekt gjeterhund ble på årsmøte 2013 bestemt at det skal ikke kreve inn
kr. 10 ekstra til dekking av uforutsette utgifter
Dette forde det er dannet tre selvstendige gjeterhundlag som skal stå for kostnadene selv.
Tilskudd fylkesmannen er inntekt helse og vellferd som er viderebetalt til lokallag
som har avholdt kurset.
Gjeitedager 2014 er egenandel buss
Andre inntekter er egenandel andre arrangemanger, samt viderefakturering av lagets
kostnader i forbindelse med geitedager 2014
Note 2 - kostnader
Reiseutgifter /diett / møtegodtgjørelse er kun styre
Arbeidsgiveravgift hovedstyret er kun styremøter
Årsmøtehelg er alle kostnader denne helgen inkludert reise/diett/møtegodtgjørelse
til styret
Møte fagtema / kurs / lokallag er inkludert geitehelg. Er også inkludert reise / diett /
møtegodtgjørelse til styret denne helgen
Note 3 - Avlsutvalget
Se eget regnskap
Note 4 - utestående krav
Utfakturert kåringsavgift utfakturert i november
For mye utbetalt til en dommer tilbake i tid
Note 5 - Gjeld pr. 31.12.14
Tilskudd unge bønder ikke brukt i 2014
Leverandørgjeld. Faktura mottatt i desember som ikke er forfalt pr. 31.12.14
Skattetrekk - avsatt på bankkonto
Skyldig arbeidsgiveravgift
12
Lagsnamn
Arnafjord saualslag
Askrova saualslag
Askvoll Sau og Geit
Aurland Sau og Geit
Breim Sau og Geit
Brekke Sau og Geit
Bygstad Sau og Geit
Bremanger Sau og Geit
Eid Sau og Geit
Eikefjord Sau og Geit
Feios Sau og Geit
Fjorden og Dale Sau og Geit
Fjærland Saualslag
Flekke Sau og Geit
Fresvik Sau og Geit
Førde Sau og Geit
Gaupne Sau og Geit
Gloppen Sau og Geit
Guddal Sau og Geit
Gulen Sau og Geit
Hafslo Sau og Geit
Hestad saualslag
Holmedal Sau og Geit
Hornindal Sau og Geit
Hyllestad Sau og Geit
Indre Hafslo Sau og Geit
Jølster Sau og Geit
Kvamsøy Sau og Geit
Kyrkjebø Sau og Geit
Leikanger Sau og Geit
Luster Sau og Geit
Lærdal Sau og Geit
Naustdal Sau og Geit
Nordalsfjord Sau og Geit
Nordsida Sau og Geit
Oldedalen Sau og Geit
Sande Sau og Geit
Selje Sau og Geit
Skjolden Sau og Geit
Sogndal Sau og Geit
Solund Sau og Geit
Stavøy Sau og Geit
Stryn Sau og Geit
Vetlefjorden saualslag
Vik Sau og Geit
Vikane Sau og Geit
Viksdalen Sau og Geit
Årdal Sau og Geit
Totalt antall medlemmer
1076 (2013)
Leiar
Olav J. Dale
Andre Espeseth
Jan Kåre Ravnøy
Sigurd Vikesland
Vidar Sandal
Rolf Borlaug
Lars Fauske
Åse Leirgulen
Arve Dal
Gunnar Seljeseth
Rune Lunde
John Øvrebø
Endre Distad
Peter Kåre Igelkjøn
Rune Hatlelid
Per Ravndal
Elling Lillesvangstu
Kjell Mardal
Øystein Osland
Vidar Reksnes
Tom Idar Kvam
Knut Arne Laukeland
Odd Jarle Øvreås
Per Øen
Eirik Koefoed
Øystein Urnes
Ragnhild Sæle
Lars Halvard Ese
Leif Brekken
Marit Henjum Halsnes
Magnar Kvam
Kåre Rudningen
Vidar Heggheim
Magnar Nordal
Jan Magne Heggedal
Linda Alsaker
Helge Skagen
Mirjam Friberg
Andreas Wollnick Wiese
Håvard Øyrehagen
Anne Marie Gåsvær Færøy
Torgunn Eikevik
Ola Skogli
Tor Sværen
Jon Numedal
Oddbjørn Reme
Eli Berge Ness
Erling Offerdal
epost
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Engjadalsvegen 2, 6868 Gaupne
[email protected]
Ekornlia 11, 6814 Førde
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Berge, 6872 Luster
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Tlf.nr
917 10 513
958 83 030
994 52 918
948 31 201
970 37 574
901 22 305
909 67 726
416 39 147
90619925
995 73 370
97653771
952 69 217
977 51 063
416 29 821
913 04 334
57681335
976 63 197
41686449
577 83 438
952 00 661
970 91 795
481 56 495
900 54 238
971 82 748
918 45 307
416 33 342
907 95 547
917 98 302
415 11 774
957 80 919
95941445
97151649
47878832
400 73 612
913 39 419
913 62 663
415 42 019
99226240
91763761
992 98 975
95748541
91334293
416 83 498
481 05 377
578 74 255
95866050
414 44 226
Medl
5
13
25
35
38
12
9
24
59
20
6
15
11
13
10
50
8
54
3
18
12
6
25
11
9
16
68
5
15
20
13
53
35
14
12
26
16
36
13
73
17
13
59
6
29
10
33
7
1080
13
Vinnarar av vandrepremiar 2014
Vinnar av Jon Hegdal`s minnepokal
Beste vær i 2014 er 201355218 Topp Sandal, indeks 142
Oppdrettar Jon Sandal, Skei, og granska i ring 175
Samuel Førde`s Minnepokal for beste geit i Sogn og Fjordane 2014
Geit nr 0207 Kongalin
Eigar: Gøril Tveiten Lie og Einar Lie, 5745 Aurland
Gjetarhund
2014: Roger Løvik
med Aslan
Årsmeldingar underutval
Avlsutvalet for sau i Sogn og Fjordane - Årsmelding 2014
Medlemane i avlsutvalet frå 01.07.2013
Tom Idar Kvam, 6869 Hafslo: leiar tlf. 909 33 948
e-post: [email protected]
Einar Helge Haugstad, 6770 Nordfjordeid: kåringsansvarleg tlf. 480 38 573
e-post: [email protected]
Kjell Olav Kusslid (bruksbesetning) tlf. 415 07 006
Lars Nesse: nestleiar ( representant frå styret i SFSG) tlf.906 79 263 e-post: [email protected]
Johannes Nedrebø (Nortura)
Vara:
1. Leif Tore Kårstad
2. Kjell Mardal
3. Olav Tiemann Hegg
Avlsutvalget i fylket har ansvaret for å spre framgangen som skapes i væreringene til bruksbesetningene. Avlsutvalget har
også ansvar for å organisere kåring av værlam
Væreringane
I 2014 vart det sett inn for gransking 233 prøveværar og 72 eliteværar, Det er 9 prøveværar meir og 2 eliteværar mindre
enn i 2013.
Det vart oppretta 1 ny ring i Sogn og Fjordane i 2014
Ring 176 Holmedal værering
14
Kåringa
Avlsutvalet organiserer alle kåringane i fylket, det er ei arbeidskrevjande oppgåve som tek mykje tid og nøye planlegging.
860 lam møtte til kåring dette er 50 mindre enn i 2013.
793 kåra (795 i 2013)
Avlsutvalet vart organisert litt annleis frå 2013,med eigen kåringsansvarleg som jobbar kun med kåringane, dette tykkjer
me har fungert svert godt.
Den største utfordringen er å få dommarkabalen til å gå opp. Dette er ikkje enkelt spesielt i helgane. Dette gjekk betre i år
då eine sjået i Sogn vart flytt til fredag.
Dommarsamlinga var på Nortura, Førde den 27. August. Programmet var ved Erling Offerdal og Kjell Steinar Løland
Me skal ha ny dommarsamling til hausten, der me forhåpentlegvis kan ta føre oss meir om smårasane.
Beste Vær
Beste vær i 2014 er 201355218 Topp Sandal, indeks 142
Oppdrettar Jon Sandal, Skei, og granska i ring 175
Møte
Avlsutvalet har i 2014 hatt 1 møte i tillegg til e-post kontakt og telefonmøte,
Me var og medarrangør på møtet for væreringane i Januar -15
Sluttord
Avlsutvalet ser at bruksbuskapane og dei som står utanfor avlsarbeidet kunne vore flinkare å kjøpt granska værer, hugs at
væren er halve flokken!!
Hafslo
24/1 2015
Tom Idar Kvam
Oversikt over væreringane 2014/15
Veraring
Kontaktperson
Adresse
Telefon E-post
Ant.søy
164 Vik verering
Kåre Jostein Sylvarnes6894 Vangsnes
97140497 [email protected]
1004
165 Sogndal verering
Bjarte Stedje
Plassen 11, 6856 Sogndal
91674434 [email protected]
1050
166 Lærdal verering
Lars Nesse
Nesse, 6888 Borgund
90679263 [email protected]
1758
168 Nordfjord verering
Einar Helge Haugstad Haugstad, 6770 Nordfjordeid48038573 einar-helge [email protected]
169 Viksdaslen verering
Leif Magne Vigdal
Langeteig, 6899 Balestrand 95230073 [email protected]
717
171 Jølster sjeviotring
Audun Nedrebø
Ålhus, 6847 Vassenden
91587039 audun [email protected]
710
173 Gulen verering
Leif Brekken
Ikjefjord, 5962 Bjordal
91798302 leif [email protected]
368
175 Sunnfjord verering
Jan Asle Bolset
Bolset, 6843 Skei i Jølster 99403697 [email protected]
1135
176 Holmedal verering
Odd Jarle Øvreås
Hyllset, 6982 Holmedal
48156495 [email protected]
178
177 Sogn Pelssauring
Leif Arne Nordheim Lauvhaug, 6856 Sogndal
90745567 [email protected]
414
178 Luster verering
Tom Idar Kvam
Nisteveien, 6869 Hafslo
90933948 [email protected]
1053
180 Sogn og Fjordane Spælring
Johannes Nedrebø Nedrebø, 6847 Vassenden 90571243 [email protected]
355
584
163 Sunnfjord Sjeviotring Vidar Heggheim
Åsedalen, 6817 Naustdal
97151649 [email protected]
11090
15
Geitegruppa - årsmelding 2014
Jo Risløv, Ragnvald Søgnesand, Vidar Sandal, Ingolf Folven og Sigurd Vikesland har vore medlemmar av
geitegruppa i 2014. Gruppa har hatt tre møte, der me blant anna drøfta marknadssituasjonen og
salsfremjande tiltak for geitemjølksprodukt, framtidige reglar for livdyrhandel, og kva som bør prioriterast
ved jordbrukstingingane 2015 i forhold til geit. Geitegruppa har utarbeidd uttale til jordbrukstingingane
2015, og denne vart innarbeidd i styret sin uttale, som har vore på høyring i lokallaga. Elles vart
representantar frå ammegeitmiljøet inviterte til eit av møta, for å informera om sine driftsformer og
eventuelle utfordringar.
I 2014 tok geitegruppa på seg å arrangera "Geitehelg i Jølster", etter at prosjektet "Geit i vekst" vart
avslutta i 2013. Med HMS, avl og kjeoppdrett på programmet vart deltakinga god. Medrekna
føredragshadarar, geitegruppa og styret i Sogn og Fjordane Sau og Geit, deltok 44 personar på heile eller
deler av fagsamlinga. Tine, Nortura og Landbrukets HMS stilte med føredragshaldarar på sine fagfelt, og to
geitehaldarar heldt innlegg i forhold til avl og kjeoppdrett. I tillegg presenterte No Fence og Fjøssystemer
sine produkt. Mellom øktene vart det tid for både fagleg og sosialt samkvem. Tilbakemeldingane på
arrangementet var gode, med ynskje om ei ny geitehelg i 2015.
For Geitegruppa
Jo Risløv
GJETARHUNDNEMNDA 2014 - ÅRSMELDING
Gjetarhundnemnda i SFSG har vore slik samansett i 2014:
Leiar:
Ragnhild Sæle, SFSG
Nestleiar:
Kurt Magne Fardal, Indre Sogn
Sekretær:
Ailen Skogeng, Nordfjord
Medlem:
Roger Løvik, Sunnfjord og Ytre Sogn
Det har vore halde to møter i nemnda i meldingsåret. I tillegg har det vore kontakt via e-post og telefon.
Tom Idar Kvam vart vald som SFSG sin representant i regionutval gjetarhund.
Fylkesmeisterskapet vart arrangert i Olden av Nordfjord Gjetarhundlag, med forholdsvis få deltakarar.
Dette gjorde til at arrangementet gjekk med underskot, då dommar måtte hentast frå austlandet, noko
som vart kostbart.
Roger Løvik med Aslan vart fylkesmeister 2014 i kl. 3.
Sunnfjord og Ytre Sogn Gjetarhundlag arrangerte Landsprøve på Lunde i Gaular. Dette var eit svært
vellukka arrangement.
NM vart arrangert i Møre og Romsdal. Vi hadde to ekvipasjar frå Sogn og Fjordane. Magnus Grimeland
med Sanki og Roger Løvik med Aslan. Til NM i 2015 kan vi stille med ein ekvipasje. Dette må ein prøve å få
gjort noko med, slik at vi får stille med fleire.
I februar 2014 var det arrangert felles informasjonsmøte om gjetarhund på Skei. Det var dårleg frammøte,
og nemnda gjorde vedtak om å kutte ut dette møte. Etter at ein har fått danna gjetarhundlag, skal
diskusjonane og vedtaka gjerast i dei ulike laga. Vedtak i saker som omhandlar alle gjetarhundlaga, skal så
takast opp i nemnda, som gjev innstilling til styret i SFSG.
Elles har aktiviteten i dei ulike gjetarhundlaga vore svært varierande i 2014.
For Gjetarhund nemnda i SFSG
Ragnhild Sæle
16
17
18
ÅRSMELDING INDRE SOGN GJETARHUNDLAG 2014
Styret i ISG 2014 har vore samansett slik: Leiar:
Kurt Magne Fardal
Styremedlem:
Hilde Valland
Styremedlem:
Tom Idar Kvam
1. vara:
Bjørn Hagen
2. vara:
Kjell Harald Bø
Revisor :
Øystein Urnes
Det har vore eit styremøte i 2014 elles har styret hatt kontakt via telefon.
Laget si målsetting har vore å få flest mogeleg med på fellestreningar som har vore i Gaupne, Hafslo og
Sogndal.
Me har hatt medlemmar som har delteke i Norgesserien og på lokale distriktsprøvar i fylke.
I mars var Kurt Magne Fardal instruktør på gjetarhundkurset i Vågå i regi av Nord Gudbrandsdal
Gjetarhundlag.
Me såg oss nøydde til å avlyse distriktsprøven som skulle arrangerast i november pga værmessige forhold.
Det er mange nye med gjetarhund i distriktet. Det ser me på som positivt og ser fram til mykje aktivitet i
tida framover.
For ISG
Gaupne 30.01.2015
Styret
19
Sak 8/15. Innspel til jordbruksforhandlingane 2014. SFSG.
Vedtak:
Sogn og Fjordane sau og geit kjem med desse innspela framfor
jordbruksforhandlingane 2015.
Vi ønskjer eit oppgjer med auka vekt på strukturtiltak.
Dette fordi:
1. Alle bønder, også på mindre og mellomstore bruk har ein del grunnutgifter som må dekkast for å
ha ein landbruksproduksjon. Det er derfor urimeleg å halde fram sporet med å ta tilskot frå dei
mindre og mellomstore og gi til dei største som har stordriftsfordelar og stort volum å dele
grunnlagskostnadane på.
2. Avstandar, landskap og arrondering i landet vårt gjer at vi også treng mindre og mellomstore
bruk over heile landet for å halde matjorda vår i produksjon og produsere maten vi treng.
3. Vi treng å halde på flest mogeleg av dei bruka som no er i drift for å ta vare på kulturlandskap,
oppretthalde eit fagleg miljø i grender og kommunar og oppretthalde busetnad i bygdene våre.
Dette har mange ringverknader, t.d. for turistnæringa.
4. Det er viktig at landbrukspolitiske mål er styrande for jordbruksoppgjeret, og ikkje mål om
forenkla administrasjon og kontroll. Dette siste er viktig nok, men det må underordnast dei
landbrukspolitiske måla og ikkje bli ei hovudsak.
A. Kvalitetstilskot lamme slakt.
Vi foreslår at kvalitetstilskotet lamme slakt for dei første 100 lamma
vert auka med 200 kr.
B. Distriktstilskotsatsen for kjøt må aukast.
Distriktstilskotsatsane må aukast i sone 2 og 3.
Me føresler ein auke på kr 2,80 pr. kg kjøt.
C. Investeringsmidlar
Investeringsmidlane gjennom Innovasjon Norge må aukast. Optimismen i landbruket er på veg
tilbake. Midlane for 2014 vart brukte opp lengje før året var omme og søknader vart sendt over til
2015. Det er eit stort behov for oppgradering av bygg i sauehaldet, og då må det vera midlar
tilgjengeleg.
20
D. Beitetilskot
Utmarksbeitetilskotet bør aukast. Sidan beiting er ein viktig grovfôrressurs på mange småbruk i
motsetnad til større bruk med større og flatare slåttemarker. I jordbruksavtalen for 2014 vart
arealtilskotet flata ut til fordel for gardar med store slåtteareal, på kostnad av bruk med lite
slåtteareal. Dette bør kompenserast med auka beitetilskot. Beitetilskotet fremjar dessutan eit
opnare landskap, noko som er viktig for reiselivet og marknadsføringa av Noreg. Me føreslår ein
auke på kr.50,- pr dyr.
Innmarksbeitetilskot, geit/kje.
Mykje brattlendt slåttemark står i fare for å gro att etter kvart som småbruk blir nedlagde og dei
som overtek drifta av jorda berre vinn over den lettast tilgjengelege slåttemarka. Tilskot til
innmarksbeite for geit bør derfor aukast. Betre gjerdehald kan også vera eit argument for auka
tilskot til innmarksbeite. Gjerda vil i mange tilfelle ikkje bli skjøtta av verken eigar eller eventuell
leigetakar dersom innmarka ikkje blir nytta til beite. Auke i tilskot til innmarksbeite må ikkje dekkast
inn ved reduksjon i tilskot til utmarksbeite. Me føreslår ein auke på kr.50,- pr geit/kje.
E. Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Ordninga bør styrkjast ved å auka både satsane per dyr og maksimalt tilskot, slik at det blir meir
attraktivt for dei unge å gå inn i landbruket. Auka tilskot til avløysing gjev bonden meir fritid,
og/eller bonden kan gje ei høgare løn slik at det blir meir attraktivt for norsk ungdom å ta seg
arbeid landbruket.
F. Kvoteordning for geitemjølk
Forbodet mot å konvertera kumjølkkvote til geitemjølkkvote må oppretthaldast så lenge
det er
overproduksjon av geitemjølk. Når etterspurnaden aukar, må eksisterande geitemjølkprodusentar
prioriterast, då mange av desse har investert i nye driftsbygningar og nytt utstyr i samband med sanering av
buskapen.
Ordningen med utleige av geitemjølkkvote bør avviklast, då det er uheldig at aktive mjølkeprodusentar
finansierer ”pensjonen” til dei som har valt å leggje ned mjølkeproduksjonen. Med leigeprisar på over kr 1 pr
liter pr år og totalt 4.013.950 liter disponibel kvote utleigd i 2014, går det store summar frå aktive
produsentar til passive kvoteeigarar kvart år. I 2014 var 17,8% av disponibel geitemjølkkvote leigd. Dei
produsentane som er att i næringa i dag har investert tid og pengar i friske geiter og driftsbygningar for ei
framtid i næringa. Dei bør difor sleppa å betala for å få lov å produsere mjølk.
Målet med avvikling må vera at dei som leiger og produserer kvoten får overta den kvoten dei har leigd.
Eksisterande leigekontraktar kan løpa ut, med mindre resterande avtaletid er meir enn t.d. 4 år
G. Friskare Geit
Norske geitemjølksprodusentar har lagt ned mykje arbeid i å sanera buskapane sine mot tre kroniske
sjukdommar, med økonomisk stønad over jordbruksavtalen og prosjektet Friskare Geit. Så godt som alle
norske mjølkegeiter er no sanerte og friske. Men det er ikkje gjort tilsvarande tiltak i alle ammegeitbuskapar.
Ein del ammegeitbuskapar er testa, og i om lag 5% av desse er det funne smitte. Ein må difor leggja til grunn
at det framleis finst smitta geiter i Noreg, og at dette kan vera ein risiko for produsentar som har sanert. Det
bør difor løyvast pengar over jordbruksavtalen til å dekka utgifter til testing og eventuell sanering hjå
ammegeitbuskapar med ukjend smittestatus eller smitta dyr.
21
H. Tilskot til husdyr.
Ved auke i husdyrtilskotet, må husdyrtilskotet for mjølkegeit aukast for dei 125 fyrste geitene. Det
er i dag att om lag berre 300 geitemjølkprodusentar mot 703 i år 2000 (kjelde : SSB). Næringa har
vore gjennom ei kraftig strukturendring dei siste åra, blant anna som fylgje av prosjektet "Friskare
Geit". Det er så få produsentar att, at alle må vera med vidare for å oppretthalda fagmiljøet."
Ammegeit får pr i dag same tilskot som sau. For bruk med både sau og ammegeit vert begge
dyreslaga samanslegne til ei gruppe, og produsentar som kombinerer sau og ammegeit tapar då
tilskot om dei kjem over t.d. 100 dyr. Det er spesielt at to ulike dyreslag vert samanslegne på denne
måte. Ei ammegeit er ei geit og ikkje ein sau! Ho krev vesentleg større fjøsplass og betre gjerdehald
(enten ho skal haldast utanfor eller innanfor gjerdet). I tillegg gjekk husdyrtilskotet for vinterfôra sau
og ammegeit ned i siste jordbruksavtale på grunn av samordninga av tilskot med utegangarsau.
Slaktetilskotet for lam og kje gjekk opp, men slaktetilskotet for kje er lågare enn slaktetilskotet for
lam. Samordning av utegangarsau med vinterfôra sau og ammegeit er arbeidsbesparande for
byråkratiet, men det slår uheldig ut for den mest arbeidskrevjande produksjonen, som er ammegeit.
Kvifor skal ein produsent driva med ammegeit når det er meir arbeidskrevjande enn sau, og tilskotet
ofte er mindre? Ammegeit og kje er effektive landskapspleiarar når dei beitar avgrensa område og
får lite tilleggsfôr (kraftfôr). Problemet er at dei kan få dårleg klasse og dårleg pris ved slakting, og at
økonomien i drifta forsvinn. Det er i dag veksande interesse for ammegeitproduksjon. Marknaden for
produkta (kjøt, skinn, ull, landskapspleie m.m.)er absolutt til stades. Men produsentane manglar den
grunnbetalinga som husdyrtilskotet er meint å vera. For å fremja denne typen produksjon og
landskapspleie må ammegeit skiljast ut i ei eiga gruppe med eigen tilskotssats som er høgare enn
for sau. Ammegeit og sau er to ulike produksjonar, og dyretalet kan ikkje summerast for dei som
driv kombinert produksjon.
22
K. Tilskot til kjeslakt
Med dagens slaktetilskot på kje er det lønnsamt å fora fram kje, føresett at ein har plass i fjøsen. Ved
oppfôring med mjølkeerstatning til dei er 6-7 veker gamle med ei slaktevekt på 4,4-5,2 kg sit bonden att med
kr 100 – kr 170 i dekningsbidrag pr. kje til å dekka faste kostnader og arbeidsgodtgjersle. Då er eventuelle
puljetillegg og avtaletillegg frå slakteriet haldne utanfor. Slike tillegg aukar dekningsbidraget. Då oppdrett av
kje ikkje var særleg lønnsamt før slaktetilskotet vart auka til kr 300, i 2014 er det få geitebønder som har plass i
fjøsen til å fôra opp mange eller alle kjea til slakt. Dersom forhandlingspartane ynskjer at kje skal fôrast fram
til slakt i staden for å bli avliva ved fødsel, må det leggjast til rette for utviding av geitefjøs eller bygging av
eigen kjefjøs, enten ved auka slaktetilskot eller eigne investeringstilskot til kjefjøs.
L. Teljedato/definisjon av mjølkegeit/ammegeit
Teljedato og definisjon av mjølkegeit og ammegeit slår uheldig ut for ein del geitebønder. For å få tilskot må
geita ha kjea. Temaet vart handsama i kapittel 5 i ”Utredning av endring av produksjonstilskudd for sau/lam og
geit/kje” utarbeidd til jordbruksforhandlingane 2014. Sjå kapittel 5.5 for ”Tilskudd til påsettkje”. Dagens
regelverk fører til at unggeiter som skal setjast inn i produksjonen ikkje gjev rett til tilskot. Med ein
gjennomsnittleg levealder på 3-4 år betyr det at 25%-30% av produksjonsdyra ikkje får tilskot basert på teljing
01.01. Dagens ordning favoriserer geitebønder med kjeing i siste kvartal, medan dei som har kjeing i fyrste
kvartal må ha geitene lengre før dei får tilskot for dei.
Dette merkast spesielt godt på tilskot til avløysing ved ferie og fritid med teljedato berre 01.01. Bønder med
færre enn 91 vaksne mjølkegeiter eller 145 vaksne ammegeiter/sau får ikkje avløysartilskot for
fyrstegongskjeande geiter som er i produksjon i den perioden som avløysartilskotet gjeld for. For å betra
situasjonen for geitebønder med kjeing på nyåret, bør utmåling av tilskot ved ferie og avløysing reknast ut frå
dyretalet både 01.01. og 31.07, slik som for husdyrtilskot. Dette vil ikkje medføra vesentleg meirarbeid verken
for forvaltninga eller bonden.
Ideelt sett burde tilskot utrekna frå dyretal vore basert på fleire enn 2 teljingar pr år. Det bør vera mogeleg å
registrera dyretal for 2 teljedatoar pr søknadsomgang, slik at det ligg 4 teljingar til grunn for tilskotet. Då unngår
ein at regelverket slår så skeivt ut på grunn av dato for fødsel.
23
Minnepokaler
Samuel J. Førde`s minnepokal – beste 1. pr geit – kropp og jur.
Dei som til no har fått ein eller to aksjar i pokalen er desse:
2005: Ester og Atle Løvland
Kandal
6823 Sandane
2006: Annlaug og Erling Vanberg
Kandal
6823 Sandane
2007: Eva og Noralf Høydal
Skjærli
6983 Kvammen
2008: Ester og Atle Løvland
Kandal
6823 Sandane
2009: Annlaug og Erling Vanberg
Kandal
6823 Sandane
2010: Grethe og Sigurd Vikesland
Vikesland 5742 Aurland
2011: Kjellaug og Ingmar Hjellum
Midje
5745 Aurland
2012: Åse og Rune Myklebust
6791 Oldedalen
2013: Grethe og Sigurd Vikesland
2014: Gørild Tveit og Einar Lie
Vikesland
5745 Aurland
5745 Aurland
Jon Hegdal`s minnepokal for beste avkomsgranska vær, uansett rase.
2012: 201159436 Jæger Mix
Magnar Sunde
2013: 201258276 Stas Krøss
Magnar Sunde
2014: 201355218 Topp Sandal Jon Sandal
ring 175
ring 175
ring 175
Oversikt over vinnarar på vandrepokal Gjetarhund:
2006:
2007:
2008:
2009:
2010:
2011:
2012:
2013:
2014:
24
Sigbjørn Fænn
Halvor Tenden
Egil Syvertsbråten
Kurt Magne Fardal
Frode Gjerde
Egil Syvertsbråten
Magnus Grimeland
Magnus Grimeland
Roger Løvik
med Moss
med Drift
med Don
med Kez
med Sam
med Bill
med Sanki
med Sanki
med Aslan
NKS
NKS
NKS
Beste værane i Sogn og Fjordane i 2014
Kåringsnr. Navn
Rase
O-ind
Far
Oppdrettar
Ring
201355218 Topp sandal
201355201 Ermil
Nks
Nks
142
141
Myrvolltoppen
Myrvolltoppen
Magnar Sunde
Inge Erikstad
175
175
201255844 Kvamtoppen
201355771
Nks
Nks
141
140
Myrvolltoppen
Fjellkall
Ruth Karin/T.I. Kvam
Sjur Gjerløw
178
166
201355150
Spæl
129
Sturlagut Jakobsen
Bø Fellesfjøs
180
201355139 Alfred
201355288 Mardal-Braute
Spæl
Spæl
120
118
Sturlagut jakobsen
Ha Skistad
Svein Helge Hovstad
Kristian Mardal
168
168
201355220 Pontifex
201355419
201355240 Anker
Sjeviot
Sjeviot
Sjeviot
131
128
123
Pastor
Birkelid Moses
Arno
Kjell Årseth
Jon Hatlelid
Eilert Årseth
171
163
171
201355924Nero Lokk
201355929Norpels
201355915Kvammebrei
Pels
Pels
Pels
130
127
124
Nero
Merkul
Merkur
Einar Nedrelo
Liv Astrid Norheim Kusslid
Håkon H. Kvamme
177
177
177
Seminværar frå Sogn og Fjordane 2014
201159948 Merkur
201258276 Stas Krøss
201258759 Nero
25
Tal frå geitekontrollen 2014
6 Stas
Tal buskapar i
Tal årsgeiter
Årsgeiter pr. buskap
Krøss
kontrollen
2013
2014
2013
2014
2013
2014
14
13
2536
2247
181,1
172,8
Møre og Romsdal
38
43
3658
4210
96,3
97,9
Sogn og Fjordane
16
17
1217
1401
76,1
79,2
Hordaland
210
213
22034
23181
104,9
108,8
Landet
22111111112201258276 Stas Krøss 7201258276 Stas Krøss 201258276 Stas Krøss 59 Ner
Fylke
Fylke
Kg mjølk
pr.
årsgeit
%
prot
%
lakt
% fett
Cellet
al
Kg
PLF
Lev i %
av
kvote
M&R
771
733
3,20
3,11
4,46
4,45
4,00
4,08
797
679
91,0
89,9
732
752
3,18
3,10
4,45
4,45
4,06
4,09
699
823
739
705
3,16
3,08
4,45
4,53
3,86
4,10
742
729
3,19
3,09
4,46
4,47
4,09
4,09
I fjor
S&Fj
I fjor
Hord
I fjor
Land
I fjor
% mjølk
på
beite
Tal beite
dagar
96,0
99,0
Fem
kr.fôr
pr.100 kg
mjølk
25
30
24,6
29
88
89
89,6
91,6
87,0
88,8
43
40
48,7
43,2
145
137
880
837
89,4
86,6
90,7
85,4
41
42
47,5
48,5
147
166
774
794
90,7
88,9
91,8
91,2
36
38
39
41
120
123
Geitkontrollen:
Tabellen viser resultat for medlemmer av geitkontrollen som har fått årsutskrift.
I 2014 utgjer dette ca 76 % av medlemmene i geitkontrollen
Mjølkeavdråtten per årsgeit har auka med 13 kg på landsbasis.
Møre og Romsdal og Hordaland har hatt en betydeleg auke i mjølkeavdrått mens
Sogn og Fjordane har hatt nedgong .
Tal produsentar som har fått årsutskrift er 43.
I Sogn og Fjordane var det i 2014 46 produsentar som lverte geitmjølk. Av desse er 45 med i kontrollen.
93% av desse har fått årsutskrift i geitkontrollen. Dette resultatet er svært bra samanlikna med landet for
øvrig.
26
Mjølkekvalitet 2014
% Elitemjølk av volum
100
95
90
85
% E-mjølk 2013
80
% E-mjølk 2014
75
TMV % E-mjølk 2014
70
65
60
Jan febr Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des
Totalt for landet er 90, 45 % av mjølka levert som Elitemjølk. Dette er en nedgang frå 2013 på 2,01 % .
Hovedårsak til nedgangen er innskjerping av krav til celletalsnivå for Elitemjølk, innført 01.07.2014. I TMV
var 94,02 % av geitmjølka levert som Elitemjølk.
Dei 46 produsentane i Sogn og Fjordane leverte 92,86 % av mjølka som Elitemjølk, noko som er 2,4 % over
landsgjennomsnittet.
Kåring
Fylke
Hordaland
M&R
S&Fj.
TINE Vest
Tal bukkar
kåra
2014 2013
14
13
74
64
93
85
181
162
Genstatus 0
eller ukjent
2014
2013
0
0
0
0
0
0
0
0
Genstatus 2
Genstatus 5
2014
4
12
11
27
2014
10
62
82
154
2013
7
10
14
31
2013
6
54
71
131
Tabellen syner at produsentane i vest bidreg svært godt til avlsarbeidet. Kåring av bukkekje er svært viktig
for rekruttering av seminbukkar. Totalt vart det i 2014 kåra 392 bukkar i landet. 181 ( 46 %) av desse vart
stilt i dei tre vestlandsfylka. Av bukkane som vart kåra hadde 85 % genstatus 5. Andelen bukkar med
genstatus 2 er stadig synkande.
27
Beste bukk i Sogn og Fjordane 2014: Bukk nr. 2011 431
Eigar: Svein Jarle Selseng og Turid Horpedal , 6856 Sogndal
Kåringsnr
Avlsverdi
Kasein
2011431
152
5
Døtre i produksjon
Besetn Døtre Kontr
5
17
80
Jurvurd
Analyse Døtre
47
14
Bukken er granska i ring 144 Sogndal i 2011.
Beste geit 2014
Geit nr 0207 Kongalin
Eigar: Gøril Tveiten Lie og Einar Lie, 5745 Aurland
Seminbukk frå SF 2014
2012130 BRAKAR
28
BEITESESONGEN 2014
I beitesesongen 2014 auka igjen tapstala for lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane. Etter å ha vore på rundt 5% eit par
sesongar auka tapet til 6,3 % i 2014. Det var særleg i Årdal at tapet var svært høgt i 2014, heile 24.8 % av lamma gjekk
tapt. Det stor auke i tapsprosenten også i Lærdal.
Lammetap per kommune 2014 i prosent
Prosent tap av lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane og landet totalt
9
8,8
8,5
8
8,5
8,2
7,8
7,5
7
6,5
8,5
7,6
7,4
7,8
8,4
7,7
8,2
7,9
7,4
7,7
7,6
8,2
8,1
7,5
Landet
7,0
6,7
Sogn og
Fjordane
7,7
6,9
6,7
6,3
6
5,5
5,4
5,5
5
2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
Slaktekvalitet
2014 var eit bra år når det gjeld slaktekvalitet, både slaktevekt og stjernelamprosent gjekk opp i høve til 2013, men nådde
ikkje heilt opp til toppåret i 2012.
I 2014 vart det også betalt ut ein rekordstor erstatning på kr 3 136 671 for tap av husdyr på utmarksbeite grunna rovdyr ,
tapa var særleg grunna jerv og ulv.
29
Søknadstal
sau
Søknadstal
lam
Erstatning
sau
Erstatning
lam
Gaupe
19
89
7
40
Jerv
139
927
105
782
Ulv
73
221
49
109
Kongeørn
12
249
0
75
Freda rovvilt (uspes.)
0
0
6
20
243
1486
167
1026
Rovdyrart
SUM
Rovvilt - Erstatningsutbetalingar i Sogn og Fjordane
Kr.
3 500 000
3 000 000
2 500 000
2 000 000
1 500 000
1 000 000
500 000
0
19921993199419951996199719981999200020012002200320042005200620072008200920102011201220132014
Kjelde: Rovbasen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane © Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Ved misstanke om tap til freda rovdyr:
–
–
–
–
–
–
Meld ifrå omgåande til SNO
Ta bilde av kadaveret
Dekk til kadaveret med stein, busker eller liknande slik at åtseletarar ikkje kjem til
La kadaveret liggja mest mogeleg urørt
Merk funnstaden så den er lett å finna att
Bruk event GPS
I sekken: Mobil, fotoapparat og lange eingongshanskar
30
Fellingslaget for skadefelling av store rovdyr Sogn og Fjordane
Årsmelding 2014
Laget består av om lag 25 personar i si tid plukka ut etter søknad. Nokre få utskiftingar har vore gjort i
ettertid. Nokre har trekt seg og nokre er komne til. Laget blir leia av Utmarksavdelinga Sogn og Fjordane
Skogeigarlag. Fellingsleiar er Arve Aarhus.
Fellingslaget er bufenæringa sitt verktøy til utføring av skadefellingsforsøk på store rovdyr. Mannskapa blir
trent og tilført kunnskap om store rovdyr og jakt på desse for om mogleg å felle skadegjerarar i ein akutt
skadesituasjon, avverje skade med å vera til stades, og eller også å hjelpe til å dokumentere skade gjennom å
vera til stades i beiteområda og aktivt leite etter skadde eller drepne bufe. Jakt på store rovdyr er vanskelig.
Fordi dei brukar store område og er fåtalige. Jakt på barmark er vanskelig. Det ligg derfor i oppgåva til laget
å drive med noko som er lite sjans for å lukkast i. Ein treng likevel nokon som kan vera til hjelp når
skadesituasjonen oppstår. Laget er til for, og utfører arbeidet i tett dialog med beitenæringa.
Laget har finansiert drifta over FKT midlar, men også i nokre høve tilskott frå kommunane. Finansiering for
gjennomføring av skadefellingsforsøk er delbetalt av Staten og regulert av rovviltforskrifta. Laget
tilfredsstiller krav gitt i forskrifta og kan motta slik godtgjersle. Laget har ikkje eigne midlar, og har drift
etter munn og handprinsippet.
2014 vart eit aktivt år med mykje arbeid med gjennomføring av skadefelling.
Beitesesongen hadde ikkje før starta før det vart registert tap til rovdyr.
Først i Leikanger/Sogndal/Luster i juni med skadefelling på ulv gitt løyve på 9/6.
Forsøket varte kort tid, og vart avslutta når det ikkje var nye meldingar om kadaver eller andre
observasjonar. Totalt vart brukt om lag 12 døgn på den delen, frå fellingslaget si side.
Så kom juli og skader i Naddvik beitelag. Skadefellingsløyve vart gitt 8 juli på jerv og laget var raskt på
plass. Skaden der var pågåande heile beitesesongen. Fellingslaget hadde mannskap ute nesten kvar dag heile
sesongen. Jegrane låg på passa på saueflokkane, men kunne ikkje hindre jerven å ta småfe. Andre former for
jaktutøving vart vurdert, men ikkje funne hensiktsmessig. Ma. aktiv bruk av hund for å leite evt. dagleier i
urer eller liknande for så å gjennomføre jakt konsentrert kring mindre geografisk område. Fellingsforsøket
vart for laget sin del avslutta 19 august og villreinjegrane tok over frå den 20 august. Det var lisensjakt frå
10 september. Skadeomfanget var betydeleg. Mannskapa frå fellingslaget var i beiteområda og oppdaga og
registrerte mange kadaver som ellers truleg ikkje ville blitt funne. Totalt vart brukt om lag 70 døgn her.
Utover i august var det også rapportert skadar på bufe i Naustdal og Hyenområde. Etterkvart vart det
avdekka at skadene kom frå ulv. Det vart gitt skadefellingsløyve 8 september og fellingslaget vart kopla
inn. I samråd med beitenæringa valde ein å la hjortejegrane kunne felle ulv på skadefellingsvedtaket, og la
vera store gjennomføringar anna enn i heilt spesielle tilfelle. Dette av hensyn til hjortejaktutøvinga og at ein
ikkje ønskja konflikt. Det vart organisert jakt ved nokre få spesielle tilfelle der ein visste kor ulven befann
seg. M.a på Håjen. Men ellers vart fellingsforsøket der gjort av hjortejegrane. Skadefellingsløyvet varte fram
til lisensjakta starta 1 oktober. Totalt vart det av fellingslaget brukt ca 22 døgn.
Totalt for beitesesongen vart det gjennomført skadefellingsforsøk i vel 100 døgn. I tillegg til mannskapa som
var ute i felten, var det administrativt arbeid med organisering av mannskap, kontakt med beitelaga og
SNO/fylkesmann utført 232 timeverk fordelt på over 50 døgn i løpet av beitesesongen.
Utanom gjennomføring av skadefellingsforsøk, har laget minst ei fagleg samling pr år. Den vart for 2014
utsett pga den store aktiviteten i beitesesongen. Finansieringa for samlingane blir også ytt frå rovviltmidlane
til fylkesmannen. Utover i beitesesongen var det slutt på midlar. Fellingslaget valde då å omgjera tilskott til
samling til å bruka det på gjennomføring av skadefelling og såleis avhjelpe budsjettstoda. Pr årsskiftet er
ikkje beitesesongen 2014 gjort opp for i høve til statleg bidrag. Skogeigarlaget vil inntil midlane for 2015 er
31
klare, forskottera midlar til utlønning av fellingslaget. Når alt er som det er, så er det i alle fall
tilfredstillande at ein har god dialog og kan finna best mogleg løysingar for å få det til.
Førde 1 februar 2015
Arve Aarhus
Fellingsleiar
47750258
[email protected]
Lam tatt av jerv i Årdal
32
Foto: Ole B Hovland
Informasjon.
Statens naturoppsyn (SNO) og
rovviltoppgåver i Sogn og Fjordane:
SNO er tillagt fylgjande ansvar i høve dei 4 store
rovviltartane våre (bjørn, ulv, gaupe og jerv) +
kongeørn.
Ivareta nasjonale miljøverdiar, førebygge
miljøkriminalitet og sikre biologisk mangfald
Skadedokumentasjon
Bestandsregistrering
Felling av rovvilt i offentleg regi
Skadedokumentasjon vert utført av rovviltkontaktar (RVK).
I Sogn og Fjordane har SNO 5 rovviltkontaktar fordelt på desse regionane.
Navn Adresse
Kontakt info:
Ansvarsområde
Folven, Ingolf 6798
Hjelledalen
Fortun, Einar 6875
Høyheimsvik
Myhren, Finn Olav
Hegrenes 6847
Vassenden
Otterhjell, Andreas
Lægene 6877 Fortun
Øydvin, Håkon
Fjordsenteret 5745
Aurland
M: 481 31 838
[email protected]
M: 976 22 053
[email protected]
M: 468 98 112
[email protected]
Region Nordfjord
M: 977 72 812
[email protected]
M 995 67 650
[email protected]
Region Sogn
Region Sogn
Region Sunnfjord
Region Sogn
Ta kontakt med RVK i naboregion eller regionalt rovviltansvarleg om du ikkje får kontakt med
næraste RVK!
Den lokale RVK-ane står for feltkontroll ved skader på husdyr og kontroll av meldingar om rovvilt.
Ved ein skadesituasjon på husdyr, der det er mistanke om at freda rovvilt er skadevoldar, skal
husdyreigar melda ifrå omgåande og påvisa kadaveret for RVK.
Ved funn av kadaver bør husdyreigar straks dekka til kadaveret med stein, buskar e.l, slik at
åtseletarar ikkje kjem til. La det elles liggja mest mogleg urørt.
Merk funnstaden så den er lett å finna att.
Bruk eventuelt GPS.
RVK skal gjera ei undersøking av kadaveret for å dokumentere dødsårsak i rapport og bilde.
Undersøkinga er gratis!
Om dødsårsak ikkje er mogleg å påvise, vert SNO si vurdering av dødsårsak ukjent.
Dødsårsak ukjent utelet ingen årsak til død.
Med bakgrunn av RVK sin rapport, vil regionalt rovviltansvarleg i SNO setja endelig konklusjon, med
attendemelding til husdyreigar. Opplysningane vert lagt inn i ein database (Rovbase).
Rovbasen finn du òg på nett. www.rovbase.no
Desse opplysningane vil vera grunnlaget når Fylkesmannen handsamar søknader om erstatning.
Meir informasjon om 2014 frå SNO finn ein på heimesida til SFSG
33
34
35
36
37
38
Frå skipingsmøte av Sogn og Fjordane sau og geit
39
40
41
Sogn og Fjordane Sau og Geit
Medlemsinfo mai 2014
STYRET I SOGN OG FJORDANE SAU OG GEIT 2014:
Leiar: Ragnhild Sæle, Ålhus, 6847 Vassenden Tlf. 416 33 342
e-post: [email protected]
Nestleiar: Lars Nesse, 6888 Borgund Tlf. 906 79 263
e-post: [email protected]
Sekretær: Lene Engvik Rasch, 5745 Aurland Tlf. 977 36 176
e-post: [email protected]
Styremedlem: Jo Risløv, 6893 Vik i Sogn Tlf. 971 70 653
e-post: [email protected]
Styremedlem: Odd-Jarle Øvreås, 6982 Holmedal Tlf. 481 56 495
e-post: [email protected]
Vara:
1. Vidar Sandal, Breim
2. Margrethe Garlid, Stryn
3. Jostein Flatland, Sogndal
4. Mirjam Friberg, Selje
Lars Nesse skal ha ekstra fokus på rovdyr.
Jo Risløv skal ha ekstra fokus på geit.
Ragnhild Sæle er vald som SFSG sin representant i Gjetarhundnemnda.
ÅRSRAPPORT 2013/TILLITSVALDE 2014
Dei lokallaga som ikkje har sendt inn årsrapport for 2013 og oversikt over tillitsvalde for 2014, til
fylkeslaget, må sende det til [email protected] eller Lene Engvik Rasch, Otternesvegen 4,
5745 Aurland, snarast.
Minner og om at NSG sentralt skal ha tilsendt ein kopi av skjemaet, der lokallagets bankkontonummer og
er ført på. Lokallagets andel av medlemskontigenten vert ikkje utbetalt før NSG har fått skjemaet. Sjå
Rundskriv 1/2014 frå NSG.
42
AVLSUTVAL SAU/SAUEGRUPPE
Etter ønskje frå medlemar om ei sauegruppe, på lik linje med geitegruppa, fekk Avlsutval sau denne
oppgåva i 2013. Dette fungerte ikkje godt nok, noko som nok skuldast for dårleg avklara mandat, frå styret
i SFSG si side. På styremøte 3. og 4. april hadde styret og leiar i Avlsutval Sau, Tom Idar Kvam, ei grundig
drøfting av ordninga. Det vart då bestemt å legge ned sauegruppa. Avlsutval sau, skal som tidlegare ha
hovud fokus på avl. Dei andre oppgåvene som det
ville vore naturleg at ei eventuell «sauegruppe» tok seg av, skal styret ta seg av, og aktivt bruke dei råd og
utval som ein allereie har. Styret kan, dersom det er trong for det, nemne opp nye råd og utval.
BEITESESONGEN/ ROVDYR
Tida for beiteslepp nærmar seg.
Det er teke ut 3 jervar i vår, men det er DNA frå fleire innan fylket. Sporingsforholda avgjer om det vert
gjort fleire forsøk. Ulven er observert i Stryn og fleire stader i nabofylka.
Rovviltnemnda har vedteke kvote på skadefellingsløyver på jerv, bjørn, ulv og gaupe som vert administrert
av Fylkesmannen v/Hermund Mjelstad. Dersom ein finn kadaver og desse er dokumentert av SNO kan ein
søkje om slikt. Oversikt over rovviltkontaktar finn ein i årsmeldinga til SFSG.
Ved skadefellingsløyve kan det vere aktuelt å kontakte fellingslaget
v/Arve Aarhus tlf. 47750258.
Dersom det vert aktuelt at lokale jegerar vert med, er det krav om å ha papira i orden, skyteprøve og betalt
jegeravgift.
GEITEGRUPPA
I følgje vedtektene for «Geitegruppa», skal gruppa ny utnemnast etter kvart årsmøte. Leiaren av gruppa
skal komme frå styret i SFSG. Begge dei tidlegare «geiterepresentantane» gjekk ut av styret på årsmøtet
28. februar og inn kom Jo Risløv frå Vik, som då er leiar. Han vil kontakte dei andre som sit i gruppa, for å
høyre om dei er interessert i å halde fram. Ei viktig oppgåve for «Geitegruppa» er å jobbe for auka
bruksområde for geitemjølka og omsetjing av kjekjøt. Elles skal dei komme med innspel til
jordbruksforhandlingane, og førebu «Geitehelga» i samarbeid med Tine.
FAGTUR
Styret i SFSG har utfordra Askrova Sau og Geit til å lage eit opplegg for fagtur, første eller andre helga i
august. Nærare informasjon vil verte sendt ut til lokallaga seinare.
GEITEDAGANE
Geitedagane skal i år vere på Skei 22.-24 august. Styret i SFSG vil oppmode medlemane, både dei med geit
og dei utan geit, til å delta. Rune Myklebust, frå Oldedalen, er leiar for arrangementskomiteen.
FAGTUR TIL ISLAND
Det vert jobba med å få til ein fagtur til Island frå ca. 20. oktober, med eit deltakartal på 20 personar. Ein vil
ha oppmøte i Reykjavik, slik at deltakarane sjølv kan bestemme om dei vil ha ein ekstra dag eller fleire, for
å kunne sjå seg om på eiga hand. Sjølve fagturen vil gå frå Reykjavik og nordover til Akureyri. Nærare
informasjon vil verte sendt ut til lokallaga når programmet er klart.
43
JORDBRUKSTINGINGANE
Styret i SFSG vil jobbe etter same modell som i 2013, kor lokallaga får moglegheit til å kome med innspel i
god tid før SFSG må sende inn sitt framlegg. Styret vil be NSG om ein dato, for å komme med innspel.
LEIARSAMLING 2014
Leiarsamlinga 2013 vart arrangert i lag med Møre og Romsdal Sau og Geit. I 2014 vil vi arrangere
leiarsamlinga, som ei dagsamling, på Skei. Førebels dato er 8. november. Eit av tema som vil verte drøfta,
er innspel til jordbrukstingingane 2015. Kva for anna tema som vil verte sett opp, er enda ikkje klart.
Dersom der er lokallag som har ønskjer, så må de sende det inn til sekretær i SFSG innan 1. august.
REPRESENTANTSKAPSMØTE I NSG 19. og 20. MARS 2014
Ei av sakene som var oppe på representantskapsmøtet, var medlemskontigent 2015. Her kom styret i NSG
med framlegg om ein auke på kr 100,- for hovudmedlem 0-50, husstandsmedlem, støttemedlem og
æresmedlem. For hovudmedlem 51- var framlegget kr 200,- . Nokre få utsendingar, mellom dei SFSG, gjekk
imot kontigentauke no. Vi meinte at det første ein burde gjere var å få med dei som nyttar seg av
tilbod/arrangement i regi av NSG, utan å vere medlem. Det vart og bestemt at ein skulle sjå på heile
medlemskontigent strukturen fram til neste landsmøte. Eit av spørsmåla som kom opp, var om ein berre
skal ha ein sats for hovudmedlem, uavhengig av tal dyr.
Lagslovene til NSG skal opp til revidering på landsmøte i 2015. Før ein kjem så langt, er planen at lokallaga
skal få komme med innspel til fylkeslaget, som så skal utarbeide eit framlegg til eventuelle endringar.
Lagslovene vert og truleg tema på representantskapsmøte i oktober 2014.
Buskerud Sau og Geit hadde sendt inn sak vedrørande ullkvalitet og avl. Dette vil det verte jobba vidare
med.
MATFEST FOR GEITA 29. APRIL 2014
Tysdag 29. april 2014 arrangerte Breim Sau og Geit og Jølster Sau og Geit ”Matfest for geita” på Gloppen
Hotell på Sandane. Føremålet med hendinga var å presentera ulike geitemjølkprodukt for media og andre
interesserte. Bondelagskokken Bodil Fjellestad ved Gloppen Hotell serverte geitostane Lykle, Snøhetta,
Balsfjord og Chevre i ulike variantar, saman med geitemjølk. Vidar Sandal frå Breim Sau og Geit informerte
om kva arbeid geitenæringa har lagt ned i smittesanering av geiteflokkane, og Helga Kvamsås frå Tine
Rådgjeving informerte om arbeidet som er gjort for å betra smaken og ysteeigenskapane til geitemjølka.
Den stramme smaken på geitemjølka er avla vekk, og smaken er mykje betre enn for 10-15 år sidan. Blant
dei frammøtte var journalistar frå Firda og Firda Tidend, samt lokale aktørar innan mat og landbruk.
MENTORORDNING FOR NYE SMÅFEHALDARAR
I ei kvar næring trengst det nyrekruttering. Så er også tilfellet i småfehaldet i Sogn og Fjordane. Overtek ein
gardsbruket heime har ein gjerne mykje ballast med seg frå oppveksten og kårfolk på garden med god
kunnskap. Kjem ein derimot ny inn i næringa utanfrå er det mykje nytt som må lærast. Då kan ein erfaren
småfebonde vere god å ha å spørje til råds. Styret i SFSG ynskjer å oppmode lokallaga om å vere aktive
tilretteleggjarar for ei mentorordning for nye småfehaldarar. Dette trur me kan vere til hjelp for nye
brukarar og til glede for dei som vil dele av erfaringane sine. Dette vil òg vere ein god måte å få kontakt
mellom Sau og Geit og nye småfehaldarar.
44
SPORING AV HUSDYR PÅ BEITE
Ein lokal aktør har teke kontakt med SFSG i samband med utvikling av eit konsept for sporing av husdyr på
beite. Dette er eit svært interessant prosjekt som me arbeider vidare med. Dersom dette går bra, kan det
vere aktuelt for utprøving i praksis.
”DET SKJER ” KALENDAR
Styret i SFSG ber om at alle lokallaga tek i bruk aktivitetskalendaren som ligg på heimesida til fylkeslaget.
Her ønskjer vi å få lagt inn alle arrangement/aktivitetar som vert arrangert av fylkeslaget, avlsutval sau,
gjeterhundnemnda og lokallag. Send informasjon til [email protected]. Jonny Lofnes er ansvarleg for
oppdatering av aktivitetskalendaren og resten av heimesida.
YMSE
I fjor hadde vi ein lang og krevjande vinter og vår, for dei fleste av småfehaldarane i fylket. I år har dei
fleste opplevd ein uvanleg tidleg vår, med god temperatur, gode vekstforhold og tidlegare beiteslepp.
So får vi håpe på ein problemfri beitesesong. Vi minner nok ein gong om at dersom ein finn skada/daude
dyr der ein har mistanke om at det er freda rovvilt som er skadevoldar, så TA KONTAKT MED
ROVVILTKONTAKTEN, og la vedkommande avgjere kva/kven som er årsaka til skaden. DETTE ER GRATIS.
Det er betre å ta kontakt ein gong for mykje enn ein gong for lite. Dess betre vi som småfehaldarar kan
dokumentere eventuelle tap, dess betre er det.
Omsider kjem her litt informasjon frå styret i SFSG. Det er mitt ansvar, som leiar, at det ikkje er kome noko
tidlegare i år. Som ein del av dykk er kjend med, så mista eg mannen min 2. mars, så eg ber om forståing
for at det har tatt litt tid med å få ut informasjon. Eg vil og nytte høve til å takke for den støtta som eg har
fått, i ei vanskeleg tid.
For SFSG
Ragnhild Sæle
-leiar-
45
Sogn og Fjordane Sau og Geit
Medlemsinfo september 2014
GEITEDAGANE 2014
Geitedagane 2014 vart avvikla på Skei 22. 08.14 – 24.08.14 med 147 deltakarar. Eit flott og godt
gjennomført arrangement med gode føredragshaldarar, i følgje tilbakemeldingane. Ein hadde mellom anna
fått konsernsjef i Tine SA Hanne Refsholt til å snakke om sal og marknadssituasjonen. Sjå referat frå
Geitedagane på heimesida til Sogn og Fjordane Sau og Geit.
KÅRING 2014
Ved kåring i 2014 er det eit absolutt krav om at dyreeigar skal vere medlem av NSG. Informasjon om dette
står på heimesida til NSG, skrevet av Thor Blichfeldt, og i utsendt informasjonsskriv frå avlsutvalet ved
Einar Helge Haugstad (lagt ut på heimesida til SFSG). Ein vil derfor oppmode arrangørane av kåring, om å
informere dyreeigarar som ikkje er medlem, men som brukar å stille dyr til kåring, om dette i god tid før
kåring, slik at dei kan få meldt seg inn.
Kåringsavgifta er sett til kr 130,- pr. lam
Etterkåring/gardskåring: Kr 600,- + kr 130,- pr. lam.
FYLKESMEISTERSKAP I BRUK AV GJETARHUND
Nordfjord Gjetarhundlag arrangerer fylkesmeisterskap i bruk av gjetarhund 4. og 5. oktober, i Oldedalen.
Nærare informasjon vil etter kvart komme på heimesida til SFSG.
NORGESSERIEN FOR GJETAHUND
Sunnfjord og Ytre Sogn Gjetarhundlag arrangerer gjetarhundprøve i Norgesserien 18. – 19. oktober,
Lundegrend i Gaular.
FAGTUR TIL ISLAND
SFSG arrangerer fagtur på Island 20. – 23. oktober. Dersom der er fleire som ønskje å verte med, så kan ein
ta kontakt med Lars Nesse eller Ragnhild Sæle. Pr. i dag er vi 18 personar som skal reise. Oppmøte i
Reykjavik, slik at deltakarane sjølv kan bestemme om dei vil ha ein ekstra dag eller fleire, når dei først er på
Island.
BEITESESONGEN 2014
Dei fleste av sauehaldarane er nok ferdig med hovudsankinga eller i full gang med den. Først når vi er
ferdig med sankinga vil vi få full oversikt over korleis beitesesongen 2014 har vore. I ein del områder veit vi
allereie at beitesesongen har vore katastrofal på grunn av store dokumenterte tap til freda rovvilt. Dette i
eit fylke som skal vere prioritert beitedyr. I tillegg har vi hatt ein del saker der lause hundar har vore
involvert. Vi har generell bandtvang frå 1. april til og med 20. august. I tillegg har ein del kommunar
vedteke forskrift om utvida bandtvang. Vi vil oppmode lokallag i kommunar som ikkje har vedteke forskrift
om utvida bandtvang, om å påverke kommunen til å vedta ei slik forskrift. Det er viktig med bandtvang så
lenge som beitesesongen varer. I kommunar med utvida bandtvang, må vi få ut informasjon om dette.
46
MØTE PÅ SANDE I SUNNFJORD
Fredag 7. november vil SFSG i samarbeid med Fylkesmannen arrangere eit møte på Sande der temaet er
trygge beite. Kva skal småfeeigaren gjere og kven har ansvaret for at Rovviltmeldinga og Rovviltforliket vert
opp følgd. S&Fj skal vere beiteprioritert . Vert vi som småfeeigarar tatt på alvor?
Program og invitasjon vil verte sendt ut seinare.
LEIARSAMLING 2014
Leiarsamlinga for 2014 vert laurdag 8. november. Arrangert som eit dagmøte. Eit av tema som vil verte tatt
opp er innspel til jordbrukstingingane 2015. Tanken er at vi skal komme i gang med vårt innspel på
leiarsamlinga. I etterkant vil styre i SFSG lage eit framlegg, som så vil verte sendt ut på høyring til lokallaga.
Når det gjeld innspel vedrørande geit, så vil «Geitegruppa» få hovudansvaret for det. Program og invitasjon
vil verte sendt ut seinare.
GEITEHELG 2014
Sjølv om «Geit i vekst» vart avslutta 31.12.13, vil ein fortsette med å arrangere «Geitehelg», etter ønskje
frå geitehaldarane. Geitehelg 2014 vil verte arrangert på Skei Hotell 22. – 23.11.14. Det er «Geitegruppa»
som har ansvar for arrangementet. Ein vil oppmode andre enn geitehaldarar og til å delta, då dette brukar
å vere lærerike og sosiale samlingar. Spesielt vil ein oppmode lokallagsleiarar/styremedlemar, som sjølv
ikkje driv med geit, men som har geitehaldarar som medlemar, om å delta.
ÅRSRAPPORT 2013/TILLITSVALDE 2014
Minner nok ein gong om at dei lokallaga som ikkje har sendt inn årsrapport for 2013 og oversikt over
tillitsvalde 2014, til fylkeslaget, må sende det snarast til [email protected] eller Lene
Engvik Rasch, Otternesvegen4, 5745 Aurland. FØR OG PÅ LAGETS BANKKONTONUMMER.
NB. Lokallagets del av medlemskontingenten vert ikkje utbetalt før NSG har fått ein kopi av skjemaet, med
påført bankkontonummer. Sjå Rundskriv 1/2014 frå NSG.
På dei skjema som SFSG fekk inn til rett tid, var det ikkje spørsmål om bankkontonummer. Ein oppmodar
derfor dei lokallaga som har sendt inn skjema til SFSG, utan bankkontonummer, om å sende
bankkontonummer til Lene Engevik Rasch, så kan ho føre det på og sende vidare til NSG eller at de sender
ein kopi av skjemaet med påført bankkontonummer direkte til NSG.
REVISJON AV LAGSLOVENE
Då fristen for lokallaga til å komme med innspel til revisjon av lagslovene gjekk ut, hadde vi fått innspel frå
berre nokre få lag. Det hadde vore ønskjeleg at fleire lag engasjerte seg, men vi takkar dei som har sendt
inn.
For SFSG
Ragnhild Sæle
-leiar-
47
Sogn og Fjordane Sau og Geit
MEDLEMSINFO DESEMBER 2014
ÅRSMØTE
Styret har vedteke at årsmøtet for 2014 vert på Skei Hotel, LAURDAG 28. FEBRUAR 2015, med påfølgjande
fagdag søndag 1. mars.
Vi vil nok ein gong minne om vedtektene for lokallag i NSG:
§13. Årsmøte i lokallag.
«Ordinært årsmøte skal haldast innan 1. februar kvart år.» Årsmøte skal mellom anna velje leiar for eit år
og utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget, om laget har rett til nokon i tillegg til leiar som er sjølvskriven.
§14. Styret i lokallag
j) Årsmelding, rekneskap og strategi-/arbeidsplan skal sendast fylkeslaget.
Då utsendingane til fylkesårsmøte skal vere valde av årsmøtet i lokallaget, vil ein råde til at det vert valt ein
eller fleire vara, i tilfelle dei valde utsendingane ikkje har høve til å møte.
NB: Det er berre dei laga som har hatt årsmøte før fylkesårsmøtet og levert årsrapport, som vil få utlevert
stemmesetlar.
Av 48 lokallag, så er det 32 lag som har sendt inn årsrapport 2013/Skjema over tillitsvalde2014. Nokre av
lokallaga som ikkje har sendt inn papira, har ikkje avhelde årsmøte for 2013. Styret i SFSG er kontakta av
medlemar som er frustrert over at det ikkje vert helde årsmøte i lokallaget deira. Vert det ikkje helde
årsmøte for 2014, innan fristen som er 1. februar 2015, vil styret i SFSG ta initiativ til at det vert helde
årsmøte, slik at laget kan ha utsending til årsmøte 28.02.15.
INNSPEL TIL JORDBRUKSTINGINGANE
Ein av programpostane på leiarsamlinga 08.11.14 var innspel til jordbrukstingingane. Etter å ha drøfta ulike
problemstillingar vart det valt ei gruppe som skulle komme med eit høyringsutkast vedrørande sau.
«Arbeidsgruppa» består av Vidar Heggheim, Svein Helge Hovstad og Lars Nesse. Når det gjeld innspel til
jordbrukstingingane vedrørande geit, så er det «Geitegruppa» som skal utarbeide eit høyringsframlegg.
Høyringsframlegga vil verte sendt ut til alle lokallaga med det første. FRISTEN FORTILBAKEMELDING TIL
SFSG ER 1. FEBRUAR 2015.
REVISJON AV LAGSLOVENE
Lagslovene til NSG skal reviderast. Eit høyringsframlegg vert sendt ut til lokallaga for uttale. FRISTEN FOR
TILBAKEMELDING TIL SFSG ER 1.FEBRUAR 2015. Endring av lagslovene skal opp som sak på landsmøte i
mars 2015.
BEITESESONGEN/ROVDYR
Resultatet av beitesesongen 2014 har vore varierande, men ein har aldri mista så mykje beitedyr til freda
rovdyr tidlegare. Største skadegjerarane er jerv og ulv. I 2014 var det Stryn, Jostedal og Årdal/Lærdal som
hadde største skadane av jerv og Naustdal/Førde som hadde dei største ulve skadane. Målet må vere å få
tatt ut skadedyra før ny beitesesong.
48
I områda som har hatt besøk av ulv, og dei omliggande kommunane, har ein no fått organisert seg med ein
jaktleiar og fleire jaktlag. Dette for at ein skal vere så effektiv som mogleg ved ei eventuell felles
sporing/jakt ved lisens- eller kvotejakt. Jaktlaga
vil og vere disponible for det fylkesdekkande fellingslaget, ved behov. For at ein skal vere så godt forberedt
som mogleg oppmodar ein alle lokallaga om å få på plass jaktlag etter den malen som Stein Mortensbakke
har skissert. Dette vil verte sendt ut, til alle lokallaga. Ein veit aldri kva for område som vert råka neste
gong, og jo betre organisering vi har, jo lettare vil ein få ei samordning til å fungere på tvers av
lokallaga/kommunane når alarmen går. Ein oppmodar og alle lokallaga til å innhente skriftelg samtykke frå
grunneigarane når det gjeld jakt på deira eigedom. Dette er eit tidkrevjande arbeid, men må vere på plass
ved lisens- og kvotejakt. Hugs då å få med alle freda rovvilt (bjørn, ulv, jerv og gaupe).
Ulven i Naustdal er no felt, ved hjelp av jaktlag om ein no har fått oppretta i regi av SFSG. Ein har no fått til
ei effektiv organisering i Sunnfjord, som i løpet av svært kort tid kunne ha stilt med 150 jegerar, om
nødvendig. Dette takka være arbeid som er gjort i lokallaga, etter «oppskrift» frå Stein Mortensbakke. Vi er
meir enn nokon gong avhengig av aktive lokallag, skal vi kunne få til ei optimal organisering mot rovdyr.
SFSG har og bede lokallaga om å kontakte beitelaga, med oppmoding om å betale inn kr 100 pr. medlem i
beitelaga, til utstyr m.m. til fellingslaget. Det er fylkesmannen som har ansvar for den økonomiske drifta av
laget, og det skal fylkesmannen fortsatt ha. Det vi skal bidra med er utstyr, som til dømes nattkikkert.
Utstyret vil vere SFSG sin eigedom, men vert lånt ut til fellingslaget.
SFSG har og fått oppretta eit «VARSLINGSNUMMER» 902 11 260. Dette er ein telefon som skal vere
«bemanna» heile tida, og som kan nyttast til varsling av til dømes spor/ syns observasjon av rovdyr, sjuke
dyr, skada dyr og døde dyr.
KÅRING 2014
Det vart i haust arrangert 17 kåringssjå her i fylke. Gulen hadde også i år kåring saman med Masfjorden.
Det vart stilt dyr av 11 rasar, bedømt 860 dyr. 793 vart kåra, 22 kåra på disp. og 45 vraka.
Avlsrådet i NSG bestemt at frå 2015 skal alle som dømmer på kåringane og som stiller med dyr må vere
medlem i NSG.
KADAVERHUND
I 2012 vart det arrangert to kadaverhundkurs. Då vi så skulle arrangere godkjenningsprøve, var det berre
nokre få som meldte seg på. Det var så få at vi avlyste heile prøven. Dei tilbakemeldingane som vi har fått i
ettertid, er at det var vanskeleg å få hundane til å koble mellom gjeting og søk etter daude dyr. Ut i frå dei
erfaringane vi har fått, vil vi oppmode lokallaga til å kontakte hundeeigarar som ikkje driv med gjetarhund,
men som ein trur kan vere interessert i å lære opp hunden til kadaversøk. Meld tilbake til SFSG, om
potensielle kadaverhundeigarar. Får vi nok interesserte, så vil vi få arrangert kurs, med påfølgjande
godkjenningsprøve.
«SKÅRFASTE» DYR
Det er komme ynskje om å få laga til ei oversikt over personar, som ein kan kontakte, dersom ein har trong
for hjelp ved til dømes løysing av sauer/geiter som står «skårfaste». Vi vil oppmode lokallaga som kjenner
slike personar, om spørje dei om å stå på ei slik liste. Namn og telefonnummer sendast til SFSG, som vil
lage ei oversikt over kontaktpersonar.
49
GEITEHELG
Tradisjonen tru vart det arrangert «Geitehelg» på Skei i november. Arrangør har vore prosjektet Geit i
Vekst, men då det vart avslutta pr. 31.12.13, fekk
«Geitegruppa» i oppdrag å arrangere Geitehelga i 2014. Det gjorde dei på ein fram i frå måte. Det var litt
spenning med kor mange so ville møte opp, då Geitedagane 2014, og vart arrangert på Skei. Frammøte var
bra. Det same var tilbakemeldingane frå deltakarane. Det var ønskje om ny Geitehelg i 2015
SMÅFESAMLIG
Fagsamling sau vert arrangert 09.01.15 -10.01.15. Dette er ei populær samling med stor deltaking og eit
godt fagleg program. Påmelding innan 20.desember til Nortura Førde Medlemssenteret v/Johannes
Nedrebø, [email protected]. Tlf. 905 71 243.
HELSE OG VELFERD I LAMMINGA
Alle lokallaga har fått tilbod om DVD’en ”Helse og velferd i lamminga”, men ikkje alle har nytta seg av
tilbodet. Fristen for å nytte den som kurs, for så og få litt støtte, er overført til 2015. Ein kveld gjev kr 500,- ,
to kveldar kr 1000,-. Det skal det sendast inn eit rapporteringsskjema til SFSG, der kursdatoar og namn på
kursdeltakarane m.m skal vere ført opp. Rapporteringsskjemaet sendast Sogn og Fjordane Sau og Geit
v/Lene Engvik Rasch, Otternesvegen 4, 5745 Aurland eller [email protected], så vil støtta
verte utbetalt.
Dersom der er lokallag som ikkje har fått DVD’en, men som ønskjer den: Ta kontakt med Lene.
«MIN SIDE»
NSG har no tatt i bruk nytt medlemssystem «Min side/Medlemsnett for tillitsvalde. Tenesten finn ein på
NSG si heimside www.nsg.no. For at du skal kunne logge deg inn på «Min side» må du ha oppgitt ei gyldig
e-postadresse, som NSG har registrert på deg i medlemssystemet. Har du det kan du , via «Min side», be
om å få tilsendt passord. Her kan du administrere eigne opplysningar, slik at dei til ei kvar tid er rette. Det
er viktig at dette vert kontrollert i god tid før ny kontigentfaktura vert sendt ut.
INFORMASJONSFLYT
Styret i SFSG får stadig melding frå medlemar som ikkje har fått informasjon om ulike arrangement,
mellom anna turen som vart arrangert til Island. Vi oppmodar nok ein gong lokallagsleiarane om å formidle
informasjonen vidare til medlemane.
Heimesida og Facebook sida vert jamleg oppdatert. Har lokallaga arrangement e.l. som dei ønskjer å dele
med andre, er det berre å sende det til Jonny Lofsnes.
STYRET I SOGN OG FJORDANE SAU OG GEIT ØNSKJER ALLE MEDLEMANE EI RIKTIG GOD
JUL OG EIT GODT NYTT ÅR
For Sogn og Fjordane Sau og Geit
Ragnhild Sæle
-leiar-
50
Takk til våre sponsorar
51
Takk til våre sponsorar