Åpne avisa i eige vindu her

Stort handelshus i sentrum!
28. sommardagar på Hellesylt 3. 4. og 5. juli 2015
Kyrkjekonsert
med Lars
Bremnes
Les side 3
Foto: Rust Foto
Cruisehistoria
Les midtsidene
Fotokonkurranse,
vinn flotte
premiar
Les side 7
Du kjem vel til Hellesylt?
Helga 3.-5. juli er det klart for glade og
innhaldsrike Hellesyltdagar, og som
vanleg ventar vi sol frå skyfri himmel.
«Himmel nok for alle» syng Lars
Bremnes på si siste plate, og den får vi
høyre på kyrkjekonserten fredag. Ein
konsert som markerar starten på årets
Hellesyltdagar fredag 3. juli. Fjordfolket
her inst i Storfjorden ser fram til å helse
gamle og nye Hellesyltvener velkommen
til trivelege dagar med venskapleg prat,
god handel, kortreist mat og god underhaldning frå utescena. Frå scena vil du
få oppleve bygda sine eigne musikalske
talent, vi får besøk av Gaute Gneis og
«Elg» vil garantert skape stemning.
Det vil også verte høve til aktive
dagar med Hellesyltløpet, gatevandring,
tivoli, helikoptertur og mykje meir. Tradisjon tru, gjev vi alt i høge heiarop
for at nettopp vår favoritt-and skal
stikke av med sigeren.
Lag og organisasjonar, dugnadsfolk og næringsdrivande;
alle vil vi gjere vårt for at nett-
Idol-Jørn,
andeslepp og Elg
opp du skal oppleve fargerike og kjekk
Hellesyltdagar!
Sjå fullstendig program på siste sida
i avisa og følg oss på Facebook; «Sommardagar på Hellesylt».
2
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Helsing frå
ordføraren
I 28 år har bygdesamfunnet i Sunnylven stått saman om “ Sommardagar
på Hellesylt”
Dette har vore eit stort og grensesprengande tiltak som har involvert snart alle innbyggarane i bygda.
Mangt og mykje har dei tilreisande
kunne opplevd gjennom kulturelle
innslag, leik og moro, men først og
fremst gjennom eit yrande folkeliv.
Alt dette har ein kunne oppleve i et
strålande solskin.
Kjem du til Hellesylt under sommardagane vil du kunne få oppleve
dette i eit intimt og levande sentrum.
Korte avstandar til dei ulike opplevingane ,gjer det lett å kunne ta del i det
meste.
Dersom du ikkje søker til dei store
folkemassene, har vi naturen som
kan by på dei mest fantastiske opplevingar innan kort avstand.
Det er med andre ord ein rekke
grunnar til å legge turen til Hellesylt
denne helga.
Frå Stranda kommune vil vi få
ynskje lykke til med dagane, men
også få uttrykke stolheit og glede
over at så mange stiller opp frivillig til
denne folkefesten på Hellesylt.
Med beste helsing
Jan Ove Tryggestad
Ordførar i Stranda kommune
Arild Ringdal
Rita Berstad Maraak
Årets programleiar
Fogden opnar dagane
Reinhaldar hjå Finema KvikkVask. Periodevis frilansar i Sunnmøringen og har gjesteopptreden
på Ole Ringdal AS med jamne
mellomrom.
Busett på Stranda, sambuar
med Anne Kathrin Flydal, far til
Maja og Guro.
Etter fire år på Stranda v.g.s,
gjekk turen til historiestudium på
Lillehammer. Deretter vart det
media ved DH i Volda.
Sidan 1987 har han vore fastgrodd på Hellesylt og Stranda.
Fram til 2002 jobba han på Ole
Ringdal AS, deretter har han med
nokre månader unntak vore tilsett i
Finema KvikkVask.
Har vore aktiv fotballspelar og
dommar. Politisk aktiv i Stranda
Arbeidarparti sidan 1991. Er i dag
formannskapsmedlem og leiar i
HOK i Stranda kommune.
Er halvt nordfjording, noko
han likar å nemne når Anders
Fannemel hoppar langt. Og utan
Hellesylt,Manchester
United,
Albufeira og Sunnylvsmoldskreddalen hadde livet vore mykje gråare!
Hamnesjef i Stranda Kommune
sidan 2007. Er opprinnelig frå Selje
og etter nokre år med utdanning og
opphald i utlandet kom ho til Geiranger i 1985. Det skulle vere ein sommarjobb, men den varte i heile to
år. Øystein Maraak var årsaka til at
opphaldet vart lengre enn planlagt.
Dei gifta seg i 1992 og har to gutar
på 18 og 21 år.
Frå 1987 til 1991 vart det eit
opphald med meir økonomi utdanning og jobb før ho kom attende
til Geiranger. Først som salgs- og
markedssjef på Hotel Union, der
etter som dagleg leiar i Geiranger
Fjordservice og Geiranger Skysslag,
samt ein periode som deltidstilsett i
Norsk Fjordsenter.
Var og er delvis aktiv i Geiranger Turist- og Næringslag, Destinasjon Geirangerfjord - Trollstigen,
Geiranger Idrettslag, Jårångskoret,
FAU/ SU - og sat i kommunestyret i
Stranda i forrige valperiode for FRP.
Er elles oppteken av hagen,
huset og hytta, ski- og friluftsliv - og
at heile familien skal ha det godt.
Hellesyltdagar
Praktiske
opplysningar
Parkering:
På Hellesylt invitera vi til gratis parkering, men ber om at de respekterer
privat grunn og eventuell skilting om
parkering forbode.
Arrangør
Hellesylt Næringslag er hovudarrangør og vil rette ei stor takk til sponsorar, annonsørar og dugnadsfolket
som har gjort arrangementet mogleg
Dersom du har spørsmål til
arrangøren kontakt:
Svein Sporstøl, tlf.: 412 76 343
Per Ove Frøysa tlf.: 473 72 062
(stands)
​Hellesyltdagane
Utgjevar av avisa:
Hellesylt Næringslag
Avis-ansvarleg:
Hovudkomiteen
Oppsett og trykk: Avisa Møre,
Volda
Opplag: 30.000
Vi tek atterhald om
moglege trykkfeil.
3
3.-5. juli
Kyrkjekonsert med Program
frå uteLars Bremnes
scena
Lars Bremnes er årets artist i
Sunnylven kyrkje fredag 3. juli.
Kyrkjekonserten startar kl 20:00
og innleiar dei 28. Sommardagar
på Hellesylt.
Lars er minstebror til Kari og
Ola Bremnes, og som dei har han
også blitt ein kjend og folkekjær
visesongar. Han er kjent for sine
humoristiske songtekstar og sterke
melodiar og fleire av songane tek
for seg tema der både det triste og
fine har sin plass.
Lars har sjølv gitt ut sju soloalbum, og to album saman med syskena. Det første albumet ‘Stjernesukkertøy’ kom ut i 1994, og gjorde
at Lars kunne feire 20 år som artist
i 2014. Det siste albumet ‘Himmel
nok til alle’ vart gitt ut i år, og tittelmelodien frå denne plata har
vore flittig spelt på radio i det siste.
Under konserten i Sunnylven kyrkje vil publikum få høyre dei nye
songane i gnistrande live-versjonar
i eit program som også har rom for
nokon av Lars sine perler frå tidlegare, som ‘Fiolinan’ og ‘Å kunne æ
skrive’.
Laurdag frå klokka 12
Elg
Gaute Gneis
Rita Berstad Maraak
Fossedur
Koret
Nameless
Søndag frå klokka 13.00
Fotograf: Veronica Melå
Sommardagar på Hellesylt og
Hellesylt Ungdomslag ønskjer velkomen til ei stemningsfull stund i
Sunnylven Kyrkje.
Billettar kan kjøpast ved Joker og
Coop på Hellesylt og ved døra.
Pris:
Vaksne kr. 300,Born: kr. 200,-
Sudan Dudan
Leikaringen
Lokalt band
Søndag frå klokka 16.00
Johanne/ Veronica
V-showet
Jørn Trollebø
I tillegg blir det premiering av
fotokonkurransen og andesleppet
4
Hellesyltdagar
Stands
I år vil vi ha omlag 25 stands
på Hellesyltdagane. Du vil finne
desse i sentrum, både utandørs
og inne på samfunnshuset. Her
får du mellom anna høve til å
kjøpe ulike typar mat, klede,
antikkvarer, naturprodukt og
tupperware. Vi håper så mange
som mogleg tar seg tid til ein tur
innom det varierte tilbodet, og at
det fell i smak.
Hellesyltløpet
Mykje tyder på at vi vil få rekorddeltaking på Hellesyltløpet i år,
men vil løyperekodane stå seg
eit år til?
Hellesyltløpet er også i år
på laurdag, men starttidspunkt
er endra frå klokka 14.00 til kl
15.00. Klasseinndelinga er som
før: gut-, jente-, dame- og herreklasse. Løypene er som før, og
strekkjer seg oppover langs den
vakre Korsbrekkelva.
Stad for påmelding finn du i år
i Hellesylt sentrum, påmeldinga
stengjer ein time før løpsstart.
Løypelengde senior: 6600 m
Løypelengde gutar og jente:
1600 m.
IdolJørn på
utescena
Søndag står Jørn Trollebø Kvalheim
med band på utescena. Han er kanskje best kjent som Idol-Jørn, og kom
til finalen av Idol 2014.
Frå idol-karrieren hugsar vi kanskje tolking hans av Foo Fighters
“Walk” best, men 22. mai kom singelen “Escape”. Den finn du blant anna
på Spotify.
Kennel
Bonseye
Idolfinalisten kjem frå Måløy, men
bur for tida i Volda der han studerer
musikk.
Gratis frukost laurdag
Vertane prøvesmakar frukosten - Camilla Volsdal - Coop Marked,
Borghild Sporstøl, Joker Hellesylt, Monica Rødven - Peer GyntGalleriet
Joker Hellesylt, Coop Marked
Hellesylt og kjøtvarebedrifta
Ole Ringdal As går saman og
serverar frukost i Peer Gynt
galleriet på laurdag under
Hellesyltdagane.
For femte år på rad vert det gratis
frukost til alle som ynskjer det. Serveringa føregår på Peer Gynt galleriet
og skjer mellom kl 09.00 og 11.00 på
laurdag.
Erfaringa syner at dette er eit
populært arrangement og det må
såleis påreknast noko kø og venting,
men bruk denne tida godt til å slå av
ein god prat med gamle kjenningar for alle skal få servering!
Vertane lovar god og smakfull
frukost med kortreiste og spanande
råvarer. Vi byr sjølvsagt på kaffe, juice
og mjølk. Syltetøy, ostar og sjølvsagt
godt kjøtpålegg; slik det høver seg på
Hellesylt.
Vertane ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein god start på dagen.
I år har Hellesylt fått eit nytt tilbod
for grupper av nordmenn og cruiseturistar som ynskjer å oppleve
noko annleis.
Øvre Ljøen ligg i naturskjønne
omgjevnadar, høgt og fritt over
innlaupet til Geirangerfjorden. Her
bur familien Bonsaksen med sine
7 gjetarhundar, 70 vinterfora sau
og 4 lama.
Etter å ha kjøpt sin fyrste gjetarhund for snart 15 år sidan vart
ekteparet Bonsaksen “hundegalne”. Fire BordeCollier er sidan
den gong kjøpt frå England, samt
fire frå Noreg. Fem kull har sett
dagens lys på garden, og 10 av
desse kvalpane er trente opp av
familien og seld med bruksprov
(godkjent prøve) til sauebønder
i distriktet. Liketil Sunnmøre sin
einaste omsorgshund er oppdretta
her.
Hundane i Kennel Bonseye vert
dagleg brukt i arbeid med sau.
Nokre av dei vert brukt i konkurransar rundt om i fylket, og elles i
landet. Det set krav til hundeføraren, og mykje trening må til for å
halde høg nok kompetanse.
I og med at familien Bonsaksen frå i sommar kan tilby gardsturisme med fokus på gjetarhund,
så har ein draum gått i oppfylling
for dei. Har du, firmaet ditt eller
organisasjonen din tankar om Blåtur vil Gjetarhundshow, bålpannekaffi, sveler og ein fantastisk utsikt
vere av det fine tilbodet familien
Bonsaksen kan by på.
Norsk Sjømat
Group
Leverandør av sjømat
”Vi har tilgang på de ferskeste og mest pålitelige
forsyningene av råvarer til produktene våre.”
Norsk Sjømat AS
Norsk Sjømat AS
Norsk Sjømat Oppdrett AS
Svemorka 26, 6200 Stranda
Tel. 70 26 88 80. Fax. 70 26 88 90
[email protected]
www.norsksjomat.no
Storm Seafood Inc.
86 Pond Valley Road, Woodbury, CT 06798
Tel. 203-263-6933 (kontor)
[email protected]
www.stormseafood.com
Vital Seafood AS
Kyrkjegata 57, 6200 Stranda
Tel. 70 26 84 90
[email protected]
Foto: Simen Berg, Arild Juul©Norwegian Seafood Council, Sven Raben©Norwegian Seafood Council, Tom Haga©Norwegian Seafood Council.
TIBE
Vi finn det rett - og motiverande - å minne om løyperekordane:
Herrar: tid 21,16 min Anders
Mølmen Høst, Lyn Ski i 2012
Damer: tid 25,02 min Hilde
Lauvhaug, Lyn Ski 2013
Tek vi løyperekorden heim til
Sunnmøre i år?
Det vert i år premiar til alle
som fullfører løpet, det er gåvepremiar som er sponsa av
næringslivet. Løpet har også
eiga medalje, bronse etter 3 løp,
sølv etter 6 løp og gull etter 10
fullførte løp.
3.-5. juli
www.oseing.no
tlf 70045220
Ørsta – Ålesund – Nordfjordeid
PROSJEKT- OG BYGGELEIING – BYGGESØKNADAR - OPPMÅLING/UTSTIKKING
PROSJEKTERING OG BEREKNING – AREALPLANAR OG REGULERING
VERDI- OG SKADETAKSERING – BUSTADSALSRAPPORTAR
Hellesyltdagar
5
3.-5. juli
Egil
Olsen
14. april 1980 var Egil Olsen ein
nyfødt baby. Slik startar “In the middle
of Norway” som er ein av Egil Olsen
sine mange varme og humørfylte
songar. Egil Olsen er sunnmøring frå
Ørsta, men har i dei seinare åra budd
i Oslo.
Egil Olsen har gjeve ut fire studioalbum, og eit livealbum med eit utval
frå dei andre platene. Tekstane er på
engelsk og er som sagt fylde av godt
humør og eit glimt i auge. Han utropte
seg sjølv til å vere ein singer/songwriter på sitt fyrste album som ganske
enkelt heiter “I am a singer/songwriter” og opnar sjølvsagt med songen
“Singer/songwriter”.
Uncle’s Institution var namnet
på prosjektet Egil Olsen starta, før
han etter kvart bestemte seg for å
150 års
jubilant sel
hjortegryte
Foto: www.egilolsen.com
gjere saker og ting enkelt. Han byrja
å bruke sitt eige namn som artistnamn. Han turnerte tidleg i USA
(San Fransisco, Santa Cruz og Hollywood), og er nettopp komen heim
frå sin andre turné i Kina. Mykje av
musikken til Egil Olsen er akustisk,
men han har ofte med seg selskap
på konsertane frå blant anna Stig Ulv,
Paal Solhaug eller Erlend Slettevoll.
Sidan vêrgudane alltid er på Hellesyltdagane si side denne helga,
satsar arrangørane Ole Hjalmar
Bonsaksen og Eivind Louis Helset
på at Egil Olsen held konserten utandørs på Ljøen. Her har dei bygd opp
ei scene blant bakkar og berg medan
sitteplassane blir å finne på mark og
stein(ta med sitteunderlag) i bakken
der riksveg 60 før gjekk mellom Hellesylt og Stranda. Fjorden og fjella blir
eit storslått bakteppe for scena der
Egil Olsen skal underhalde.
Grautlaurdag
rjomegraut. Laurdag finn du dei i
“nyesalen” på samfunnshuset, klare
til salg av graut, kaker og kaffi.
Foto: Piotr Cabaj, Trollvogga på Runde
Tradisjonen tru syter Sunnylven
Bygdekvinnelag for at du kan få det
vi tør hevde er Sunnmøre sin beste
Sunnylven skyttarlag er eit av dei
eldste skyttarlaga på Sunnmøre,
og vart skipa allereie i 1865 og
feirar difor 150 år i år. Laget har
innadørsanlegg på Hellesylt stadion og utandørsanlegg i Hyttehola for bane-felt og jaktskyting.
Vinterhalvåret
arrangerer
laget innadørsskyting på 15
meter ved Hellesylt stadion for
ungdom mellom 10 og 18 år.
Laget arrangerer også jaktoppskyting for ca 130 jegerar årleg.
Laget sine skyttarar har i
mange tiår vore blant dei beste
på nordvestlandet, og har vunne
meistertitlar både på lands- og
lokalt nivå.
Tradisjons tru sel skyttarlaget
hjortegryte under Hellesyltdagane. Den blir å få kjøpt på samfunnshuset på søndag frå kl 12.
ENGASJERT BANK
Ekte engasjement for lokalsamfunnet visast på fleire
måtar. Som bank er vi i første rekke opptekne av å gi
gode råd om økonomi og finansiere prosjekt gjennom
utlån til bedrifter og privatpersonar. I tillegg støttar vi
gode tiltak som er med å skape eit allsidig, livskraftig
og robust lokalsamfunn.
Med engasjert helsing
SPAREBANKEN MØRE
6
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Sunnylven
skulekorps
med tombola
Sving innom
når bilen
trenger pleie
Vi tilbyr Mekonomen Bilkonto
Sunnylven skulekorps er eit aktivt
korps som deltek på mange ulike
arrangement både i og utanfor
bygda. Dette inneber julekonsertar,
nissespeling, korpskonsertar, 17.
mai og elles ved spesielle anledningar. Korpset samarbeider også
med korps frå andre bygdelag.
Med jamne mellomrom reiser korpset på stemner. Siste store tur var
i fjor på Landsfestivalen i Trondheim.
Som mange andre korps i landet, er talet på musikantar minkande. I dag tel korpset 15 musikantar, og 3 aspirantar. Håpet er
at dei som er med vil halde fram
lengst mogleg - og at nye aspirantar kjem til. Korpset er ein viktig
aktør for å oppretthalde det kulturelle mangfaldet i bygda vår.
Tombolaen som vi arrangerer
laurdag og søndag utanfor banken, er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til korpset. Det er
svært kostbart å drive eit korps,
difor vonar vi mange vil kome
innom og støtte oss ved å kjøpe
lodd. Her er mange fine gevinstar
for både store og små.
Håper vi ser nettopp deg på
Hellesyltdagane!
Mekonomen Bilverksted
Stranda, Dalevegen 139
Man - fre: 08 - 16.30
Tlf: 70 26 20 10
TM
Guidede Fisketurer på fjorden.
Gjeterhund Show for grupper / firma
tlf. 47963091 / 91623265
Vi utfører alt innen:
- Gravearbeid,
- Massetransport
Fagbrev ADK1-sertifikat
Ta kontakt for en uformell prat:
Egil Røyrhus, mobil: 95 22 88 26, e-post: [email protected]
Ønsker mine kunder en god sommerferie.
Vakuumforma plastkomponentar
www.formvac.no
Hellesyltdagar
SudanDudan
– folkemusikk
med særpreg
Duoen, beståande av Marit Karlberg
og Anders Røine har på kort tid slått
gjennom som ei av dei mest interessante gruppene innanfor norsk
folkemusikk. Dei spelar skillingsviser, skjemteballadar, slåttestev og
bånsull med eige særpreg.
Karlberg syng og spelar langeleikspel, medan Røine i tillegg til
song spelar både gitar, fele, munnharpe, banjo og mandolin.
Debutplata SudanDudan kom i
2006, og vart same år nominert til
to klassar under Folkelarm. Dei har
varma opp for Odd Nordstoga, og
motteke Norsk kulturråds ensemblestøtte. Søndag spelar dei frå
utescena frå klokka 13.
Fotokonkurranse
I år arrangerer komiteen for Hellesyltdagane fotokonkurranse for
andre året. Konkuransen er i år delt
i tre kategoriar, der ein lokal jury
vurderer dei innsendte bilda. Vinnarbilda i alle dei tre kategoriane
vil bli premiert der blant anna det
beste naturbildet kjem på trykk som
prydnad i neste års Hellesyltdagavis.
Foto: Arne Svalastog
7
3.-5. juli
Dei tre kategoriane i
konkurransen er:
1. Beste bilde
2. Artigaste bildet
3. Beste naturbilde
For alle tre kategoriane gjeldt
følgjande:
Bilda SKAL vere tatt på Hellesylt,
og for kategoriane «Beste bilde»
og «Artigaste bilde» gjeld også
regelen om at bildet skal vere tatt
under helga 3.-5. juli 2015, altså
under Hellesyltdagane.
Konkurransen vert avslutta søndag 5. juli kl 15.00, og vinnarane
blir kunngjorde frå utescena søndagen ca kl 17.30.
For å delta sender du inn bilde
og merkar det med navn og mobilnr
til e-postadressa; [email protected]
ELG på Hellesyltdagane
Øivind Elgenes, meir kjent under
artistnamnet Elg spelar på utescena
laurdag frå om lag kl 13.00.
Elg har vore i musikkbransjen
i fleire tiår, og er kanskje best kjent
som vokalisten i Dance With A Stranger. Han har ei karakteristisk og kraftig stemme, som han brukar med
innleving. Stemma passar perfekt
til musikkstilane han sjølv likar best;
soul, blues og rock. Elg syng både på
engelsk og dialekt.
Elg vaks opp i Kristiansund saman
med blant anna Lynni Treekrem og
Frode Alnæs. Sistnemnte danna han
seinare bandet Dance With A Stranger med, og dei gav ut fleire plater og
turnerte i Noreg i fleire år. I fjor gjorde
dei sin siste turne, og no satsar Elg
fullt på solokarriera som han har hatt
ved sidan av jobben som vokalist i
DWAS.
Multimedieomvisning i
Peer Gynt-Galleriet
Under Hellesyltdagane har du god
høve til å få med deg ei stor kunsternisk oppleving. I Peer Gynt Galleriet
kan du no få oppleve kunsten etter
Oddvin Parr på ein spanande måte.
Dei storslåtte trerelieffa frå Ibsens
Peer Gynt vert levandegjorde i i ei
unik multimedieomvisning der tekst
vert framført av Dennis Storhøi og vi
høyrer musikk av Edvard Grieg. Det
heile er som ei teaterframsyning
av Peer Gynt med bakgrunnslydar
frå både folk, “bukken”, felemusikk,
kyrkjeklokker og lydar frå naturen.
For meir informasjon ta kontakt med Peer Gynt Galleriet på tlf:
95013170 eller på facebook.
Han har som soloartist gjeve ut
fleire album, det fyrste kom i 1997
då DWAS hadde platepause. Siste
album kom i 2013. Til jul i 2014 kom
den stemningsfulle singelen “Jul hos
aille no”. I 2015 er planen å gje ut ein
serie med konseptlåtar, den fyrste er
komen ut og heiter “Pacific Plastic
Vortex”. Den handlar om all plastikken som har “forsvunne” ut i verdshavet dei siste 60 åra.
Elg deltok i “Det Store Korslage”t
på TV2 med TeamElg, og dei nådde
langt. Men vi hugsar han kanskje best
frå “Hver gang vi møtes” i 2014 der
han gjorde fleire gode tolkingar av
andre artistar sine låtar.
Han turnerar med band, i duo og
som soloartist, og til Hellesyltdagane
kjem han åleine saman med gitaren
sin. Vi garanterer god musikk og topp
stemning!
8
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Founded in 1853, Devold is the oldest
Norwegian knitwear company. Nature’s
own raw materials, classic Norwegian
designs and a single minded pursuit
of quality makes every Devold product
unique.
Please visit our factory outlet at
Hellesylt to view more than 150 years
of quality, traditions and craftsmanship.
Lokal leverandør av rein energi
Open in Hellesylt:
June 1st - August 31st 2013
Every day 10.00 - 18.30
Hellesyltdagar
Bil med
Det blir konkurransar med fine
premiar, borna kan ta “førarkort” for
bergingsbil. El-bil er på plass, representantar frå firmaet er tilgjengeleg
for å gje ferietips for bilen, klargjering,
sikkerhet og andre gjeremål det er
lurt å foreta før ein legg ut på langtur. Blant anna sjekke AirCondition på
bilen. Det heile skjer i samarbeid med
Viking Redningsteneste.
Stranda Bil ynskjer alle hjarteleg
velkomen til ein uformell og koseleg
bilprat under Hellesyltdagane med
slagordet; Bil med eit SMIL!
Eliasbåten
kjem
Vi gjentek suksessen frå i fjor og inviterer små og store til å vere “skippar”
ombord i Eliasbåten.
Eliasbåten er kjend og kjær for
mange. Redningsselskapet nyttar
båten i det førebyggjande arbeidet,
lærar born om rett bruk av redningsvest, syne sjøvet og styre båten. Den
Bergstrøm
Tivoli
I år er det Bergstrøm Tivoli som
vitjar Hellesyltdagane. Tivoliet har over 80 års erfaring, og
har gått i arv frå far til son i fire
generasjonar. Dei kjem med
blant anna radiobilar, 2-3 ungdomskarusellar og fleire borneaktivitetar. Dei vil halde til
på grusbana, og held ope alle
dagane.
9
Gaute Gneis kjem
til Hellesyltdagane!
eit smil
Bilen er eit av dei beste og mest viktige hjelpemidla vi har i kvardagen.
Å ha eit sunt forhold til bilen for å få
nytte eigenskapane bilen har til det
beste for familien er viktig, og kan til
og med vere kjekt! Ein skal ha respekt
for trafikken og kva bilen kan yte av
fart og krefter, slik at disse eigenskapane ikkje blir brukt på feil måte.
Det skal vere kjekt å ha bil! Den
er ein god følgjesvein og som gode
vener treng den å bli forstått og pleidd
godt med.
Å starte med born og unge, vise
korleis bil kan vere kjekt og interessant meiner dagleg leiar på Stranda
Bil, Kjetil Øverland er ei god investering for framtida. Derfor har han
og firmaet han driv lagt seg i selane
i forkant av Hellesyltdagane, med
målsetting om å invitere publikum,
store som små for å vise sider ved bil
og bilbruk på ein enkel morosam og
interessant måte.
3.-5. juli
har plass til 2-3 born saman med ein
vaksen under båtturen.
For dei som vil vere skippar for ein
dag, er det frammøte i Småbåthamna
på Hellesylt. Båten vert i hamna både
laurdag og søndag.
Gloria Glimmer, Kari Kvarts, Moder Mantel, Kupe Bre, Slufså, Gaute
Gneis. Fremst geitekjeet Lykle.
Figuren Gaute Gneis vart utvikla i
samband med at Verdsarvstiftinga
byrja å lage eit eige konsept for formidling av verdsarven til born og
unge. Dette formidlingskonseptet
fekk namnet “Fjordheimen”. Formidlinga er bygd opp kring tanken om å
blande fakta, fantasi og humor, og på
den måten får ein ei meir leiken og
enkel tilnærming il vanskelege fagområde som geologi og landskapsdanning. Grunnmuren i konseptet er
barneboka “Gaute Gneis får eit oppdrag” som Merete Løvoll Rønneberg
har skrive med hjlp frå NGU og “steinekspert” Torgeir Garmo som driv
steinsenteret på Lom.
I boka vert steinar, elvar og isbrear
personifiserte, og vi får høyre deira
eiga historie om korleis det gjekk
Møt Dalar Møy og
Rosas Kiara
Under Hellesyltdagane vil Åse
Stadheim også i år vere til stades
med dei to fine Fjordingane sine;
Dalar Møy og Rosas Kiara. Det
vert høve for barn å verte kjent
med hestane og til å vere med på
ridetur. Du finn Åse og Fjordin-
gane på parkeringsplassen rett
over gata for Kyrkjelydshuset. Der
vil dei vere både laurdag og søndag frå omlag kl 11.00.
Vel møtt til eit trivelig og fint
møte mellom barn og dyr.
til då verdsarvlandskapet “Fjordheimen”, var til. Gaute Gneis er
hovudperosnen i forteljinga, og har
med seg tre gode hjelparar når han
kjempar seg oppover frå mantelmagen mot overflata. Dei tre gode hjelparane er Kari Kvarts, Frode Feltspat
og Gloria Glimmer, og er tre av våre
vanlegaste mineral. Figurane har
eigenskapar som samsvarar med
minerala dei representerar.
Sidan oppstarten har figurane frå
boka fått kostymer, sydd av linja for
tekstil og design på Borgund VGS og
Yvonne Dale frå Valldal. I dag kan
ein møte figurane på Fjordsenteret i
Geiranger, eller ute på tur i verdsarvområdet. Laurdag under Hellesyltdagane kjem Gaute Gneis til utescena!
SOS-cup Sunnylven
Open Sommar
For å spele sandvolleyball treng
ein berre å ta av seg skoa, så er
ein klar!
Det blir i år også SOS-cup
på volleyballbana ved skulen.
Turneringa er i open klasse, frå
ungdomsskulen og oppover. Ein
må ha seks spelarar på laget,
fire skal vere på bana og minst
ei jente. Deltakaravgifta er 50,kr pr. lag, og premiar er gåvekort
på pizza. Arrangørar av SOScup er Fjellrosa 4H og Sunnylven IL.
Turneringa er laurdag 4.juli frå
klokka 19.00, påmelding skjer på
telefon til Per Ingebrigt Karbø,
91324084, før klokka 18.00.
10
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Tekst: Olav Elling Gausdal/2015.
Sanitetsvakter
Hellesyltdagane er glade for at
Stranda Røde Kors også i år stiller som sanitetsvakter i sentrum
laurdag og søndag (på dagtid).
Stranda Røde Kors sitt nærvær i
lokalsamfunnet skaper tryggleik
for både innbyggjarar og tilreisande, slik også på Hellesyltdagane. Dei vil ha sin stasjon ved
samfunnshuset og bruk gjerne
høve til å slå av ein prat for slik å
verte betre kjend med Røde Kors
sin aktivitet.
Andeslepp
i Hellesyltfossen
17. mai 2012 var ein merkedag for Hellesylt; den nye cruisekaia vart opna då
Empress la til kai med eit par tusen passasjerar. Dette året kom det totalt 108
anløp til Hellesylt. Mange gjekk i land,
bort til brua og tok bilde av ein kvitbrusande foss, nokre gjekkopp langs
fossen og ned ved kyrkja. Dei undra
seg sikkert litt over den lille ”byen” dei
var komen til, nokså ulik frå dei store
byane rundt om i verda. Men historia
som ”storbåt”-destinasjonen Hellesylt starta ikkje her. Då må vi mange,
mange år tilbake i tid, til ei tid som såg
nokså annleis ut, sjølv om fjorden og
fjella er nokså uendra frå den gong.
Turiststaden
Hellesy
Den fyrste ”turisten”
Etter det vi veit så var ein utlending trulig var han engelskmann - den fyrste
som kom på gjennomreise til bygdene
i Sunnylven; dette var i 1834, og han
heitte Henry Twinning. Han kom frå
Oslo over fjellet til Bergen og reiste så
vidare nordover. Skyss fekk han frå
fastbuande; lokale gardbrukarar som
den gong hadde skyssplikt for embetsmenn og lokale tenestemenn, men
som etter kvart såg inntektspotensialet
i å skysse ”framandfolk”. Dette danna
igjen grunnlaget for mange skysslag
rundt om i bygdene i åra som kom.
Storbåtane kjem til bygda
Det store andesleppet i Hellesyltfossen vart gjennomført for
fyrste gong i 2005. Sidan då har
det vorte eit årvisst arrangement,
og ein stor folkeattraksjon som
avsluttar Hellesyltdagane. Publikum brukar å stå tett på brua og
langs elvebredda, og kikar etter
anda si. Andereisa frå start til mål
tek omlag fem min.
I år er det 11. gongen kring
2.000 plastikkender vert tippa
ut frå traktorskuffa på Høge bru.
Målgang er oljelensa som er
spent over elva like forbi Hellesylt
Bro. Der ventar ein jury på kva
and som først kjem så nær oljelensa at den kan nåast, og som
blir vinnar av førstepremien på kr
10.000,- Den andre anda er verdt
kr 5.000,- og tredje kr 3.000,-. Dei
sju neste endene får kr 1.000,- i
premie. Til saman delar arrangøren ut premiar for kr 25.000,Det vert sal av ender frå laurdag føremiddag til søndag like før
sleppet. Loddseljarane har stand i
sentrum like ved utescena. Kvart
lodd/and kostar kr 50,- og det er
mogleg å kjøpe både to og tre
ender for å auke vinnarsjansane.
Seinare på 1800 talet så kom stadig
fleire gjestar til fjordbygdene, både
lokale reisande, men ikkje minst gjennom besøk av utanlandske turistar om
bord i ”storbåtar” om sommaren. Samfunnsutviklinga gjekkfort, det vart bygd
vegar og jernbane over fjella i Norge,
sjølv om sjøvegen framleis var den
vanlege ferdselsåra. Hellesylt utvikla
seg til eit knutepunkt for både handel
og ferdsel, fyrst på fjorden, men etter
kvart langs vegen mot Hornindal, og
gjennom Norangsdalen mot Øye. Før
den tid gjekk ferdene blant anna via
den ”Trondhjemske Postveg”, som
kom frå Nordfjord gjennom Langedalen
til Hellesylt, ut fjorden til Ljøkaia, opp
til Ljøen, over Ljøbrekka og ned Strandadalen. Vegen er der framleis, og er
godt haldt ved like. Eit anna merkbart
tidsskilje kom i 1962, då ”Ljøvegen”
mot Stranda vart opna.
Hellesylt - Geiranger
I 1869 kom det fyrste engelske skipet
til Geiranger, og la grunnlaget for notida sin cruisetrafikk. I 1860-åra kom
også den fyrste dampbåten i rute på
fjorden, og bygdene fekk då regelmessig anløp sjøvegen av folk og varer.
Små og store dampskipslag fekk etterkvart etablert turistruter på fjorden, og
trafikkveksten var stor. Turistruter var
strekninga Valldal - Stranda - Hellesylt
- Geiranger, og Hellesylt - Geiranger. I
1938 kom motorferja ”Geirangerfjord” i
rute på Valldalsturen, og kunne ta 16
sjuseters bilar. Dette året frakta ferga
totalt 2953 bilar. Den mest kjende
strekninga i vår tid er nok Hellesylt Geiranger, som i vår tid er trafikkert i
perioden mai - september av dei kjente
ferjene Bolsøy og Veøy.
Henrik Ibsen på Hellesylt
Året 1862 vart eit merkeår; då kom
diktaren Henrik Ibsen til Hellesylt.
Reisevegen var gjennom Nordfjord
til Hellesylt. Her vart han tatt imot av
sokneprest Barmann, og fleire av bygdas menn var gode samtalepartnarar
for Ibsen, blant dei som er nemnde er;
Knud Stadheim, Knud Syltevig, Lars
Ringdal, Nils Langeland og Ola A.
Kjellstad. Ibsen blei verande på Hellesylt i 14 dagar, og hadde husvære i
Jogarden. Fleire personar han møtte
kan vi kjenne igjen i spelet ”Brand”.
Langt seinare fekk bygda sin eigen
kunstnar, Oddvin Parr, inspirasjon frå
nettopp Ibsen, til arbeida med tre-relieffa frå ”Peer Gynt” som er utstilt på
Peer Gynt-senteret på Hellesylt.
Keisar Wilhelm og
Dronning Wilhelmina
I 1890 besøkte den tyske Keisar Wilhelm 2. Hellesylt, også han kom med
hesteskyss frå Nordfjord. Dronning
Wilhelmina av Holland kom sjøvegen
til Hellesylt i 1922.
Vi veit at den norske
kongefamilien har vore hyppige og velkomne
gjestar i fjordbygdene, og ikkje
minst feiringa av
sølvbryllaupsdagen på Skageflå
sommaren 1994
var spesiell.
Bjørnstjerne
Bjørnson
1898 kom Bjørnstjerne Bjørnson og
kona Karoline på besøk, dei kom gjennom Norangsdalen, og hadde stopp
ved Hotell Nordangsdal, på Fivelstadhaugen, der flagget vart heist til topps
som velkomst. Turen gjekk vidare til
Hellesylt og derifrå med båt inn Geirangerfjorden. På turen ropte skysskarane høgt, slik at ekkoet gjekk mellom
fjella. Bjørnson skulle då ha sagt; ”I
deres sogn trengs ingen prester, for
Hellesyltdagar
11
3.-5. juli
Skip til kai under
Hellesyltdagane
ylt
1. Mein Schiff.
(Foto: Rust
Foto)
2. Costa Pacifica. (Foto:
Rust Foto)
Foto: Rust Foto
her taler naturen
sitt mektige språk”.
Skyss-stasjonar
og skysslag
Som følgje av
denne auka i ferdsel, vart det etablert
fleire
skyss-stasjonar i kommuna,
og i 1890 er desse
nemnd; Hellesylt,
Kjellstadli,
Fivelstadhaugen
og
Maråk (Geiranger sentrum).
Gjennom siste delen av 1800 talet
fekk ein etablert ulike skysslag rundt
om i bygdene. I Geiranger etablerte ein
tidleg samarbeid med turistnæringa;
skyssing av turistar opp til Djupvatnet, Dalsnibba og seinare ”overland”,
turen ned mot Stryn. Den fyrste tida
med hest og vogn, seinare med bil.
Spesielt etter at vegen over Geirangerfjellet opna i 1889, så auka ferdslene.
Geiranger Skysslag vart skipa i 1907,
og hotelleigar Mjelva starta til og med
opp bilproduksjon i samarbeid med
tyske Opel, dette for å bygge bilar som
kunne mestre den vanskelege og krevjande vegen frå fjorden og over fjellet.
Mange av dei gamle bilane er intakte,
og er å finne i Geiranger, både langs
vegen og i utstillingslokalet til Hotel
Union.
Hellesylt skysslag
For Hellesylt og Sunnylven sin del, vart
ikkje skysstrafikken så organisert som
i Geiranger. Det var nok ulike grunnar
til dette, blant anna at mengda av turistar var mindre, og at ein mangla veg
til ein fjelltopp! Like fullt fekk ein til eit
godt samarbeid gjennom Norangsdalen, der regelen vart at folk frå Hellesylt skyssa frå båtar som ankra der,
og folk frå Øye/Urke skyssa frå båtar
på deira side. Norangdalen skysslag
vart etablert i 1909/1910, i 1912 var
eit skysslag i emning i Sunnylven,
men krigen i 1914 sette ein stoppar for
dette. I 1920 vart så Hellesylt skysslag
Costa Pacifica
Mein Schiff 1
Tidleg søndag morgon kjem Costa
Pacifica med sine 290 meter og
3000 passasjerar og legg til kai
omlag klokka 09.00. Dersom du er
tidleg oppe bør du legge turen til
sentrum og sjå når dei effektivt blir
fortøydd til kai. Skipet ligger til kai
og turistane går i land og ombord i
bussar for å ta dei på tur i buss til
Geiranger.
Mein Schiff 1 kjem glidande inn
Sunnylvsfjorden laurdag ettermiddag og blir liggande på fjorden.
Dei sender ut sine tenderbåtar
for å plukke opp passasjerar som
har vore på overlandstur i buss frå
Geiranger.
etablert, seinare vart det eit samarbeid
med Norangdal, og dei tok namnet
Norangdal og Sunnylven skysslag. I
1939 hadde skysslaget 20 bilar i drift.
Nordangsdalen - ein gøymt skatt
I dei seinare åra har den organiserte
turen gjennom den vakre Norangsdalen stilna, og blitt erstatta av turen Hellesylt - Hornindal - Stryn - Videsæter
- Geiranger. I våre dagar blir turistane
skyssa i store bussar, der dei fyrste
reiste med hest og vogn. No er det
både det gamle Hotell Nordangsdal
- no med namn Villa Norangdal - på
Fivelstadhaugen og Hotell Union Øye
pussa opp, og blitt ”landemerker”. Det
som står igjen er at Grand Hotell på
Hellesylt skal få ei sårt trengande fornying og nytt liv. Skjer dette håper vi at
dei gamle skysstradisjonane gjennom
Norangsdalen får nytt liv også. Dalen
er i alle fall like vakker, mystisk og
mektig no som då.
Hellesylt sentrum utviklar seg
Som knutepunkt i kommunikasjonen
og kommunesenter i Sunnylven og
Geiranger, fekk Hellesylt raskt ei rekke
butikkar, bank, bokhandel, kommunehus, sokneprest, lensmann og hotell.
Det var brukt for overnatting både
til lokale reisande og turistane sommartid. Tryggestads Hotell vart bygd i
sentrum av Hellesylt rundt 1890, fyrst
av Magnus I Sæter, hotellet heitte då
Grand Hotell. Seinare vart bygget selt
til Syver Tryggestad som fornya bygget i 1912, og skifta namn til Trygge-
stads Hotell. Hotellet hadde plass til 20
overnattingsgjestar. Bygget stod fram
til 1980 talet, då det var rive.
Hotell Nordangsdal, på Fivelstadhaugen vart bygd av Anders Haugen
og Ole Haugen i 1885. Hotellet fungerte både som skyss-stasjon, hotell
og som base for fjellfolk. Artig er det
at arven her er vidareført av Iris Fivelstad, som pussa opp bygget i nyare
tid, og som no er kjent under namnet
Villa Norangdal.
Grand Hotell vart bygd i 1903 av
Christen Stadem, som bygde dette i
hop med ”gamle” Tryggestads Hotell.
Hotellet var bygdas største, fint plassert like ved Hellesylt kai. Tredje høgd
bygd på i 1937, og plass til 45 overnattingsgjestar. Hotellet var lenge i
familien Stadheims eige, men mange
eigarskifte i nyare tid. Hotellet er eit
”landemerke”, og gjev Hellesylt sentrum identitet. Ein kan håpe at hotellet
kan få sin renessanse, slik at ein kan
oppleve dei flotte trehotella Grand,
Villa Norangdal og Union Øye i samanheng.
Tidene har definitivt endra seg, frå
den fyrste ”storbåten” kom på fjorden,
til dagens cruisekai og båtar på snart
300 meters lengde. Viktig er det å
bevare identitet, natur og eigenart for
notid og framtid. Velkomen til gode
opplevingar på og rundt Hellesylt!
Kjelder:
- Bygdebok Sunnylven og Geiranger,
fyrste bind 1949.
- Ulike avisartiklar.
12
Hellesyltdagar
3.-5. juli
“Unge Sabotørar”
bidrag til den omfattande litteraturen
som alt er prenta om dei dramatiske
fem åra i norsk krigshistorie.
Eit lite kapittel frå
handlinga i boka:
Det store forsamlingslokalet i andre høgda av ungdomshuset. Her studerar dei tyske soldat­ane brev og
aviser heimanfrå. Salen og sceneteppet bar tydeleg preg på kven som var herrar i huset. Det var strengt
vakthald heile døgnet utanfor inngangen til ungdomshuset, der kring 80 soldatar var innkvartert under
krigen.
Forfattar og journalist Knut Frøysa
frå Sunnylven har skrive bok om hendingar og minne frå krigsåra i heimbygda. Boka som har fått tittelen “
Unge Sabotørar” er rikt illustrert med
fotografi som er samla og redigert
av Arne Inge Tryggestad. Mange av
bileta har ikkje vore publisert tidlegare. Forordet og eit lite utdrag av
boka gjev eit innblikk i innhaldet:
Forordet:
Hellesylt har frå gamal tid vore sentrum for ferdsel gjennom bygdelag
og fylke.
Tettstaden ligg inst inne i Sunnylvsfjorden, ein forlenga arm av
Storfjorden. Her var det naturlege
knutepunktet for den indre riksvegen nord- og søretter Vestlandet og
kortaste vegen til sjøs for mange
nordfjordingar og opplendingar som
skulle gjere varebyte.
Trafikk-knutepunkt gjorde også
Hellesylt strategisk interessant då
Norge vart okku­
pert av Tyskland
våren 1940.
Om krigstida er det alt prenta
ein rik lokalhistorisk litteratur. Ikkje
minst i minneskriftet “Krig og fred”
som Stranda Sogelag gav ut i 1995,
i samband med 50-års markeringa
for frigjeringa av Norge, etter fem års
okkupasjon.
Innhaldet i denne boka er ikkje ein
freistnad på å tilføre nye dokumentariske opplysningar. Hovudsaka er for
det meste ei fri skildring frå tidsvitne
som fortel korleis dei opplevde barneåra og livet i Hellesyltgata både
før, og under dei fem vanskelege
krigsåra.
- Å vere nær nabo til dei brautande
tyske soldatane skapte konstant
angst og redsel, som vart forsterka i
den mørke årstida med påbode blending frå alle hus og køyretøy, fortel
Åge Gjørvad.
Ettersom det i år er 75 år sidan
okkupasjonen og 70-års markering
for frigjeringa av Norge, er det få att
av aktørar og augnevitne. Difor er vi
takksame for dei fyrstehands beretningane vi kan presentere i denne
boka. Sjølv om nokre av erindringane
er litt dramatiserte og såleis ikkje alltid er identiske i alle detaljar, så er
storparten av innhaldet teke direkte
frå kjelder og elles frå handskrivne
dagboknotat av involverte som vi har
fått utlånt av etterlatne.
Mange av dei historiske illustrasjonane er utlånt frå private album.
Vi vil rette ei stor takk til alle vi har
kontakta og for all velvilje vi har møtt,
slik at boka har fått eit variert og unikt
utval av bilde.
Enkelte geografiske namn er
svært lokale. På nokre personar vert
det nytta klengenamn som er brukt
på Hellesylt, og nokre ord og uttrykk
er på dialekt. Men vi håpar at lesarane likevel vil forstå meininga med
dei.
Vi vonar at boka “Unge sabotørar”
vil vere eit både spanande og viktig
Prøvesprenginga redda Hellesylt
Berre ein liten, men viktig ting
stod att; Vi måtte sjå om alt fungerte
som det skulle og bestemte oss for ei
lita prøvesprenging. Ei lita dynamittladning vart lagt rett på fjellet mellom
Stokkebuda og kommunehuset og
lunta vart tent på. Vi trekte berre eit
par meter frå, då vi rekna med berre
ein liten dump lyd, men her tok vi feil.
At vi hadde lagt ladinga direkte på
fjellet, gjorde at smellet vart mykje
kraftigare enn vi hadde rekna med,
og gudskjelov for det. Det redda nok
Hellesylt for å bli eit nytt Telavåg.
Smellen høyrdest over heile gata og
snart var vi kringsett både av tyske
soldatar og andre som var nysgjerrige på kva dette skulle bety. Vi vart
førte mellom vakter ned i det tyske
hovudkvarteret i Grandkjellaren til
forhøyr. Lensmann Gausdal vart tilkalla og fekk roe gemytta. Etter kvart
som vi måtte fortelje om sabotasjeplanen, vart andleta både på offiserane og lensmannen strammare og
meir og meir vantru. Dette var ikkje
vanlege rampestrekar, men dødsens
alvorlege om dei hadde blitt gjennomført. Her ville ikkje berre mesteparten av eit tysk kompani bli utsletta
saman med huset, men også sivile
liv ville gått tapt. Represaliane frå
tyskarane ville blitt grufulle. Hellesylt
ville blitt utsletta!
For lensmann Gausdal, som elles
hadde redda både oss og vaksne ut
av litt pinlege situasjonar, var dette
eit sjokk. Denne gongen hadde han
ingen sympati for ugjerninga vi tenkte
å gjennomføre. Heller ikkje frå bygdefolk fekk vi noko støtte. Dette var
rett og slett kriminelt som måtte straffast strengt, sjølv om vi var såkalla
mindreårige.
No skulle gutfantane skiljast
og sendast på tvangsleirar og forbetringsanstaltar. Sjølv var eg sett på
som leiaren og kunne forvente å få ei
strengare straff.
Boka som har undertittel “Frå hat
til forsoning” vil vere i sal under Hellesyltdagane. Det er Stranda Sogelag som vil stå for salet av boka frå
den nyopna verksemda til Ellen
Fivelstad, Hellesylt Boutique og Bar,
i gamlebokhandelen. Sogelaget vil
elles ha svært gode tilbod på tidlegare utgjevne bøker. Mellom anna vil
bygdebok for Sunnylven og Geiranger Bind I og II (samla) vere til sals
for halv pris. Vi ønskjer alle velkomne
til ein god handel.
Hellesyltdagar
Fotballgruppa, Sunnylven IL
Fotballgruppa er den største gruppa
i Sunnylven IL, med nærare 80
aktive spelarar, samt eit støtteapparat på 19 trenarar og oppmenn.
I serien denne sesongen har vi sju
lag i aldersbestemte klasser, 3 gutelag og 4 jentelag, samt ei damelag i
samarbeid med Stranda IL.
I tillegg til dei aktive har vi mange
frivillige som brukar mykje tid og
krefter i ulike verv i kioskgruppe,
banenemnd, sponsorgruppe og styret.
Tradisjonen tru vil Fotballgruppa
selje lokal grillmat frå teltet både
laurdag og søndag, mellom klokka
11.45 - 17.30. Dette er det største
arrangementet som fotballgruppa
har, og gjev viktige økonomiske inntekter for gruppa. Her stiller foreldre,
spelarar og frivillige opp og hjelp til.
Vi vil og gjenta suksessen frå i
fjor, og arranger bingo på laurdag frå
utescena. Gevinstane får vi sponsa
frå dyktige samarbeidspartnarar,
både frå Hellesylt og i området rundt.
Dette er ein bingo med 4 omgangar,
samt at vi sel 21-lodd.
Vi vonar mange kjem innom fotballgruppa sine aktivitetar, og støttar
oss ved å kjøpe god grillmat i grillbuda og prøvar lukka på bingoen.
Idrettsglade dagar på Hellesylt
Fotballgruppa sel
grillmat ved
samfunnshuset både
laurdag og søndag
Bingo frå utesena på
laurdag kl 16.00 med
kjempefine premiar
Hellesyltløpet laurdag 4. juli kl 15.00
Påmelding fram til kl 14.00 i sentrum på laurdag.
Vel møtt på Hellesyltdagane
Sunnylven Idrottslag
13
3.-5. juli
Opnar kaffibar
på Hellesylt
Under Hellesyltdagene opnar ekteparet Antonio Fernández og Ellen
Fivelstad ”Hellesylt Butique &
bar” i den gamle bokhandelen i
gamlegatå på Hellesylt. Dette etter
å ha totalrenovert lokala til den
gamle bokhandelen. Bokhandelen
har vorte kaffibar, bokkafè og ein
liten butikk som skal selje moderne
norsk design, samt kaffi og te i
lausvekt.
Ideen bak å renovere lokala til bokhandelen og opne kaffibar og gåvebutikk har sitt utspring i dei gamle forretningslokala og gründerhistoria til
den fyrste bokhandlaren på Hellesylt,
Anna Hellesylt.
Innreiinga er ikkje berre spesiell,
men ser òg veldig flott ut. Butikken og
innreiing er ein viktig del av historia
til strandstaden Hellesylt . Vi synes
både huset og den spesielle gründerhistorie bør bli meir synleg, men også
kome til sin rett gjennom å bli brukt
framfor gløymd fortel Fivelstad.
I 1933 blei Hellesylt Bokhandel
etablert av Anna Marie og Marta Hellesylt. Anna hadde tidlegare drifta ein
souvenirkiosk ved Grand Hotell sidan
1927. Ho måtte arrangere ein underskriftskampanje for å få lov til å starte
bokhandel av Bokhandlerlauget.
Anna Hellesylt leigde fyrst lokale i
kommunehuset, fram til ho fekk bygd
sitt eige hus som stod ferdig i 1948.
Arkitekten som teikna huset, Jens
Flor, kom frå Ålesund. Der teikna han
et ti-talls private hus, samt større prosjekter som til dømes Frimurarlosjen,
ei ny fløy til Latinskolen og Borgund
Bank.
No ynskjer eigarane av Hellesylt
Boutique & Bar at dette skal være
eit tilbod til lokalbefolkninga, norske og utanlandske turistar som er
glade i kaffi, turbøker og litteratur. Vi
kjem til å selje norsk samtidslitteratur på norsk og internasjonale språk,
små spennande varer som ein kan
ta med heim som ”reisepresangar”
eller suvenir. Det skal være mogleg
for norske og internasjonale turistar å
byte brukte bøker. Dessutan er Ellen
sjølv ein av mange utflyttarar, som
kjem heim til Hellesylt ved høgtider
og feriar, og saknar ein kafé å møtes
på. Vidare er planen til dei to å arrangere boklansering, høgtlesing og signering med ulike forfattarar.
Vi ynskjer at Hellesylt Boutique &
Bar skal ta vare på eit kulturhistorisk
viktig hus på Hellesylt, i ei gate der
allereie altfor mange kulturminner har
forsvunne. Dessutan ynskjer vi å formidle norsk kaffikultur, norsk litteratur og norsk design. Blant anna vil vi
selje vesker frå Schermann.Ringdal,
den eine av dei to bak dette merket,
Synnøve Ringdal, kjem frå Hellesylt.
Dei blei i 2014 nominert til HENNEs
nåløyepris i kategorien ”axxessoirer”
for god norsk design.
Samstundes kjem vi til å appellere til den moderne turist, ved å tilby
naudsyn men miljøvennleg lading av
telefonar, dataverkty og kamera, tilgang til internett, og toalettfasilitetar.
I tillegg til å vere kaffibar og bokhandlar vil ein kunne kjøpe moderne
norsk design med lokal forankring,
både Swims og Schermann.Ringdal. Swims sel blant anna kalosjer,
og eine designaren bak merket har
besteforeldre frå Hellesylt. Schermann.Ringdal designar vesker, den
eine av dei to bak dette merket, Synnøve Ringdal, kjem frå Hellesylt. Dei
blei i 2014 nominert til HENNEs nåløyepris i kategorien «axxessoirer»
for god norsk design.
Gatevandring blir i år ei gatesamling
I 1998 byrja Arne Ringdal frå kaia
med sine historiske vandringar
gjennom Hellesylt sentrum. I år blir
det samling mellom Bjørdalhuset
og Stokkebuda, her vert utgangspunktet vegar og kommunikasjon
i gamledagar, og med ulike sidesprang fører det fram til markeringa
etter 2. verdskrigen. Publikum må
gjerne ta med stol om dei treng det,
for om vandringa i tid vert lang vert
det den kortastevandringa i meter.
Med fleire gatevandringar gjennom Hellesylt har lærar Arne Ring-
dal fortalt og fargelagt nye sider i
historieboka om tettstaden i enden
av Sunnylvsfjorden. Han har fortalt
om både busetnad, handel og gjeremål i bygdebyen Hellesylt.
Arne er kjend for sin forteljarkunst, og har gjort vandringane
både lærerike og spanande. Det
han fortel har han fått fortalt frå
eldre, opplevd sjølv eller lese seg
til.
Gatevandringa er laurdag, og
startar klokka 15 mellom Bjørdalhuset og Stokkebuda.
14
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Rust Foto
Rust er ei fellesnemning for kjemiske
bindingar av jern (Fe) og oksygen(O).
Alt etter samansetning kan fargen
vere gulaktig, raudleg, brunleg og
over mot svart.
Rust Foto er namnet på enkelmannsføretaket til Eivind Louis Helset som blei bestemt etter ein god idé
frå ein kamerat. Fotografen er veldig
glad i rust som “materiale”, og han
knipsar bilete om han kjem over motiv
som viser rust. Eivind Louis kjøpte sitt
fyrste kamera allereie i 2004, før dei
digitale kamera kom på marknaden.
Seinare har det blitt innsteg i den
digitale verda, noko som har gjort det
rimeligare å fotografere. “No er det
berre å knipse i veg sidan bileta blir
lagra digitalt, og ikkje på filmrull lenger.” seier Helset. “Kameraet mitt er
ein god ven” seier han og utdjupar
det med at i forhold til ein hund som
du må ut å lufte kvar dag er det meir
sjølvbestemt kva tid kameraet blir
lufta.
Hellesyltkalenderen kom til som
ein idé i 2013 der fotografen viser
Hellesylt gjennom heile året, og har
blitt eit populært produkt. Kvar månad
viser bilete frå den aktuelle månaden
frå eit føregåande år. Kalanderen
kom også ut som Fjellkalender der
bileta er henta frå fjellheimen kring
Hellesylt. Rust Foto hadde si fyrste
fotoutstilling under Hellesyltdagane i
2014, i lokala til den gamle Verkstaden like ved Gamleskulen. Denne
utstillinga var også å finne i Peer
Gynt galleriet i mai/juni i år.
Under Hellesyltdagane i år, presenterer fotografen ei ny utstilling
i lokala til den gamle Verkstaden.
Torgeir og
kjendisene
Loppemaknad
Tekst: Kari Hauso Stadheim
Foto: Fredrik Stadheim
Det blir loppemarknad under Sommardagar på Hellesylt i år også.
Laurdag 4. juli er dagen for å
gjere eit “gokjøp” for alle som ser
gleda og verdien av eit godt loppemarknadfunn. Sidan starten i 1976
har vi berre hatt “pause” eitt år.
Det heile starta i 1976. Det vart
sagt at det skjedde for lite på Hellesylt om sommaren. Då tok sanitetskvinnene utfordringa og arrangerte
loppemarknad for første gong. Det
vart ein stor suksess. Det kom inn
så mykje lopper at mennene måtte
trå til og snekre stativ og salsbenkar. I Gatå krydde det av folk. Passasjerar frå eit cruiseskip var også
mellom kundane, og dei kjøpte
både klesplagg og antikvitetar.
Dette var starten på det som no er
Sommardagar på Hellesylt.
Vi har flytta oss frå Gatå til skulen. Også i år er vi på plass under
uversskuret ved Sunnylven skule,
midt i smørauget for alle som kjem
til Hellesylt desse sommardagane.
Det er fortalt at auksjonarius Erling
Rusten i 1976 svinga hammaren,
og med sine velvalde ord greidde
han å selje ullunderbukser til 300
kroner. Det er ikkje sikkert det kjem
inn godbitar som vi kan auksjonere
bort, men du kan slumpe til å finne
ein gjenstand som for deg er ein
skatt.
Sunnylven sanitetslag sitt overskot frå loppemarknad og andre
arrangement går i hovudsak tilbake
til bygda og til å støtte viktige merkesaker som gjeld kvinner si helse
og livsvilkår.
Helikopterflyging under
Hellesyltdagane
Under Hellesyltdagane kan du ta deg
tid til å oppleve Hellesylt og indre
Sunnmøre frå lufta. NORD Helikopter
er på plass for å gje deg luftige opplevingar under dagane. Helikopteret
har plass til 3-5 passasjerar og NORD
helikopter er på Hellesylt for å utføre
flygingar både laurdag og søndag.
Vel møtt til luftige svev!
Bileta som blir vist fram er alle tekne
i nærområdet rundt Hellesylt. Dette
er ei salsutstilling, og bileta som er
vist fram er tilgjengelige for kjøp eller
bestilling. Då er heimesida Rustfoto.
no forhåpentlegvis er oppe og går
seier Helset, og den vil vise eit utval
av andre bilete fotografen ønskjer å
presentere. Her kan ein også bestille
bilete.
Stranda
Bandet går for å vere eit av dei beste
live-banda i Noreg, og har over 300
konsertar bak seg. Dei spelar pop/
rock, med humør og høg allsangfaktor. Dei har gjeve ut over 10 album,
og har blant anna den siste tida samarbeida med Staysman og Lazz på
låta “20 kilo ekstra”.
Laurdag under Hellesyltdagane
lagar dei liv i teltet på Grand Hotel.
Hellesyltdagar
15
3.-5. juli
Ta kontak for et godt tilbud
Tlf 40451333
www.ingerstrans.no
ØCAL PIZZABAR
ved Hellesyltfossen.
Tlf. 70 26 32 55
Vikegata 17, Ørsta
Serverer åtte forskjellige gode rettar
- som kebab og grill.
V– nårILLAdu skalNORANGDAL
til fjells uten grunn
Autorisert maskinentreprenør kl. D1
Tlf.: 70 26 40 43. Mob.: 915 31 471
www.norangdal.com
www.facebook.com/norangdal
Tlf. 70 26 10 84
Telefon 41 42 36 69
Stranda Bilservice
Jonny Hammer
Tlf: 70 26 16 60
FRØYSA BYGGSERVICE
Byggmester Kjell Oddvar Frøysa
Nybygg, tilbygg, oppussing, innredning,
rehabilitering, våtrom.
Telefon: 909 47 725 – E-post: [email protected]
6218 HELLESYLT
Trygg Trykk
6218 HELLESYLT
Telefon: 70 26 50 23. Mobil: 951 25 556
16
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Ein smakfull bit av Hellesylt
Det var ein gong ein slaktar som heitte Ole Ringdal. Han henta dyr direkte hos bøndene
i lokalområdet, og i slakteriet på Hellesylt utnytta han råvarene godt og laga kjøtvarer
som han selde i heile distriktet.
produserte kjøtvarer, rett frå Ringdallandskapet, har vi oppdatert den
grafiske profilen. Det er utvikla heilt
nye pakningsdesign i moderne drakt.
I all vår kommunikasjon byggjer vi opp
under dei positive verdiane som ligg
i Ringdalnamnet og
historia bak.
Vi er overtydde om at
designsatsinga vil bidra
til større kjennskap og
endå betre omdøme.
Ny, spennande og
framtidsretta profilering
Vi er kry av mattradisjonane og dei gode
produkta våre. Med utgangspunkt i lokal-
Ringdal, den lokale
hjørnesteinbedrifta
på Hellesylt, er ei
topp moderne
og effektiv
produksjonsbedrift med
gode, kortreiste
matvarer av beste kvalitet. Ringdal, ein
verdfull del av verdsarven, ein smakfull
bit av Hellesylt! Vel bekome!
Med vennleg helsing
TIBE Ålesund 10345
Ole Ringdal
3. generasjons leverandør av kortreiste,
gode kjøtvarer.
Ole Ringdal AS 6218 Hellesylt, [email protected], T el. 70 26 91 00
Coop Marked Hellesylt
6218 Hellesylt
Telefon 97 99 52 65
Godt vi har hverandre
Varme og
sanitær
Elektro
Automasjon
Ventilasjon og
klimaanlegg
IKT og AV
Kjøling
Sikkerhet
Industri og
Industrirør
prosessanlegg
Vi kan sikre verdien
av de tekniske
installasjonene i
dine næringsbygg
og industrianlegg
gjennom hele
livssyklusen, fra
prosjekt til service.
Vi har kompetente
fagfolk i alle de
tekniske fagene.
-50%
Småis frå Diplom Is
SE:
N
A
R
R
U
K
N
KO
i stor
av e
Tipp verdien v varer!
ll a
u
f
n
g
o
v
e
l
d
n
ha
Foto er kun illustrasjon
Ivareta verdien av ditt
bygg og industrianlegg
gjennom hele livssyklusen
Vinnaren får innhaldet i handlevogna
Opningtider:
Fredag: 09.00 – 20.00
Laurdag: 09.00 – 18.00
Søndag: 12.00 – 18.00
Tilbudene gjelder kun private husholdninger og varer fra fredag 3. juli
t.o.m søndag 5. juli 2015. Forbehold om utsolgt og trykkfeil.
Ring 08500 for en
uforpliktende prat!
Caverion_121x180mm_Skulstad_080615.indd 1
Caverion Norge AS
Avd. Sunnmøre
Lerstadveien 545
www.caverion.no
6/8/2015 12:59:34 PM
For mer info
www.coop.no
Hellesyltdagar
17
3.-5. juli
Gamleskulen
på Hellesylt
Tekst: Kari Hauso Stadheim
Bilete: Fredrik Stadheim
Gamleskulen er eit av dei eldste
husa i Hellesylt sentrum og ein bygning mange har minne knytt til. Skulehuset som ligg i sentrum av Hellesylt vart bygd i 1898 og var i bruk
som skule for Hellesylt krets fram til
1956. Skulane var kulturhusa i bygdene. Her var det foreiningsmøte og
her var juletrefestar og 17. mai-feiring. Det er viktig at huset no blir tatt
vare på som ein del av det gamle
trehusmiljøet i sentrum.
Sidan foreininga “Gamleskulen
aktivitetsmuseum” overtok gamle
Hellesylt skule i 2013, har skulehu-
”Summit to Sea”
Villa Norangdal lanserar applikasjonen «Summit to Sea» i Friluftslivets
år, 2015.
Applikasjonen vert knytt opp mot
nettstaden summittosea.no der ein
allereie no utfordrar turfolk til å opprette brukar og registrere turane sine.
På det viset kan brukarane vere med
å utvikle, og å gje tilbakemeldingar på
funksjonane fram til sjølve applikasjonen kjem i AppStore.
Noregs vakraste
katedral
Gudstenesta på Høgereiten søndag kl 11.00 under Hellesyltdagane har vorte ein god tradisjon
og samlar mange. Høgereiten ligg
akkurat så langt frå alle vegar at
ein kjenner roa og stilla i naturen.
Samstundes ligg den så nært at
den er tilgjengeleg for alle.
På den nyslåtte marka ventar
benkar av plankar, eller du kan
ta med eigen stol. Alteret er ei
gamal steinhelle, korset er laga på
speidarvis av bjørkestrongar knytt
saman med hyssing og kyrkjeklokka er eit spett som heng i eit tre.
Det er noko eige med dette å få
synge saman ute i det fri - Fagert
er landet du oss gav! Til tonefølge
har vi ei blåsegruppe med dyktige
messingblåsarar i hovudsak henta
frå Sunnylven skulekorps. Sokneprest Stein Karstensen er liturg.
set fått eit tett og vakkert, nytt skifertak. Samtidig har det blitt utført ein
del nødvendig ytre vedlikehaldsarbeid. Skulen er måla utvendig, og
den gamle, flotte vedomnen i skulestova er restaurert og teken i bruk.
Når økonomien tillet det, står arbeidet med å få lagt inn straum, vatn
og toalett for tur.
Støtte både frå bygdefolk, utflytte
sunnylvingar og andre i form av
medlemskap, pengegåver og dugnadsinnsats er svært viktig for å
kome vidare i arbeidet, og til glede
og inspirasjon for oss som sit i styret. Gamleskulen aktivitetsmuseum
hadde siste året 128 betalande
medlemer, men vi ønskjer oss enno
fleire. Kontakt oss under
Hellesyltdagane, og ved
å betale 100 kroner kan
du også bli medlem.
Skulestova blir opa
laurdag
og
søndag
under Hellesyltdagane.
Då blir det høve til å sjå
seg rundt i bygget og oppleve “ei
skulestove i gamle dagar”, der ein
kan sitje på gamle pultar, sjå skrivesaker, blekkhus og penn, kate-
Henry - førstehjelp for barnehagebarn
Henry er ein uheldig fyr. Han får
både skrubb- og brannsår, stikk,
kul i hovudet og kutt i fingeren. Heldigvis er det mange handlekraftige
barnehagebarn som har plastra sår,
lagt bandasje og trøsta Henry under
mange uhell.
“Henry- førstehjelp for barnehagebarn” er eit læringsopplegg frå
Røde Kors om førstehjelp tilpassa
bruk i barnehagar og for barn i alderen 3-6år.
I 2015 fyller Norges Røde Kors
150 år og dette markerast med ein
stor jubileumsturné. I samband med
jubileumsturneen har Røde Kors
sine lokalforeiningar fått muligheit
til å bli kjent med Henry, og i 2016
vil Norges Røde Kors starte den
nasjonale utrullinga av “Henry- Førstehjelp for barnehagebarn” til barnehagar i heile landet.
Stranda Røde Kors skal stille på
stand under Hellesyltdagane for å
vise fram frivillig lokal aktivitet i både
hjelpekorpset og RØFF. Samtidig
vil Stranda Røde Kors bruke muligheita til å presenterer og demonstrere Henry. Vi vil gjerne invitere
barn til å få helse på Henry, samt
få ei lita opplæring i førstehjelp.
Tidspunkt for demonstrasjon under
Sommardagane vil bli annonsert
seinare.
T6 Auto Command
Intensivt
landbruk
i all enkelhet
Fjellflygarane
3. - 5. juli vert det arrangert World
Base Race i fjellflyging frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Vi reknar med
å få besøk av desse tøffe flygarane
på utesena i løpet av helga. Dei vil då
presentere sporten sin og arrangementet i Helsetkopen.
ter, tavle, plansjar av dyr og fuglar,
gamle kart og anna skulemateriell
som er teke vare på. I tillegg kan ein
kjøpe kaffi og kaker/vaflar og prøve
vinnarlukka på tombola.
A-K maskiner Ørsta Tlf. 70 04 99 80
FØRSTEKLASSES KOMFORT
MED AUTO COMMAND TRINN­
LØS TRANSMISJON ØKER UT
UT­
BYTTET FRA GÅRDSDRIFTEN.
Ta kontrollen. T6 Auto Command har effektive
firesylindrede EcoBlue™ SCR-motorer, som gir
lavere forbruk, høyere effekt og bedre utbytte
i alle landbruksoppgaver. SideWinder™ II
armlene og CommandGrip gjør giring og
utveksling til en lek. Med raske fingerbevegelser velger du hastighetsområde og finjusterer
optimal hastighet. Deretter kan du lene deg
tilbake i det komfortable setet og slappe av
i cruise-modus mens traktoren gjør jobben.
Takket være Auto Command™ kontinuerlig variabel transmisjon som beveger seg
sømløst fra 200 m/t til 50km/t. Med integrert
elektronisk joystick i armlenet betjener du
lasteren. Kompakte dimensjoner gir suveren
manøvreringsdyktighet på trange flater, og
med IntelliSteer™ autoguidance kjører du rett
som en strek. T6 Auto Command, den enkle
måten å ta kontroll.
www.a-k.no
18
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Hellesylt Camping
– ved fjorden i Hellesylt sentrum –
Ledige båtplassar
Ledige plassar campingvogner
Tlf. 902 06 885
KIROPRAKTORSENTERET I VOLDA
ØRSTAVN. 10, 6100 VOLDA - TLF.: 70 07 89 10 - FAX: 70 07 86 61
Gjør som bakeren
i Lom og bruk
Velkomen til
Stadheimfossen
Camping & Hytter
Kontaktinfo:
Norgesfôr
Ottadalen Mølle,
2686 LOM
Kontakt: [email protected]
eller telefon 40 60 20 17
Skjåkmjøl og Skjåkgryn
– ein spesialitet frå Ofossen Mølle
www.nordang.no I [email protected] I 70 26 85 85
www.langlo.no
ENGESET MEKANISKE VERKSTED AS
Hellesyltdagar
På Hellesyltdagane
kan vi friste med
varme og kalde rettar
Laurdag inviterar vi til rekebuffé frå
kl. 18.00 til 22.00. Kr 195 per pers.
Nytt høvet til å besøke vårt galleri med trerelieff frå Peer Gynt
av kunstnaren Oddvin Parr. No med multimedieomvising
innspelt av Dennis Storhøi. Ei oppleving av dei sjeldne.
19
3.-5. juli
-
EU-kontroll på biler inntil 7500 kg
Service med BilXtra mobilitetsgaranti
Service/reparasjoner på klimaanlegg
Reparasjon av bremser, clutch, motor osv.
Salg av landbrukshjul
90 86 65 00 for spørsmål eller
Ring
timebestilling.
Åpningstider denne helga er:
10.00 til 02.00.
Følg oss på facebook for oppdateringar eller ta kontakt på tlf.
95013170.I sommar har vi ope alle dagar frå kl. 10.00 til 18.00.
Ødegårdsvegen 127, 6200 Stranda - Tlf. 90 86 65 00
Kontakt:
Johan Steffen Fivelstad
@: [email protected]
T: 70 26 08 35
www.stravent.no
www.vestlandshus.no
Tlf: 70 26 85 50
www.ht-bygg.no
[email protected]
•
VestlandsHus-forhandlar i Ørsta, Volda,
• VestlandsHus-forhandlar
l
Utførande entreprenør
distriktet
l Utførande
entreprenøri heile
i heile
distriktet
Stranda, Sykkylven, Norddal og Stordal
vår huskatalog for inspirasjon
Bestill vår huskatalog for inspirasjon
• Bestill
l
20
Hellesyltdagar
3.-5. juli
Gjengen samla ved
and nr 682, 1414 og
379 i bakgrunnen.
Bergstöms Tivoli
kjem til Hellesylt.
em til
Gaute Gneis kj
lt.
sy
le
el
H
Stille ventar h
a
ven, men la ik n på deg; Lisje Skrukje fyrsteinntr
ykke
deg, han er lik
e rå som store t lure
broren!
eå bad s
p
t
e
plas
etårn
Stup t kom på 4.
huse . juni 201
29
Program for
3.-5. juli 2015
Fredag 3. juli
16:00
20:00
22:00 - 02:00
Bergstöms Tivoli opnar.
Konsert i Synnylven Kyrkje med Lars Bremnes.
Tico spelar i Grandpuben
Laurdag 4. juli
09:00 - 11:00 Gratis frukost på Peer Gynt Galleriet
10:00 - 16:00 Sunnylven Skulekorps held tombola ved
Sparebanken Møre.
10:00 - 18:00 Handelshuset i Sunnylven Samfunnshus held ope.
11:00
Bergströms Tivoli opnar.
11:00
Loddsalet til «Det store andesleppet» startar.
11:00 - 17:00 Sunnylven Bygdekvinnelag sel rjømegraut,
kaffi og lefser på samfunnshuset.
11:45 - 17:30 Fotballgruppa i Sunnylven Idrottslag sel
grillmat ved samfunnshuset.
12:00
Sommardagar på Hellesylt 2015 vert offisielt
åpna av Rita Berstad Maraak.
12:00
Stranda Bil inviterer til; Bil med Smil ved skulen
12:00 - 13:30 Variert program frå utescena, sjå eige program.
12:00 - 15:00 Sunnylven Sanitetslag sel kaffi og sveler
på Kyrkjelydshuset.
12:00 - 16:00 Eliasbåten i Småbåthavna.
13:00
Nord Helikopter flyg opplevingsturar.
14:00 - 17:00 Gamleskulen open for innsteg med sal av kaffi,
vafler og fotografi.
15:00
Gatevandring/samling mellom Bjørdalhuset og
Stokkebuda
15:00
Hellesyltløpet går av stabelen ved Hellesylt Stadion.
16:30 - 17:30 Bingo ved Fotballgruppa i Sunnylven Idrottslag
ved utescena.
17:30
Cruiseskipet Mein Schiff 1 vitjar Hellesylt for å ta
ombord passasjerar frå overlandstur frå Geiranger.
18:00
Ungdomsturnering i sandvolleyball ved skulen.
18:00 - 22:00 Rekebuffét på Peer Gynt galleriet.
22:00 - 02:00 Torgeir & Kjendisane underheld i teltet ved
Grand Hotel. Tico spelar inne i Grand puben.
Søndag 5. juli
09:00
11:00
11:30 - 16:30
11:45 - 17:30
12:00
12:00 - 15:00
12:00 - 16:00
12:00 - 17:00
12:00 - 17:00
12:00 - 17:00
13:00 - 14:00
13:00
13:00
15:30 - 16:30
17:15
20:00
Cruiseskipet Costa Pacifica legg til kai på
Hellesylt for å sleppe av passasjerar på
overlandstur til Geiranger.
Gudsteneste på Høgreiten ved prest
Stein Karsteinsen
Loddsal til «Det store andesleppet».
Fotballgruppa i Sunnylven Idrottslag sel
grillmat ved samfunnshuset
Nord Helikopter flyg opplevingsturar.
Gamleskulen open for innsteg.
Eliasbåten i Småbåthavna.
Handelshuset i Sunnylven Samfunnshus held ope.
Sunnylven Skulekorps held tombola ved
Sparebanken Møre.
Sunnylven Skyttarlag sel hjortegryte på
samfunnshuset.
Variert program frå utescena.
Bergströms Tivoli opnar.
Stranda Bil inviterer til; Bil med Smil ved skulen
Variert program frå utescena.
Andesleppet 2015 går av stabelen og blir slept
fri frå Høgebrua.
Egil Olsen held konsert på Ljøen