Der nokon ville bu

Lundanes
Der nokon ville bu
Innhald
1 - Frå istid til grøne lier.
Om istid og steinalder.
Side 4.
2 – Jegerfolket blir bønder.
Dei første bøndene på Lundanes. Livet på 1600-talet og fram til
1800-talet.
Side 5.
3 – Gjørva-folket tek over.
Oldefar Peder kjem til Lundanes 1861. Litt om hus, reinhald, matstell,
gudstru og naturkrefter.
Side 7.
4 – Vindkast og pågangsmot.
Vinden tek løa. Men bestefar bygger og bygger.
Side 11.
5 - Som dagane går.
Arbeidet på ein strandgard kring 1900. På tun, sæter og slåtteteig. Brunosten blir
snacks. Løypestrengen ei smart oppfinning, men fråflytting likevel.
Side 13.
6 – Tante Inga Karoline.
Frå mjølkekrakk til skulepult.
Side 22.
7 – Ordforklaring.
Om eldre ord og vendingar.
Side 23.
Dette oljemålerier av Thor Brekke syner Lundanes-tunet i
1920 åra, etter at bestefar hadde flytt.
FORORD
Dette heftet er skrive med særleg tanke på yngre folk i dag med røter til Lundanes.
Stoffet er til ein viss grad sjølvopplevt. Elles er det for det meste munnlege overleveringar
frå slekt og kjenningar. Eg har kjent eller høyrt om dei fleste som levde på strandgardane
langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden frå tida til besteforeldra mine og fram til
etterkomarane deira måtte flytte frå gardane. Det eg har fått vite gjennom desse har eg
prøvt å flette inn i ein lokal samanheng. Vidare har eg prøvt å gje nokre glimt som syner
samanhengen mellom lokale hendingar og påverknaden utanfrå.
Særleg når det gjeld eldre slekter, har eg hatt stor nytte av dei to bygdebøkene for Sunnylven
og Geiranger. Vidare må eg ta med bøkene til Sakarias Ansok, ” Far etter folk ”,
” Eld som slokna ” og ” Menneske vi møtte ”. Lokale, skriftlege kjelder er også minneboka til
Martinus Syltevik og ” Øydebruk i Sunnylven og Geiranger ” av Jørgen Gjerding.
Av andre historiske kjelder må nemnast ” Det norske folks liv og historie ” og
” Norgeshistorie ” frå Aschehoug , ” Sæterbruket i Noreg ” av Lars Reinton og
” Norsk historie ” av Berge Furre.
Bildet frå framsida er henta frå boka ” Fjordfolket ” av Arild Flydal. Fotograf er Finn Loftesnes. Stor
takk til desse to. Særleg interesserte kan notere seg at på det tilsvarande bildet i boka til Flydal er råsa
til sætra i Robbedal teikna inn. Andre bilde i dette heftet, der ikkje anna er nemnt, er tekne av forfattaren eller andre i familien hans.
Særskild takk til Stian Lundanes som har redigert tekst og bilde.
Det finst berre eit avgrensa opplag av heftet. Dei som får heftet, kan gjere slekt og venner merksame på
at ”Lundanes, der nokon ville bu” kan hentast på:
www.lundanes.com/lundaneshefte.pdf
Oddvin Lundanes
3
1-FRÅ IS TIL GRØNE LIER
Garden Lundanes ligg i Sunnylvsfjorden der Geirangerfjorden tar til. I dag står berre tuftene att. Dei siste fastbuande flytte frå staden i 1922. Til den tid hadde garden
vore driven med nokre avbrot i hundrevis av år, kanskje
var det gardsdrift her heilt frå den tida då veidefolket fekk
seg husdyr, og jakt og fiske vart meir attåtnæring.
På Halsen er det lettare å kome til med utgravingar,
men området er dyrka i nyare tid, og far etter fjerne
tider kan vere øydelagde eller rydda bort. Som fantasifull amatør i faget har eg sett for meg at dei rundvorne
steinane i muren kring Halsen ein gong i tida var vegger i primitive bustader.
Det som finst av sikre opplysningar finst først i kyrkjebøker, jordbøker og rettsprotokollar. Derfor blir det meste
av det vi veit om namngjevne personar og hendingar
avgrensa til tida etter år 1600.
Dei første menneska kom kanskje padlande inn fjorden
i små båtar laga av skinn. Dei kunne også kome ned
frå nomadelivet på fjellet. I så fall kan det finnast
gamle bustader høgre opp enn på Halsen. Eg har leita
etter helleristingar fleire stader, men utan hell.
Isen kverv som dogg for sol
Flintfunn fortel at det har budd folk på denne staden for
meir enn 11 000 år sidan. 20 000 år tilbake i tida var meir
enn heile Norden dekt av is. For om lag 15 000 år sidan
kom det ei klimaendring med sterk smelting.1 000 år
seinare var kysten vår isfri lengst sør.1 000 år etter denne
tid var det også isfritt langs Mørekysten. Vi veit at på det
meste var isen i Europa 2- 3000 meter tjukk. Sola var nok
i det heite hjørnet på denne tida det tok til å smelte.
Det som kom til syne etter smeltinga var ein fjord som
hadde vorte til gjennom millionar av år. Steinkorna
mellom grunnfjellet og det tunge islaget verka som eit
sandpapir når isen smelta og kom i siget mot det som
skulle bli kysten. Vitskapen reknar med at det har skjedd
40 slike skureprosessar i veksling mellom oppising og
nedsmelting.
Dei første som kom til fjorden og skulle finne seg ein
buplass, hadde ikkje mange val. Ser vi på dei bratte
fjellsidene, og tek med at fjorden låg 66 meter høgre enn i
dag, var det ikkje mange andre stader å klore seg fast enn
på Nesehalsen. Dei fleste flintfunna er gjorde her i ei røys
med mindre steinar på skråninga mot Geirangerfjorden.
Då området vart dyrka for over hundre år sidan, hamna
dei minste steinane i røysa og dei største i steingarden
som går kring heile neset, og er grensa for det området
som Inga Lundanes kjøpte i 1960-åra. Eit steinkast ovanfor Halsen er det ein stor heller der mykje av overhenget
har rasa ut og dekker området nedanfor. I same høgda
lenger innover mot Matvik er det to liknande heller. Det
kan også sjå ut som det har vore ein stor heller på nordsida av Halsen der det store raset i si tid tok ut
Det trengst eit nokså omfattande utgravingsarbeid for å
finne restar etter steinaldersfolket der området er dekt av
store steinblokker som har rasa frå uthenga på hellerane.
4
2 – JEGERFOLKET BLIR BØNDER
Rasmus var først
Den første brukaren på Lundanes, som vi kjenner ved
namn, heitte Rasmus. Årstalet var 1603. Segna seier at
husa stod på Halsen på den tida. 20 år seinare låg garden
øyde. Det er ikkje kome fram noko forklaring på korfor
garden låg øyde på denne tida. I 1645 er det ein som heiter Anders som driv garden. På same tid er plassen Lundanessæter nemnd. Der bur Oluf med ”quinde og pike”.
Denne buplassen er det same som Robben, som seinare
vart nytta som vår- og haustsæter for Lundanes og Matvik.Tuftene synest framleis. Det var brønn her, han er no
attgrodd. Derimot er det ein vel forseggjord brønn lenger
oppe, Hjellebrønnen, som framleis er ei god vasskjelde.
Går vi ut frå segna, har husa på Lundanes blitt flytte ned
mot fjorden på eit tidspunkt då gjødsla ikkje blei nytta.
Dette fekk dei sveitte for i seinare generasjonar. Naturgjødsla blei etter kvart ein viktig ressurs, og det er lite
smart å frakte den oppoverbakke. I Gudbrandsdal kan vi
framleis sjå at dei i si tid gjorde det motsette, flytte husa
øvst på bøen.
Naturen tek, naturen gjev
Det er grunn til å tru at heimebøen i den første tida var
større enn no. Det gjekk eit steinras, truleg heilt på slutten
av 1700-talet . I ein takstprotokoll frå 1816 er det nemnt
at svora tok ut buråsa og naustet ved sjøen. Buråsa må
vere den same som den halvt attgrodde råsa på nordsida
av steingarden. Den store og ustabile ura som ligg her
i dag dekker over det som var ein del av heimebøen.
Naustet som er nemnt, må truleg hatt plass i den vesle
vika utanfor der naustet står i dag. Det sistnemnde er
reist av bestefar, Ole Karl, kring 1900, og er delvis skote
inn i fjellet. Det nemnde raset er nok forklaringa på at då
oldefar Peder kom til garden, var naustplassen lenger sør,
der naturen hadde lagt ting vel til rette. Det var berre å la
opp ein steinmur, på andre sida skar fjellet seg ned som
ein vegg. Så la dei tak over og naustet var klart til bruk,
for naturen hadde laga ei høveleg skråning ned mot sjøen
slik at det var lett å drage opp færingen. Muren står der
framleis og fortel korleis dei lærde seg å samarbeide med
naturen.
Kåra til læar på sesjon
Vi gjer eit sprang fram til 1805. Då tok Knut Olsson
Storstein over garden. Eldste son til Knut heitte Ole. Han
gifte seg med Marit Larsdotter Vinje, Geiranger og tok
over garden 25 år gammal i 1815. Han vart ein kjend
mann i fjorden. Han var klok, rappmunna og fritalande.
På sesjonen vart han ”kåra” til lærar, og vart spard for
militærtenesta. Å vere lærar på denne tida førde kanskje med seg litt status, men ikkje rikdom. ” Den som
har drukke i seg skuleluft i 20 år, kan rekne seg mellom
martyrane ”, hermde dei etter Ole. Den vesle karen, 161
cm på sokkelesten, mangla ikkje mot. Han hadde tru på
at kunnskapen kunne bankast inn, men folk syntest det
gjekk for vidt når bankinga skjedde på blanke messingen.
Elles heldt Ole seg godt orientert i tida. I 1832 søkte han
Selskapet for Norges Vel om å få tilsendt tobakksfrø og
rettleiing om dyrkingsmåten. Han fekk både frø og rettleing, men to år seinare måtte han melde frå at freistnaden
var mislykka.
Son til Ole, Carl O. Lundenes, vart lærar og klokkar i
Geiranger. Han var ein mild og omgjengeleg kar, var
aktiv i kristeleg arbeid , særleg innan misjonsarbeid.
Dessutan fekk han folk til å undre seg då han sette meiar
på robåten og ville sigle på sjøisen. Det gjekk visst fort
nok, men problemet var å styre farkosten.
Ein vinterdag i 1850 kom presten Rasmus Dometius frå
Geiranger og skulle attende til prestegarden i Norddal.
Det var mykje snø i fjella, og presten ottast for skred. Han
bad rorskarane legge til lands på Lundanes. Skulehaldar
Ole dreiv med famnved.
Samtalen mellom Ole og presten er eit døme på det presten og vitskapsmannen Hans Strøm skriv om i ei skildring av Sunnmøre på midten av 1700-talet. Han hevda
m.a. at inne i fjordane fanst restar av heidensk tenkemåte.
Folk meinte at lagnaden hadde fastsett alt på førehand.
” Når et Menneske omkommer paa Søen, da de gemenlig tilskriver det en Lagna eller Beskikkelse; og den som
saaledes er beskikked at døe, siges at være feig”, skriv
Hans Strøm.
Presten spør og spør om ver og fonnfåre.
-Hvad med Halvrofonnen? spør Dometius.
-Ho he no ti te å gå både før og sia, svarar Ole, som har
vorte meir og meir irritert, og seier: - Presten kan umogleg ha tillit til Gud når han er så redd for fonnene.
Om samtalen sa Dometius seinare at han heller ville bli
kalla feig enn å vere dumdristig. Det må vere rett å nytte
den menneskelege forstand og halde seg unna openberre
farar, meinte han.
5
Tok båten på ryggen
I 1815 fekk Ole skøyte på garden , og same året gav
han ”festesetel” på ein plass på Lundanes til Torstein
Gunnarsson Åkernes. Torstein var fødd på Ytste-Åkernes
i 1773 og gifte seg med den tre år eldre Marta Furnes. Det
er grunn til å undre seg over korleis Torstein ( Tøsten )
kunne finne levebrød på ein plass på Lundanes. Det finst
ikkje noko hustuft etter han, men namnet hans er ikkje
gløymt. Det heiter framleis Torsteinhelleren ( ”Tøstenhellen” ).
– Der hadde han Nese-Tøsten høyet sitt! brukte tante
Inga å seie, og peika oppover mot ein heller på innsida
av neset. Gras kunne han alltids finne i utmarka langs
fjorden, men krøttera kunne ikkje overvintre under ein
heller. Truleg fekk han fjøsplass hos Ole, og kanskje
husrom. Eller kanskje var det på den tida Nystova vart
bygd på murane der hytta no står. På andre sida av Geirangerfjorden , ein stad mellom Nokken og Rindane, heiter
det Tøstenropet. Det er fortalt at Torstein fall på sjøen og
drukna der i 1842. Før han gjekk under ropa han om hjelp
så høgt at det høyrdest over fjorden. Staden fekk namnet
” Tøstenropet”.” Bestefar min brukte å sette garn ved
Tøstengjølet”, fortel Oskar Korsbrekke.
Det gjekk gjetord om styrken til Torstein. Ein gong hadde
han ærend i Sunnylvsbygda. Han drog båten i land ved
Jogardsstøa. Då han kom tilbake, hadde sjøen falle og
båten låg langt frå sjømålet . Han tok båten på ryggen og
bar han utover til kjølen fekk nok sjø.
Avtalen mellom Ole og Torstein kunne vel ha sin grunn
i at Ole var ein del borte for å halde skule, og trong litt
hjelp. Elles måtte dei vere både gode grannar og vel
forlikte, forstår vi. Då Ole vart enkemann, hadde Torstein
ei gifteferdig dotter til han, Brit. Med dette giftarmålet
følgde også garden, ser det ut til. Torstein var den siste
brukaren før oldefar, Peder.
Illustrasjon frå ”arbeidet i bygdene” av Johannes Gjerdåker
6
3 – GJØRVA-FOLKET TEK OVER
Lita stove, stort hjerterom
Peder kom frå Gjørva, Pe-garden i Geiranger. Han
var den fjerde i rekka av 12 barn. Farsslekta kom
frå Flydal med grein til Skylstad, Øye i Ørsta kommune. Slekta hans kan vi følgje attende til Ole Jonsson Skylstad, som levde frå 1570 til 1635. Peder kom
til Lundanes i 1861. Han var då 29 år gammal og gift
med Gyri Par,Gjerdebakken i Sunnylven. Dei hadde
med seg første barnet, Lovise Marta. Ho vart gardkone
på Seljeflot i Oaldsbyg, gift med Knut Seljeflot. Peder
bygsla garden frå 1861. I 1885 vart han sjølveigar, og
heitte frå no av Nese-Pe i daglegtalen. Eg har ikkje
høyrt snakk om kvar Peder og Gyri budde og arbeidde
før denne tid. På Lundanes kunne dei fore 5 storfe
og 50 småfe på denne tida. Dei hausta tre tynner rug,
tre tynner bygg og 18 tynner poteter. Etter det som er
opplyst om kor mykje dei sådde, var avlingane gode
og over landsgjennomsnittet. Avlingane på Vestlandet
låg i lange tider godt over avlingane på flatbygdene
austpå før det fanst moderne driftsutstyr som gjorde det
mogleg med vekselbruk mellom åker og eng, og meir
gjødsling.
Om lag slik såg stovehuset til oldefar ut.
Det er ikkje mange detaljer vi veit om Nese-Pe og tida
hans på Lundanes, men han ruslar framleis her på sin
måte. Når vi snakkar om brønnen hans besten, bestenstova, bestennaustet og bestenreiten, så er det oldefar
Peder det gjeld. Det var som det skulle vere at skoskrinet hans fekk ein fast plass i den nye hytta. Bestennemninga har vi sjølvsagt etter far, tanter og onklar.
Bestenstova, som for lengst er borte, var eit lite tømmerhus på knapt 6 gonger 5 meter med torvtak og eit par
vindauge. Truleg hadde huset både skorstein og ljore. Det
var på denne tida dei gjekk over frå grue til omn, som dei
kunne koke på, og som gav varme. Somme hadde omnen
i eller inn til grua. Dersom nystova var bygd på denne
tida,var kister med klede og utstyr å finne der. Det vil seie
dei kleda som vart brukt til helgestas og kvardagsklede
som ikkje var tekne i bruk. Det var vanleg at jentene
hadde budd seg med fleire plagg, som skulle vere ein del
av heimafylgjet. Somme hadde stakkar nok for resten av
livet. På denne tida var det meste strikka ull og heimevevd vadmål. Også i sommarvarmen gjekk dei i ullskjorter. Skjorte av lin var helst til helgeklede og stasbruk.
Undertyet vart sjeldan vaska så lenge dei berre hadde lut
å hjelpe seg med, før såpa kom i bruk.
Kleskikkane endra seg nokolunde i takt med overgangen
frå naturhushald til meir sal av eigne produkt og kjøp av
bruksting.
Inngangsdøra var delt i to, hugsar eg onkel Ola fortalde.Det var vel for å halde ungane innadørs når dei lufta,
meinte han. Som vanleg den tida var nok huset delt i to,
med eitt eller to mindre rom innafor inngangsdøra, som
vende mot aust. ” Bestenstova ”, som ikkje kunne vere
meir enn 15 -20 kvadratmeter, måtte ha plass til alle
huslege gjeremål. Langbord og langbenk var fast innbu.
Sjølvefolket hadde seng, ungane låg saman i ein eller
fleire slagbenkar eller kisteliknande senger. Tenestefolk
og vaksne barn sov oftast på fjøshjellen. Rokk og vevstol
var i bruk , særleg vinterstid. Det er også døme på at ein
dreiebenk var fast inventar i slike stover. Elles gjorde
karane ymse innearbeid, bøtte sko eller fiskegarn, smidde
(spikka) rivetindar eller sette nye band på trekjørel. Trebanda laga dei av hasselteinar som dei delte etter mergen.
Det var ei attåtnæring for somme langs fjorden å hogge
emne til tunneband. Andre fletta korger og liknande av
tæger eller bast frå lindetre.
Der det er hjerterom er det husrom. Etter kvart kom det til
verda 8 barn i den vesle stova. Dei som voks opp finn vi
att i Geiranger, Oaldsbygd, Sula, og som neste brukar på
Lundanes.
7
Husvask til jul og påske
Det var ikkje enkelt å halde slike hus reine. Det hadde
vore vanleg å vaske husa berre til jul og påske, men då
gjorde dei det grundig. I mellomtida sopa dei golvet
dagleg med ein soplime av bjørkegreiner. Til slutt såg
golvet ut som ei glinsande svart flate. Dei lufta grundig.
Ljoren og døra stod opne ein times tid om dagen.
Det var kring midten av 1800-talet at dei tok til å vaske
golvet kvar laurdag. Eilert Sundt var på desse kantar på
denne tida, og hadde registret at dei fleste vaska golvet
kvar veke.
Ei hornskei for livet
Etter det som blir fortalt var folk meir reinslege med
matstellet enn med å halde huset, kleda og kroppen rein.
Fram til denne tid var all mat henta frå eigen produksjon
på garden. Derfor var det mykje mjølkemat, flatbrød og
graut av heimeavla bygg. Saltmat og spekemat av kjøt
og fisk kom i tillegg i den mengd dei hadde tilgang og
råd. På denne tida vart poteta meir og meir ein del av det
daglege kosthaldet, og dette endra på matskikken. Då
hende det at kveldsmaten kort og godt var kokte poteter
og skjør eller dravle.
Det som skil seg mest ut frå seinare tiders matskikkar
var bruken av dravle, myseblande, prim, kjøsel og syrna
mjølk. Syresåen fanst på alle gardar. Det er ein trebalje,
stamp med to løftehandtak. Særleg på sætra samla dei
surmjølk og andre mjølkerestar i såen, som etterkvart
fekk eit nokså surt innhald. Denne ”mjølkesyra” nytta dei
som tørstedrykk på slåtteteigen, utblanda i vatn, blende
kalla dei det. Blenda vart også nytta til suppe. Før poteta kom, hadde dei kålrot og nepe i blendesuppa. Etter
måltidet sleikte dei av hornskeia og sette den på ein fast
plass i ein sprekk i tømmerveggen. Så seint som då far
var gjætargut på Øvre Ljøen, hadde han eiga hornskei
med fast plass i veggen over langbordet. Den skeia har vi
teke vare på.
Langt tilbake i tida , og før saltet vart teke i bruk, nytta
dei truleg denne syra også til å oppbevare kokt kjøt i over
ei viss tid. I allefall har eg sjølv smakt slikt kjøt på Island,
der det er tradisjonskost den dag i dag. Framgangsmåten
kom i bruk att då Island miste sambandet med utanverda
under Svartedauden og ikkje fekk tilføring av salt.
Også i mine oppvekstår høyrde vi snakk om syresåen,
men då i overført tyding. Når nokon hadde vore påfallande sur, sa gjerne den det gjekk utover: Skal tru kva som
har kome i syresåen til NN i dag?
Kjøsel vart laga av lettsyrna mjølk som låg att når rømmen var samla opp på toppen av mjølkeskjeralda. Mjølka
vart tilsett kjese (løype ) og mysa vart så kokt inn til
ein seig massse som dei forma til runde kaker. Stundom pressa dei mønster i osteflata, helst når dei skulle
gje bort osten som gåve.
Men høgtidskosten og gjestebodskosten var noko heilt
anna enn det vi har skrive om her. Då kom det fram
meir godsaker; kjøt, fisk, flesk, øl, kalvedans, søst,
lefse og bakkels.
Eit av dei mange teikna på at naturhushaldet var på
veg ut her i fjordbygden var at dei såg seg råd til å
kjøpe ei flaske sirup til jul. Naturhushaldet dugde heller ikkje lenger når Kongen ville ha skatten i klingande
mynt. I så måte var det eit gledeleg teikn på nye tider
at turismen gjorde sitt inntog i 1860-åra. Då kom dei
første turistskipa. Og i 1861 fekk endeleg Sunnylven
og Geiranger eigen prest. Men likevel, no låg ikkje
lenger småbruka langs Storfjorden i livd for den store
verda. I 1870-åra var jordbruket i Europa inne i ei
krise. Det var bygd jernbane tvers over USA, og billeg
korn strøymde til utskipingshamnene og vart eksportert til Europa. Også her i landet vart kornproduksjonen ulønnsam. I staden for graut og flatkake kom
kveitemjølet og skapte ein ny matskikk med kjøpemjøl
som fekk brødet til å heve seg, ”æstekake” som dei
kalla det. Den økonomiske motgifta mot dette var
meieridrifta, som vi skal kome attende til. På Lundanes og andre strandgardar heldt dei på byggrauten i det
lengste, langt opp i mi tid. Eg hugsar godt korleis den
heimemalte byggen i ”Oaldsbygdgrauten” raspa ned
gjennom halsen.
Dette er Queen Mary 2, som leitar
etter opninga til Geirangerfjorden.
Først tidleg på 1900-talet fekk bestemor bakaromn.
Det var nok ei storhending. Det kom ein murar eins
ærend frå Ålesund. Han heitte Jensen, fortalde tante
Inga. Han mura opp ein steinomn i kjellaren. Vi kan
framleis sjå restane av omnen, som det bør vere råd å
restaurere.
Omnen vart fylt med bjørkeved, og når veden var brent
opp, raka dei ut oska. Bestemor kunne steike 12 brød
to gonger på same varmen, hugsa tante Inga.
8
Ikkje mat åleine
Heller ikkje på Lundanes levde dei berre av mat. Eit vitnemål om det er huspostillen hans Nese-Pe, som no står i
bokhylla mi, merkt av flittig bruk, mott og ovnsrøyk.
Eg kan tydeleg sjå for meg julestemninga i bestenstova
i 1871. Han Nese-Pe sit bøygd over den nye epistelboka
som nett var komen i huset. I skinet frå talglyset les han
høgt frå ei bok som øvst på titelbladet presenterer seg som
ei ” Apostolisk Opmuntring ”. Dei fire ungane kring han
fekk kanskje ikkje med seg kva som var så muntert.
Dagens tekst var på 15 sider. Vi tek med eit lite sitat:.. ”
Med Hensyn til Stedet, saa er den Herre Jesus født i en
Stald.Vort Hjerte er ret en Stald, en Bolig for syndige Lyster, et Opholdssted for Slanger og Drager, ret en stinkende
Hule, derfor ere vi efter Skriften af Naturen Vredens
Børn. Men naar Christus bliver født i vore Hjerter, da
bliver af den stinkende Stald enn Himmel… ”
Grunnen til at boka var komen i huset var nok at omsetjaren heitte Christian Martin Eckhoff, sokneprest i Sunnylven og Geiranger frå 1867 til 1874. Han var ein ung prest
med gode talegåver, og som gjekk på husbesøk og heldt
bibeltimar. Han skapte ei sterk religiøs vekking i dei to
sokna.
Boka Eckhoff hadde sett om frå tysk var skriven av
Joachim Lutkeman, som levde frå 1608 til 1655. Han var
ein sprenglærd mann, som underviste på universitetsnivå
både i metafysikk og fysikk. I tillegg kunne han pynte seg
med dr.theol-titel. Han var også ein flittig predikant innan
dominikanar-rørsla. Forkynningsskriftet til Lutkemann
vart etter kvart spreidd til heile Norden, og har spela ei
sterk rolle i forkynninga innan pietistiske retningar.
Men ingen må tru at jula på denne tida var berre alvorstung og stusseleg. For ungane var spenninga minst like
stor som i dag, kanskje endå meir trolsk og mystisk slik
ungar gjerne likar. På dei fleste gardar la dei halm og høy
på stovegolvet julekvelden og overnatta der. Dette gjorde
dei neppe i den vesle stova til Gyri og Peder der det var
tett samvære året rundt.
Julegjestebod gjekk for seg på alle gardar. Då møttest
slekt og grannar og dei unte seg det beste av dei godsaker
som fanst.
Ungane hadde også på den tida adventskalender, men
meir enkel enn i dag. Dei laga seg skorekjepp. Det var
ein trepinne med 24 skorer. Kjeppen hadde mange rare
fasongar, alt etter kor hendig designaren var. For kvar dag
skar dei av eit hakk og hadde full kontroll på ventetida.
Julekvelden kom aldri så uventa på ungane som på kjerringa.
Skorekjeppen eller juleskore var ein gammal skikk. Kanskje var det primstaven som var modellen, og da går den
attende i juliansk kalendertid. Dei vaksne hadde sine eigne måtar å merke av juletida. Kvar dag frå 25. desember
til 5. januar sette dei kritmerke i bjelken. Teiknet fortalde
korleis veret var desse 12 dagane, og slik veret var desse
dagane, slik skulle det bli tilsvarande for kvar månad året
ut. Etter alle julemerke må det bli slik, brukte far å seie
når han hadde funne ut korleis noko skulle løysast.
Nådelaus kastevind
Eg kan ikkje tenke meg at det var den gamle trua på lagnaden som gjorde at Peder ein gong våga seg i kast med
Geirangerfjorden ein stormfull vårdag. Det var nok heller
den lunefulle ”Korsvinden ”som kom uventa. 28. april
1866 var Peder og dei to brørne hans, Peder Martinus og
Håvard på veg til Geiranger. Også kona til Peder Martinus, Malena var med. Ein kvervelvind kasta båten utanfor
Korsen, og Malena drukna. Peder Martinus fekk henne
oppå kjølen to gonger, men tredje gongen gjekk ho under.
( Korsen,sjå ordlista ).
Det kan høyrest merkeleg ut at dei tre karane ikkje
greidde å berge Malena, men forklaringa er vel at dei
ikkje kunne symje og at dei våte vadmelskleda var så
tunge at karane hadde nok med å klamre seg til båten.
Naturkreftene var harde dette åre. Eit kraftig jordskjelv
i august månad skaka opp folk. Folk snakka også om ei
kollsigling ved Oaldsbygd seinhaustes året før, der Ivar
Stokke miste livet.
9
Arbeidsmaur og storfiskar
Nese-Pe var nok ein arbeidsmaur. Tante Inga fortale at
han var med på gardsarbeidet heilt til sine siste år. På
slutten trassa han gikta, og gjekk på kne når han slo med
småljåen. Far fortalde ofte ei historie
om Nese-Pe. Han gjorde nemleg det meisterstykket å
fiske ei kveite med øks. Han var på veg til Lundanes med
robåten og hadde full last med høy frå strandslåtten. Etter
folketrua var kveita uvanleg glad i bleikje ( hvitting ).
Kveita kan jage bleikja heilt opp i vassskorpa, heitte det
på folkemunnen. Så da Nese-Pe brått såg at ei bleikje
hoppa over åra, hogg han tak i øksa og slo til på måfå
utanfor ripa. Og vips så fekk han kasta den digre fisken
inn i båten. Eg fekk aldri skikkeleg svar når eg spurde kor
mange bismarpund kveita vog. Kanskje var oldefar ein
lystig forteljar. Kanskje var far godtruen. Men sant var
det, det fekk eg stadfesta mange gonger.
Kanskje sat far fleire gonger på kneet til bestefar NesePe, og soga om grisen er like sann som soga om kveita.
Eg fekk aldri greie på når denne hendinga hadde gått for
seg. Det kom ein robåt frå Geiranger.
Det måtte vere kjentfolk, for dei vart bedne til gards.
Dette var kanskje nygifte folk med heimafylgje i lasten.
I båten stod det ei kasse spikra saman av bord med god
lufting imellom. I kassa stod ein gris og grynta etter
fridommen.
Då gjestene og gardsfolka kom attende til båten og skulle
seie farvel, oppdaga dei at kassa var slått sund og grisen
borte. Det fanst ikkje spor etter den verdfulle lasten. Det
var ei pinleg stund, kven var skurken? Og pina varde til
over vinteren. Då vart grisen oppdaga på andre sida av
Geirangerfjorden, livs levande og i godt humør. Han var
komen til ein stad som heiter Sanden, og som er som
skapt for landgang for både toføtte og firføtte. I ettertid
har eg fått vite at grisen er ein dugande symjar, og det
talar for at han valde symjeturen framfor rolla som julemat. Han hadde greidd seg gjennom vinteren på søtrot,
rosenrot, tang, tare og anna helsekost. Kanskje slang det
ein krabbe i ny og ne.
Nese-Pe døydde i 1917, 85 år gammal. Det var ein høg
alder på den tida, da vanleg levealder var kring 40 år.
Far sat også på kneet til bestemor si, Gyri, men han
hugsa det neppe, for ho gjekk bort i 1906. I det heile er
det lite vi får høyre om kvinnene på den tida. I bygdebøker og forteljingar er det mest berre dei kvinnene
som utmerkte seg svært positivt eller negativt som
fekk omtale. Når vi veit at Gyri bar fram 8 barn og ved
sida av gardsarbeidet sytte for klede, mat og omsorg
for den store barneflokken, skal det ikkje mykje fantasi
til å skjøne kva bragd ho stod for.
Gyri kom frå Gjerdebakken ( br.nr. 4 ) i Sunnylvsbygda, der ho voks opp med foreldra Marit og Nils
og systera Petrine. Dei nytta etternamnet Par, som var
det opprinnelege hovudbølet. Par er eit eldgammalt
gardsnamn som har skapt hovudbry for stadnamngranskarane. I etternamn finn vi i dag også gardsnamnet
skrive som Parr. Opphavet er kanskje Espar ( av osp ),
der første lekken har falle ut med tida.
Bondekvinnene på denne tida levde i eit miljø der
kvardagen var fast oppdelt i kvinnfolkarbeid og mannfolkarbeid. Innafor kvart område var både kvinner og
karar suverene. Men ettersom kvinnene både skulle ta
seg av barnestell, husarbeid, og arbeid på garden, fekk
dei lengste arbeidsdagen. Elles var det da som nå, at
den reelle makta i huslyden gjerne følgde det sterkaste
i ord og meining. Vi kan forresten nemne at det var på
denne tida (1879 ) ”Et dukkehjem” av Henrik Ibsen
kom ut. Gyri var nok ikkje med i diskusjonen etter
denne teater-premieren, men ho hadde høyrt om Henrik Ibsen, ein ung og nyfiken student som rusla ikring
og fretta ut folk på Hellesylt nokre dagar i 1862.
10
4 – VINDKAST OG PÅGANGSMOT
Nytt hus, nytt naust, ny løe
På tinget i 1718 hadde lagrettmennene laga liste over
trygge og utrygge gardar i Sunnylven og Geiranger. Lundanes var rekna som ein trygg stad. På den tida fora dei
10 storfe, 40 småfe og ein hest. Etter steinraset, truleg på
slutten av 1700-talet, tok det tid før garden atter kunne fø
ein huslyd.
I 1890 bygde bestefar dette huset
Bestefar Ole Karl tok formelt over garden i 1894. Før
det hadde han bygt nytt stovehus i 1890 og gifta seg med
Iverine Olava Fivelstad. Ho kom frå bnr.1, Larsgarden.
Foreldra var Lars Martinus og Ane. Ane var dotter til Ole
og Ingeborg Ner-Ljøen.
Det nye ekteparet på Lundanes må vi kunne seie representerte eit samliv med mange fold. 11 barn kom i rekke og
rad frå 1892 til 1913. Det var Peder, Lars Petter, Gustav
Bernhard ( døydde 1 år gammal ) Gina, Anna, Nikolina,
Rasmus, Inga Karoline, Ingeborg, Ola, Sverre Louis.
Det var liksom inga sak å bygge nytt hus, har eg høyrt,
for dei hadde skog på garden, truleg på Kamben, og
naturen hadde laga ein ”sagarstein” nede på neset der
fjorden svingar inn til Geiranger. Når planken skal sagast
med handemakt, blir det lettar når to kan drage saga, ein
oppover og ein nedover, i dette tilfellet i det steinstillaset
som fekk namnet Sagarsteinen. Teknikken var den same
som dei nytta
med oppstadsaga. Skilnaden var berre at på Sagarsteinen
var vasskrafta bytt ut med handemakt.
Stormen tok fjøs og løe i 1903, dette er nybygget
som bestefar reiste. Nå er berre murane igjen.
I januar 1903 slo sørveststormen til og hivde løa av
murane. Mykje av høyet vart kasta på sjøen. To geiter
strauk med, men dei 4 kyrne greidde seg. Ole Karl
laga båsar i den nye stovekjellaren og flytte kyrne dit.
Geitene måtte sendast til andre gardar. Det som var att
av høyet, var så vidt nok til kyrne vinteren over.
Bestefar måtte vere ein mann med pågangsmot. No
måtte han til med ny løe og nytt fjøs. Det var ikkje
lenger nok material på garden, men det var gode
grannar på begge sider av fjorden. Han leigde tre
bygningsmenn og driftsbygningen kom opp. Denne
gongen forsvarleg bardunert. Det var også det nye
våningshuset. Det stod heilt ut på fjellkanten mot sjøen
der sørausten fekk godt tak. Ein gong pressa vindkasta
så hardt mot den lafta sørsida at dei såg veggen flytte
seg fleir sentimeter innover mot høvelbenken, som var
plassert på loftet.
Om lag på denne tida bygde Ole Karl også nytt naust,
som står der framleis. Det var ikkje uvanleg at unge
menn som skulle ta over garden gjekk i smedlære,
snikkarlære eller skaffa seg kunnskap innan eit eller
anna handverk som kunne kome til nytte på garden.
Ole Karl rakk også å lage fleire bruksmøblar som har
kome til nytte heilt opp til våre dagar. Kven som lærde
han snikkarkunsten, har eg aldri fått greie på .
Dette naustet bygde bestefar kring 1905. Naustet såg slik ut
i 1970 åra. Naustet har nå fått nytt tak og nye endevegger.
Det er tydeleg at bestefar hadde tenkt å slå seg til på
Lundanes for godt. Når planane etter kvart endra seg,
hadde det fleire grunnar. Lokale meieri kom i drift.
I Sunnylven var det fleire småmeieri på slutten av
1800-talet. Sunnylven meieri kom i drift i 1922. Dei
som ikkje kunne levere mjølk til meieria, måtte nytte
mjølka til heimeproduksjon av smør og ost. Det førte
til ein vanskeleg situasjon for mange. Alternativet for
bøndene langs fjorden var investering i motorbåt og å
frakte mjølka til Hellesylt. I ettertid har det synt seg at
dei strandgardane som etter kvart fekk levert mjølka til
meieriet greidde å halde ut lengst. Besten heldt seg til
robåten, og tenkte vel på andre utvegar.
11
Den andre utvegen han tenkte på var nok å kome nærare
tettbygde strøk. I den første tida med meieridrift var det
dei som kunne levere mjølk til konsum som så å seie
skumma fløyten. Etter kvart kom det i stand eit utjamningssystem som gjorde at det vart same pris for all
mjølk. Då bestefar flytte til Emblem tidleg i 1920-åra, og
kjøpte garden Eikenos saman med onkel Lars, gjekk bøndene inn i ein periode med svært låge mjølkeprisar. Dette
gjorde overgangen til den nye garden tyngre enn dei vel
hadde rekna med. Men det meste elles vart meir lettvint
for dei som var vane med livet på ein strandgard.Og så
kom dei nær det rike fisket av Borgundfjord-torsk. På det
meste deltok det 1300 personar på dette fisket. Her var
det robåten som rådde grunnen, og karane frå Lundanes
kjende seg heime når dei kom til årane.
Eikenos er ein gammal gard , men låg øyde ei tid etter
Svartedauden. Namnet kjem av eiketre og formasjonen på
åsen der garden ligg, høgt og fritt over Emblemsbygda.
Elles var garden Eikenos midt i blinken for dei som hadde
budd på Lundanes og følgt med på det som hende på
fjorden. Frå Eikenos ser ein innover Hjørundfjorden og
fjellheimen der, Hundeidvik og Sykkylven. For tanken er
det ikkje langt frå Sykkylven og over fjella til Sunnylvsfjorden. Og på fjorden ser dei same turistbåtane på veg til
Geiranger slik dei gjorde på Lundanes.
Ein vårdag i mai 1922 vinka dei farvel til Lundanes, visst
nok på sjølvaste 17.mai, som på den tida ikkje var fridag og helgedag. Eg opplevde aldri at nokon i huslyden
snakka om denne flyttedagen.
Bestefar og onkel Lars kjøpte garden av Iver Furset for
30 000 kroner, nær 10 gonger det Lundanes-garden vart
seld for. Men det var ein veldriven gard dei tok over.
Garden hadde på det meste fødde 20 kyr og hest, og når
besten og onkel Lars delte garden i to, hadde dei likevel
kvar for seg ein større gard enn Lundanes. Sæter følgde
også med, og vegen dit minte lite om den stupbratte råsa
opp til Robbedal. Det var køyreveg til gards, og etterkvart
kom det bilveg heilt til fjells. Og når det følgde naustrett
med garden, kunne det neppe tenkast ein trivelegare stad
når dei først måtte flytte frå Lundanes.
Tunet på Eikenos, med stabburet i framgrunnen, slik eg hugsar det frå
1930 åra.
12
5 – SOM DAGANE GÅR
Gardsdrifta på Lundanes, som på mange andre strandgardar på den tida, gjekk for seg på gamlemåten med rutinar som på visse område hadde endra seg svært lite dei
siste hundreåra. Vi skal prøve å skildre eit år på Lundanes
slik det var på den tida oldeforeldra og besteforeldra våre
levde her.
Dyrlegen budde på garden
Årsrytmen for krøtera var lagt slik at mjølkesesongen
skulle toppe seg på den tida det var sommarbeite. Det var
slik også etter at det var slutt på direkte å sveltefore krøtera om vinteren. Det var viktig å følgje godt med i tida
for lamming og kjeing. På dei fleste gardar var det nokon
som var flink fødselhjelp når eit lam eller kje låg feil og
måtte snuast før fødselen. I svært vanskelege situasjonar
måtte det hentast hjelp lenger unna, men det var berre
sjølvlærde dyrlækjarar å ty til heilt opp i nyare tid. Men
geitene var hardbalne og kunne stundom ordne fødselen
utandørs på beitemarka om våren utan hjelp frå folk.
Mitt kje skal leve
Kjea kom først på beite, og fekk følgje mora til dei kunne
mate seg sjølve. Då vart dei sende på beite på eiga hand
på stader ved strendene, der det ikkje var utmarksslått, og
som hadde eit lende som ikkje gjorde det mogleg å kome
seg vekk.
Både lamma og kjea var kjæledyr og leikekameratar for
ungane. Berre den som har opplevd desse tillitsfulle,
kjælne og dansande småtrolla har aning om kor dei kunne
lyse opp i kvardagen. Dei slikka jamvel bort tårene når
sorga slo ned i barnesinnet. Derfor var det ei blanding av
spenning og tungsinn når sau og lam vart sleppte på sommarbeite, og kjea lasta i robåten for å bli frakta til eit liv
på eiga hand på ein grøn flekk ved fjorden. Ungane visste
så indeleg godt kva som venta dei fleste småskapningane
når hausten kom. Håpet var at ”mitt kje ” skulle få ei
framtid i geiteflokken.
Ei lita gjætarjente
Kyr og kalvar beita ei tid kring heimebøen før dei kom på
vårsætra på Robbben. Tante Inga har skrive ned korleis
det var å vere gjætarjente på Lundanes: ” I midten av mai
var det vanleg å sleppe kyrne ut. Men beitemarka var så
ulendt at ein kunne ikkje berre sleppe dyra ut. Dei måtte
gjætast heile dagen. Det var gjerde kring heimebøen,
så det var ikkje fåre for at dyra skulle kome heimatt ,
men der er så mange urder og hamrar at det var fåre for
at kyrne skulle bryte føtene eller falle utfor stup. Vi var
ikkje store før vi måtte ut og gjæte. Sjølv hugsar eg at eg
lærde å lese medan eg gjætte. Ei syster som var 6-7 år
eldre var den fyrste læremeisteren min i lesing. Då var eg
om lag 6 år.
Vi var oftast to som gjætte i lag, ein stor og ein liten unge,
eller to små etter som vi var nær eller langt frå heimebøen. Den næraste beitemarka, var like utanfor bøgarden.
Der var mager jord og mykje stein. Vi måtte då ofte bryte
ned bjørkegreiner til kyrne som attåtfôr.
Den beitemarka som låg lengst borte ligg om lag tre kvarters gange heimanfrå. Det er godt beite der, men staden
er fårleg både for ungar og kyr. For nedanfor den bratte
skråninga er ein høg fjellvegg. Geiteråsa gjekk like ned
på kanten av stupet, så vi måtte passe på at kyrne ikkje
kom så langt ned.
Var det fint ver, sat vi ofte og skar oss stavar av seljekvistar og laga fine render i borken, eller vi laga seljefløyter og bles på dei. Eller vi hadde med skulebøker eller
eventyrbøker. Vi bygde små steinhus og fann fine steinar
som vi samla inne i husa. Men var veret surt, fann vi oss
ein heller eller søkte livd ved ein stor stein.
Til niste hadde vi med flatbrød eller brødskiver og ei
øskje med smør og litt søst eller ost. Maten bar vi i ei lerskreppe . Klokke hadde vi ikkje med, men vi hadde visse
solmerke. Når sola stod over den eller den tinden, visste
vi kor langt det leid. Når sola stod rett mot Timbjørgane,
og Timbjørggjølet var skuggefritt, var sola i sør og det var
midt på dagen. Elles visste kyrne sjølve når det var tid til
å gå heim.
Eg veit ikkje om ein einaste gong at ungar eller dyr vart
skadde i gjætlemarka. Heller ikkje var det sure miner.
Dette var vårt arbeid, og vi visste at det nytta ikkje å
nekte. Oftast syntest vi det var morosamt.”
Også far, bror til Inga, var gjætargut. Når vi låg ved
stranda og fiska litt utanfor Asalen, brukte han å peike
oppover og seie at der oppe på Raudhamrane gjætte vi
kyrne om våren. Når eg spurde om det verkeleg var kumat å finne der, riste han på hovudet og sa: Nokre buster
var det alltids!
13
Sæterjente og morgonfugl
Inga var sæterjente på Robben og har skrive ned korleis
ho opplevde dette arbeidet:” Når graset var langt nok
på Robben, flytte vi dit med kyrne. Den dagen vi flytte,
løyste vi kubanda frå festet i båsen og let kvar ku bere
bandet sitt. Då vart det liv i fjøset, kyrne rauta og hadde
det travelt med å kome i veg. Dei forstod med ein gong
kvar dei skulle. Bjøllekua beit nesten ikkje i graset før ho
var komen på stølen. Turen opp på Robben tok om lag
ein time. Her slapp vi å gjæte, for her var det nokolunde
flatt og ingen fare for dyra.
No måtte vi gå på sætra kvar dag. Vi gjekk opp om kvelden og hadde kyrne inn i fjøset og mjølka dei. Så sette vi
mjølka til kjøling i brunnen. Sætergjenta måtte liggje på
sætra om natta. I fem-seks-tida var det vanleg å stå opp.
No måtte kyrne mjølkast og sleppast ut, og fjøset mokast
og sopast. Mjølka vart tømd i ein tre-tankar , eit lagga
trekjørel som var flatt inn mot ryggen. I loket var eit
rundt hol til å slå mjølka gjennom. Holet vart stengt med
eit spuns ( ei flat treskive med ein kvit lerretsklut på ) slik
at mjølka ikkje skvalpa over. Var der meir mjølk enn det
tankaren tok , måtte vi slå resten av mjølka i ei ringje (
trefat ) og la det stå att på sætra til seinare. ( Mjølka frå
3-4 kyr frå kvelds- og morgonmålet, tilsvara om lag 24
liter. )
Då eg gjekk til konfirmantførebuing, var eg sæterjente
på denne sætra. Grannejenta og eg måtte då stå svært
tidleg opp og gjere morgonstellet og kome oss heim med
mjølka. Det tok ein time å gå heim, og så tok det ein time
å ro til Hellesylt der vi skulle lese for presten. ”
Med møkk på ryggen
Tidleg på våren måtte dei få spreidd gjødsla. Gjødsla vart
finhakka med grev og spreid med greip. Det er lettvint å
spreie møkk unnabakke, men ikkje lett å frakte møkka
oppover før spreiinga. Då det kom løypestreng frå tunet
til Halsen, var det eit overkomeleg slit å få møkka oppover til den største slåtteteigen. Men framleis bar dei ein
stor del av smalemøkka, tallen ( ”taljinj ”) som den vart
kalla, på ryggen til andre teigar. Til dette nytta dei korger
som var fletta av tæger. Slikt arbeid har eg sjølv prøvt så
seint som i 1940-åra i Oaldsbygd. Dette var eit heilt naturleg arbeid. Og sjølv om det var møkk i korga,var våren
der likevel med gull i fuglestrupene.
Slik såg selet i Robbedal ut då tante Inga var der for siste
gong i 1960. Nå er det meste borte.
Neste steg i våronna var å rydde alle slåtteteigar for
kvistar og lauv, og småsteinar som hadde trengt seg opp
gjennom grasrota. Dette skjedde med dei vanlege høyrivene. Dei møkkaklumpane som regn og vind ikkje hadde
teke knekken på måtte hakkast i småbitar.Utan dette ryddearbeidet ville det bli vanskeleg å kome til med ljåen, og
høyet ville i tillegg få dårleg kvalitet.
Kvinnfolka rydda opp
Det var kvinnfolkarbeid å rydde, eller ry, som det heitte
på lokalspråket. Samstundes var mannfolka i sving med å
sjå over alle hesjar, og ” binde dei oppatt”. Det var vanleg
at hesjane stod frå år til år. Kvar vår vart alle rotne staurar
og troer skifte ut og nye bundne på plass med nye band.
Banda var for det meste tunne teinar frå fjorårsgamle
bjørkerunnar. Desse vart delte etter margen frå toppen
og nedover mot rotenden. På den måten fekk dei mjuke
band. I tillegg vart banda oftast bløytte i vatn. Bandet
vart strama til kring staur og troe. Deretter vart rotenden
vridd rundt bandet og låst bak troa. Eit slikt band kunne
halde i fleire år. Utfordringa for dei som skulle lære dette
var å knyte bandet når både staur, troe og skure ( skure
= høveleg lang og skråstilt staur ) skulle bindast saman.
Dette var så å seie knutepunkta for ei stødig hes. Materialen til hesjane kom gjerne frå ung, beinvoksen skog, for
det meste or og selje. Staur og skure vart avborka med ein
eigen reiskap som vart dregen langsetter i tre striper.
Det er ikkje så vanskeleg å bere staur som det statsminister Per Borten ville ha det til. Truleg var han mest van
med å køyre stauren. Oppskrifta er å legge staurane med
grovendane same vegen og framover. Ein lesser så mange
staur på høgre skuldra som ein har krefter til, men ikkje
meir. Samstundes legg du ein staur over venstre skuldra
og løfter den opp og støttar under dei andre staurane som
har litt overvekt bakover.
14
” De smaa agre ”
Frå no og fram til slåtten var det meir varierte arbeidsoppgåver. Dei kunne grave ut ein potetreit. Det var
mange slike reitar på Lundanes. Takstmennene som var
der i 1816 la merke til dette. ” De smaa agre, som fandtes
der var anlagt paa bjergknoller og skjerver og bestaar for
det meste av sandaur blandet med lidt muld som er bragt
dit ved menneskelig kraft ”. Likevel synte matrikkelen
for 1866 at dei avla 18 tunner ( tunne = 139 liter ) poteter
på desse flekkane. Bestefar hadde eit større prosjekt då
Halsen vart grundig rydda for stein. Noko av steinen vart
til den store steingarden kring heile innmarka, noko vart
til murar som heldt jorda på plass i vesthellinga ned mot
sjøen.
Til sæters
På alle gardar var det både spenning og høgtid den dagen
dei flytte på sommarsætra. På Lundanes var det også ein
uvanleg slitsam dag. Etter som både krøtera og sæterjente
skulle vere fleire veker i Robbedalen, måtte det fraktast
opp mat og utstyr. Både store og små måtte ha ei bør på
ryggen. Geitene hadde minst problem. Kyrne var av ein
meir lettbeint rase den gongen enn i våre dagar. Men
hest har det visst aldri vore i Robbedalen. Når bygdeboka nemner at det vart fora hest på Lundaneset, var det
truleg snakk om å ale opp trekkdyr for sal. Etter det som
er fortalt, hende det berre ein gong at ikkje alle krøtera
kom på plass. Ei ku la seg ned halvvegs og nekta plent å
gå vidare. Løysinga var å slakte henne på staden, fortalde
onkel Ola.
Tante Inga fortel om Tre-tankaren som ho bar mjølk i.
Eit eksemplar av ein slik tankar heng til stas i hytta. Det
er besten som har laga den.Som ein kan sjå, nytta han
jernband og ikkje tæger då han lagga saman dette kjørelet,
som vi kan seie representerer overgangen frå tunge trekjørel til lettare utstyr, som mjølketankarar av blekk. Men
sett frå det nostalgiske hjørnet gjekk det tapt ein allmenn
handverkstradisjon og mange flotte namn og nemningar
på bruksting: Holk, så, ringe, siltre, ambar, smørøskje,
dall og mange fleire.
Det var tungvint å halde trekjørelea reine. Mest effektivt
var kokande einelog. Det vart nytta både som reinhalsmiddel og medisin. Då spanskesyka slo til ( 1918 ), vart
einelogen flittig brukt på Lundanes, både til reinhald og til
drykk. Ingen på Lundanes fekk spanskesyka, og einelogen
fekk æra for det, fortalde tante Inga. Men kanskje var det
c-vitaminet i logen som gav resultat meir enn den reinskande evna.
Kring år 1900 var sæterdrifta ein viktig ressurs i norsk
jordbruk. I landsmålestokk vart det likevel registrert ein
nedgang alt frå midten av 1800-talet. Ein av grunnane
var at det gjekk med mykje brensel og det vart lang veg
dit det fanst skog. Den kjende eventyrskrivaren P.Chr.
Asbjørnsen gjekk i brodden for ein ”torvaksjon”. Torv til
brensel kunne spare skogen og halde sæterbruket oppe,
meinte forstmann Asjørnsen, som nok ikkje berre tenkte
på sætrane som eventyrkullissar. Han var sjølvskriven
leiar då styremaktene sette i verk ” Torvdriftsundersøkelsen” i 1864.
I bygdene kring Storfjorden vart det også nytta torv til
brensel, men det var neppe vedmangel som gjorde det
vanskeleg for sæterdrifta, som var ein viktig del av gardsdrifta på desse kantar heilt til slutten av 1930-åra. Men det
kosta ein hard dagleg innsats. Å mjølke 3-4 kyr og 40 geiter kvar morgon og kveld er som å trene med handmanualar eit par timar om dagen. Karane hadde hogge ved tidleg
på våren for at veden skulle rekke å tørke. Sæterjentene
måtte hente ei vedbør medan osten kokte inn. Matvikjentene henta ved nede i Korsfjellskogen, Lundanes-jentene
nede i Morka. Det var eit fint avbrigde i arbeidet, trøysta
dei seg med.
Idyllisk utsikt frå sætreråsa ved Storura (den
nedste) Timbjørgane i bakgrunnen.
15
Folk får smaken på brunosten
Vi må rekne med at dei tok til med å yste geitost på desse
kantar etter den nye metoden mot slutten av 1800-talet.
No kunne dei yste ein ost som vart ei langt meir omtykt
salsvare enn mysosten. Det vart enklare å bere ost ned
til garden enn større mengder med surmjølk og saup.
Likevel kunne tante Inga fortelje at dei måtte gå mange
vender med børar til og frå Robbedalen for å halde drifta
i gang. Ein gong bar onkel Peder ei ostegryte på 90 liter
frå Lundanes til Robbedal. Han brukte to dagar. Då gryta
skulle nedatt, måtte det til 4 karar.
Når sæterdrifta var i godt gjenge, kunne heimefolket
samla alle krefter på slåtteteigen. På Lundanes var det
berre på nokre teigar på Halsen at dei kom til med langljå.
Stuttorven, småljåen måtte til på store delar av heimebøen
I slik mark var det ikkje lett å halde ljåen kvass. Steinbryna var så fine at det skulle ei sterk klype til å få ljåen
i egg. Brynet måtte haldast i høveleg vinkel mot ljåen og
litt på skrå. Dei kvetja alltid ei og ei side om gongen for å
få god kraft på brynet og jamn og fin egg. Etter bryninga,
kvetjinga, skrapa dei lett over egga med ei skarp ljåspik
for å få bort dei lause smulane som la seg på eine sida når
ljåen var i egg, som dei sa. Laget som vart skrapa av kalla
dei roen. ( Det som hadde rynja av). Brynet bar dei alltid
med seg i brynestokken, som var festa til beltet.
Kvinnfolka raka og hesja.Tørrver, sol og vind kunne gjere
arbeidet lettare og vegen kortare til ferdig tørrhøy. Men
det hende nok sjeldan at hesjane stod blanke. I regnver
var det eit tungt slit å rake saman vått gras og få det i hesjane. Tenestejentene som var med i slåtten vart også kalla
rakstedeie, tilsvarande barnedeie og budeie.
Ostegryta som onkel Peder bar opp til Robbedalen
er på veg ned att.
Den nye måten å lage ost på gjekk enkelt fortalt ut på at
dei ikkje kokte inn mysa åleine til mysost. Då separatoren gjorde det mogleg å skilje fløyten frå heilmjølka,
slo dei fløyten i mysa. Denne blandinga vart kokt inn til
det som fekk namnet geitost. I staden for å tilsette berre
fløyte i mysa, kunne dei i tillegg blande inn ei viss mengd
heilmjølk. Det var litt variasjon i oppskriftene frå gard
til gard. ” Slo dei etter ” mykje mjølk, fekk dei meir ost,
men han kunne bli grautaktig. I krigsåra hende det at
somme betalte dyrt for slik ” brun graut”.
Ystinga tok til med at dei varma geitmjølka til opp mot
40 grade C. Så vart det tilsett løype som gjorde at mjølka
delte seg i myse og kvit ostemasse, kjuke. Dei pressa
mysen or den kvite ostemassen og la den
i former. Formene vart sette til lagring.Temperaturen
og gjærings- prosessen avgjorde kvaliteten. Når det var
luftemperaturen som styrde dette, var det sjølvsat svært
vanskeleg å få jamn og fin kvalitet på den kvite geitosten.
Likevel var det ein populær ost. Somme la kvitost og
brunost saman på brødskiva. Andre skar ei kvitostskive
og la i kaffikoppen i staden for fløyte.
Lundanes-folka sætra i Robbedal til dei flytte frå
garden. I Matvik gjekk dei over til å levere mjølk til meieriet på Hellesylt i 1931. Huldrene i Robbedal fekk aldri
oppleve separatoren.
Ein dag på slåtteteigen på Lundanes eller langs strendene var som ein studietur i botanikk med ein rik flora av
villblomar, plantar og urter – som karvefrukt, karvekål,
skvalderkål, perikum, nesleplanter, søtrot,
hyllebær, asalbær, hagtorn, villauk, kvan og bergmynte
for å nemne nokre av dei som vart nytta i mat og til medisin.
- Når det laver av blomar på strå...
Tørrhøyet måtte berast i hus på ryggen. Også det høyet
som skulle på løypestrengen frå Halsen og Kvitfjell måtte
leggast i tog. Børatoget vart lagt dobbelt og bukta tredd
gjennom ei trelykkje ( ” høgd”, opphaveleg hogold/hoggold ) og låst slik at toget danna to selar. Høyet vart samla i
kjemmer. Ei kjemme var eit fang med høy som vart forma
som eit stort nek. Det var vanleg med 5 kjemmer i ei bør,
lagde slik at ein fekk god tyngde oppå skuldrane. Dei
følgde med i kor mange børar som kom i løa. Då visste
dei kor mange krøter dei kunne ”sette på” til vinteren.
9 børar var eit sauefor, 45 børar eit kufor, høyrde eg at
gamlekarane sa.
16
Ein stor del av foret måtte hentast frå strandslåtten.
Så lenge geitene beitte langs strendene, vår og haust,
heldt dei skogen unna. Det er utruleg som graset veks
langs fjorden, langs steinurder og på svaberg med tynne
torvlag. Der det er røyser av småstein , kan du jamvel slå
oppå steinane.
Så langt det var råd tørka dei høyet flatt på marka og
førde det til gards med robåt. Høyberget, heiter det der
dei tok i land høyet på Lundanes. Når terra heldt seg
borte, måtte dei frakte råhøy til gards og hesje det der.
Steinsprang er ikkje ein idrett
Strandslåtten var ikkje ufarleg. Ikkje sjeldan kom det
steinsprang. Folka var opplærde til å lytte etter ras eller
enkeltsteinar som kom i byks og laga skarpe lydar når dei
slo mot underlaget. Då skulle ein ikkje springe på måfå
for å kome unna. Rådet var å legge seg flat bak næraste
stein. Far opplevde at det kom stein ein gong dei var på
slått ein stad innafor Nesevikane. Han kasta seg flat bak
næraste stein, ikkje altfor stor. Det var som maskingeværeld, fortalde han. Men dei skaut over, la han til. .
Den mest avbakelege slåtteteigen var oppe på Kvitfjell.
Vi snakkar no om det loddrette fjellet utanfor Lundanes.
Fjellet svarar ikkje heilt godt til namnet, men det har i
alle fall eit lyst penselstrok langs sida.
I den første tida vart høyet samla i ei utløe og bore til
gards seinare når dei hadde eit pusterom. Dette kan høyrest merkeleg ut, men det finst døme på at andre stader i
fjorden bar dei høyet like langt den andre vegen frå sjøen
og oppover. Arbeid meir enn tid var pengar den gongen.
Bestefar Ole Karl var alltid tidleg oppe i slåttonna, fortalde Inga. På den måten fekk han nytte av dogga i graset
når det elles var knasktørt.
Dogga gjorde at ljåen held seg rein og kvass lenger.
Etter mange år med stuttorven, var det stor stas for han
å svinge langljåen da dei kom til Eikenos. Han riste på
hovudet til den nymotens hesteslåmaskinen. Han vedda
på at han skulle kappslå med maskinen, fortalde far. Men
den gongen måtte han bite i graset.
Når dei slo på slike stader som på Kvitfjell var gjerne
alle arbeidsføre i huslyden med. Ein gong var dei der ein
laurdag, og oldemor Gyri orda frampå om at ho måtte gå
heimatt og ordne hus og mat til helga. Men husbonden
sa nei. Då svara Gyri: Ja, då får det bli som på kvardagar.
Det er Petter Johan Matvik som har fortalt dette.
Det var på bestefar si tid at det kom løypestreng til Kvitfjell. No fekk dei høybørane heilt inn til løa, og slåtteteigen på Kvitfjell vart gull verd.
Seigliva løypestreng
Løypestrengen til Kvitfjell kom til nytte også etter at dei
slutta med slåtten på staden. Petter Johan Matvik overlet
strengen til karane i Ytst- Åkernes. Dei nytta strengen til
å fire bjørkestrongar frå Furnesmarka over Furneselva og
ned til sjøen. Det var truleg i 1945, fortel Nils Åkernes.
Det var han som fekk jobben med å kutte løypestrengen på Kvitfjell, nede på fjellkanten. Det måtte til fleire
karar for å drage strengen ned og kveile den saman til ein
meterhøg rull. Så skulle strengen til skogteigen ovanfor
og nord for Furnes. Strengen vart ikkje kutta, men delt i 8
kveilar med ein viss fråstand, og åtte mann gjekk i rekke
og bar kvar sin rull frå sjøen og opp til Furnes. Deretter
vart den eine enden av strengen kveila ut og dregen over
elva og opp til skogteigen. Den andre enden vart kveila ut
og dregen ned til sjøen der veden skulle samlast. Åkerneskarane hogg 130 famner ved på staden. Det var Seljeflot
som åtte grunnen, og avtalen var at dei skulle betale 6
kroner per famn på rot, fortel Nils.
Åkernes-karane gjorde avtale med eit røykeri i Langevåg,
som henta og saga opp veden sjølve og betalte 136 kroner
per famn. Dette var med på å gjere det mogleg å kjøpe
motorbåten som fekk namnet ” Pegasus ”.
På denne tida hadde fjordabåten slutta å gå, og” Pegasus”
gjorde det mogleg å halde ut på gardane langs fjorden.
Motorbåten frakta mjølka til meieriet på Hellesylt frå
Åkernes, Oaldsbygd, Ljøen, Matvik og Syltavik. Ei tid tok
dei også med mjølk frå Smoge. Båten gjorde fire turar i
veka, og for kvar tur fekk dei 40 kroner.
Den seigleiva løypestrengen vart hengane ved Furnes
nokre år. Det var nok eit kvidefullt strev å ta han ned.
Men så slo fonna til ein vinterdag og tok løypestrengen i
Ytst- Åkernes. Då vog den eine plaga opp den andre, og
strengen ved Furnes vart teken ned og flytt over fjorden til
Ytst-Åkernes. Du kan framleis sjå strengen når du dorgar
framom Ytst-Åkernes-naustet. Han er til god nytte i ferien
når noko skal fraktast til gards.
Den tapre ” Pegasus ” måtte likevel gje tapt mot konjunkturbøygen. Ein desemberdag i 1958 gjekk han med
vemotige stempelslag ut fjorden med flyttelass på veg til
Sula og ein ny heimstad for folka i Ytst-Åkernes.
17
Sager og ting
Etter slåtten fekk dei gjerne eit lite pusterom før slaktetida. Då tok dei opp poteter og lauva. Lauvet tok dei for det
meste frå alm og selje som var nava. Dei nytta årsskota
og bundla dei til kjerv, som vart tørka på hjellar i løa. Karane nytta også tida til å lage famnved. Dette var ei viktig
attåtnæring på Lundanes. I tillegg til eigen bjørkeskog,
kjøpte dei bjørk på rot og saga opp. Far meinte han hadde
gått ein god skule når det galdt famnvedarbeid. Han gjennomgikk sageteknikken både tidt og ofte. Så minte han
stadig om at far hans og dei to eldste brørne hans hadde
saga og kløyvt 12 famner ved på ein dag.
–Det var nok berre 30 centimeters lengde! mobba vi
tilbake.
Geiter på villstrå
Ut på hausten minka det med mjølk i geitene, og dei var
ikkje så punktelege til å kome heim som før når trykket i
jura var lite. Dei tok seg heller ein ekstra tur til fjells og
leita etter dei finaste urtene dei visste om . Eldre folk fortalde meg at dei kunne kjenne på smaken av mjølka kvar
geitene hadde beita same dagen.
På denne tida var det vanleg at dei rodde langs land og
såg etter om geitene var på veg heim. Dersom flokken
ikkje var å sjå, vart ein av dei største gutungane sett i land
for å hente dyra heim. Både onkel Ola og far har fortalt at
dei måtte gjere timelange turar til Furnesdalen og vidare
til Robbedalen og ned råsa til Lundanes – eller dei for
under og langs Lundanesegga, der det mest ikkje er framkomande for folk..
Før mattilsynet si tid
Slaktetida var på ein måte også innhausting. All slakting
og stell av kjøt og innmat vart gjort heime. Alt skulle nyttast, frå blod til minste trevl.
Sjølve slaktinga var ikkje for pyser. Det var svært sjeldan på denne tida at dei leigde slaktar som kom til gards.
Dyret fekk eit slag med øksehammaren slik at det fall i
uvit. No vart det raskt lagt på slaktarbenken. Ein medhjelpar sat med ryggen mot skrotten, heldt tak i frambeina
og bakbeina og hindra dyret i å sparke seg av benken og
demed gjere det vanskeleg for slaktaren. Så fort dyret var
kome på benken, vart strupen rispa varsamt opp langsetter slik at matrøret og luftrørert kunne frigjerast . Pulsåra
vart kutta og det vart slått knute på enden av matrøret
og luftrøret for at slaktet ikkje skulle få tilbakeslag frå
innvollane.Var det større kalvar eller kyr, kunne dei ikkje
løftast opp og det måtte fotband til. Til kyr og hest vart
det gjerne nytta feisel i staden for øksehammaren.
Geiter og kje med horn var ei ekstra utfordring. Då måtte
det gjerne til ein tredje person som stod bak dyret og heldt
det i begge svangane. Den andre medhjelparen feste eit
tau kring horna og strama til slik at slaktaren kom til med
eit slag i nakken bak horna. Dei urøynde måtte øve seg på
koller. Ikkje alle orka å vere med på sjølve slaktinga, men
dei fleste gutungane masa om å få prøve seg alt før konfirmasjonsalderen.
No var turen komen til kvinnene. Blodet skulle takast
vare på. Det måtte ikkje koagulere, levre seg. Derfor let
dei blodet strøyme ned i eit kar der dei samstundes vispa
kraftig med ein trevisp.Eg har også sett eldre kvinner som
nytta handa og sprikande fingrar som visp.
Smalehovud og smaleføter
Kokte smaleføter er neppe ein særleg kjend rett i dag.
Retten er i alle høve eit godt døme på korleis dei nytta
ut alle ting. Dersom det var skinn igjen på føtene etter
flåinga, fekk gutungane arbeidet med å flå bort den siste
skinnresten . Det var god øving før dei skule gje seg i kast
med å flå smalehovuda.
Neste steg var å få bort klauvene. Det vart gjort ved at
dei stakk klauvene i glør. Dermed kunne dei drage dei av
utan at det gjekk bort noko unødig. Smaleføtene vart salta
og tørka. Før servering måtte føtene grundig vatnast ut og
kokast i fleire timar. Det lukta spekefot over heile tunet.
Og kvart år sa nokon den same vitsen: No kan du berre
ete poteter til matlukta, så blir du mett.
Eit svært tøft arbeid var å ” skylje utu ”. Det var å tømme
og skylje alle magar og tarmar før det skulle skoldast
og skrapast. Grovarbeidet vart til vanleg gjort i ein bekk
eller elv. På Lundanes hadde dei ingen bekk, og brønnen
strakk neppe til. Eg kan tenke meg at dei rodde til elva på
Kvennanes innafor Matvik. Elles hadde dei rikeleg med
sjø å ta av.
18
Mørmat og saksemat
Spekemøren ( morren ) vart laga av fråskore kjøt, slagsider og liknande. Så å seie alt det indre i slaktet kom med
i møren, men det vart først forvella. Blandinga vart malen på kjøtkvern før den vart pressa gjennom eit mørhorn
og inn i dei reingjorde tarmane i høvelege lengder, og
seinare røykt og tørka. Det som vi i dag ville kalle pølsedeig, vart kalla mørmat eller saksemat. Dei sa framleis i
mi tid at dei saksa kjøt eller mørmat. Dette hadde samheng med at før dei fekk kjøtkvern, vart kjøtet finhakka
med ei øks, eller saks som det heitte langt tilbake.
Blodpølsa var ein omtykt matrett i slaktetida. Det kom
godt med at smalekrøttera hadde fire magar; marlake,
huva og vinstra. Det var helst vinstra og tjukktarmen som
vart nytta til blodpølse. Finaste talga vart nytta for å gjere
blodpølsa smakfull og mettande, og den minte lite om
den julekakeaktige blodpuddingen du kan få i våre dagar.
Dei magesekkane som ikkje vart pølseskinn, kom i spekemøren, og var nok mykje av grunnen til den særeigne
smaken som den heimelaga møren hadde på denne tida.
Dei fleste gardar hadde sin eigen tradisjon når det galdt
tillaging av kjøtrettar. Bestemor hadde karve i ein del
av spekemøren. Karven voks fritt på garden. Det fanst
også villauk. Når bestefar salta spekematen, hadde han til
regel at før tørkinga skulle kjøtet vatnast ut like mange
timar som det hadde lege dagar i salt.
Lysegryte er ikkje parfyme
Fisk var ofte på middagsbordet. Dei kunne ikkje hefte
seg bort med jamt å skaffe fersk fisk. Derfor sette dei
liner og salta ned brosme og lange. Om våren særleg
kom det innsig av storsei og med den følgde det både fisk
på bordet, og spesialiteten kams, laga av levra. Fiskelevra var ein viktig ressurs i eldre tid. Den gav olje både
til lys i kola og til smurning. Levra vart lagd rå i gryter.
Der låg den og lysa seg. Det vil seie at trana skilde seg ut
frå levra som olje. Lukta av denne prossen minte lite om
parfyme. Det var heller ikkje berre godlukt når dei kokte
lim av fiskebeina.
Fisket i fjorden var i stor grad matauk. I tillegg skjedde
det bytehandel med fisk mellom Sunnylven og Hornindal
og Geiranger og Skjåk. Men mange av mennene drog
årevisst på fiske ved kysten. På den måten fekk dei nokre
ekstra kontantar, og i tillegg kunnskap om nye fangstmåtar. I Sunnmøres beskrivelse av Hans Strøm får summøringane Rasmus Arnesen frå Vigra og Claus Nielsen
frå Borgund æra for å ha funne opp lina og garnet. Dette
er nok ein myte, men sunnmøringane var i allfall mellom
dei aller første som tok til med havfiske, m.a. på Storegga. Etter kvart vart dette ei svært viktig sesongnæring
for folk inne i fjordane. Dei kunne klore seg fast endå ei
stund lenger på fjellhyllene.
Utan barnetimegodt
Når seinhausten kom med korte dagar vart det meir av
innearbeid, slik eg har nemnt ovanfor. Tante Inga har
skrildra ein vinterkveld på Lundanes: ” Det tek til å
skymast. Karane kjem inn frå arbeidet med famnved.
Mor og dei vaksne døtrene har for det meste arbeidd inne
med husarbeid og handarbeid. No vert oljelampa kveikt,
og alle samlast inne i storstova, så nær som dei to eldste
gutane. Dei har reist til Hellesylt for å handle og hente
post. Det gjer dei oftast eit par gonger for veka. Det tek
ein time kvar veg å ro dit.
Heime sit kvar med sitt. Mor spøtar ( strikkar ) på eit
par vottar. Dei skal vere store, for dei skal tøvast og
brukast til fiskje-vottar. Gina spinn vevgarn. Anna bøter
arbeidsklede. Nikoline flettar ( fingrar ) hoseband til far .
Dei to minste jentene har og fått sitt å arbeide med. Inga
kjemmer rullar til ho som spinn, og Ingeborg nystar av ei
snelle som nett er spunnen full. Dei minste gutane leikar
seg med vedpinnar som dei ” byggjer hus” med.
Far har sett seg på stovebordet for å kome so nær lampa
som råd. Han skal kvesse og vike saga si. Bestefar som er
om lag 80 år og utsliten av hardt arbeid, likar ikkje å sitje
arbeidslaus. Han lagar tindetre. Han har alt eit stort lager,
og det trengst. Det går hardt utover rivetindane om sommaren. ( Bestefar var 80 år i 1912 ).
So reiser to av jentene seg . Det er fjøstid. Dyra skal ha
mat, kyrne mjølkast. Jentene kjem snart inn att og separerer mjølka. So set dei seg til att med kvar sitt arbeid.
Rokken surrar, ved durar i omnen. ” Kjem ikkje karane
snart ”, spør gutane. Nei, men no ser eg ” dampen ” kjem
frå Oaldsbygda, seier mor. ” Vi må vente eit par timar
enno.” Arbeidet held fram enno ei stund. Ein og annan kikar ut. ” Jau, no fer båten til Geiranger. No vert det ikkje
meir enn ein time. ”
19
Endeleg høyrest årar som gniksar i keipane. ” No kjem
dei !” Far legg frå seg arbeidet og går ut. Han skal hjelpe
dei med å få båten i naustet. Det er litt av eit slit når det er
fjøre sjø. For støa er bratt.
No høyrest tunge steg i gangen og loftstroppa. Far ber ein
100 kilos mjølsekk på loftet. Dei vaksne gutane har også
bører.” Har dokke fått barnebladet i kveld?”, spør ein av
ungane. ”Ja, det har vi.”
Alle legg bort arbeidet og ryddar bort etter seg. No er
den lange arbeidsdagen slutt . Kararne fortel nytt og les
avisene. Kvinnene lagar mat og set på bordet; og so kan
kvar og ein kvile etter ein strevsam , men fredeleg og
hyggjeleg dag.”
Mose og kråkefot til krotaband
Inga nemner at Nikoline fletta hoseband. Sjølv var ho
svært oppteken av gamle handarbeidstradisjonar, og
skaffa seg kunskap i tillegg til det ho fekk gratis i heimemiljøet. Dei fleste kvinner på den tida tileigna seg alle dei
teknikkar som skulle til for å lage det som trongst av sengeklede, arbeidsklede og stasplagg av alle slag. Materialet
var i hovudsak ull, men i følgje Hans Strøm var Sunnylven den fremste bygda på Sunnmøre når det galdt dyrking
og tilverking av lin/ hamp. Då hytta vart bygd, kom det
for dagen ei hampehekle. For tante Inga var dette nesten
som å finne gull. Men klenodiet kom bort på uforklarleg
vis, til stor sorg for Inga. Hampehekle var kort forklart ei
fjøl med skarpe stålpiggar. Når dei skulle lage fiberstoff
av hamp, vart først frøa fjerna. Av frøa fekk dei olje.
Deretter laga somme kaker av frøa. Plantestråa vart røyta
og deretter bearbeidde med reiskap som hampedengje,
hampehekle og hampeklove. Av fibrane laga dei tau, strie,
lerret og strieskjorte. Ordet strieskjorta har vi framleis
på tunga men neppe på kroppen. Også nesleplanta vart
nytta på same måten som lin, men neppe så mykje på våre
kantar.
Dukar, teppe og sengety skulle ha friske fargar. Stoffet til
fargane henta dei frå naturen. Det var m.a. mose, bork,
lyng og kråkefot. Svart farge fekk dei ved å samle opp
svart depel frå løkar og myrar. Såkalla potteblått vart laga
av urin.
Så kom dampen
Fjordabåten som tante Inga nemner var god å ha. Dampen, som dei gjerne kalla han, lyste opp i både sinnet og
mørket. Han var eit teikn på kontakt med utanverda. I
mørke kveldar med snøkave og dårleg sikt tende bestefar
eit ljos i stoveglaset. Det var til god hjelp for skipperen,
og etter avtale.
Som takk for hjelpa hende det ein gong at bestefar, som
kom frå Ålesund, vart sett i land på Lundanes. Då sparte
han roturen frå Hellesylt. Fjordabåten gjekk med stamnen
inntil svaberget ved naustet, akkurat slik bilfergene har
gjort nokre få gongar i vår tid.
Forfattarforening på Lundanes
Barnebladet som Inga fortel om var Norsk Barneblad.
Det kom ut første gongen i 1887, og er i dag kanskje det
eldste barnebladet i verda som framleis held det gåande.
Bladet var til både glede og inspirasjon for barn i tida
kring førre hundreårsskifte, og det nådde ut til dei minste
avkrokar. Bladet inspirerte Inga og den jamaldra Marie i
Matvik til å gje ut eit handskrive barneblad, som dei las
høgt frå for kvarandre.
Norsk Barneblad hadde ein viss samanheng med den
frilynte ungdomsrørsla og det opplysningsarbeidet den
førte med seg. I Sunnylven var det både samtalelag og
ungdomslag før 1900. Frå 1910 har dei hatt eit frilynt
ungdomslag for heile bygda. Ikkje minst for ungdommen
på dei avstengde strandgardane var det ein inspirasjon å
møtast med andre ungdommar og samstundes få ein frisk
pust utanfrå i form av kjende talarar som ungdommen
reiste lange vegar for å høyre på. Mange fekk den påskuven som skulle til for at dei ikkje slo seg til ro med berre
folkeskulen. Men jentene måtte ha mest pågangsmot,
for det var ekstra vanskeleg for dei å få kausjonistar til
private studielån.
Onkel Lars fortel at det var ei gledeleg hending då dei
kjøpte ein trerøring ( ” trerøng” ) som hadde vore skyssbåt mellom Stranda og Stordal. Det var ein høvele båt
også på fritida for ein flokk ungdommar som skulle til
Hellesylt på møte. Det var ingen liten ungdomsflokk i
Oaldsbygd og på Ljøen på den tida. Folketalet på desse
stadane samla var 123 i 1920.
Presten skal også fram
Skyssbåten var likevel ikkje kjøpt inn som fritidsbåt.
Helst var det med tanke på at dei skulle ta på seg presteskyssen mellom Hellesylt og Geiranger. Tredjekvar søndag var det høgmesse i Geiranger. Bestefar fekk 5 kroner
for kvar gong han skyssa presten fram og tilbake den to
mil lange sjøvegen mellom Hellesylt og Geiranger. Den
gongen var det ein god ekstraskilling trass alt, og så gjekk
det ikkje ut over arbeidstida. Då gjekk det for det same
om dei var to eller tre karar som rodde.
20
Det var ikkje alltid at det var stilt på fjorden, og medvind.
Det gjekk lenge gjetord om ein rotur andre juledag 1915.
Bestefar Ole Karl og eldstesønene Peder og Lars henta
presten tidleg om morgonen. Det var sjøis inst i fjorden
og presten kom seg ikkje om bord før ved Svarteberga eit
stykke utanfor Hellesylt på Ljø-sida.
Den dagen måtte dei vente lenge på presten i Geiranger,
med dei fyrte i omnen og heldt ut. Etter 5 timar i motvind
var presteskyssen framme ved målet. Det var minst to
timar etter ruta.
To gardar, 17 ungar
Venskapet med Peder Johan kunne kome til syne på så
ymse vis. I åra frå 1892 til 1913 kom det til verda 17 barn
i Matvik og på Lundanes. Behovet for jordmor kom ikkje
berre i finever. Stundom var det godt å vere to om årane
når jordmora skulle hentast. Sunnylven hadde jordmor
med utdanning alt frå 1829. Den første jordmorskulen i
landet kom i gang i Christiania i 1818. Der fekk Elisabet
Cecilie Hellebosta utdanninga si, og fekk arbeid i heimbygda som nyutdanna i 1829. Men framleis var nærkonene i arbeid, både i samarbeid med jordmora og stundom i
konflikt med fagkunnskapen.
Det var praktisk å samarbeide om skuleskyssen. Alle
barna i denne generasjonen i Matvik og på Lundanes
gjekk på den nye skulen på Ljøen. Den kvite bygningen
lyste opp i den vesle grenda i dobbel forstand. Han stod
ferdig i 1894. Og han står der hardnakka framleis, men
tom for skuleungar.
Stundom rodde dei største ungane sjølve over fjorden om
morgonen og tilbake etter skuletid. Men ofte måttte dei
ligge over hos kjentfolk og sektningar. Konfirmantane
fekk versågod ro sjølve til Hellesylt og
førebuingstimane.
ro slike dagar. Han skulda på at han ville vente til vinden snudde, så han kunne få nytte av lauvseglet også på
heimturen. Han sette seg alltid på den grøne vedkassa ved
omnen og slo av ein prat. Når han gjekk til Ole, kom han
til skyldfolk. Mor til Ole var tanta til Iverine.
Gode grannar og meir slikt
Bestefar Ole Karl hadde både ein god granne og ein god
ven i Peder Johan Matvik. Det har eg høyrt fleire utsegner
om. Dei høyrde til same generasjon. Deira form for modernisering var sikkert planane om løypestrengar. Det er
nærliggande å tru at ” gamlekarane” , fedrene deira, i første omgang var mot løypestreng frå Lundanes til Kvitfjell,
og frå Matvik til Korsfjell. Den 1200 meter lange strengen til Korsfjell vart strekt i 1911. Strengen til Kvitfjell
var kortare og kom kanskje litt før, som eit prøveprosjekt.
Eg har knapt høyrt ein karakteristikk av bestefar, berre
nokre hint om at han kunne smørje tjukt på når han fortalde om ei hending. Eg hugsar han ikkje, eg var berre 2
år då han gjekk bort i 1930.
Bestemor derimot hugsar eg frå sommarbesøk på Eikenos
i barneåra. Ho var då midt i 60-åra. Eine hofta hennar
var heilt utsliten og bestemor vogga sterkt til sides når ho
gjekk. Ho måtte ha store smerter, men det forstod eg ikkje
dei første åra. Eg dilta alltid etter henne når ho skulle til
stabburet. Det var eit spennande hus. Heime i Geiranger
hadde eg ikkje sett eit einaste stabbur.
Bestemor var ikkje av det slaget som skravla i tide og
utide. I ettertid har eg skjøna at det ikkje kunne vere lett
å finne samtaleemne når ein skulle dele omtanken på ein
heil haug med barnebarn. Til slutt blei det 23 i talet, men
ikkje alle rakk å møte bestemor før ho døydde.
Tobakksnaud
Det hende at fjorden var uframkomeleg fleire dagar på
rad. Ein gong gjekk Ole Karl lens for tobakk. Etter å
ha trøysta seg med einebork eit par dagar, kom turen til
ingefær-rota i krydderboksen hennar Iverine. Men siste
utveg var å be den gode grannen i Matvik om å vere med
på ein rotur til handelsmannen på Hellesylt for å kjøpe
tobakk.
Men fjorden kunne også vere i godlune. Då hende det at
Ole Karl tok seg ein fridag og sette kursen for Hellesylt.
Han venta gjerne til det kom ein snill unnavind, hogg
seg eit lauvsegl og fekk seg ein latmannstur. Dette hende
fleire gonger har Ole Hellesylt fortalt til sonen Odd. Ole
budde i det kvite huset, som framleis står der med tærne
nesten ned i sjøen ved båthamna. Ole Karl tok det med
I 1991 hadde Storfjordens venner stemne på Lundanes.
Stor ferge måtte til. Mellom deltakarane var nok fleire
av barnebarna til Iverine.
21
6 - TANTE INGA KAROLINE
Tante Inga var fødd i 1905, voks opp på Lundanes og var
med på arbeidet der til ho starta på utdanninga med middelskule ( realskule, ungdomsskule i dag ) på Hellesylt
,og seinare på latinlinja på gymnaset i Volda. I alt ho fortalde om Lundanes skein det gjennom at dette var staden
ho var knytt til meir enn noko anna. Framtidsdraumen var
likevel å kome seg til universitet. Ho var kunnskapstørst
heile livet.
Men kvinner som var fødde i fridomsåret 1905, var ikkje
fødde til fritt å kunne velje yrke og utdanning anna enn
i prinsippet. Høgre utdanning måtte finansierast med
private banklån, og da måtte du ha ein kausjonist. Denne
økonomiske hindringa stogga Inga i første omgang. Dette
vonbrotet stålsette henne likevel til å halde fast på målet.
Etter gymnaset og kurs i husflidsarbeid tok ho arbeid som
lærar, først som guvernante for borna på Erkna fyr utanfor
Giske, seinare som einaste lærar for private realskuleklasser. Om sommaren var ho språkmektig serveringsdame
på hotell i Geiranger. Så kom ein periode med sjukdom.
Det tok fleire år før helsa var på rett veg. Ho fekk endeleg
stadfesta dette med ein tur til Robbedalssætra i 1960.
I 1971 kom det opp hytte på murane etter den gamle
nystova, og naustet vart sett i stand. Da Inga ikkje lenger
hadde helse til å ta seg av staden, fekk eg tilbod om å
ta over. Det var to ting ho streka under. At prisen ikkje
skulle vere meir enn ho hadde hat som utgifter sjølv, og at
eigedommen ikkje kunne seljast ut or slekta. Ikkje særleg
strenge vilkår. Etter at eigedommen nå ligg innafor det
verna verdsarvområdet, blir det aldri noko stress for å
gjere forretning på den ærverdige kulturskatten.
På hytta heng det eit fotoportrett av Inga. Det er ei vakker
kvinne i ungdommens vår. Eg har høyr kommentarar som
går ut på undring over at denne jenta var
einsleg heile livet. Då minner eg meg sjølv om den sommaren ho møtte den store kjærleiken. Som gutunge fanga
eg opp nok til at eg masa på mor til eg fekk ein liten tråd
av historia.
.
Neste steg mot universitetet var den 2-årige lærarskulen
på Hamar.Samstundes som ho hadde lærarpost i grunnskulen i Borgund, gjennomførte ho eit universitetskurs per
korrespondanse og sommarkurs på Blindern i Oslo. Då ho
stod med papira på grunnfag i tysk, roa ho seg endeleg.
Men ho hadde ikkje gløymt latinen frå gymnaset i Volda,
og heldt oppfriskingskurs for unge legar i Ålesund-området. Dette mora henne storleg. Dette var motiverte elevar,
sa ho.
Eg har møtt fleire av elevane hennar både frå grunnskulen
og realskulen. Så fort dei høyrde etternamnet mitt, spurde
dei om eg var i slekt med Inga. Disiplin og målretta arbeid hadde skapt eit varmt bilde i ettertid av den bestemte
læraren, forstod eg. Kanskje var det små taparar som
hadde funne nøkkelen hos ei som hadde hatt motgang
sjølv.
Etter at ho hadde etablert seg som lærar brukte ho mykje
av tida på å finne seg ein sommarplass inne i barndomsfjorden. Etter mange samtalar med Rasmus Matvik fekk
ho kjøt ” heimebøen ” på Lundanes; det som ligg innafor
steingarden kring Halsen og sjølve neset. Det er ei mistyding at ho kjøpte garden Lundanes.
Inga Karoline i ungdommens vår.
22
Mange år etter møtte eg prinsen. Namnet mitt avslørte
kven eg var. Han var svært interessert i å høyre korleis det
stod til med Inga Karoline. Han visste ikkje kva eg visste,
og det var duka for ein heilt spesiell og minnerik samtale.
Men denne romanen skal vere svært stutt. Ho møtte igjen
prinsen. Aldri såg eg henne lettare på foten enn då hu
skulle til dette stemnemøtet.
Det vart meir enn eitt møte, men slike gjengangarar frå
undommens vårbrus er gjerne som skigarden, dei varer
ikkje evig. Vi får slå oss til ro med at det er eitt mysterium menneska aldri kjem til å løyse: Mysteriet om den
lunefulle kjærleikens vandring.
Lærelystne sunnylvingar frå 1920.
Dette klassebildet er frå kring 1920. Både far, Rasmus og systera Inga Karoline tok
middelskoleeksamen som privatistar. Opplæringa skjedde på Hellesylt, var toårig og
var nok eit privat tiltak. I alle fall er ikkje eit slilkt opplegget omtala i bygdeboka.
Tante Inga sit midt i jenterekka, far står i rekka heilt bak, nummer to frå høgre.
Forfattaren har mistanke om at fleire av elevane gjekk vidare på lærarskolen. I tillegg til far og tante Inga
gjeld dette iallfall Kristian Martin Frøysadal, i midtrekka, bak og til venstre for Inga. Jenta heilt til høgre er
Anne Marie Hellesylt som dreiv bokhandel på Hellesylt. Seinare handelsmann Kjartan Syltevik står til venstre
for før nemnde Frøysadal.
23
ORDFORKLARING
Ambar: Trekjørel. Ordet stammar frå latin. Har kome
vidare til oss frå tysk språk. Tyder opphavleg krukke.
Asalen: Gammal og velkjend fiskeplass, fiskeméd mellom Lundanes og Matvik. Har truleg stått eit stort asaltre
der ved stranda. Asal er lauvtre, slekt av rosefamilien.
Aur: Grus og grov sand. Gjerne som eit fast lag under
matjorda.
Bakkels/ bakkelse: Smått bakverk. Til norsk frå lågtysk.
Bismarpund: 5,997 kilo.1 våg = 3 bismarpund. 1 bismarpund er 12 pund.
1 våg = tilnærma 18 kilo. Anders Hovden fortel at han
hadde med heimanfrå 200 flatbrødleivar og ei våg med
smør då han kom til Oslo for å studere.
Bismarvekt, ei stongvekt med krok. Bismarmånad er eit
gammalt mamn på juni månad. På gammalnorsk bismarapund, og den gong berre 5 kg. Ordet
er kanskje kome frå slavisk språk.
Brynestokk: Lite, sylinderforma kar med vatn i som
dei hadde brynet i på slåtteteigen, festa med ein krok til
beltet. Stokk og strokk tyder om lag det same, men nytta
til ulike formål. Orda også nytta i overført tyding. ” Stiv
som ein stokk” – ” Lat som ein strokk” – ” Stokk dum ” –
” Stokk still ”.
Budeie: Sæterjente. Opphavleg om tenestejente, ho som
knar deigen. Overført til rakstedeie ( ho som rakar høy,
slåttetaus ) barnedeie ( som passar barn ).
Bundel: Også verb, å bundle. Knyte ein bundel, bunt
knippe.Også i ordet bunding, strikkety. Avleia av å binde.
Dravle: Mjølkerett med ymse variasjonar. Mjølk, oppvarma og bresta/sprengt og kokt inn. Ein får då myse med
kvite osteklumpar i. Gammal rett, på gammalnorsk” drafli
”. Skal visst ha samanheng med gresk ” thrapalis ”, som
tyder fersk ost.
Dall: Logga trekjørel med lok og hank
Holk: Ring eller hylster på enden av eit skaft. Også eit
kjørel, smørholk, mjølkeholk. I andre samanhengar har vi
” gammal holk” om ein utrangert båt og verbet ”holke i
seg”, drikke i mengd.
Høgd: Ei grein meir enn fingertjukk, bøygd som ei halv
kringle. Brukt til å stramme børatoget gjennom. Av hogold/hoggold.
Kams: Bollar av fiskelever og mjøl med salt og eventuelt andre krydder. Kokt og servert ved sidan av fisk og
rogn i staden for rein lever. Ein omtykt variasjon var ”
kamsehaud ”, kamsehovud. Kamsedeigen vart då pressa
inn i eit fiskehovud, der toknene ( jellene ) var tatt ut, og
kokt.”Kamsehaud ” vart også brukt i overført tyding om
eit skrøpeleg hovud dagen derpå.. Ordet kams kjem av
verbet å kamse; elte og røre saman.
Kalvedans: Kjøt av kalv, gjerne frå hovud og restar av
innmat, kokt inn til ein geleaktig matrett.
Kjerv: Ein eller eit kjerv, bundel, knippe. Å kjerve, å
binde. Også om å kjerve eit småbarn. Svøype bleien på
plass.
Kjese: Tyder det same som løype, brukt ved ysting. Ordet
kjem av latin caseus, som tyder ost. På eit tidspunkt kom
dette ordet inn og avløyste delvis løype, som vart laga av
løypemagen på kalven. Stykke av mageveggen vart oppbevart i tørka tilstand. Det er rimeleg å rekne med at når
løypa vart eit flytande industriprodukt og truleg importert
frå sørlege
”ostenasjonar” kom ordet kjese ( caseus ) i bruk.
Kjuke: I denne samanheng mjuk og kvit ost, cottage cheese. Elles finst kjuke i fleire samanhengar, t.d. furekjuke,
hard sopp på tre ( knusk ).
Kjøsel: Ordet kjem kanskje av kjese ( s.d.). Å kjæse eller
kjese er det same som å oste, yste. Kjøsel vart laga av
myse, kokt inn til ein seig ostemasse som kunne fyllast
i små , runde og utskorne former, og i siste tilfelle brukt
som gåver her på våre kantar i eldre tider.
Frette: Å frette ut er å spørje ut. Eg har frett er det same
som eg har høyrt.
Heimafylgje: Det brura hadde med seg heimanfrå av
utstyr og verdisaker.
24
Korsen: Namn på fjellformasjon ned mot Geirangerfjorden på nordsida før
Horvadrag i retning mot Geiranger. Staden er markert
med ein kvit kross nær sjøflata. Namnet skriv seg frå
segna om eit brudefølgje som forliste og der alle omkom.
Namnet er ein blanding av skriftforma eit kors og dialektforma ein køss ( kross ).
La opp: Legge opp stein til en mur.
Lagge: Skjere ei logg i stavane til eit trekar. Lage bytter,
tønner av trestavar. Logg tyder spor.
Lekk: Del. Lenke = Lekkje.
Livd: Å være i ly, på lesida av noko.
Ljåspik: Spissen av ein nedsliten småljå.
Log: Saft, uttrekk, utkok av plante, blad, blom . Einerlog,
humlelog, tjørelog.
Mott: Møll. Lokal uttale møtt. Namnet på dette insektet
har samanheng med smått rusk, høymo, sagmo.
Myse: Den del av mjølka som blir att når osten er skilt
frå. Har samanheng med latin miscere ( blande ).
Nave: Ein nave. Topphogge, avhogge tre; for å få fram
nye skot med rikeleg lauv. Årsskota vart samla i kjerv om
hausten og nytta til fõr for geit og sau.
Oppstadsag: Sagstillas for to personar. Ein person stod
over og ein under og drog eit langt sagblad mellom seg
. Når dei tok til å nytte ut vasskraft, fekk vi oppgangssaga etter same prinsippet, driven av vasstraummen i ei
renne som på kvernhusa. Kvernhus var i bruk i Norge alt i
førhistorisk tid.
( Tida før skriftlege, historiske kjelder ).
Orv: Skaft på ein ljå.
Saup: Kjernemjølk. Ordet kjem av å supe, drikke. Jamfør
med bekken utanfor Furnes, retning mot Oaldsbygd, som
sprutar rett ut av ein sprekk i fjellet, og har fått namnet ”
Søypå ”. Her gjekk folk i land og supa i seg av
det friske vatnet. Slike oppkomer, iler, kjelder, fekk også
namnet ”sælebot” når dei låg der folk ferdast til og frå,
oftast ved vegen til ei sæter. Ordet ile må ikkje forvekslast med ile i tydinga søkkjestein i enden på eit fiskesnøre
eller ankerstein til båt. ” Eg rodde meg ut på seiegrunnen
og lagde båten for ile”. Ordet ile har usikkert opphav,
kanskje tysk eilen.
Skore: Tind, innskore hakk.
Smie: Å smie, spikke.
Siltre: Traktforma trereiskap med små hol til å sile mjølk
gjennom . Ordet sil har samanheng med ordet sige.
Skjør: Surmjølk. Tetteskjør er seig surmjølk.
Svor: Ras av stein, jord eller begge delar.
Søst: Sprengt, løypt mjølk kokt inn i 5-6 timar til både
mysa og dei kvite osteklumpane blir til ein ostebrun
og korna masse. I våre dagar tilsett sukker, rosiner og
kanel. Nytta til pålegg. nemninga søst har vel samanheng
med søtost. Retten har elles mange namn, t.d. gumbe og
gumme eller som i Østerdalen gumbegraut.
Så: Stort trekar med to hankar. Ordet også brukt om
skalet på korn, og i uttrykk som ”dei hadde ikkje matsåa i
huset”.
Ta ut: Når ein fonn eller eit skred losnar, tar den eller det
ut. Tilsvarande heiter det å stekke ut. Må ikkje forvekslast
med stekke, ei inngjerding for småfe i fjøs eller utandørs.
Talle: Samantrakka gjødsel av geit og sau. Ordet kjem av
norrønt tad, som tyder gjødsel.
Terre: Høytørk. Også verb, vinden terrar høyet. Parordet
terre tyder å erte,
kjekle.
Ty: same som tøy, ogsø syltety. Skilnad på nynorsk og
bokmål.
Tåg: Ei tåg fleire tæger. Tynne rotgreiner. Brukt til å flette
korger. Også til å feste ljåen til orvet. Ei høveleg tynn tåg
vart festa, tvinna fleire gonger kring orvet (skaftet).
Vike: Verbet er vike eller vikje, også vigge. Bøye ut annakvar sagtann til same sida for å lette skjeringa. Ved bruk
vart sagbladet pressa saman og trongt i skjæringa. Vikjern
eller viggjern var reiskapen dei nytta når dei skulle vike
saga.
Æstekake: Brød steikt av deig som har gjæra, æsa.
25