GD-artikkel-Ljosloypa-Lia_2015-01-07

Artikkel i GD 07.01.2015
[email protected]
Publisert 06.01.2015 kl 13:00
http://www.gd.no/gdnorddalen/article7740600.ece
Alle bilder er opphavsrettslig beskyttet. Viderebruk er ikke tillatt uten avtale med GD
Sosialt: Vi er stolte av dei beste, men det viktigaste er at ski skal vera ein aktivitet for alle, det er beste grunnlaget for å få fram gode løparar også, uttalar styret i skigruppa. To
treningsgrupper dreiv på da GD var innom måndag kveld. Foto: Ketil Sandviken stolte av dei beste, men det viktigaste er at ski skal vera ein aktivitet for alle, det er beste
grunnlaget for å få fram gode løparar også, uttalar styret i skigruppa. To treningsgrupper dreiv på da GD var innom måndag kveld. Foto: Ketil Sandviken
Opna ljosløypa
Skigruppa i Lom idrettslag tok tirsdag kveld i bruk nyoppussa ljosløype etter ein storstila dugnadsinnsats på tusen timar.
Lom har landets høgaste fjell, men er også av dei meste nedbørfattige områda i landet, og dette gjer at skiforholda i sjølve bygda er heller skrale. Da er det
til å undre seg over at lomværane for tida går mest mann av huse på ski og til dei grader set sitt preg på premielistene rundt om.
40 trufaste
For dei har eitt stort ljospunkt. Måsåmyrbakken øvst i solsidelia mot Flatmogrenda.Her er det sikkert skiføre.Etter ein utruleg vellykka operasjon der 40
velviljuge har lagt ned om lag tusen dugnadstimar, kunne lomværane tysdag kveld gjenopne lysløypa med tre sløyfer som varierer frå ein til tre kilometer.
Aktivitet for alle
– Alt ljosutstyr er skifta, det var vel nærast eit krav frå strømleverandøren, stolpar er flytta og traseane er utvida og utbetra slik at vi skal koma fram med
løypemaskin. Knut Vole fortel at innsatsen utgjer millionbeløp. Jamnt over hundre deltek på ljosløyperenna tysdagskveldane, og i helgene held det ikkje
med to parkeringsplassar.Dei er spesielt stolte av norgestoppjuniorane Sjur Slettom og Brage Lund Aakre, men understrekar at det sosiale tel mest.
– Det viktigaste for oss i skigruppa, er at dette skal vera ein aktivitet for alle, seier Vole.
ljos: Ingen sak å trene i myrker på Måsåmyrbakken. Foto: Ketil Sandvikenmyrker på Måsåmyrbakken. Foto: Ketil Sandviken
gror godt: 100 ungar stiller jamnleg opp til ljosløyperenn i Lia om tysdagsveldane, og nå er det enda betre tilrettelagt. Foto: Ketil SandvikenKetil Sandviken
RESULTAT: Knut Vole (fr.h.), Kate Sørhage og Peder Sperstad gjev trenar Jostein Aakre (t.v.) mykje av æra for stor skiglede i Lom.Foto: Ketil Sandviken
‘