FRILUFTSLIV FOR ALLE Kva? Jæren friluftsråd, Klepp kommune, Time kommune og ei rekkje frivillige lag og foreiningar inviterer til friluftsaktivitetar i 2015. Me oppfordrar alle til å koma seg ut på tur og oppleva gleda av å vera saman med andre ute. For kven? Friluftsliv for alle er for barn og vaksne, for dei tur- og friluftsglade og for dei som ikkje har særlig erfaring med friluftsliv. Kom gjerne åleine, eller saman med ein venn, familie, klassevenner eller andre. Kor? Det vert sosiale friluftsopplegg med variert innhald og mange kjekke aktivitetar på ulike stader i Klepp og Time. April Kva: Luftgevær, fisking, tilbereda fisk på grill og natursti. Ta med fiskestong viss du har Tid: Onsdag 22. april kl. 17.00-19.30 Kor: Midterste p-plass ved Melsvatnet Arr. Jæren Jakt- og Fiskelag Kontakt: Roald J. Svendsen tlf. 926 86 628 Mai Kva: Golfaktivitetar med instruktør. Tid: Sundag 31. mai kl. 13.00-16.00 Kor: Jæren golfklubb, Grødem. Grødemsvegen 150, 4346 Bryne Arr. Jæren Golfklubb Kontakt: Egil Berge tlf. 951 08 222 Juni Kva: Kanopadling. Redningsvestar til låns. Ta med grillmat Tid: Sundag 7. juni kl. 12.00-14.00 Kor: Midterste p-plass ved Melsvatnet Arr. Sjøsprøyt 4H Kontakt: Mette Goa tlf. 957 00 028 August Kva: Kajakkpadling med instruktør. Redningsvestar til låns Tid: Torsdag 20. august kl. 17.30-20.00 Kor: Gunnarsberget, Klepp stasjon, p-plass ved Frøylandsvatnet Arr. Klepp Kajakk-klubb Kontakt: Arne Sæbø tlf. 404 74 349 September Kva: Førstehjelp, kart og kompass, gps, rappelering, natursti Tid: Sundag 13. september kl. 14.00-16.30 Kor: Kleppeloen, ved scenen Arr. Norsk Folkehjelp Jæren Kontakt: Tønnes Årstad tlf. 918 43 721 Oktober Kva: Turløype i Vikhålå. Møt kjente og kjære eventyrfigurar Tid: Fredag 2. oktober kl. 18.00 Kor: Parkering ved Vikbanen, Nordbjøvn. 1215 Arr: Sjøsprøyt 4H, Orre bygdekv.lag, Orre bondelag, Orre BU Kontakt: Mette Goa tlf. 957 00 028 NB: ikkje tilrettelagt for rullestol Oktober Kva: Tur, natursti, mat på bålpanne. Ta med hovudlykt om du har. Tid: Onsdag 21. oktober kl. 17.00-19.00 Kor: Sandtangen p-plass ved kinoen Arr. Jæren Turlag Kontakt: Arnfinn Særheim tlf. 975 28 555 November Kva: Tur. Ta med matpakke Tid: Sundag 22. november kl. 12.00 Kor: Øksnevadskogen, p-plass ved Øksnevad vidaregåande skule Arr. Jæren Friluftsråd Kontakt: Eve Anne Nordvall tlf. 950 81 028 Desember Kva: Laga fakkel Ta med eit stearinlys og ei gammal t-skjorte Pinnebrød på bål Tid: Måndag 14. desember kl. 18.00-20.00 Kor: P-plass ved Bryne Kyrkje Arr. Bryne KFUK-KFUM speidarar Kontakt: Asbjørn Stokka tlf. 452 34 718 Praktiske opplysningar • Alle er velkomne til å delta på Friluftsliv for alle Det er inga påmelding • Stad, vekedag og klokkeslett kan variera • Ulike aktivitetar kvar gong • Aktivitetane er tilpassa rullestol (unntatt 2/10) • Alle aktivitetane er gratis • Ta med passande klede • Enkelte arrangement kan kanskje ta betaling for maten. (Ta med litt kontantar) • Barn i barneskulealder må koma saman med ein vaksen • Barn og vaksne som treng særleg hjelp, må ha med ledsager/ følgjeperson • Aktivitane skjer på eige ansvar
© Copyright 2024