Døypt til Kristus

Døypt til Kristus
Dåpsdagen min.


Kva inneber det i praksis å vera «krossfest med Kristus» (v. 6).

Kva ligg i v. 11 – at vi skal «rekna (oss) som døde for synda, men
levande for Gud i Kristus Jesus».
Frå v. 12 forklarar Paulus kva konkrete konsekvensar dåpen bør få i livet
til den som er døypt.
Det som skjer i dåpen, kan vi setja på følgjande formel:
Kristus:
Kristi død og oppstode for oss som historisk faktum.
Langfredag og Påskedag.
||

Kva er det Paulus vil ha fram når han skriv at vi i dåpen vart
«gravlagde med Kristus», og at dåpen er ein «dåp til døden»?
Snakk om kva det har å seia for den enkelte av dykk at de er
døypte. Feirar de dåpsdagen?
Frå truslæra


Dåpen:

I v 13 blir vi oppmoda til å by oss fram til teneste for Gud, og ikkje
for synda. Så òg v. 4b og 11. Korleis står denne oppmodinga i høve
til det faktum at vi har vakse saman med Kristus i hans død og oppstode (v. 5)?

Kva vil det seia i praksis å by seg fram til teneste for Gud?
Jesu død og oppstode (frelse) blir gjeve oss som gåve .
||

Trua:

Snakk saman om kva tankar de gjer dykk om desse samanhengane.
Ved trua tar vi imot det som Gud gir i dåpen.
I Gal 2,19-20 skriv Paulus: ”Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje
lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og
gav seg sjølv for meg”.

Kva samanheng har dette med dåpen? Sjå Rom 6,6.
Dåpskapitlet Romarbrevet 6
Dåpspraksis i 2015
I Rom 6 forklarar Paulus i v. 3-11 kva som skjer i dåpen, sjå også
Kolossarbrevet 2,6-15.

Korleis vurderer de kyrkjas dåpspraksis i 2015 i høve til det de her
har snakka om?
Les Rom 6,3-11 (sakte og grundig!)

Kva krav bør vi stilla til dei som blir døypte?

Kva vil det seia å vera døypt «til Kristus»?

Korleis bør forholdet vera mellom dåp og opplæring?

Legg merke til dei ulike uttrykk som er brukte om dåpen i
v 4-6.

Har de idear for korleis vi kan gjennomføra trusopplæring i kyrkja?
Vil du vera med i ei gruppe?
Du kan sjølvsagt grunna på spørsmåla i denne faldaren heilt for deg
sjølv. Men kanskje det kunne vore fint å gjera det saman med
andre? Det er fleire husfellesskap (bibelgrupper) grupper i Arna
kyrkjelyd; dei fleste samlast i private heimar kvar 14. dag. Alle gruppene har som program at det som blir snakka om når gruppene
samlast, skal vera livsnært. Og alle gruppene har ein ledig stol ....
Dersom du har lyst til å vera med i ei gruppe – eller vera med å starta ei ny – ta kontakt med ”gruppesjef” Randi Daae Stordal,
tlf 55 24 69 67/ 472 73 189.
Samtaleopplegget
Dette samtaleopplegget er utarbeidd for å brukast i tilknyting til ein
serie på 4 temagudstenester i Arna kyrkje våren 2015. Alle 4 gudstenestene har felles overskrift ”Trua i kvardag og fest”, og temaet er
valt i tilknyting til at Arna kyrkje feirar 150-års-jubileum dette året .
Opplegget kan òg brukast om ikkje (alle) gruppe-deltakarane deltok
på gudstenesta.
Arna kyrkjelyd,
Postboks 64, Indre Arna, 5888 Bergen, tlf 55 36 22 70
Arna kyrkje 15o år
Trua i kvardag og fest
Samtaleopplegg til
3 temagudstenester i Arna kyrkje hausten 2015
Administrasjonsleiar: Marianne W. Fanebust, 55 36 22 71
Kateket: Cathrine Snipsøyr; 55 36 22 72 Kantor: Hallgeir Øgaard, 55 36 22 95
Trusopplærar: Gro Eman, 55 36 22 97
06.09: Døypt til Kristus
Medarbeidarkoordinator: Møyfrid N. Opheim, 55 36 22 78
04.10: Å leva ved kjelda
Kyrkjetenarvikar: Johanne Drageide, 55 36 22 76
Sokneprest: Jan Kåre Jakobsen, 55 36 22 74
Soknerådsleiar: Johanne Drageide: 922 45 623
08.11: Kvar på sin plass. Om nådegåver