Å leva ved kjelda

Å leva ved kjelda
Levande vatn
Undersøk skriftstader der bilete av vatn er brukt.
Bibellesing
Sjå Sal 42,2-3; Jes 55,1; Jer 2,13; 17,13; Sak 14,8; Joh 4,10; 7,38; Op 21,6;
22,1.17.
Del erfaringar rundt å lesa i Bibelen

Kva ynskjer ein å formidla gjennom uttrykk som
- kjelde
- levande (= rennande) vatn/ livsens vatn?
- tørst
- drikka

Kor finn du for din del, det levande vatnet?

rutiner

tidspunkt

«metode»

hjelpemiddel

samanhengande lesing eller «mannakorn»
Forstå eller leva seg inn i
Himmelperspektiv
Å vera nær Gud «i Ordet» er ein «forsmak» på dagen vi alltid skal få
vera saman med Herren (1 Tess 4,17).

Kva tankar gjer de dykk omkring dette perspektivet?
Den åndelege tørsten

Kva erfaringar har de med åndeleg tørst/ lengsel og åndeleg
mørke?

Kva kan framkalla tørsten?

Kva kan stilla tørsten?
Når målet er å leva med kjelda, er det viktigare å «leva seg inn» i
fortellingane enn å «forstå» dei.

Prøv å leva dykk inn i ei fortelling om Jesus (f. eks Joh 4,1-15)
- Sjå det heile føre deg
- ”Lytta” til lyder og ”kjenn” på lukter

Prøv å «vera til stades» i fortellinga.
(I Joh 4 er det då du som kjem i samtale med Jesus, og ber han om
det levande vatnet).
Vil du vera med i ei gruppe?
Du kan sjølvsagt grunna på spørsmåla i denne faldaren heilt for deg
sjølv. Men kanskje det kunne vore fint å gjera det saman med
andre? Det er fleire husfellesskap (bibelgrupper) grupper i Arna
kyrkjelyd; dei fleste samlast i private heimar kvar 14. dag. Alle gruppene har som program at det som blir snakka om når gruppene
samlast, skal vera livsnært. Og alle gruppene har ein ledig stol ....
Dersom du har lyst til å vera med i ei gruppe – eller vera med å starta ei ny – ta kontakt med ”gruppesjef” Randi Daae Stordal,
tlf 55 24 69 67/ 472 73 189.
Samtaleopplegget
Dette samtaleopplegget er utarbeidd for å brukast i tilknyting til ein
serie på 4 temagudstenester i Arna kyrkje våren 2015. Alle 4 gudstenestene har felles overskrift ”Trua i kvardag og fest”, og temaet er
valt i tilknyting til at Arna kyrkje feirar 150-års-jubileum dette året .
Opplegget kan òg brukast om ikkje (alle) gruppe-deltakarane deltok
på gudstenesta.
Arna kyrkjelyd,
Postboks 64, Indre Arna, 5888 Bergen, tlf 55 36 22 70
Arna kyrkje 15o år
Trua i kvardag og fest
Samtaleopplegg til
3 temagudstenester i Arna kyrkje hausten 2015
Administrasjonsleiar: Marianne W. Fanebust, 55 36 22 71
Kateket: Cathrine Snipsøyr; 55 36 22 72 Kantor: Hallgeir Øgaard, 55 36 22 95
Trusopplærar: Gro Eman, 55 36 22 97
Medarbeidarkoordinator: Møyfrid N. Opheim, 55 36 22 78
Kyrkjetenarvikar: Johanne Drageide, 55 36 22 76
Sokneprest: Jan Kåre Jakobsen, 55 36 22 74
Soknerådsleiar: Johanne Drageide: 922 45 623
06.09: Døypt til Kristus
04.10: Å leva ved kjelda
08.11: Kvar på sin plass. Om nådegåver