Flyt på tradisjonar

REPORTASJEN OSELVARBYGGJAREN
Flyt på
tradisjonar
Hallgeir Forstrønen Bjørnevik byggjer smykke som flyt.
Oselvaren blir bygd på same måte som på 1500-talet,
men det er nesten ingen som framleis kan faget.
Tekst: Knut Langeland Foto: Vegar Valde
32
E
r det ikkje vakkert,€spør
Hallgeir.
Han speidar ut over
fjorden frå verkstaden
sin heilt i sjøkanten i
Labergsvika på Bjørnen
ved Halhjem. Enno ligg
Bjørnafjorden stille.
Berre ei og anna ilsken
regnbye piskar vassflata. Bak skydekket i aust
ligg Folgefonna og kviler tungt over landskapet. Sola er ikkje langt unna, og innimellom
fløymer ho mild over skog og svaberg.
Inne på verkstaden herskar ei verdig ro.
Inga hast, inga pesande rastløyse. Faget pregar mannen, for oselvaren er ikkje berre eit
produkt. Oselvaren er ein lang tradisjon, ein
kultur, ein veremåte, ein livsstil. Slik oselvaren
skal gli stille langs landet, slik er også sjølve
byggjeprosessen. Langdryg, tolmodig, nøyaktig og fredfull. Utan rom for sjusk og slurv og
omtrentlege løysingar.
Hallgeir putlar stødig med sitt. Nær eit kvart
hundre oselvarar har han bygd. Stasbåtar, regattabåtar og bruksbåtar. Denne skal, når han
blir sjøsett, bryna seg på heile den langstrekte
norskekysten, slik oselvaren historisk gjorde.
Eigaren; Bjørn Tomren, også kjend som Polkabjørn, skal ro Noreg på langs, og knapt
nokon båt har vist seg betre til å handsamast
med vind og bølgjer og uroleg sjø. Oselvaren
var kystens og fiskarane sin båt i fleire generasjonar, og ordet gjekk vidt om hans kvalitetar.
Like til Færøyane, Orknøyane og Shetland
vart han eksportert.
Ein gong var det mange titals oselvarbyggjarar berre i bygdene i og rundt Os. For mindre enn hundre år sidan var det 22 personar
som levde av å byggja oselvarar. Sidan gjekk
det bratt nedover med kunnskapen og kompetansen. For 20 år sidan var det ikkje fleire enn
tre att av slike som kunne føra arven vidare.
I dag er mesteparten av fagmiljøet samla i
Oselvarverkstaden på Osøyro. Til saman sju
Skarpskodd: Ein god båtbyggjar treng god
reiskap. Her er Hallgeir med favorittøksa si.
Sylskarp.
33
REPORTASJEN OSELVARBYGGJAREN
personar kan faget. Hallgeir Forstrønen
Bjørnevik er den einaste av dei som driv
si eiga verksemd, Bjørnevik Båt.
Han tok fagbrevet ved Oselvarverkstaden i 2002. Institusjonen ved utløpet av
Osvassdraget har vore heilt avgjerande
for at tradisjonen framleis blir halden
levande. Offentlege løyvingar er ein føresetnad for at det kan gå rundt. Hallgeir
må klara seg sjølv. Livet som sjølvstendig
næringsdrivande i ein marknad der etterspurnaden er avgrensa, er ikkje berre lett.
Han er ikkje motlaus, men realisme har
han lært seg. Båtbyggjarnæringa kombinerer han med ei 40 prosent stilling som
ungdomsarbeidar ved kyrkjekontoret i
Os.
Nett no er han sjukmeld etter at det i
haust vart konstatert at han hadde svulst
på hjernen. Behandlinga har vore vellukka, og i beste fall kan svulsten vera
borte. Men Hallgeir veit at sjukdomen er
lumsk, og at vegen frå jubel til vonbrot er
kort. Det er ikkje berre båtbyggjarkunsten
som er skjør, Hallgeir har fått røyna at slik
er det også med livet.
– Etter at eg vart sjuk, har eg slite med
gudstrua. Fordi eg opplever det som
urettferdig å bli råka. Det gjeld ikkje berre
meg sjølv, men også alle andre som blir
sjuke. Skaparverket trumfar likevel mi
eiga tvil. Det er for fantastisk til å vera
tilfeldig, seier Hallgeir ettertenksam.
Men meir enn han grunnar, smiler han.
Når nisene leikar i bukta, og havørna set
seg på Laberget, er det vanskeleg å vera
noko anna enn takksam. For livet, for
arbeidet og arbeidsplassen. Noko meiningsfullt å gjera på får tankane bort frå
det vanskelege. Putlinga i naustet er meir
terapi enn det er arbeid.
– Eg er blitt oppmoda om å halda meg
aktiv, og her i naustet nyt eg å vera.
Arbeidet i verkstaden hindrar sjuk-
domen i å bli altoverskyggande. Faren,
Edvard Bjørnevik (77), kjem og hentar i
Lekvenmarka kvar morgon klokka halv
ni. Risikoen for epileptiske anfall gjer
at Hallgeir ikkje kan køyra sjølv. Saman
køyrer dei til naustet, fyrer i omnen og
får lunk i verkstaden.
Hallgeir brukar 350 arbeidstimar, eller
åtte til ti veker frå kjølstrekk til ferdig båt.
Somme vil ha han sjøklar, altså ferdig olja
eller tjørebreidd, andre likar å gjera den
delen av jobben sjølv. Prisen er frå hundre
Far og son: Hallgeir er i verkstaden dagleg, endå om han er sjukmeld. Det er meir terapi
enn arbeid. Faren Edvard er ein god svein. Kvar morgon klokka halv ni hentar han sonen.
I verkstaden hjelper han til med forefallande arbeid. Klinkar, lagar lunsj og fyrer i omnen.
34
Byggjaren: Oselvaren vart kåra til Noregs nasjonalbåt i 2009. Han har slektskap til båtar bygd
for nær to tusen år sidan. Hallgeir Forstrønen Bjørnevik driv si eiga verksemd i Labergsvika på
Bjørnen ved Halhjem.
tusen kroner og oppover for ein fagmessig
framifrå bygd båt. Hallgeir veit at somme
hobbybyggjarar gjer det billegare. Det gjer det
vanskeleg for han som har det som leveveg.
– Noko av det karakteristiske ved oselvarbyggjarane var at dei aldri firte på krava
til kvalitet. Eg har vore flink og kravd det eg
meiner er rett pris for arbeidet mitt, seier
Hallgeir.
I fjor vart han heidra med pris for beste
tradisjonelle nybygg av Forbundet Kysten.
Det er han stolt over.
– Å bli anerkjent for arbeidet ein gjer er
både kjekt og viktig.
Hallgeir Forstrønen Bjørnevik skrur børebordet på plass. Børebordet er det som
står i midten, mellom botnen og ripebordet,
på ein typisk oselvar. Straks liknar båten på
ein båt. Entusiastisk greier byggjaren ut om
kunsten og tradisjonen, om omgrepa og terminologien, om historikken, bruksområde
og eigenskapar. Om det å vera ein av svært få
tradisjonsberarar. Han er uroleg for framtida,
mest på grunn av sjukdomen, men også fordi
marknaden er stram.
– Eg har sjølv mange gode oppdrag. Likevel veit eg ikkje om faget kjem til å overleva.
Skjørt er det iallfall. Det er ikkje nok kundar
som ønskjer eit slikt båtliv. Det er ikkje nok
bestefedrar som tek barnebarna med i robåt.
Det er ikkje mange nok i den oppveksande
slekta som får oppleva fryden ved å sitja «i
rongje», seier Hallgeir.
Eit nytt bord blir henta inn etter å ha bløytt
seg i Bjørnafjorden. Rutinert blir det lirka på
plass og festa til stamnen.
Det er skogens marmor Hallgeir arbeider
med. 250 år gammal sakteveksande furu frå
Masfjorden, skåren til 15 millimeter tynn
gyllen plank. Årringane fortel si eiga historie
for den som tek seg tid til å lesa. Dei lagar
vakre mønster i treverket. Spor av liv. Lag på
lag med varig, føyeleg ved. Ein oselvar som
blir teken vare på, kan vara og vera til glede
for mange generasjonar. Varsamt blir borda
bøygd og bendt til det kunstverket som ein
ferdig oselvar er. Eit smykke, eit møbel, eit
fjordens skinande underverk.
I generasjonar: Båtbyggjarfaget står sterkt i familien. Men Hallgeir let æra for hans eiga
interesse gå til oldefaren Johan Martin Forstrønen. Utanfor naustveggen står ein av båtane
han bygde, og den vart hans viktigaste inspirasjon. Den øvste, ein regattabåt, bygde Hallgeir sjølv i 2012. Rundt hundre år skil dei to båtane, men mål og byggjeprinsipp er dei same.
35