Jula 2014

____________________________________________________________________________________________________________________________
Jula 2014
10. årgang
Laussal kr. 50,-
God Jul
Hans Gustav på veg heim ???
Side 14-17
Jula nærmar seg med stormskritt
Side 3-4
Unge friluftsliv-elskarar
Side 18-21
Julesnoptest
Side 38-41
Teiknekonkurranse – Julemotiv Side 36
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 2
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Leiar
Spel igang med gode kort
På denne plass i Uskedalsposten har vi
opp gjennom åra gjeve uttrykk for mykje
optimisme på vegne av bygda Uskedalen.
Vi har peika på at vi ligg midt i
kommunen, at vi er ei raus gåve frå
naturen si side og at vi har ei dugnadsånd
som få andre bygder, for å nemna tre
handfaste fakta.
Dette året har vi opplevd handfaste døme
på kva vi kan få til på desse områda.
”Bygda med den gode kvardagen” var ei
overskrift, ”Gode kort på handa for
Uskedalen” ei anna.
Festidalen er iferd med å gje
festivalomgrepet ein ny og utvida
dimensjon.
Korleis har det så gått? Er dei høge
forventningar innfridd?
Kyrkjejubileet har hatt ein
oppsiktsvekkjande høg standard
kunstnarleg og kreativt sett.
Dei er no iferd med å verta det,dei gode
korta er i stor grad klåre for spel. Fleire er
allereie i spel og som eit døme kan
trekkjast fram det ei lokalavis tidlegare i år
kalla byggjeboom.
Uskedalen har lenge hatt meir enn 100
tomter
Og no skjer det verkeleg noko på tomtene:
Ospelunden er under utbyggjing,
Eikelandet er fullført og fleire sentrale
områder – som Øvre og Nedre
Halsabrotet - er iferd med å verta fortetta.
Men framleis vil vi etterlysa ei samla
marknadsføring under mottoet BU I
USKEDALEN. I ein slik kampanje
må ein også trekkja fram eit aktivt
kulturliv og aktivitetstilbod.
Festidalen og kyrkjejubileet har vore to
arrangement som har vekt oppsikt langt
utover grensene våre og som framfor alt
har hatt eit kvalitetspreg som må imponera
nokon kvar.
Fleire av innslaga i begge hadde fortent
dekning i riksmedia. Kva er gjort for å
oppnå det?
Enda fleire prosjekt som vi gjennom åra
har lista opp er undervegs. Planleggjinga
av sentrum og opprustinga av skulen er to
døme.
Utviklinga av Børnes industriområde er på
gang etter lang ventetid og vi har fått eit
utvida handelstilbod. For ikkje å snakka
om SPAR som er eit strålande døme på at
det går an å gjera det utrulege ut av ein
landsens butikk.
Jo.vi har mykje å glede oss over.
Ola Matti Mathisen
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 3
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jula nærmar seg med stormskritt
Av sokneprest i Uskedalen Lina Håland som
kjem i frå Julebygda i nærleiken av Sandnes.
Foto: Ola Matti Mathisen.
Jula nærmar seg med stormskritt. Forventningane ligg allereie i lufta. Me veit jo kva som kjem, men
det er likevel ei forventning som kan tas og følast på. Butikkane er akkurat ferdige med Halloweenfeiringa og no kjem juletinga inn. Lys og dukar til å pynte heimen til advent, så til jul. Kva fargar skal
vi gå for i år? Skal vi bruke den lilla løparen frå i fjor eller skal vi heller kjøpe ein ny i sølv eller gull,
eller kanskje raud?
Det at advent og jula handlar om forventningar er ikkje noko nytt. Det gjorde dei for 2000 år sidan
og. Kanskje adventstida var mykje lengre enn den månaden den er no, om eg skal gå heilt tilbake til
profetiorda om Jesu kome. Orda om Jesus var så store, så mektige. Denne Jesus måtte jo bli fødd i eit
svært palass omringa av tenarar dag og natt. Forventninga var stor blant jødane etter ein frelsar som
kom med pomp og prakt og kunne fri dei frå romarane som regjerte på Jesu tid.
Men så kjem vi til Maria, ei vanleg landsens jente. Ho budde ikkje i eit palass, hadde ingen kvit hest.
Ho var trulova med snekkaren Josef. Men til henne kom engelen Gabriel med nyheita om at ho var
utvald av Gud. Ho skulle bere fram verdas frelsar. Ho, ei enkel, vanleg jente frå Galilea i Nasaret.
Kanskje det derfor var så vanskeleg for Maria og Josef å finne ein plass å vere når dei måtte til
Bethlehem for å skrivast i manntall? Dei var eit ungt par med eit esel, utan spesiell status og plass i
samfunnet. Hadde det derimot vore eit par med høgare status som hadde kome med hest og vogn
hadde kanskje folk lukka opp heimen sin til dei, kanskje hadde dei til og med gitt dei det beste rommet
i huset. Men når folk såg Josef og Maria så såg dei vel fort at det ikkje var noko å kunne skryta til
naboen om, så då lukka dei døra for dei.
Vi veit jo at Maria og Josef fann ein stall, heldigvis. Dei fekk tak over hovudet, og det var varmt i
stallen, eller fjøset, sidan det var sauer, kyr og esel der.
Men kva om vi snur litt på historia? Kva om historia om Jesus var no i dag? Ville vi opna vore hus,
våre heimar, for eit stakkars ungt par ein stormfull og kald julekveld? Ville vi forstå at verdas frelsar
ville kome på besøk til oss ein julekveld, bli fødd i vår stove? Ein fin julesong av Tarald Aano heiter
Lille Barn
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 4
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Lille Barn
Tarald Aano
Viss du blei fødd hos oss, litle barn, viss du blei fødd i kveld.
Viss mor di var så trøtt, litle barn, men ikkje fant ei seng.
Viss ho kom her og banka på, viss ho kom heim til meg:
Ville eg forstå, litle barn, eller ville eg sagt nei?
Viss englar kom i natt, litle barn, viss englar kom i sky
Og eg var der og såg, litle barn, på englar i min by
Og viss dei sa eg skulle gå til stede for å sjå;
Ville eg forstå, litle barn, og våga meg av sted?
Og om eg fant deg der, litle barn, ja, om eg fant deg der;
Kva ville eg få sjå, litle barn, når eg var komet så nær?
Om gata var din nye stall og asfalt var ditt strå;
Såg eg kven du var, litle barn, ville eg forstå?
Gud velsigne julehøgtida.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 5
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Skribenten som elsket Skorpo
Tekst: Olaf Agnar Gausvik, Illustrasjoner Reidar Johan Berle.
Vi rodde i en ildmørj, - frå øya til Uskedalen gjennom Zodiakens dyrekrets.
I mars 1965 døde Herbrand Lavik,
skribenten i Bergen som hadde
Uskedalsøya Skorpo i sitt hjerte. Han
fortjener større oppmerksomhet enn han
har fått og Olaf Agnar Gausvik har tatt på
seg den oppgaven i dette nummeret av
Uskedalsposten. Redaktør Ingemund
Fænn skrev slik i Bergens Tidende ved
hans bortgang:
Lavik hadde i sin ungdom fartet viden om i
verden og forsøkt seg i mange yrker - som
korrespondent, laksefisker, gullgraver,
sjømann og elevatorfører - før han endelig
slo seg til ro hjemme. Slo seg til ro er
kanskje et lite adekvat uttrykk.
Lavik slo seg aldri til ro. Det lå ikke i hans
lynne. Han var hele livet vandreren,
bohemen. Som forfatter - i prosa eller
bunden stil, hadde han ikke noen stor
produksjon, men det han skrev, hadde
kvalitetsstemplet, det engasjerte.
Som teateranmelder i Bergens Tidende var han en
institusjon.
Like robust og streng som han kunne være i sin
teaterkritikk, like vâr og følsom kunne han være i sine
naturskildringer.
Når han skrev om sin øy Skorpo, hvor han hadde et to
hundre år gammelt hus, ga han uttrykk for en nesten
sentimental kjærlighet til naturen, til naturens under,
selv om fliren også da kanskje lå under.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 6
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Herbrand Lavik var både
kjent og omstridt.
Som årets "julebok" har A/S Bergens Tidende og J.
W. Eides Boktrykkeri valgt å trykke to essays som
Herbrand Lavik skrev for noen år siden - nå illustrert
av Reidar Johan Berle. Her stiger vestlandsnaturen
klart fram for oss med alt sitt yrende liv på landjorden,
i sjøen og i luften - alle de fine stemninger Vestlandet
er så rikt på året igjennom.
Kven var Lavik?
Herbrand Lavik, (f. i Bergen 19. mai 1901, d. 22.
mars 1965), norsk journalist og forfattar, son av J.
Lavik. Studerte journalistikk og språk nokre år, var til
sjøs, deretter redaktør i Florø og Leirvik. I 1937
debuterte han med novellesamlinga Frenzie's
indianere, i 1945 kom Tolv dikt fra krigens tid. Same
året kom romanen Tunet i det blå og i 1946
novellesamlinga Månehuset. Omstridd er omsetjinga
hans av Samuel Pepys' dagbok (1942) og gjendiktinga
av François
Villons vers (1943). Frå 1945 var han ein skarp
teateranmeldar i Bergens Tidende.
Forfatterskapen hans blir karakterisert som røff og
sakleg, med sans for det groteske og frodig liv, og
med spor av Freuds psykologi.
Kven var Berle?
Reidar Johan Berle formga og illustrerte mange bøker,
mellom anna Petter Dass Herrens Bøn (1956) og
bøker for born. I ein lengre periode var Berle tilsett
hos Eide Forlag og Bergens Tidende. Han fekk fleire
prisar for bokkunsten sin, mellom anna Kyrkje- og
undervisningsdepartementet sin biletbokpris fleire
gonger på 1970-tallet. Teiknestilen var prega av
mellomkrigstidas kantete estetikk: forenkla, naivistisk
og ofte med eit grafisk preg.
Berle var den første vinnaren av Bokkunstprisen
under «Årets vakreste bøker» i 1957.
Av grafiske arbeid må særleg nemnast
fargelitografiane til Draumkvedet (1966).
Berle har også arbeidd med store
utsmykkingsoppgåver, til dømes steinmosaikken i
bygget til Bergens Tidende og betongrelieffet i
Evanger kraftstasjon.
SVANESJØ OG MORILD
Ein ekte og djupfølt kjærleik til øya Skorpo
- Etter hvert som dal og grend åpnet seg for oss, så vi
det hvitne i alle bakker. Hvert tun var en svanesjø, det
danset dunete hvite ballerinaer rundt alle hus. Vi satt i
båten over til Skorpo og så et mangfoldig mirakel, for
kalenderen var ikke kommet lenger enn til tolvte mai,
men verden rundt oss hadde nådd langt inn i juni.
Slik skildrar Herbrand Lavik sitt vårlege møte med
Uskedalen og Skorpo. Han har reist frå Bergen med
Hardanger-Sunnhordlandske, og lært omatt den gamle
leksa at det berre er omvegane som fører fram - det å
veksla mellom båt og buss og berre snika seg innpå. I
resignasjon har han i seks timar humpa seg fram, men
så tippar bussen litt framover ute i Lio, han får eit
kort utsyn over hovudet på dei andre passasjerane, og
ser Neset, "et femhundremeters strekk av bare
blomstrende pæretrær og moreller, med kirsebær og
plommer som et slags skyhvit underhekk". I lyriske
vendingar omtalar han naturen, og med stor botanisk
kunnskap, den varierte blomeprakta, og alle treslaga
som og blømer. "Alt på en gang. Det lyser i all skog,
det seiler ange over alle bakker".
Dei som har vakse opp i dette landskapet, vil bli
hjelpelaust og heimlengtande nostalgiske av å lesa
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 7
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Forsiden til verket Svanesjø og morild.
essayet til Lavik. Folk som kjenner bygda, Storsund og
Skorpo vil vonaleg kjenna seg att, og dei som aldri har
vore der, vil truleg la seg riva med og få lyst til å sjå
staden. Lavik var fødd i Bergen, men har gjennom det
han skriv, gjort det heilt klårt kva som var hans
ferieparadis.
Heilt bergteken blir han av dei fire hundre epletrea i
hagen på garden der han bur. "De hadde alle laget seg
til, blomsterknoppene satt på dem som nøtter i alle røde
fantasifarger fra cyklamen til vermilion og cerise. Og i
den første uken var det som det hver natt hadde gått
hundre flittige små japanerinner og arrangert tusenvis
av små buketter. Hver morgen var tyve-tredve nye trær
sprunget - det finnes ikke blomsterdekor satt opp med
slik, raffinert eleganse som epleblomstene, og det finnes
ingenting mer japansk. Etter åtte dager var garden
totalt oppfylt av eplehagens ujordiske lys av nesten
usannsynlig hvitt og nesten usynlig purpur."
Nitid registrerer og omtalar Lavik og alt det som går
føre seg i fugleverda. Den 15. mai gjel gauken for fyrste
gongen det året. Han er utan familesorg eller sut, i
motsetnad til alle dei andre som held på med sine
biologiske plikter i form av reirbygging, egglegging og
foring. Sjølvsagt kan vi vel seia, får hegren spesiell
omtale. Lavik finn fram kikkerten, observerer og ser
foreldra som landar på reirkanten og gulpar opp
halvmelta småfisk til ungane sine. Dette går føre seg
ute i Hegreskåro i ein skog som er jungeltett og
oskekvit etter hundreårs guano. Forfattaren har
studert korleis hegren, når han blir skræmd, kastar
seg opp i veret og ser i ein augneblink ut som han
korsfestar seg sjølv.
"Og likevel er de ikke så asketiske som de ser ut.
Selve syttende mai så jeg to av dem i kurtise - en
ektemann og saktens en ennå uengasjert dame. Han
tok frem sine beste flygekunster - brått lot han seg
deise fire etasjer ende ned som en løpsk elevator, og
så kom han seisende opp igjen i krapp spiral, som
om han sirklet rundt en fabrikkskorstein."
Vi får så ei nøyaktig og interessant innføring i
korleis det i tidlegare tider vart drive falkejakt på
hegren, og det med nær same entusiasme som ved
tyrefekting. Men sluttmerknaden går likevel på at
han er "den uspiseligste av all fugl, skrinn og tørr
som en gardstaur, og med en usigelig smak av tran.
Det er stankfuglen i vår flygende fauna", skriv
Lavik og syner til lukta vi kjenner når vi ror framom
Hegreskåro på dorgetur.
Kanskje dette er grunnen til at Lavik ikkje kjenner
seg sikker på at det burde vera hegren som skulle stå
i den heraldiske plakaten til Skorpo. Han nemner
hauken og hakkespetten som gode alternativ. Og så
får vi ei artig soge om då hauken herja i høneshusa
til både Langballe og Johannes Hauge.
Med hagla får Johannes teke tre av beista, men det
er fleire att ute i stupa.
Hakkespetten og staren får til slutt si eiga historie.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 8
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Den fyrste blir omtala som han som "sitter i stolpesko
og morser iherdig, i et tempo som ingen telegrafist
ville kunne følge", noko som går hardt ut over
telefonstolpane, men er til glede for staren som får
fine reirplassar i dei uthakka hola. Det er tydeleg at
nett staren har eit godt rom i forfattaren sitt hjarta,
men det året han bygde reir under taksteinen på
ljorestova som Lavik budde i, heldt venskapen på å ta
slutt.
"Fra klokken tre om morgenen var det bråk der oppe
som om det drev flyttefolk på". Ut frå den
ornitologiske teorien om at fuglane syng for å markera
revir, visste den søvnlause etter at han på alle andre
vis hadde prøvd å fordriva fuglen, til slutt inga anna
råd enn å sjølv klatra opp på mønet og sitja der og
kvitra på det mest inntrengjande.
"Siden kom de ikke igjen. I år lyttet vi nervøst hver
natt etter larmen av takras ovenfra, men heldigvis
hadde de akseptert vår førsterett. De holder nå til i et
nytt stolpehull 20 meter fra oss, vi kjenner dem igjen
på på at de fornærmet snur hodet fra oss, hver gang
de lander med mat til gap-ungene sine. Og det må de
få lov til. Som overbærende foreldre smiler vi bare.
Slike bagateller sjenerer oss ikke, vi er jo kommet til
Skorpo".
MORILD
- Og når vi rodde ut om kvelden , hadde den (sjøens
scene) tatt i bruk morilden som spesiell teatereffekt.
Inne under landskyggen rodde vi i en ildmørje som om
vi allerede var havnet i svovelsjøen med færing og det
hele. Og selv langt ute fra land, der flaten fanget alt
lys under natthimmelen i et fint skimrende flak, fulgte
effekten med, enda mer raffinert. Hvert åretak kalte
fram et stjernebilde under sjøen, vi rodde herfra til
Uskedal så å si gjennom hele Zodiakens dyrekrets.
Det er no tidleg november og Lavik og kona er
attende på Skorpo etter å ha slutta av
sommaropphaldet der i slutten av august då øya etter
to månader med glødande turke, låg der svidd og herja
som om ho skulle ha vore kulisse i eit italiensk drama.
Som vi straks skjønar, er det ikkje kvardagslivet Lavik
ser, opplever og skildrar. Det er eit stort spørsmål om
dei fastbuande alltid kjenner seg att i det han skriv.
For han er på gjestebod på øya, plukkar ut
attraksjonane og aktørane, studerer dei,
lever med dei og omtalar det heile som eit scenisk
spel. Teaterkritikaren Lavik finn her parallellar til fru
Alving og Sara Bernhard, og sommarmorgonen er
som ein trompetkonsert av Purcell med deklamasjon
av Alphonse Daudet. Han minnest den heite
sommaren som låg der mager som ein beduin og heit
som eit beduintelt, og dreiv feriefolket til sjøs i
færingen, eller gjorde dei til badegjester på stranda der
dei glosteikte blåskjel og åt til kona kjende seg som ei
havfrue, og han sjølv som ein kvalross.
No på hausten er det soppen som er den store
delikatessen, og på Skorpo finn dei blodrisker like
utanfor grinda, eit spesielt bakkebråt med
riddarmusserongar, kantarellar som mest ropar om å
bli plukka, og piggsoppar blonde som jentehud. "Og
rundt oss stod kjælen høstskog og spilte "L'aprésmidi
d'un faun"".
Frå sommarminna dukkar det og opp fire kjekke
komediantar, fire herrar på byen i høgtideleg kjole og
kvitt, og med umåteleg lange, raude naser. Det er
tjeldar som Lavik tykte såg ut som om dei framleis var
i ein nattgamal, men enno gentil rus, og som stod der
på rad og venta på publikum som ein akademisk
kvartett som hadde gløymt teksten.
Kvar morgon hadde dei dukka opp for å sjå om det
var meir blåskjel å få.
Fonøyeleg er og historia om dei fire
skodespelarinnene som spelte teater i skogen.
Eigentleg var det fasanar som var sette ut av jeger- og
fiskarforeiningen. Med tanke på forplantinga, var det
også med ein han, ein flott kavaler, duellant og Don
Juan som hadde mykje meir lyst på dei kvite
italienske hønene på garden enn hoene av eigen art.
Korleis det gjekk med han og hanen i hønseflokken,
skal eg ikkje avsløra.
"Men så kom kulingnatten og de to regndagene
etterpå...... Og Skorpo skiftet med en gang lynne.
Siden da har uglene tutet sitt skremmende omen
utenfor våre vinduer hver natt. Øyas voldsomme og
nådeløse grunnlinjer ligger nakne og uornamenterte.
Det sukker en Electra i hvert furutre. Det forvitrer en
Orestes i hver eik. Skorpo har gått over til sitt
vinterrepertoar: Den store greske skjebnetragedien".
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 9
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
SLUTTORD
Som nemnt, kom denne vesle boka ut til jul i
1965 som ei gåve- og minnebok til vener og
samarbeidspartnarar frå Bergens Tidende og J.
W. Eides Boktrykkeri A. S. Ho er på berre
30 sider, dei vakre illustrasjonane medrekna,
og vart trykt i 2800 eksemplar. Interesserte
kan framleis finna boka til sals for ein svært
rimeleg pris, på ulike antikvariat som er lette å
søkja seg fram til på internett. For alle som er
glade i Skorpo, Uskedalen og forfattarskapen
til Herbrand Lavik, er ho, etter mi meining, eit
funn.
Gdynia, Polen, sommaren 2014
Olaf Agnar Gausvik
Rimeleg overnatting og frukost i ein lun
og koseleg atmosfære, finn du sentralt i Uskedal
sentrum.
Ope heile året.
Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen
Tlf.: 53 48 60 39 – Mobil: 90 08 41 36
Fax: 53 47 74 88
www.solheimturiststasjon.no
email: [email protected]
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 10
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
TI OM JULA
Av: Emma
Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth
Spørsmål:
- Kva er det beste med jula?
- Har du julekalender, evt. kva type?
Anette Musland
-Det er snøen
-Ja.
Sjokoladekalender.
Valborg Sjøwall
- Vera med
familien
- Ja, skulemusikken sin.
Katrine
Haugland
- Vera heima med
familien og ha
god tid.
- Ja, skulemusikken sin.
Postmann Pat
- All den gode
maten.
- Nei.
Stian Sebastian
Enes.
- God mat og
pakkar.
- Ja, skulemusikken sin.
Knut Bringedal
- Ha fri, slappa av,
god mat og vera ed
familien.
- Ja. Eg hadde
skrapekalender i
fjor.
Kristoffer
Flodsand
- Eg feirar ikkje
jula.
- Nei.
Jan Egil Apeland
- Vera med
familien og eta
god mat.
-Ja,
skrapekalender
.
Lene
Hjelmeland.
- Advent.
- Ikkje endå, men
eg skal ha noko
med godteri.
Jonas Klette
Hansen
- Pakkar
- Ja, med snop og
lego.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 11
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 12
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Den fyrste julekvelden – i Etiopia
Av: Ola Matti Mathisen, Foto: Gunnar Kjærland og Parry Arestide
Edit og Gunnar julekvelden i 1953
Gunnar og Edit Kjærland stortrivs i
Hagetunet der dei no bur og også skal
feira jul.
Men dei let nok tankane gå attende til
ei heilt annleis jul og Uskedalsposten
har spurt dei om korleis dei opplevde
den aller fyrste jula på misjonsmarken i
Etiopia. Det var i 1953 året etter at
uskedelingen hadde reist ut, Han har
tilsaman vore i teneste som misjonær
i 35 år for Norsk Luthersk
Misjonsamband. No er han snart 92,
men like sprek.
Det var 11.- november 1953 dei kom fram til
Moyale, som ligg berre 300 meter frå grensen
til Kenya og i et svært varmt område. Ofte
kjem temperaturen opp i 40-45 grader om
dagen og det vert sjeldan kaldare enn 35 om
natta. I den vesle landsbyen budde det mest
araberar og somaliarar. Det norske
misjonærparet rykka inn i ei jordhytte med
bølgeblikktak som sto att etter dei
italienske okkupantane. Taket og den kvite
sanden i området verka ikkje akkurat
dempande på temperaturen,
Den som hadde køyrt dei dit på 3 dagar frå
hovudstaden Addis Abeba var ein gresk lastebilsjåfør.
Parry Arestide vart deira gode venn. Det var ikkje
mange kristne i området med unnatak av eitpar
familiar frå Kenya. Dei hadde Imidlertid vore med og
starta skule og dreiv med evangelisering i området.
Den greske sjåføren Parry vart ein god ven
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 13
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Huset paret frå Noreg budde i då dei kom til Moyale
Julekvelden vart enkel for paret frå Noreg. Dei
fann ein liten busk som vart juletre og måltidet
var geitekjøt..Dei åt saman med den greske
sjåføren og las juleevangeliet i den varme
kvelden, men drykken var ei spesiell oppleving
fordi vatnet var svært salthaldig.
Ein misjonær frå Bergen hadde arbeida i området
ca. eit halvt år og reist heim før Edit og Gunnar
kom og overtok arbeidet der.
Den tidlegare misjonæren hadde begynt med ein
skuleklasse.
Dagen etter at Edit og Gunnar hadde feira
julekvelden gjekk dei til skulen der dei samla
klassen. En del andre kom også. Edit og Gunnar
hadde nysteikte bollar med som dei delte med dei
som var der. Så talte dei om jula og kvifor vi feira
den, minnast dei to pionerane.
For fyrste gong opplevde 10-12 elevar og deira
foreldre ei kristen jul.
medan deira jul var 7. januar.
Å koma attende til Moyale i 1998 var ei stor
oppleving for Edit og Gunnar, ikkje minst fordi
det var reist ei stor kyrkje der. Det var plass til
300 i denne og ei fullsett kyrkje hylla pionerane
frå 1953.
Edit og Gunnar kunne slå fast at deira innsats
som starta 47 år tidlegare hadde hatt rike frukter-
Gunnar med skuleklassen i Moyale
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 14
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Hans Gustav på veg heim ???
Av: Ola Matti Mathisen
-Eg har alltid lagt vekt på å være meg sjølv, seier Hans Gustav Mussland
(68). Han sit i det staselege huset sitt i Skårhaug og kan sjå attende på eit liv
som det er få forunt å oppleva. Det har vore toppa av opphald i Midt-Austen,
Kina, Estland og USA og uskedelingen har gjort ein jobb som det står
respekt av. Toppen vart nådd då han vart kåra til æresborgar av
sjumillionarbyen Qingdao.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 15
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Hans Gustav framfor det fine huset sitt i Skårhaug. Foto Ola Matti Mathisen
Men i første omgang skrur vi klokka attende til
22.desember 1945 då han vart fødd på Nedre
Musland som nummer 2 i ein ungeflokk som stoppa
på 6. Det innebar at han ikkje var odelsgut, den retten
var det Ingolf som fekk.Men ingen skal beskylda
Hans Gustav for å ha dreve dank i unge år, han tok
gjerne eit tak på bruket, til dømes med å gjeta geitene
oppe i lia. Det var ei grei oppgåve, for då dei viltre
dyra var høgt nok oppe var det berre å snu dei, fortel
gjetarguten. Truleg lærte han då eit og anna som han
fekk nytte av seinare i livet…..
I alle fall seier han at han hadde ein fantastisk
oppvekst.
-Vi fekk jobba så mykje vi ville. Vi lærte stutt sagt å
jobba. Det var verkeleg noko å ta med seg videre,
seier han i dag.
valde og som praksis innebar teneste i SKL i Matre.
Feriejobbar på Samyrkelaget, Hjønnevåg og Trelasten
i Uskedalen har også vore nytteg ballast.
Men då det vart ålvor gjekk han i 1970,etter endt
ingeniørutdanning, rett ombord i det norske
industrieventyret. I 1972 - som den første
sveiseingeniør på eit Stord Verft i ein omfattande
omstilling frå supertankarar til offshore. Det året
bygde han også hus på Stord – og vart der.
2 år tidlegare hadde han gifta seg med Brit Tove frå
Skårhaug i Uskedalen.
Aker Stord utvikla seg til ein gigant etter norsk
målestokk – frå 1200 til 3000 tilsette - og i dette
konglomeratet fekk uskedelingen jobben som
avdelingsleiar for kvalitet og programering av
verktøymaskinar.
Første stopp på vegen ut i verda var Øystese der Hans
Gustav gjekk statsrealskulen i 2 år med mellom andre
Amund Matre som medelev, og Reidar Myklebust ,
Rolf Sunde og Bjørn Klette, som same periode
begynte på Øystese Gymnas.
Hans Gustav var der til 1981då han skifta til VVS
Stord, der han i dei første 3 åra var teknisk sjef og
deretter administrerande direktør fram til 1991.
Så gjekk han yrkesskule og ingeniørskule i Grimstad
til han som 20-åring vart sanitetsmann i marinen og
mellom anna var 1 år på jagaren KNM Bergen.
På det meste var det der 300 tilsette.
Men så vart han henta til jobben som organisasjonsjef
for Aker Elektro, størst i landet i bransjen med sine
opptil 1500 tilsette. Sjølv kallar han den jobben både
lærerik og krevjande.
Han har ikkje angra ein dag på den yrkesveg han
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 16
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Hans Gustav spelar i Ungdomslaget i yngre år og under et slektstreff på Neset. Foto Ungdomslaget sitt arkiv og Ola Matti
Mathisen.
I 1994 bestemte Aker seg for etablering i Midtausten
og Hans Gustav fekk jobben som
leiar med hovudkvarter midt i Damaskus og
avdelingskontor i Beirut og Jordan. Den jobben hadde
han til 1997 da han vart henta attende til Aker Elektro
og var marknadsssjef fram til 2000. Då venta eit nytt
utanlandsoppdrag i Houston i Texas for Leirvik Sveis.
Hans største oppgåve i USA var å få godkjenning av
aluminium i Gulfen og han lyktes med det sjølv om
det var krevjande prosess, der stålmarkedet var den
største utfordringa. Deretter var han ein periode
internasjonal marknadssjef for Leirvik Sveis.
Hans Gustav har også ei viktig anna side: Han syng i
koret Songlaget Stordabuen og har
i alle år hatt pianotrekkspelet som sin trufaste
fylgjesvenn uansett kor han har vore i verda. For det
første tok han 40 kroner og då var han 15. Det var
bryllupet til Astrid og Torolf Nerhus.Ein ekstra bonus
var at brudeparet kjøyrde spelemannen heim ut på
morgonen.
Foreldra kjøpte det første spelet til han for 400 kroner
då han var 12 og han har trulig spela i 200
bryllup. Mesteparten i heimedistriktet, og han har
aldri teke meir enn 1000 i honorar.
Men så kom ein periode som nok var høgdepunktet
for uskedelingen: Etableringen til Shat Harding i
Kina. Den engasjerte Hans Gustav med suksess i 4 år,
men han vil gjerne også trekke fram gode
støttespelarar - som Endre Eidsvik, også Uskedeling
- Eg har berre gode erfaringar frå Kina, seier Hans
Gustav som ikkje hadde vore i gigantlandet før og vart
kasta rett uti det. Han opplevde kinesarane han hadde
samarbeid med som unge , flinke og krevande .
- Kva med to ord som startar på K - kommunisme og
korupsjon?
- Ein må akseptera deira styresett hvis ein vil komma
nokon stad akkurat som dei aksepterer vårt. Eg lærte å
leva med det. Og med omsyn til korupsjon har eg
ikkje vore borti det. ”Korupsjonen” begrensa seg til
servering av middag og små gåver. Konklusjonen er at
kineserane er svært dyktige og at du ikkje
tullar med ein kinesar. Dei er effektive og raske når
ein beslutning er teke. Men la meg legga til at eg også
har gode erfaringar frå Midtausten. Eg vart oppriktig
glad også i dei landa, og har gjevnleg kontakt.
Etterkvart fekk han med seg ein gitarist - Amund
Matre - og dei kjente Jubelgutta vart snart etablert og
hadde stor suksess.
Når det gjeld repertoar var dei gamle, gode tangoene
populære.
Hans Gustav får mykje ros for spelet, men meiner
sjølv at han har for dårlig teknikk. Men det er ikkje
tvil om at han er flink både med omsyn til rytme og
presentasjon.
Kva skal så globetrottaren ta seg til når han no nærmar
seg 70? Skal han flytta heim til Uskedalen? Han har
visse problem med å svara klårt på det. Men ein ting
veit vi: Han vert uansett ikkje sitjande i Skårhaug og
tvinna tommeltottar!
Uskedelingen skal uansett ha ros for at han aldri har
gløymt eller svikta kontakten med dalen og folket der
han kjem ifrå. Hans Gustav har alltid vore ein ekte
uskedeling og vil halda fram
med å vera det så lenge han lever.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 17
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Her er Hans Gustav saman med
ordførar i Qingdao Guo Zhang og
påtroppande leiar for Shat Harding
i China. Foto privat
Uskedeling om Hans
Gustav: Sosial og får
lett kontakt med alle.
Hans Gustav under kåra til
æresborgar av sjumillionarbyen
Qingdao. Foto privat.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 18
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Unge friluftsliv-elskarar
Tekst: Thor Inge Døssland, Foto: Jan Øvstebø
På tur til Børstølsvatnet
- Tiurleik er kjempespennande! Det kan
verkeleg anbefalast, seier 10 år gamle
Kristian Øvstebø då eg har bede han og
broren Andre(7 år) fortelje litt om alle
naturopplevingane dei har hatt på dei
mange turane dei har vore saman med
faren Jan. Det blir ein samtale med stort
engasjement der dei to gutane nærmast
boblar over når dei hoppar frå det eine til
det andre, for å formidle alt det kjekke dei
har opplevt.
- Eg kallar tiuren fuglenes konge fordi han er så
majestetisk! Han går og trippar, strekkjer seg og
brusar med fjørene, fortel Kristian medan Andre
demonstrerer den majestetiske gangen og fortel at han
nesten kan etterlikna rapelydane til den staselege
fuglen.
Dei fortel at dei leita i fleire år for å oppleva
tiurleiken. Det vart mange turar der dei leita etter spor
i snøen, talde tiurbæsj, og såg etter
blindtarmstømming.
- No har me endeleg funne plassen, og me har fått
oppleve det flotte spelet 3 – 4 gonger.
Dette føregår på våren, og dei har teltet ståande oppe
frå første veka i april til byrjinga av mai. På turane
dei ikkje treff fuglenes konge, har dei mange andre
flotte opplevingar. Ein gong, då Kristian var 5 år,
kom til dømes ein hjort tett inn på teltet.
Utan pause er vi over på neste oppleving.
- Orreleik er også flott, er dei to gutane einige om.
Den er lettare å finna, og dei høyrer lyden mykje
lengre. Kristian har lært seg lyden av orrhanen, og
demonstrerer den på imponerande vis.
- Orreleik har me vore på mange gonger. Første
gongen var eg 2 år, fortel Andre som avslører seg som
ein erfaren friluftsmann trass i at han berre er 7 år.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 19
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Fisking i Sandvatna
- På turane våre er det viktig med disiplin, seier
Kristian, og på tiurleik er pappa på sitt aller strengaste.
Då må det vera stille, og han er vaken mest heile
natta.
Men eg får vita at det ikkje er slinger i valsen i ein del
andre samanhengar heller.
– Me kan ikkje vere solokjørarar når me klatrar i
fjelltoppar, og når me leikar med vatn må pappa alltid
sjå oss.
Dersom dei er litt ugreie, kan det fort verta ein brå
slutt på turen : - Viss pappa seier greitt, meiner han
alvor. Då kan det vera me må pakka sakene og gå
heim med ein gong, forklarar Kristian.
- Noko det beste eg veit, er å fiska, seier Kristian, og
Andre nikkar veldig einig. Favorittfiskeplassen er
Vikastølen, fortel Kristian og greier ut om fangst,
fiskeplasser og kultivering av fjellvatn.
- Ja, eg har sett på facebook at de driv med isfiske og,
seier og dreier samtalen inn på dette.
- Ja, det er spennande, det! Me fiskar med blink og
makk, og ein gong fekk me ein full Sparpose. Ein
gong var det bikkjekaldt ute, isen var ein meter tjukk.
Når det er så kaldt stikla det is i holet etter kvart. Me
borer to hol i isen før me slår opp teltet. Eit hol i kvar
ende på ytter-teltet. Me sit inne i teltet og fiskar,
medan me fyrer med primusen for å halde varmen.
Viss me har steikjepanna på primusen, kan fisken
omtrent landast rett på den, fortel gutane med eit smil,
og med glødande engasjement i augo om desse
opplevingane.
Teltlivet kan ha sine utfordringar.
– Huska du det, pappa, ein gong var det så tett skodda,
og eg skulle ut å tissa. Eg gjekk rundt og rundt og
rundt teltet, minnest Andre og ler godt.
- Eg har eit godt tips om at ein må alltid bruka
Isfiske frå teltet i Steinsvatnet
fjellduk når ein skal eta varm mat. Eg har erfart at det
går gjennom soveposen, og eg fekk stort brannsår på
låret, fortel Kristian og legg til , - eit anna godt tips er
at om det er veldig kaldt, er det kjempegodt med
varmeflaske i soveposen.
- Eg og har tips, føyer Andre til etter å ha høyrt på
broren, medan han viser eit arr på høgre kneet. – Når
du brukar øks, må du sikta på stamma, ikkje på kne.
Då skjer det som skjedde med meg.
- Me må tola litt kutt og skråmer når me driv med
friluftsliv, legg storebroren til, og ein padlar ikkje
kajakk utan å velta ein gong. Det gjorde eg i januar.
Det var kjempekaldt, men eg var godt kledd og hadde
redningsutstyr så det gjekk bra.
Sist sommar hadde Kristian ei spesiell naturoppleving.
Han var ved Bjellandsvatnet i Åkrafjorden der faren,
onkel Trygve og fleire bygde ei flott og spesiell hytte.
I samband med det fekk han vere med på fleire
helikopterturar, og så budde dei i ein lavvo i vekene.
Ein dag kom Kristian over ei rypemor med 7
kyllingar. – Typisk nok spelte ho skada i venga si til
ungane var i sikkerhet. Då flaksa ho brått rett ut, og
fauk som ein meister, skildrar han det han opplevde.
Det er ikkje berre levande ting dei to gutane legg
merke til i naturen.
- Eg er kjempeinteressert i steinar og har ei flott
steinsamling heime, fortel Andre som drøymer om å
bli arkeolog. Dermed er samtalen brått dreia over på
ei klebersteinhylle i nærleiken av varden på Ingahogg.
- Der har me rissa inn namna våre, og me kan sjå at
pappa gjorde det same då han var 5 år. Bestemor og
bestefar sitt namn er der og. Eg trur det er rissa namn
der i 250 år, fortel Kristian samstundes som gutane
fortel at pappa har spika ein bjørn i kleberstein.
Kristian syns og det er kjempegøy å gå fjelltur i
mørket, og legg ut om ein tur saman med faren til
Storhaug.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 20
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Fisketur på Vikastølen
Skikkeleg fjellstav må ein friluftskar ha. Oktobertur.
Kristian ca. 5år gammal.
Koseleg på tur
Sliten etter å ha gått opp lia i vårsnøen. På leit etter tiur.
Åkra
På ridetur til Bjellandsvatnet.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 21
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Orreleik er flott
- Det er så trygt og godt i skogen, og mykje koseleg å
prata om. Ein gong overnatta vi under open himmel.
Det var fantastisk, med stjerneklart ver, satellittar og
stjerneskot. Då ønskte eg meg ein Snickers-sjokolade,
og den fekk eg på butikken dagen etter.
Faren supplerer med at det er ikkje alltid dei store
turane som skal til. Dei har hatt mange kjekke
overnattingar i telt både i hagen og på terrassen.
Intens nikking frå gutane stadfester at dei er einige.
På nokre av turane er og mamma, Claudia, og
veslesystera Katrine på 5 år med. Det er ekstra kjekt.
- Katrine er blitt veldig flink. Ho går til Storhaug, og
første gongen ho reid på hesten til onkel Trygve, var
ho kjempeflink, berettar storebroren stolt, og held
fram medan han vert supplert av Andre: - Mamma trur
eg må vera den beste mammo som gjev oss lov til å
oppleve dette!
- Ja, det kjem vel med at eg slepp å halda ho med
selskap med chips og dip kvar fredagskveld, legg Jan
lunt til.
- Lars Monsen er vårt største førebilete, fortel dei to
gutane, ja, ja utanom pappa då, legg dei til etter å ha
tenkt seg om. Dei har sett mykje på Lars Monsen sine
program på TV og på nettet, og dei har vore og høyrt
på han i Etne. Dei er imponert over formidlingsevna
hans.
– Men jammen er pappa flink til å fortelja og! Han
har to favorittar: Beveren og elgen og Reven og
harepusen som han fortalde til oss då me var små.
Dei er like kjekke enno! Og så er det så kjekt å høyre
når han fortel om det han gjorde då han var ung,
seier dei to nærmast i kor, og ansiktsutrykka
understrekar det dei nett sa om førebilete.
Planar om nye eventyr har dei flust av! Rypejakt ved
Folgefonna, dykking i Åkraelva og tur til Femunden
er noko.
Godt med ein blund under open himmel.
– Me har så mykje planar at, avsluttar Kristian.
Eg er imponert over kunnskapen dei to gutane har
tileigna seg . Det er tydeleg dei brenn for livet i
naturen . Og dei får mykje med på kjøpet.
Oversikten når det gjeld lokale stadnamn og
lokalhistorie elles har vore imponerande gjennom
heile samtalen. Sjølv om dei er hekta på friluftslivet,
syns dei og andre ting er kjekt: fotball til dømes.
Padletur er også kjekt
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 22
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth
Kokosbringebær
Tid: 40 minutt
Ca 35 stk
150 gr kransekakemasse
1 dl tjukt bringebærsyltetøy
3 dl revet kokos
Riv kransekakemasse på eit rivjern. Tilset
syltetøy og kokos. Form til små runde boller.
Oppbevar konfekten kjølig.
Trøffelegg
Tid: ca 45 minutt
4 stk
Du treng :
4 egg
Olje
Fyll:
225 gr mørk sjokolade
25 gr smør eller margarin
1 dl kremfløyte
0,5 dl melis
Pynt:
smelta mørk sjokolade
sjokoladestrø el 2 dl melis
½ eggekvite
Konditorfarge
Stikk hol i begge endane på egga. Holet i den
butte enden kan vera størst.
Blås ut innhaldet med hjelp av eit sugerøyr. Skyll
eggeskala med varmt vatn. Set dei i ein
eggekartong så vatnet får renne ut. Hell litt olje i
kvart eggeskal, og vend på egget slik at olja
fordeler seg inne i egget.Set skalet med eine holet
ned så olja får renne ut.
Brekk sjokolade i små bitar. Smelt den saman
med smør over vannbad. Kok opp fløyte og rør
inn saman med melis i sjokoladen. Rør
trøffelmasen heilt glatt. Fyll den i
papirkremmarhus, og fyll dei tomme eggeskala.
Trøffelen stivnar ganske snart, så du må fylle
egga når trøffelen er varm.
Set egga ein kjølig plass nokre timar.
Server egga i skalet sitt, evt kan du dekorere dei
med vannmaling. Du kan og ta av noko av skalet
på toppen og pensle sjokoladeegget med smelta
sjokolade og så strø sjokoladestrø på.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 23
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Karamellfylte sjokoladeformer
(glutenfrie)
Tid: ca 1 time pluss tid til å stivne
16 stk
100 gr lys kokesjokolade
Fyll:
1 dl kremfløyte
½ dl sirup
½ dl sukker
1 ts vaniljesukker
Smelt sjokoladen over vannbad. Glaser innsida
og botnen av små konfektformer av metall med
den smelta sjokoladen. La dette stivne.
Kok opp fløyte , sirup og sukker i ca 15 minutt
til ein tjukk karamellmasse. Tilset vaniljesukker.
Ha litt av massen i formene. Dekk dei med
smelta sjokolade. La formene stivne på ein
kjølig stad.
REDAKSJONEN SINE FAVORITTAR!
Helena: Havrekjeks med sjokolade i
midten.
Jul for Helena:
Når pappa er nisse og når nissen
kjem inn.Familien min.
Emma: Kakemenn
Jul for Emma:
Jul, tenkjer på feiring med familie.
Nissen som kjem.
Ha snøballkrig og aka i snøen.
Eta den gode julematen og desserten.
Snø og aka.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 24
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Julesteming frå Gardsbarnehagen
Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth
Madel, Helene og Andrea koser seg ute. Dei har nettopp funne egg.
Vi såg at tidligare avisredaksjonar hadde
vore i barnehagen ved skulen og intervjua
dei om jula. Difor bestemte vi oss for at vi
ville opp å besøkja Gardsbarnehagen i år.
Vi blei teken godt i mot og møtte mange
som ville snakka om jula med oss.
Helene Bjørnebøle
Kva er det besta med jul
-Masse familie
Kva ønsker du deg til jul.
-Ny jakke
Korleis feirte du jul når du var liten.
-I lag med mamma og pappa og vi åt god mat
Kjøper du juletre eller finer du eit.
-Kjøper
Kva jule fodredelse har dåke
-Baking og julemusikk
Kva pake vil du ha mjuk eller hard
-Ja takk begge deler
Kva liker du å gjerai jula
-Slappe av og sjå koselige filmer
Kvem har du feirt jul med
-Foreldre, svigerforeldre og familie
Liker du best å feira jul heima eller vekke
-Heima
Madel
Kva er det besta med jul?
-Eta.
Kva ønskjer du deg til jul?
-Traktor.
Kva har du til julamat?
-Kaka og pinnakjøt.
Kjøper du juletre eller finer du eit?
-Finn i skogen.
Kva pakke vil du ha, mjuk eller hard?
-Mjuk.
Kva liker du å gjera i jula?
-Eta snop.
Kven har du feira jul med?
- Mamma pappa og Victoria.
Liker du best å feira jul heima eller vekke?
-Heima.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 25
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Ingrid, Alexandra, Randi og Madel skal til å eta frukt.
Alexandra
Kva er det besta med jul?
-Å leika.
Kva ønskjer du deg til jul?.
-Leike.
Kva har du til julamat?
-Kaka og pinnakjøt.
Kjøper du juletre eller finn du eit?
-Finner i skogen.
Kva pakke vil du ha, mjuk eller hard?
-Mjuk.
Kva liker du å gjera i jula?
-Eta snop.
Kven har du feira jul med?
-Mamma, pappa, Markus og Bjarne.
Liker du best å feira jul heima eller vekke?
-Heima.
Randi Nybakk
Kva er det besta med jul?
-Tenne stearinlys.
Kva ønskjer du deg til jul?
-Ny dyna og puta.
Korleis feirte du jul når du var liten?
-Med farmor og bestemor og familie.
Kjøper du juletre eller finn du eit?
-Kjøper plasttre for det er allergi i huset.
Kva pakke vil du ha, mjuk eller hard?
-Mjuk.
Kva liker du å gjera i jula?
-Sova lenge.
Kven har du feira jul med?
-Næraste familien.
Liker du best å feira jul heima eller vekke?
-Heima.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 26
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Telegrafen i Uskedalen - del 2
Av Gerd Stoknes, Herøysundet
Redigert av Kristian Olav Bringedal
Telegram på 22 ord
frå Olav Bringedal
på MT GARD til
brudeparet Klara ( f.
Mæland ) og
Torvald Karlsen,
sendt over Bergen
Radio 10.juni 1951
kl. 07 frå
Rødehavet. Signert
Sunde ( bud ).
Fra Rødehavet jeg
et ønske vil sende,
gid hell og lykke
aldrig må ende.
Gratulerer
Dette innlegget er ein av fleire artiklar om handel, post, DS
kai/ekspedisjon, hermetikkfabrikk og telegraf på Beinavikjo.
Vi syner til Uskedalsposten 1/2014 der Arnhild Myklebust
fortel om det å koma til bygda for å arbeida på Telegrafen og
seinare på stasjonen i Teigen. Vi føl opp dette tema og let
Gerd Stoknes frå Herøysundet dela sinne livsminne frå
arbeidet på Telegrafen.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 27
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Beinavikjo 1960, Telegrafen leigde heile 2. høgda i det nye murbygget til venstre på bilete.Foto:Uskedal Ungdomslags
fotoarkiv, Aslaug Lyse
Herøysundet: Kristi Mehl frå Rosendal, Bjørg Tornes
frå Flatråker, Ingebjørg Dønhaug frå Herøysundet og
Kristine Nordheim frå Norheimsund.
Telegrafbestyrer Valvatne flytta til Uskedalen og
budde i 2. høgda på Beinavikjo. Dei andre fast tilsette
frå Herøysundet var busette og hadde familie der. Dei
hadde avtale om drosjeskyss og delte på
transportkostnadene . Nokre år fekk dei eit lite
skysstilskot frå Telegrafverket.
Systrene Sofie Haugse og Gudrun Isaksen ( fødde
Myklebust ). Begge hadde arbeidet sitt på Telegrafen,
Gudrun frå 1928 til 1971, Sofie frå 1935 til 1971. Sofie og
Gudrun er tildelt Deltakarmedaljen ( 1946 ) for tapper
innsats som sambandsoperatørar på telefonstasjonen i
Uskedalen krigsdagane i april 1940. Gudrun var styrar på
telegrafen på denne tida.
Telefondamene
Kontrollstasjonen i Herøysundet vart lagt ned seint på
hausten 1951 og flytta til det nye bygget på
Beinavikjo. I tillegg til dei damene som er nemnde i
intervjuet med Arnhild Myklebust, må vi ta med
systrene Gudrun Isaksen og Sofie Haugse. Dei hadde
lengst tenestetid og var dei eldste på stasjonen.
Frå Herøysundet kom desse med til Uskedalen:
Telegrafbestyrar Valborg Valvatne og damene Olga
Bie, Hannemor Bringedal, Clara Myklebust, Målfrid
Torkelsen og Gerd Stoknes. Så må vi ta med
unggjentene som alle fekk opplæring på stasjonen i
Livsnerve og møteplass. Post og telefonsentraler batt
bygdene saman og opna sambandet til utanverda.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 28
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Butikken
Ved flyttinga frå Herøysundet til Uskedalen i 1951 var
framleis butikken i Gamlehuset. Der dreiv seniorane
Sigurd Arnesen og Karina Arnesen.
Seinare, då
butikken vart flytta over i det hye bygget, var det
junior Sigurd Arnesen ( Siggen ) og kona Olga Helene
som dreiv handel. Det var ein god butikk med eige
bakeri og eit stort og variert vareutval.
Rikstelefon 1918-kopling bord og veggmodell.
Telefondamene utan familie og fast bustad flytta og
budde på hybel i Telebygget. Mange kom til etter
kvart. Nokre fekk opplæring ved Uskedal stasjon.
Andre kom hit fordi småstasjonane på bygdene vart
nedlagde.
Andre funksjonar
Helge Ripel frå Dimmelsvik var ein stødig montør. I
heile sitt vaksne liv var han tilsett i Televerket. Så var
det dei som hadde oppgåva som teknisk fullmektig,Ein Hansen frå Nord Noreg og ikkje minst Ole
Woxmyr frå Tvedestrand.
Vi hadde god utsikt til Skorpo. Kvar morgon kom
Bernt Langballe tøffande i ein liten motorbåt fullasta
med store mjølkespann. Nokre gonger kom
tenestejenta,Sølvi, åleine. Ho var ei sterk dame og
lempa dei tunge spanna opp på kaien. Sølvi vart gift
Løyning og bur i dag i Herøysundet. Dei hadde fire
søner.
På kaien stod Arne på Sanden klar med lastebil for
transport vidare til Mjølkelagshuset og seinare til
meieriet på Seimsfoss.
Telegram
Det var to typar telegram, vanlege telegram og
festtelegram ( LX ) Med mange sjøfolk frå bygda,
kom det ofte helsingar over Rogaland eller Bergen
Radio. Telegrafiske helsingar vart anten henta i
skranken på Vikjo eller leverte på døra med bud.
Av reingeringspersonalet tek vi med fru Fykse. Ho
budde i 3. høgda og i ledige stunder sydde ho for folk.
Rakel Ljosnes var den av alle som hadde lengst
tenestetid på vask.
Så var det bud, mellom anna Aslaug Sunde.
Det nye bygget
Ved flyttinga kom vi alle til eit nytt, stort og flott bygg
med store og romslege lokale. Telegrafverket leigde
heile 2. etasje. Med eit eldre og brukt
sentralvarmeanlegg frå ein bystasjon i Bergen, kunne
det vera vanskar med halda varmen i romma. Murhus
med dårleg isolasjon og tynne vindaugo gjorde sitt til
at det ofte var kaldt. Bygget stod halvvegs ut i sjøen
og på vindfulle dagar rista bygget. Vi var ofte redde
når storstomen slo til.
Telegram over Bergen Radio til Ingeborg ( f. Skeie )
Bringedal, henta i skranke i Bergen, 30. juli 1945. Mannen
hennar, skipsførar og krigsseglar Knut O. Bringedal,
mønstrar av MT GEISHA
( Knudsen OAS ) 9. august 1945 og kjem heim til
Uskedalen straks etter.
Nokre helsingar hadde faste tekstar. Av julehelsingar
tek vi med to tekstar som ofte vart brukte.
Helsing frå sjøen:
« Samme julestjerne, kjære står og lyser på vår vei.
Ingen avstand, ingen breddegrad kan skille deg og
meg «
Helsing frå heimen:
«Når juleklokker kimer sin hilsen over jord,
i julens stille timer går tankane ombord»
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 29
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Vaskedama på skulen
Av: Emma Myklebust Ripel og Helena Kjerpeseth
Likar du jobben din?
-Ja det er veldig triveleg og eg møter masse folk.
Kor lenge har du jobba som vaskedame på
skulen?
-13 år.
Korleis er det å vaska toaletta kvar dag?
-Litt opp og ned, men det går stort sett greit
Jobbar du åleine eller ilag med nokon?
-Ja stort sett jobbar eg åleine, men av og til kjem
det andre.
Kor mange gonger har du vaska 5.klasse sitt rom
i år?
-Anna kvar dag.
Kva er endra når det gjeld vask før og etter
oppussinga?
-Veldig masse skit etter oppussinga.
Kva synest du om å vaske når alle elevane er på
skulen?
-Går fint, heilt greit.
Har du nokon gode vaskeråd til jul?
-Ein treng ikkje så mykje såpe i vatnet som vi
gjerne brukar.
Kva er yndlingsjulematen din?
-Pinnakjøt.
Biletet til venstre: Ingunn Olsen har vaske på skulen vår i
mange år. Takk skal du ha!
JULEPRESANGER!
HUSFLID PRODUKTER
HAGE PRODUKTER
TRYKKING PÅ DIV. ARTIKLER
SALG AV VED
VASKERI:
-dyner, madrasser, tepper, klær, soveposer,
kjeledresser m.m.
RETRO BRUKTBUTIKK:
Lonavegen 18, Husnes. Tlf.952 15 155
KV AS TLF: 53 47 55 00
epost: [email protected]
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 30
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
”La oss gjøre det gode og ikke bli trette”
Av Ola Matti Mathisen
Det var bra frammøte denne dagen i starten på 1990-talet. Frå vinstre sit Hanna Sunde, Kristbjørg Arnesen, Margit
Myklebust, Jenny Haugland og Agnes Nerhus.
Frå vinstre står Edith Sunde, Jorunn Svåsand, Sofie Kristoffersen, Helga Haugland, Margrethe Hansen, Fretsy Myklebust,
Ruth Stormoen og Solveig Haugland Olsson.
”La oss gjøre det gode og ikke bli
trette, for vi skal høste i sin tid”.
Dette sitatet frå Galatarbrevet gav hovudkasserar
Rolf Jacobsen i Den norske sjømannsmisjon att
då han takka for seg i 1969. Opp gjennom åra
forfatta han rørande mange varme takkebrev til
foreningane for innsatsen og ein av dei var den i
Uskedalen. Det var all grunn til å takka, for i
1950 hadde den tradisjonsrike basaren i
Helgheim til dømes gjeve eit overskot på 1690
kroner og det var mykje pengar den gongen. Til
saman i Bergen og Hordaland krets som var den
største i landet med sine 416 foreningar hadde
det på 100 år kome inn 12 millionar til det
verdsomspennande arbeidet. Og
Sjømannsmisjonen var saman med
Redningsselskapet det lag som ga størst
basarutbytte her i bygda.
Mange tykte nok det var vemodig då foreningen
her la inn årene etter 100 år i 1991, men det var
ingen annan utveg: Formann Solveig Haugland
Olsson hadde vore leiar i 10 år og helseomsyn
kravde sitt. Men det var ein lokal epoke som
dermed vart avslutta, ettersom det var
generasjon nummer 3 som kasta inn handkledet.
Takkebrev frå leiinga til foreningen i Uskedalen
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 31
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Stikkene går og dei som strikkar er (frå vinstre) Hanna
Sunde, Sofie Kristoffersen og Fretsy Myklebust (Foto:
Privat)
Pengetelling dagen etter ein av basarane (Foto: Privat)
Solveig med diplomen som mor hennar fekk av leiinga.
(Foto: Ola Matti Mathisen)
Jacobine ”Bino” Haugland hadde vore formann til
1960 og Jenny ”Mollo” Haugland frå 1972 til 1981.
Jenny, mor til Solveig, fekk sin fortente takk i form av
ein diplom i 1992. Der takkast og heidrast ho for
trufast teneste.
Men billedmaterialet ber bod om at strikkepinnene
gjekk til siste slutt – for å skaffe basargevinstar.
Basarinntektene var noko varierande, men i den fyrste
etterkrigstida var dei naturleg nok relativt stabile:
Til dømes var dei 1575 kroner i 1947, 1740 i 1952 og
2542 i 1954 men gjer vi så eit sprang til 1980 kjem
ein opp i 9000 kroner. Basaren var alltid både laurdag
og sundag seint i februar, og det var vanleg å få
avgarde 50 pakkar til sjøfolka til jul. Ein rapport frå
1986 fortel at 5 pakkar var kome inn under
gudstenester i kyrkja, at det var kjøpt gåveting for 829
kroner til 27 pakkar og samla inn 12 pakkar i
butikken. Dette vart tilsaman 44 pakkar. Kjøpet
omfatta mellom anna bøker, sokkar, løparar og labbar.
Under basaren var det ein vanleg programpost at
nokon frå misjonsleinga synte film frå verksemda
rundt om i verda. Gjennom året var det også mykje
anna som skjedde, til dømes kretsstemne og andre
stemnar.
Pakkene var minst like aktuelle som 25 år tidlegare.
Og så måtte ein ikkje gløyma brevet som skulle liggja
inne i pakka! Leiinga meinte det var det viktigaste og
anbefalte at det vart skrive eit felles brev i foreningen.
Det røyna på mot slutten på 1980-talen, men
kretsleiinga streka under at det framleis var bruk for
misjonen på alle felt der dei hadde sitt arbeid.
-Så lenge det er båter å betjene vil våre kirker være
åpne. Det er økonomien som sier stopp for mange
stasjoner og det merkes mer og mer at utgiftene stiger,
skriv kretsleiinga. Derfor er det så viktig at vi her
hjemme klarer å øke utgiftene, heitte det i eit
rundskriv.
Korleis er så situasjonen i dag for sjømannsmisjonen?
-Den har nå i 130 år vore representert i 20 til 30 land
samtidig og mottoet har heile tida vore ӌ fylgja den
norske flåten”. Etterkvart har det vorte færre sjømenn
frå Noreg og difor vert stasjonane no drive meir med
sikte på fastbuande nordmenn.
Kvitteringar frå ein av butikkane i Uskedalen fortel at
det var eit allsidig utval av gevinstar. I 1984
signaliserar leiinga i Bergen at dei treng mange pakkar Krumtappar i sjømannsmisjonen i Uskedalen rundt 1990.
også dette året, helst dobbelt så mange som sist.
Frå høgre sit Solveig Haugland Olsson, Jenny Arnesen,
Margit Myklebust og Kristbjørg Arnesen. (Foto: Privat)
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 32
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Bygdetunet Rød 30 år
Tekst: Kristian Olav Bringedal, Foto: Arkivfoto frå Kvinnheringen
Frå opnigsdagen 17. juni 1984. Margretha Dønhaug fortel om samlinga og gåvebrevet.
Bakgrunnen for Bygdetunet Rød er eit
gåvebrev frå Margreta og Sigurd Dønhaug
der dei vederlagsfritt overdreg ei samling
antikke og kulturhistoriske gjenstandar til
Kvinnherad kommune.
Ei storhending var det då Bygdetunet Rød fekk avtale
med Hallvard Rød om bruk av den gamle
tønneverkstaden nede ved sjøen.
Etter ei omfattande restaurering vart
Bøkkerverkstaden opna 17. september 1995. Etter det
har ein mest kvart år skipa til Bøkkerkveldar og andre
tilskipingar i sjøbua.
Dette var i 1969. det tok med andre ord
nær på 20 år før ein fann ei løysing på
plasserringa.
Av andre store hendingar må vi ta med:
1986: Stallen vert restaurert, vert i dag brukt til
lagring av gardsreiskapar
Bygdetunet Rød vart formelt skipa hausten
1981 då festekontrakt med grunneigar,
Leif Magne Framnes, vart underskriven.
Tunet er 2 dekar stort og er ein del av gnr.
121/bnr. 1 på Indre Rød.
1990: Kverna frå Døssland vert flytta og reist på Rød.
Trøskjelaget i Uskedalen vert oppløyst og overdreg
trøskjeverket til samlinga på Rød
Bygdetunet Rød vart opna av dåverande ordførar Jens
Arnesen sundag 17. juni 1984.
1994: Oppstart av programmet Jul i gamle dagar m/
Tutta Laukholm frå Sunnhordland museum. Har
seinare vore eit tilbod til skulane i Kvinnherad. Det
same med Eg byggjer meg ein båt.
Uskedal musikklag spelte og mange gjester og andre
møtte fram.
Kvart år etter dette har styret skipa til museumsdag
med utstillingar, konsertar, føredrag og andre
aktivitetar.
1993: Åfjordsfæring m/ rigg og segl: Gåve frå Dag
Helland. I 2002 fekk vi i gåve ein oselvar frå Einar
Lie.
1996: Atle Fredheim laga avstøyping av
klebersteinsform frå Døssland og utvikla ein serie
produkt for sal. Gåve til museet frå Torgeir H
Myklebust.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 33
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Grunneigar Leif Magne Framnes overrekkjer husnykkelen til
Kvinnherad kommune v/ ordførar Jens Arnesen
Frå restaureringa av kverna i 1990. Handverkar
Torgeir Helgeland legg mose som tetting og
isolasjon.
1998: Gåve frå Reidar Myklebust, Lars og Per
Myklebust: Jordmorutstyr etter jordmødrene Anna
Myklebust og Fredsy Myklebust.



2003: Lageret med mange reiskapar vert flytta frå
Eikelandet til løa på Rød





2009: Opning av kai v/ Bøkkerverkstaden. 2014:
Skjørt på kaien
2011: Ei rekkje gjenstandar: Gåve frå Hilda Guddal
2012: Vedlikehaldsarbeid på stovehuset og stabburet
v/ Godtfred Bakke
Kvart år har styret skipa til Museumsdag på Rød med
program, friluftsgudsteneste, føredrag, konsertar og
utstillingar.
Av viktige tema, ofte med utstilling, nemner vi:
 Smeden i arbeid m/ Torvald Sunde
 Traktorar, stasjonærmotarar, motorsyklar og
bulldozarar, i samarbeid med Olsen motorsamling
 Naturmedisin og naturlækjar Ole Olsvik, i
samarbeid med Sunnhordland museum
 Jakt og fangst før – utstilling av våpen, fuglar,
rottefeller og fotsakser
 Tvinning av bastatog v/ Ingvald Skålnes
 Husflid- og handverksutstilling
 Fiskataum av hestaharg v/ Ingvald Skålnes og Jan
Steinsland









Frå tust til trøskjeverk: Trøskjing av korn
Lafting v/ Ole Jacob Albrethson og ei kursgruppe
Fotoutstilling med motiv frå bygdetunet v/
Kvinnherad fotoklubb
Utvandringa til Amerika v/ Arne Sunde
Fotovern m/ foto av Ingemar Presthus
Husa i det gamle tunet v/ Bjørn Arve Lunde
1905 og unionsoppløysinga – kongebilete
Storfe og meieribruk i Kvinnherad v/ Berge
Sæberg og Bjørgulv Eik
Utstillinga Strandamålarane og Huldretime, med
Maria Malmsten og fl.
Utstillinga Litt av kvart v/ Thor H. Myklebust (
lagt til Helgheim )
Utstilling med bilete av Magnus Hardeland Madli
und` Apalen – dramatisering v/ Johanne Ø.
Tvedten og Maria Malmsten
Jens Tvedt: Djup Jord – dramatisering v/ Johanne
Ø. Tvedten
Heimelaga ski v/ Arne Høyland
I ljoset frå eld og ljore – den gamle årestova,
bustad gjennom 1000 år V7 Reidun Horvei, Laila
Kolve og Ole Didrik lerum
Postkort m/ lokale motiv v/ Aud Karin Løvfall og
Harald Sætre
Lokale slåttar v/ Einar Mjølsnes og Frank Rolland
Frå heimastrikk til mamelukk, tekstilutstilling i
samarbeid med Sunnhordland museum
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 34
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Torgeir Helgeland og Bjarne L. Rød flyttar og reiser
kverna frå Døssland i Uskedalen












Jacob Sande program
«Views of Norway» - utstilling m/ foto av Chris
Pedersen Myklebust
Klassisk konsert med Gjermund Fredheim og
Silje Hveem
Tun og landskap – utstilling av flyfoto ( Normann
). Kåseri v/ Ola Matti Mathisen
Grundtvig og den danske folkesjela - konsert m/
Sussi Bodin
“100 pluss”, levekår I Noreg I 100 år– kåseri m/
Åshild Ulstrup
Å sko hesten v/ Berven og Samson Feet
«Beskikket til jordmor» - utstilling og føredrag v/
Helga S. Tjønn
Stølsminne v/ Aslaug Eik
Dyra på garden – villsauer v/ Olav Hjetland
Bringedal
Bruken av seperator – kinning v/ Bjørgulv Eik
Utstilling med religiøse motiv v/ Marit Elisebet
Totland
Leif L. Kjærland i Uskedal Trøskjelag med trøskjeverket.
Gåve til Bygdetunet Rød i 1990.
Bøkkerkveldane
Bortsett frå året 2011 har det kvart år vore skipa til
Bøkkerkveld i sjøbua på Rød, heile 17 i talet.
Interessa har vore stor heile tida med eit frammøtetal
rundt 50 gjester.
Av faste programinnslag må vi ta med: Kjell Borge
Olsen med jazzgruppe, kåseri, bål i stranda, jubileum
og markeringar og matøkt med lubbesild og poteta.
Bøkkerverkstaden er elles ein populær møteplass for
ulike grupper,- fødselsdagar, blåturgrupper,
personalgrupper og ikkje minst for skuleklassar med
pedagogiske opplegg.
Sjøbua har til og med vore arena for brudlaup.
Ut frå ei samla vurdering kan vi trygt sei at
Bygdetunet Rød er ein markert kulturinstitusjon med
eit godt omdøme og ein sterk programprofil.
Det er uvisst om ein maktar å halda oppe like stor
aktivitet i framtida. Tunet treng betre vedlikehald og
eit løft for at det skal bli ein tenleg samlingsplass med
krav til innlagt vatn og toalett.
Overlevering og opningsmarkering
av Bøkkerverkstaden 17. september
1995.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 35
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Frå ein av dei mange museumsdagane på
bygdetunet. Ingvald Skålnes frå Åkra
trøskjer med tust.
Mykje folk samla på museumsdag,
Bygdetunet Rød.
Kom og ver med i Uskedal utvikling og sei di meining om gode tiltak og
utvikling av bygda.
•
•
•
•
•
•
•
Kafe Tiaren kvar tysdag heile året
Gamleskulen: Utleige og renovering av kjellaren
Nettsida uskedalen.no
Opne møte og styremøte våren 2015: 4. febr. ( årsmøte ), 4. mars, 15. april, 6. mai og 3. juni
Næring- og sentrumsutvikling
Profilering og turisme
Høyringspart i viktige saker
Har du gode saker, meld frå til styret eller til [email protected]
Medlemer: Verksemder, lag/organisasjonar og einskildpersonar
Betal kr. 250,- til konto: 3460.07.52350
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 36
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Teiknekonkurranse - Julemotiv
I samarbeid med Uskedalen.no har Uskedalsposten denne gongen ein teiknekonkurranse.
Teikn ein juleteikning med desse strekane som utgangspunkt. Teikningane vil bli presentert på
uskedalen.no. 2 vinnarar vil bli trekt ut og blir premierte med kvar sitt store badehandkle.
Teikningane kan sendast til [email protected] eller leverast på Spar i Uskedalen og merkast
Hobbyklubben /Teiknekonkurranse. Teikningane må merkast med navn, alder og telefonnummer.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 37
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
HUSNES STORSENTER - Tlf. 53 47 16 08
DIN LOKALE LEVERANDØR
TELEFON 53 48 61 01
Vi ynskjer alle våre kundar og leverandørar ei riktig god jul og eit godt
nytt år. Vi takkar for alle oppdraga i året som snart er til endes.
Stian Haugland tlf. 95 78 48 08
Tor Ove Haugland 90 51 14 71
Arne Johs. Haugland tlf. 95 78 62 39
Brekketoppen, 5463 Uskedalen
Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22



Bilutleie
Viking/NAF redningstjeneste
Sal av Tysse-tilhengarar
Leverar blomar til alle anledningar.
Velkommen inn – eller ring og bestill.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 38
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Julesnoptest!
Av: Emma Myklebust Ripel, Helena Kjerpeseth, Karsten H. Bjørnebøle og Sander Øye.
Testpanelet godt nede i julesnopet og steminga er høg.
I år er vi berre to i avisredaksjonen, så vi trong hjelp frå andre i Hobbyklubben til å
delta i julesnoptesten. Vi ville ha to gutar med oss, og det er vel ikkje nokon
overraskelse at vi fekk klare JA når spørsmålet kom. Vi fekk tak i 5 ulike
julesnopprodukt frå 5 ulike produsentar på Spar og rigga oss til i kjellarstova på
bedehuset.
Alle måtte beskrive smaksopplevelsen og gje terningkast.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 39
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Fyrste smak ut var Kinder julenisse.
Navn
Smakspplevelse
Sander
Den smaka godt og deilig. Den var fin og.
Helena
Den var fin. Den smaka Kinderegg
Karsten
Den var brun og fin. Smaka Kinderegg
Emma
Den såg god ut. Smaka Kindersjokolade
Terningkast
5
6
6
5
Neste test var Julevenner- nyhet frå Freia. Vi testa marsipanbiten som var innpakka og ein rein
sjokoladefigur.
Sander
Helena
Karsten
Emma
Marsipanen var ekkel. Det finnest ikkje terningkast!
Sjokoladefiguren var deileg
Marsipanen var ikkje god. Ingen terningkast!
Sjokoladefiguren var veldig god!
Marsipanen var ekkel. Denne vil eg ikkje anbefale!
Marsipanen var ikkje god! Eg anbefaler ikkje denne!
Sjokoladefigur får 5
Marsipan får 1
Sånn kan det gå viss vi et for mykje julesnop..
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 40
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Test nr 3 var Nidar Julemarsipan. Vi testa den grøne marsipanen og ein rein sjokoladefigur
Sander
Sjokoladefiguren anbefaler eg! Den hadde nøttesmak.
Sjokoladefigur får 5
Marsipanfiguren kan ikkje beskrivast, var ikkje god
Helena
Først kjente eg ikkje marsipansmaken, men så kom den,
Marsipan får 1
og den var ikkje god. Sjokoladen smaka litt nøtter
Sjokoladen får 3
Karsten
Marsipanbiten likar eg ikkje! Sjokoladen var nam,nam.
Marsipan får 1
Sjokoladen får 3
Emma
Sjokoladefiguren var litt god, men eg likte ikkje
Sjokoladen får 3
nøttesmaken.
Neste pose ut er Brynhild sin Julemixpose. Her testa vi ein kvit skumpresang, lakrisbåt og ein
raud fruktgelenisse.
Sander
Lakrisen var god. Den var skumaktig og mjuk. Skumbiten Larkis får 5
var kjempegod og mjuk. Seigenissen var og kjempegod
Skum får 6
og litt rar smak.
Gelejulenissen får 4
Helena
Lakrisen var litt god. Skumbiten var veldig god, det var
nissen og
Karsten
Lakrisen var ok. Skumbiten var fin og veldig saftig.
Nissen var fin. Litt seig, god og rar.
Emma
Alle såg gode ut unntatt lakrisbåten. Den var klissete og
ikkje god. Nissen hadde god smak, det hadde
skumpresangen og.
Larkis får 5
Skum får 6
Gelejulenissen får 4
Larkis får 3
Skum får 4
Gelejulenissen får 4
Larkis får 1
Skum får4
Gelejulenissen får 5
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 41
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Så var det Haribo sin juleskum som stod for tur. Det var veldig mykje lukt når vi åpna posen.
Vi smakte den rosa biten.
Sander
Denne smakte jordbær.
3
Helena
Det smakte skum.
5
Karsten
Denne ser grei ut. Litt rar smak. Seig.
3
Emma
Smakte skum og var litt seig.
3
Siste testbit var Nidar julemarsipan. Gris med sjokoladetrekk.
Sander
Marsipanen likar eg ikkje, men god sjokoladesmak utpå.
Helena
Eg smakte ikkje på marsipanen. Eg har smakt alt for
masse marsipan allerede!
Karsten
Eg fekk det beste stykket på grisen. Den var god, men eg
fekk ein ettersmak som ikkje var god.
Emma
Denne var litt god.
4
2
4
3
Resultatet etter litt vurdering etter at alle smakane var komt litt på avstand, vart at 3 hadde
Kindernissen som favoritt mens ein hadde Brynhild sin julemix som favoritt.
Så var det ut i frisk luft med mykje meir energi i kroppen! Alle i testpanelet gleda seg til jul og vil nok
anbefale sitt favoritt julesnop når familien skal kjøpe snop til jul.
Kåring av favorittar!
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 42
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
…..med klær fra
Halsabrotet 90
5463 USKEDALEN
Mob.95 03 26 64 / 90 10 52 85
E-post: [email protected]
www.muslandmaskin.no
REPARASJON AV HVITEVARER OG EL.VERKTØY
VI SEL MITSUBISHI OG PANASONIC
VARMEPUMPER
SUNNHORDLAND ELEKTROSERVICE AS
NAUSTHAUGEN 2
5463 USKEDALEN
SERVICE TELEFON: 99 22 38 33
[email protected] - www.sunnel.no
God Jul og Godt Nytt år
Husnes Storsenter
5460 Husnes
Tlf: 53 47 16 26 – Fax: 53 48 12 97
[email protected]
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 43
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
KVA SKJER I JULA?
Uskedalen Bedehus
Desember
1. desk l. 17.00-18.30 Røystene
3. des, kl. 19.30 Møteveke NLM
4. des, kl. 19.30 Møteveke NLM
5. des, kl. 19.30 Møteveke NLM
6. des, kl. 19.30 Møteveke NLM
7. des, kl. 11.00 Møteveke NLM
8. des. kl.17.00 -18.15 Søndagssk.
Gullivergjeng/Tårnagentar
8. des. kl. 17.00 - 18.30 Konfirmantgruppa
8. des. kl. 19.00 - 20.30 Hobbyklubben
10. des. kl. 10.00 - 11.30 Småbarnstreff.
11. des. kl. 17.30 – 19.00 Dei Kreative
27.des. kl. 17.00 Julefest for små og store.
Kvar onsdag kl. 18.30 Bønemøte i peisstova
Uskedalen Kyrkje
JULEFEST
FOR SMÅ OG STORE
Uskedal bedehus
Lørdag 27. des. kl. 17.00
Av program nemner vi:
•
•
Innslag av Hobbyklubben
Gerd Helene Christiansen spelar fiolin og
syng
• Song av Tårnagantane/Gullivergjengen
• Andakt v/Anne Kristine Christiansen
• Matøkt og posar til borna
• JULETREGONG, m m
VELKOMMEN TIL SMÅ OG STORE.
JULETREFEST
Grendahuset Vonheim
søndag 28. des. kl. 18.00
Tale, juletregang, leikar m.m
Kansje kjem nissen med noko til
borna.
Ta med kaffi og noko å bita i.
7. des kl. 15.30 Lysmesse
14.des kl. 19.00 Julekonsert.
24.des kl. 14.00 Julekveldsgudsteneste.
Redaksjonen:
Emma M. Ripel
Helena S. Kjerpeseth
Ola Matti Mathisen (leiar)
Tore Mathiesen (leiar)
Britt Torill M. Mathiesen (leiar)
Trykkeri: Kvinnherad Vekst AS,
Uskedalen
Alle er hjarteleg velkomne!
Kontakt:
Hobbyklubben
v/Tore Mathiesen
Muslandsvegen 144, 5463 Uskedalen
Tlf: 93 83 94 45
Ola Matti Mathisen
Tlf: 99 37 13 25
E-mail: [email protected]
Utgiver av Uskedalsposten er Hobbyklubben i
Uskedalen som er ein barne- og ungdomsklubb frå
5. kl og oppover. Vi har aktivitetar på bedehuset i
Uskedalen anna kvar mandag frå kl. 19.00 -20.30.
Jula 2014
USKEDALSPOSTEN
Side 44
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Juleevangeliet
I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.
Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var
landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som
heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman
med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida
då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei
krubbe, for det var ikkje husrom for dei. Det var nokre gjetarar der i området som var
ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel
framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.
Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor
glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er
Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg
i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og
song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»
Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn
til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så
skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei
fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde
på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og
grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt
og sett; alt var slik som det var sagt dei.