LANGSOMT går det opp for han at han lyttar like mykje med beina i

LANGSOMT
går det opp for han
at han lyttar like mykje
med beina i kroppen
som med øyro.
>
STEIN VERSTO
INNFALDA TID – MINNE
--
n KVITESEID
SYLVSMEDKUNSTEN I KVITESEID Sylvsmedkunsten er gamal i Kviteseid. Alt i 1661 kom
sylvsmeden Olav Grå, og litt seinare i 1718, Jens Erland. Hjå Gullsmed Aabø i Kviteseid kan du sjå
eit stort utval av handlaga bunadsylv etter gamle originale telemarksmønster. Her vert det laga
bolesyljer, slangesyljer, veskelåsar, malir, bunadknappar, halsringar og mykje meir med kjærleik
til tradisjonen i Telemark. I butikken attmed verkstaden er det også utstilt brudebunad med både
lad og krone.
UTSONDHALLI PÅ KVITESEID BYGDETUN På bygde-tunet finn ein Utsondhalli med
skulpturar etter bilethoggaren Gunnar Utsond (1864-1950). Særutstilling om sommaren.
Ope 15.6-11.8 dagleg kl 10-18. Tlf 35 06 90 90, www.vtm.no
GALLERI SØLVSMEDTUNET I VRÅDAL Permanent utstilling med bilde av Torstein Rittun.
Sommarutstilling i juli månad. Tlf. 35 04 72 33. www.solvsmedtunet.no
GALLERI LALLA I VRÅDAL Samling av den kjente dansk-norske kunstnaren Louis Moe.
Louis Moe var samtidig med Th. Kittelsen og har same motivkrets som han. Heilårs ope, mån.-fre.
kl 9-17 og laur. kl 9-14. Elles etter avtale. Tlf. 48 15 91 37.
GALLERI SAMVIRKE I VRÅDAL Vrådal og Fyresdal Målarklubb stiller ut eigne arbeid og har
særutstillinger der lokale kunstnarar vert representert. Fast utstilling med arbeid av vrådalskunstnaren Solveig Muren Sanden, kjent for Smørbukk, Tuss og Troll. For opningstider, ta kontakt med
turistinformasjonen i nabobygget. Tlf. 48 15 91 37.
n SELJORD
KULTURSENTERET SNEIET i Åmotsdal byr på kunstmuseum og handverksutsal. www.evabullholte.no
Tlf. 35 05 00 66 / 97 52 91 11.
GALLERIET PÅ NES "Kortreist og langreist". Variert utstilling, forskjellige stilartar. Ope kvar dag 12-17 unntatt
måndagar fram til søndag 4. august. Tlf.: 915 68 682.
TELESPINN i Svartdal driv med spinneri og foredling av
Mohairprodukter. Utsal av produkt og omvisning for grupper.
Tlf. 35 70 94 00/97 78 88 18, www.telespinn.no
KUNSTLÅVEN i Seljord viser samtidskunst på sommarutstillinga. Ope frå 1. juli til 11. august kvar dag frå kl 11-18.
Resten av august ope for omvising for grupper. Tlf. 35 05 03 55 /
95 05 24 32. www.seljordkunstforeining.no
GALLERI NUTHEIM i Flatdal har kunstutstilling med kunstnarar knytt til Flatdal. Tlf. 35 05 21 43, www.nutheim.no
FIRINGAN KALLIGRAFI er ein kalligrafiverkstad med
utstilling av Borghild Telnes sine arbeid.
Tlf. 48 03 00 97, www.firingan.com
Telespinn i Svartdal.
SELJORD MÅLARKLUBB held sommarutstilling frå
5. juli til 4. august fra 12.00 til 18.00. Sal av måleri,
akvarell og trykk samt bøkar. Årets utstilling held
til i aulaen på Seljord Ungdomsskule.
33