Last ned PDF - Nordfjord folkehøgskule

Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord
Skuleåret 2016/17
Statsraaden
Jostedalsbreen
Tinderangling
Sykkel
Ski
Ti friluftslivlinjer
Drøssevis av valfag
Eksklusive prosjektveker
Foto: Audun Halveg Iversby
ÅRET PÅ NORDFJORD På tur
med Statsraad Lehmkhul, stisykling,
Jostedalsbreen, revy, toppturar og kystveke,
for å nemne noko av alt det du får oppleve.
KVA DU LÆRER Fem elevar fortel kva
dei lærer på Nordfjord folkehøgskule.
NORDFJORD
Annonsemagasin for Nordfjord folkehøgskule – friluftslivskulen mellom
bre, fjell og fjord
SOSIALE MEDIA Møt oss på Facebook,
­Twitter, Instagram, YouTube og Vimeo.
LINJEFAG Vi har heile ti linjefag på
Ansvarleg redaktør: Tore Humstad
Prosjektleiar: Odd Harald Halse
Design: OP Designstudio
Opplag: 8000
menyen. Finn ei linje som passar for deg.
VALFAG OG PROSJEKTVEKER
Velg ­mellom 50 valfag. Og så kjem fire
prosjektveker på toppen.
KONTAKTINFO
Nordfjord folkehøgskule
Vereide, 6823 Sandane
Tlf 58 86 80 40
[email protected]
2 * NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
24
Sjekk friluftslivskulen.no for søknadsskjema, oppdatert informasjon, foto,
film, turrapportar og meir.
PÅ NETT
12
K VA D U
LÆRER
Foto: Stian Gustafsson
Les meir om fagprofilen og verdigrunnlaget til skulen på friluftslivskulen.no
SØKNAD OG SØKNADSFRIST
Vi har ingen søknadsfrist men startar
opptaket 1. februar. Dei siste åra har vi
hatt stor pågang, og enkelte linjer blir
raskt fullteikna. Det er lurt å søke i god
tid før opptaket.
13
Foto: Ola Skråmestø Nesheim
Tore Humstad, rektor
OM SKULEN
Etablert i 1923
Friluftslivskule sidan 2000
Eigd av Normisjon, region Sogn og
Fjordane
Elevplassar: 135
Gjennomsnittsalder: 20 år
Kontonummer for gåver og betaling:
- Skulen: 3000.15.28560
- Kompetansefond: 3000.32.54107
- Bistand: 3705.13.05842
søkjer skuleplass, kva skuleåret kostar og
meir til.
Foto: Stian Gustafsson
Friluftslivet er også ein fin arena slik sett. Det
er fint i seg sjølv å oppleve naturen på nært hald.
Men så gir det oss også ein sjanse til å oppleve
meining på ein veldig konkret måte. Når vinden
pressar på frå nordvest, så gir det meining å søke
ly i søraust. Når snøen sprekk opp under skia
og du ser teikn til skredfare rundt deg, så gir
det meining å oppsøke eit tryggare terreng. Når
du på seminar får høyre historier om effektiv
nødhjelp, så gir det meining å engasjere seg i
bistandsarbeid. Når du lever tett på menneske
som er forskjellige frå deg sjølv, så får du innsikt
i nye kvalitetar du kanskje ikkje visste om. Då gir
det meining å danne nye vennskap. Og når du får
sjå gleda hos ein medelev som tar nye personlege
steg, så gir det meining å applaudere dette og
kanskje utfordre seg sjølv på same måte.
Med slike erfaringar i ryggsekken, gir det
også meining å bryte opp og reise vidare til nye
studiar og arbeidsliv når skuleåret er ferdig, sjølv
om det heilt sikkert blir vemodig.
Vi som jobbar her opplever iallfall at vi har
verdas beste og mest verdifulle jobb når vi får ta
del i opplevingane og sjå utviklinga til elevane.
Ikkje fordi det er ein jobb som gir spesiell status
eller eit avslappande liv. Heller ikkje på grunn av
resultatmåling og bonusar.
Men fordi det gir meining.
LINJEFAG
VA L FA G
Foto: Stian Gustafsson
For ei stund sidan, las eg om ein forskar som
definerte læring som ”å skape meining”. Ho
meinte at dersom ein verkeleg skal lære noko,
så nyttar det ikkje å sitte stille i eit klasserom og
lytte til læraren. Iallfall ikkje berre det. Ein må
også ut å erfare, kjenne, smake, prøve og feile.
Helst i samspel med andre.
Eg trur det er mange måtar å tileigne seg
kunnskap på. Vi menneske er skapt forskjellige,
og vi lærer på ulike måtar gjennom livet. På folkehøgskulen er oppdraget vårt å lære på litt andre måtar enn du kanskje er vant til frå vidaregåande skule eller universitet. Og heldigvis skal
vi ikkje konkurrere med desse skuleslaga. Vi
skal vere eit supplement og tilføye noko anna,
noko meir, til skulegangen og studieløpet.
På folkehøgskulen har vi ikkje eksamen og
karakterar. Vi kan derfor fjerne noko av presset dette eine året og heller tilføye meir lyst til
å lære. Lyst til å finne meining. Vi har ikkje
mange tradisjonelle klasserom hos oss, men vi
har desto fleire møteplassar. Du treff læraren
din i klatreveggen, i laussnøen og ved leirbålet.
Nokre gonger inviterer læraren klassen heim til
seg. Du treff kjøkkenpersonalet ved bufféten i
matsalen, du oppsøker husmor når du treng ein
støttebandasje og du klatrar i seglriggen med
rektor. Og medelevane har du rundt deg heile
tida. Iallfall stort sett. På rommet, ved bordet
og på tur. Eit flott miljø å leite etter meining i,
trur vi.
SOSIALE MEDIA
facebook.com/friluftslivskulen
youtube.com/friluftslivskulen
vimeo.com/friluftslivskulen
instagram.com/nordfjordfhs
#nordfjordfhs
HARDE FAKTA Finn svar på korleis du
14
Foto: Stian Gustafsson
Å skape meining
Foto: Anders Løvland
INNHALD
NORDFJORD
FRAMSIDEFOTO:
Framsidefoto: Glade sjømenn om
bord på Statsraad Lehmkuhl,
september 2015.
Foto: Stian Gustafsson
6
S TAT S R A A D E N
4
Året på Nordfjord
* 3
Synne Bråten, elev på Friluftsliv/Ski og surf
Nu er jeg stålsatt, jeg føler det bud
der byder i høyden å vandre!
Mitt lavlandsliv har jeg levet ud;
her oppe på vidden er frihet og Gud,
der nede famler de andre.
Henrik Ibsen
Foto: Matias Myklebust
Du kjenner tyngden fra sekken når du går opp den bratte motbakken. Bak deg
følger medelevene dine etter med like tunge sekker fylt med deres historier.
Historien din har du også med deg. På veg oppover sammen deler vi vekten,
historiene. Du kjenner hvordan vekten fra sekken letter når du nærmer deg
toppen. Når ansiktene blir lyst opp av solen på toppen av fjellet, kjenner vi ikke
vekten fra sekken lenger, alle historiene deles ut i den frie luften.
ÅRET PÅ
NORDFJORD
Eit folkehøgskuleår. 220 dagar
mellom bre, fjell og fjord. I stor
natur, med store opplevingar.
Men kva får ein gjort på 220 dagar?
Mykje. Veldig mykje. Og det beste
av alt: Du har eit suverent turfølgje.
4 * NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 5
Foto: Matias Myklebust
ÅRET PÅ
NORDFJORD
Foto: Stian Gustafsson
Foto: Nadezda Kustova
DET ER HAV
Foto: Stian Gustafsson
Om du snur deg 360 grader rundt, er det faktisk berre hav du ser. Heldigvis er det ei skute
under beina.
– Det var litt sånn Pirates of the Caribbeanaktig. Å stå opp, gå til vakt og faste oppgåver –
det var som å vere tilbake i gamledagar.
Nadezda Kustova er frå Moskva. Ho var på
segltur frå Nordfjord til Shetland saman med
147 medelevar og lærarar om bord i skuleskipet
Statsraad Lehmkuhl. Undervegs var alle med
som mannskap for å drive skuta. Alle elevane
er delt inn i vaktlag: Det er fire timar på vakt,
og åtte timar fri før ei ny vakt. Og slik går det
heile døgnet, heile veka. Det faste mannskapet
på båten organiserer vakter og arbeid, passar på
at alt går som det skal, serverer god mat til faste
tider, og underviser om hav, skip og segl når dei
får sjansen.
– Vi lærte kommandoar av mannskapet, og
måtte stå klare med taua for å motta kjappe
ordrar medan vi segla. Det var utruleg å stå på
dekk etterpå og sjå opp på dei store segla,
og vite at vi i fellesskap hadde fått dei
opp - og at det var vinden i desse
segla som dreiv oss
framover.
Foto: Matias Myklebust
Foto: Matias Myklebust
6 * NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
SYKKEL I DET FRI
Nokre fjell er til å sjå på. Nokre fjell er til å gå
på, og nokre er heilt klart til å sykle på. Når du
skal sykle på sti og fjell, er det best med eit terreng som ikkje er altfor bratt – i alle fall når ein
ikkje har drive så mykje med det før. Og rett
bak skulen er eit område som er spesielt godt
eigna til terrengsykling. Her finn du barskog og
lauvskog med mange fine stiar. Og for dei som
ynskjer seg lenger og tøffare turar, er det fleire
toppar i nærleiken.
Lærar Erlend Aunevik er ein ivrig stisyklar.
Han underviser i valfaget terrengsykling, og der
får elevane både lære og praktisere stisykling
og teknikktrening, bygging av bærekraftige
stiar, bruk av nærområde og gode møte med
andre brukarar av stien.
– Den flottaste ruta er den ned frå Haugsvarden, seier Erlend. Haugsvarden er eit fjell
på 862 moh, og ligg rett bak skulen. Langs stien
er det flott utsikt med fjord på begge sider, og
det er ein fantastisk sykkeltur. Turen endar opp
på skulen, og då har du fått nesten 800 høgdemeter med alt du måtte ynskje deg av sykling
og utfordringar.
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 7
ÅRET PÅ
NORDFJORD
JOSTEDALSBREEN
Foto: Per Momrak
Foto: Siri Hesland Engen
3
2
1
4
Foto: Jon Kjetil Fossli
Foto: Amalie Sætre Øyra
– Vi fann hola midt oppe på breen, det var rein,
blå is, det var utruleg fint nedi der! Seier Simen
Bjella. Som like godt tenkte at det var ein god
idé å gå ned i hola for å sjå meir. Med hovudet først. Jostedalsbreen, den største isbreen
i ­Norge, er eitt av klasseromma til Nordfjord
folkehøgskule. Den ligg som eit stort teppe
over fjella i Sogn og Fjordane med armar ned
i dalane. På seinsommaren og hausten er isen
blå og fin, snøen har smelta vekk, og sprekkene
og holene kjem fram. Då er det ideelt å vere på
breen for første gang og lære om stegjern, øks,
tau og å gå i taulag, og om breen og korleis den
veks, minkar og rører seg. Og medan dei andre
lo og nekta å prøve det same, låg Simen oppned og prøvde å sjå til botnen av breen.
– Det var laaaangt ned, ja! Eg anar ikkje kor
djup den var. Eg har ikkje klaustrofobi, så det
var ingen problem at det var trangt...men eg er
ikkje så veldig glad i høgder, og så vart eg så redd
for at selen og tauet ikkje sat skikkeleg fast...så eg
kom kjapt oppatt.
5
Foto: Audun Halveg Iversby
1+4+5: Lyseblå dagar på breen.
2: Simen Bjella har funne sin måte
å oppleve breen.
3: Det er blått, bratt, vilt og trygt.
Lærar Per Momrak sikrar klatraren
og passar på at stemninga er høg.
6: Oppsikt frå brebrønn på
Nigardsbreen.
Foto: Juliane Salamonsen
6
8 * NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 9
NOKO ANNA
ÅRET PÅ
NORDFJORD
Foto: Odd Harald Halse
Langt ute i Nordfjorden ligg det ei lita perle.
Med fjord og sund og knausar og fjell og sjøbuer og båtar og måsar. Slike perler er til for
å bli brukt. Elevane møter læraren på kaia på
Sandane, og fyller Colin Archer-skøyta ”Medvind” med soveposar, mat og kle, og set kursen
vestover ut fjorden. Etter fire timar i båt frå
skulen, er alle mann alle på plass i den gamle
handelsstaden Rugsund.
Det blir ei veke med fiske og fangst, jakt under vatn, plukking av kråkebollar, garnfiske og
linefiske, segling og roing.
Gitanjali Bhanot er 19 år, frå Lærdal i Sogn,
og er elev på Bu og fritid. Denne gongen er ho
på tur saman med dei fem andre elevane på
linja, pluss 15 elevar frå Aktivitetslinja. Ho likar
å vere på tur, og dette året får ho vere masse
ute. På den tilrettelagte linja Bu og fritid får ho
litt ekstra hjelp i kvardagen, og litt ekstra hjelp
på tur. Men det aller viktigaste og kjekkaste, er
kanskje å få vere del av det store fellesskapet på
skulen. Gitanjali syns det er flott å få vere på tur
saman med ei anna klasse. Saman med aktivitetslinja fiskar dei masse krabbar. Og i alle fall
ein fisk. Ho hugsar ikkje heilt kva type fisk det
var, men stor var den i alle fall!
Foto: Lisbeth Momrak
KYSTLIV
På eit eller anna tidspunkt i november, når regnet er våtare enn vanleg og fjellet ligg i dvale før
vinteren – akkurat då passar det å lage ein revy.
Vi snakkar scene, sminke, kostyme, dans, koreografi, replikkar, blaute poeng, poetiske fulltreff, teknikk, lys, lyd, kulisser og instrument.
Mellom anna.
– Eg er ikkje akkurat ein sånn super-revytype. Seier Astrid Klæhaug Helgeland. Og ler.
Ho hadde ei bittelita rolle i revyen, og syns det
var akkurat passeleg. Då kunne ho seie dei tre
replikkane sine, kjenne at det var artig å få vere
med, og la andre få styre showet.
– Det var fint å få teste meg sjølv. Eg har aldri
gjort noko slikt før, men det var lav terskel for å
vere med. Og så kunne eg lære veldig masse av
dei andre elevane – herlighet, det er jo så mange
som har drive med så masse forskjellig! Og plutseleg, når det var revy og musikk og dans, så fekk
dei vist det fram.
Foto: Stian Gustafsson
Det var den veka
DET VAR SÅ BRATT
Norge er bratt. Både opp og ned. David
Kvamme Høvik, på linja Vind og vatn, var på
tinderangling på Sunnmøre i oktober. Ei veke i
fjellet med spektakulære toppar, mellom andre
Søre Brekketind. Som er eit godt eksempel på
den bratte delen av Norge.
David kom seg opp. Og ned. På eit slags vis.
– Det er sinnssjukt deilig å vere ferdig. Det begynte jo med at eg grein for at eg var så redd.
Og då eg kom oppi renna, så var eg så redd at eg
neste begynte å grine der og. Og så kom eg til eit
punkt der eg skulle hoppe ned frå ein stein, og då
heldt eg på å kaste opp. Og då eg kom opp, var eg
så glad at eg skreik som ei kjerring - før eg kom
på at eg skulle ned igjen. Så då la jo dét ein dempar på stemninga. Og rett før eg skulle ned igjen,
så såg eg Stian lenger nede, og då heldt eg på å
kaste opp igjen. Men no er eg nede! Og det er så
sinnssjukt deilig!
Foto: Tord Hafnor
10 * MAGASIN FOR NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 11
NORDFJORD FHS
PÅ NETT
DET DU LÆRER
PÅ FRILUFTSLIVSKULEN
8
Vi er både sosiale og oppdaterte.
Bli med oss ut, og sjå kva vi held
på med. Sjå bilete og filmar på
friluftslivskulen.no, Vimeo, YouTube, og følg oss på Facebook,
Instagram og Twitter.
Olav Hellebust Buvarp
Bærum
Emilie Jåtog Henjum
Farsund
Eg lærer å vere utanfor komfortsona mi.
Det kan vere å stå opp supertidleg på tur,
gå veldig langt, eller å gå med våte sokkar
dag etter dag. Men det er ein god prøvelse!
Gevinsten er jo turen i seg sjølv, men òg
det å kome fram, tenne bål, få på tørre kle,
ete varm mat. Og ikkje minst avslutte med
ei kveldssamling.
4
Vi lærer å leike i naturen og med naturkreftene. Eg trur ikkje eg har tenkt på det
på den måten før, men vi brukar naturen
til å leike - i elva, i skogen, på fjellet, på
sykkel... Og så har eg lært og erfart at det
blir flotte turar sjølv om det ikkje nødvendigvis er sol og blå himmel alltid.
9
1
5
2
10
Erik Gilja
Bergen
Helga Øygard Skodvin
Rognan
Det som er litt kult er at vi lærer både tradisjonelt friluftsliv, og litt meir ”moderne”
friluftsliv. Alt vi lærer innanfor det tradisjonelle friluftslivet fungerer liksom som
ein inngangsportal til nye aktivitetar - som
klatring, terrengsykling, havkajakk...
Det kjekkaste er at vi har naturen som
klasserom. Eg lærer å knyte knutar, fyre
primus, segle, lage mat, bestige fjell...og eg
lærer mange lure småtips som lærarane har
erfart og som dei deler med oss.
Eg lærer å møte ulike menneske og mennesketypar. Eg syns det er fint at vi lærer å
tolerere kvarandre og leve med kvarandre.
Det er ein stor skule med mange elevar,
det er masse forskjellige folk her!
6
7
Foto: Stian Gustafsson
12 * MAGASIN FOR NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
Agnes Guttormsen
Tønsberg
11
3
Foto: 1: Anders Løvland. 2: Tore Humstad. 3: Stian Gustafsson.
4: Marie Estendatter Græsli. 5: Stian Gustafsson. 6: Siri Engen.
7: Annette Gundersen. 8: Anders Løvland. 9: Lisbeth Momrak.
10: Aurora Sterner. 11: Stian Gustafsson
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 13
Linje
-fag
FRILUFTSLIV
/JAKT OG FISKE
Linje
-fag
Fulltreffar
Kort sagt: velkomen til eit vilt år.
Fakta
Jakt og fiske
Dei likar å bli brukt. Og dei bryr seg slett ikkje om du er
fersk eller erfaren. Fjell treng folk - og folk treng fjell. Difor
skal vi vere på fjella og rundt fjella. Klyve og klatre. Sykle
stiane og padle elvane. Teste grenser og likevel vere trygge.
Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane
med ski på beina. Sette svingar i urørt snø. Tenne bål og
oppleve stilla ved foten av fjellet.
•Hjortejakt 9-12 dagar
•Rype-, hare- og skogsfugljakt 8-10 d.
•Revejakt
•Gåsejakt
•Seljakt
•Villsvin- og beverjakt i Sverige
•Innlandsfiske
•Hjortejakt i Skottland (valfritt)
•Havfiske / segling
•Kano / kajakk
•Klatring
•Toppturar
•Skredkurs
•Basistur haust
•Førstehjelpskurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal
•Segltur med Statsraaden
•Kokelagstur
•Vintertur
•Åleinenatt
•Skileik
•Pilegrimsvandring
Fakta
Fjellsport
Vi skal gløyme tida. Vi skal ut.
Foto: Matias Myklebust
– Hææ? Skal du flytte? Skal du jakte? ...Har du feber?
Akkurat det sa familien til Kjell André Nordbø då han
bestemte seg for å gå på folkehøgskule og på linja Jakt
og fiske.
– Eg tenkte berre at eg skulle prøve noko heilt nytt.
Eg har eigentleg ikkje drive med friluftsliv, og eg har
aldri jakta før, så eg tenkte det kunne bli bra. Til no har
eg fått hjort ramlande inn på posten min to gongar. Den
første gongen ropte alle på jaktradioen ”hjort, hjort,
hjort!” Og hjorten kom springande forbi 20 meter frå
meg, men den sprang så fort at eg ikkje kunne skyte.
Den andre gongen såg eg først til høgre, så til venstre,
og så såg eg rett fram – og der stod bukken. 20 meter frå
meg. Eg skulle akkurat til å skyte, men då snudde den
rumpa til og forsvann. Lærar Per lurer på om eg ikkje
har tenkt å skyte desse dyra som dukkar opp. Eg satsar
på at alle gode ting er tre. Eller fem......eller sju...
Eit år med utsikt
Foto: Stian Gustafsson
Det er vilt i vest. Difor kan vi
ønskje deg velkomen til eit år med
jakt. Du skal jakte på rype, hare,
rev, villsvin og hjort. Du skal jakte
på den gode kjensla. Du skal leve
som Lars Monsen, med teltet og rifla og heile villmarka som din nye
heim. Du skal sette ut feller, fiske
med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal
få prøve deg på anna friluftsliv:
spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring.
FRILUFTSLIV
/FJELLSPORT
•Skiveke/Høgruta iJotunheimen
•Klatretur til Tyrkia
•Sportsklatring
•Brekurs
•Toppturar haust og vinter
•Tinderangling
•Buldring
•Isklatring
•Surfing
•Kiting
•Innføringskurs naturleg klatring
•Terrengsykling
•Elvepadling
•Vandretur på hausten
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Skileik
•Skredkurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal
•Vintertur
•Førstehjelpskurs
•Åleinenatt
•Pilegrimsvandring
Foto: Anders Løvland
Les meir på friluftslivskulen.no/skiogsurf
Foto: Øyvind Lindgård
Foto: Siri Hesland Engen
Foto: Per Momrak
14 * Les meir på friluftslivskulen.no/jaktogfiske
Dei færraste av oss ville
ha tenkt på å ta ein selfie
på toppen av den smale
tindenåla Bladet. Men
Siri Hesland Engen har
klatra før. Og har balansen i orden. På linja
Fjellsport er det elevar
i alle kategoriar, nokre
har aldri klatra – andre
er meir erfarne. Og alle
kjem seg opp på Bladet,
med eller utan selfie.
* 15
–Tidleg på morgonen blei vi vekka av ein annan elev som
FRILUFTSLIV
/EKSPEDISJON
Fakta
Ekspedisjon
Dette året vil krevje mykje av deg. Er
du klar?
•Skitur på Svalbard (10-12 dagar)
•Hausteventyr (8-10 dagar)
•Langtur i vinterfjellet (6-8 dagar)
•Brekurs
•Klatring
•Havkajakk
•Tinderangling
•Kite/surfing
•Toppturar haust og vinter
•Vandretur om hausten
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Skileik
•Skredkurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal
•Vintertur •Åleinenatt
•Pilegrimsvandring /SKI OG SURF
Det handlar om å flyte. Om å
vere på toppen av elementa. Om å
finne den rette kjensla i laussnøen
ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller
blant bølgjene ute i Hoddevika ved
Stad. Du skal ut og leite etter den
rette balansen. Ut og leite etter dei
største ­opplevingane. Om det no
er i dei beste laussnø-anlegga på
­Vestlandet. Eller på ein draumestad i dei ekte Alpane.
Du kan ikkje surfe gjennom heile
livet. Men du kan surfe gjennom
eit heilt skuleår i Nordfjord.
Foto: Oddvin Agnalt Østmo
Fakta
Ski og surf
Foto: Matias Myklebust
Surf i Hoddevika
– Først må du jo kjempe deg gjennom bølgjene på veg ut. Når det
er gjort, så er det berre å vente på
den rette bølgja, få nok fart, finne
balansen, og......surfe! Seier Sofie
Svanberg. Som prøvde surfing for
første gong i haust, og som i følgje
læraren berre vart verande i sjøen
– lenge etter at dei andre hadde
16 * Les meir på friluftslivskulen.no/ekspedisjon
FRILUFTSLIV
Eit år
med fri
flyt
Jon Torstein Toft
ekspedisjonselev 2014-2015
Foto: Matias Myklebust
Ekspedisjon! Eit ord lada med
forventningar, med spenning, med
Roald Amundsen, med Cecilie Skog,
med Mount Everest og Sibir. Eit
forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det
kjende og inn i det ukjende saman
med folk du stolar på. Saman med
folk du vil dele opplevingar med.
Saman med gode vener. Hos oss skal
du på lengre ekspedisjonar til tre av
dei mest alpine fjellområda i landet
vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og
Jotunheimen. Du kan sjå fram til
bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje
overnattingar i telt og under open
himmel.
Linje
-fag
Foto: Jakob Emil Larsen
Dei lengste
turane
hadde isbjørnvakt. Vi stakk hovudet ut av teltopninga og
fekk auge på bamsen som gjekk nede på isen, nokre hundre meter frå leiren vår. Den store hannbjørnen bekymra
seg ­ikkje for menneska som var på besøk i riket hans, han
traska roleg vidare, la på svøm og forsvann.
Foto: Harald Undheim
Linje
-fag
gått på land. – Eg vart berre så gira!
Det er den lysta du får til å klare
ein ting, eg berre tenkte: Eg skal ta
det på neste bølgje, nei, neste bølgje,
nei, neste, neste, neste...... Når eg
fekk det til, så var det ein skikkeleg
bra meistringsfølelse, og då fekk eg
berre endå meir lyst til å klare det
betre og betre.
Les meir på friluftslivskulen.no/fjellsport
•Surfing på Stad
•Toppturar haust og vinter
•Bretur
•Tinderangling
•Havkajakk
•Elvepadling
•Klatring
•Segling
•Skikøyring i anlegg
•Skikøyring i Alpane
•Toppturveke i Romsdalen
•Vandretur om hausten
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Skileik
•Skredkurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal
•Vintertur •Åleinenatt
•Pilegrimsvandring * 17
FRILUFTSLIV
Linje
-fag
/NORSKE EVENTYR
Det
beste
Foto: David Kvamme Høvik
Linje
-fag
FRILUFTSLIV
/VIND OG VATN
Ein heilt annan
fartskontroll
Etter dette året veit du kva
Norge er. Du har opplevd fjella.
Du har padla mellom øyane. Du
har gått på breane og segla på fjordane. Det er ein unik sjanse til å
bli kjend i eige land. Til å oppleve
natur og vêr, landskap og kontrastar, kjende attraksjonar og skjulte
perler, turvener og fellesskap. Det
er det beste av Norge og det beste
av friluftsliv.
Eit år med wetlook og bakoversveis.
Fakta
Vind og vatn
Foto: Geir Kristoffer Godtland
Eit år på oppdagingsreise i eige
land.
•Surfetur til Indonesia/Bali
•Snorkling
•Klatring
•Segling/kystveke
•Havkajakk
•Toppturar haust og vinter
•Elvepadling på Voss
•Surfing på Stad
•Tinderangling på Sunnmøre
•Kano
•Kiting på snø
•Vandretur om hausten
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Skileik
•Skredkurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal
•Vintertur •Åleinenatt
•Pilegrimsvandring Fakta
Norske eventyr
Lofoten er hav, kvite strender og høge fjell. Med andre ord perfekt for lofotfiske, surfing og
toppturar. Og akkurat dette var ingrediensane då klassa ”Norske eventyr” reiste nordover
for å lære og oppleve. – Det var stort, det var kult å vere der!
Før året på folkehøgskule i Nordfjord hadde Øyvind Johannes Hamre aldri vore nord for
Bergen. Så møtet med Lofoten var spesielt. For eksempel natta i Kvalvika.
– Vi gjekk i litt over ein time for å kome fram til Kvalvika. Vi kom over fjellet og såg graset,
stranda, havet, svarte fjell, ingen folk bortsett frå oss... det var befriande aude der. Ei utruleg
spesiell natt.
18 * Les meir på friluftslivskulen.no/norskeeventyr
•Kystfriluftsliv og havkajakk i Bulandet
•Høgt og lavt i Lofoten (surfing, toppturar og lofotfiske)
•Surfing på Stad
•Ridetur om hausten
•Toppturar i Hornindal
•Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen
•Jostedalsbreen på langs
•Segling i Nordfjorden
•Via ferrata Loen
•Vandretur om hausten
•Toppturar haust og vinter
•Klatring
•Brekurs
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Skileik
•Skredkurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal
•Vintertur
•Åleinenatt
•Pilegrimsvandring
Kajakkveke
på Voss
Elva på Voss behandlar deg ikkje
veldig forsiktig sjølv om du er nybegynnar. Du stig i kajakken, legg
ut frå elvebreidda, og så er tivoliet
i gang! Stryka inviterer til ein rask
dans, ­tersklane ligg i bakhald, og
valsane rumlar, klare til å leike.
Kajakkveka i elvane på Voss er eit
av mange høgdepunkt på linja. Læringskurva er bratt, profesjonelle instruktørar lærer deg å lese elva, å sjå
straumar, finne bakevjene, og gjere
gode vegval. Frå å vere skvetten og
småredd i kajakken blir du modig og
eventyrlysten nedover elva. Du blir
våt til skinnet, adrenalinet pumpar,
og fjeset blir stivt og rart av å smile
ei heil veke til endes.
Les meir på friluftslivskulen.no/vindogvatn
Foto: Tord Hafnor
Foto: Marie Estendatter Græsli
Eventyret Lofoten
Vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen
er på sitt aller sterkaste. Vindfulle
dagar heng du i riggen om bord i
ein seglbåt. Eller etter ein kite på
Stryne­fjellet. Regnvérs­dagane fyller
opp padleelvane på Voss. Varme
solskinsdagar lokkar med bølgjesurfing. Og under vassflata ventar ei
annleis verd. Tenk deg ein kvardag
med ferskvatn, saltvatn og tørre
snøkrystallar. Eit år med rein natur
og rein moro.
* 19
FRILUFTSLIV
/AKTIVITET
Mykje vil
ha meir
Eit fartsfylt år
•Toppturar haust og vinter
•Klatring
•Havkajakk
•Tinderangling
•Surfing på Stad
•Bretur
•Segling/kystveke
•Elvepadling
•Kiting
•Isklatring
•Jostedalsbreen på langs
•Padling i Nerøyfjorden
•Vandretur om hausten
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Skileik
•Skredkurs
•Snøholetur
•Skiveke i Hemsedal •Vintertur •Åleinenatt
•Pilegrimsvandring
Det er plass til mykje ­mellom
himmel og jord! Eit heilt
folkehøgskuleår, for eksempel.
Fylt av akrobatikk, beach-volley,
terrengsykling, surfing, kiting,
elvekajakk, klatring, fjellturar, skikøyring, teltliv, sprakande bål og
stille morgonar. Det er idrettshall
og klatrevegg, fjord og fjell. Og ikkje minst gode vener.
KRIK står for Kristen Idrettskontakt, ein kristen organisasjon
som har fokus på idrett, friluftsliv,
ungdom og tru. På KRIK-linja vår
her på skulen konsentrerer vi oss
nettopp om dette. Som KRIK-elev
får du eit år der du vil vekse på
mange måtar, og du får leiartrening og undervisning om kristen
tru.
Dette er året for friluftsliv, idrett,
Gud og menneske.
Fakta
KRIK
•Studietur til Indonesia/Bali
•Klatring
•Elvepadling
•Vandretur om hausten
•Bretur
•Surfing på Stad
•Terrengsykling
•Beachvolley
•Fotball
•Akrobatikk
•Ledertrening
•Toppturer haust og vinter
•Kiting
•KRIK-linjesamling
•Skredkurs
•Skikøyring i Sunnmørsalpane
•Åleinenatt
•Skiveke i Hemsedal
•Segltur med Statsraad Lehmkuhl
•Kokelagstur
•Førstehjelpskurs
•Snøholetur
•Pilegrimsvandring
Å trivast med livet
På Bali lærer du å surfe. Sånn er det. Gode forhold på land og i sjøen gjer
at det blir mykje tid til god undervisning og øving.
Men så lærer og opplever du mykje meir i tillegg. På Bali får du møte
nye menneske og ein ny kultur. Maria Mørland Andersen sette stor pris
på møta dei fekk med dei lokale innbyggarane. Både på ein barneheim,
der elevane frå Nordfjord fekk leike med ungane som budde der, og elles i
kvardagen på Bali:
– Folk på Bali er utruleg hyggelege og hjelpsame. Dei er veldig imøtekomande og gjestfrie – dei spanderer villeg vekk av tida si og maten sin. Ikkje
alle har det veldig bra materielt sett. Men alle er veldig avslappa og behagelege å vere saman med, det ser ut til at alle trivast med livet slik det er.
Foto: Steinar Saltbones
Her treng du ikkje velje bort noko.
Her vel du alt på ein gong.
FRILUFTSLIV
/KRIK
Foto: Kristina Rabe Skarstein
Nokre gongar treng du ­ikkje
velje. Her er turmiksen for deg
som vil høgt og lågt. Som vil
ha det meste av det beste innan
friluftslivet. Gutar og jenter: vi
har gleda av å presentere ei linje
med mykje innhald, mange turar,
tett program. Som klatring i fjell,
vandring på bre, padling i elv,
surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av Josten og offpistekøyring på Sunnmøre. Denne
linja reindyrkar variasjonen. Du
får skredkurs den eine dagen,
isklatring den andre og kiting den
tredje.
Fakta
Aktivitet
Linje
-fag
Foto: Lauren Sidney Turcot
Linje
-fag
Foto: Stian Gustafsson
20 * Les meir på friluftslivskulen.no/aktivitet
Foto: Sissel Haug Øversveen
Utdrag av turrapport, ­Friluftsliv/Aktivitet
september 2015
Foto: Ola Skråmestø Nesheim
Foto: Ola Skråmestø Nesheim
”I strålende sol og svært lite vind gikk vi til fots forbi den nedre delen av
breen og opp bratte skråninger. Over kanten tittet den øvre snødekte delen
av breen frem, og den ultimate påskestemningen kom da vi med knallrøde
nesetipper, god stemning og noen tørre (men svært etterlengtede) brødskiver,
satt i sirkel midt på breen. Etter presis seks timer og et kvarter nådde vi toppen av Gloppen –Snønipa, 1827 moh. Panorama­utsikten sitter enda i oss!”
Foto: Jon Kjetil Fossli
Les meir på friluftslivskulen.no/krik
* 21
Linje
-fag
FRILUFTSLIV
/BU OG FRITID
Linje
-fag
Dette året vil bety mykje for deg,
og for alle oss andre som blir
kjende med deg.
Fakta
Bu og fritid
•Turdagar med mat på bål
•Fjelltur/ skitur
•Overnattingsturar
•Kystveke med krabbefiske
•Fisking i sjø og ferskvatn
•Klatring
•Idrettsaktivitetar ute
•Aktivitetar i gymsal
•Segltur med Statsraad Lhemkhul
•Arbeidstrening
•Enkel matlaging
•Romvask
•Personleg hygiene
•Sosial trening
•Skiveke i Hemsedal
•Norsk/data
•Pilgrimsvandring
•Snøhole
•Rotur med gamle bruksbåtar
•Elevkveld som vi arrangerer for
resten av skulen
Når eit år
ikkje er nok
Jon André er ein aktiv og blid gut frå Raudeberg som er elev ved Friluftsliv/Bu og fritid. – På linja får eg lære masse, og eg får vere aktiv. Eg likar
godt å gå på fjellturar, og her er fjella høgare enn heime. Ein fjelltur tek 2-3
timar her. Ullklede, hue og hanskar er viktig å ta med på tur. På skulen er
matlaging kjekt. Eg likar å lage mat.
På skulen må han vaske kleda sine sjølv, og med litt opplæring og hjelp
fiksar han det fint. – Det er mykje å passe på slik at kleda blir reine og fine.
Ull må vaskast rett, det er viktig. I tillegg til faga med klassen likar John
André godt å bu på internatet. – Eg likar godt søndagskosen. Då får vi
dessert i kvar etasje, og det er ein triveleg måte å vere saman med jamaldringar på. Elles likar eg meg godt i daglegstova der vi kan sjå fjernsyn eller
berre prate. I tillegg til mykje moro, er det også nokre utfordringar med å
vere elev på ein så stor skule. – Det er mange elevar på Nordfjord folkehøgskule, og eg prøvar å lære alle namna.
Foto: Lisbeth Momrak
Nye vener. Nye aktivitetar.
Nye erfaringar. Som elev på
Friluftsliv/Bu og fritid er du ein
del av eit inkluderande fellesskap.
Når du er på skulen og når du er
på tur, har du mange ungdomar
å dele opplevingane med. Du får
lære å kle deg til tur og vere mykje
ute. I tillegg til friluftsliv, vil du
lære at her som andre stadar, er det
lurt å vere på rett plass til rett tid.
Du får ansvar for å halde rommet
ditt reint, ryddig og koseleg. Du
vil fort erfare at skitne klede ikkje
blir reine av seg sjølv. Du har fri
kvar ettermiddag, men får tilbod
om aktivitetar som riding, klatring,
basseng og bibliotek. Dei tilsette
ved folkehøgskulen vil passe på at
du får den hjelpa du treng.
Foto: Oddvin Agnalt Østmo
På eigne bein
FRILUFTSLIV
/VEGLEIING
For nokre blir ni månader i
Nordfjord for lite. Dei vil ha
meir ­friluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing
er du stipendiat på skulen. For å
få plass på denne linja må du ha
eit år med friluftslivutdanning frå
folkehøgskule eller tilsvarande
bakgrunn.
Foto: Jonas Løvland
Foto: Lisbeth Momrak
Eit år der du gir mykje av deg sjølv.
Og får uendeleg mykje tilbake.
Foto: Harald Undheim
Foto: Øyvind Lindgård
Som stipendiat får du praksis som
vegleiar for andre elevar på tur, du
er med i det sosiale miljøet på skulen på ettermiddags- og kveldstid,
og du er assistent og støttekontakt
for elevane på Bu og fritid. Du får
undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging. Før
skulestart får du brekurs, og i løpet
av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon.
Foto: Elisabeth Dahl Olafsen
Fakta
Vegleiing
•Friluftslivlære
•Miljøarbeid
•Assistent/støttekontakt
•Pedagogikk
•Spesialpedagogikk
•Leiarutvikling
•Personleg utvikling
•Gruppeprosessar
•Leiingsteori
•Skredkurs
•Brekurs
•Klatrekurs
Lærar Lars-Ove Eikje viser ein
stabilitetstest av snøen, og stipendiatane får livsviktig kompetanse.
Skredkurset er eitt eksempel på
undervisninga stipendiatane får
gjennom året - dei får kunnskap
som både er verdifull for eige friluftsliv, og som dei kan lære vidare
til dei andre elevane.
22 *
Les meir på friluftslivskulen.no/buogfritid
Les meir på friluftslivskulen.no/vegleiing
* 23
3
VALFAG OG
PROSJEKTVEKER
4
2
Ditt år
frå ende
til annan
Det er du som vel kva linje du vil gå. Og
­ikkje nok med det, i løpet av året får du velje
­mellom 50 valfag du vil fordjupe deg i. Og så
kjem ­prosjektvekene på toppen: Fire veker
med ­eksklusive opplevingar i løpet av året.
6
Prosjektveker
1
Valfag
I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Då er det store enkeltprosjekt i
ei heil veke, og du kan for eksempel delta i revy, dykking, tradisjonsmatlaging,
toppturar, jakt, ­praktiske byggeprosjekt, klatretur til Tyrkia, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur eller surfing i Hoddevika.
Tenk deg for ein unik sjanse du har til å komponere akkurat det året du vil ha.
Bunken med valfag på Nordfjord folkehøgskule er stor og tjukk, vi nemner:
•Allidrett
•Ballspel
•Barmarkstrening
•Buldring
•Båtførarkurs
•Dans
•Ekspedisjonstrening
•Filosofi
•Fotball
•Foto
•Gitar
•Havkajakk
•Hybelkokk
•Idrett
•Jesus-dojo
•Jegerprøve
•Kajakkbygging
•Keramikk
•Klatring
•Knivmaking
24 * NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
7
Foto: Harald Undheim
5
•Kor
•Kristen tru og liv
•Kristendom
•Langrenn
•Longboard
•Mat i det fri
•Musikk
•Praktisk
filmproduksjon
•Segling
•Skred fordjuping
•Slakk line
•Smiing
•Terrengsykkel
•Topptur
•Trearbeid
•Utstyrslaging
•Volleyball
•Yoga
8
NB! Det kan bli enkelte
endringar i fag og fagtilbod
9
Foto: 1: Harald Undheim
2: Harald Undheim 3: Geir Kristoffer
Godtland 4: Per Momrak 5: Stian
Gustafsson 6: Kristina Rabe Skarstein
7: Stian Gustafsson 8: Lars Rugtvedt
9: Simen Eid Nielsen
Prosjektveke i november,
velg mellom
Prosjektveke i desember,
velg mellom
Prosjektveke i mars,
velg mellom
•Revy
•Praktisk uteprosjekt
•Klatring i Tyrkia
•Din tur
•Kajakkbygging
•Kurs i teikning og måling
•Trearbeid/longboard
•Treningsleir
•Kystveke
•Dykkarkurs
•Jaktveke
•Julebakst/juleverkstad
•Utstyrslaging
•Bibelskule
•Kajakk
•Surfing i Hoddevika
•Toppturar
•Vintertur med telt
•Kiting
•Kystveke
•Skianlegg i Østerrike
•Skianlegg i Norge
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 25
5
Heim
3
Du flyttar ut. Pappa har lånt tilhengar
og fylt den opp med alt han og
mamma meiner du treng i livet. Og
så køyrer dei deg vekk. Langt ut på
bygda. Det fine er at du ikkje berre
2
flyttar ut. Du flyttar inn.
Foto: Stine Bostrøm
Det er viktig å vere ambisiøs. Og vi vil vere
ambisiøse. Difor seier vi: Velkomen heim! Dei
sa det faktisk allereie tidleg på 1900-talet, då
Nordfjord folkehøgskule vart oppretta. ”Skulen
er ein heim”, sa dei. ”Og denne heimen er ein
skule”. Og akkurat slik skal det vere, også i 2016.
Heime får du vere den du er. Heime har ikkje alle like meiningar, men alle blir respekterte
for dei meiningane dei har. Heime bidreg alle
for at det skal vere ein god plass å vere.
På Nordfjord folkehøgskule bur dei aller
fleste elevane på dobbeltrom. Og på tur er det
tre eller fire i teltet. Du lærer å leve tett på.
Året ved friluftslivskulen er starten på noko
nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du
vel kva som er viktig. Starten på nye venskap,
venskap som varer. Du møter folk som deler
friluftsinteressene dine. Du møter lærarar og
medelevar med ulik bakgrunn, meiningar og
livssyn. Du møter deg sjølv.
Det du lærer aller mest på friluftslivskulen,
er å vere menneske.
Sentralt
Harde fakta
4
Nordfjord folkehøgskule er ein
friluftslivskule. Vi har lang erfaring med faget, og har lærarar
med svært høg kompetanse.
Velkomen heim.
1
Sjukehus og søppelbistand
Bistand kan vere så mangt. Kvart år samlar
elevane på Nordfjord folkehøgskule inn
fleire hundre tusen kroner til bygging og
vedlikehald av eit sjukehus i landsbyen
Okhaldhunga i Nepal. På denne måten får
mange svært fattige menneske helsehjelp.
Men bistand og pengestøtte kan òg brukast
til nye søppelbøtter:
”En ting er å få nye og fine bygninger. Noe ganske
annet er å holde det rent og pent rundt dem. Vi
prøver å oppgradere avfallshåndteringen her. Ideen om kildesortering er ellers ikke helt kommet
til Nepal, men nå skal vi i gang. Plast i de blå,
kompost i de grønne (går rett i biogass-anlegget!),
og resten i de røde. Nå skal hele sykehuset i gang
med nye rutiner.”
Okhaldhunga Times, oktober 2015
Foto: 1,2 og 3: Stian Gustafsson 4: Erik Bøhler 5: Stian Gustafsson 6: Per Momrak
26 * NORDFJORD FOLKEHØGSKULE
Det er kanskje å ta litt hardt i
å seie at Nordfjord folkehøgskule ligg sentralt. Men: Det
er berre 4 kilometer til Sandane lufthamn Anda. Og frå
flyplassen kan du fly direkte
til Oslo og Bergen. 300 meter
frå skulen ligg E39, og der
kan du gå på ekspressbussar
til Oslo, Trondheim, Ålesund
og Bergen. Skulen ligg 6 km
frå Sandane sentrum.
Du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å
søkje på Nordfjord folkehøgskule, men du må
like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst
like nye utfordringar.
På skulen er det plass til 135 elevar, fordelt
på 10 linjer. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år,
og dei siste åra har det vore like mange gutar og
jenter. I løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller
under open himmel.
Skulen er stor og har mange rom, vi nemner
smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, syrom, og ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg.
Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus og gapahukar i skogen og ved
fjorden. Rett nedanfor skulen har vi naust med
eigne båtar.
Bygda. Også bygda har mykje å by på. I tillegg
til rein natur er det preparerte skiløyper og
skitrekk. På Sandane, 6 km frå skulen, er det
kunstgrasbane, og ikkje minst ein stor idrettshall som du og dei andre elevane får stor glede
av. Mellom anna er det eit flott svømmeanlegg
og ein stor klatrevegg. I tillegg er der vektrom,
løpebane, tre handballbaner og eigen turnhall.
6
Vi nyttar oss av dette anlegget både i undervisninga og på fritida. Alle elevane får årskort til
idrettshallen, det betyr at de kan klatre og bade
så mykje de vil gjennom året.
Pengar. Eit år på Nordfjord folkehøgskule kostar ca 110.000 kroner. Dette varierer litt frå linje
til linje og kva valfag og prosjektveker du vel.
På friluftslivskulen.no/okonomi kan du finne ut
meir nøyaktig kva året ditt vil koste.
Alle norske elevar kan søkje lån gjennom
Statens lånekasse via nettsidene deira www.­
lanekassen.no. Når du har fullført skuleåret
med minst 90 % frammøte, blir ca. ein tredjedel
av lånet gjort om til stipend.
Søknad. På nettsidene våre, www.friluftsliv­
skulen.no, finn du søknadsskjema. Vi har ingen
søknadsfrist, men startar opptaket 1. februar.
Dei siste åra har skulen vore heilt full, og
­enkelte linjer er ekstra populære. Det er med
andre ord lurt å søke tidleg.
Miljø
Vi er ein friluftslivskule, og
nyt naturen i fulle drag. Og
vi vil at generasjonane etter
oss kan gjere det same. Difor
vil vi inspirere deg til ein
gjennomtenkt livsstil. Ein
gjennomtenkt livsstil handlar
om små ting. Bruk matboks,
ikkje plast og papir. Skru av
lyset. Ikkje kast mat. Dusj
passeleg lenge. Sorter søppelet. Enkelt men viktig!
FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD
* 27
Vennskap som tåler minusgrader, høge toppar og djupe
dalar. Kunnskap gjennom
store opplevingar. Spor som
blir sterke av ver og vind.
2
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
FRILUFTSLIV/JAKT OG FISKE Hjortejakt,
villsvin-, sel- og gåsejakt, klatring, toppturar.
FRILUFTSLIV/FJELLSPORT Skiveke/ Høgruta i
Jotunheimen, naturleg klatring, brekurs, kiting.
FRILUFTSLIV/EKSPEDISJON Skitur på
­Svalbard, hausteventyr, brekurs, tinderangling.
FRILUFTSLIV/SKI OG SURF Surfing på Stad,
elvepadling, skikøyring i Alpane, tinderangling.
FRILUFTSLIV/NORSKE EVENTYR Høgt og lavt
i Lofoten, vintertur i Jotunheimen, surfing, brekurs.
FRILUFTSLIV/VIND OG VATN Surfetur til
Indonesia/Bali, elvepadling, klatring, toppturar.
FRILUFTSLIV/AKTIVITET Toppturar, kajakk,
klatring, surfing, kiting, Jostedalsbreen på langs.
FRILUFTSLIV/KRIK Studietur til Indonesia/Bali,
elvepadling, terrengsykling, toppturar.
FRILUFTSLIV/BU OG FRITID Mat på bål,
fjellturar, kystfriluftsliv, bu- og arbeidstrening.
FRILUFTSLIV/VEGLEIING Friluftslivlære,
miljøarbeid, leiartrening, spesialpedagogikk.
På alle linjene får du Segltur med Statsraaad ­Lehmkuhl,
førstehjelpskurs, vandretur om hausten, havkajakk, skredkurs,
skiveke i Hemsedal, toppturar haust og vinter, snøholetur,
klatring, pilegrimsvandring + mange valfag og prosjektveker.
Foto: 1, 2 og 3: Stian Gustafsson 4 og 5: Marie Estendatter Græsli
1
3
4
SLIK
SØKJER
DU:
friluftslivskulen.no eller
folkehogskole.no/nordfjord
Vi har ingen søknadsfrist,
men startar opptaket 1. februar.
Nordfjord folkehøgskule
Vereide, 6823 Sandane
[email protected]
Tlf 57 86 80 40
Følg oss på Twitter,
Facebook, Instagram,
Vimeo og YouTube
friluftslivskulen.no
5