brevet - Sunnfjord Folkehøgskule

Informasjon Sunnfjord Folkehøgskule
Litt om skulen
Sunnfjord folkehøgskule starta i 1902. Skulen er eigd av Normisjon.
Skulen har fleire bygningar: Hovedbygningen, internatet, dansehuset og Haavetun ( frå 1910).
I hovedbygget finn du klasserom, auditorium, peisestove, kapell, biljardrom, kontor, kjøkken,
matsal, skulekjøkken, musikk- og fotoavdeling m. m. Alle måltid har vi saman i matsalen .
Gymbygget er ein del av hovedbygget og har utstyr til teater og idrett.
Vi har eit eige «dansehus» med 2 flotte dansesalar. I dansehuset ligg ”Loftet” som er ein populær
møteplass på fritida.
Deler av Internatet vart nyrenovert i 2007 med nye møblar på alle rom. Internatet har mest
dobbeltrom, 2 handikaprom, og nokre enkeltrom. Det er 8 gangar på internatet, kvar med ei eiga
stove med stor flatskjerm, sofa, kjøkkenbord og eit mini kjøkken Dei renoverte romma har
flislagte bad med dusj og toalett. Kvar internatgang har i løpet av året fleire sosiale arrangement
sammen, og livslange band blir knytt i løpet av skoleåret. I første etasje er det to store boder
med eit skap for kvart rom, samt frysar, stort vaske- og tørkerom.
Vi har trådlaust internett/breiband på store delar av skolen og internatet.
Undervisninga :
Undervisninga er delt opp i linjetimar, valfag og ulike fellesfag. Du har 14 linjetimar for veka. På
laurdagane er undervisninga lagt opp som seminar.
Sunnfjord Folkehøgskule 6810 Førde – telefon 57829960 – Internett: www.sunnfjord.fhs.no
Sjukdom/ allergiar
Vi ønskjer å legge til rette for alle elevane på best mogleg måte, derfor er det viktig for oss å få
dei nødvendige opplysningar i god tid. Kvart år opplever vi at elevar har vanskar, diagnosar og
sjukdommar som vi ikkje er informert om. Dette er svært uheldig. Å halde tilbake slik viktig
informasjon kan medføre at vi må kansellere skuleplassen din.
Dersom du svarer ja til plassen, er det viktig at du orienterer oss om matvarer du ikkje toler. Vi
ber deg om å sende legeerklæring på dette allereie no. For diettmat vert det eit tillegg i prisen,
og vi lagar då ein spesiell avtale med deg.
Har du spesielle sjukdommar, allergiar der du treng medisinsk oppfølging, eller treng du
oppfølging eller tilrettelegging på annan måte, ber vi deg ta kontakt om dette og sende aktuell
dokumentasjon.
Førde
Skulen ligg i gang/sykkel- avstand fra Førde sentrum. Bybussen stoppar like ved skulen. Det er ein
god ide å ta med eigen sykkel, vi har sykkelgarasje.
Førde er fylkets viktigaste handelssenter, og du finn det aller meste av forretninger og
servicetilbud. Det er også eit stort tilbud innen fritid og kulturliv for dei som ynskjer å engasjere
seg utanom skolen. I sommarhalvåret kan ein gå flotte turar i fjellet, fiske, spele golf, ta ein
raftetur på Jølstra eller bade, og om vinteren er det mulig å kjøre både alpint og langrenn.
I nabokommunen Jølster finn du blant anna rafting, alpinbakke og golfbane. Sjå meir på
www.sunnfjord.no
Kommunikasjonene er gode, direkte buss til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Fly til Bergen
og Oslo med rimelige billetter for ungdom. Flyruter og busruter kan du sjekke på
www.ruteinfo.no.
Andre opplysningar
Er du under 18 år og får plass ved Sunnfjord folkehøgskule, lagar vi ei spesiell kontrakt med deg.
Sunnfjord folkehøgskule er ein alkohol og rusfri skule. Alle elevar skriv under på at skulen kan
gjere krav om urinprøve.
Økonomi
Sunnfjord Folkehøgskule 6810 Førde – telefon 57829960 – Internett: www.sunnfjord.fhs.no
Innmeldingspengar blir ikkje betalt tilbake om du seinare trekkjer deg frå skuleplassen.
Frå oppstartdagen 24.august betaler ein for 6 veker fram om ein vel å slutte ved skulen.
Ved opptak i folkehøgskulen gjeld angrefrist etter Angrerettlova kap 3. Det er 14 dagars
angrefrist etter at du har skrive under på at du tar i mot plassen. Angrerettskjema ligg vedlagt.
Kostnadene for eit folkehøgskuleår består av innmeldingspengar, opphaldspengar og turar. Når
du har takka ja til plassen får du brev der du kan komme med romønske.
Innmeldingspengar (betalast når du tek i mot plassen)
Felleskostnader
Linjeavgift
Opphaldspris i dobbeltrom – utan dusj og toalett
Opphaldspris i dobbeltrom – med dusj og toalett
Opphaldspris i enkeltrom – med dusj og toalett
Opphaldspris i enkeltrom – utan dusj og toalett
Opphaldspris for heimebuande
Kostnader til studiereiser kjem i tillegg
*Opphaldspengar inneheld hus, mat, linjeavgift og felleskostnader
Kr 2 000
Kr 10 000
Kr 9 600
Kr 74.300
Kr 79.300
Kr 86.600
Kr.78.300
Kr. 39 600
Velkommen til ditt livs år på
Sunnfjord Folkehøgskule!
Sunnfjord Folkehøgskule 6810 Førde – telefon 57829960 – Internett: www.sunnfjord.fhs.no