ÅRG. 87 NR. 4 – ADVENT 2015 Vi ynskjer lesarane våre ei fredfull og god jul ! Foto: Torleif Reksten r, sjå si d e 2 e os 4 K je k k e k F l o r a , sjå s i d e Fr å M ok Nye s r i åd s m ti l os e, sjå sid e1 1 ne on fi rm ta an Andakt EIN AVGRENSA GUD På døra til ei mellomalderkyrkje i Köln finst eit bilete som viser Jesusbarnet i krubba. Bak ser vi oksen og eselet og over det heile Betlehemsstjerna. På kvar si side av krubba sit Maria og Josef. Dette motivet finst i ulike versjonar over heile jorda. Det spesielle ved akkurat dette biletet er innskrifta som står på sida: HIC ARTATUR DEUS = Her blir Gud avgrensa. Fyrste gongen eg møtte denne setninga slo den umiddelbart inn i meg: Det er jo dette som er jula sin løyndom. Her blir Gud avgrensa. Ingen kan utøve avgrensinga sin kunst slik som Gud, for ingen har så mykje å miste. Jesus, som kom frå Gud, søkte seg nedover til ei krubbe i småbyen Betlehem. Martin Luther seier det slik: «Han som all verden er for trang, Her ligger Han på moders fang». Det er naturleg å tenkje at dersom Gud er til, så er han så stor at vi ikkje kan fatte han. Men juleevangeliet seier: Han lèt seg fatte i krubba! Mange trur at dersom Gud er å finne noko stad, så må det vere ute i det uavgrensa rommet, i naturen. Men kva finn vi eigentleg der? Vi kan vel saktens ane Gud, men heller ikkje meir. For her er ingen ord, ikkje noko ansikt og ingen tydeleg vilje. Dersom vi ikkje kjenner Gud i krubba, så blir den Gud vi finn ute i naturen forma som ei forstørring av våre eigne tankar, kjensler og draumar. Naturopplevinga blir ei stadfesting av det tankegodset vi har med oss allereie. Men jula sitt evangelium seier noko vi ikkje kunne ha tenkt ut på førehand: «Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss» (Joh. 1,14). Jesus, Ordet frå Gud, gjekk rundt blant oss i Nasaret, Kapernaum, Betania og Jerusalem. Han vandra omkring og hadde heile himmelen med seg. Ikkje rart mykje skjedde. Ikkje rart at folk undra seg og sa: Alt han gjer er godt! Kvar finn vi Gud? Her i Jesus er Gud i avgrensa utgåve som menneske – men likevel heilt og fullt til stades. Paulus skriv ein stad: «For i han ville Gud la heile sin fylde bu». Her blir Gud avgrensa – det betyr at Gud finst over alt, men han lèt seg ikkje møte overalt. Gud er for stor for oss. Han er for rein, for heilag, for lysande til at vi med vårt øydelagde og sjølvsentrerte perspektiv kan finne han. Men i barnet i Betlehem, som blei til mannen Jesus, der er Gud. Denne jula møter vi han igjen i kyrkja, i Bibelen og i bøna. Det er avgrensa møteplassar, men der er den grenselause Gud alltid å møte, heilt og fullt. Og det er ingen ting han heller vil enn å møte oss. Halvor Nordhaug, Biskop i Bjørgvin 135 kjekke konfirmantar! No er konfirmantåret i full gong og vi har snart nådd halvvegs. Vi som arbeider med konfirmantane synest at det er ein kjempetriveleg og bra gjeng! Vi begynte med to intensive leirar på Nesholmen, og konfirmantane fikk blant anna delta på undervising, drama, olympiske leikar og bading. Etterpå har vi hatt to undervisingsveker, og søndag 8. november vart meir enn 50 konfirmantar samla på ungdomsskulen til haustens gudstenestedag. Det Konfirmantleir på Nesholmen Leirstad september 2015. vart ein travel og kjekk dag, med undervising om nattverd og aktivitetane drama, musikk og foto. Til og fikk vise kyrkjelyden kva de hadde gjort i løpet av dagen. lunsj var det kyllinggryte og til den seine pausen hadde nokre Fram til jul blir det mange konfirmantaktivitetar som lysmesse, flinke foreldre laget kake. Gudstenestedagen vart avslutta i kyr- deltaking på gudstenester og tenesteoppgåver som til eksemkja med ei stor ungdomsgudsteneste der konfirmantane deltok pel idrett, lys-vaken, diakonatet og skodespel for barnehagane. 2 KINN K YRK JEBL AD 2015 Kven er Kinn kyrkjeleg fellesråd – og kva driv dei med? I Flora kommune er det fire sokneråd; Kinn, Eikefjord, Bru og Nordal. To personar frå kvart sokneråd, ein sokneprest og ein representant frå kommunen utgjer fellesrådet. Dei nye sokneråda tek til i november, når dei har konstituert seg med leiar, nestleiar, sekretær og kasserar, vil det og bli val på representantar til det nye fellesrådet og ymse utval. Det nye fellesrådet tek til i jobben i desember. Fyrste møtet for det nye fellesrådet blir 10.12.2015, der vil dei konstituere seg med leiar, nestleiar og AU medlem. Desse tre utgjer AU for fellesrådet saman med dagleg leiar i fellesrådet som er sakshandsamar og sekretær. Kinn kyrkjelege fellesråd har til saman 10,5 årsverk fordelt på 15 personar. Den eine stillinga er lønna av staten ved trusopplæringsmidlar. Fire av dei tilsette har utanlandsk opprinnelse så vi bidreg til god integrering. I staben er det og tre prestar men desse er tilsett under biskopen og lønna av staten. Det er Flora kommune som gjev tilskotet fellesrådet skal driftast for. I 2015 var tilskotet på kr. 7.004.000. Dette skal fellesrådet bruke til å lønne 14 personar, drifte 12 gravplassar (om lag 70 mål) og 5 kyrkjer (Kinn, Florø, Eikefjord, Stavang og Nordal). På grunn av nedskjeringsplanen til kommunen vil fellesrådet møte store utfordringar i åra som kjem, det kan ikkje skjærast ned i tilskotet om vi skal oppretthalde servicenivået vi har i dag. Vi treng pengar til auka lønningar, forsikring og straumutgifter. Vedlikehald av gravplassar (inkludert nytt utstyr og reparasjonar av gamalt) og kyrkjer blir ikkje gjort og dette fører til stort etterslep. VI TAKKAR AV TO TRUFASTE MEDARBEIDARAR Dagfrid Seim Paulsen har hatt fast tilsetting som klokkar i 10% i Florø kyrkje sidan 2003. Ho er og ei av dei som har delteke mykje i det frivillige arbeidet i kyrkja og har og vore ein trufast vikar om nokon av dei andre var sjuke. Ho har gjort ein flott jobb og alltid stilt opp om det var mogeleg. Vi takkar ho hjarteleg for innsatsen. Lisbeth Sætre Hovland har hatt fast 100% stilling som organist i indre strok sidan 2001. Før ho fekk fast stilling var ho vikar i fleire år, ho har og delteke mykje i frivillig arbeid i kyrkja og stilt opp ekstra om det var behov for det. Ho har gjort ein flott jobb. Vi takkar dei to avtroppande tilsette for godt samarbeid og flott utført arbeid og ynskjer dei lukke til veidare. TELESLYNGE TIL EIKEFJORD KYRKJE Det er fleire som har sakna teleslynge i Eikefjord kyrkje. Og med glede kan vi melde at så kjem – teleslynga er bestilt og mot jul reknar vi med at den er på plass. Kyrkja i møte med flyktningane Kjære kyrkjelydar i Bjørgvin! Flyktningkrisa utfordrar oss alle. Framande menneske på flukt kjem til oss. No vert våre grunnleggjande, kristne verdiar sette på prøve. I møte med dei flyktningane som kjem til lokalsamfunna våre, kan vi alle vere med og hjelpe. Gjennom flyktningtenesta i kommunen kan vi få vite kva som er mest aktuelt der vi bur. Oftast er det trong for friviljuge kontaktpersonar som kan hjelpe flyktningane å finne seg til rette i ein framand kultur. Over alt vil ein trengje møtestader der flyktningane kan få medmenneskeleg kontakt og bli kjende med lokalsamfunnet. Dei fleste av flyktningane kjem frå samfunn der religion spelar ei langt større og tydelegare rolle enn hos oss. Som kristne veit vi kva det er å vere truande. Slik har vi ein særskilt kompetanse og ansvar for å møte flyktningane også som religiøse KINN K YRK JEBL AD 2015 menneske. Mange er kristne. Desse kan vi gje ein kristen fellesskap, som kryssar både språk- og kulturgrenser. Dei fleste flyktningane tilhøyrer andre religionar. Desse må vi møte med kristen integritet og openheit. I kyrkjene våre vil vi også be for flyktningane, og om rettferd og fred i land dei rømer frå. I ord og gjerning kan vi vere med på å gje medmenneske i ein svært krevjande situasjon framtid og håp. Slik får vi også høve til å oppleve rikdomen i den menneskelege fellesskapen, og det gode og verdfulle som dei som kjem kan tilføre både den einskilde og samfunnet. Som Skrifta seier: «Gløym ikkje å vere gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar på besøk utan å vite det.» (Hebr. 13.2) Eg ønskjer dykk Guds rike signing! Bjørgvin bispestol, 9. november 2015, Halvor Nordhaug biskop 3 Nye sokneråd i Flora Merethe S.S. Knapsted, ny leiar i Kinn sokneråd og Jan Midtbø, ny nestleiar. Kinn sokneråd Eikefjord Sokneråd Merethe S.S. Knapsted Leiar Silje Knapstad Jan Midtbø Nestleiar Vigdis Solberg Helge Sårheim Fellesrådet Irene Havn Bjørg Jansen Mikalsen Fellesrådet Tone Sandvik Tove Ellingsund Skudal Birthe Therese Fjell Osland Ingvill Førde Torvanger Tore Martin Øren Erling Nydal Susette Rockwell Esp Ingelin Stang Bente Dvergsdal Osa Grethe Amundsen Guri Skorpen Vara til soknerådet Vara til soknerådet Åse Irene Korneliussen Elisabeth Solheim Snorre Seim Solfrid K Ask Fotland Per Kristian Byrkjeland Bente Karin Hovland Reidun Eikeland Halvorsen Evy Ann Esp Rune Magnar Bortne Jeanette Sørbotten Bru sokneråd Anders Tyvold Leiar 2. vara, Fellesråd Anita Sæther Nestleiar Fellesråd Ellisif Gjestland Sekretær Elisabeth Halsne Fellesråd Ruth Myklebust Tore Jakob madsen 1. vara, Fellesråd Vara til soknerådet Nora Eikevik Henning Standal Kasserar Marie Selvik Ove A. Horne Kinn kyrkjelege fellesråd ( dei har ikkje konstituert seg enno) Faste medlemmar Vara Helge Sårheim Bjørg Mikalsen Tone Sandvik Susette Rokwell Esp Tore Martin Øren Elisabeth Halsne Tore Jakob Madsen Anita Sæther Anders Tyvold Ole Christian Rynning Ragnhild Midtbø Knut Magne Nesse Dag Leirvik Kommunal representant Gustav Johan Nydal Herdis Elin Lexau Sekretær 4 Leiar Sekretær Fellesrådet Fellesrådet 1 vara til fellesrådet Kasserar Nordal sokneråd Steinar Midtbø Ragnhild Midtbø Liss Maiken Myhre Ole Christian Rynning Leiar Nestleiar, Fellesråd Sekretær Kasserar, Fellesråd Vara til soknerådet Anne Skamo Solheim Kari Ann Kjerpeseth Arve Midtbø Frode Ellingsund KINN K YRK JEBL AD 2015 Sanitærbygget ved Eikefjord kyrkje Frå venstre Trygve Knapstad og Lars Terje Standal, to sentrale karar i oppføringa av sanitærbygget. Ved Eikefjord kyrkje er nå det nye sanitærbygget ferdig. Avtroppande soknerådsleiar Lars Terje Standal fortel at nå er det aller meste av arbeidet utført. Han er takksam for den store jobben som Trygve Knapstad har gjort på dugnad. Vidare har nokre frå soknerådet og bygdafolk delteke med maling. Til elektrisk og rørleggerarbeid er det nytta lokale folk. Og fint har det blitt, kvitt i stil med kyrkja, og taksteinen har Aslak Osa gjeve. Materialkostnadar som fellesrådet har dekka beløper seg til nær 200.000 kr. Nå som bygget er teke i bruk har kyrkja fått eit nytt stort toalett samt eit lagerom. Tekst og foto: Dag Leirvik Hausttakkefest i Stavang kyrkje Bru sokneråd har teke oppatt tradisjonen med hausttakkefest i samarbeid med Standal 4H. Dette er no eit av tiltaka i trusopplæringsplanen for Bru. På gudstenesta 27. september var 4H-medlemmer med å gjekk i prosesjon og bar inn «markens grøde». Dei var også med å las tekster, tente lys og hjelpte presten med preika. Preiketeksten var Luk 17,11–19 om dei ti spedalske mennene. Ingvald Frøyen, som arbeider i NMS, snakka bla om at menneska trong næring både for kropp og sjel slik dagens lesetekst og preiketekst for hausttakkefest tydeleggjer. Ingvald Frøyen fortalte også litt om NMS prosjekt «Barn og unge i Thailand med særleg fokus på støtte til skulefritidsarbeid, leir og utdanning for fattige barn». Dette var dagens offerføremål og er eit prosjekt som både Bru og Eikefjord sokneråd støttar. Hausttakkefesten vart avslutta med at kyrkjelyden fekk smake på «markens grøde» og nystekte bollar, saft og kaffi. Tekst og foto: Anders Tyvold KINN K YRK JEBL AD 2015 5 Gudstenesteliste til kyrkjebladet advent og jul 2015 SØNDAG 29.NOVEMBER. 1. SØNDAG I ADVENT. Florø, kl. 11.00 Høgmesse med dåp Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Eikefjord, kl. 11.00 Familiegudsteneste med nattverd: Lys Vaken. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. SØNDAG 6. DESEMBER. 2. SØNDAG I ADVENT. Florø, kl. 11.00 Familiegudsteneste med nattverd: Lys Vaken. Nesse. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Svanøy, kl. 16.00 Familiegudsteneste. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. FREDAG 11. DESEMBER Stavang, kl. 18.00 Lysmesse med song og musikk. Leirvik. Takkoffer til Nesholmen Leirstad. SØNDAG 13. DESEMBER. 3. SØNDAG I ADVENT. Nordal, kl. 15.00 Lysmesse med song og musikk. Kor. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsen. Eikefjord, kl. 19.00 Lysmesse med song og musikk. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelyden. Florø, kl. 19.00 Lysmesse med song og musikk. Nattverd. Nesse. Takkoffer til Amnesty International. TYSDAG 15. DESEMBER Askrova, kl. 17.30 Familiegudsteneste og juletrefest. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. SØNDAG 20. DESEMBER. 4. SØNDAG I ADVENT. Brandsøy, kl. 11.00 Høgmesse. Prost Reidar Knapstad. Takkoffer til bedehuset. Eikefjord, kl. 19.00 Julekonsert. Eikefjord Skulemusikk, Koriander og organist Anasastasiya Bazhenova. JULAFTA 24. DESEMBER Furuhaugane omsorgssenter, kl. 11.00 Flora omsorgsenter, kl. 12.00 Florø, kl. 14.00 Stavang, kl. 14.00 Nordal, kl. 14.00 Florø, kl. 16.00 Eikefjord, kl. 16.00 JULEDAG 25. DESEMBER Eikefjord, kl. 13.00 Florø, kl. 13.00 Julegudsteneste. Florø Hornmusikk speler etter gudstenesta. Nesse. Julegudsteneste. Florø Hornmusikk speler før gudstenesta. Nesse. Familiegudsteneste. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Familiegudsteneste. Nesse. Takkoffer til Norsk flyktningehjelp. Familiegudsteneste. Øien. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Familiegudsteneste. Leirvik. Florø Skoles Musikkorps. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Familiegudsteneste. Øien. Eikefjord skulemusikk. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. Høgtidsgudsteneste med nattverd. Leirvik og Anastasiya Bazhenova, Hilda og Kolbjørn Taklo. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Høgtidsgudsteneste med nattverd. Florø Hornmusikk. Nesse. Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet. ANDRE JULEDAG 26. DESEMBER Rognaldsvåg, kl. 16.00 Familiegudsteneste og juletrefest. Nesse. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Nordal, kl. 20.00 Juletrefest på idrettshuset. Leirvik. SØNDAG 27. DESEMBER Florø, kl. 11.00 Høgmesse med dåp. Leirvik. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Batalden, kl. 16.00 Familiegudsteneste og kyrkjekaffi. Leirvik. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. NYÅRSAFTA 31. DESEMBER Florø, kl. 23.00 Kveldsgudsteneste. Nattverd. Øien. Takkoffer til Kinn diakonat. FREDAG 1. JANUAR. NYTTÅRSDAG JESU NAMNEDAG Eikefjord, kl. 11.00 Høgmesse med dåp, Øien. 6 KINN K YRK JEBL AD 2015 DØYPTE KINN: 30.08.15 13.09.15 04.10.15 18.10.15 25.10.15 07.11.15 15.11.15 22.11.15 Emil Magnussen Seljeseth Viljar Svarthumle Grønsberg Vilde Linnea Nilsen Myre Audun Hansen Midtbø Filip Christer Manhusen Aadland Tom Egil Randa Olderøy Emilie Nordeng Eikeland June Marie Sørbotten Midtbø Alba Steinset Haukås Mathea Nordstrand Mathilde Banne Knudsen Ida Sofie Helle Brandsøy Benjamin Berg Løvfald Cecilia Svardahl Hovden Døypt i Askrova bedehuskapell Anine Lillefosse Lillenes Maren Brandsøy Aalen Tobias Nedrebø Strømmen Emma Tresnes Korneliussen Liam Elvebakke Frøyen BRU: 12.09.15 Kristoffer Hovda Helling Svanøe EIKEFJORD: 13.09.15 Jorunn Barlund Aarøy 18.10.15 Tian Johannes Søfteland Midtgard Frida Øren Bjørvik 15.11.15 Roar Apalseth Kalland Celine Holme Barlund VIGDE EIKEFJORD: 19.09.15 Anita Sommerstad og Arne Egil Eikevik. Vigde i Eikefjord kyrkje. KINN: 29.08.15 18.09.15 07.11.15 DØDE KINN: 27.07.15 28.08.15 01.09.15 07.09.15 08.09.15 08.09.15 12.09.15 13.09.15 15.09.15 21.09.15 22.09.15 28.09.15 19.10.15 21.10.15 29.10.15 02.11.15 02.11.15 04.11.15 Jon Ole Hammerseth Askrova gravplass Kåre Ragnar Bremnes Frode Øyvind Brandsøy Slettevoll gravplass Grethe Solberg Karl Johan Valvik Askrova gravplass Aksel Gulbrandsen Per Erling Kjørlaug Aud Karin Sande Olav Andreas Grøneng Slettevoll gravplass Børre Alexander Bredesen Olaug Stavø Emil Fimland Arthur Våge Oddrun Gulbrandsen Alf Pedersen Henrik Mathias Mortensen Harry Ertresvaag Ida Tahooni Kivi f. 12.06.1955 EIKEFJORD: 08.09.15 13.10.15 16.10.15 20.10.15 29.10.15 Hella Torunn Sæterlid Ola Dagfinn Hovland Svein Ottar Storevik Nelly Turid Løkebø Sigmund Redal f. 24.03.1924 f. 24.01.1948 f. 08.08.1942 f. 13.06.1929 f. 17.11.1930 NORDAL: 09.09.15 Gunnar Midtbø f. 02.02.1938 BRU: 05.09.15 30.09.15 Malvin Grytten Anne-Bolette Haave f. 20.04.1929 f. 10.03.1927 f. 29.09.1942 f. 26.03.1949 f. 19.09.1936 f. 19.12.1923 f. 01.01.1941 f. 07.03.1935 f. 18.05.1946 f. 07.06.1923 f. 02.11.1969 f. 11.11.1923 f. 18.04.1935 f. 31.10.1957 f. 01.11.1944 f. 01.09.1943 f. 12.10.1927 f. 12.09.1949 f. 10.01.1997 Britt Sissel Solheim og Kenneth Aardal. Vigde i Florø kyrkje. Anastasiya Bazhenova og Nico Gotthardt. Vigde i Florø kyrkje. Renate Solheim Berg og Stian Løvfald. Vigde i Florø kyrkje. KINN KYRKJEKONTOR Strandgata 43 • Postboks 504, 6903 Florø Tlf. 57 75 25 30 • Faks 57 75 25 31 Sokneprest: Knut Magne Nesse [email protected] • tlf. 917 13 275 E-post: [email protected] Heimeside: www.kinn.kyrkja.no Sokneprest: Dag Leirvik [email protected] • tlf. 917 32 150 Kontortid: Mandag – fredag kl. 10.00 – 15.00 Kantor: Sebastian Ryll [email protected] • tlf. 468 02 747 DEI KYRKJELEGE TILSETTE Organist: Anastasiya Bazhenova [email protected] • tlf. 954 39 909 Dagleg leiar: Herdis Elin Lexau [email protected] • tlf. 918 13 569 Kyrkjelydspedagog: Björn Pettersson [email protected] • tlf. 974 11 764 Sokneprest: Benedicte Øien [email protected] • tlf. 916 45 165 Kyrkjelydspedagog: Kari Oline Åshamar [email protected] • tlf. 476 38 174 KINN K YRK JEBL AD 2015 7 Gudstenesteliste – vinteren 2016 Fredag 1. januar, Nyttårsdag Jesu namnedag Eikefjord, kl. 11.00 Høgmesse med dåp, Øien. Søndag 3. januar, Kristi openberringsdag Florø, kl. 11.00 Høgmesse med dåp, Øien. Søndag 10. januar, 2. søndag i Kristi openberring Florø, kl. 11.00 Høgmesse med nattverd, Leirvik og Frøyen. Misjonsdag NMS. Eikefjord, kl. 16.00 Høgmesse med nattverd, Leirvik. Søndag 17. januar, 3. søndag i Kristi openberring. Florø, kl. 11.00 Familiegudsteneste med dåp, Nesse og Åshamar, 6-årsbok. Nordal, kl. 16.00 Høgmesse, Nesse. Søndag 24. januar, Såmannssøndag Florø, kl. 11.00 Familiegudsteneste med nattverd, Øien og Pettersson. Eikefjord, kl. 11.00 Familiegudsteneste, Leirvik. Rognaldsvåg, kl. 16.00 Høgmesse, Øien. Stavang, kl. 16.00 Familiegudsteneste, Leirvik. Søndag 31. januar, Kristi forklaringsdag. Florø, kl. 11.00 Høgmesse, Nesse. Batalden, kl. 16.00 Høgmesse, Nesse. Søndag 7. februar, Fastelavensøndag. Florø, kl. 11.00 Familiegudsteneste med dåp, Øien og Åshamar. 4-årsbok. Eikefjord, kl. 11.00 Høgmesse, Leirvik. Nordal, kl. 16.00 Høgmesse. Øien. Askrova, kl. 16.00 Høgmesse, Leirvik. Søndag 14. februar, 1. søndag i faste Florø, kl. 11.00 Høgmesse, Nesse. Rognaldsvåg, kl. 16.00 Høgmesse, Nesse. Den norske kyrkja Kinn kyrkjelege fellesråd harledig ledig100% to 5%stilling stillingar har somsom SOMMARVIKAR klokkar i Florø kyrkje Søkjarar må vere over 18 år, ha førarkort og kunne handtere klippereiskap. stillinga kan Meir informasjon omSpørsmål stillingaom kan rettast til rettast til tlf. 57 75 25 33. Kinn kyrkjekontor tlf 577 52 530. Søknadsfrist 26. mai. Søknad med vitnemål og attestar skal sendast Kinnkyrkjelege kyrkjelege fellesråd, Søknad sendast tiltilKinn fellesråd, boks 504, 6903 Florø,eller til [email protected] Boks 504, 6903 Florø eller til [email protected] Søknadsfrist: 05.12.15. 8 Søndag 21. februar, 2. søndag i faste Florø, kl. 11.00 Høgmesse med dåp, Leirvik. Eikefjord, kl. 16.00 Høgmesse, Leirvik. Søndag 28. februar, 3. søndag i faste Florø, kl. 11.00 Familiegudsteneste, Nesse og Åshamar, Tårnagentar 3. klasse. Nordal, kl. 11.00 Familiegudsteneste, Øien. Stavang, kl. 16.00 Høgmesse, Øien. Batalden, kl. 16.00 Høgmesse, Nesse. Søndag 6. mars, 4. søndag i faste Florø, kl. 11.00 Høgmesse med dåp, Leirvik. Eikefjord, kl. 16.00 Høgmesse, Leirvik og Pettersson. Søndag 13. mars, Maria budskapsdag Florø, kl. 11.00 Høgmesse, Øien. VI YNSKJER VELKOMEN TIL NY MEDARBEIDER Anastasiya Bazhenova har sidan januar vore vikar som organist og vi er særs glade for at ho har takk ja til å fortsette i jobben no som fast tilsett frå 01.01.2016. Ho er ein veldig flink musikar og ser ut til å ha funne seg godt til rette i staben og Florø. BIBELDAGEN 24. JANUAR 2016 I EIKEFJORD Mange har nok merka seg glassmonteren som er hengt opp bak i Eikefjord kyrkje. På bibeldagen 24.januar blir det ei markering og da kan kyrkjelyden få sjå Eikefjord kyrkjes første bibel frå 18..? Og ei gammal salmebok der det er skrevet «Egefjord-ens Capel 1843 H Irgens» (Hans Hartvig Irgens var sokneprest i Kinn 1839–1854). Fleire gamle kyrkjebøker blir også vist fram. På bibeldagen kan vi sjølvsagt ikkje berre vere museal. Gudstenesta blir prega av bibeldagen og i 2016 er det fokus på bibler til flyktningar i Ukraina med særleg fokus på: • • • • Bibler til flyktninger fra Øst-Ukraina Bibelutgaver for ungdom Barnebibler til barnehjem i øst Bibler til barn og ungdom med kreft etter Tsjernobylulykken i 1986 • Nytestamenter i stor skrift til aldershjem KINN K YRK JEBL AD 2015 FLORA KOMMUNE KF INNVANDRARSENTERET er eit kompetansesenter i flyktning- og innvandrarspørsmål til bruk for alle i Flora kommune. Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø Tel. 57 75 29 20 [email protected] www.fokuselektro.no Ta kontakt og avtal tidspunkt! Hamregata 34, 6900 Florø Tlf. 57 74 06 80 | Mobil 95 24 0 50 [email protected] STATOIL - TIPPING POST I BUTIKK EIKEFJORD HANDEL AS Industrivg., 6900 Florø • tlf. 57 75 21 40 [email protected] • www.origod.no Telefon 57 74 47 16 T: 57 75 25 90 / 99 27 13 30 E: [email protected] Din profesjonelle renholdsleverandør 6917 BATALDEN • Tlf. 905 46 148 [email protected] www.bb.servicesystem.no Tlf. 971 67 000 Utsalg 57 74 20 42 Gartneri 57 74 22 94 [email protected] Strandgata 31, Florø Det skjedde i dei dagar Årboka for Sogn og Fjordane, kvart år sidan 1993. Kva skjedde det året du vart fødd, gifte deg, fekk barnebarn? Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as – Alt i catering – SNORRE JERNVARE A/S ORRE JERNVARE A/S Amfisenteret, 6900 Florø Tlf. 57 74 28 08 / 57 74 15 40 Faks 57 74 15 41 – verdensledende produsent av fiskefôr Bladpenger Vi minner om bladpenger til Kinn kyrkjeblad. Dei er for tida 250 kroner. Rask levering! • Tlf. 57 75 20 20 FLORØ INTERIØR A.S. Staden for bryllaup, slektsstemne, kurs, kiosk, overnatting, hytter. GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66 6829 Hyen – Tlf. 57 86 96 54 Hjellegata 6, 6900 Florø Tlf. 57 74 03 66 Følg oss på Vi har no rimelege gravmonument frå kr 8.000,- inkl. namn ferdig montert Namnetilføying – skrifthogging og oppussing av gravmonument Lindbøen 2, 6800 Førde Kontonummer: 3775.20.53619 – ditt byrå i fjordane KINN K YRK JEBL AD 2015 Vakt tlf. 57 82 70 30 Lindbøen 2, 6800 Førde Markegt. 40/42, 6900 Florø Vakt tlf. 57 74 31 36 www.fjordan.no A til Å - www.atilaa.no www.selja.no [email protected] • 57 83 22 20 Kontakt oss for personlege sanger, takkekort og alle andre trykksaker! 9 TRUSOPPLÆRINGA VÅREN 2016 MINILEDARKURS (MILK) BABYSONG: Misjonsheimen i Florø: Tysdagar kl. 11–13. Start: 5. januar. Eikefjord, Ahuset på eldretunet: Onsdagar kl. 11–13. Start: 20. januar. SMÅBARNSSONG I FLORØ: Minst 2 gonger i vårsemesteret, dato blir annonsert. «SPRELL LEVANDE» held fram i vårsemesteret i alle sokn, vil du vere med, så heng på ! Drama på Milkhelg. Gudstenestedagen i Florø kyrkje 8. nov. «Sprell levande» i Stavang på tur. Foto: Hildur Sørdal. Dette er «kvardagssøndagsskule» for born frå omlag fire år, med song, lystenning og bøn, bibelfortelling, leik og forming. Borna får utdelt ca. 15 «Barnas» (søndagsskuleblad) i året. Plan fram til påske, veke 12 : Florø: Start 13. januar kl. 17.30 på Misjonsheimen, vidare onsdagar kvar veke utanom vinterferien. Eikefjord: Start 12. januar kl. 17.30 i kyrkja, vidare tysdagane 26. januar, 9. februar, 23. februar og 8. mars. Nordal: Start 19. januar kl. 18 på Solheim skule, vidare tysdagane: 2. februar, 2.0 mars og 15. mars. Stavang: Held fram i kyrkjesalen ca ein laurdag i månaden, sjå plakat på butikken. I kyrkjelyden har vi fleire flinke ungdomsleiarar som gjer en kjempejobb. Det skulle ikkje gå å ha konfirmantleir og ein del barnaktivitetar utan dei. Og det er kjekt å ha dei med! Men korleis finn kyrkja ungdomsleiarar? Kvart år er det nokre konfirmantar som spør om de kan bli med som leiar neste år. Innen dei kan bli med, er det viktig at dei får lære kva det er å vere leiar. Sokneprest Knut Magne Nesse har difor kvart år eit minileiarkurs for ungdomane. Deltaking i leir, nattcup og andre aktivitetar er ein del av utdannelsen. Dei har nokre undervisingstimar og ei felleshelg med MILK:ane frå Førde. Etter at kurset er ferdig får deltakarane eit bevis som er bra å kunne vise når de søkjer jobb og utdanning. Florø kyrkjes barnekor. BOK TIL 4-ÅRINGAR: 4 år i KINN: Søndag 7. februar kl. 11 i Florø kyrkje for dei som fyller 4 år første halvår 2016. Det er «blikjent-samling» laurdag 6. februar, invitasjon i brev. 4-åringar på øyane blir kontakta om utdeling. Dei andre 4-åringane får bok til hausten. BIBELDAG i Florø kyrkje 24. januar med frukost for 5. klassingar kl. 9 og gudsteneste kl. 11. BIBELDAG i Eikefjord kyrkje 24.januar med 5. klassingar, gudsteneste kl. 11. BIBELDAG i Stavang kyrkje 24.januar med 5. klassingar, gudsteneste kl 16. TÅRNAGENTHELG I FLORØ KYRKJE for 3. klassingar i Kinn 27.–28. februar. Allsidig program laurdag kveld. Overnatting heime. Øving til gudstenesta søndag morgon. Invitasjon i brev. FLORØ KYRKJE BARNEKOR: Born frå 5–7 år øver kvar onsdag kl. 16.45–17.30 på Misjonsheimen. Eldre born øver etterpå. Oppstart 2016: 20. januar. Kontakt: Organist Sebastian Ryll. SPEIDARAR: Florø KFUK-KFUM sine jentespeidarar har møte tysdagar kl. 17.30–19. Oppdagarane og Stifinnarane på Misjonsheimen. Vandrarane på Brandsøy bedehus. Kontakt: Oddrun Furesund tlf. 456 05 726. Frelsesarmespeidarane, både gutar og jenter: Møte onsdagar på Frelsesarmeen. Kontakt: Rune Rasmussen, tlf. 916 40 580. Har du spørsmål om trusopplæringa? Kontakt: Kari Oline Åshamar, [email protected] 10 KINN K YRK JEBL AD 2015 Deltakarar på haustleir, trusopplæringa sitt dagtilbod i Florø i haustferien, får oppleve mange ulike ting. Kontakt med Skaparen, kvarandre og skaparverket er eit mål. Etter morgongymnastikk på leikeplassen til barneskulen, hadde vi morgonsamling med song, lystenning og forteljing kvar dag. På misjonsheimkjøkkenet laga vi gruppevis vafler, kaker eller grønsakfat, medan dei andre forma, las eller spela kort. Nesten alle dagar var vi på tur. Måndag vandra vi, nokre med stav i hand, til Sørstrand, og jakkene måtte av i sola. Nokre fanga krabbar, og nokre studerte fjøreroser, og det var vanskeleg å bryte opp. I år skulle vi bli kjende med personen Moses, slik han er skildra i gamletestamentet. Vi fletta korger ilag med Martha, og tenkte på den korga han flaut i på Nilen. Nokre laga portrett med mose(s)skjegg og hår av den tøffe sauegjetaren Moses som vart leiar for hebrearane si utferd frå Egypt. «Skjegg» var mose og lav vi samla på Erikstad på Svanøy, og Sol gav oss villsau-ull til hår. På Erikstad fekk uerfarne ryttarar ri på erfarne hestar, og på eine biletet kosar vi med ein vakker ryggjasau. Frittgåande fargeglade høner leverte egg som vi kokte neste dag, og vi åt niste i eldhuset med bål i gruva. Vi fekk også tid til å studere steinkrossen på gravplassen. Ei humle som hadde vakna frå dvale i solvarmen, overraska ei av jentene med eit siste stikk på kaia, og ei jente fekk rusk i auget då ho klatra i ei gran. Elles gjekk alt bra på turen. Torsdag tok vi ein tur til Storåsen, og der var det både bunkersar å klatre i og ei lauvhytte som fekk opp-pussing i form av einstapeblad. Stilkane på einstapen har kvasse fibrar, så det var bra vi hadde med plaster. Fredag hadde vi avslutning i kyrkja. Borna song «When Israel was in Egypts land» under leiing av organist Anastsiya, las tekstar, og dramatiserte saman med Dag Leirvik bibelfortellinga om Jesus som oppvekte sonen til enkja i Nain. Underteikna var med alle dagane, og eg har stor glede av å bli kjend med borna, så fredagen er litt vemodig, når vi tek farvel. Nokre av deltakarane kjende kvarandre frå før, men alle fekk nye vener denne veka. I tre år har vi prøvd ut haustleir, og funne fram til eit variert opplegg. Målgruppa er no 2.,3. og 4. klasse. I år var det mest jenter, før har det vore nesten like mange gutar. Nokre av borna har vore med fleire år, og yngre søsken vil kanskje vere med neste gong. Siste to åra har det vore om lag ti deltakarar, og vi har kapasitet til fleire. Men vi er avhengige av frivillege medarbeidarar ilag med tilsette i kyrkja. Takk til alle frivillege som var med ! Kari Åshamar TRUSOPPLÆRINGA Frå Moses til mose TRUSOPPLÆRING I ADVENTSTIDA BABYSONG I FLORØ: Siste gong før jul: 15. desember. EIKEFJORD, NORDAL OG BRU: Eikefjord kyrkje 28. – 29. nov., 1. helga i advent. (6. og 7. klasse) KINN: Florø kyrkje 5. – 6. des., 2. helga i advent. (7. klasse) JULEVERKSTAD FOR 2. KLASSINGAR I KINN: Onsdag 2. des. kl. 17.30 – 19.00 eller onsdag 16. des. kl. 17.30 – 19.00 på Julehuset. SPRELL LEVANDE: FLORØ: Siste samling før jul blir saman medJuleverkstad 2. des. eller 16. des. EIKEFJORD: Avslutning 15. des. NORDAL: Avslutning på julegrantenning 13. des. STAVANG: Avslutning på lysmesse 22. des. KINN K YRK JEBL AD 2015 11 Konsertar i kyrkjene FREDAG 27. NOVEMBER: «Stille natt» i Florø kyrkje kl. 17.30. SØNDAG 29. NOVEMBER: Adventskonsert i Florø kyrkje, kl. 18.00: Kinn Kyrkjekor, barnekora, Otto Søvig, Ann Kristin Takle Winterthun og elevar frå Kulturskulen. LAURDAG 5. DESEMBER: Florø kyrkje kl. 15.00: Konsert i samband med Helge Sårheim sitt 50-årslag. Nora Sårheim m.fl. deltek. Takkoffer til Frelsesarmeen. SØNDAG 13. DESEMBER: Florø kyrkje kl. 13.00. Florø Hornmusikk. SØNDAG 20. DESEMBER: «Fryd» i Florø kyrkje kl. 20.00. Songkoret Fryd inviterer til stemningsfull kveldskonsert. Repertoaret i år byr på både gamalt og nytt, men som alltid vert det lagt vekt på stemningar og klang. Koret har øvd inn nye arrangement samtidig som dei tek med seg nummer som publikum vil kjenne igjen frå tidlegare konsertar. Fryd har også i år med seg gjester, m.a. Kristian Havn som tenorsolist og Kolbjørn Taklo på hardingfele. Fryd håpar alle som kjem vil få ei fin stund i kyrkja denne siste søndagen før jul. SØNDAG 20. DESEMBER: Julekonsert i Eikefjord kyrkje kl. 19.00 med Eikefjord Skulemusikk, Koriander og organist Anasastasiya Bazhenova. LILLEJULAFTA 23. DESEMBER: Midnattskonsert lillejulafta i Florø kyrkje kl. 21.00 og 23.00. Det er 22. året Vestklang arranger midnattskonsert i Florø kyrkje, noko vi er stolte av, og glade over å vere ein del av. Konsertane er gratis, og er vår kjekkaste julegåve til Florøfolk! Mange ting rundt oss er i endring, men når det gjeld julekonserten er programmet mykje likt år for år! Å kome saman å finne samklang og samhald gjennom tonar og ord, er i seg sjølv ein rikdom. Gjennom tonane og kyrkjerommet håpar vi å vere med å skape ei stemning der helgafreden kan sige inn og varme sjel og sinn. Vestklang ynskjer alle hjarteleg velkomne til midnattskonsert! TYSDAG 29. DESEMBER: Florø/Bremanger Brass held julekonsert i Florø kyrkje kl. 18.00. LAURDAG 2. JANUAR: Florø kyrkje kl. 18.00. Florø Hornmusikk med gjestar held tradisjonell nyttårskonsert. 12 Julekonsert: Kvedarkvintetten Eikefjord kyrkje søndag 29. nov. kl. 20.00, Klokkeklare stemmer, tette harmoniar – og lysande mjuke smil! Det er lett å la seg begeistre og komme i julestemning når dei fem jentene i Kvedarkvintetten frå Hallingdal slepper julesongen laus. Tre av dei heiter Myhr og to Risdal Liahagen, og trass sin unge alder, har dei alle i lang tid vore aktive i folkemusikkmiljøet. Vi kjenner dei frå Førdefestivalen og ikkje minst frå TV-ruta; i det flotte juleprogrammet Julefolk i 2011. Kvedarkvintetten har som mål å få meir av tradisjonssongen frå Hallingdalen fram i lyset, og dette vil også vere gjeldande for repertoaret på julekonserten. – Det blir mykje julesong i hallingdaltradisjon, seier Margit Myhr. – I tillegg har vi med andre songar vi er glade i. Tekstane i julesongane vil nok vere velkjende for dei fleste, men kanskje ikkje melodiane, som for det meste vil vere henta frå Hallingdal. Dei fem jentene kjem frå to sterke folkemusikkfamiliar på Torpo i Hallingdal, og har sunge saman sidan dei var små. – Dette gjer at vi har eit felles uttrykk, og det fell naturleg for oss å synge saman og følgje kvarandre i songen, seier Margit. Kvedarkvintetten legg vekt på variasjon, og vartar opp med alt frå raske, fartsfylte songar, til vare, stemningsfulle balladar; frå unison slåttetralling til firestemde viser. Arr. Folkemusikkfestivalen Nokre av konsertane har billettsal. Sjå plakatar og annonse! GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK, FLORØ KINN K YRK JEBL AD 2015
© Copyright 2024