INFORMASJONSMØTE FOR ALLE KONFIRMANTANE OG FORELDRE/FØRESETTE VELKOMEN SOM KONFIRMANT I KYRKJA I HARAM 2015-16 for Brattvåg og Hildre i BRATTVÅG KYRKJE tysdag 25.august kl.19.30 for Hamnsund i HAMNSUND KYRKJE tysdag 25.august kl.18.00 for Vatne: i VATNE KYRKJE torsdag 3. september kl.19 PRESENTASJONSGUDSTENESTER: Vatne kyrkje søndag 6.september kl.11.00 Brattvåg kyrkje søndag 20.september kl.17.00 Hildre kyrkje søndag 27.september kl.11.00 Hamnsund kyrkje søndag 27.september kl.16.00 VELKOMEN SOM KONFIRMANT I KYRKJA DI! Venleg helsing Sokneråda og Peder Tomren sokneprest Jan Inge Kringstad sokneprest Astrid Øygard kateket Konfirmanttida i kyrkja gir deg sjanse til å finne ut kva du trur på lære meir om Bibelen samtale om kristen tru bli kjend med kyrkja og Jesus få nye tankar om livet engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet Konfirmantopplegget tek til i starten av september 2015 og sluttar i april/mai 2016 Gruppesamlingane vert på desse dagane: Hamnsund, Brattvåg, Hildre; tysdag eller onsdag Vatne: onsdag Konfirmasjon i VATNE KYRKJE søndag 24.april Alle samlingar er obligatoriske, vert frammøtet dårleg, kan det bli snakk om ekstra frammøte og oppgåver, dvs om du har vore borte tilsvarande 5 gruppesamlingar. Konfirmasjon i Brattvåg kyrkje søndag 1.mai Konfirmasjon i Hildre kyrkje Kr.Himmelfartsdag 5.mai Konfirmasjon i Hamnsund kyrkje søndag 8.mai KONFIRMANTOPPLEGGET VIL INNEHALDE: undervisning i grupper ca.annakvar veke minimum 8 gudstenester konfirmantdag/ungkyrkjadag fasteaksjon (bøsseinnsamling) til Kirkens Nødhjelp besøk av Team Roadservice leir/weekend Det vil koste 1500 kr å ta del i konfirmantopplegget, 750kr for hausten og 750 kr for våren. Har de problem med å kunne betale, ta kontakt med oss. Ungdomar som ikkje er døypte er velkomne til å delta i konfirmantundervisinga. Dei som skal konfirmerast til våren, må verte døypte først. Kva det betyr å vere døypt og korleis ein eventuell dåp skal foregå, kjem vi tilbake til. PÅMELDINGSFRISTEN ER 25.JUNI Påmeldingane skjer elektronisk. Vi har eiga nettside med eigen link som de går inn på. Nettadressa vår er: http://www.haram.kyrkja.no Der går de inn på KONFIRMASJON. På den sida står det ein link: Konfirmantpåmelding 2015-2016,- den dobbelklikkar de på. Fyll ut dei felta som er nødvendige for å bli registrerte. Når de har fylt ut ferdig, trykk på send og du skal få ei tilbakemelding på at du er registrert. Er du i tvil om dette, ta kontakt med kyrkjekontoret tlf 70 20 93 70.
© Copyright 2024