Reguleringsplan for B2 Hovdebygda i Ørsta kommune

AG Plan og Arkitektur AS
Rådgjevande arkitekt og ingeniør •arkitektbedriftene •Rådgivende Ingeniørers Forening RIF
Ørsta 30.10.2015
Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar
TILTAK: OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSARBEID
I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova (27.6.2008) vert det med dette varsla oppstart av arbeid med
DETALJPLAN (PBL § 12-3), REGULERINGSPLAN FOR B2 HOVDEBYGDA I ØRSTA
KOMMUNE, VARSEL OM IGANGSETTING AV PRIVAT PLANARBEID, JF. PBL § 128.
Målet med planarbeidet er å regulere bustadfelt på gnr. 58 bnr. 10 som fastsett i kommuneplanen. I planen
vil inngå bustadtomter, leikeareal og tilhøyrande infrastruktur. I tillegg er teke med deler av tilgrensande
utbygd tomteareal mot Sjømyrane og kommunevegen (Ytrehovdvegen) langs feltet. Området er lokalisert i
Hovdebygda, Ørsta kommune.
Planområde
AG Plan og Arkitektur AS
Telefon: 70 06 16 00
Webjørn Svendsen gate 12
6150 ØRSTA
Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12
6150 ØRSTA
www.agplan.no
[email protected]
Sentral Godkjenning: 2002011841
Org.nr: 884 182 042 MVA
ARKITEKTUR • AREALPLANLEGGING • VEGPLANLEGGING • VATN- OG AVLØPSANLEGG • ANDRE ANLEGG OG
KONSTRUKSJONAR • PROSJEKTLEIING • BYGGJELEIING •
 Side 2 av 5
Tiltakshavar:
Tiltakshavar er grunneigar Jostein Arne Myklebust. Utførande konsulent er AG Plan og Arkitektur AS.
Planområde:
Planområdet er på om lag 36,2 daa og omfattar eigedomar innanfor vist plangrense, jf. kartutsnitt under.
Plangrensa er godkjent av kommunen.
Planområde /plangrense:
Utsendt varsel:
Vi har nytta grunneigar- og naboliste motteke frå Ørsta kommune, ut ifrå plangrensa vist ovanfor.
Gjeldande reguleringsplan:
Planområdet er ikkje tidlegare regulert.
_______________________________________________________________________________________________
ARKITEKTUR • AREALPLANLEGGING • VEGPLANLEGGING • VATN- OG AVLØPSANLEGG • ANDRE ANLEGG OG
KONSTRUKSJONAR • PROSJEKTLEIING • BYGGJELEIING •
 Side 3 av 5
I kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, vedteken 11.6.2015, er planområdet vist som
framtidig bustadareal (B2) med krav om regulering. Sjå kartutsnitt av kommunedelplanen på neste side.
Plangrensa er i tråd med område B2 vist i gjeldande kommundelplanen for Hovdebygda med noko
tilpassing i høve Ytrehovdvegen - for å ta med areal for evt. fortau langs vegen, jfr. nødvendig avklaring som
vist til i kommunedelplanen. I tillegg er teke med areal som kan kome inn i frisiktliner for nye kryss.
B1
B2
Utsnitt av kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, saman med plangrense
Bakgrunnen for at eksisterande tomter aust for gnr 58 bnr 10 er tekne med i B2 er ønskje om heilskapleg
planlegging, grense mot aust er såleis lagt inntil gjeldande reguleringsplan RTK-7308 Sjømyrane bustadfelt
aust for B2. I høve utarbeiding av reguleringsplan på desse bustadtomtene vil eksisterande situasjon og
gjeldande vegrettar verte lagt til grunn.
I føresegnene til kommunedelplanen §2.1.1 går det fram at minst 50% av bustadeiningane i nye byggefelt
bør vere konsentrerte buformer (KS), eksempel på dette vil vere til dømes 4-mannsbustad. På bakgrunn av
at B2 er eit bustadområde heilt i utkanten av eksisterande busetnad og tilgrensande busetnad i hovudsak
består av einebustadar, vil ein for B2 i planframlegget argumentere for ein lågare del konsentrert busetnad.
Ei fordeling med 40% KS og 60% einebustad er drøfta som løysing i oppstartsmøte med kommunen.
_______________________________________________________________________________________________
ARKITEKTUR • AREALPLANLEGGING • VEGPLANLEGGING • VATN- OG AVLØPSANLEGG • ANDRE ANLEGG OG
KONSTRUKSJONAR • PROSJEKTLEIING • BYGGJELEIING •
 Side 4 av 5
Av konsekvensutgreiinga for kommunedelplanen går det fram at Ei større utbygging vil medføre behov for
utviding av Ytrehovdvegen med gangveg. Dette vart drøfta i oppstartsmøtet med Ørsta kommune og ein
kom fram til at det kan vere behov for å regulere fortau heilt til ca Hovden Møbel. Evt. fortau bør ligge på
sørsida av vegen som ei naturleg vidareføring av øvrig fortau/gang- og sykkelvegnett i området.
Planframlegget vil utgreie evt. behov for fortau.
I kommunedelplanen er det også vist ein sti over B2 til Ytrehovdåsen, slik forbindelse vil verte ivaretaken i
planframlegget.
Bakgrunn for planarbeidet:
Tiltakshavar har engasjert seg i arbeidet Ørsta kommune har hatt med den nyleg godkjente
kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Dette resulterte i at det i kommunedelplanen
no ligg eit område for framtidig bustadareal (B2). No vil tiltakshavar gå i gong med neste steg, å
utarbeide ein detaljplan for bustadområdet. Det er mangel på bustadtomter i området, og tiltakshavar
ønskjer såleis snarleg realisering av tomter.
Reguleringsføremål:
Aktuelle reguleringsføremål er bustader med tilhøyrande anlegg (frittliggjande småhusbusetnad, konsentrert
småhusbusetnad, leikeareal), samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (køyreveg, ev. interne gangvegar,
gangkorridorar til friluftsområda (LNF-områda), ev felles parkeringsplass/ garasjeanlegg for den
konsentrerte busetnaden og ev. omsynssoner (t.d. frisiktsoner i kryss). Fleire føremål kan kome til
undervegs i reguleringsprosessen som følgje av saka si gong.
Tilkomst:
Tilknyting til offentleg veg er tenkt via den kommunale vegen Ytrehovdevegen som fører til E39.
Planprosess, medverknad:
Saka si gong
Det blei halde oppstartsmøte på Ørsta rådhus 22.10.2015. I dette møtet blei det avklart at planarbeidet
kunne startast opp.
Opp mot kommunen
I planarbeidet vil ein i samarbeid med kommunen drøfte/avklare ev. overordna forhold som vert berørt av
utbygginga. Basert på innspel i tilknyting til denne forvarslinga vil vi vurdere om det er behov for avklaringar
opp mot særskilte grupper som: Eldrerådet, Råd for likestilling av funksjonshemma, Ungdomsrådet og Unge
sin representant.
Opp mot grunneigarar og naboar
Det vil bli halde eit møte med tilgrensande grunneigarar og naboar om det viser seg å vere særskilt behov
for dette, basert på innspel i tilknyting til dette varselet om at planarbeidet no startar.
Type reguleringsplan:
Reguleringsplanen vil bli fremja som ein detaljplan etter plan- og bygningslova § 12-3.
Konsekvensane av planen, ROS, jf Plan- og bygningslova §§ 4-1, 4-2 og 4-3:
Tiltaket er vurdert til å ikkje vere av eit slikt omfang og av slik karakter at det er naudsynt med planprogram
og/eller KU etter PBL §§ 4-1 og 4-2. Som del av saka vil det bli utarbeidd ei enkel risiko- og
sårbarheitsanalyse (ROS), jf. sjekkliste utarbeidd av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
_______________________________________________________________________________________________
ARKITEKTUR • AREALPLANLEGGING • VEGPLANLEGGING • VATN- OG AVLØPSANLEGG • ANDRE ANLEGG OG
KONSTRUKSJONAR • PROSJEKTLEIING • BYGGJELEIING •
AG Plan og Arkitektur AS
Rådgjevande arkitekt og ingeniør •arkitektbedriftene •Rådgivande Ingeniørers Forening RIF
Ørsta 30.10.2015
Møre-nytt
Vi ber om at vedlagde annonse vert teken inn i avisa Dykkar ein gong over 2 spalter TORSDAG 5.11.2015.
Annonseteksta er teksta mellom dei stipla linene.
Annonsen skal trykkast i svart/kvitt inkl. kartutsnitt. Kartutsnitt skal tilpassast ca 2 spaltebreidde.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
OPPSTART AV PRIVAT PLANARBEID
I samsvar med § 12-1, 12-8 og 12-14 i Plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at følgjande privat
reguleringsarbeid vert sett i gong:
DETALJPLAN (PBL § 12-3), REGULERINGSARBEID FOR B2 HOVDEBYGDA I
ØRSTA KOMMUNE, VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID, JF. PBL § 12-8
Målet med planarbeidet er å regulere bustadfelt på gnr. 58 bnr. 10 som fastsett i kommuneplanen. I planen
vil inngå bustadtomter, leikeareal og tilhøyrande infrastruktur. I tillegg er teke med deler av tilgrensande
utbygd tomteareal mot Sjømyrane og kommunevegen (Ytrehovdvegen) langs feltet. Området er lokalisert i
Hovdebygda, Ørsta kommune. Det blir vist til kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda (planid
2012007). Planområdet gjeld eigedomar vist på kartutsnittet nedanfor. Arealet omfattar om lag 33,2 daa.
Aktuelle reguleringsføremål er bustader med tilhøyrande anlegg (frittliggjande småhusbusetnad, konsentrert
småhusbusetnad, leikeareal), samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (køyreveg, ev. interne gangvegar,
gangkorridorar til friluftsområda (LNF-områda),
ev felles parkeringsplass/ garasjeanlegg for den
konsentrerte busetnaden og ev. omsynssoner (t.d. frisiktsoner i kryss). Fleire føremål kan kome til
undervegs i reguleringsprosessen som følgje av saka si gong. Tiltaket er vurdert til å vere av ein slik karakter
at det ikkje er naudsynt med planprogram og/eller KU etter PBL §§ 4-1 og 4-2.
AG Plan og Arkitektur AS
Telefon: 70 06 16 00
Webjørn Svendsen gate 12
6150 ØRSTA
Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12
6150 ØRSTA
www.agplan.no
[email protected]
Sentral Godkjenning: 2002011841
Org.nr: 884 182 042 MVA
 Side 2
Tiltakshavar er grunneigar (gnr 58 brnr. 10)Jostein Arne Myklebust. Utførande konsulent er AG Plan og
Arkitektur AS.
Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv. Varslingsdokumenta er tilgjengelege på
nettsidene www.orsta.kommune.no og www.agplan.no
Innspel til reguleringsarbeidet skal vere skriftlege og sendast til
AG Plan og Arkitektur AS
Adresse: [email protected] eller Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA innan 22.12.2015. E-post
(ev skriv) skal vere merka: REGULERINGSPLAN FOR B2 HOVDEBYGDA.
Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA. Tlf 700 61 600
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Vi minner om at annonsen skal trykkast i svart/kvitt, inkl. kartutsnitt. Der er òg viktig at teksta AG Plan og
Arkitektur AS er utheva med tjukk skrift, og brukar heile spaltebreidda.
Vedlagt følgjer også kartutsnittet i jpg format.
Vi ber til slutt om at faktura for annonsen vert sendt direkte til tiltakshavar:
Jostein Arne Myklebust
Ytrehovdevegen 76
6160 Hovdebygda
Med vennleg helsing
Kåre Gjengedal
Siv.ing./planleggar