ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat Plan- og miljøavdelinga for vidare ekspedering Saksnr 2012/1410 Løpenr. 3769/2015 Saksansvarleg BARDSETH Arkiv 00 Dato 16.03.2015 Melding om vedtak i formannskapet 10.3.2015, sak 30/15 2. GONGS OFFENTLEG ETTERSYN: KOMMUNEDELPLAN FOR ØRSTA SENTRUM OG HOVDEBYGDA Saksprotokoll tilråding / vedtak i Ørsta formannskap - 10.03.2015 VEDTAK: Ørsta formannskap syner til framlegg til kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, samt til innkomne merknader til 1. gongs offentleg ettersyn. Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14, vert planframlegget lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart merka 2012007-01B, sist revidert 15.01.2015 og med tilhøyrande kartutsnitt og føresegn sist revidert 15.01.2015, samt andre plandokument sist revidert 15.01.2015 og 03.03.2015. Det må i tillegg gjerast slik endring: Det må innarbeidast naudsynte omsynssoner knytt til skog som er vurdert som avgjerande for dei fastsette rasfaregrensene. Rådmannen kan innarbeide desse sonene i samråd med NVE/rasfarekonsulent, men formannskapet ber om at omfanget vert avgrensa slik at dei i minst mogleg grad kjem i konflikt med skogbrukinteressene. Om naudsynt må plangrensene justerast. 1. Turveg til Brekkeheida, som synt på skisse i møtet 2. Industriområde Vikeurda/Selbervika, på område som i dag er regulert til småbåthamn, i tillegg til areal vestover, avgrensa som synt på kart i møtet Frist for å kome med merknader vert sett til seks veker etter kunngjeringsdato. Handsaminga (9 r.f.) Rådmannen orienterte og svarte på spørsmål. Rådmannen endra si tilråding slik (endringane er i kursiv): Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14, vert planframlegget lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart merka 2012007-01B, sist revidert 15.01.2015 og med tilhøyrande kartutsnitt og føresegn sist revidert 15.01.2015, samt andre plandokument sist revidert 15.01.2015 og 03.03.2015. Det må i tillegg gjerast slik endring: Postadresse: 6153 ØRSTA [email protected] 700 49 700 700 49 711 www.orsta.kommune.no 939461450 MVA 3992.07.30144 Det må innarbeidast naudsynte omsynssoner knytt til skog som er vurdert som avgjerande for dei fastsette rasfaregrensene. Rådmannen kan innarbeide desse sonene i samråd med NVE/rasfarekonsulent, men formannskapet ber om at omfanget vert avgrensa slik at dei i minst mogleg grad kjem i konflikt med skogbrukinteressene. Om naudsynt må plangrensene justerast. Ordførar bad om gruppemøte og gruppemøte vart halde. Fellesforslag som tillegg til rådmannen si endra tilråding: 1. Turveg til Brekkeheida, som synt på skisse i møtet 2. Industriområde Vikeurda/Selbervika, på område som i dag er regulert til småbåthamn, i tillegg til areal vestover, avgrensa som synt på kart i møtet Rådmannen si endra tilråding m/tillegg vart vedteken med 9 mot 0 røyster Rett utskrift Inger Johanne E. Løeng Politisk sekretær Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 03.02.2015 Handsaminga(9 r.f.) Orientering frå plan og miljøavdelinga, leiar Gunnar Wangen og Matias Kårstad, planleggar Ordføraren fremja å utsette saka til neste formannskapsmøte. Formannskapet vedtok med 9 mot 0 røyster å utsette saka. ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Matias Kårstad Utvalsaksnr. 23/15 30/15 Utval Ørsta formannskap Ørsta formannskap Arkivsak: 2012/1410 Løpenr.: 438/2015 Møtedato 03.02.2015 10.03.2015 Saka gjeld: 2. GONGS OFFENTLEG ETTERSYN: KOMMUNEDELPLAN FOR ØRSTA SENTRUM OG HOVDEBYGDA TILRÅDING TIL VEDTAK: Ørsta formannskap syner til framlegg til kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, samt til innkomne merknader til 1. gongs offentleg ettersyn. Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14, vert planframlegget lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn slik det ligg føre på plankart merka 2012007-01B, sist revidert 15.01.2015 og med tilhøyrande kartutsnitt og føresegn sist revidert 15.01.2015. Frist for å kome med merknader vert sett til seks veker etter kunngjeringsdato. Utskrift til: Plan- og miljøavdelinga for vidare ekspedering Saksvedlegg: Plankart Plankartet er utarbeidd i samsvar med kartforskrifta og ”Nasjonal produktspesifikasjon og digitalt planregister”. Kartdata er utarbeidd i sosi-versjon 4.5 (prodspek ”Kommuneplan – 20120416”), og i koordinatsystem UTM-sone 32 basert på EUREF89. Kartutsnitt Plankartet inneheld mykje informasjon, og spesielt gjer eit stort tal omsynssoner at kartet er vanskeleg å lese. For å betre lesbarheita er det utarbeidd fire kartutsnitt; Landbruksområde, Kulturminne, Naturfare og omsyn knytt til verksemder og teknisk infrastruktur. Karta inneheld eit utdrag av omsynssoner for å vise ulike interesser. Desse karta er juridisk bindande på lik line med det primære plankartet. Føresegn Føresegner til planen er juridisk bindande og kjem i tillegg til det som er fastsett i plankartet, jf. pbl. §11-6. Føresegndokumentet inneheld også retningsliner som ikkje er juridisk bindande. Dersom retningslinene må fråvikast skal dette grunngjevast. Oversikt over gjeldande reguleringsplanar er vedlegg til føresegna. Planomtale Planomtalen gjer greie for føremål, hovudinnhald og verknadar av planframlegget, og viser korleis nasjonale og overordna mål og retningslinjer er ivaretatt, jf. pbl. § 4-2. Verknadar for miljø og samfunn, konsekvensutgreiing, er del av planomtalen men er skilt ut som eige dokument. Hovudkonklusjonar frå konsekvensutgreiinga er teke inn i planomtalen. Temakart Grøntstruktur Temakartet viser samanhengen i grønstruktur både innanfor og utanfor regulerte område. Kartet viser m.a. parkar, friluftsområde, naturområde, turvegar og stiar. Ein del av samanhengane i temakartet ligg innanfor område som er lagt ut som t.d. bustadføremål i plankartet. Turvegen er vist som linesymbol, slik at ein må ta omsyn til grønstrukturen i den påfølgande reguleringsplanen. Landbruk Temakart for landbruk viser dyrka areal, dyrkbart areal, innmarksbeite og dei delane av dyrkaarealet som er del av kjerneområde landbruk. I tillegg er det synleggjort kva delar av dyrka og dyrkbart areal som vert foreslått omdisponert til byggeføremål som følgje av kommunedelplanen. Areal som er omdisponert gjennom tidlegare planar har ikkje fått denne skravuren. Naturfare Temakart for naturfare viser dei kjende naturfarene. Dette gjeld snøras/steinsprang – vist med sone for ”100-årsras”, ”1000-årsras” og ”5000-årsras”, flaumfareområde – vist med sone for kjellarflaum og ”200-årsflaum” og potensielle område for lausmasseras/ustabil grunn. Sonene for snøras og steinsprang er tilpassa rasfarerapportar i dei områda der det er gjort fagutgreiingar. NVE si nasjonale rasfarekartlegging gir avklaring for store deler av planområdet. I tillegg har kommunen oversikt over ein del rasfarerapportar for enkelttomter, men desse er ikkje synleggjort i temakartet. Kulturminne- og kulturmiljø I tråd med planprogrammet og råd frå fylkeskommunen har ein i temakartet valt å framstille kulturminne av nasjonal verdi (automatisk freda), regional verdi (i samsvar med fylkeskommunen si prioritering) og lokal verdi (henta frå Kulturminneatlas og SEFRAK). Ein hadde intensjon om å utarbeide Kommunedelplan for kulturminne parallelt med denne kommunedelplanen, men på grunn av manglande finansiering er arbeidet utsett. Vekting av lokale kulturminne og – miljø er derfor ikkje utført enno. Som bakgrunn for temakartet har ein gjort ei førebels sortering av kulturminne av lokal verdi og prioritert dei som kan kartfestast og som inngår naturleg i større kulturmiljø som alt er verna (gjeld særleg bebyggelse i Kyrkjegata og Vikegata).Temakartet viser såleis ikkje ei endeleg vekting av lokale kulturminne i denne delen av kommunen, dette vil skje i samband med kulturminneplanen. Infrastruktur Temakart viser noverande og framtidig hovudvegsystem, samlevegar, kollektivstopp (eksisterande og mogleg plassering av framtidige) med synleggjering av 300- og 600 meter gangavstand. Andre plandokument Konsekvensutgreiing Vurdering og kommentar av innkomne merknader Alternativvurdering Hestesport Alternativvurdering Ørstafjordkryssing Alternativvurdering vegføringar på Øvre Mo Alternativvurdering vegføringar i Sjømyrane Temaomtale ”Hovudstruktur turvegar” Plandokument og saksdokument er samanslått til eit PDF-dokument, dei einskilde dokumenta er markerte med bokmerke. Samla dokument er tilgjengeleg på felles info-mappe. Uprenta saksvedlegg: Merknader til 1. gongs offentleg ettersyn Referat frå drøftingsmøte med Fylkesmannen 29.09.14, KDP Ørsta sentrum og Hovdebygda. Brev frå planavdelinga, Ørsta kommune dagsett 8.10.14. Ørsta kommune. Referat frå drøftingsmøte – kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda - Tilbakemelding. Brev frå Fylkesmannen dagsett 20.10.14. Ørsta kommune – kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda – svar på førespurnad. Brev frå Møre og Romsdal fylkeskommune dagsett 20.10.2014. Andre saksdokument Saksopplysningar: Ørsta formannskap, som planutval, gjorde i møte den 18.03.2014 (sak 20/14) følgjande vedtak om utlegging til offentleg ettersyn: Ørsta formannskap viser til varsel om planoppstart 25. mai 2011, og planprogram fastsett av Ørsta kommunestyre 17. november 2011. Formannskapet vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 å legge Kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda ut til offentleg ettersyn med følgjande endringar: Omsynssona H830_1-område for fornying vert utvida mot nord til gågata(Vikegata) Formannskapet ber om at det vert gjort endringar vedrørande grense for sentrumsføremål mot Ose som synt på kart. Tettstadgrensa i Hovdebygda vert å: justere som synt på kart. Frist for å kome med merknader vert sett til åtte veker etter kunngjeringsdato. Planframlegget vart retta opp i samsvar med endringane i vedtaket, og låg ute til 1. gongs offentleg ettersyn i perioden 29. mars – 16. mai 2014. I samarbeid med lokalavisa Møre Nytt vart det tidleg i høyringsperioden publisert tre utfyllande artiklar om planframlegget; 10., 12. og 15. april 2014. Føremålet var å skape merksemd om planarbeidet og sikre lokal forankring. Tema for artiklane var tettstadutvikling, næring og jordbruk og korleis desse aspekta er ivareteke i planframlegget. Seinare i høyringsperioden vart det arrangert folkemøte (23.april) og open dag (24. april). Møta var annonserte og opne for alle. Båe arrangementa var annonserte og med svært godt besøk. Planavdelinga har i løpet av våren 2014 orientert om framlegget i fleire politiske utval i kommunen. Planframlegget er også presentert på ulike fagkonferansar på regionalt nivå. I samband med motsegnene, jf. kapittel 3, er det gjennomført drøftingsmøte med Fylkesmannen i Møre og Romsdal (29. september 2014) og Kulturvernavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune (6. november 2014). I tillegg det gjennomført møte med Statens vegvesen (6. oktober) om trafikale løysingar og i høve innkomne merknader. Innkomne merknader Det er registrert 103 skriftlege merknader til planframlegget etter 1. gongs offentleg ettersyn. Alle merknader er kommenterte i dokumentet ”Merknader til 1. gongs offentleg ettersyn med kommentarar”. Merknader frå private gjeld i all hovudsak arealdisponeringar. Nokre tek opp tilhøve som er på eit detaljeringsnivå det ikkje er naturleg å ta stiling til i overordna arealplan. Problemstillingar som har gått att i fleire av merknadane er lokalisering av næring langs Industrivegen i Hovdebygda samt trafikkale tilhøve langs Sjøvegen. Her er det utarbeidd ei eiga alternativvurdering som foreslår tiltak for å betre situasjonen. Det har også kome mange merknader knytt til lokalisering av hestesportanlegg. Desse er vurderte samla i alternativvurderinga for hestesportanlegg. Dei øvrige merknadane går i større grad på enkelttomter eller enkeltområde og er vurderte og kommenterte i dokumentet ”Kommentarar til merknader”. Merknader som gjeld endra arealbruk er vurdert i konsekvensutgreiing, jf. også kap. 4 i planomtalen. Frå offentlege mynde og interesseorganisasjonar har det kome fleire planfaglege råd og konkrete merknader til planframlegget. Det er reist motsegner til planframlegget på i alt 17 punkt, ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. Som ein del av merknadshandsaminga har det vore gjennomført drøftingsmøte med både Fylkesmannen og fylkeskommunen, som har resultert i at 2 av motsegnene er trekte. Dei resterande motsegnene er imøtekomne, eller løyst gjennom supplering av underlagsmateriale. Kommunen oppfattar difor alle motsegnene som løyste gjennom det reviderte planframlegget. Planframlegget er revidert på bakgrunn av innkomne merknader og ut frå andre tilhøve rådmannen har funne grunn til å endre. Endringane som er gjort kjem fram av oversikta under. Der det er oppgitt ”tidl.” før områdenemninga, er nemninga nytta oppatt til andre område i det reviderte planframlegget Nye og justerte utbyggingsføremål Endring Endra fleire eksisterande uregulerte bustadtomter til noverande bustad (B) Redusert B2 i sør jf motsegn. Skilt ut tomter nord for eksisterande byggjefelt i Sjømyrane som eige byggjeområde (B1) Endra tidl. B1 til LNF-område med spreidd bustad (LSB1) Utvida regulert naustområde i Hagen (BUN6) Utvida regulert naustområde i Hagen (BUN7) Justert sentrumsføremålet ved gnr/bnr 13/190 Justert planleggingsbelte for Ørstafjordkryssing på Lianeset Justert BFR3 og BUN5 jf. eksisterande hyttetomter Endra gnr/bnr 2/26 til noverande næringsområde Endra deler av BC- området (Ørsta camping) til bustad Lagt inn naustføremål på gnr/bnr 3/3 Justert BFR1, BFR2 og BUN4 Innarbeidd B16 (Rystefeltet) Kommentar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå grunneigar jf. merknad frå gunneigarar. NB! Kan vere aktuelt å ta tilbake etter 2. gongs offentleg ettersyn jf. merknad frå grunneigar jf. rasfare Endra føremål jf. JS1 i gj. reguleringsplan Retting av feil Endring Teke inn badeplassen ved Hovdevatnet som friområde Innarbeidd friområde ved Strømpeneset jf. gjeldande reguleringsplan Teke vekk alt. vegføring på Ose frå temakart infrastruktur Justert turvegtrase langs Osstranda i temakart grønstruktur Kommentar Utbyggingsområde som er tekne ut av planen Endring tidl. BN4 - Strømpeneset B16 - Vinjevoll B17 - Liadal Hestesport (BAI) Mele/Melsbygda 1 og nedre Daleteigane tidl. BFR2 og tidl. BUN5 (Bjørndalen) tidl. LSB1 - Engeset tidl. BN5 - Skorgeura Kommentar jf. merknad frå grunneigar Motsegn fylkesmannen Motsegn fylkeskommunen Jf. motsegn frå fylkesmannen (Mele/Melsbygda 1) og merknader frå grunneigarar og andre. Sjå også alternativvurdering Grunna terrengtilhøve og tilkomst Grunna rasfare (jf. nasjonal kartlegging) Grunna rasfare (jf. nasjonal kartlegging) Øvrige justeringar Endring Utvida tettstadgrense til kommunegrensa mot Volda kommune Justert avgrensing av nærfriluftsområdet langs Indrehovden/Åsen Fjerna senterlinje i fjordkryssingane Lagt inn framtidige vegliner i Sjømyrane Lagt inn alternativ vegføring frå Øvre Mo til Brekke Innarbeidd sone for detaljhandel i sentrum (#4) Oppheva deler av gammal reguleringsplan på Liadal jf. viktige landbruksområde Innarbeidd omsynssone rundt hjortetrekket i Furene Utarbeidd fire kartutsnitt (juridisk bindande utsnitt av plankartet) som syner forskjellige omsynssoner Endra 20 m buffer langs mindre elvar og bekkar til faresone Justert omsynssoner rundt aut. freda kulturminne Lagt inn forbodsgrense ved vassdrag rundt Hovdevatnet Endra turveg gjennom Osholmane til sti, lagt om turvegen langs Melsvegen Justert nærfriluftsområde i Daleteigane og rundt Hovdevatnet grunna landbruksinteresser Lagt inn kulturlandskap i temakart kulturminne Lagt inn reg. friluftsområde og artsreg. i temakart grønstruktur Oppheva deler av RTK-8313-A – Bustadfelt Skorgeura. Oppdatert temakart naturfare Kommentar Jf. merknad frå grunneigarar, sti. Ørsta næringskontor og samfunnsutvalet Jf. merknad frå grunneigarar Jf. merknad (motsegn) frå fylkeskommunen Jf. merknad frå grunneigarar og alternativvurdering Jf. alternativvurdering Jf. merknad frå fylkeskommunen jf. merknad frå VIN jf. merknad ang. lesbarheita i kartet jf. merknad frå fylkesmannen jf. merknad (motsegn) frå fylkeskommunen jf. merknad frå Naturvernforbundet Grunna konflikt med naturverninteresser og merknad frå VIN jf. rapporten ”Kjerneområde landbruk” Utbygging lagt vekk tidlegare på grunn av svært store kostnader knytt til utbygging, feil lokalisering av bustad i høve kommunen sin strategi. jf. NVE si nasjonale rasfarekartlegging Verknader av revidert planframlegg: Samla areal for nye utbyggingsområde i planframlegget er 1451 daa. Dette fordeler seg slik: Bustadar Fritidsbustadar Offentleg tenesteyting 42 daa Næring og turisme Idrettsanlegg Naust 1067 daa 89 daa 172 daa (48) daa 33 daa I tillegg kjem 3,1 km med ny veg. Framtidige trasear for E39, lokale tilkomstvegar og mindre samlevegar kjem i tillegg. Føreslegne utbyggingsområde beslaglegg 504 daa fylldyrka jord (197 daa av dette er innanfor kjerneområde landbruk) og 178 daa dyrkbar jord. Utbyggingsområda er i hovudsak lokalisert til områda innanfor tettstadgrensa. Utbyggingsområda er viktige for vekst og utvikling. Gjennom utbygging vil ein misse fleire landbruksareal nytta til fôr og beite. Planframlegget ivaretek til ein viss grad store og samanhengande landbruksområde innanfor tettstadgrensa definert som driftsgrunnlag for bruk som er i aktiv drift i dag. Landbruksområda utanfor tettstadgrensa er i liten grad lagt ut som utbyggingsområde, og gjennom å definere ei tettstadgrense ønskjer ein å gje viktige landbruksareal utanfor denne eit sterkare vern. Vurdering og konklusjon: Planframlegget som ligg føre meinar ein svarer på utgreiingskrav og planutfordringar frå planprogrammet, som er å sikre; - Tilstrekkeleg areal til bustadar, næring og offentlege føremål - Grøntstruktur, turområde, nærfriluftsområde og samanhengen mellom desse - Samanhengande lokalvegnett og gang- og sykkelstiar - Ørstafjordkryssing som erstatning for sjølina Innføring av tettstadgrense, forretting og større grad av arealutnytting vil medføre meir effektiv areal- og transportbruk, men også større grad av urbanisering enn ein har sett til no. Dette er i tråd med nasjonale, regionale og lokale føringar, og er tilsvar på målsetting om å legge til rette for ein berekraftig og framtidsretta arealbruk i Ørsta sentrum og Hovdebygda og styrke Ørsta sentrum som tettstad. Tidsperspektivet for kommunedelplanen er i utgangspunktet 12 år. Planen har ein arealreserve som dekkjer eit lenger tidsperspektiv, 20-30 år fram i tid. Dette for å dekkje opp for uvisse knytt til prognosar for folketalsvekt, arealberekningar og rasfare, og for å gje føreseielege rammer til aktive gardbrukarar og eigarar av areal som ikkje er teke inn som utbyggingsområde no. Planen har såleis eit langsiktig utviklingsperspektiv for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Dei grunnleggjande måla og føresetnadane som låg føre ved utlegging til 1. gongs offentleg ettersyn er ikkje endra i vesentleg grad, men ein har justert berekningane for folketal slik at dei no samsvarer med SSB sine prognoser for høg vekst (1536 personar til 2025). Fordeling av utbyggingstype er også justert til 20% bybustad, 50% konsentrert utbygging og 30% einebustad. NVE si nasjonale skredfarekartlegging er nær ved å verte endeleg ferdigstilt, men det står framleis att nokre mindre justeringar. Kommunen har likevel fått aksept for å legge dei førebelse karta til grunn for kommunedelplanen. Desse linene er difor innarbeidde i temakart og kartutsnitt, og plankartet (med nokre av byggjeområda) er justert som følgje av rasfaregrensene. Ein må likevel legge til grunn at det kan verte mindre justeringar i høve rasfare når endeleg versjon av rasfarekartlegginga ligg føre. Dette vil måtte rettast opp før endeleg handsaming av planen. Endringane som er opplista er vurdert å vere såpass omfattande at dei utløyser behov for eit nytt offentleg ettersyn. Rådmannen rår difor til at planframlegget vert lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 11-14. Wenche Solheim rådmann Arnstein Nupen konst. leiar plan- og utviklingsstaben
© Copyright 2024