ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Formannskap Kommunestyre Sakshandsamar: Frida Halland Møtedato 03.02.2015 24.02.2015 Arkiv: Saknr 019/15 007/15 N-502. Saksh. FRH FRH Arkivsaknr: 2015000213 GODKJENNING AV PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLAN 2015 - 2025 Vedlegg i saka: Planprogram Samfunns- og arealdel 2015-2025 Utrykte saksdokument: Merknader 1. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt – Etne og Vindafjord lensmannskontor, dagsett 13.11.2014 2. Eldrerådet, dagsett 10.11.2014 3. Fylkesmannen i Hordaland, dagsett 26.11.2014 4. Kystverket, dagsett 20.11.2014 5. Statens vegvesen, dagsett 4.12.2014 6. Mattilsynet, dagsett 8.12.2014 7. Noregs vassdrags- og energidirektorat, dagsett 15.12.2014 8. Fiskeridirektoratet, dagsett 15.12.2014 9. Fikse Etne og Vindafjord næringsutvikling, dagsett 15.12.2014 10. Haugaland interkommunale miljøverk IKS, dagsett 17.12.2014 11. Hordaland fylkeskommune, dagsett 16.12.2014 12. Fiskarlaget vest, dagsett 17.12.2014 13. Haugaland kraft, dagsett 16.12.2014 14. Statnett, dagsett 19.12.2014 15. Direktoratet for mineralforvalting, dagsett 17.12.2014 16. Kyrkjekontoret, dagsett 20.01.2015 Private merknader (skal handsamast seinare) Planprogram der endringar er merka med raudt Saksgang: Formannskap for tilråding Kommunestyre for vedtak Utskrift til: Returner dokument til sakshandsamar for utsending av vedtak (til dei som har sendt inn merknader). SAKSUTGREIING: 1. Kva saka gjeld: Saka gjeld vedtak av planprogram til kommuneplan for Etne kommune. 2. Bakgrunn for saka: Etter plan og bygningslova § 4 – 1 skal alle kommuneplanar ha eit planprogram som grunnlag for planarbeidet. Planprogrammet var på høyring og låg ute til offentleg ettersyn hausten 2014, frist for merknader var 17. desember 2014. 3. Problemstilling: For å koma vidare i prosessen med rullering av kommuneplanen lyt planprogrammet vedtakast av kommunestyre og kommunestyret lyt difor vurdere om dei kan vedta planprogrammet slik det ligg føre. 4. Vurdering: 19 merknader kom inn under høyringa. Det kom inn tre private merknader, desse vil handsamast på eit seinare tidspunkt i planprosessen. Kommunen har òg fått nokre merknader frå private på tidlegare tidspunkt desse er teke med i opplistinga. Alle merknader frå private er lista opp under merknadshandsaminga. Merknadshandsaming fylgjer: Merknadshandsaming Haugaland og Sunnhordland politidistrikt – Etne og Vindafjord lensmannskontor, dagsett 13.11.2014 Merknad1: Setninga «Etne kommune er til dømes med i MOT. MOT er eit verkty for å gjere ungdom trygge på seg sjølve og sikre dei ein god oppvekst» har ikkje noko i ein visjon å gjere. Setninga bør flyttast under eit anna punkt (4.3. C Barn og unge). Sakshandsamar si vurdering Sakshandsamar er samd i at dette var ein utydeleg formulering. Visjon vert her sett på som noko ein strekk seg etter, arbeider for å nå, men kanskje aldri når fordi det er tilnærma umogeleg - til skilnad frå mål som er konkrete og bør vere oppnåeleg. Merknadshavar har rett i at det ikkje medlemskapen i MOT som er ein visjon, difor er setninga endra til: Etne kommune har utarbeida verdiane trygg, raus og engasjert som skal vere haldningsbyggjande. MOT er nemnt under punkt 4.3. C. Merknad 2 Politiet ynskjer at fylgjande vert teke med under barn og unge: «Kommunen driv rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeid etter SLT modellen. SLT koordinator har ei sentral rolle i dette arbeide. SLT Handlingsplan legg føringar for samhandling mellom kommune og politi». Sakshandsamar si vurdering Det vert tatt inn formuleringar om dette i planprogrammet. Eldrerådet, merknad dagsett 10.11.2014 Merknad 1 Etne eldreråd sluttar seg til planprogrammet slik det ligg føre. Fylkesmannen i Hordaland, dagsett 26.11.2014 Merknad 1 Fylkesmannen er positiv til at kommunen startar opp arbeidet med å revidere arealdelen og utarbeide ein ny samfunnsdel. Fylkesmannen er særs positiv til at eldre reguleringsplanar som er i openberr strid med dagens lovkrav og retningsliner for detaljreguleringsplanar skal oppdaterast for å stette dagens krav. Sakshandsamar si vurdering At ein vurderer oppdatering av gamle planar vil fyrst og fremst virke inn på planføresegner, i eldre planar er gjerne desse ikkje lenger i samsvar med lova. Me tek utgangspunkt i planar som er utarbeida etter lover før lovendringa i 2009 tredde i kraft. Føresegnene i dei eldste reguleringsplanane er mindre detaljerte enn på seinare kommuneplan, dette vert feil i høve til tanken om at kommuneplanen skal vere generelle og detaljreguleringsplanane detaljerte. Felles føresegner skal ikkje ta over for detaljreguleringar, men syte for at gamle planar fylgjer dagens krav og fylgjer dei føresegner (reglar) som kommunen finn viktigast at alle tiltak fylgjer. Felles føresegner er og tenkt av skal gjelde for fråskilde hustomter som er lovleg opparbeidde med hus i LNF og LNF spreidd. Merknad 2 Fylkesmannen saknar tilvising til ei oversikt over helsetilstanden i kommunen, påverknadsfaktorar og identifiserte folkehelseutfordringar som skal vere utgangspunkt for mål, strategiar og tiltak i kommunen. Fylkesmannen minner om folkehelselova § 5 andre ledd der kravet om oversikt er lovfest. Sakshandsamar si vurdering: § 5 i folkehelselova er som fylgjer: § 5.Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer i kommunen Kommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. Oversikten skal blant annet baseres på: a) opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter §§ 20 og 25, b) kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-3 og c) kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse. Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller. Det er i samband med planstrategi at oversikta i Folkehelselova § 5 skal nyttast, jamfør § 6 i same lov. Det er berre generelle vendingar i kommunen sin gjeldande planstrategi når det kom til folkehelse og skriftleg oversikt over folkehelsa er difor ikkje nemnt særmerkt i planprogrammet. Etne kommune har i dag inga skriftleg oversikt over helsetilstanden i kommunen. Etne kommune er merksam på at dette lyt på plass i 2015, då ny planstrategi skal vedtakast i 2016. Merknad 3 Kommunen har vedteke å busetje 10 flyktningar årleg i perioden 2014-2016. Kva krav set dette til kapasitet og kompetanse når kommunen skal tilby tenester som alle innbyggjarane har krav på? Det er viktig å planleggje for god nok kapasitet i skule og barnehagar då barn vert raskt integrerte om dei kan delta på fellesarenaer. Sakshandsamar si vurdering Det er tilsett ein flyktningkoordinator i Etne kommune, rolla til flyktningkoordinatoren er viktig som bru mellom flyktningane og lokalsamfunnet som skal inkludere flyktningane. Barnehage, skule og språkopplæring er sjølvsagt viktige arenaer som gjev flyktningane høve til å ta del i lokalsamfunnet. Barnehage og skule lyt som Fylkesmannen skriv ha god nok kapasitet til å ta i mot born, men dette gjeld alle born, då det er eit krav til kommunane om at dei skal ha plass i skule og barnehage til alle born. Det har vore noko knapt om plassen i barnehagane i dei siste åra. Å få nok plass i barnehagane og på skulen er noko kommunen arbeider med. Skulen lyt og ha eit vaksenopplæringstilbod. Merknad 4 Introduksjonsprogrammet for nye innvandrarar. Dette kan vere relevant under «Pleie og omsorg», samansetjinga av eldrebefolkninga kan verke inn her òg. Sakshandsamar si vurdering Flyktningteneste er lagt til under helse og sosial. Elles har Etne òg ein auke i eldre, dette er nemnt under pleie og omsorg. Det er ikkje kjent korleis innvandringa vil påverke alderssamansetjinga i kommunen. Flyktningane har ein relativt låg snittalder (det er barnefamiliar der dei eldste er i 40-åra). For arbeidsinnvandrarane er dette noko ein kanskje bør ha gjort seg nokre tankar om, då denne gruppa ikkje har krav på språkopplæring og potensielt kan bli ståande på sida av samfunnet? Merknad 5 Kva strategi har kommunen for at det vert bygde differensierte bustader? Sakshandsamar går ut frå at Fylkesmannen meiner økonomisk differensiert bustadpolitikk, ikkje arealdifferensiert bustadpolitikk. På nasjonalt nivå vert det større og større økonomiske skilnader på innbyggjarane, korleis kommunane skal bu seg for å hindre uheldige sosial skilnader (uheldige sosiale skilnader kan til dømes vere manglande høveleg husvære) vert slik eit viktigare og viktigare spørsmål som me per i dag ikkje har noko svar på. Fortetting kan gjere at ein byggjer mindre hus, og at dette kan gjere bustadtilbodet meir aktuelt for folk i ulike inntektsklassar, sett at husa vert billigare. Helse og sosial avdelinga ynskjer å utarbeide ein plan for sosial bustadbygging og dette skal vurderast i samband med komande planstrategi. Sakshandsamar ventar at spørsmål kring behov og eventuelt løysingar for problemstillingar vert drøfta i den planen. Kystverket, dagsett 20.11.2014 Merknad 1 Kystverket har ingen merknader til sjølve planprogrammet. Det er viktig at kommunen klargjer (fokuserer på) sjøtransporten i planarbeidet, og fylgjande tema er særleg viktige. Farleier lyt takast inn i plankartet som linesymbol – farlei (SOSI 1161). Farleiene skal ikkje tolkast som definert avgrensing av farleia sitt omfang. Annan arealbruk i sjø må ha sikker avstand til sjøtrafikken. Ein må ikkje planlegge arealbruk i konflikt med navigasjonsinnretningar (til dømes fyrlykter, lanterner, overretter, stakar eller jarnstenger). Kystverket har ikkje registrert ankringsområde i Etne kommune, men der desse er må dei sikrast, det bør og områder som er eigna til ankring gjere. Ankring er ikkje eigna på stader der ein har lagt kablar, leidningar og andre installasjonar på sjøbotn. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 2 Kystverkt bør særleg involverast om ein ser etter nye areal for akvakultur, då plassering av akvakulturanlegg og feste kan få fylgjer for sikkerheit og framkome. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Statens vegvesen, dagsett 04.12.2014 Merknad 1 Statens vegvesen minner om kommunal trafikksikringsplan (TS-plan) er ein naturleg del av kommuneplanen og at denne bør rullerast/ vere oppdatert Sakshandsamar si vurdering Etne kommune er medviten om alderen på gjeldande trafikksikringsplan og har difor byrja rullering av gjeldande plan. Trafikksikringsplanen skal sendast på høyring og liggje ute til offentleg ettersyn snarast råd. Mattilsynet, dagsett 8.12.2014 Merknad 1 «Etter vurdering kjem det ikkje fram tilhøve i meldinga som krev sakshandsaming frå Mattilsynet si side». Noregs vassdrags- og energidirektorat, dagsett 15.12.2014 Merknad 1 Kartlegging av potensiell fare må gjerast i heile planområdet, der bygging er aktuelt, og ikkje berre i dei områda som er nye byggeområde i planen. Ved fortetting gjeld TEK10 på same vis som ved nye utbyggingsområde. Planprogrammet bør reflektere dette. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering og innhald presisert i planprogrammet. Merknad 2 Omsynssoner gjeld på tvers av grensene til reguleringsføremål. For omsynssone Fareområde (§ 11-8a) gjev PBL heimel til å gje føresegner knytt til sona som det ikkje er heimel til å gi til det einskilde arealbruksføremålet på kommuneplannivå. NVE rår Etne kommune til å markere med omsynssone i plankaret alle dei områda som er, eller kan vere, utsett for naturfare. Særleg i område for eksisterande eller framtidig utbygging. Det lyt knytast føresegner til omsynssoner. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 3 NVE rår til å nytte kunnskap om fareområde til å styre utbygginga til sikre område. Sakshandsamaren si vurdering Etne kommune lyt vurdere alle interesser opp mot kvarandre, men er i utgangspunktet samd i at ein ikkje treng leggje utbygging til fareområder om det er alternativ. Merknad 4 Aktsemdkarta på skrednett.no er eit godt utgangspunkt for markering av areal med potensiell fare. Kommunen bør supplere aktsemdkarta med eigne vurderingar og lokal kunnskap. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 5 Flaumsonekartet for Etne kan nyttast direkte i plankartet for å avgrense omsynssone fareområde flaum. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 6 NVE rår til at kommunen til å fylgje deira prosedyre for å kartlegge aktsemdområder for kvikkleire, prosedyren kjem fram av NVE rettleiar 7/2014 «Sikkerhet mot kvikkleireskred». Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 7 NVE rår kommunen til å setje av ei 20 m brei aktsemdsone til kvar side av mindre elvar, bekkar og vassvegar, dette for å sikre mot flaum, erosjon og skred. For større elvar lyt det gjerast ei konkret vurdering for å kartfeste aktsemdområda. Sakshandsamar si vurdering Kommunen skal gjere ei vurdering av breidd på omsynssone ved bekkar og elvar og tek med tilrådinga frå NVE i vurderinga. Merknad 8 NVE sin rettleiar 2/2011 gjev ein fyldig oversikt over korleis flaum, erosjon og skred kan utgjere ein fare, retningslina seier og korleis ein kan ta omsyn til klimaendringar. Ein bør ikkje bygge ut tett opp mot vassdrag, då desse områda er verdfullefor miljø og friluftsliv. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 9 Ein bør nytte arealkategorien Bruk og vern av sjø og vassdrag til å merke av vatn, elvar og bekkar inkludert kantsone. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 10 Breidd på byggjeforbod kan variere etter vassdraget og omgjevnadane sin karakter. Alle vassdrag med årsikker vassføring bør merkast tydeleg av i plankartet. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 11 Etnevassdraget, Vikedalselva, Åbødalsvassdraget, Vaula m/Langefossen, Saltåna og Mosneselva er verna mot kraftutbygging. Alle har heile eller delar av nedslagsfeltet i Etne kommune. Rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag skal leggjast til grunn for planarbeidet (sideelvar, tjern, sjø og større bekkar er òg verna, vernet gjeld inntil 100 meter frå kvar side). Arealbruk må ikkje redusere verneverdiane knytt til vassdraga, i konsekvensutgreiinga bør det gå fram korleis nye planlagde tiltak påverkar verneverdiane. Sakhandsamar si vurdering Kommunen skal i konsekvensutgreiinga gjere greie for korleis nye planlagde tiltak kan påverke verneverdiane av dei verna vassdraga som i sin heilskap eller delvis er knytt til Etne. Merknad 12 Eksisterande og vedtekne større høgspenningsanlegg og transformatorstasjonar skal avsetjast som omsynssoner i plankartet. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 13 Mindre kraftleidningsanlegg innanfor områdekonsesjonane fell innanfor verneområdet til PBL og kan settast av i plankartet som teknisk infrastruktur etter PBL 11-7 nr 2. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 14 NVE ber kommunen kontakte Statnett, regional netteigar og områdekonsesjonær slik at det kan takast omsyn til planlagde nye kraftleidningar og oppgradering av eksisterande kraftleidningar. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 15 Reguleringsmagasin bør merkast i plankartet som omsynssone/område som bandlagt etter vassdragslovverket (utan tidsavgrensing), med føremål «Reguleringsmagasin» (PBL 11-8 d). Vasskraftverk bør settast av som område for «Bebyggelse og anlegg» Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Fiskeridirektoratet, dagsett 15.12.0214 Merknad 1 Det er positivt at Etne har fokus på kystsona. Fiske er ikkje med i lista over aktivitetar i kystsona i planprogrammet. Etne har fleire låssettingsplassar som nyttast i fiske etter brisling. Låssettingsplassane vert nytta av båtar frå fleire kommunar og er slik av ein regional/nasjonal tyding. Fiskeridirektoratet vil krevje at låssettingsplassar med 1. prioritet vert teke med i arealplanen som område for einkategori fiske. Sakhandsamar si vurdering Merknaden skal takast med i planen. Fiske er no teke med i planprogrammet under Kystsone. Merknad 2 Fiskeridirektoratet ber om at låssettingsplassar med 2.prioritet vert teke med i planen og dei vil eventuelt vite grunnen for at me ikkje gjer dette. På grunn av at dei ikkje har fått tal frå Noregs Sidelsalslag frå 2012 til 2014 enno tek dei atterhald om endringar. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 3 Det er registrert gytefelt for torsk innerst i Åkrafjorden, det er av Havforskingsinstituttet registrert som mindre viktig, dei vil jamvel at gytefelta skal setjast av som einkategori fiske – gytefelt vil normalt ikkje vere i konflikt med aktivitetar som ferdsel eller friluftsliv. Sakhandsamar si vurdering Etne kommune bør setja av gytefelt for torsk i Åkrafjorden som einkategori fiske. Merknad 4 Det er registrert to rekefelt i Etne, eitt i Etnefjorden og eitt som strekk seg mellom Skåneviksstranda og Romsasundet . Fiskeridirektoratet krev at desse områda vert sett av som einkategori fiske i arealplanen. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 5 Fiskeridirektoratet tykkjer det er positivt at kommunen har fokus på akvakulturnæringa og at denne skal ha rom for omstillingar. Fikse Etne og Vindafjord næringsutvikling, dagsett 15.12.2014 Merknad 1 «Me gjer de’ i Etne» kan vere eit slagord, men ikkje visjon. Sakhandsamar si vurdering Ordlyden er endra. Merknad 2 Ambisjonen «best i vekst» treng referansar å samanlikne mot for å kunne vurdere måloppnåing. Sakhandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 3 «Samfunn er eit svært omfattande og mangfaldig område til å ha fokus. Me har følgjande forslag til auka fokus: Nytt fokusområde "Utvikling", som inneheld: o Næringsutvikling (inkludert landbruk) o Infrastruktur (Senterstruktur, areal og transport, Samferdsle/kommunikasjon) o Busetnad og fritidsbygg» Sakhandsamar si vurdering Sakshandsamar ser poenget med at samfunn vert eit for langt og stort fokusområde. Fokusområda i planprogrammet er knytt til kommunen si organisering. Utvikling er (kanskje) eit meir fengjande namn, men ser ein på ansvaret til kommunen ut frå plan og bygningslova er det eit breiare fokus me er pålagde, krav til arealdelen kjem særleg inn her. Ut frå eit arealperspektiv skal kommunen syte for at det kan skje endringar (utvikling), men òg vern. Alle sider av samfunnet skal vere med, sakshandsamar fremjar difor ikkje forslag om endring. Merknad 4 Fikse Næringsutvikling medverkar gjerne i formell og uformell prosess i det vidare arbeid med kommuneplanen. Sakshandsamar si vurdering Det er positivt. Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS, dagsett 17.12.2014 Merknad 1 Det er viktig at vegstandarden er god nok til at HIM, eller HIM sin renovatør, skal kunne køyre der heile året. Elles lyt ein ha areal til felles samleplass ved køyrbar veg. Sakshandsamar si vurdering I nyare planar freistar kommunen etterkomme HIM sine krav til renovasjonsareal. Kommunen er merksam på at vegstandarden i utbyggingar etter eldre planar ikkje alltid samsvarer med standarden ein legg seg på (krev) i dag. Endring av vegstandard lyt sjåast på ut frå samla samfunnsnytte. Viss det skal skje fortetting i eksisterande byggefelt bør renovasjonstilhøva vurderast på nytt, vert det til dømes krav om reguleringsplan vert spørsmålet om renovasjon handsama. Renovasjon er eit argument for å utbetre vegar. Merknad 2 Eldre reguleringsplanar som ikkje stettar vegstandarden som HIM sine bilar treng, lyt oppdaterast etter HIM si renovasjonsnorm slik at desse krava vert ivareteke før planane kan endeleg godkjennast/realiserast. Sakshandsamar si vurdering Sjå førre vurdering – kommunen skal ta med renovasjon som eit argument for å utbetre vegar. Merknad 3 HIM ber om at kommunen tek omsyn til renovasjonsnorma ved å gje overordna retningsliner i kommuneplanen og passe på at desse vert følgd opp ved regulering, omregulering og frådeling av tomter. Om ynskjeleg tek gjerne HIM eit møte med Etne kommune for å gå gjennom vesentlege tilhøve ved norma. Sakshandsamar si vurdering Kommunen skal vurdere nærmare om ein skal leggje inn retningsliner eller føresegner i planen i høve til renovasjonsnormalen og elles vere og gjere merksam på at nye tiltak bør følgje norma. Hordaland fylkeskommune, dagsett 16.12.2014 Merknad 1 Fylkeskommunen er positive til at ein rullerer ein kommuneplan som dekkjer heile kommunen, då dette gjev grunnlag for ei heilskapleg kommuneplanlegging. Fylkeskommunen vurderer planprogrammet ut frå eige sektoransvar og målsetningar i regionale planar. Det hadde vore ynskjeleg om oppstart og planprogram hadde vore gjenstand for diskusjon og innspel i planforum. Sakshandsamar si vurdering Kommunen ser på det som positivt at fylkeskommunen ynskjer dialog. Merknad 2 Det er ynskjeleg at tilhøvet til regionale og kommunale/lokale planar vert synleggjort og omtala i planprogrammet. Sakshandsamar si vurdering Dette er presisert i teksten. Merknad 3 Klåre strategiar knytt til bestemde fokusområde for rulleringa kan bidra til å avgrensa og forenkle handsaming av innspel til planen. Det gjer det og mogeleg med ei stegvis siling av innspel. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 4 Det kan vere føremålstenleg at kommunen stiller krav til utforming av innspela i arealdelen. Sakshandsamar si vurdering Kommunen har ein mal for innsending av merknader. Merknad 5 Fylkeskommunen saknar tema knytt til klima, energi, landskap, strandsone, folkehelse, universell utforming, friluftsliv, samordna areal og transport og samfunnsmessige verknader. Det er ynskjeleg at kommunen i større grad tydeleggjer dei ulike konsekvensutgreiingstema. Det er og ynskjeleg med informasjon og detaljar kring kvalitet og tilgjenge på vurderingsgrunnlag og eksisterande datagrunnlag og eventuelle behov for oppdatering eller nye utgreiingar i samband med rulleringa. Sakshandsamar si vurdering Tema for konsekvensutgreiing, i medhald av forskrift, er no tydeleggjort i planprogrammet. Kvalitet på data er elles ulike for ulike delar av kommunen. Undersøkingar av ulike emne for konsekvensutgreiingar er gjort på ulike tidspunkt, til dømes oversikt over naturmangfald (rapportar for naturtype og vilt) er frå 2000-talet. Undersøkingar, oversyn i naturbase og synfaringar vil me rekne for å vere ei god oversikt, men for kvart område kommunen skal vurdere lyt ein òg vurdere dei data ein har som grunnlag for konsekvensutgreiinga. Ei oversikt som me veit er dårleg er oversikta over barn og unge sine interesser i høve til areal. Dette skal me difor ha fokus på. Konsekvensar/omfang av tiltak vil og vere med å spele ei rolle for korleis og kva undersøkingar som lyt til. Merknad 6 Det vert minna om at ein skal lage ei samanfatting av samla konsekvens av planframlegget. Sakshandsamar si vurdering Dette skal etterfylgjast i plan Merknad 7 Parallell framdrift av samfunnsdel og arealdel kan slik fylkeskommunen ser det vere utfordrande med omsyn til samfunnsdelen skal vere førande for arealdelen. Det bør vurderast om framdrifta er for ambisiøs med omsyn til arbeid som skal leggjast ned i planarbeidet. Sakshandsamar si vurdering Det har heile tida vore meininga at vedtak av arealdel skal skje etter vedtak av samfunnsdel, det var lagt opp til nokre månadars skilnad (oktober - desember). Det er slik me ser det no vanskeleg å få kommuneplanen sin samfunnsdel ferdig til oktober, og me har utsett endeeleg vedtak i kommunestyret til desembermøtet i kommunestyret. Dette fører til at vedtak av arealdel lyt utsetjast til 2016. sjå elles ny tidsplan i planprogrammet. Merknad 8 Det bør vurderast om arealdelen bør avgrensast/tydeleggjerast noko meir allereie i planprogrammet Sakshandsamar si vurdering Sannsynlegvis er det betre for kommuneplanen om det vert fokusert på nokre område i planen sin arealdel. I Etnesjøen generelt bør ein leggje opp til minst mogeleg endringar, då denne delen av kommunen har ein eigen kommunedelplan frå 2012 og resten av kommunen difor (truleg) har eit større behov for oppdateringar. Det er fyst og fremst sjødelen, som ber preg av å vere utdatert, med oppdrettsanlegg som ikkje er i drift, manglande definering av funksjonell strandsone m.m. Det kan og vurderast om ein skal utsetje vurdering av nye bustadføremål i Etne og Skånevik, då det i dag er rikeleg med tomter. Merknad 9 Bustad- og tettstadveksten bør vere konsentrert kring senter og knutepunkt. Sakshandsamar si vurdering Retten til å bu spreidd i Etne kommune har vore strekt forankra lokalt. Grovt rekna bur kring halvparten utanfor det som reknast som tettstadar (Etne og Skånevik). Dei største nye byggefelta ligg i sentruma og kommunen legg slik til rette for at det meste av ny vekst skal skje der, men når so mange som halvparten bur andre stader enn i sentruma, må ein gå ut frå at dette er eit ynskt busetjingsmønster. Elles er busetjingsmønsteret noko ein lyt vurdere opp mot regionale og klimatiske interesser som kjem fram i klimaplanar og areal og transport planar. Merknad 10 Hordaland skal ha eit nettverk av attraktive senter som fremjar livskvalitet robust næringsliv og miljøvenleg transport. Sentra skal leggje til rette for vekst i heile fylket. Retningsliner for regionalplan for attraktive senter er eit verkemiddel for å oppfylle måla i planen og skal innarbeidast i kommunale arealplanar, regionale føresegner er juridisk bindande. Fylkeskommunen ber om at føringar og råd forankra i Regional plan for attraktive senter vert teke med i vidare arbeid med kommuneplanen for Etne. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 11 Etne kommune må ha ekstra fokus på balansegangen mellom bruk og vern i strandsona, då Etne kommunen har høvesvis lite strandsone att samanlikna med andre kommunar i Sunnhordland (som er naturleg å samanlikne seg med i høve strandsone på grunn av samarbeid og lokalisering). Hovudårsaken til at Etne har høvesvis lite strandsone att er ikkje fordi ein har bygd ned alt, men fordi det ein ikkje har bygd ned er for bratt til at ein kjem til (topografi). Fylkeskommunen rår Etne til å gjennomføra kartlegging av funksjonell strandsone i sentrale delar av kommunen som del av kommuneplanrulleringa. Kartlegginga bør gje grunnlag for byggegrenser og eller omsynssoner til sjø. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 12 Bruk av regionale planføresegner (til regional plan for kystsona i Sunnhordland og ytre Hardangerfjord) kan gjere lokaliseringsstrukturen juridisk bindande inntil den vert implementert i kommunale planar. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 13 Marine næringar, som akvakultur, er eit prioritert satsingsområde for Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen ynskjer at kommunen skal leggje til rette for ei berekraftig og lønsam utvikling innan for næringa. Akvakulturløyve, som fylkeskommunen gjev, kan ikkje gjevast i strid med vedteken arealplan eller plan- og bygningslova. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 14 Sjødelen i arealplanen bør takast med i arealplanen i denne rulleringa ut frå fylgjande: Sjødelen vart sist rullert i 2003 Etnefjorden (til Notaneset) er ein nasjonal laksefjord Det var nye krav i akvakulturregelverket i 2006 Ny plan og bygningslov i 2008 Åkrafjorden etablert som område for stamfisk av laks i 2010 Overgang frå kompaktanlegg til plastringsanlegg krev større areal Ynskje frå næringa om færre og større lokalitetar Noverande plan tek ikkje omsyn til fortøyingar og ankerfeste frå oppdrettsanlegg Endringar i teknologi, volum og nye krav til lokalisering Gjennomgang av eksisterande AK-områda er eigna Sakshandsamar si vurdering Etne kommune skal ha eit fokus på sjødelen i arealplanen. Merknad 15 Rulleringa av sjødelen bør skje i dialog med partar det vedkjem, næringa, offentlege etatar og i lag med nabokommunar. Kommunen bør ta kontakt med akvakulturnæringa for å få innspel om næringa si trong for sjøareal i framtida. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 16 Fylkeskommunen ber kommunen ta kontakt med Skyss og samferdsleavdelinga når det kjem til kollektivtilbod og tekniske løysingar knytt til dette. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 17 Utviklinga av eit meir miljøvennleg transportsystem er avhengig av dei arealpolitiske vedtaka som vert gjort lokalt. Det er viktig at ein tek omsyn til føringar og retningsliner i si kommuneplanlegging, slik dei er i regional plan for transport på Haugalandet. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 18 Å sikra tilgang til grøntareal, friluftsområde og grøntstruktur må bli vektlagt med omsyn til barn og unge. Rikspolitiske retningsliner set krav til planprosessen og den fysiske utforminga av areal for barn og unge. Å ta vare på barn og unge er eit tverrsektorielt ansvar og er knytt til plantema som friluftsliv, folkehelse, landskap, arkitektur, estetikk, by- og tettstadutforming og universell utforming. Barnetråkk er ein undersøking/lokaliseringsform som det vert rådd til at kommunen nyttar for å kartlegge bruk og interesser born har knytt til landskap/areal. Norsk form har laga ein rettleiar i barnetråkkregistreringar. Sakshandsamar si vurdering Sakshandsamar vurderer det som viktig at ein gjev barn og unge høve til å kome med sine merknader og innspel til kommuneplanen. Det er ynskjeleg at me kan nytte barnetråkk for undersøking av born sine interesser i høve til areal. Sakshandsamar ser elles at det kan vere til stor nytte for sakshandsaminga i kommunen at barn for registrert sine interesser i høve til areal Norsk form si løysing legg opp til at ein kan nytte informasjonen borna gjev òg til seinare sakshandsaming, noko som kan gje ei stor forbetring for sakshandsaminga i Etne kommune. Merknad 19 Dei kartlagde friluftsområda i Hordland gjev eit godt utgangspunkt for sikring av friluftsområde, ein bør både ta vare på dei små grøne lungene i nærmiljøet og dei større samanhengande område (som fjella). Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 20 Kulturminne og kulturmiljø er ein ikkje-fornybar ressurs. Knytt til lokal samfunnsutvikling er dei ei kjelde til trivsel, oppleving og verdiskaping. Det er positivt at Etne kommune har starta opp arbeid med kulturminneplan. Planprogrammet bør ha eit eige punkt under fokusområde som spesifikt omhandlar kulturminneinteressene i kommunen. Ein bør vise viktige kulturminne, kulturmiljø og kva tiltak og tilrettelegging som kan ivareta og fremje kulturminneinteressene i Etne. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 21 Kulturminna lyt skildrast i konsekvensutgreiinga og konfliktgrad mellom minne og byggeområde avklarast. Mangelfull konsekvensutgreiing, å ikkje ta omsyn til undersøkingsplikta eller manglande ivaretaking av viktige kulturminne er/gjev grunnlag for motsegn. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 22 Nye byggeområde og LNF-område der spreidd utbygging skal gjevast løyve til må ikkje vere i konflikt med freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne med regional eller nasjonal verdi. Sakshandsamar si vurdering Merknad er teken til orientering. Merknad 23 Freda kulturminne må visast i plankartet med omsynssone, kulturminne som ikkje er freda bør visast med omsynssone. Det bør utgreiast korleis kommunen skal sikre verneverdige kulturminne innanfor delplanområda. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 24 Fylgjande føresegn skal inn (kan endre ordlyden for å tilpasse kvart tilfelle): «Omsynssone d (SOSIkode H730) I omsynssone d er det automatisk freda kulturminne. Arealet er bandlagt etter kulturminnelova § 4, jf. §6. Det er ikkje tillate å gjere noko form for varige eller mellombelse inngrep som er egna til å skade, øydelegge, grave ut, flytte, forandre, dekke til, skjule eller på nokon måte utilbørlig skjemme automatisk freda kulturminne, eller framkalle fare for at dette kan skje, jf. Kml. §3. Tiltak som kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne skal leggjast fram for Hordaland fylkeskommune som regional kulturminnemynde, jf. Kulturminnelova §§ 3 og 8». Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 25 I den generelle delen av dei juridisk bindande føresegnene bør fylgjande, eller samsvarande, føresegn inn: «Det skal dokumenterast at nye tiltak ikkje fører til skade eller utilbørleg skjemming av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Dersom kulturminne kan bli råka, skal saka leggjast fram for Hordaland fylkeskommune som regional kulturminnemynde». «Verneverdige einskildbygningar, kulturmiljø og andre kulturminne (til dømes sjøbruksmiljø) skal i størst mogeleg grad takast vare på som bruksressursar og bli sett i stand, jf. pbl. § 11-9 nr. 7». «Alle tiltak i areal som ikkje er utbygde innanfor LNF-område med høve til spreidd utbygging, skal sendast Hordaland fylkeskommune som regional kulturminnemynde for vurdering av kulturminneinteresser, jf. Kulturminnelova §§ 3, 8 og 9». Sakshandsamar si vurdering Merknaden er tekne til orientering. Merknad 26 Etter folkehelselova skal kommunane utarbeide ei oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar, dokumentet skal leggjast til grunn for planlegginga. Det er ikkje krav om at oversikta skal vere klar før neste haust, i samband med utarbeiding av ny planstrategi. Det ville vore ein styrke for planarbeidet om hovudutfordringane for kommunen knytt til helse er basert på status og utviklingstrekk for folkehelsa. Sakshandsamar si vurdering Etne kommune har ikkje skriftleg oversikt over helsetilstanden i dag, men lyt arbeide med å få ei på plass mot hausten. Der det er aktuelt at tiltak kan leggjast inn i planen vil me vurdere dette. Elles er fokuset i høve folkehelse born og unge og deira aktivitet, noko ein skal freiste kartleggje i planprosessen. Merknad 27 Det er positivt at folkehelse er eit eige punkt i planprogrammet, men det er frykta at kommunen har ei noko smal tilnærming til folkehelse, bærekraft og førevar prinsipp kan godt knytast opp mot folkehelse, det same gjeld strategiar for utjamning av sosiale helseskilnader. Barn og unge, bustad og fritidsbygg, å utbetre kommunale bygg og anlegg kan og knytast opp mot folkehelse. Miljøretta helsevern er eit viktig innsatsområde og etter folkehelselova. I høve barn og unge nemner ein særmerkt verdien av grønstruktur og å sikra skuleveg til born som folkehelserelatert, dette kan gjerast mykje breiare, kommunen har gode verkemiddel knytt til å skape gode oppvekstkår og gode skular. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 28 Grunna relativt knappe attverande grusressursar kan det vere aktuelt i planarbeidet å vurdere alternative uttaksområde i fjell for knusing av pukk og stein. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til oreintering. Merknad 29 Kommunen sine målsetjingar for hjorteviltet bør utarbeidast og vedtakast gjennom kommunale og regionale planar. Bestandsplan skal vere hovudregelen. Sakshandsamar si vurdering Forvaltningsplan for hjort vart vedtatt av Det interkommunale hjorteviltutvalet i 2013. Etne er ein av 11 kommunar på Haugalandet som er med i dette utvalet. Forvaltningsplanen for Det interkommunale hjorteviltutvalet var på høyring i Etne kommune. Merknad 30 Det er viktig å ta vare på det regionalt viktige hjortetrekket mellom Etneområdet og Vintertunområdet, som går på nordsida av Stordalsvatnet. Området nord for Øvernes, med mange naturinngrep ser ut til å vere ein flaskehals. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 31 Om regionale interesser ikkje vert ivareteke i planar, kan fylkeskommunen vurdere å fremje motsegn. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Fiskarlaget vest, dagsett 17.12.2014 Merknad 1 Det er svært viktig for at ein tek vare på til dømes låssettinsplassar om ein ynskjer at det skal vere fiskarar i området, det er kommunen sitt ansvar å ta vare på lokale og svakt regionale fiskeriinteresser, medan fiskeridirektoratet skal ta vare på regionale og nasjonale bruks- og ressursområde innan fiskeri. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Merknad 2 Fylgjande punkt representerer utfordringar for kystfiskarane når dei skal fiske: Oppdrett (areal inkludert anker og utslepp av spillfôr/feces/avlusingsmiddel). Vindmøller Reguleringsplanar ut i sjø (friluftsområde i sjø, flytebrygger m.m.) Avlaups-/vassleidningar i sjø, òg andre utslepp Kablar i sjø Fritidsinteresser (båttrafikk, fritidsfiske) Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering og der interessene til fiskarar er til stades må kommunen gjere ei vurdering av om eventuelle framlegg til føremål i lista ovanfor kan tolast. Merknad 3 Utslepp i sjø må vurderast ut frå eit større områder og sjåast i ein heilskap (korleis vert dei samla utsleppa). Ved akvakultur bør heile området som er beslaglagt synleggjerast i kommuneplan (inkludert ankringsområde). Sakshandsamar si vurdering Kommunen skal etter naturmangfaldslova § 10 vurdere påverking av økosystem ut frå den samla tyngda/kostnaden økosystemet vert utsett for og er slik plikta til å sjå utslepp i sjø i sin heilskap, lovtekst fylgjer: «§ 10.(økosystemtilnærming og samlet belastning) En påvirkning av et økosystem skal vurderes ut fra den samlede belastning som økosystemet er eller vil bli utsatt for». Merknad 4 Ein må ikkje ha anker i trålfelt som er naturgjevne stader og difor ikkje kan flyttast. Ein bør heller ikkje leggje oppdrett nær reketrålfelt, hummarplassar m.m. av omsyn til skalskifte hjå skaldyr, då ein i nyttar kintinhemmande lusemiddel ved mange anlegg. Det er elles fare for nedslamming av desse naturgjevne områda. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 5 Det er viktig at område på land ikkje vert planlagd i strid med område i sjø. Sakshandsamar si vurdering Vonleg skal ein gjennomgang av kystsona og kommunen si plikt til å planlegge i ei nautisk mil (1853 m) frå land gjer at ein er meir merksam på koplinga mellom sjø og land. Merknad 6 Ein må sjå på samla påverknad frå tiltak, ikkje vurdere kvart enkelttiltak uavhengig av andre. Sakshandsamar si vurdering Dette samsvarer med gjeldande naturmangfaldslov (§ 10). Merknad 7 Yrkesfiskarane skal leve av fisken dei får opp, det er difor viktig at fiskeri-/gyteområda og liknande vert ivareteke, og at sjøområda er reine. Ein føreset at fiskeriinteressene, både på sjø og land, vert ivareteke i prosessen, det vil seie både sjøareal/naustområde, fiskeindustri/-mottak og servicebedrifter til desse. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Haugaland kraft, dagsett 16.12.2014 Merknad 1 Haugaland kraft har ingen merknader til planprogrammet, men vil gjere merksam på fylgjande: Haugaland kraft kan vere ein viktig bidragsytar til regulering/styring i flaumsituasjonar. Haugaland kraft har utført fleire fiskekultiveringsarbeid og fiskebiologiske undersøkingar i Etnefjella. Ein har òg undersøkt og vurdert Sørelva i samband med konsesjonssøknaden for «Nye Etne». Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Statnett, dagsett 19.12.2014 Merknad 1 Statnett har ein 300 kV-leidning mellom Blåfalli og Sauda, i samband med dette har Statnett klausulert eit belte på om lag 40 meter. Strekket skal utgreiast og det er mogleg at ein skal bygge ein ny leidning parallelt med dagens før ein riv den gamle. Leidningstraseen vert slik flytt til sides. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 2 Det er viktig at planlegginga tek omsyn og til framtidige behov for areal til sentralnettet. Omsyn til framtidig utvikling av sentralnettet bør takast inn som eige avsnitt i planprogrammet. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 3 Statnett ynskjer å leggje til fylgjande opplysingar, det er ikkje løyve til å endre terrenget, bygge vegar, etc. byggeforbodsbeltet til eksisterande liner utan skriftleg løyve frå Statnett. Ved bruk av anleggsmaskiner, kranar, sprengstoff etc. nærare enn 30 meter frå faselina skal linemester varslast. Sakshandsamar si vurdering Merknad er teken til orientering. Merknad 4 Ein føreset at Statnett framleis vil ha tilgang, anten med bil eller helikopter, til alle anlegg i samband med drift og vedlikehald. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeistaren på Svalbard, dagsett 17.12.2014 Merknad 1 Det er registrert fleire mineralressursar i kommunen (NGU), to regionalt viktige grusførekomstar og ein viktig førekomst av naturstein/skifer. DMF rår til at mineralske ressursar vert omtala under temaet naturressursar i planprogrammet og i konsekvensutgreiinga. Eksisterande og framtidige masseuttak bør omtalast under temaet næringsliv. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknad 2 Det er naudsynt med ei oversikt over viktige mineralførekomstar, då desse berre kan utnyttast der dei er lokalisert. Nedbygging kan hindre uttak av verdfulle ressursar, temaet bør difor vurderast saman med andre tema og avklaringar i kommuneplanarbeidet. Ein bør ha ei langsiktig og forsvarleg forvalting av mineralressursar. Sakshandsamar si vurdering Merknad er teken til orientering. Merknad 3 I samband med kommuneplanen bør ein ta stilling til kor langt fram i tid eksisterande massetak og råstoff dekkjer trongen for byggeråstoff i kommunen og ta stilling til kor framtidige massetak bør lokaliserast. NGU sine databasar gjev informasjon om lokalisering, kvalitetar og verdivurdering av mineralførekomstane i kommunen. Transporten etter uttak bør vere kortast råd. Sakshandsamar si vurdering: Merknaden er teken til orientering Kyrkjekontoret, dagsett 20.1.2015 Merknad 1 Tilgjengeleg areal på gravplassane i kommunen byrjar verte mindre enn det som er ynskjeleg og kommunen må gjere grep snarast råd. Sakshandsamar si vurdering Merknaden er teken til orientering. Merknader frå Private Private framlegg til endring av føremål i kommuneplanen er ikkje merknadshandsam på noverande tidspunkt, men fylgjer prosessen vidare i sin heilskap. Vurdering vil bli gjort når alle merknader er inne, dette for å sikre at kommunen kan gjere ei samla vurdering av konsekvensar ved heile kommuneplanen. Fylgjande framlegg frå private har kome til kommunen i samband med utarbeiding av ny kommuneplan: John Magne Vaa – endring av grense for spreidd busetnad ved hyttetomt. Hans Olav Tungesvik – hyttetomt ved Buaneset og endring av grense for spreidd busetnad ved hyttetomt Jonny Hetleflåt – fritidsføremål/rorbu/naust til leige og 3-4 einingar ovanfor vegen med fritidsbustad, i Åkrafjorden Fritidsbustader, endre føremål frå LNF til fritidsbusetnad, gnr. 137/75 Asbjørn R. Opedal - masseuttak ved Sørstranda Aage Vee - endring av føremål LNF til bustad, ved Sørstranda. Vurdering av vegen vidare Det vert rådd til at kommunen fokuserer på nokre tema framfor andre. Kommunen lyt gje alle tilbod som er lovpålagde, men kan velje kvar ein skal setje inn ekstra fokus. Samfunnsdelen skal planleggje utviklinga i kommunen ut frå eit langsiktig perspektiv og svare på utfordringane som er skissert i fokusområda til planprogrammet, sjølv om ein ikkje utarbeider strategiar for alle utfordringane. Sakshandsamar rår til at ein særleg fokuserer på born og unge. Kommunen har mange gode tilbod til barn og unge, og har difor gode føresetnader for at vidare innsats kan lukkast. Set ein inn fokus på barn og unge og satsar på å verte ein kommune som er «best i oppvekst», kan kommunen tene på lang sikt. Å stille spørsmål ved om tiltak passar for barn kan elles vere ein fin måte å sjå føre seg konsekvensar ved tiltak. Universell utforming, estetikk, arealdisponering, berekraft er alle emne som kan virke til «hinder» for utviklinga på kort sikt, men som utviklinga skal ta omsyn til etter plan og bygningslova. Omsyn til framtidige generasjonar gjer at prioriteringane av desse «hindera» jamvel skapar meining. Elles er ein stor og viktig grunn til å ta vare på born sine interessene omsyn til vaksne og eldre, det er born og unge som i framtida skal ta vare på eldre. Når kommuneplanen er ferdig bør det kome tydleg fram korleis ein skal kunne undersøke at måla er nådd og kor tid ein er nøgd med resultata. I arealdelen vurderer sakshandsamar at det er stor trong for å kartleggje born og unge sine interesser, og ynskjer nytte barnetråkk for kartlegginga. Ein bør prioritere kartlegging av friluftsområder. Ein bør arbeide med strandsona og kartleggje og fastsette bruk av denne. Ein bør fokusere på områda utanfor Etnesjøen og eventuelt prioritere andre delar av kommunen som viktigare om det vert tidsnaud for kommuneplanen, på grunn av at kommunedelplan for Etnesjøen er relativt ny. Ein bør vurdere kva ein skal gjere med situasjonen for kyrkjegardane. Næringsareal er lite omtala, ved innspel bør dette vurderast. Tidsplanen for kommuneplanprosessen er stram og endeleg frist for innsending av framlegg til endring lyt difor setjast til 31. mars 2015. TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN: I medhald av plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13 vedtek Etne kommunestyre planprogram for kommuneplan 2015 – 2025, dagsett 22.01.2015, slik det ligg føre. 03.02.2015 FORMANNSKAP F-019/15 TILRÅDING FRÅ ETNE FORMANNSKAP TIL ETNE KOMMUNESTYRE: I medhald av plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13 vedtek Etne kommunestyre planprogram for kommuneplan 2015 – 2025, dagsett 22.01.2015, slik det ligg føre. 24.02.2015 KOMMUNESTYRE K-007/15 VEDTAK: (samrøystes) I medhald av plan- og bygningslova §§ 4-1 og 11-13 vedtek Etne kommunestyre planprogram for kommuneplan 2015 – 2025, dagsett 22.01.2015, slik det ligg føre.
© Copyright 2024