lokalavisa Grannar - Hordaland fylkeskommune

4
MÅNDAG 29. JUNI
Menn over 60 dominerer vallistene
Kvar femte kandidat til kommune- og fylkestingsvalet i haust er ein mann over 60
år. Som i alle år, er det også denne gongen flest menn som stiller som kandidatar.
Kvinnedelen er på 43 prosent av dei nesten 60.000 kandidatane. Kjønnsbalansen er
skeivast i dei eldste aldersgruppene, melder SSB. 19 prosent av alle kandidatar er
menn over 60 år. Kvinnene utgjer i denne aldersgruppa 11 prosent. Miljøpartiet Dei
Grøne har flest listekandidatar under 30 år, mens Kristeleg Folkeparti har færrast.
Ifølgje oversikta aukar delen kvinner og personar med innvandrarbakgrunn noko ved
valet i år. Det er store forskjellar mellom partia. SV har fleire kvinnelege kandidatar
enn mannlege, tett følgt av Miljøpartiet Dei Grøne, som har om lag 50/50. I andre
enden ligg Frp, som har ein kvinnedel på 27 prosent. (NPK)
Nedbetalinga av Hardangerbrua kan dra ut
Mindre trafikk enn venta og ei stabil renteutvikling kan føra til at bompengebetalinga
av Hardangerbrua blir forlengd med sju år. — Det er situasjonen om ingenting
forandrar seg frå i dag. Men det trur vi det gjer. Så langt har ingen bompengeprosjekt
i Hordaland gått dårlegare enn planlagt. Sjølv om trafikken over Hardangerbrua har
starta dårleg, må vi vera optimistar, seier dagleg leiar Einar Lutro i bruselskapet til
Bergens Tidende. Brua stod ferdig for to år sidan. Stortinget har lagt opp til at brua
skulle betalast ned på femten år, med høve til å forlengja nedbetalingstida til 20 år.
No er det fare for at desse planane sprekk, skriv avisa. I fjor køyrde det i snitt 1.611
bilar over brua kvart døgn. Det er 339 færre enn målet til bruselskapet. Det fører til
at selskapet har problem med å betala ned gjelda som planlagt. (NPK)
Hjelp til rett jobb
Birgit Olsen Bratseth (t.v) og Marie Isdahl tilbyr gratis karriere-rettleing. Tilhøva kan endra
seg fort i det
moderne arbeidslivet.
Det offentlege
pilotprosjektet Karriere
Sunnhordland skal gje
deg kompetanse til
å ta karrierevala som
gjer deg betre rusta til
å halde deg i jobb. Og
det heilt gratis.
Torstein Nymoen
«Karriere Sunnhordland» starta
opp i januar og varer ut 2016.
Det er eit samarbeid mellom
Hordaland f ylkeskommune måte, seier karriererettleiarane
og kommunane Stord, Fitjar, Marie Isdahl og Birgit Olsen
Austevoll, Tysnes, Kvinnherad, Bratseth.
Etne, Sveio og Bømlo. Det er eit
pilotprosjekt, og er det einaste i Førebygging
Hordaland.
Prosjektet er oppretta for å føreProsjektet har til formål å hjelpe bygge at færrast mogleg fell ut
alle over 19 år til å ta val som pas- av arbeidsliv og utdanning, ved
sar kvar og
at f leire få r
ein best når
kompetanse til
I dagens arbeidsliv
dei enten skal
å velje den karvele utdanbyter dei fleste beite rierevegen som
ning el ler
passar den perminst ein gong
arbeid.
sonen ein er.
— Før kunne du stå i en jobb frå
— Kanskje er du eit ordensmendu var ferdig utdanna til du blei neske som likar forutsigbarheit,
pensjonist. For dei fleste av oss men jobbar i ei stilling kor opper det ikkje slik lengre. I dagens gåvene og folka du jobbar saman
arbeidsliv byter dei fleste beite med endrar seg hyppig. Då kan
minst ein gong. Det er andre tider det til dømes vere årsak til at ein
no, og det krev at ein må kunne mistrivst og går lei. Då kan karrihandtere omstilling på ein god ererettleiing vere nyttig, seier dei.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Bestiller du ein time hos
Karriere Sunnhordland vil rettleiarane ved å kartlegge utdanning,
interesser og personlege preferansar gje deg kompetanse til å ta eit
best mogleg karriereval. Ein får
også hjelp når det gjeld skriving
av søknader, tips til kva ein bør
ha med på CV og korleis ein bør
te seg på jobbintervju.
Dei er glade for at det offentlege
gjer slike tilbod gratis.
— Det er mange private aktørar som tilbyr liknande rettleiing,
men då er det ganske dyrt, seier
dei.
Tilbodet er til alle, om ein står i
jobb eller er ledig. Dei held også
kurs for bedrifter i omstilling.
Også det er gratis.
Dei presiserer at dei ikkje har
til oppgåve å matche potensielle
arbeidstakerar til arbeidsgjevarar,
men dei samarbeider med Nav i
høve til å finne moglege stillingar
å søke på.
Kontordag i Etne
Du kan enten vitja karriere-rettleiarane på deira hovudkontor på
Stord vidaregåande skule, eller få
time på ein av dagane dei vitjar
Etne. Det skjer den siste torsdagen i kvar månad.
Dei fortel at om ein bur i
Vindafjord og ønskjer å delta, så
er det ingenting i vegen for det
sjølv om det er eit anna fylke.
— Ventetida er på mellom ei
og to veker, fortel dei og oppmodar folk om å bestille time
enten via nettsidene til Karriere
Sunnhordland eller Facebooksida deira.