Hardanger Folkeblad: Professor og fjellmann - Framleis

Hardanger Folkeblad
helg
Fredag 18. september 2015
Kritisk til FN sitt
klimapanel
◆
Slutta å jakta rypa
på Vidda i 2007
◆
17
Har gjort auren ved Litlos til den
best dokumenterte på Vidda
◆
Så langt i år har Reidar Borgstrøm gått fire turar til Litlos, og på dei to første hadde han ski på beina.
Professor og fjellmann
Framleis nysgjerrig
I 50 år har professor
Reidar Borgstrøm
drive med fiskeforsking,
men det dukkar stadig
opp nye spørsmål.
Å pensjonera seg
heilt er absolutt ikkje
aktuelt.
Å
rets to første turar til Litlos
gjekk Reidar Borgstrøm på
ski, men på den fjerde
kjem han til fots. Sidan
1987 har den no 73 år gamle professoren ligge over eit år på turisthytta
på Hardangervidda, for det meste i
samband med fiskeundersøkingar.
– Eg var på Litlos første gong i 1957,
då vi hadde høyrt at ein kunne få fisk
på heilt opp i fem kilo i Krokavantet,
fortel Borgstrøm når han er vel framme og på plass i den såkalla Oddakroken.
I snart 60 år har Vestvidda og fjellaure vore sentrale i livet til professoren, og interessa for fisk fekk han inn
med morsmjølka. Foreldra var ivrige
flugefiskarar, og då han var liten vart
han plassert i faren sin sekk og tatt
med på tur. Nokon flugefiskar vart
han aldri, men då Borgstrøm i november 1965 starta på hovudfagsoppgåva i parasitologi var undersøking av gjedda emnet.
– Eg fiska kvar månad i 14 månadar
for å sjå korleis ein parasitt, gjeddemarken, utvikla seg i gjedda.
Det er altså 50 år sidan han starta
med fiskeforsking. Fram til 1977 arbeidde han som amanuensis og leiar
for Laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfiske ved Zoologisk
museum i Oslo, og deretter vart han
tilsett ved Norges Landbrukshøgskule på Ås. Her fekk han ansvaret for
undervisning i fiskebiologi- og for-
valtning ved Institutt for naturforvalting.
– Der har eg vore sidan, og der er
eg no òg. Eg er jo pensjonist, men eg
er professor emeritus og det betyr at
eg må vera aktiv i forsking. Eg har
kontor, eg skriv, publiserer og har
masterstudentar.
Eigentleg skulle han fått med seg
haustfesten på Litlos i starten av
september, men grunna prøvefiske
ein stad på Austvidda og eit prosjekt
med ein masterstudent måtte han
utsetta det.
>>>
18
helg
Fredag 18. september 2015
«Den dagen du pensjonerer deg og sluttar å
jobba er du ferdig. Eg er glad for at eg får halda
på, og så lenge eg har minnet inntakt kjem eg
til å halda fram»
>>
Midt i forklaringa om dei to fiskeprosjekta
avbryt Borgstrøm seg sjølv for å presisera at journalisten
må skriva nynorsk.
– Sjølv om eg snakkar litt Oddamål, legg han til.
Borgstrøm er nemleg aktiv i Ås Mållag og vann i 2012
Odda Mållag sin målpris. Slik har det ikkje alltid vore.
Oddingen synest det er flaut å sjå attende på tida der han
skreiv mykje på bokmål, og legg til at det er sjølvsagt at
han no skriv alle lesarinnlegg, rapportar og på nynorsk.
lesarinnlegg er noko professoren jamleg produserer, og fellesnemnaren er i fyrste rekke natur og forvaltning.
– Forfedrane våre, dine og mine, har vore her på Vidda
hundrevis av år og det er viktig at vi forvaltar dette på
ein måte som gjer at vi kan nytta ressursane i framtida.
Det gjeld både fisk, villrein, rype og beiteressursar.
Den siste tida har han engasjert seg i freding av rypa,
og for snart 15 år sidan deltok han òg i villreindebatten.
Bakgrunnen var at bestanden var skote for hardt ned, og
det enda med at dyra vart freda eitt år. Skal ein tru professoren, som berre har vore på reinsjakt ein gang, er
dette ikkje ulikt dagens situasjon med rypa. Lite fugl
gjer at han sjølv i 2007 slutta å gå på rypejakt kring Litlos. I år vil jegeren prøva seg både på Røros og i Finnmark.
– Om ein ser på bestanden av både fjell- og lirypa i SørNoreg har den gått ned i kring 15 år. Berre ned og ned, og
då må vi legga om forvaltinga.
Han meiner at årsaka til nedgangen er for hardt jakttrykk, og truleg sterk predasjon frå mellom anna ein stor
raudrevbestand. Om ein går attende vel hundre år var
det berre nokre få rypejegerar på Austvidda og truleg
endå færre i vest. Rypa vart i hovudsak fanga i snarer på
kantane rundt Vidda, men det var nesten ikkje nokon
med børser som jakta. Samstundes trur ikkje professoren at freding er løysinga på lengre sikt, men at ein bør
avgrensa kor mange ryper kvar jeger kan fella per dag.
Dei tør berre ikkje seie frå, men sjølv har han vore ute i
hardt ver før og toler litt motbør.
Kanskje kan ein her trekka parallellar til villreinsaka
for 15 år sidan. Ikkje berre snakka han mot «dei lærde»
på villreinmøtet, han meiner at både dei og klimapanelet baserer seg på feil grunnlag.
– Klimaspådommane er basert på modellar, forklarar
fiskeprofessoren og legg til at det var bestandsmodellar
som førte til at ein bomma totalt på villreintalet ved tusenårsskiftet.
Slappa av, spør Borgstrøm litt undrande når journalisten spør kva han gjere når han skal kopla ut.
– Sjølvsagt gjer eg det av og til, men det vert mykje fagleg jobbing. Også om kveldane, for når ein er på eit institutt er det venta at du er fagleg aktiv og publiserer internasjonalt. Så du må skriva artiklar, halda ved like kontaktnettet og så vidare.
Tidlegare kopla oddingen ut med å laga knivar og sy
slirer, men no strekk ikkje tida til. Sjølv om han har undersøkt fisk i 50 år dukkar det stadig opp nye spørsmål
og ting som må undersøkast.
«Arbeta jäklar, i graven kan ni kvila», siterer han frå
dei gamle rallarane.
– Det er sant. Den dagen du pensjonerer deg og sluttar
å jobba er du ferdig. Eg er glad for at eg får halda på, og så
lenge eg har minnet intakt kjem eg til å halda fram.
Å verta pensjonist på heiltid er altså ikkje noko som
fristar. Det er framleis moro å undersøka ting, stilla
spørsmål og finna svar. Dette er like kjekt som for 50 år
sidan.
– Det er faktisk kjekkare no. No har eg større kunnskap, svarar han.
Det er ikkje berre på Hardangervidda han engasjerer
seg, har han fleire prosjekt i Kvinnherad. Tidlegare har
han hatt mange studentar på Svalbard og dei fleste fylke
i Noreg og ikkje minst i Etiopia og Nepal. Samstundes er
det ikkje tvil om at auren kring Litlos har fått ein sentral
plass, og har vorte den best dokumenterte på Vidda.
Klima er eit anna emne som engasjerer professoren,
– Dei nye spørsmåla kjem av seg sjølv. Det er berre å
og her kallar han seg ein realist.
halde fram, og det er mykje ugjort òg som ikkje er publi– Korleis såg det ut her på vidda for nokre tusen år si- sert. Eg har arbeid i mange år framover.
dan, spør han og ser ut av vindauga.
Til dømes var det den kalde sommaren som førte til at
Svaret er at temperaturen var høgare enn i dag i store han i år tok sin fjerde tur til Litlos. Dette for for å sjekka
delar av bronse- og steinalderen. Truleg var det bjørk- og om skjoldkrepsen, og årets aureungar, hadde dukka
furuskog heilt opp til Litlos og elles på Vidda.
opp. Dermed var det duka for både garn – og elektrofis– Var det menneskeskapt? Nei, det har alltid vore store ke. Når han først er i gang sjekkar han og veksten auren
variasjonar i klima, svarar han seg sjølv.
har hatt i sommar.
Borgstrøm legg til at temperaturen globalt ikkje har
Fiska for moro gjer han stort sett berre i vatna kring
auka på omkring 18 år, og meiner at dette burde ha Litlos, men plukka bær gjer han fleire stader.
skjedd dersom det var ein samanheng med aukande
– Eg er ein sankar. Eg plukkar sopp, molter, krekling,
C02-utslepp. Menneskeskapte klimaendringar trur ikkje rognebær, blåbær og tyttebær. Alt går i frysen til bruk
professoren på, men han legg til at det kjem ei ny istid. gjennom vinteren.
Verda er no inne i ei mellomistid, men når neste istid
I kjøleskapet står og eit spann med rakfisk ut novemkjem vart folk i nord klimaflyktningar.
ber, og kanskje summerer dette noko om professoren;
– Men det kan enno vera mange tusen år til. Vi fekk ein han likar tradisjonane knytt til fjellet. Sjølv om han legg
liten forsmak i år med ekstremt
til at rakfisk ikkje har vore så vanleg
låge temperaturar i mai og juni,
i Sørfjorden og Oddadalen.
sein snøsmelting og uvanleg my– Det er viktig at vi tek vare på reskje snø i fjellet utover juli og ausursane våre. Vi må både sjå oss atVart cand. real. i zoologi i 1967.
gust. Det er ikkje mykje temperatende og sjå framover.
I 1993 vart han Dr. agric. ved
turnedgang som skal til før det er
Norges landbrukshøgskole med
Kristin Eide
starten på ei ny istid.
avhandlinga «Dynamics and resource
[email protected]
use in populations of brown trout,
Han er ikkje eining med FN sitt
Salmo trutta». I 1995 fekk han
klimapanel, og fortel at mange
professorstilling i fiskebiologi og
støttar opp om denne skepsisen.
forvalting av fisk. Hovudinteressene
hans er retta mot populasjonsøkologi
hos ferskvassfisk og anadrom laksefisk.
1
Reidar Borgstrøm
2
Hardanger Folkeblad
Hardanger Folkeblad
3
Fredag 18. september 2015
4
1 Litlos turisthytte er basen for Reidar Borgstrøm. 2 Kollsvatn er eit av vatna Professoren held oppsikt med. 3 I 2001 var Borgstrøm engasjert på villreinmøtet.
4 Her er noko av den fjellauren som Borgstrøm har fiska dei siste åra.
helg
19