Hordaland supporter 4

18
LAURDAG SPORT
HORDALAND 3. OKTOBER 2015
MÅL: Joakim Lirhus har spela på A-laget til Voss. Her viser han gode takter og skårar for Stronde.
JUBEL: Supporterane fekk tre mål å jubla for då Stronde
« Skårar han ikkje i dag,
Han har mykje av æra for at klubben har
fått lokale sponsorar og orden i økonomien. Sponsorinntektene er på om lag
8000 kroner og 20 pølsesnabbar.
– Berre å ha eit skikkeleg draktsett
kostar flesk, så det er godt å ha næringslivet med oss.
Hommedal er også ansvarleg og vokalist
for klubbsongen, som ligg ute på Spotify.
Til no har songen spelt inn åtte dollar til
klubbkassa.
SNABBANE KJEM ... Stadig fleire kvinner
med panneband og huer med Stronde FK
i mønsteret kjem til banen. Desse er med
i supportergjengen Snabbane. Mona
Askeland har strikka pannebanda.
– Supporterklubben vart starta av ein
mann. Men han har slutta. No er det opp
til oss damene, seier Snabb-sjef Karina
Tveite. Namnet har opphavet i at ein
lokal pølsefabrikk er sponsor, og etter
kvar kamp vert det delt ut pølsesnabb
til banens beste spelar.
Oppvarminga er over. Manageren samlar spelarane. Det er tid for laguttak og
taktikkprat.
– Taktikken er klar. Me skal stå høgt.
Me skal gå offensivt ut, seier Sondre
Bidne.
Domar Barry Crook blæs i fløyta.
Sesongens siste kamp er i gang. Det
er onsdag kveld kl. 21.00. Dei to laga
sine lagleiarar, innbytarar og supporterar står på kvar si side. På Godfotensida er det berre sjølve laget som står.
Ingen publikum. På Stronde-sida er det
tett med folk. Og spelarane tek manageren på ordet, dei satsar offensivt. Og
sjansane kjem. Både Roald Nåsen Neteland og Isak Hommedal er farleg frampå
i starten. Det ligg eit mål i lufta i Skulestadmoen. Og det kjem fem minutt ut
i oppgjeret. Isak Hommedal tek fram
teknikk frå øvste hylle då han vartar
opp med ein nydeleg piruett og kjem
seg fri, og legg over til Daniel Stokken.
Sogndal-studenten skyt sikkert inn
1–0 i nettmaskene. Snabbane jublar på
sidelina. Men Vegard Klette utliknar for
Godfoten berre to minutt seinare. Det
står 1–1 under flomljoset. Og Snabbane
er litt meir uroa.
Joakim Lirhus er tidlegare A-spelar på
Fbk Voss. Og tidvis syner han kva han
er god til. Som i det 11. minutt. Han gjer
alt rett då han sender Stronde FK opp i
leiinga. Lirhus er frå Bulken og ein av to
på laget som ikkje bur eller er opphavleg
frå Vossestrand.
– Neeeiii! Kva skjedde der? ropar
snabb Ingri Mørkve fortvila då Oddvar
Kolve utliknar til 2–2.
Roald Nåsen Neteland har ein stor
sjanse like etter. Utan å lukkast. Og Isak
Hommedal har alle tiders moglegheit
til å sikra Stronde FK leiinga før pause.
Men han sleivar ballen utanfor i det han
kjem åleine med keeper.
«FEIL» JUBEL. Barry Crook ser på klokka. Han blæs for pause. Fem minutt og