Løvo Mars 2015

LIONS CLUB STORD FITJAR
MOTTO: TIL TENESTE
Medlemsblad for Lions Club Stord Fitjar.
Nr. 4
2015
INNHALD
Side 2.
Presidenten har ordet
25. Årgang
Kommande møte: 7. april vert hjå
Fylkesnes Bil.
Sjå innkalling
Side 3.
Innkalling til medlemsmøte
Side 4, 5.
Referat frå styremøte
Side 6,7.
Referat frå medlemsmøte
Side 8.
Ein glimrande ide`
Side 9.
Vimpelen
Side 10.
Vimpelsymbolikken
Side 11.
Lions Club of Mongu
Side 12.
Siste side
Redaksjonen ønskjer alle medlemmer ei riktig god påske.
I redaksjonen:
Lars Mugaas, John Torleiv Nesse. Sigurd Johan Underhaug
LIONS CLUB STORD FITJAR
MOTTO: TIL TENESTE
Presidenten har ordet.
Terje Torget
President
2014 –2015
Gode Lionsvener
Klubbaktivitet på høgt gir komande veker
Ikkje før er Røde Fjær aksjonen avslutta med for klubben ein imponerande innsats og like så resultat, så
står vårens tre inntektsgjevande hovudaktivitetar for tur i løpet av april.
Løvinne for ein kveld, fredag 17. april: Komiteen har alt i fleire veker jobba med planlegging, program,
sponsorar og sal av bilettar. Me kan gle oss til orienteringa som blir gitt på medlemsmøtet frå denne dynamiske gjengen.
Annonseavisa, torsdag 23 april: I år som tidlegare blir avisa distribuert til firma og husstandar i Kvinnherad, Halsnøy, Tysnes, Fitjar, Bømlo og Stord.
Avisa har i alle år vore klubben sin viktigaste kanal for omdømmebygging i lokalområdet og også våre hovudkjelde til inntekter for klubben.
Redaksjonskomite, layout, sal av annonsar er godt i gong og kvaliteten på avisa blir garantert som tidlegare
år, med interessant lesnad med fokus på kva klubben driv med og står for.
Tulipanaksjonen; Laurdag 26. april skal ein stor del av LIONS Norge 11.200 medlemmer ut og «gje
bort» 787800 tulipanar. Midlane som blir samla inn vil også i år gå til styrking av LIONS tulipanfond og
Mitt Val.
I medlemsmøtet 7. april (3dje påskedag); får me denne gong vitjing av vår distriktsguvernør som vil fortelja om kva som står på agendaen i D- distriktet. Nominasjonskomiteens framlegg til nytt styre blei i
samsvar med klubbvedtektene lagt fram på førre medlemsmøte, og formelt val står no for tur. Medlemmane
vil også få siste ordet før nytt opptrykk av klubbvimpelen blir bestilt, etter at vimpeloppdatering vart drøfta
på førre medlemsmøte, innspel tatt omsyn til, og justeringar i utkast utført.
God påske og beste Lionshelsing
frå President Terje
LC Stord Fitjar
Innkalling til medlemsmøte 7 April 2015
Møtestad og tid: Fylkesnes Bil , kl 19.00
Velkommen
Lions etiske norm
Sakliste:
Sak 034/14-15
Godkjenning av innkalling og referat frå forrige medlemsmøte
Sak 035/14-15
Distrikt Guvernør MD104D Per Olav Ulberget har ordet
Sak 036/14-15
Opptak nye medlemmer v/ Kjell Framnes
Sak 037/14-15
Aktivitetsleiar orienterar v/ Svein
Løvinne for ein kveld v/ Vibecke
Annonseavis v/ Magne Jostein
Tulipanaksjon v/ Øyvind
Sak 038/14-15
Val fiskalåret 2015-16 v/Helge
Sak 039/14-15
Klubbvimpel v/ Ole Arthur
Eventuelt
TETOR: 2015-03-25
Referat frå styremøte – LC Stord Fitjar
Tysdag 17 Mars 2015
Desse møtte: Terje Torget, Astrid Kjellevold Steinsland, Pål Helland, Kjell Framnes, Svein
Hatlevik, Reidunn Vaage, Margit Tveito og Ole Artur Vaage.
LIONs etiske norm.
Sak 049/14-15 Godkjenning av innkalling og referat frå sist styremøte.
Samrøystes godkjent
Sak 050/14-15 Clubmaster / Sosialkomite: planar framover
Komiteen er fornøgd med sist medlemsmøte. Medlemmane er flinke med av og på
melding. Neste møte vert 7. april som kjem til å innehalda dette:. DG Per Olav Ullberget
kjem, Vimpelen, nytt utkast, opptak av 2 nye medlemmar Informasjon om Løvinna for ein
kveld og val
Sak 051/14-15 Tilbakemelding / status: Aktivitetsleiar, kasserar, medlemsansvarleg , og andre;
Aktivitetsleiar:
Annonseavisa, nokre utfordringar, Ole Arthur Vaage skal ta kontakt med ein del som ikkje
er med enno
Mail til herrane som skal delta på Løvinnekvelden
Kjøring for Frivilligsentralen, her er arbeidet med dette i gang
Dugnad på Sonjas kvile, aktivitetsleiar tek kontakt med Stord kommune
Ungdomsgruppa skal i Ridehallen, dei skal ordna hest og ri, i tillegg vert det matlaging.
Seinare vert det: miniregatta ,med hjelp frå seglforeininga i slutten av april og mange andre
kjekke aktivitetar framover.
Kasserar
Økonomi status : Har betalt den internasjonale kontingenten. Sender snart ut krav om
kontingent lokalt. Røde fjær rekneskapen er under arbeid. Resultat ca 250 tusen.
Presidenten får over sak om flybillettar. Spørsmål om Motitech sykkelen me tidlegare har
løyvt pengar til. Styret løyver til dekking av annonsane til RF kr 11000kr
Rekruttering
To medlemmar skal takast opp på neste medlemsmøte
Klubb val
Alle posisjonane er fylte.
Sak 052/14-15 Klubb vimpel v/ Ole Arthur
Fredrik Fladmark er kontakta, han hadde ikkje noko i mot at klubben endra på logo, fontar
og bakgrunnsfargar.
Styret legg fram nytt framlegg til vimpel.
Sak 053/14-15 Innkomen post, søknader og anna «nytt»;
Augehelse i Zambia, dette er vedteke på Riksmøtet at skal støttast. Søknad om støtte eller
gjera opp gjelda vår som «Club of Excellence» er på ca 50 000kr, vart diskutert. Ventar på
faktura frå Oak Brook, står att 50 000 kr i gammal gjeld. Me løyver 5000kr og vil betala
gjeld.
LIONS Eldsjel
Ungdomsutveksling (Litauen )
To studentar frå HSH inviterast å vera med, me løyver innanfor ei ramme av 10 000 kr til
julekaravane til Marijampole.
Assisterande soneleiar kandidat? Presidenten spør kandidatar.
iZettle: kortbetalingsautomat : Ikkje aktuelt enno
Andre søknad(er) om støtte
Stord Fitjar turlag, sti i Fossebrekka. : Avslag.
Norsk luftambulanse; avslag
Stord Fitjar dement foreining: støttar kr 2000
Distriktsmøte 17. -19. april, klubben dekkjer utgifter, 3 påmelde så langt
Referat sonemøte: Presidenten refererte. Tok opp saka om Ny brønn i Zambia 118
medlemmar total i sona, fordelt etter medlemstal vil dette kosta 7200kr, 11400kr og
31400k r= 50000kr totalt. Soneprosjekt. Førre brønn vert omtala i Løvo
Riksmøte: Kjell F skal dit, Ønskjer at påtroppane president Astrid skal reisa.
Søknad frå Linda Nonås Fylkesnes. Søknad om økonomisk støtte til Traumeklasse ved Stord
ungdomsskule for elevar frå Asylmottaket. Helgekurs med Magne Raundalen. Avslag
grunna at me ser dette som ei kommunal oppgåve, og / eller offentleg helsevesen.
Frivillige sentralen på Bømlo søkjer støtte kr 5000,-, ungdomsgruppa er positive til dette,
styret løyver pengar slik det er søkt om.
Sak 054/14-15 Eventuelt
Pål skal til Tanzania, 27.mars – 8.april. Prøver å få kontakt med lokal Lions klubb. Han reiser
i samband med Hystad skule sitt prosjekt. Ved foten av Kilimanjaro er det ein ung
befolkning grunna mykje hiv aids. Prosjektet satsar på ungdom, utdanning og helse. Styret
løyver US 300 dollar til den lokale Lions-klubben, vert sendt med Pål Helland. Hjelp til
sjølvhjelp, er mottoet.
MT 2015-03-17
LC Stord Fitjar
Referat frå medlemsmøte 3. Mars 2015
Lions etiske norm. Namneopprop oppmøtte
Frammøte: 47%
Sak 026/14-15
Godkjenning av innkalling og referat frå forrige medlemsmøte
Samrøystes godkjent
Sak 027/14-15
Brønnopning Zambia «Kjell Lønnings minnebrønn» v/ Tone Lønning
«Water for Africa» Tone Lønning fortald om brønnopninga. Dei var ei gruppe på 8 personar som
skulle opna 5 brønnar. Brønnen ho opna ligg langt ute i bushen. Der er 380 menneske der. Før var det
ungjentene sitt arbeid å bera vatn. Reint vatn er med å betrar hygienen. Dette kan og vera med å
hindra augesjukdomar. Ho hadde med seg 300 dollar som gåve til Lions klubben lokalt.
Sak 028/14-15
Opptak ny melem v/ Kjell
Martin Tveita vart teken opp som medlem i dag. Kjell Framnes presenterte han. Presidenten delte ut
medlemsnål. Totalt er me no 75 medlemmar i klubben. Plan om å ta opp to nye medlemmar neste
gong.
Sak 029/14-15
Aktivitetsleiar orienterar
Annonseavisa, arbeidet er fordelt og fristen for innlevering av annonsar er 13.mars
Tulipanaksjonen. Øyvind har det under kontroll
Ungdomsgruppa. Var i klatreveggen på Vikahaugen etter å ha ete pizza på Frugård. Neste
gong skal dei i Ridehallen der dei skal delta i riding og stallrydding. Driv og med oppfylging
Tanaprosjektet.
Frivillighetssentralen treng sjåførar på dagtid, transport av eldre til Sævarhagen. Treng to/ tre
bilar annakvar veke. To medlemmar melde seg.
«Nina» tok tak i Dronning Sonja hytta i Helsesportløypa. Lions har helde denne løypa ved like.
Framlegg: Kontakt med KF , dersom dei held utstyr og tek kostnaden, gjer me jobben.
Vedtak: Me tek saka.
Sak 030/14-15
Røde Fjær 2015 oppsummering v/ Anne Grete
Me hadde ein særdeles vellukka aksjon. Oppsummeringa ligg i Løvo. Målsetjinga i år var 250000 i vår
klubb, synleggjera Mitt val og rekruttera medlemmar. Lions sentralt har hatt ein god plan.
Markedsføringsmaterialet kunne vore fordelt litt annleis. Utfordringa var å ha nok materiell og å få
nok bøssebærarar. 260 bøsser i sving i vårt område. Takk til alle som deltok.
Presidenten takka for ein strålande innsats
Sak 031/14-15
Løvinna for ein kveld v/ Vibecke
Starta ut for 14 dagar sidan. Har allereie kome i mål med mange av dei tinga me skal gjera. Pengane
me samlar inn går til: Emaus barneheim, behandling og rehabiliteringsavdelinga for kreftsjuke på
Stord sjukehus og ungdomsarbeidet med barn av psykisk sjuke foreldre. Åge Stokken vert
konferansier. Utstillarar får i år lov å selja på sin stand. Websida er under utvikling og vert slept i
neste veke, vert og lagt ut på FB.
Sak 032/14-15
Nominasjon fiskalåret 2015-16 v/ Svein
Valet vert på neste medlemsmøte. Helge, Fredrik og Svein er i valnemnda..
Innstilling frå valnemnda:
President: Astrid Kjellevold Steinsland
Visepresident: Ole Arthur Vaage
Kasserar: Jarle Neset
Sekretær: Margit Olava Tveito
Prosjekt koordinator: Svein Hatlevik
GMT: Kjell Fylkesnes
Clubmaster: Anne Britt Melkevik Dahle
Past President: Terje Torget
Revisor: Terje Aase
Sak 033/14-15
Klubb vimpel v/ Ole Arthur
Styret gjer framlegg om at me gjer han meir « up to date».
Framlegg frå Ole A , på førre styremøte vart me einige om å koma med framlegg om å fornya
vimpelen. Fornya logoen til slik han er i dag, laga kvit bakgrunn og andre fontar. Debatt på møtet. Me
må ha ny logo, slik dagens logo er. Dette er eit åndsverk og kan ikkje endrast utan vidare. Det blå er
himmel, det er det bakgrunnen står for. Les Løva nr 12 i 2014. ( Fladmark)
Styret tek han tilbake for ny vurdering, og kjem attende med det endelege framlegget. Må han
godkjennast på landsbasis? Oppdatere logo og fontane.
Eventuel: Løvinnekvelden v/ Svein
Arbeid 16.april og fredag 17.april før, på og etter festen. Treng 20 menn.
MT 2015-03-03
Ein glimrande ide.
Kjøpte inn boka ”De
viktige årene”
til alle 1. klasseforeldre
Henta frå Sogn Avis, som eg
fekk låna av John Torleiv.
Gåve frå Lions til skulane i
Luster.
Oppslagsverk til
1.klasseforeldre.
Slik skriv avisa, utdrag av ein
lengre artikkel om lions i Luster:
”Det er betre å byggje barn,
enn å raparere vaksne.
Slagordet høyrer Lions til, og er
retta mot jobben dei gjer inn mot
mellom anna skular. Dette er
knytt opp til prosjketet ”Mitt
val”, og med det som utgangspunkt kjøpte me inn 100 bøker
som samtlege 1.klasseforeldre
skal får eit eksemplar av, seier
sekretæren i klubben.”
Til låns
Skulane får bøkene til odel og eige, medan foreldra får låna dei det året ungane deira går i 1. klasse. Sidan skal bøkene gå vidare til neste 1. klassetrinn som kjem året etter.
Er dette ein ide for LC Stord Fitjar?
Ein glimrande i de om å profilera Lions sitt arbeid for barn og unge.
Får me ein liten ”debatt” om dette ??
LIONS CLUB
STORD FITJAR
Dette er tenkt å stå på baksida av vimpelen.
Vimpelen skal minna oss om det viktige
med dei stille aktivitetane.
Lions sitt merke er framstilt som ei lyskjelde som sender strålar over ein
blom. Blomen er gitt ei menneskeleg
form for å syna at alt handlar om
forhold mellom menneske.
Kvitveisen er kjend og kjær og finst i
store mengder på øya vår.
Denne blomen er teikn på våren og
spirande liv.
Bakgrunnen på vimpelen er lyseblå
som er den klare fargen på himmelen.
Det er ein farge som symboliserer håp
og glede.
P.O. Box K066
Kanyonyo
MONGU
5th March 2015
To:
The President
LC Stord Fitjar
Dear Lions friends in Norway. We greet you and wish you the Lord’s blessings
from Mongu Zambia.
We cannot find words to thank you enough for your gift. Your gift of Three
Hundred Dollars (US$300) went a long way in our projects in Zambia. Some of
the money helped us to feed the patients at our provincial hospital during the
month of January when Lions feed the hungry. The rest of the money will go to
the purchase of cement for the Mourners’ Shelter at the same hospital. Your
contribution pleased the government officials at the hospital and it went down in
their history books.
Thank you once more and may God provide more so that you can help many
more people worldwide.
We are making plans on projects concerning wells. Lions AID Norway will update
you on the same. Please send our thanks to Kjell Loennings’ family for their
goodwill and we hope their daughter will be a Lion soon, and work together with
Lions of Mongu, now and in the future.
Lion Georgina Nkolola (e-mail: [email protected])
CLUB PRESIDENT
Lions Club of Mongu donating
foodstuffs at Lewanika General
Hospital in Mongu– Feed the
Hungry Programme on 1st January
2015 New Year’s Day
Lions Club of Mongu
donated 150 trees to
Tungi Basic School
in Mongu during the
Tree Planting 25th
February 2015
LIONS CLUB STORD FITJAR
MOTTO: TIL TENSETE
Klubbstyret 2014 –2015
President: Terje Torget
Adresse: Kvarven 25 5423 BRANDASUND
Telefon: Priv.:. Mob.: 48070902
V.president: Astrid Kjellevold Steinsland
Adresse: Tyselio 12 .
5416 STORD
Telefon. Priv.: 53410481 Mob.:45289928
Kasserer: Pål Helland
Adresse: Hystadvegen 34
Telefon: Mob.: 97016705
5416 STORD
Sekretær : Margit Tveito
Adresse: Gullbergvegen 5,
Telefon: Mob.: 41267439
5411 STORD
Clubmaster : Aage Madtsen
Adresse:Løkjabrotet 49,
5412 STORD
Telefon: Mob.: 90104837
Past President: Helge M Sagvåg
Adresse Dyråsen 7 D
5410 SAGVÅG
Telefon: Mob.:95234477
Aktivivtetsleiar: Svein Hatlevik
Adresse: Postboks 79
5401 STORD
Telefon: Mob.: 95251100
Medlemsk.: Kjell Framnes
Adresse: Hystadvegen 118
5416 STORD
Telefon: Priv.: 53416216 Mob.: 95222105
Vi gratulerer
Siren Eldøy Hinderaker
Margit Olava Tveito
Fredrik Ugland Litleskare
Magne Heimvik
Martin Tveita
Tora Haslum Myklebust
01.04.71
12.04.52
15.04.53
25.04.55
25.04.72
28.04.78
Frå redaktøren !
Presidenten skriv om ein hektisk vår. Me står midt opp i
utgjevinga av annonseavisa.
Sjefen for annonsesalet, Magne Jostein, er svært oppgitt
over at ikkje fleire held tidsfristane og har sagt at han forlet denne jobben. Synd, for her har vore rett person på rett
plass i 6 år.
Redigeringsapparatet får det veldig hektisk etter påske, for
det er annonsane som det tek svært mykje tid å setja.
Logoar og innhald skal stemma. Me som sit med stoffet
veit enno ikkje om det vert 24 eller 28 sider. Det siste talet
var målet i år, men det når me truleg ikkje. Stoffet er ein
gong gjort å ”brekka” inn på sidene, men også her skald
det lesast korrektur.
Syng me på siste verset med denne avisa no etter 25 suksessfulle år? Eg trur me står ved eit vegskilje i så måte.
Eg er pessimist. Mi tid renn ut, men kan lett erstattast,
men å overta Magne Jostein si rolle er ikkje så enkel å trø
inn i.
I REDAKSJONEN FOR LØVO
Likevel: Redaksjonen ønskjer alle ei fin påskehelg !
Redaktør: John Torleiv Nesse,
Adresse: Åsringen 25 5400 STORD
Telefon Priv. 53415420 Mob.90790281
Lars
Redaktør: Lars Mugaas,
Adresse: Hystadvegen 114, 5416 STORD
Telefon: Priv. 53410352 Mob: 91516834
Web-redaktør:Sigurd Johan Underhaug
Adresse: Varhaugsvegen, 5419 FITJAR
Telefon: Priv. 53497191 Mob: 99583272
Har du ljose idear. Kom med dei