30-04-15-8637-LOEVO_05 2015

LIONS CLUB STORD FITJAR
MOTTO: TIL TENESTE
Medlemsblad for Lions Club Stord Fitjar.
Nr. 5
2015
INNHALD
Side 2.
Presidenten har ordet
25. Årgang
Kommande møte: 5. mai vert hjå
Fylkesnes Bil.
Sjå innkalling, også sonemøte
Side 3.
Innkalling til medlemsmøte
Side 4
Innkalling til sonemøte
Side 5, 6
Referat frå styremøte
Side 7. 8
Referat frå medlemsmøte
Side 9.
Ungdomsgruppa på segltur
Side 10.
Tulipanaksjonen
Side 11. 12
Medlemsmøte i Albir
Side 13.
Val på ny leiing i LC Stord Fitjar
Side 14
Siste side
Tre spreke representantar sel tulipanar.
Frå v.Tove Oldereide Bjørk, Ingrid Kannelønning Skorpen og Marit Sævig
Stockmann.
Noko gufse ver var det, men humøret var på topp og salet gjekk glimrande.
I redaksjonen:
Lars Mugaas, John Torleiv Nesse. Sigurd Johan Underhaug
LIONS CLUB STORD FITJAR
MOTTO: TIL TENESTE
Presidenten har ordet.
Terje Torget
President
2014 –2015
Gode Lionsvener
Flott gjennomført Løvinne for ein kveld, Annonseavis og Tulipanaksjon.
Endeleg kan me seinka skuldrane etter ein særdeles travel månad i klubben, og nytta resten av
fiskalåret fram til sommaren til prosjektarbeid og planlegging av neste fiskalår .
Løvinne for ein kveld, blei gjennomført for 3dje gong med udiskutabel suksess og strålande resultat.
Annonseavisa: Redaksjonskomiteen har nok ein gong sett klubbaktivitetane i fokus med mykje interessant
innhald, i ei framifrå annonseavis. Avisa er klubben sin viktigaste kanal for omdømmebygging i lokalområdet og samstundes også hovudkjelde for inntekter til aktivitetskasse. I år har me møtt utfordringar ved annonsesal grunna at annonsør og sponsorar blei kontakta fleire gonger i løpet av ein kort periode for forskjellige formål. Me har tatt problemstillinga opp i styret og vil koma tilbake med forslag til kjørereglar for
å unngå å
«trø ned dørane» hos bidragsytarane våre i framtida.
Tulipanaksjonen; Sist laurdag stilte ein stor del av klubbmedlemmene på stand for å «gje bort» tulipanar.
14 kassar med 25 bukettar kvar blei omsett i løpet av 2-3 timar, flott levert. Midlane som blei samla inn går
også i år til styrking av LIONS tulipanfond og Mitt Val.
Til distriktsmøte 18. april møtte VP Astrid, Kjell Fr og underteikna. Kjell blei valt til VDG II, dvs. han
blir påtroppande Distrikts Guvernør om to år, me gratulerer. Distriktsmøtet var elles prega
av samanslåing med Rogaland og Vest Agder til nytt «stordistrikt» frå 1. juli. Organisatorisk må ein god
del samordningar som lovverk, distriktsaktivitetar etc. på plass, og neste års distrikts- møte blir nok i så
måte spennande.
Medlemsmøte 5. Mai; Denne gongen vert det sonemøte, soneleiar vil setja fokus på sonearbeid og felles
prosjekt i sonen. Medlemmer frå Kvinnherad og Halsnøy er også invitert. Elles kan me sjå fram til oppsummering og tilbakemeldingar frå prosjektleiarar for avslutta og pågåande aktivitetar.
Beste Lionshelsing
frå President Terje
LC Stord Fitjar
Innkalling til medlemsmøte 5. mai 2015
Møtestad og tid:
Fylkesnes Bil , kl 19.00
Velkommen
Lions etiske norm
Sonemøte med deltakarar frå LC Kvinnherad og Halsnøy og LC Stord Fitjar
v / soneleiar Agnar Melkersen
Ref. separat innkalling.
Sakliste:
Sak 040/14-15
Sak 041/14-15
Sak 042/14-15
Eventuelt
TETOR: 2015-04-22
Godkjenning av innkalling og referat frå forrige medlemsmøte
Aktivitetsleiar orienterar v/ Svein
Løvinne for ein kveld, kort oppsummering
Annonseavis , kort oppsummering
Tulipanaksjon , kort oppsummering
Comalapa kvinneprosjekt v/IRC Helge – Håkon Frode
Innkalling til sonemøte
Tid: Tirsdag 5.mai 2015 kl.19.00.
Sted: Fylkesnes Bil, Heiane Stord.
Saksliste:
-Oppsummering fra forrige møte.
-Soneprosjekt.
-DM. 2015.
-Tulipanaksjonen.
-Ass soneleder.
Husnes, 16.4.2015
Med hilsen
Agnar Melkersen
Soneleder
Referat styremøte – LC Stord Fitjar
Tysdag 14 april 2015
Tilstades : Terje Torget, Helge Sagvåg, Pål Helland, Kjell Framnes, Svein Hatlevik, Margit
Tveito, Magne Jostein Mikkelson (sak 58) og Håkon Frode Særsten (sak 59).
Sak 055/14-15 Godkjenning av innkalling og referat frå siste styremøte.
Ingen merknader.
Sak 056/14-15 Clubmaster / Sosialkomite: planar framover
Evaluering av siste medlemsmøte : reaksjon på på informasjon frå DG om saka Mitt
val blir formidla vidare av Kjell F.
Sonemøte neste møte, medlemmar frå Halsnøy og Kvinnherad
Sak 057/14-15 Tilbakemelding / status: Aktivitetsleiar, kasserar, medlemsansvarleg , og andre;
Aktivitesleiar : Tulipanaksjonen er i gode hender. Øyvind har kontroll
Ungdomsgruppa er i ro nett no, medlemmane har mykje å gjera med kjolefesten.
Løvinnekvelden har i tillegg til kjolesal, både loddsal og kunstauksjon. Mat er det mykje av.
12-14 menn kjem på torsdag, om lag like mange fredag.
Framleis ikkje noko nytt om Sonjas kvile.
Helsesportveka i Tana søknadsfrist 1.mai og Camp Fjalir søknadsfrist 30 april, har me
kandidatar, ungdomsgruppa er på ballen.
Kasserar Pål orienterte styret om den økonomiske statusen, god , i tråd med budsjett .
Rekruttering: 10 nye i dette fiskalåret. Me må få dei nye i aktivitet før me tek inn fleire.
IRC : I gruppa er ulike område ansvar fordelt Brønnboring, julekaravanen Me må ikkje ta på
oss for mykje. Utfordring for å få plassert dette på aktivitetskalendaren. Julekaravanen er
eit distriktsprosjekt.
Sak 058/14-15 Annonseavis / annonsesal - v/ Magne Jostein
Annonseavis: Inntrykk av at mange aktivitetar kjem oppå kvarandre. Merkar det på salet.
Avisa har godt ry i Stordsamfunnet og kjem saman med tulipanaksjonen som ligg fast til siste
helga i april. Styret må ta opp som sak at me har fleire aktivitetar samtidig. Må neste år ha
kontroll med aktivitetskalenderen. Forarbeidet vårt må verta betre. Avisa skal i trykken neste
tysdag. (21.). 11 sider med annonsar, i fjor hadde me 16, 5 sider. Ambisjonane var å få til ei
større avisa.
Annonseavisa er tradisjon, og tidspunktet for den og tulipanaksjonen må haldast slik det
har vore. Må drøfta om å utsetja Løvinnekvelden til hausten neste gong. Annonseavisa er
og eit informasjonsorgan for Lions. Dette må og takast opp til drøfting i klubben. Dette må
me ta stilling til i dette fiskalåret. Det vert oppsummering etter at Løvinnekvelden er
gjennomført.
Kan me få til at Magne Jostein har ein assistent/ nokon til å overta.
Sak 059/14-15 Kvinneprosjekt Comalapa v / IRC + Håkon Frode
Han har ikkje oppnådd kontakt med Lionsklubbane i nærleiken av Comalapa enda. Han har
snakka med dei tre som han nemnde på medlemsmøte. Konto med pengar, medfører
registrering av dei første kvinnene. Lønn til advokaten, Håkon Frode kjem med framlegg om
1000 Nkr. Advokaten betalar rekningane til kommunen. Ho har kontroll med økonomien.
Kvitteringar må synast for det som vert gjort. Avtalen som vert gjort må signerast og me må
få oversikt. To omgangar: 30000kr kvar omgang. Lions klubb i området har ein kontrollrolle..
Lions i området informerer og får fram at det er Lions som står bak. Avtalen som vert gjort
må handsamast i styret.
Sak 060/14-15 Strategi oppdatering / mål 2015-16
Me må oppdatera Strategiplan-dokumentet. Ny president, past president m. f.l må sjå på det
før det vert lagt fram . Det er viktig å ha med nokon av dei nye. Astrid, Ole Arthur, Svein,
Helge og Terje vert sett på saka. Leggja fram på neste styremøte. Treårsplanar er føreslått.
Sak 061/14-15 Innkomen post, søknader og anna «nytt»;
Klubb vimpel bestilling: Pris på 50 stykke 15650 kr utan mva,av desse 20 med
tverrstong. Me finansierer 40% frå klubbkassen , tar 60 % frå aktivitetskassen
Stord Revmatikarlag: Søknad om støtte Me ser på dette som ei kommunal oppgåve.
Distriktmøte 17. april, Tråastølen: Er fullfinansiert. 100 kr per medlem for drift av
Tråastølen.
Flybillettar 2000 kr frå aktivitetskasse , framlegg om å ta resten frå klubbkassen 3987
kr. Styret vil be om prosjektrekneskap frå Emausprosjektet til vurdering og revisjon
Tulipanprisen: Kandidaten vår nådde ikkje opp.
Me vurderte kandidatar som me kan å dela ut ein Melvin Jones til ein av
medlemmane. Vert belasta aktivitetsmidlane.
Sak 062/14-15 Eventuelt v/ Pål
Barnehjelpen med Hystad skule. Mt Meru Arusha Lions klubb,.Pål fortalde om deira prosjekt.
Dei tre hundre dollar frå LC Stord Fitjar som vart overlevert under besøket var dedikert
barnehjelpprosjekt og godt mottekne. Gode kontaktar etablert slik at ein kan sikra at
midlane kjem fram dit dei skal, og vert brukt slik det er meint.
MJ 2015-04-14
LC Stord Fitjar
Referat frå medlemsmøte 7 April 2015
Sak 034/14-15
Godkjenning av innkalling og referat frå siste medlemsmøte
Ingen merknader.
Sak 035/14-15
Distrikt Guvernør MD104D Per Olav Ulberget har ordet
DG presenterte seg sjølv. Han fortalte om Røde fjær aksjonen. Informerte om det nye distriktet .
Treng gode soneleiarar for distrikta vert så store. 7 distrikt totalt. 104 E6 vert det nye namnet på vårt
distrikt. Informerte om den økonomiske stoda i Det er mitt val, og at det er no stifta nytt styre i Det
er mitt val.
Sak 036/14-15
Opptak nye medlemmer
Terje Torget var fadder for Bjørg Tislevoll.
Sak 037/14-15
Aktivitetsleiar orienterar v/ Svein
Sonjas kvile, vart teke av « Nina». Lars Mugaas gjer framlegg om at det ikkje skal byggjast opp
att med hytte, men berre som ein rasteplass. Aktivitetsleiar i kontakt med Stord Kommune
om saka.
Løvinne for ein kveld v/ Vibecke
Har att 60 billettar att . Me dekker til 300 menneske. Det er 21 utstillarar og mange
sponsorar, . Omsetjing så langt på 177 000 kr kan ved sal av resten av billettane gi oss inntekt
på 198000 kr før arrangementet. Ordføraren opnar festen og Åge Stokken vert konferansier.
Gyri syner ein presentasjon frå Spania prosjektet Emaus borna i Comarsal
Annonseavis v/ Svein
Har selt annonsar på mellom 10 og 12 sider, noko mindre enn i fjor. Ole Arthur og Svein trør
til for å få med fleire dei neste par dagane. I redaksjonen er Jon Thorleiv og Lars som før.
Viktig at me får med stoff frå eigne aktivitetar, t.d. Ungdomsgruppa sitt arbeid og Løvinna for
ein kveld
Tulipanaksjon v/ Øyvind
Auke med ein kasse i år. Vel møtt til alle som kan selja på sjølve dagen.
Comalapa prosjektet v/ Håkon Frode
Han fortel at han har sett saman ei gruppe som har med tre kvinner frå Comalapa. Ei av dei
er leiar for Kvinnekontoret i Comalapa kommune, ei er einaste medlem i kommunestyret og
den siste er advokat og får ein kontrollfunksjon i prosjektet. Han vonar at me får klarsignal
for prosjektet så snart råd er. Prosjektet er for å få registrera kvinner slik at dei får eit
personnummer. Dersom dei får personnummer kan dei delta i det offentlege liv.
Tek saka opp på neste styremøte. Styret får fullmakt frå medlemmane om å løyva 60 000kr
over to fiskalår. Denne summen kan gi 500 kvinner personnummer.
Sak 038/14-15
Val fiskalåret 2015-16 v/Helge
President : Astrid Kjellevoll Steinsland
Visepresident: Ole Arthur Vaage
Kasserar: Jarle Neset
Sekretær: Margit Olava Tveito
Prosjektkoordinator : Svein Hatlevik
Medlems rekruttering GMT : Kjell Fylkesnes
Club Master: Anne Britt Melkevik Dahle
Past President : Terje Torget
Revisor : Terje Aase
Sak 039/14-15
Klubb vimpel v/ Ole Arthur
Viste vimpelen slik han er vorten etter fornyinga, med ny logo og nye fontar. Fladmark har godkjent
at me fornya vimpelen. Teksten er omsett til nynorsk, og me ønskjer at den skal verta trykt på
baksida av vimpelen. Framlegg om å gi eit eksemplar av den nye vimpelen til Fladmark.
Eventuelt
Lions Haugesund i samarbeid med Norsk Narkotikapolitiforening Haugaland, starta i 2006
prosjektet «Bry deg uteliv». Ønskjer no å få med politiet på Stord, og eit samarbeid med
Lions klubben vår. Det er på trappene med eit samarbeid med Lions nasjonalt i følgje DG
Ulberget.
Medlemsmøtet støtta igangsetjing av tiltaket, der klubben ma. må bidra med innkjøp av ein
del materiell til utestadar i vårt område (med LIONS logo).
MT: 2015-04-07
Ungdomsgruppa på segltur, onsdag 29. april
Johanne T. Malme skriv på facebook:
”Ja, då ha ungdommane og oss litt eldre i ungdomsgruppa vore på segltur med regatta og mat på
China house. Flott ettermiddag og kveld. Flott på sjøen, og me vart ikkje sjøsjuke. Mange
”styremenn” i aksjon.
God stemning under maten, og alle fekk mat etter eige ønske/behov. Flott gjeng.
Me har det kjekt.”
Det viser bileta og.
Betre ver til å introdusera segling på, kunne ein neppe få,
Tulipanaksjonen 2015
Tulipanaksjonen 2015 blei ein suksess får me seia. For dei som hadde stasjon ute, var det surt og
litt hustre ver. Likevel selde dei unna det dei hadde, unnateke ei øskje, og det var i Sagvåg. Der
kom eit politisk parti og stillte seg opp 4 m frå Lions sin stand og delte ut gratis roser. Det vart ein
dårleg kombinasjon, men det blei ei kjærkommen gåve til dei gamle på Pleieheimen.
Prosjektleiaren skriv i sin rapport følgjande:
Det kom inn kr 24399 fra Sagvåg ,Torget , Amfisenteret ,Heiane og Haga mat
1 kasse tulipaner blei ikke solgt så de blei gitt i gave fra klubben til Gamleheimen
I tillegg blei det solgt i Fitjar som Rappi sender inn kr 3800 ?og i Bømlo kr 5000 som du sikkert
har sendt fakt på
Til sammen skulle dette bli kr 33199
Med venleg helsing
Øyvind Jørgensen
Dette er det einaste bilete LØVO har tilgjengeleg frå Tulipansalet, men til gjengjeld, flott
Medlemsmøte i LC Alfaz del Pi
LC Stord Fitjar har dei siste åra hatt
samarbeid med LC Alfaz i samband
med hjelpearbeidet til EMAUS.
Torsdag 9 april fekk Kjell Fylkesnes
og John Torleiv Nesse høve til å delta på medlemsmøtet til LC Alfaz.
Klubben er liten med berre 9 medlemmer og på møtet kom 7 av desse.
Møtet var svært så internasjonalt,
Conchita og Aurelio frå Spania,
Jeanne frå Frankrike, Pieter og Nico
frå Nederland, Bernie frå Belgia og
Reidar frå Norge. Språket på møtet
skulle være, og var, spansk, men
blanda med engelsk, norsk og nederlandsk.
Møtet starta med ein sosial del, 30
min i kafeen i Casa de Cultura med
ulike forfriskningar, før møtet starta Intens gjennomgåing av ei viktig sak.
i eit møterom i same bygget.
Ved møtestart måtte me skrive oss inn i gjesteboka. Der såg me at klubben hadde hatt gjester frå mellom
anna Odda og Voss. Møtet vart opna av President Jeanne, og gjennomført godt assistert av sekretær og ektemann Aurelio som og er soneleiar.
Klubben skulle som alle klubbar halde val, og
med så få medlemmer så gjekk valet ut på å
diskutere kva rolle den enkelte skulle ha då
alle må ha minst eit verv. På grunn av besøket
så kom det forslag om å utsetje
«valdiskusjonen» og gå vidare med dei andre
sakene. Og for ei sak den første var. Den vesle
klubben i Alfaz var no fadderklubb for ein
lionsklubb i Valencia, Spanias tredje største
by. Charterfest med 19 medlemmer skulle haldast 25 april og planen er å ha buss frå Alicante som skulle plukke opp Lions fleire stader på
vegen mot Valencia. Stor oppgåve for liten
klubb.
Av aktivitetar som klubben held på med kan
nemnast støtte til blindehundar og Lions Recycle for Sight, eit prosjekt kor gamle/brukte
Frå v. SoneleiarAurelio Herrera Hornillo, Peter G de Lint, og
briller vert samla inn, registrert med styrke etc,
president JeanneBonnefoi ( gift med Aurelio)
reinsa og sende til fattige i den tredje verda.
Fleire av medlemmene er ein gong i veka med på dette i Alicante der brillearbeidet blir organisert. I dei
siste åra med dårlege tider i Spania er det blitt manko på brukte briller i landet. Det har ført til at dei no får
brukte briller frå andre land i Europa til arbeidet sitt.
Kvar haust arrangerer klubben flamenco kveld i Casa de Cultura i Alfaz del Pi. Kvelden er ei av dei få inntektskjeldene klubben har og er godt kjent mellom dei mange nordmenn som bur i området. I år er datoen
28. november og lokalet er bestilt.
30.april til 3.mai er det riksmøte, Conventiòn Nacional, i Sevilla. Der skal Alfaz-klubben være representert.
Club de Leones de Sevilla har 50-års jubileum i år og er ein særs populær klubb med 100 medlemmer. Dei
har bestemt seg for ikkje å være fleire og det står folk på venteliste for å bli medlem.
Siste post på medlemsmøtet var samarbeidet med LC Stord Fitjar om PC-ar til borna på Comarcal, EMAUS
barneheimen. Gyri hadde nyleg vore på besøk og diskutert omfang og innhald med barneheimen og klubben, og klubben hadde henta inn fleire tilbod. I tidlegare dialog med Reidar var me blitt einige om at LC
Alfaz skal eige maskinane og låne dei ut til borna ved Comarcal. Dette for å sikre at maskinane er til borna
og ikkje blir omdisponert til anna bruk ved EMAUS. Både PC’ar, printer og anna nødvendig installasjonsarbeid skal kostast av LC Stord Fitjar ved EMAUS gruppa. Aurelio hadde alt laga utkast til avtale om dette
og denne vart gjennomgått på møtet. Det vart og avtala møte på Comarcal dagen etter for gjennomgang
med beste tilbod og detaljar om installasjon og sikring av utstyr.
LC Alfaz er ein liten klubb med stort engasjement og dugnadsiver. I Spania er det vanskeleg å skaffe pengar gjennom innsamlingar eller aktivitetar slik at mykje av lionsarbeidet er aktiv innsats. Den omsetninga LC
Alfaz har pga EMAUS støtta frå Stord som går via klubben gjer at klubben blir lagt merke til.
John T.
LC Stord Fitjar
Nye tillitsvalde i LC Stord Fitjar.
Valnemda i LC Stord Fitjar la fram følgjande forslag til tillitsvalde for
fiskalåret 2015 – 2016, og utfallet av valet vart etter innstillinga.
Tillitsverv
Forslag 15-16
Merknader
President
Visepresident
Kasserar
Astrid Kjellevoll Steinsland
Ole Arthur Vaage
Jarle Neset
Vald
Vald
Vald
Sekretær
Prosjektkoordinator
Medl. RekrutteringGMT
Club Master
Past President
Revisor
Margit O. Tveito
Svein Hatlevik
Kjell Fylkesnes,
Vald
Vald
Vald for 3 år
Anne Britt Melkevik Dahle
Terje Torget
Terje Aase
Leiar for sosialkom. Vald
Vald
C-IRK/IPP - Lions Club Stord Fitjar – Org. Nr. 987 652 551
Lions Club Klubbnavn. E-post: test.prø[email protected]. Hjemmeside: www.lions.no/klubbnavn
Dyråsen 7 D, 5410 Sagvåg – mobil 952 34 477 e-mail: [email protected]
LIONS CLUB STORD FITJAR
MOTTO: TIL TENSETE
Klubbstyret 2014 –2015
President: Terje Torget
Adresse: Kvarven 25 5423 BRANDASUND
Telefon: Priv.:. Mob.: 48070902
V.president: Astrid Kjellevold Steinsland
Adresse: Tyselio 12 .
5416 STORD
Telefon. Priv.: 53410481 Mob.:45289928
Kasserer: Pål Helland
Adresse: Hystadvegen 34
Telefon: Mob.: 97016705
5416 STORD
Sekretær : Margit Tveito
Adresse: Gullbergvegen 5,
Telefon: Mob.: 41267439
5411 STORD
Clubmaster : Aage Madtsen
Adresse:Løkjabrotet 49,
5412 STORD
Telefon: Mob.: 90104837
Past President: Helge M Sagvåg
Adresse Dyråsen 7 D
5410 SAGVÅG
Telefon: Mob.:95234477
Aktivivtetsleiar: Svein Hatlevik
Adresse: Postboks 79
5401 STORD
Telefon: Mob.: 95251100
Medlemsk.: Kjell Framnes
Adresse: Hystadvegen 118
5416 STORD
Telefon: Priv.: 53416216 Mob.: 95222105
I REDAKSJONEN FOR LØVO
Vi gratulerer
Ole Johnny Almås
Terje Eriksen
Anne Britt Melkevik Dahle
Terje Aase
Pål Helland
Jan Richard Dyrseth
14.05.87
19.05.52
19.05.63
24.05.46
27.05.71
29.05.69
Frå redaktøren !
Då er også den 25. Annonseavisa også kalla Lionsavisa kommen ut.
Me hadde store ambisjonar om å få ut ei avis 28 sider i motsetnad til tidlegare år, 24 sider. Me måtte gå ned til 20 sider.
Likevel syner Avisa i seg sjølv mykje av det me gjer og står for
i LC Stord Fitjar.
Alle dei andre aktivitetane som har vore avvikla i vår, ser ut
til å ha vore svært vellukka.
Ein ekstra honnør til Ungdomsgruppa som jobbar kontinuerleg med sitt prosjekt. Sjå kva desse ungdommane får oppleva
og vera med på. Truleg ingen av dei hadde vore i seglbåt før,
og i det veret. Gratulera de som stadig står på her, ein uvurderleg jobb.
Då er det mai månad. Bløminga er i gong og nye fargar kjem
fram. Ei umåteleg fin tid. Nyt ho for det går så skremande
fort i alle høve for oss pensjonistar.
Lars
Redaktør: John Torleiv Nesse,
Adresse: Åsringen 25 5400 STORD
Telefon Priv. 53415420 Mob.90790281
Redaktør: Lars Mugaas,
Adresse: Hystadvegen 114, 5416 STORD
Telefon: Priv. 53410352 Mob: 91516834
Web-redaktør:Sigurd Johan Underhaug
Adresse: Varhaugsvegen, 5419 FITJAR
Telefon: Priv. 53497191 Mob: 99583272
Har du ljose idear. Kom med dei