Kjartan Fløgstad

BORA I DJUPE LAG
Rapport frå Oljå
Om det står skrive i Bibelen, er eg ikkje sikker på. Det står i alle fall
ikkje i det Nye testamentet, og sikker kjeldetilvising har eg ikkje. Men
det heiter seg i alle fall at det var Regnkysten på den skandinaviske
halvøya Vårherre såg ut over då han hadde skapt jorda, og la til at dit
ned må eg senda folk som har eit ekstra gen.
Og kva slags særleg genmateriale skulle så det vera?
Jo, eit gen som får folk til å tenka at Arbeid er gildt!
Og: Du skal halda arbeidsdagen heilag!
Om desse gudsorda særleg handlar om Jæren, trur eg at det like
mykje gjeld synet på arbeid over heile Vestlandet.
”Folk jobber jo hele tida her!” er ein observasjon mange tilreisande
gjer seg, når dei blir kjende i denne delen av landet. Det er denne
arbeidsmoralen som er uttrykt i det velkjende, og sjølvbevisste
ordtaket:
Kom igjen karar, lat oss bera steidn mens me kviler.
”Det er ikkje heilt halvgale”, seier dei i Ryfylke, når dei meiner at
noko er fantastisk og utruleg bra.
Den som kjem hit, må altså læra seg rytmen og lakonien i
daglegtalen, særleg læra å forstå seg på på kunsten å underdriva på
den rette måten.
Det er som kjent når det er løye med det, at det er løye med det.
I motsetning til kva mange trur og seier, var Norge blant dei rikaste
landa i verda, målt som nasjonalprodukt per innbyggar, før
oljeproduksjonen starta i Nordsjøen. I 1970 låg landet høgare enn
Tyskland og Storbritannia, på same nivå som Sverige, Danmark,
Nederland og Canada, men lågare enn dei to rikaste landa i verda, som
då var USA og Sveits. På den tida var Norge prega av høg sysselsetting
og eit høgt offentleg forbruk som skapte likskap, når det blei brukt til
utbygging av skular og helsetenester for alle.
Rikdommen i 1970 kom ikkje minst frå smelteverksindustrien og
den billige vasskrafta på den norske Regnkysten. Den kom òg av at
store delar av folket godtok lågt personleg forbruk gjennom smålåtne
lønnskrav og høge skattar, i vissa om at arbeidsgivarar og
styresmakter ville bruka dei skapte verdiane til felles beste. Dei
forsiktige lønskrava bygde på eit uutalt klasseforlik, etablert politisk i
etterkrigstida som sosialdemokratisk nasjonsbygging. Systemet var
ikkje perfekt. Det bygde på tileigning av andre sitt arbeid, og på at dei
som hadde minst, ytte mest. Det er også ei kjennsgjerning at dei som
tenar best, brukar velferdsstaten mest, til dømes til utdanning.
Trass i desse klåre veikskapane låg kjeldene for rikdommen og
grunnlaget for velferda i 1970 i hovudsak innanfor ei nasjonalstatleg
ramme. I prinsippet kunne klasseforliket seiast opp eller reviderast
gjennom val, streiker og protestaksjonar. Dette gav rikdommen ein
legitimitet oljepengane manglar. Dei som har skapt rikdommen
oljepengane representerer, stemmer ikkje ved norske val, er ikkje
sysselsette av norsk kapital i Norge.
Litterært sett er grunnstrukturen i oljeeventyret ei fortelling
henta frå Tusen og ei natt, med den forskjellen at Ali Baba og dei 40
røvarane har blitt til Ali Baba og the Seven Sisters, der dei sju
søstrene har hatt mange namn opp gjennom åra, og i dag heiter Exxon
Mobil, Chevron, ConocoPhillips. Shell, BP. Total og ENI, for ikkje å
nemna den norske veslesøstera deira.
Tidleg ut på 1960-talet, ti år etter dei olympiske vinterleikane i
Oslo, vende Edwin Van den Bank i det amerikanske oljeselskapet
Phillips seg til Trygve Lie og tilbaud 160 000 dollar i månaden for å få
eineretten til å leita etter olje og gass i den delen av Nordsjøen som
etter Genèvekonvensjonen av 1958 ville falla på Norge. Regjeringa
hadde gitt Trygve Lie permisjon frå stillinga som fylkesmann i Oslo og
Akershus i 1959 og plassert han på eit kontor i
Industridepartementet. Oppdraget til den tidlegare
generalsekretæren i FN var å trekka utanlandske investeringar til
landet.
Regjeringa tolka brevet frå Phillips som eit forsøk på å sikra
amerikanarane eksklusive rettar på norsk kontinentalsokkel. Funnet
av store gassfelt i Nederland i 1959 hadde fått den amerikanske
oljedirektøren til å tru at dei petroleumsførande bergartane heldt
fram ut i Nordsjøen. Norges geologiske undersøkelser blei bedne om å
uttala seg, og kom med det berømte svaret at det var utelukka at det
kunne finnast olje og gass under havbotnen utanfor vestkysten av
Norge.
Tilbodet frå Phillips blei likevel avslått. I staden blei det rigga opp
eit lovverk som skulle sikra den norske staten kontroll med eventuell
olje- og gassutvinning.
Første konsesjonsrunde blei utlyst i april 1965, og seinare same
året blei 22 leite- og utvinningslisensar utdelte. Tildelingane skjedde
ved at fleire selskap fekk ulike eigardelar i same lisens, og at
styresmaktene peika ut eitt av selskapa som operatør. Utgifter og
inntekter blei fordelte selskapa imellom etter eigardel. Det første
leiteholet blei bora sommaren 1966, men først i 1969 sette boreriggen
Ocean Viking, hyra av Phillips, borekrona i ein kolonne på 300 meter
lett svovelfri olje så å seia midt i eit oljetørst Europa.
I Bartlesville i Oklahoma, der selskapet hadde hovudkontoret sitt,
spratt champagnekorkane i taket. The Times i London melde om
”momentous news”, det første oljefunnet i Vest-Europa ville i årevis
gjera regionen mindre avhengig av olje frå Midt-Austen. Det skulle
visa seg at Norge hadde vore heldig med forhandlingane om delelinje,
basert på midtlinjeprinsippet, samanlikna med Danmark og
Storbritannia. Dei gigantiske oljefelta Ekofisk og 85 prosent av
Statfjord hamna på norsk side. Då prøveproduksjonen frå Ekofisk tok
til i 1971, var prisen på lett olje frå Libya 3,5 USD per fat, då Statfjord
blei funne i 1974, var oljeprisen 12 USD per fat.
Med oppdaginga av gassfelta i Nederland blei det straks spørsmål
om kven som eigde ressursane. Styresmaktene der fann ei lov frå
Napoleons-tida som slo fast at det som låg djupt nok under bakken,
var staten sin eigedom. I Norge var det ingen diskusjon om
eigedomsretten. I mai 1963 hadde regjeringa proklamert norsk
suverenitet over kontinentalsokkelen og vedtok samtidig ei lov om at
staten var grunneigar.
Vel var Norge eitt av verdas rikaste land også før 1970. På den
snart halve hundreåret som har gått sidan den gong, har Oljå likevel
skapt eit nytt samfunn, ikkje minst synleg på Sør-Vestlandet. Då eg
flytta frå Sauda i 1964, var den typiske fritidshytta i Ryfylke eit
gammalt stølshus, eller ei fjellhytte slått saman av tyske
brakkematerialar frå krigstida. Ti år seinare hadde hyttenaboen eige
hus nede i byen. Ti år deretter kom hytte ved sjøen, for eksempel i
Vindafjorden, der strandloven får sova ekstra søtt og uforstyrra i den
nederste kontorsskuffa til fylkesmannen. Ti år deretter blei den gamle
fjellhytta riven og erstatta av eit moderne fritidshus i fjellet, med
golfbaneplen og alle bekvemmeligheter. Og vel så det. Endå ti år
seinare blei denne bustandarden komplettert med ei enkel leilighet
på Miami Beach eller Fort Lauderdale i Florida, eller til nød ein ny
time-share på den tyrkiske middelhavskysten.
Då er vi straks i våre dagar, før oljeprisen fall under seksti dollar
fatet. Og eg gjentar, dei som får til dette, er vanlege folk som likar å
arbeida, og stort sett arbeider heile tida, og ber steidn når dei kviler.
I ei bok frå 1980-talet kalla den tyske forfattaren Hans-Magnus
Enzensberger Norge for ei blanding av fortidsmuseum og
framtidslaboratorium. Det trur eg framleis er ein treffande
beskrivelse, og at den er særleg treffande på Sørvestlandet.
Det gode liv, og den perfekt yrkeskombinasjonen i Olje-Norge må
vera å gå 12-12 på plattform i Nordsjøen, to på og fem av offshore i
Oljå, og ha eit lite gardsbruk å ta seg av i fritida på landjorda.
Spissteknolog og primitiv gardbrukar på same tid. Slik har
oljeturnusen vore med på å halda oppe den spreidde busettinga, og ta
heile Norge i bruk. Når eg ser for meg den typiske vestlendingen av i
dag, så går han den eine dagen og slår fjellgras med stuttorv eller ber
steidn oppe under Vondversnuten. Neste morgon står han eller ho i
kontordress på Sola, på veg til oljemessa i Houston, Texas, eller Baku i
Aserbadjan for å bora i vinkel etter olje og gass på botnen av
Kaspihavet.
Den nye mobiliteten pregar også den gamle tungindustrien. I dag
kan den elektriske krafta som ein gong skapte grunnlag for samfunn
som Odda og Sunndalsøra, fraktast langt bort med monstermaster og
gi større utbyte i oljeproduksjonen til havs, og som salsvare på den
europeiske spotmarknaden, enn den gir bunden opp i
langtidskontraktar med gamle metallsmelteverk. Nordsjøflammane
over oljeinstallasjonane ute i havet tende også eit blått lys for
fastlandsindustrien. Når valet for ein faglært røyrleggar står mellom å
gå rundskift på smelteverket eller å vera oljearbeidar i Nordsjøen med
dobbel lønn og halv arbeidstid, er valet enkelt. Sakte, men sikkert
nærmar den gamle tungindustrien seg UNESCOs verdsarvliste, medan
det nye Norge har sust inn i oljeøkonomien på første klasse. I resten av
Europa har krisa i 2008 gått over i resesjon og i stadig djupare sosiale
krisetilstandar. Frå 1990 åra av prega oljerikdommen Norge i større
og større kontrast til resten av Europa.
I det store bildet har det paradoksalt blitt slik at det som blir kalla
vestlege industriland eller utvikla industriland, ikkje lenger er
industriland. For Vesten, Norge og Vestlandet i Norge er denne
avindustrialiseringa gull verd. Vi sel dei strategiske produkta våre
dyrt, og kjøper forbruksvarene til utviklingslanda billig tilbake. I dette
bildet har den europeiske arbeidaren dratt til dei evige jaktmarknader (som det vel heiter i dag), medan industrien er eksportert
dit pepparen gror (China, Brasil, Indonesia), og der pepparen gror blir
forbruksvarene våre produserte i sweatshops under vilkår som liknar
industriens barndom i Vest-Europa, før fagorganisering og sosialisme
fekk sivilisert kapitalismen.
Så lenge det varer.
Også Norge er ein del av dette store bildet, men det er eit bilde
med sterke regionale særtrekk. I dei gode gamle dagar var skiljet
mellom Aust og Vest motsetninga mellom Tømmer-Norge og Fiske-
Norge. Medan Austlandet, hovudstaden ikkje minst, har blitt
avindustrialisert, har den olje- og gassdrivne nyindustrialiseringa av
Vestlandet halde ved lag gamle skilnader mellom landsdelane.
Næringslivet på Vestlandet er framleis knytt til ressurssar i havet,
oppdrett, villfisk, olje og gass. Den norske Regnkysten er dessutan
velsigna med størstedelen av den vasskraftbaserte el-produksjonen i
landet, og vil nyta godt av klimaendringar som har ført til meir
nedbør.
Av og til er folkeleg visdom sterkare enn summen av politisk,
medial og finansiell makt. Det Norge som sa Nei til EF i 1972 og igjen
til EU i 1994, var ikkje, som det altfor ofte blir sagt, eit
råvareeksporterande land. Alle som har vore i Nordsjøen, på Kårstø
eller inne på eit smelteverk veit at olje, gass, aluminium og
metallegeringar er raffinerte halvfabrikat, framstilt av tiltaksomme og
kvalifiserte fagfolk. Strategiske naturessurssar, historisk flaks,
politisk klokskap gjer at etter utbrotet av finanskrisa i 2008 har Norge
fortont seg som ei oljeglinsande øy av velstand i eit stadig djupare hav
av europeisk fattigdom. Særleg bibelbeltet langs kysten blei prega av
av ny rikdom, og vilje til å vera på Fremskritts-parti med framtida. Der
hadde dei i alle år sett si lit til Gud, og har nå fått si rikelege løn av
Mammon.
Etter år 2000 pregar den private rikdommen heile det norske
samfunnet, i kvass kontrast til resten av Europa. Kven kunne, til
dømes i 1972 eller i 1994, sett for seg at EU-borgarar i store flokkar
skulle rømma nordover frå Unionen og søka økonomisk asyl i
utanforlandet Norge?
Som de veit, i den avindustrialiserte hovudstaden vår er det
mange tunge meiningsberarar som er tungt fortørna over at dei stadig
må subsidiera den kostbare metallsmeltinga, fiskeoppdrettet og oljeog gasspumpinga de får tura fram med her ute i dei såkalla
Distriktene.
Sidan eg sjølv har flytta frå ein einsidig industristad djupt inne i
ein fjordbotn på Vestlandet, til ein like einsidig kultur-industristad
djupt inne i ein fjordbotn på Austlandet, kan eg melda at sjølv om Oslo
har gitt frå seg industrien, vil byen framleis vera massemedialt
sentrum og hovudsete for det vi kan kalla det sportsindustrielle
komplekset. Her kan vi sjå for oss rike muligheter og sikre
arbeidsplassar over heile landet, når oljealderen går mot slutten.
Det nasjonale slagordet GULL TIL NORGE! gjeld ikkje berre det
svarte gullet under havbotnen på kontinentalsokkelen, men også
gullmedaljane frå meisterskapa i det kvite skisporet. Med håp om gull
i sporet har private fjernsynsselskap dei siste tiåra overtatt
senderettane til store sportsarrangement. Det har endra livet på
tribunane. Tilskodarane er ikkje lenger berre den kyndige
observerande kollektive fornuft, men eit avgjerande element i TVdramaturgien. Dei dyraste plassane ved målområdet blir kjøpte opp
av firma og enkeltpersonar frå næringslivet, men ingen sofaslitar
famlar etter fjernkontrollen for å sjå Kjell Inge Røkke i boblejakke og
Stein Erik Hagen i lodenfrakk og tyrolerhatt.
Utan folkelivet langs løypene er TV-overførte sportsarrangement
like engasjerande som skjematiske framstillingar av samansmeltinga
mellom egg- og sædceller. Heiagjengane rundt arenaene er
vikarierande tilskodarar og gjer det dei trur verkelege publikum ville
gjort, om dei sto langs løypene. Kommersielle TV-kanalar elskar
velkledde, friske, blonde, hujande norske kvinner og menn langs
skiløypene og i hoppbakkane, det gir høge sjåartal og
reklameinntekter.
Under slagordet Gull til Norge! er det rike muligheter for
omskolering og vidareutdanning av overtallige oljearbeidarar.
Høgskulane rundt i landet har ennå ikkje oppretta tilskoding som eiga
studieretning, men behovet for eit profesjonalisert publikum blir ein
nødvendig konsekvens av den televiserte showsporten.
Magistergradar i tilskodarvitskap, særemne om OL-floka, under
spesialpensum i skiskyting frå den nye tilskodarhøgskulen på
Beitostølen, med feiande titlar som Frå første ligg til siste stå, eller var
det tvert om Frå første stå til siste ligg, kvalifiserer for høge
komunikasjonsembete i statleg og privat sektor.
Særleg framtidsretta blir denne utdanninga, når politikaren i dag
blir ein figur som lirer av seg meir og meir upolitiske bodskapar,
klekka ut av profesjonelle retorikarar.
Bak kvar stortingsrepresentant ein personleg rådgivar, bak kvar
statsekretær ein upersonleg taleskrivar, bak kvar statsråd ein
spindoktor – med, bak kvar partileiar ein tenketank med tenketanter,
bak kvart politisk parti eit reklamebyrå. Politiske bodskapar har blitt
kommersiell kommunikasjon, og siste skanse for særinteresser er eit
Overhus til Stortinget med band både til dei folkevalde, til regjeringa,
det diplomatiske korps, til media og til kongehuset. Partnarane kallar
seg First og Last House og utgjer samla ei klasebombe mot
demokratiet.
Om ikkje i media og i sportsindustrien, så har både olje- og
gassverksemda, metallsmeltinga og oppdrettsnæringa tyngdepunktet
sitt på Vestlandet. Ikkje mange er sysselsette i oppdrettsnæringa,
berre vel 5000 personar, men ringverknadene er store. Det meste av
fisken går med kjøletrailerar til Europa, tidlegare til Russland, og
mange mindre spedisjonsfirma med langvarige kjørekontraktar lever
godt på denne trafikken. I den avindustrialiserte hovudstaden er det
mange i silkedress som blir fortørna, når det blir opna ein ny tunnel
eller bygd ei ny bru til ei øy i havgapet med 50 innbyggarar. Poenget
er at brua og tunellen ikkje går ut til dei femti menneska på øya, men
til dei 50 millionar fiskane som søm rundt i mærane og i sjøen
omkring. På 1850-talet blei ikkje hovudbanen frå Eidsvoll til
Christiania opna for å frakta romerikingar, men plank til byen. På
same vis dreiar tunnel- og brubygginga langs tynt busette kyststrøk i
dag seg ikkje om transport av flyttelasset til byen, men av
oppdrettsfisk og anna ut til dei store marknadene. Alternativet er at
torsk fiska i Barentshavet utanfor Finnmark straks blir djupfryst og
send tur-retur Kina for opptining, filetering og pakking. Siste reis for
fisken i havet er som båtpassasjer på havet. Etter denne
verdsomseilinga dukkar den foredla torsken opp i frysedisken på
samvirkelaget ved sida av det nedlagde fiskemottaket i Vardø. Ikkje
linefiske, men Linje-torsk, som i Linje-akevitt.
I dette innlegget har eg prøvd å bora i djupe lag, og funne gull både
i frysediskane, i skisporet og under havbotnen på
kontinentalsokkelen. Ut frå prøveboringa eg har utført, tyder alt på at
det er det svarte gullet som er hovuddrivkrafta bak det nye Norge.
Kva er så grunnen, kva er grunnen til den eventyrlege lønsemda i
petroleumssektoren?
Kostnadene ved utvinning utgjer berre ein ubetydeleg del av den
prisen oljen og gassen blir seld for. Mellom bedrifter som produserer
vanlege tenester, gjer konkurransen at prisen blir pressa ned mot
produksjonskostnadene. I utvinningssektoren ser det ikkje ut til at
det finst ein tilsvarande mekanisme. Oljen og gassen under havbotnen
er ikkje produsert, det er ein gitt ressurs underlagt eigedomsretten til
jord. Det finst ikkje fri tilgang på grunnstykke med olje og gass, slik
det gjer til spinnemaskinar og dreiebenkar, som er tilgjengelege på
marknaden i uavgrensa mengder. Oljeselskapa er skjerma frå
konkurransen dette skaper, noko som pressar prisen ned mot
utvinningskostnadene.
Etterspørselen etter olje og gass er enorm, desse energikjeldene er
heilt avgjerande for samferdsel, industri, tenesteytande næringar og
hushaldningane. Olje og gass er uunverlege produksjonsmiddel,
moderne samfunnsliv kan ennå ikkje eksistera utan desse
energiberarane. Olje er dessutan ei strategisk vare, det er ikkje mulig
å føra krig utan drivstoff til skip, fly, kjøretøy og rakettar.
Gjennom oljeprisen tileignar oljeselskapa seg verdiar som er
skapte i industri, tenesteyting og anna næringsverksemd. Før 1973
kunne dei sikra seg så å seia heile denne ekstraprofitten, eller
grunnrenta, frå petroleumsutvinning i Midtausten. I Norge må selskap
dela grunnrenta med staten. Dette skjer gjennom skattar, avgifter,
Statoil og det direkte økonomiske eigarskapet til staten.
I si tid blei Statoil oppretta for å danna motvekt til dei
internasjonale oljekonserna. Norske politikarar har sidan medvirka
til å gjera Statoil til eit selskap av det slaget styresmaktene helst ikkje
ville ha inn på norsk sokkel i 1965.
Oljepengane og pensjonsfondet blir ikkje forvalta etter ein meir
eller mindre uttalt avtale med dei som har skapt rikdommen, om at
desse verdiane også skal komma dei til gode. Heller ikkje på eit
uforpliktande ideologisk plan har norske politikarar uttalt noko som
kunne vore tolka i retning av at det var ein fordel om resten av verda
også kunna nyta godt av denne rikdommen. Det har aldri vore
meininga at desse verdiane skulle komma dei som har skapt dei, til
gode.
Monopolprisane på energivarer hemmar dessutan vekst og
utvikling, skaper fattigdom og elende andre stader, dei produserer
ulikskap. Av alle desse grunnane er det vanskeleg å argumentera for
at denne rikdommen er rettferdig.
Både rettferd og likskap har vore honnørord i norsk politikk.
Likevel har ingen norske parti invitert til ordskifte om legitimiteten til
oljerikdommen. Pressa drøftar ikkje om det er rettvist at verdiar som
ikkje berre, men i hovudsak er skapt i andre land, skal tårna seg opp i
Norge. Moralfilosofar, sosiologar, historikarar, økonomar eller
teologar har heller ikkje reist slike spørsmål. Norges Bank har
oppretta eit etisk råd som skal passa på at rikdommen blir investert
på ein moralsk forsvarleg måte. Ingen institusjon har oppretta eit
utval for å vurdera den moralske legitimiteten til oljerikdommen.
I skrivande stund i juli 2015 låg den norske oljeformuen og vakte
på rundt på 7 tusen 100 milliardar norske kroner.
Til samanlikning er den greske statsgjelda ved utgangen av tredje
kvartal i år på lusne 315 milliarder, euro, valutaen som erstatta
drakmene Platon og Aristoteles betalte med, når dei kjøpte eit glas
retsina for to-tre tusen år sidan. Halvparten av denne gjelda er
påtvungne militære utgifter gjennom NATO, der Norge er eit aktivt
medlem. I forhandlingane har Troikaen lagt ned strengt forbod mot at
Hellas reduserer statsutgiftene ved å få ned forsvarsbudsjettet, trass i
landet har fått innføra euroen som eit uslåeleg sosialt
”masseøydeleggingsvåpen.”
Eg seier ikkje meir.
Eg sluttar der, med ein tankestrek Den som snakkar for lenge,
kjem, som kjent, ofte til kort.
© Kjartan Fløgstad 2015
Delar av foredraget bygger på historieboka
Dovre faller. Norge 1814-2014
av Espen Søbye, Harald Berntsen, Kjartan Fløgstad og Jon Langdal,
Gyldendal norsk Forlag, Oslo 2014.