Dagen 8 januar 2015 - Norges fiskeri

Inspirasjon
16
Færre besøkte
Garborgsenteret
BRYNE: Garborgsenteret på Bryne
hadde ein liten nedgang i besøkstala
frå 2013 til 2014. Ei årsak til nedgangen kan vere at i 2013 var Garborgsenteret ute på rogalandsturneen
«Hip-hop og Garborg», medan turneen ikkje vart gjennomført i 2014,
skriv Jærbladet. Garborgsenteret er
ein nasjonal formidlingsarena som
har som mål å fremje interessa for
tankane og visjonane til Arne og Hulda Garborg.Det komande året har
senteret planar om å arbeide endå
meir for å nå ut til ferie- og fritidspublikummet. NPK
torsdag 08. januar 2015
Festspel med
Sibelius-heider
Les i MORGEN
Takksam for livet
19. desember 2013 døydde Lars
Kristian Kvåle av leukemi, 22
år gamal. Men før det lærte han
foreldra sine å takka for livet.
JUBILEUM: I år er det 150 år sidan
den finske komponisten Jean Sibelius blei født. Det blir mellom anna
markert under dei 51. Festspillene i
Nord-Norge i Harstad i juni. I høve
jubileet har festspeldirektør Tone
Winje invitert tre finske utøvarar
av ypparste merke. Sopranen Tuuli
Takala blei utnemnt til finsk «Young
Musician of the year 2014», og skal
vere solist under opningskonserten 20. juni med Nordnorsk Opera
og Symfoniorkester, der det blir
mykje musikk av den finske komponisten Jean Sibelius. NPK
Kysthistorie: Noreg er eit kystland og eit
havland. Andletet er vendt mot sjøen, mot båten
og fisken – og den siste generasjonen mot
olja og gassen.
Historia om
kystlandet
Noreg
anmeldt bokverk
Norges fiskeri- og
kysthistorie
Fagbokforlaget 2014
Det er langt fleire naust enn stabbur her i landet, det er slitne langt
fleire oljehyrer på sjøen enn bunader i dalane, og det er langt fleire
båtar enn fjellsætrar. Folket kom
til kysten og busette seg der, men
kysten har endra seg gjennom istid og varmare tider. Golfstraumen har gjort det mogleg å bu og
livnæra seg langs heile kystlina.
Særprega kyst
Vi har verdas lengste og mest særprega kyst, i alle fall om vi tenkjer
ut frå flateareal og folketal. Frå
svenskegrensa til russergrensa er
det over 3000 kilometer, og måler vi strenda langs alle fjordar,
bukter, øyar og holmar, passerer
vi 100.000 kilometer. Kysten og
fisken, skjærgarden og fiskegrunnane er Skaparens gåver til folket i dette landet langt mot nord.
Kysten har gjev gode plassar å bu.
Fisken har gjeve mat på bordet og
eksport til utlandet, og det langt
meir enn noko anna næring like til
vår tid. Olja gjev no rett nok meir
pengar, men også henne hentar vi
frå havet, eller rettare frå havbotnen. Det er langs kysten folk flest
bur, og det er her vi har dei fleste
byane – inkludert hovudstaden,
sølv om Oslo er ein annan type
kystby enn dei vi finn på Vestlandet og i Nord-Noreg.
Kysten definerer landet
Trass i at det er slik, er det Dovrefjell, Gudbrandsdalen, skogane
og innlandsbonden som har definert landet og som har vore identitetsmarkørar, ikkje fjordane,
øyane, fiskaren og Lofoten. Dette er underleg, men eg trur få har
tenkt over det. Eg vart merksam
på dette for omtrent ti år sidan då
eg var med på eit bokcruise langs
norskekysten. Der heldt innlandsmannen, litteraturvitaren og forfattaren Ingar Sletten Kolloen føredrag om Havlandet Noreg, og
om korleis havet har prega også
ein del av diktarane. Det er over
havet vi har hatt kontakt med omverda og henta implusar, og det er
over havet vi sjølve har verka og
sendt våre eksportartiklar – som
vi i stor grad har henta frå havet.
Kyst er kyst, sjølv om han på mange måtar er ulik frå svenskgrensa via Sørlandet og Vestlandet til
Trøndelag og Nord-Noreg. Kysten
definerer landet.
Produktiv kyst
Det er skrive mykje noregshistorie opp gjennom tidene på det generelle planet, for ulike delar av
landet, for ulike næringsgreiner
og tiltak, men det er først no det er
skrive ei samla framstilling med
utgangspunkt i vår lange og produktive kyst. Det er difor ei storhending at vi har fått «Norges fiskeri- og kysthistorie» i fem band.
Det er eit kjempeverk med sine
nesten 3000 store sider, og det er
eit storverk etter sitt innhald. Verket er skrive av våre beste fagfolk,
og det er dokumentert gjennom
ei omfattande litteraturliste og
eit tilsvarande noteapparat. Det
vekslar mellom bokmål og nynorsk. Framstillinga er svært detaljert til å femna frå eldgamal tid
til 2014, kanskje for detaljert til
tider. Dei siste 25 år er behandla
vel så mykje journalistisk og refererande som historisk analyserande, men slik må det verta når
KULTUR: Det er fint å få læra deira ytre livskår å kjenna, men eg
skulle gjerne også møtt deira indre liv og kulturen, skriv Johannes
Kleppa. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix
perspektivet er så kort. Verket er
illustrert med gode og interessante bilete, og opplysande statistikkar og oversikter. Det er i det heile
eit praktverk som bør finna heim
til kystfolket, og alle til som er historisk interesserte elles.
Mest fiskerihistorie
Rett nok er det meir fiskerisoge
enn kysthistorie. Frå ei side sett er
historia skriva ut frå kysten, men
då med utgangspunkt i det fiskeriet som skjer der. Det som er med
av kysthistorie, er i stor grad det
som er relatert til fiskeria og fiskaren, og då høyrer fiskarbonden og
fiskeindustrien med. Oppdrettsnæringa eller havbruket er ei ny
fiskerinæring, og det har fått sitt
Inspirasjon
torsdag 08. januar 2015
17
2
inspirasjon i hverdagen
mandag
tirsdag
onsdag
torsdag




familie
menighet
misjon
kultur
INSPIRASJON
Fiskeri frå gamal tid
anmeldt bok
Norges fiskeri- og
kysthistorie Bind I
Fangstmenn, fiskebønder og
værfolk
Første bandet i fiskeri- og kysthistoria spenner over eit svært
langt tidsrom. Det startar med
då dei første menneska kom
til landet vårt – når
no det var, og sluttar på byrjinga av
1700-talet. Dette
gjer at for store delar av framstillinga
er det lite kjeldemateriale. Stoffet byggjer på arkologiske
funn og helleristningar, og framstillinga
vert delvis slik ein ut
frå det tenkjer seg det
kunne ha vore. Etter
kvart vert kjeldematerialet større og sikrare, ved
skrivne kjelde.
Under havflata
Landbaserte
Gjennom denne lange perioden
har også landet endra seg mykje, særleg på grunn av istida og
Golfstraumen. Ein reknar med
at store delar av Nordsjøen ein
periode var turt land, medan delar av dagens land har lege under havflata. Dette har gjort at
både busetnad og livsvilkår har
endra seg mykje. Framstillinga
er i stor grad ei skildring av landet og kysten, korleis landet vart
busett og kva folket levde av. Slik
sett er dette bandet like mykje ei
kystsoge som ei fiskerihistorie.
Noreg er landet i nord.
Det er stor forskjell på fiskeria i
dei ulike landsdelane, men generelt er det slik at fiskarane for
det aller meste er landbaserte,
og med det kan dei kombinera
det med å vera småbønder, og
vi får fiskarbonden med jorddyrking, og vi får fiskeværa med
væreigaren. Livet på kysten går
gjennom oppgang og nedgang,
gode tider og krisetider. Både
innsiget av fisk, klimaendringar og krig medverkar til dette.
Ein hovudtendens er at ein stadig opnar seg meir mot den store verda, og det heile vert stadig
meir organisert og spesialisert.
Fagbokforlaget 2014
Ib. 589 sider
Kva dei trudde på
Det som eg like fullt ville hatt noko
meir med om, gjeld kva kunnskap
folket hadde, kva dei trudde på,
kva dei brukte tida på utanom arbeidet og heimen og kven dei røysta på ved val. Skulehuset og kyrkja er knapt nemnde, heller ikkje
samfunnshuset, kulturhuset eller
idrettshallen. Den krafta som vekkingslivet, lekmannsarbeidet og
bedehuset representerer i folkelivet, er delvis med, men ikkje gjennomført. Fiskarane, fiskarbønde-
ne og folket i fiskeindustrien åt og
dei arbeidd mykje, men ikkje berre
det. Dei vart fødde, levde og døydde også. Det er fint å få læra deira
ytre livskår å kjenna, men eg skulle gjerne også møtt deira indre liv
og kulturen.
Johannes Kleppa
Tørrfisk
Til lenger ut i mellomalderen vi
kjem, til meir veks folketalet og
framstillinga vert meir detaljert – og meir fiskeriorientert.
Frå vikingtida av er det mykje
kontakt både mot aust, vest og
sør. Dessutan etablerer tyskarane seg ved hanseatane seg i
Bergen på 12-1300-talet og Bergen vert ein svært sentral by. I
tillegg veks Nederland fram til
ei stormakt på 1600-talet, og
får mykje å seia
både for fiskeria i nord og for
trela st ha nde len i sør. Den
store eksportvara er tørrfisken frå Lofoten,
men også silda
vert etter kvart
viktig, særleg
for Vestlandet.
Det var mykje
kontakt mellom
Nord-Noreg
og Vestlandet med Bergen som
knutepunkt.
Fram til 1720
eige bind. Olja har også fått sin
plass, men ikkje i stort omfang.
Det næringslivet som ikkje er direkte knytt til fiskeria, er berre
nemnt i forbifarten. Handelsflåten og skipsindustrien har også liten plass ut over det som kan knyttast til fisket. Om den samla kysthistoria skal skrivast, står det altså
mykje att, men det ville ha sprengt
ramma for dette verket totalt om
heile kysthistoria og heile kystkulturen skulle vore med. Sjå elles det
eg kort skriv om kvart band.
Det vert skild mellom det norrøne og det samiske folket og deira
busetnad, levesett og kultur på
ein interessant måte. Dette har
mykje å seia for fiskeria og kystkulturen i Nord-Noreg.
Mykje kontkat
Eg trur det må vera første gongen den (sjø)samiske folkesetnaden har fått ein så sjølvstendig og samstundes integrert
plass i ei generell noregshistorie.
Johannes Kleppa
les mer 
Inspirasjon
18
torsdag 08. januar 2015
LØNSEMD: Lønsemda i fiskeria er i hovudsak avhengige av to forhold: tilgang på fisk og tilgang på marknader. Det første styrer ein lite med, men torsken og lofotfisket var rimeleg påliteleg. Andre fiskeri var meir ustabile, særleg silda, skriv Johannes Kleppa. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix
Fiskeri i sterk ekspansjon
Fagbokforlaget 2014
mange område – men enda raskare fram mot år 2000. Det gjeld
båtar og utstyr, folkesetnad og
transport, organisering og eksport, foredling og industri – for
å nemna noko. Fiskeriet vert i stadig større grad ei eksportnæring, i
tillegg til det som går til eige hushald og den norske marknaden.
Ib. 613 sider
Fisk og marknader
anmeldt bok
Norges fiskeri- og
kysthistorie Bind II
Ekspansjon i eksportfiskeria
1720 – 1880
Utviklinga i fiskeria går stadig
raskare etter som tida går, og
vert intensivert ut over 1800-talet. Endringane kjem raskare på
Lønsemda i fiskeria er i hovudsak
avhengige av to forhold: Tilgang
på fisk og tilgang på marknader.
Det første styrer ein lite med, men
torsken og lofotfisket var rimeleg
påliteleg. Andre fiskeri var meir
ustabile, særleg silda. Tørrfisken
var den store eksportartikkelen,
men også tran, og etter kvart vart
klippfisken og silda det aller viktigaste. Det siste gjorde Kristiansund og Haugesund til
viktige fiskarbyar. Bergen var framleis sentral, men bergenskjøpmennene tapte etter
kvart sin dominerande posisjon. Marknaden var stort sett i Europa, men også i Karibien, Sør-Amerika og
Afrika. Ulike krigar
verka inn på marknaden, særleg tidleg på
1800-talet.
Større båtar
fordi fisken i stor grad kom inn til
kysten. Andre land fekk seg større båtar og dreiv havfiske, og dei frakta
norsk fisk ut i den store verda. I tillegg fekk
vi pormorhandelen
med Russland. Kjøpmenn og væreigarar
vart sentrale aktørar,
særleg i Nord-Noreg.
Kvinnene var ein viktig del av fiskeria, om
enn ikkje så ofte på
sjøen, også borna deltok. Folkesetnaden fylgde til dels
fiskeria.
Det norske fisket var i alt vesentleg eit kystfiske med små båtar,
Kva dei trudde
lingslina i Barentshavet i forhold
til Russland.
ke prosessar rundt det som skjer.
Sel- og kvalfangst ebbar ut.
Ressurskrise
Verdstoppen
Fiskeria har alltid vore viktige for
landet, sjølv om det har
gått i bølgedalar – nasjonalt, regionalt og lokalt. Rundt 1970 skjer
det like fullt ekstraordinære endringar ved
at vi kjem inn i ei ressurskrise, særleg når
det gjeld sild og torsk,
ikkje minst fordi fiskeria vert så effektive. Det
fører til ei enda sterkare regulering frå styresmakta sin side, særleg ved eit detaljert kvote- og konsesjonssystem for ulike fiskeslag
knytt til kvar fiskebåt. Dette reguleringsregimet gjer fiskeria og
fiskeforedlinga i til den mest gjennomregulerte næringa vi har. Det
er mykje debatt og mange politis-
Kysten endrar seg på mange
måtar, og noko av det nye er fiske- og opplevingsturisme. Folk
flyttar dessutan frå småbygdene
og utværa til meir sentrale plassar. Båtane, fiskeindustrien, samferdsla og den generelle sentraliseringa gjer det naturleg. Det
skjer ein transportrevolusjon på
kysten ved at vegen og bilen tek
over det meste. Sjølv om fisket aukar i volum ved hjelp av nye båtar
og ny teknologi, minkar det på fiskarar. Det same gjeld i fiskeindustrien på grunna avanserte maskinar. Særleg i fangstleddet og i fiskeriforvaltinga er vi no i toppen i
verdsmålestokk. Vi går over frå å
omtala oss som fiskerinasjon til
sjømatnasjon, ikkje minst grunna
oppdrettsnæringa.
her svært detaljert, både når det
gjeld geografi, fiskemåtar og økonomi. Derimot er det heller lite av
kysthistorie utover det som direkte er knytt til fiskeria og fiskaren
sine livsvilkår. Utviklinga i arbeid
og levekår for fiskarane og fiskarbøndene, kjem med det tydeleg
fram, men kva dei lærte på skulen,
og kva dei tenkt og trudde, er det
lite om. Fiskeria var ein hovudfaktor i at Noreg ut over 1800-talet gjekk frå å vera mellom dei fattigaste landa i Europa til å verta
mellom dei rikaste.
Johannes Kleppa
Framstillinga av fiskerihistoria er
Fiskeri i ei oljetid
anmeldt bok
Norges fiskeri- og
kysthistorie Bind IV
bruksnæringa. Alt dette ber i seg
store endringar og ei ny utvikling
for Kyst-Noreg.
EU-debattar
Havet, fisken og oljen
1970 – 2014
Fagbokforlaget 2014
Ib. 503 sider
1960-talet vert rekna som slutten av etterkrigstida. Dette tiåret
er på mange måtar ei overgangstid i landet vårt. Det føregår ei
glidande, men rask endring på
fleire samfunnsområde, slik at
vi på 1970-talet går inn i ei «ny»
tid. Dette gjeld også fiskeria, men
enda sterkare oljesektoren og hav-
Vi har i den perioden
som dette bandet omhandlar, to EU-debattar,
som begge endar med at
vi seier nei til EF-medlemskap og baserer forholdet vårt til størstedelen av Vest-Europa på
EØS-avtalen. 1. januar
1977 opprettar vi ei økonomisk sone i havet på
200 nautiske mil, inklusivt rundt
Jan Mayen og Svalbard. Vi utvidar med det «landet» vårt kolossalt, særleg med tanke på fiskeria
og produksjonen av olje og gass.
Dette baserer seg på juridisk innfløkt havrett, der Noreg spelte ei
viktig rolle i utviklinga av denne.
Til sist får vi også orden på de-
Større prestisje
Olje- og gassindustrien tek til og
set raskt sitt preg på Kyst-Noreg.
Denne industrien vert ein konkurrent til fiskeria med tanke på
bruken av havet og tilgang på arbeidskraft. Den eksplosive veksten i alt som har med olje og gass
å gjera, også på fartøysida, gjer
raskt denne næringa til den dominerande både nasjonalt og internasjonalt. Vi får nokre glimt av
dette i denne boka, men oljehistoria er skriven for seg sjølv. Her
er berre teke med det som direkte går opp mot fiskeria og kysten.
Miljøspørsmåla kjem også sterkt
inn på denne tida. Fiskeria, oppdrettsnæringa og olja plasserer
Noreg i ein stadig sterkare global
posisjon, og då ut frå Kyst-Noreg –
og kystkulturen får med det større
prestisje.
Johannes Kleppa
torsdag 08. januar 2015
Inspirasjon
19
Fiskeri som oppdrett
anmeldt bok
Norges fiskeri- og
kysthistorie Bind V
Over den leiken ville han rå
Norsk havbruksnærings historie
Fagbokforlaget 2014
Ib. 467 sider
Fiskeri som oppdrett er eit nokså
annleis fiskeri enn det som skjer
i havet. Tradisjonelt fiske er ei
form for jakt, medan oppdrett er
ei form for avl. Oppdrett er difor
av same typen som jordbruk, og
det skjedde den første tida i stor
grad landbasert. Det var difor ei
stund diskusjon om denne næringa skulle ligga under Landbruksdepartementet eller under
Fiskeridepartementet. Det seiest
at landsbruksminister Torstein
Treholt ein gong spurde om oppdrett i framtida i hovudsak ville
skje i sjøen eller på land. Då svaret
var at det heilt sikkert ville vera i
sjøen, konkludert han på sparket
med at då høyrde det under Fiskeridepartementet, og slik vart det!
Forskningsbasert
Oppdrett går tilbake til 1800-talet, og det dreidde seg lenge stort
sett om aure. Det var fiskedammar på land og ulike former for
foredling i elvar, vatn og i sjø. Det
kom ikkje til noko gjennombrot,
og i mellomkrigstida skjedde det
heller lite. Etter krigen var det ei
rekkje pionerar i næringa. Mykje
av det var på eksperiment- og hobbybasis. Fram til 1960 var det lite
utvikling, men på 60-talet byrja det å skje noko, og på 70-talet
tok det av. Etter det har det vore ei
eksplosjonsarta utvikling. Oppdrettsnæringa eller havbruket er i
stor grad forskningsbasert. Oppdrettshistoria er «et av de mest
spektakulære utviklingsforløp i
moderne norsk næringsliv», skriv
professor Egdar Hovland.
OPPDRETT: Det har vore voldsomme toppar og dalar i utviklinga, kriser og jubelperiodar, konkursar og pengemaskinar, men gjennomgåande har pila peika bratt oppover., skriv Johannes Kleppa. Illustrasjonsfoto: Jan-Morten Bjørnbakk
Bratt oppover
Det har vore voldsomme toppar og dalar i utviklinga, kriser
og jubelperiodar, konkursar og
pengemaskinar, men gjennomgåande har pila peika bratt oppover. Det har vore mange utfordringar mykje usemje, mange
utgreiingar og mange politiske
prosessar og kursendringar. Det
har vore kamp om konsesjonar.
Det har gått frå lokalt eigarskap,
og det som vert kalla småskala-
produksjon til kapitalsterke eigarar, store konsern
og internasjonal drift.
Det heile har skjedd på
svært kort tid, og boka
gjev ei nokså detaljert
framstilling av utviklinga. Vi får også kortfatta framstilt den parallelle historia i andre
oppdrettsnasjonar og
norsk medverknad der.
Bak olje og gass
Noreg er leiande i oppdrett av atlantisk laks
både når det gjeld omfang, teknologi, organisering og kvalitet. Oppdrettslaks har vorte ei
langt større eksportvare
enn fisk, sjølv om næringa ligg langt bak olje og
gass. Dessutan har det
vorte eit viktig element i
kystutviklinga, sjølv om kommu-
nane synest dei får for lite att for
det som skjer lokalt. Det er prøvd
på oppdrett av fleire fiskeslag og
anna havmat, men det er laks og
aure det har lukkast med til no,
men forskninga vil nok gjera det
lønsamt også med andre produkt
framover.
I 2012 produsert norsk havbruk
om lag 35 millionar måltid kvar
dag gjennom heile året, og i 2050
kan produksjonen vera tidobla!
Johannes Kleppa
Fiskeri i omforming
anmeldt bok
Fagbokforlaget 2014
men då mykje på det strukturelle
planet. For perioden 1880-1970 er
det i stor grad fiskeria som endrar
seg, med dei konsekvensane det
har for kysten og folkesetnaden.
1960-talet fører dessutan med seg
store endringar for kystsamfunna
meir generelt, særleg på grunn av
nye kommunikasjonar.
Ib. 668 sider
Motorisering
Er det noko som karakteriserer
fiskeria frå slutten av 1800-talet
og hundre år framover, er det omforming. Det hadde skjedd store
endringar før også, men det hadde i stor grad vore langsame endringar innan kjende fiskemåtar
og strukturar. Fram mot år 2000
var endringane revolusjonerande,
Ut over 1800-talet hadde Noreg
kome i bakevja som fiskerinasjon, men rundt år 1900 endra
det seg radikalt. Ein hovudgrunn
til dette var ei motorisering av fiskeflåten i rekordfart, slik at vi i
1920 hadde verdens største motorbåtflåte. Det førte med seg eit
effektivt fiske, og mange nye arbeidsplassar på land. Dessutan
førte det til endring i busetnadsmønsteret ved at utpostar i hav-
Norges fiskeri- og
kysthistorie Bind III
En næring i omforming 1880 –
1970
gapet vart fråflytta til fordel for
fiskeribygder lengre inne med
gode hamner.
med sildeolje, hermetikk, frysing
og filetering.
Ny organisering
Det skjedde ei ny rask teknologisk utvikling med store ringverknader. Båtane vart
betre og større og utstyret meir effektivt. Særleg
stor verknad hadde overgangen til kraftblokk og
ringnot. Fisket vart i det
heile meir effektivisert
og profesjonalisert, særleg når det gjeld sildefisket. Det var også ein
tydeleg retning frå kyst
til hav, og med det tapte
kystflåten sin posisjon i høve til
dei havgåande båtane. Fiskarbonden var på veg ut, og yrka vart
meir reindyrka.
Fiskeressursane var dei same,
Mellomkrigstida var vanskeleg
i fiskeriet som i næringslivet generelt,
men det førte samstundes med seg ei ny
organisering av fiskerinæringa med nære
band til staten. Næringa vart organisert
på ein måte som kunne
utviklast vidare etter
siste verdskrigen, og
der hovudtrekka framleis er dei same. Situasjonen for
fiskeria betra seg av ulike grunnar
i krigsåra, og etter krigen vart det
samanhengande vekstperiode og
oppgangstid. Vi fekk fiskeindustri
Frå kyst til hav
og meir effektive fiskemåtar måtte føra til meir reguleringa av fiskeria, men det kom enda sterkare
etter 1970. Talet på fiskarar fall
mykje, frå 100.000 straks etter
krigen til 35.000 rundt 1970. Fiske som næring fekk dessutan mindre å seia, særleg for Sør-Noreg.
Mest rundt fisken
Framstillinga av denne perioden
er i svært stor grad ei fiskerihistorie, og i mindre grad ei kysthistorie. Rett nok er tru og kultur til ei
viss grad inkludert i framstillinga
av perioden 1880-1920, og det er
eit sluttkapittel om «kystsamfunn
i endring». Det sviv like vel i meste
laget rundt fisken.
Johannes Kleppa