KKFnytt Kompetansesenter for klinisk forsking Haukeland universitetssjukehus Postboks 1400 5021 Bergen Telefon 55 97 55 35 E-post [email protected] http://www.helse-bergen.no/no/ OmOss/Avdelinger/kkf/Sider/ Regionalt-kompetansesenterfor-klinisk-forsking.aspx Nyheitsbrev frå Kompetansesenter for klinisk forsking i Helse Vest, nr. 1 – 2015 Frå leiaren Det er nytt at brukarane pa brei basis skal ha auka og reell medverknad i forskinga. Verksemda skal skapa ein positiv kultur der brukarmedverknad i forsking er ein naturleg del av aktiviteten. Det er verdt a merka seg at dette og gjeld Helse Vest-utlysinga for 2016. Her ma medarbeidarane i tenesta og brukarane læra seg noko nytt. Brukarutvala vil vera sentrale i dette arbeidet, der det og vil vera auka krav til kompetanse og habilitet. For forskarane som sender inn søknadar til 2016tildelinga er dette ein av dei to store nye utfordringane. Den andre er at kvalitet og nytteverdi skal sidestillast i sjølve vurderingsarbeidet. Dette aret er det særs viktig a lesa utlysings- og rettleiingsteksten svært godt. Lykke til! Ernst Omenaas leiar av kkf Statistikarar på reisefot Dei tre statistikarane ved kkf reiser fleire gongar i aret til dei lokale helseføretaka for a tilby statistisk rettleiing. Datoar for neste besøk: Helse Fonna 15.–17. september 2015 13.–15. oktober 2015 17.–19. november 2015 Helse Stavanger 8.–10. september 2015 14.–15. oktober 2015 17.–19. november 2015 (Datoane for besøk i Førde er ikkje klare enno.) Ta kontakt med dei lokale kontaktpersonane pa det aktuelle helseføretaket for a avtala rettleiingsmøte, eller viss du har spørsmal om rettleiingsordninga: Helse Fonna [email protected] Helse Stavanger [email protected] Helse Førde [email protected] Vil du motta kkf-nytt? Du kan fa framtidige nummer av kkf-nytt tilsende i pdf-format ved a senda ein e-post til [email protected] og be om a verta sett pa abonnentslista. Dette er sjølvsagt heilt gratis! Me tar og gjerne imot aktuelt stoff til framtidige nummer. Send dette til same e-postadresse. Og om du les den elektroniske utgava av dette nyheitsbrevet, send det gjerne vidare til andre du trur kan vera interesserte. Til slutt, hugs at du kan lesa tidlegare utgaver av nyheitsbrevet pa http://www.helsebergen.no/no/OmOss/Avdelinger/kkf/Sider/Re gionalt-kompetansesenter-for-kliniskforsking.aspx. Her er mykje «tidslaust» stoff som framleis er relevant for forskarar i Helse Vest. 200 millionar til helseog velferdsforsking I juni lanserte Forskingsradet programmet Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester (helsevel), med ei utlysing pa 200 millionar kroner til forsking pa helsevesenet og velferdstenester. Forskingsprosjekta ma dokumentera at prosjekta svarar pa eit behov hos pasientane eller dei som jobbar i tenesta, og brukarmedverknad er eit krav for a fa forskingsstøtte. Les meir i Dagens Medisin pa http://www.dagensmedisin.no/artikler/2015/06 /10/utlyser-200-millioner-til-forskning-pa-helse-og-velferdstjenester/, og sja alle utlysingane pa helsevel-sida hos Forskingsradet http://www.forskningsradet.no/helsevel. Nytt kurs i gcp Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com Det vert arrangert nytt heildagskurs i God klinisk utprøvingspraksis (Good Clinical Practice – gcp) 24. september i Bikuben, Haukeland universitetssjukehus. Kurset er svært aktuelt for nye forskarar. Du melder deg pa via Læringsportalen, og det er inga kursavgift. Les meir pa http://www.helse-bergen.no/no/OmOss/ Avdelinger/klinisk-forskingspost/Sider/Kurs-iGood-clinical-practice-.aspx. To kurs for forskarar Det vert arrangert eit kurs i skriving av abstrakt og utforming av poster mandag 14. september kl. 12–15 i Bikuben, Haukeland universitetssjukehus. Pamelding i Læringsportalen. Det vert arrangert eit kurs i Structural Equation Modeling (sem) 13. oktober kl. 09–15 i rom b302, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus. Pamelding i Læringsportalen ogsa her. Statistikkhjelp? Skal du forska? Skal du forska innan medisin eller helsefag, treng du godt planlagde forsøk og rette statistiske analysar for a fa høg kvalitet pa resultata og konklusjonane. Her kan me hjelpa! Me har fleire velkvalifiserte biostatistikarar som faktisk har som jobb a hjelpa deg a gjera forskinga di betre. Kva hjelper me med? Nokre eksempel pa det me gjev rad om og hjelper til med: – Utforma ein forsøksplan til studien din. – Finna ut kor mange pasientar du treng for a fa god nok statistisk styrke. – Hjelpa til med randomisering. – Gje hjelp til sjølvhjelp til statistiske analysar. – Gjennomføra meir avanserte statistiske analysar. – Hjelpa til med rapportering av resultata. Me gjev ofte rad og hjelp til sjølvhjelp, der me ønskjer a hjelpa deg til sjølv a gjennomføra og tolka dei statistiske analysane, sjølvsagt med kyndig rettleiing i val av metodar og programvare. Slik hapar me a auka kompetansenivaet i regionen. Du vert i stand til a gjennomføra og forsta dei ulike statistiske analysane bade i den aktuelle studien og i framtidige studiar. Ved meir kompliserte studiar, eller etter behov, kan me ogsa utføra dei nødvendige statistiske analysane. Nar me bidrar med statistisk analyse eller forsøksplanlegging og rapportering, vil me vanlegvis ogsa innga som medforfattarar ved publisering av dei vitskaplege artiklane. Kva hjelper me ikkje med? Me skal bidra til at Helse Vest oppnar sine forskingsstrategiske mal, og har berre kapasitet til a hjelpa til i forskingsprosjekt som er knytte til Helse Vest og som er meinte a føra til artiklar i vitskaplege tidsskrift. Vanlegvis vil me altsa ikkje bidra i masterprosjekt/studentoppgaver. Når skal du ta kontakt? Ta kontakt sa tidleg som mogleg! Det er veldig fint om du tar kontakt alt ved planlegging av studien. Rett forsøksdesign gjev meir palitelege konklusjonar, og kan i ein del tilfelle gjera det enklare bade a utføra og a analysera forsøket. Det er aldri for tidleg a ta kontakt med oss! Men me hjelper til i alle fasar av ein studie, ogsa for eksempel etter at du har fatt ein artikkel refusert pa grunn av mangelfulle statistiske analysar, eller nar du er i tvil om korleis du skal tolka resultata fra ein analyse. Korleis tar du kontakt? Send ein e-post til [email protected] der du skriv om problemstillinga du treng hjelp til. Legg gjerne ved meir utfyllande dokument. Kvar mandag fordeler me førespurnadane mellom biostatistikarane vare. Du/de vert sa invitert(e) til eit innleiande prosjektmøte der me diskuterer korleis kkf kan bidra. Kor er me? Me held til i 3. etasje i den sørlege delen av Armauer Hansens hus. Du kjem her lettast via gangbrua heilt sør i 2. etasje i Sentralblokka (som fører deg inn i 1. etasje i Armauer Hansens hus) eller ved a ta hovudinngangen pa austsida av bygget. Sja kart: © OpenStreetMap-bidragsytarane Å spørja om vegen Det finst ein gammal – og kanskje ikkje spesielt morosam – vits som er omtrent slik: “ To consult the statistician after an experiment is finished is often merely to ask him to conduct a post mortem examination. He can perhaps say what the experiment died of. Sir Ronald Aylmer Fisher (moderne statistikks far) Ein forskar har tenkt seg fra A til B. Han veit ikkje heilt korleis han skal komma der, men legg i veg med friskt mot. Etter a ha gatt og gatt, lenger enn langt, bestemmer han seg for a spørja om vegen. Forskaren spør ein statistikar som tilfeldigvis star ved C, om korleis han skal komma seg til B. Statistikaren stussar litt, og tenkjer lenge, før han endeleg seier: «Vel, eg ville ikkje starta herifra …». (Vits slutt.) Grunnen er gjerne at sjølv den beste vegen fra C til B er bade lang og tornefull, med farar bak kvar sving (sja figur 1 pa motstaande side). Men viss forskaren hadde spurt (ein statistikar) om vegen alt nar han var ved A, kunne han verta vist til ein mykje kortare og lettare veg fra A til B, og unngatt mange farar og fallgruver. Moralen i historia vert klar om me merker punkta slik: A = planlegging av forskingsprosjekt, B = publisering av forskingsartikkel og C = etter datainnsamling (og eventuelle forsøk pa statistisk analyse). Handbok i forsking Forskningshåndboken – Fra idé til publikasjon er stadig aktuell, og no ute i si 6. utgave (oppdatert versjon 21. august 2015). Boka er laga for a gje tips og rettleiing til bade erfarne og uerfarne forskarar i alle fasar av forskingsprosjekt. Du kan lesa heile handboka pa http://www.oslo universitetssykehus.no/forskningshandboken. Der finn du og ei engelsk omsetjing av boka. Og viss du kan leva med den eldre 5.-utgava, kan du senda ein e-post til [email protected] der du ber om a fa tilsendt eit gratis trykt eksemplar. Du kan og henta boka i resepsjonen til kkf. Figur 1: Korfor ta kontakt med KKF alt ved planlegginga av forskingsstudien. Ting som bør vera klart før datainnsamling Nar det gjeld analyse av forskingsdata, er det mange ting som bør vera fastsett før du startar a samla inn data. Viss du kan svara godt pa følgjande – og svara er nedskrivne (gjerne i protokollen) – er du pa god veg. Viss ikkje, er det pa høg tid a ta kontakt med kkf! Det kan vera lurt å førebu seg før ein legg ut på langtur. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com – Nøyaktig definisjon av hovudendepunkt og av andre (sekundære) endepunkt? – Detaljert styrkeanalyse? – Korleis skal pasientar randomiserast? – Blinding? – Korleis skal data registrerast (jf. «God handtering av data» i førre kkf-nytt)? – Korleis kvalitetssjekka dataa? – Rutinar for retting av feil i data og dokumentering av dette? – Analyseplan bade for hovudendepunkt og sekundære endepunkt. Kva statistiske metodar skal brukast (detaljert)? – Kva er den eksperimentelle eininga? – Kva forklaringsvariablar skal innga? – Kva modelleringsstrategi skal brukast? – Eventuelle transformasjonar av variablar? – Eventuelle delgruppeanalysar/ variabelinteraksjonar? – Handtering av senter-/gruppeeffektar ved multisenterstudiar eller gruppebehandling? – Korleis handtera/korrigera for analyse av fleire hovudendepunkt, fleire behandlingsgrupper eller interimanalysar? – Korleis handtera frafall og anna manglande data (statistisk)? – Korleis handtera eventuelle ekstremverdiar? – Kva sensitivitetsanalysar skal gjerast? – Korleis skal dei moglege resultata tolkast? – Korleis skal resultata presenterast som grafar og tabellar? Sjekklister for forskingsrapportering Me minner igjen om equators (Enhancing the QUAlity and Transparency Of health Research) svært nyttige og omfattande oversikt over skjekklister og retningslinjer for rapportering av resultata fra medisinske og helsefaglege studiar. Skriv du pa ein vitskapleg artikkel, gjer du vel i a følgja dei relevante retningslinjene, som du finn pa http://www.equator-network.org/. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com Ei av dei ferskaste retningslinjene er artikkelen «Too many digits: the presentation of numerical data», som vil vera relevant for dei fleste forskarar. Her finn du retningslinjer for talet pa siffer a bruka i rapporterte data. Som tittelen hintar om er det altfor vanleg a bruka for mange siffer. Les artikkelen pa http://www.equatornetwork.org/reporting-guidelines/too-manydigits-the-presentation-of-numerical-data/. Handbok i retningslinjer for forskingsrapportering I samarbeid med equator vart det nyleg utgjeve ei handbok i val og bruk av rapporteringsretningslinjer, Guidelines for Reporting Health Research: A User's Manual: Guidelines for Reporting Health Research is a practical guide to choosing and correctly applying the appropriate guidelines when reporting health research to ensure clear, transparent, and useful reports. Les meir her: http://eu.wiley.com/WileyCDA/WileyTitle/prod uctCd-EHEP003267.html Nytt om programvare SPSS Lite nytt her. Versjon 23 av SPSS vart utgjeven i mars i ar, men førebels er det berre versjon 22 som er tilgjengeleg for oss i Helse Vest. R R er oppgradert fra versjon 3.1.1 til versjon 3.2.1. Oversikt over alt som er nytt, eller som kjem i neste versjon, finn du som vanleg pa http://stat.ethz.ch/R-manual/R-devel/ doc/html/NEWS.html. Ønskjer du ei innføring i R, finst det no sa mange nettkurs at me ikkje lenger kan nemna sjølv dei viktigaste. Ta heller eit søk etter «R course» pa nettet. Mange av kursa er ogsa gratis. RStudio RStudio er oppgradert til versjon 0.99.451. Denne versjonen inneheld svært mange nye og nyttige funksjonar, og du finn ei oversikt over dei viktigaste pa http://blog.rstudio.org/ 2015/05/26/new-version-of-rstudio-v0-99/. Stata Stata er oppgradert til versjon 14. Her og er det mykje nytt og flott. Du finn skildringar av dei viktigaste nye funksjonane pa http://www.stata.com/stata-news/news30-1/ og ei meir fullstendig punkt-for-punkt-oversikt pa http://www.stata.com/stata14/. Korleis få tilgang til programma? For installering av SPSS, R/RStudio og SamplePower, kontakt Helse Vest IKT. For installering av Stata, kontakt [email protected]. Helse Vest har kjøpt inn programlisensar slik at alle tilsette kan fa tilgang til programma pa jobbpc-en utan a matta betala noko ekstra. Referering til programvare Nar du skriv ein vitskapleg artikkel, bør du alltid referera til analyseprogramvaren du brukte i litteraturlista: SPSS Me ser stadig at folk referer til programmet SPSS som for eksempel «SPSS 22, SPSS, Chicago, IL, USA». Men SPSS har ikkje blitt produsert i Chicago sidan versjon 18, sa dette kan ikkje stemma! Rett mate a referera til programmet finn du pa http://www-01.ibm.com/support/ docview.wss?uid=swg21476197. R R har ein innebygd funksjon som gjev informasjon om korleis du referer til programmet i publikasjonar. Berre køyr kommandoen citation() for oppdatert informasjon for din versjon. Men viss du prøver a leggja siteringsinformasjon inn i EndNote, vert forfattarnamnet «R Core Team» tolka som eit personnamn med «Team» som etternamn, og vert kanskje vist som «Team, R.C.» i litteraturlista. Heldigvis finst det eit enkelt triks for a unnga dette: Berre legg til eit komma etter «R Core Team». Da vert alt vist rett. For referansar til R-pakkar du har brukt (det er god praksis a oppgje slike referansar, iallfall for meir omfattande analysepakkar), kan du ogsa bruka citation()-kommandoen. Eksempel: citation(package="nlme") Stata Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com Informasjon om korleis du referer til Stata i publikasjonar finn du pa http://www.stata.com/support/faqs/ resources/citing-software-documentation-faqs/. Data inn? «Sjå, eg kan registrera forskingsdata utan å sjå på verken tastaturet eller skjermen!» Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com For svært sma og enkle studiar kan du bruka den vanlege «reknearkvisinga» i SPSS for a registrera data. Men hovudsakleg tilrar me a bruka system som er spesiallaga for innregistrering av data. Eitt alternativ, som Helse Vest IKT tilbyr, er IBM SPSS Data Collection 7. Dette er ei samling program for innsamling/registrering av data. Dei innsamla dataa kan lagrast som ei vanleg SPSSdatafil for vidare analyse. Les meir pa http://www-01.ibm.com/software/ analytics/spss/products/data-collection/. Ta kontakt med Helse Vest IKT for installering. Du finn detaljerte bruksrettleiingar med steg-forsteg-innføring for dei ulike programma i IBM SPSS Data Collection 7 pa ftp://public.dhe.ibm. com/software/analytics/spss/documentation/ DataCollection/7.0.1/en/UserGuides/. Ikkje bruk Corporater Surveyor til forskingsdata! Basert pa erfaringar me har gjort oss, tilrar me a ikkje bruka systemet Corporater Surveyor, som Helse Vest IKT tilbyr, til innsamling/registrering av data til forskingsstudiar. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com Norsk rand-36 Den nye norske versjonen av rand-36, omsett av Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, er no klar. Dette er eit generelt spørjeskjema for pasientrapportert helse. Spørsmala i rand-36 svarar til dei i sf-36, men rand-36 kan brukast heilt gratis. Les meir pa http://www. kunnskapssenteret.no/verktoy/norsk-versjonav-rand-36-item-short-form-health-survey. Norske kurs i statistikk Den 7. september startar eit gratis norsk nettkurs i grunnleggjande statistikk, i regi av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Kurset vert basert pa vekentlege videoførelesingar og oppgaver pa nett, samt to obligatoriske oppgaver.Det vert ogsa mogleg a ta eksamen i kurset (10 studiepoeng), men da ma du betala kursavgift. Meir informasjon finn du pa http://www.mooc.no/ course/statistikkgrunnkurs/. Me minner ogsa om det enkle e-læringskurset vart i SPSS, som du finn pa Læringsportalen. Elles er det mange ulike kurs i statistikk som vert haldne rundt om i Noreg. Sja nettsida http://www.kursagenten.no/kurs/Statistikk-ogsannsynlighet for ei oversikt over ein del av desse. I tillegg har sjølvsagt dei ulike universiteta i Noreg mange kurs i statistikk og medisinsk forskingsmetodikk. Unngå vanlege feil ved statistisk analyse Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com Ver i forkant, og spar tid og arbeid ved a unnga negativ fagfellevurdering av statistikken i forskingsartiklane dine. Stian Lydersen ved NTNU har fagfellevurdert rundt 200 artiklar for eit tidsskrift, og i «Statistical review: frequently given comments» gjev han ei oversikt over dei vanlegaste feila og manglane: http://dx.doi.org/10.1136/annrheumdis-2014206186 Som eit supplement anbefaler me Frank Harrell si (litt meir tekniske) «Checklist for Authors: Statistical Problems to Document and to Avoid», som du finn pahttp://biostat.mc.vanderbilt.edu/ wiki/Main/ManuscriptChecklist. WHO ber om openheit om resultata av kliniske studiar WHO har komme med ei frasegn der dei ber om at resultata fra alle kliniske studiar vert offentleggjorde. Dette omfattar ogsa eldre studiar som aldri vart publiserte. Dei viser til siste utgave av Helsinki-deklarasjonen, som slar fast at Researchers have a duty to make publicly available the results of their research […] Negative and inconclusive as well as positive results must be published or otherwise made publicly available. Les pressemeldinga (med lenkje til heile frasegna) pa http://www.who.int/mediacentre/ news/notes/2015/medical-researchtransparency/en/. Og les reaksjonar pa http://www.alltrials.net/ news/who-calls-for-all-clinical-trial-results-tobe-published/. Gjenoppliving av studiar Har du ein gammal studie som du aldri fekk (tid til a) publisera? Det er aldri for seint! Recovered trials-kampanjen til AllTrials viser veg, med eksempel pa forskarar som fatt publisert fleire tiar gamle studiar (og som ikkje hadde statistisk signifikante resultat): http://www.alltrials.net/tag/recovered-trials/ Og hugs at publisering av gamle studiar i godkjende publiseringskanalar ogsa gjev publiseringspoeng, som igjen gjev Helse Vest midlar til gjennomføring av nye studiar. Støtte til open publisering Forskingsradet ønskjer meir publisering i tidsskrift som er gratis og fritt tilgjengelege. Dei har derfor oppretta støtteordninga stim-oa for dekking av artikkelavgifter ved publisering i opne tidsskrift. Ordninga har ei utlysing i aret, og for 2015 var søknadsfristen 15. april i ar. Sja http://www.forskningsradet.no/no/Nyheter/ Gir_sttte_til_pen_publisering/1254005930483 for meir informasjon, og følg med pa http://www.forskningsradet.no/no/Utlysning/ STIMOA/1254005280421 for a sja framtidige utlysingar. Me minner ogsa om at dersom korresponderande forfattar pa ein artikkel er tilknytt UiB, kan de søkja om a fa dekt forfattaravgifta fra ein eigen budsjettpost der: http://www.uib.no/ub/72255/ budsjettpost-%C3%A5pen-publisering-veduniversitetet-i-bergen Behandlingstida for søknadar er pa 0–2 arbeidsdagar. Men merk at du berre far støtte for artiklar som er aksepterte for publisering, ikkje artiklar som alt er publiserte eller berre sende inn for vurdering. Unngå luretidsskrift Me minner igjen om dei mange lure-/svindeltidsskrifta i open access-verda. Unnga desse! Ei oversikt over forlag som med slike tidsskrift finn du pa http://scholarlyoa.com/publishers/. Ei god kjelde tidsskrift du kan publisera i er nsd si oversikt over autoriserte publiseringskanalar: https://dbh.nsd.uib.no/publiseringskanaler/ Publisering i tidsskrift som her er oppgjevne til a vera pa niva 1 eller 2 vil gje publiseringspoeng. Unnga tidsskrift som er oppførte pa niva 0/–. Finn eksterne midlar enklare Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com 1. september 2015 8. september 2015 9. september 2015 9. september 2015 9. september 2015 10. september 2015 15. september 2015 15. september 2015 15. september 2015 14. oktober 2015 14. oktober 2015 14. oktober 2015 14. oktober 2015 14. oktober 2015 15. oktober 2015 25. november 2015 Utlysingskalenderen pa nettsidene til Helse Bergen gjev rask og enkel oversikt over fristar for forskingsfinansiering: http://www.helsebergen.no/no/FagOgSamarbeid/forsking/Sider/ Eksterne-midlar.aspx. Her er eit utdrag. Viss du kjenner til utlysingar som manglar i oversikta, send ein e-post [email protected]. The Nordic Cancer Union’s 2015 call COST Open Call for new research networks Aurorastipend til forskerutveksling med Frankrike Program for global helse- og vaksinasjonsforskning (GLOBVAC) – doktorgradsstipender Finansiering for forskingsprosjekter med kommersielt potensial – FORNY 2020 og BIOTEK 2021 Marie Curie Actions – Individual Fellowships Gjensidigestiftelsen – forebyggende og aktivitetsskapende tiltakene for trygghet og helse EU Third Health program: viral hepatitis; tuberculosis; good practices in the areas of integrated care, frailty prevention, adherence to medical plans; assessment methods of transplantation therapies Helse Vest research funding NFR Praksisrettet FoU for helse, -omsorgs- og velferdstjenester HELSEVEL NFR Program on Nanotechnology and Advanced Materials (NANO 2021) NFR Innovasjonsprosjekter i næringslivet med utgangspunkt i bedriftenes egne strategier (BIA) NFR Forskning pa prioriterte temaer for helse-, omsorgs- og velferdstjenester HELSEVEL Regionalt Forskningsfond Vestlandet Innovasjon i offentlege ansvarsomrade Utenlandsstipend for Kreftforeningen og Extrastiftelsen stipediater Sentre for fremragende forskning (SFF)
© Copyright 2024